INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY



Like dokumenter
INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY

Årsrapport Årsrapporten er utarbeidd m.a. med bakgrunn i rammeavtale med Hordaland fylkeskommune.

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Brukarrettleiing. epolitiker

Finansiering av søknaden

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

STRATEGISK VIKTIG PROSJEKT FOR REGIONAL UTVIKLING OPPSUMMERT PROSJEKTINFO

Til deg som bur i fosterheim år

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

IKT-kompetanse for øvingsskular

Brukarrettleiing E-post lesar

Støtteordningar og søknader

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Forslag frå fylkesrådmannen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Teknikk og konsentrasjon viktigast

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Lønnsundersøkinga for 2014

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY

Rådgjevarkonferanse 2009

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Nytt HFK Intranett

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Bustadområde i sentrum. Vurdering

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

Søking til skuleåret

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Ny strategiplan for Høgskulen

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Transkript:

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY Årsmelding 2011 Godkjend i styringsutvalet 26.3.2012 Forutan direkte oppdrag for etablerarar og bedrifter og sekretærfunksjonen for Osterøy Industrilag, har følgjande oppgåver prega arbeidet i 2011: sekretariat for Osterfjord Næringssamarbeid, prosjektleiar for pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring i Hordaland, arbeid for etablering av Espevoll næringsområde, prosjektansvarleg for "Flettverk", prosjektleiar for eit robotiseringsnettverk, sekretær for kompensasjonsstyret, medlem i rådet for Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule og koordinator for Leonardo da Vinci-prosjekt, m.a. europeisk partnerskap for kompetansesenter innan CNC og robot med 11 partnerar i 5 land. Industrikonsulenten har bistått ved oppfølging av 5 skattefunnprosjekt i 1 Osterøy-bedrift. Talet på nye oppdrag, 31, var litt høgare enn føregåande år. Talet på etablerings-oppdrag, 22, var ein del høgare enn året før. Ca halvparten av desse nye etablerings-oppdraga har allereie resultert i nye verksemder. I dette talet er ikkje rekna med nyetableringar i 2011 i samband med oppdrag som er registrerte året før/ tidlegare år. I 2011 arbeidde industrikonsulenten vel 100% stilling med kombinert løn frå Industrikonsulenten og prosjektløn frå Osterfjord Næringssamarbeid. Industrikonsulenten er sekretær for Osterøy Industrilag. Industrilaget har hatt mykje fokus på samferdsle og er svært godt nøgd med at den nye vegen mellom Hauge og Lonevåg vart opna 16.11.2011. Industrilaget arbeider for eit større næringsareal på Espevoll og for utbetring av fylkesvegen gjennom Vesetgjelet. Industrilaget arbeider også for kompetanseutvikling, m.a. innan CNC og robot. Sjå eiga årsmelding for Osterøy Industrilag. Kommunen har gitt tilskott til Industrikonsulentverksemda også for 2011. Dette ligg inne i kommunen sitt langtidsbudsjett. Kommunen held kontor til Industrikonsulenten. Næringssamarbeid har godtgjort arbeidet som sekretær for næringssamarbeidet med kr 70.000. OPPDRAG Forutan ein del oppdrag frå året før som det har vore arbeidd vidare med, har Industrikonsulenten altså fått 31 nye oppdrag i 2011. Dette er både reine kontaktog informasjonsformidlingsoppdrag og oppdrag der konsulenten har gjort ein "jobb" for verksemda. Omfanget av oppdraga varierer frå oppdrag som vert løyste pr telefon til det største oppdraget som var på 37 timar. Oppdraga var fordelte slik: 2008 2009 2010 2011 Nye etableringsoppdrag 16 16 16 22 Nye oppdrag for 8 10 13 9 etablerte verksemder SUM 24 26 29 31 I tillegg til det som er registrert som oppdrag, kjem ei rekkje kontaktar med verksemdene gjennom sekretærfunksjonen for Industrilaget og gjennom prosjektarbeid. For mange av etableringsoppdraga var ønsket om å ha ein samtalepartner utgangspunktet for kontakten. Von om gunstig finansiering/tilskott var utgangspunkt for nokre. Nokre personar tok kontakt for å få utarbeidd "næringsfagleg vurdering" som grunnlag for støtte gjennom NAV. Mellom etablerings-oppdraga var det 4 oppdrag for personar med utanlandsk statsborgarskap. Det at det finst tilskotts-ordningar, er eit hjelpemiddel til å kome i kontakt med oppdragsgjevarane. Men det er svært få som oppnår å få tilskott. Skattefunnordninga med skattefrådrag for utviklingsarbeid er ei bra ordning for veletablerte bedrifter, men det er no få som nyttar seg av ordninga. Følgjande oppstilling syner korleis oppdraga er fordelte med omsyn til storleik på verksemdene: Me får tilskott på kr 35.000 frå Hordland fylkeskommune via Osterfjord Næringssamarbeid til næringsutviklingsarbeid. Osterfjord 1

