Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet. Handlingsprogram og vedtak frå råd og utval i budsjettsaka vert ettersendt.

Like dokumenter
Rådet for eldre og funksjonshemma

Rådet for eldre og funksjonshemma

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Birgit Johanne Kovajord Olsnes

Tokke kommune Arkiv: 151 Saksnr.: 2017/ Saksbeh.: Tjøstov Djuve Direkte tlf.: Dato:

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Birgit Johanne Kovajord Olsnes frå kl 13:15

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:00

Utval: Møtestad: Tokke kommunehus, kommunestyresalen Møtedato: Møtetid: 12:00 Møteslutt: 16:00

Åste Råmundalen Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Knut Kristian Vadder Medlem SP Kjetil Fulsås Leiar AP

Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt: 12:00

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer

Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Rådet for eldre og funksjonshemma

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet. Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato:

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:00 Møteslutt: 16:30

Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Anne Vadder Midtbø MEDL SP Arne Nordbø MEDL AP

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Kommunestyret

Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer

Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Magny Lundeberg Medlem AP Bjørn Håvard Olsen Leiar AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Birgit Johanne Kovajord Nestleder

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Birgit Johanne Kovajord Olsnes

Tokke kommune. Møteprotokoll. Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:00 Møteslutt: 17:15

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Utval: Møtestad:, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:00 Møteslutt:

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Utviklingsutvalet

Tokke kommune. Møteprotokoll. Utviklingsutvalet. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Møtedato: Møtetid: 10:00 Møteslutt: 14:30

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Vidar Ragnvaldson Vindal MEDL AP

Tokke kommune. Møteprotokoll. Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:30 Møteslutt: 12:30

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Formannskapet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Eldrerådet

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Utval: Møtestad: Tokke kommunehus, Kommunestyresalen Møtedato: Møtetid: 12:00 Møteslutt: 17:30

Fyresdal kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg Møtestad: Dato: Tid: Saksliste Utvals- Innhald saksnr

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar. Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Vidar Vindal i sak 19/1 Birgit Johanne K Olsnes i sak 19/7

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Tokke kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:00

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt: 11:30

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Bjørg Kyrkjebø Staaland MEDL AP

Varaordførar Medlem. H H Henry Mæland Medlem SP Beate Marie Dahl Eide Medlem SP. Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Kjell Magne Grave VORDF AP

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Birgit Johanne Kovajord Olsnes

Tokke kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:00

Utval: Møtestad: Teknisk, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt: 12:45

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Sverre Bakke MEDL SP

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

Oversyn over økonomiplanperioden

Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer. Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer

Tokke kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:00 Møteslutt: 14:15

Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Tone Dale Solvang Varaordførar SP Birgit Johanne Kovajord Medlem

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Birgit Johanne Kovajord MEDL. Olsnes Hilde Alice Vågslid MEDL AP

Tokke kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:30

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Tokke kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 14:00 Møteslutt:

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: Tid: 13:00

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Anne Lise Eklund

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2014.

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Hilde Alice Vågslid MEDL AP

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:10:30 (politikeropplæring 12:00 og frametter)

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Thor Arne Heggtveit MEDL SP Mette Lillegård i sak 15/17, 15/19 og 15/20

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14. desember 2015.

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Erik Skimmeland MEDL KRF

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Kjell Magne Grave MEDL AP

Budsjett 2019 og økonomiplan

Tokke kommune. Møteprotokoll. Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:00 Møteslutt: 13:00

Saksframlegg Valle kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Birgit Johanne Kovajord MEDL

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet

SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Mette Lillegård MEDL AP Jarle Solbu MEDL AP

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Sigrunn Taraldlien MEDL AP Vidar Ragnvaldson Vindal MEDL AP

Tokke kommune. Møteprotokoll. Helse- og sosialutvalet

Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ).

Transkript:

Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Formannskapet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 13.11.2012 Tid: 10:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet snarast råd. Vararepresentantane møter berre etter nærare innkalling. Handlingsprogram og vedtak frå råd og utval i budsjettsaka vert ettersendt. Hilde Alice Vågslid Ordførar Ingeborg Hetland Konsulent

Saksliste Utvalssaksnr PS 12/57 PS 12/58 PS 12/59 Innhald Politiske saker til behandling Søknad om fast årleg investering i Dalsmarken kulturarrangement Søknad om støtte til etablering av bedrift - SAK Søkna om eingongsstønad - Biokol og logistikk funksjonar Telemarkskanalen - SAK PS 12/60 Budsjett 2013 - Økonomiplan og handlingsprogram 2013-2016 - endeleg innstilling Lukka

Tokke kommune Arkiv: 223 Saksnr.: 2011/1091-5 Saksbeh.: Nils Gjerde Direkte tlf.: 35075241 Dato: 24.10.2012 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 12/57 13.11.2012 Kommunestyret Søknad om fast årleg investering i Dalsmarken kulturarrangement Saksdokument: Søknad frå Dalen Næringssamskipnad/ Dalsmarken. Saksutgreiing: Dalen Næringssamskipnad/ Dalsmarken har søkt Tokke kommune om fast årleg støtte til Dalsmarken kulturarrangement. Dalsmarken eigast av Dalen næringssamskipnad og skipar årleg til lokalt tradisjonelt kulturarrangement. Arrangementet strekker seg over to dagar (laurdag og sundag) i juni. Dalsmarken ser seg som viktig profilering av bygda Dalen og Tokke kommune. Kommunen har alltid gjeve støtte til arrangementet, men då oftast i etterkant for å dekke ein stram økonomisk situasjon (underskot). I 2012 fekk Dalsmarken kr 80.000,- frå Tokke kommune. Samstundes ba dei om å få løyvd midlar årleg slik at økonomien i tiltaket vart meir stabil og sikker. For at Dalsmarken skal kunne halde fram er det eit ønskje om å kome fast inn på Tokke kommune sitt budsjett. Det vert søkt om kr 100.000,- årleg. Tilskotet er rekna til: annonsar, brosjyrar, plakatar, lotteri og heimeside underhaldning, musikk mm husleige, straum, papir, fakturaer naudsynt utstyr honorar til arbeidsgruppe, sekretær og leiar. Bakgrunn for saka. Søknad frå Dalen Næringssamskipnad.

Dalsmarken har djupe røter på Dalen. Dalsmarken har tradisjonelt vore eit kulturarrangement for bygda med underhaldning, lotteri og handel. Det har vore naturleg at det er næringssamskipnaden som står bak arrangementet. Næringssamskipnaden og Dalsmarken vurderar tilskipinga som svært interessant og viktig for bygda, i hovudsak grunna godt høve for profilering, attraksjon og rett og slett moro for både lokale og vitjande. Arrangementet er samstundes svært viktig for butikkane på Dalen som i noko grad slit med sviktande kundegrunnlag. Kommunen har alltid støtta opp om Dalsmarken og vore ein støttespelar som har fylgt opp på arrangementet i lys av den verdi det har for bygda og kommunen. I og med at økonomisk støtte alltid har kome i etterkant av arrangementet har gjort det vanskeleg å navigere økonomisk i arbeidsgruppa for Dalsmarken. I arbeidsgruppa for Dalsmarken er det primært snakk om dugnadsarbeid, dersom ein ser på arbeidsmengda i relasjon til symbolsk honorar. I arbeidet som arbeidsgruppa gjer for å få Dalsmarken til å bli gjennomførd, har det over tid vist seg å vere direkte skadeleg for tilrettelegginga av arrangementet, at ein aldri veit med sikkerheit om det er pengar nok til å betale rekningane. