FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune 2013-2015
1 Opplevingar i sentrum! Ei innleiing Den kulturelle skolesekken (DKS) er ein av Stortingets nasjonale satsningar på kultur til barn og unge. Ordninga skal vera eit tillegg til eksisterande satsing på skule-, kunst- og kultur, og ikkje koma i staden for eksisterande tiltak eller satsingar som blir finansiert av andre midlar. DKS skal gi nye opplevingar, erfaringar, inspirasjon og tankar, og bidra med byggesteinar til utvikling av heile mennesket, til å skape respekt og forståing, og til å åpne for det magiske møtet mellom elev og kunstnar/kulturformidlar. Det er opplevinga som skal stå i sentrum. Det førande dokumentet for Den kulturelle skolesekken er Stortingsmelding nr. 8 (2007-2008): Kulturell skolesekk for framtida, der dei overordna måla er: -å medverke til at alle elevar i grunnskolen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod -å legge til rette for at elevar i grunnskolen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for til kunst- og kulturuttrykk av alle slag -å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål Den kulturelle skolesekken er ei varig ordning og skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og bygge opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen. Fagplanen er omtalt i Kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv, avklart i møtearena mellom kultur og oppvekst og blir orientert om politisk. 1.1 Skuler i kommunen Nord-Aurdal barneskole, Ulnes Montessoriskule, Skrautvål Montessoriskule og Nord- Aurdal ungdomsskole. 2 Lokale målsettingar Gi barn og unge gode, spennande og varierte kulturopplevingar av høg kvalitet, i skuletida. Gi barn og unge høve til å utvikle eigne skapande krefter under rettleiing av profesjonelle kunstnarar. Oppfylle intensjonane i K 06, generell del: Opplæringen må gi rom for elevenes skapende trang, og samtidig vekke deres glede ved andres ytelser. Gjennom bilde og form, tone og ord, må de stimuleres til å utfolde fantasi og oppleve kunst. Tilby alle elevane i grunnskulen minimum eit møte i halvåret med profesjonelle kunstnarar innan ulike kulturområde som musikk, scenekunst, biletkunst, litteratur, film og kulturvern. Utvikle tettare samarbeid med folkebiblioteket. Halde fram og vidareutvikle samarbeidet med Valdresmusea AS. Kvar skule skal i tillegg utvikle sine eigne kulturprogram i tråd med K 06.
3 Strategiar 3.1 Organisering Kulturavdelinga i samarbeid med skuleavdelinga i Nord-Aurdal kommune organiserer tilbodet med Den kulturelle skolesekken i Oppland. Kulturavdelinga har det overordna ansvaret for ordninga, medan kvar skule har ein DKSansvarleg. NAUS: Gjermund Dokken NABS: Knut Bråten Ulnes Montessoriskule Skrautvål Montessoriskule Barnehage: Siri Tangen Desse er deltakarar inn i kulturforumet som treffes ein til to gonger i året. I tillegg stiller biblioteket, kino og Valdresmusea AS med ein person inn i forumet. Møta bør vera siste halvdel av mai. 3.2 Lokalt og regionalt samarbeid Nord-Aurdal kommune samarbeider med Oppland fylkeskommune om Den kulturelle skolesekken, Valdres natur- og kulturpark, Valdresmusea as, kino/kulturhus, kulturskulane i Valdres og folkebiblioteket. 3.3 Lokale produksjonar Det er eit mål: å fortsette samarbeidet med Valdresmusea AS om lokale produksjonar, samarbeide med kulturskulane om kulturelle opplevingar og auka kulturell innsikt. å bruke ordninga Folkemusikk i notid og framtid aktivt i arbeidet med lokale produksjonar i Den kulturelle skulesekken. med samarbeid mellom det regionale kulturutvalet og Oppland fylkeskommune om å skape ein moderne folkemusikkproduksjon som kan turnere i DKS fleire plassar enn i Valdres. 3.4 Kompetanseutvikling Det er eit mål: å etablere kulturvertar ved skulane for å ta imot kunstproduksjonar som kjem til skulane. Dette for å auke arrangørkompetansen i ein region med stor kulturell aktivitet. At ein i heile organisasjonen fokuserer kunst og kultur som ein uløyseleg del av menneskeleg eigenart og at dette er ein viktig del av danninga og kompetansen våre elevar treng i framtidssamfunnet. å bruke skulens læringsplattform aktivt for at flest muleg skal vera orientert på ein inspirerande måte om dei arrangementa som kjem.
3.5 Arenaer Det er eit mål at kvar skule har eigna lokalar til å ta imot besøk av ulike aktivitetar og gjerne byggjer ein identitet knytta til slike rom. at kulturhuset skal brukast i størst mogeleg utstrekning, nettopp for å fremje felles kulturopplevingar i eit tilpassa rom. Ein fordel ved å ha skular i sentrum er at det er nært til ulike galleri, Valdres folkemuseum. å bruke dei flotte arenaene på Nord-Aurdal barneskule. Amfiet er ein flott samlingsplass, det utsmykka atriumet det same og musikkrommet bør også nyttast som ein fast arena i Den kulturelle skulesekken når det passer.
4 Årshjul og rammer for arbeidet Det blir laga eit eige årshjul/handlingsplan for kvart skuleår ut frå følgjande rammer: Kommunen mottek fylkeskommunen sin kulturmeny og får årleg produksjonar innan kulturuttrykka musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur og film. Kvar skule kan søkje kommunen om midlar for å finansiere eigne produksjonar; leige inn profesjonelle kunstnarar eller innkjøp av nødvendig utstyr. Skulen kan søke Kriblemidlar frå Oppland fylkeskommune til prosjekt. Kommunen kjøper inn produksjonar gjennom fylkeskommunen sin kulturmeny og/eller direkte frå kunstarane. Her kan skulane kome med innspel, men følgjande kulturuttrykk blir prioritert: 1) Litteratur Vi ynskjer at skulane skal få forfattarbesøk kvart år og at det blir gjennomført skriveverkstad for minimum eitt av trinna. Folkebiblioteket får dekka kostnader til forfattarbesøk når det vert retta mot grunnskulen. Biblioteksjefen styrer ordninga finansiert av kultursekkmidlar. I tillegg er det eit mål at biblioteket har prosjekt og samarbeid opp mot skulane med litteraturpresentasjon og inspirasjon for innsikt, oppleving og lesestimulans. 2) Kulturarven Vi vil, i samarbeid med Valdresmusea AS og Valdres natur- og kulturpark gje elevane tilbod knytt mot Valdres Folkemuseum, eks innan byggeskikk, tradisjonsmat, forteljartradisjon, folkemusikk- og dans og kulturminne. Satsinga vil primært skje gjennom Storøyaprosjektet som Nord-Aurdal si satsing på det regionale Raud tråd-prosjektet. Ein må arbeide for at skulane vert aktive i adopsjon av kulturminne. 3) Film Vi vil prioritere prosjekt innanfor film/multimedia for ungdomstrinnet. Kultursekken dekker kostnadene til filmframsyningar i samråd med kinosjefen.
5 Økonomi Kulturbudsjettet har årleg avsett kr 50 000 til Den kulturelle skolesekken i Oppland. Skulebudsjettet dekker skysskostnader for grunnskuleelevane dersom dei må bruke skyss til forestillingar, berekna til ca kr 25 000.- pr. år. Ubrukte midlar vert sett på eige fond og kan nyttast til både produksjon og kjøp av produksjonar. 5.1 Rammer Samarbeidsavtalen med Oppland fylkeskommune omfattar Den kulturelle skolesekken. Fylkeskommunen overfører til Nord-Aurdal kommune eit kontantbeløp på 59 000 kroner kvart år som kan disponerast til kjøp av produksjonar eller til eigne produksjonar av lokale forestillingar. Eigne midlar: Midlar på kulturbudsjettet: kr. 50.000,-. Midlar til skyss (skulebudsjettet): om lag kr. 25.000,-. 5.2 Budsjett Tilskot: kr. 74 033,- Eigne midlar: kr. 75.000,- Totalt kr 149 033,- 5.3 Budsjettoversikt 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Kultur 50 50 50 50 50 50 50 Grunnskulen 25 25 25 25 25 25 25 Oppland fylke 104 59 59 59 74 74 74 6 Evaluering, erfaringsoverføring og rapportering 6.1 Evaluering/vurdering Det bør årleg vere eit evalueringsmøte mellom kulturforumet og skulane for å vurdere dei programma som er gjennomført. Evalueringa skal òg gjennomførast av ansvarleg på skulen etter kvar forestilling i www.ksys.no.
6.2 Evaluering Kulturforum og kulturkontaktane gjennomfører ei årleg evaluering (mars/april) av handlingsplanen i Den kulturelle skulesekken. 6.3 Erfaringsoverføring / erfaringsutveksling Det bør utarbeidast ein oversikt over dei lokale prosjekta/produksjonane, slik at andre skular kan dra nytte av dette. Vi drøfter stadig innhaldet i Den kulturelle skulesekken på dei regionale skule- og kultursamlingane for å kunne samordne, lære av kvarandre og dra nytte av dei andre kommunane sine erfaringar. Fagernes 10.09.2013 Ellen Persvold 7. Årshjul/handlingsplan Eige dokument. 8. Den kulturelle barnehagesekken eit apropos Dette er eit omgrep som er under etablering og eit felt i mogning. Den kulturelle barnehagesekken bidrar pt til fagområdet kunst, kultur og kreativitet i rammeplan for barnehagar. Barnehagesekken har pr i dag ingen kommunale eller statlege midlar til for eksempel innkjøp av tilbod, men tilbyr koordinering av rimelege og gratis kulturtilbod til barnehagar, informasjon og faglig utvikling. http://denkulturellebarnehagesekken.wordpress.com/ I kommunal regi er det ikkje sett av midlar til barnehagekulturen, men kulturkontoret har støtta deltakinga til deltaking på Barnas dag på Valdres folkemuseum dei siste åra. Barnehagane mottek også konserttilbod frå Rikskonsertane gjennom Den kulturelle skulesekken gjennom året. Ein representant for barnehagane bør vera med i kulturforumet, og i Trondheim har alle barnehagane eit kulturombod som ivaretek behovet for kommunikasjon mellom kulturlivet og dei tilsette i barnehagen. Nokon gonger gjeld det bestilling av besøk på formidlingsinstitusjonar, andre gonger å legge til rette for besøk i barnehagen. Kulturombodet vidareformidlar også tilbod om kurs, fagdagar og liknande til tilsette i barnehagen.