Tilsette Tal oppdrag Nyetablering 22 1-4 4 5-9 1 10-19 1 20-49 2 50-100 1 SUM 31 Dei fleste av oppdraga er komne i stand etter initiativ frå kunden, eventuelt etter tips frå andre som t.d. NAV. Kva oppdrag Industrikonsulenten arbeider med, vert i stor grad styrt av dei som er initiativrike. Ved 71% av oppdraga var første kontakt pr telefon og resten ved personleg møte eller epost. Oppdraga har vore frå 31 ulike etablerarar / verksemder. Oppdraga for eksisterande verksemder bransjefordelt: Mekanisk industri 4 Anna industri 2 Tenester, anna 3 SUM 9 I desse tala kjem ikkje med oppdrag for eksisterande verksemder som har gått over fleire år. Etableringsoppdraga bransjefordelt: Ulike former for tenester 17 Industri 0 Bygg og anlegg 2 Anna 3 SUM 22 Det er vanskeleg å seie kor mange verksemder det vert av desse etablerings-sakene, mange etableringar skjer over tid, men heile ca halvparten har starta ny verksemd i løpet av året. NYREGISTRERINGAR I FORETAKS- REGISTERET For å gje eit bilete av nyetableringsaktiviteten på Osterøy, tek me med informasjon som byggjer på kunngjorde nyregistreringar i Foretaksregisteret i 2011. Dette dekkjer ikkje dei som berre er registrerte i Einingsregisteret (t.d. enkeltpersonforetak som ikkje driv handel). Selskapsform Tal registrerte Aksjeselskap, AS 21 Enkeltpersonforetak, DA, ANS 9 Norsk utanlandsk foretak i 3 Norge, NUF Sameige 1 Sum 34 Minst 9 av desse er omdanning, vidareutvikling o.l. av eksisterande verksemder. I tillegg kjenner me til 5 enkeltpersonforetak som berre er registrerte i Einingsregisteret (og det finst sikkert fleire). Bransjar Fleire foretak opererer i fleire bransjar. Her er berre teke med den bransjen som truleg er viktigast: Bransjar Tal registrerte Eigedom, investeringsselskap 5 Bygg og anlegg 8 Tenester (elles) 12 Handel 4 Transport 3 Industri 1 Anna 1 Sum 34 ANDRE SAKER INDUSTRIKONSULENTEN HAR ARBEIDD MED Forutan å vera sekretær for Osterøy Industrilag (sjå eiga årsmelding) har Industrikonsulenten arbeidd med mellom anna følgjande oppgåver av meir generell karakter for Osterøy-næringslivet; * Osterøy-næringslivet fekk kompensasjon for auken i arbeidsgjevaravgifta frå 1.1.2000 t.o.m. 2003. Industrikonsulenten er sekretær for kompensasjonsstyret. Kompensasjonsstyret har arbeidd aktivt for å bidra til realiseringa av ny riksveg 567 Hauge Lonevåg og har ytt tilskott på ca 8 mill kr i kompensasjonsmidlar. * Industrikonsulenten representerer Osterøy Industrilag i rådet for Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule. * Industrikonsulenten har for 2005-11 hatt sekretariatsfunksjonen for Osterfjord Næringssamarbeid. Osterfjord Næringssamarbeid vert finansiert m.a. med tilskott frå Hordaland fylkeskommune. Osterfjordregionen får også midlar via Hordaland fylkeskommune til Regionalt næringsfond for Osterfjord. Sjå eiga årsmelding. * Ei viktig oppgåve i Osterfjord Næringssamarbeid har vore gjennomføring av eit utviklingsporsjekt for å utløyse bioenerginæringa i Hordaland. På slutten av 2005 sette fylkestinget av ei ramme på 4 mill kr til denne satsinga med Industrikonsulenten som prosjektleiar. Prosjektet vart fullførd i 2011 etter å ha støtta 18 ulike prosjekt. Måla med prosjektet er nådd, men prosjektet tok lengre tid enn først planlagt. For informasjon, sjå www.rup.no, søk «bioenerginæring». * Industrikonsulenten har vore med å starte Hordaland bioenergiforum og deltek i arbeidsutvalet. På vegne av forumet har Osterfjord Næringssamarbeid med Industrikonsulenten som sekretariat søkt Hordaland fylkeskommune om RUPmidlar til forumsaktivitetar i 3 år. 2

* Gjort innspel til arbeidet med ein energi- og klimaplan for Osterøy. * Industrikonsulenten har vore pådrivar for å få i stand ein samarbeidsavtale mellom Osterfjordregionen og Høgskulen i Bergen. Avtale vart inngått 15.3.2007. Industrikonsulenten er gjennom Osterfjord Næringssamarbeid medlem av samarbeidsutvalet som er oppretta. Etter initiativ frå samarbeidsutvalet har HiB gjennomført eit forprosjekt med støtte frå det nye regionale forkingsfondet for Vestlandet: "Teknologiledelse og fagopplæring i et CNC- og robotnettverk på Vestlandet: En tverrfaglig studie av kompetanse-utvikling i et regionalt utviklingsperspektiv." Industrikonsulenten deltok m.a. ved eit arbeidsseminar på Lygra og forprosjektarbeidet har lagt grunnlaget for søknader om fleire forskingsprosjekt. * Industrikonsulenten har vore pådrivar for etablering av eit robotiseringsnettverk. I mars 2011 fekk nettverket tilsegn om VRI kompetansemeklingsmidlar gjennom Innovasjon Norge. 5 bedrifter har delteke i ei kartlegging gjennomført av SINTEF sitt industrirobotmiljø. * Industrikonsulenten/ Osterøy Industrilag har vore koordinator for ein europeisk Leonardo da Vinci partnerskap innan kompetansesenter for CNC og robot, CaRPs. Ca 1 mill kr vart innvilga i juni 2009. Det var med 11 partnerar i 5 land. Hordaland fylkeskommune ytte eit tilskott på kr 400.000 som støtte til koordineringsfunksjonen. Elles frå Noreg deltok Kompetansesenteret for CNC og robot og Mjøs Metallvarefabrikk AS. Frå Sverige deltok maskinforhandlaren RAVEMA. I Slovenia var 2 skular partnerar. I Tyskland var ein skule, ei verksemd og det internasjonale kontoret ved det tekniske universitetet i Ilmenau partnerar. I Litauen var ei verksemd og eit regionforskingsinstitutt partnerar. Instituttet har knytt til seg det tekniske universitetet i Kaunas som "silent partner". Den 5. og siste samlinga i prosjektet vart gjennomført i Sverige i 2011. Prosjektet er fullførd som planlagt og sluttrapportert. * Industrikonsulenten/ Osterøy Industrilag søkte etter førebuande møte i Warszawa våren 2011 støtte til eit Leonardo da Vinci vidareutviklingsporsjekt innan utvikling av undervisningsmetodar for industrirobotar og automatisering. Eit polsk institutt, ein dansk robotprodusent, 2 skular i Slovenia og Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule skulle vere partnerar. Prosjektet skulle vere 3-årig med eit budsjett på 400.000 og 75% tilskott. Søknaden fekk ein høg poengsum, men grunna ny prioriteringspraksis frå EU-kommisjonen si side, vart det diverre avslag. * Industrikonsulenten/ Osterøy Industrilag søkte våren 2011 støtte til eit Leonardo da Vinci VETPRO-prosjekt, VocTRA, og fekk tildelt reisestønad. hausten 2011 var 6 lærarar og instruktørar frå Osterøy på 1 veke kurs i industrirobotar hjå instituttet PIAP i Warszawa i Polen. * Industrikonsulenten har bidratt med innhald til den nye portalen www.kom-an.no for m.a. Osterøy kommune, Osterfjord Næringssamarbeid, Industrikonsulenten på Osterøy og Osterøy Industrilag. Industrikonsulenten har delteke aktivt med innspel til forbetring av nettsida. * Industrikonsulenten har bidratt med innspel til næringsinformasjon ved oppgradering av Osterøy kommune sin heimeside. * Delteke aktivt ved oppdatering av Strategisk næringsplan for Bergensregionen som er utarbeidd av BRB og godkjend i 20 eigarkommunar/fylke; m.a. oppfølging av tiltak 20: "Synliggjøre og styrke CNC og robotklyngen i Bergensregionen." * Industrikonsulenten arbeider aktivt for realisering av eit større næringsområde på ca 550 da på Espevoll; "Stort og Bergensnært", www.espevoll.no. Dette skjer i eit nært samarbeid både me kommunen som var initiativtakar og med tiltakshavar Osterøy Entreprenør AS. Området kom med ved revisjonen av arealdelen til kommuneplanen i februar 2011. Industrikonsulenten er m.a. medlem i styringsgruppa for områdereguleringsarbeidet som er igangsett. * Industrikonsulenten har arbeidd for ny aktivitet i bygningane og næringsområdet i Kårvika etter konkursen i Borge Garveri AS i 2010. Det er m.a. ei stor styrke at Osterøy kommune i 2011 bygde om Kårvikskiftet slik at tungtrafikk til og frå Kårvika no kan nytte den nye vegen og tunnelen mellom hauge og Lonevåg. * Som sekretær for Osterøy Industrilag har Industrikonsulenten førebudd og gjennomført 10 dagar studietur til Kina i mars 2011 med 18 deltakarar. * Som sekretariat i Osterfjord Næringssamarbeid har Industrikonsulenten vore prosjektansvarleg for forprosjektet "Flettverk" for kopling tekstilindustri, design, kultur og handverk. Prosjektet er finansiert gjennom Regionalt næringsfond for Osterfjord, RUP-midlar frå Hordaland fylkeskommune og eigeninnsats. Engasjert prosjektleiar Tone Boska og prosjektmedarbeidar Siv Støldal har arbeidd godt. * Gjennom Internasjonal seksjon i Hordaland fylkeskommune mottok me ein invitasjon frå Saalfeld-regionen i Thüringen i Tyskland til å vere internasjonal partner i deira prosjekt Jobweiser. Jobwiser går ut på å kvalifisere tilsette for å frigje plass til nye arbeidstakarar som så vert kvalifiserte (paternosterprinsippet). Industrikonsulenten har teke initiativ til eit Jobweiser Hordaland med fokus på CNC og robot og har fått god respons m.a. i NAV og fleire avdelingar og seksjonar i fylkeskommunen. Det vert arbeidd vidare med dette i 2012. 3

MØTE, KURS, FOREDRAG Kasserar: Lars Mjøs. Revisor: Norodd Helle Forutan møteverksemd mm. i samband med ovannemnde kan nemnast: Delteke ved fleire møte i regi av Næringsalliansen. Delteke ved næringskonferansen for Hordaland og ved entreprenørskaps-konferansen for Hordaland. Delteke ved møte for regionale tiltakskontor. Delteke ved fleire møte som resulterte i skiping av Osterfjord reiselivslag. Delteke ved og bistått ved møte i NCE Subsea sin maskineringsgruppe. Delteke ved møte på Osterøy vidaregåande skule med sikte på oppretting av line for design og entreprenørskap. Orientering om bioenergi på synfaring som skogavdelinga i Landbruksdepartementet hadde på Osterøy. Opningstale ved Utdanningsmessa i Osterøy-hallen. STYRINGSUTVAL Konsulenthonorar Sekretær Osterøy Industrilag Prosjektinntekter Tilskott frå Osterøy kommune Tilskott frå Osterfjord Næringssamarbeid Tilskott frå andre Renteinntekter Sum inntekter 44 750,00 40 000,00 435 416,82 150 000,00 105 000,00 16 061,72 791 228,54 Løn inkl sos utgifter 501 322,00 Seminaravgift 14 218,57 Revisjon 1 500,00 Kontorkostnader 23 717,89 Møtekostnader Telekostnader 5 310,68 Reise/diett 31 559,43 Km godtgjersle 7 661,35 Tilskott til andre 48 500,00 Gebyr 367,00 Sum utgifter 634 156,92 Styringsutvalet har hatt følgjande samansetjing: Formann : Lars Magne Bysheim Willy Helgesen, vara Sigbjørn Reigstad Svein Skulstad, vara Jostein Jacobsen Ordførar Kari Foseid Aakre. Overskott/underskott Kundefordringar Bankkonti Sum eiga 157 071,62 10 125,00 1 024 677,79 1 034 802,79 DØME PÅ SPØRSMÅL SOM INDUSTRI- KONSULENTEN HAR HANDSAMA I 2011 Eg vil kjøpe eit småbruk på Osterøy og drive ulike aktivitetar. Men korleis får eg tak i eitt? Eg vil tilby skreddarsydde IT-løysingar. Finst det noko starthjelp? Me skal stare selskap for eigedomsinvesteringar. Kva selskapsform bør me ha? Me har ein ny produktide og vil gjerne diskutere ein Skattfunn-søknad med deg. Eigaren av bedrifta har gått til skifteretten. Eg skulle gjerne ha snakka med deg. Me vil kome i gang med opplevings- og reiselivstilbod på garden. Kan du kome å ta ein diskusjon? Me er i gang med å utvikle eit heilt nytt produkt. Finst det støtteordningar? Skuldig skattetrekk 0,00 Skuldig mva 9 445,00 Skuldig arbeidsgjevaravgift 0,00 Eigenkapital 1 025 357,79 Sum gjeld og eigenkapital 1 034 802,79 Eigenkapital 1.1.2011 Overskott/underskott 2011 Eigenkapital 31.12.2011 868 286,41 157 071,62 1 025 358,03 REKNESKAP 2011 Rekneskapen er ført hovudsakleg etter kontantprinsippet. 4

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY TIL DI TENESTE FOR KVEN? Alle som driv eller har lyst til å driva næringsverksemd på Osterøy, har høve til å nytta Industrikonsulenten. Verksemda di eller planane dine kan vera frå dei minste til dei største og i alle bransjar. KVA SLAG SPØRSMÅL? Alle typar spørsmål som har med næringsverksemd å gjera, kan rettast til Industrikonsulenten. Me vil anten kunne svara på dei sjølve eller finna fram til stader der du kan få svar. Alle opplysningar vert handsama fortruleg. KVA KOSTAR DET? Tenestene til Industrikonsulenten er gratis dersom du er nyetablerar eller me treng kort tid for å finna svar på spørsmålet ditt. Dersom spørsmålet ditt krev meir arbeid, må du etter avtale betale ein timepris frå kr 450 til kr 550. KVEN STÅR BAK? Det er Osterøy Industrilag som har teke initiativ til stillinga og tilsett Industrikonsulenten. Osterøy kommune støttar stillinga økonomisk og held kontor, telefon og breiband. Industrilaget betaler sekretærgodtgjersle og ein del inntekter kjem frå oppdrag me utfører for næringslivet og for Hordaland fylke. Ordføraren er representert i styringsutvalet for verksemda. KVEN ER ME? Lars Mjøs har vore tilsett som Industrikonsulent sidan 1982. Han er utdanna sivilingeniør, maskinlina, ved Norges Tekniske Høgskule, no NTNU. Han har vidareutdanning innan undervisning, miljøvern, mellom anna arbeidsmiljøspørsmål og innan etablerarrettleiing. Han har vore med å skrive boka "Fem små mekaniske verksteder" og boka "Grunnbok i bedriftslære". Han har 1 års verkstadpraksis frå Nylands Mekaniske Verksted i Oslo før han tok til med utdanninga og han har arbeidd 2 år som skipsvinsjkonstruktør ved BMV, Hordvikneset. Han driv også eiga konsulentverksemd med etableraropplæring og nyskaping som spesialitet. KORLEIS FÅ TAK I INDUSTRIKONSULENTEN? Ring direktenummer 56 19 22 70, mobil 416 28 531, faks 56 19 21 01. E-postadressa er; lars.mjos@osteroyindustrilag.no. Du kan og vitje Industrikonsulenten i bustaden ved rådhuset på Hatland. Send eller legg att ei melding om du ikkje treff nokon på kontoret. Nærare informasjon finn du på www.osteroyindustrilag.no/indkons og på www.kom-an.no 5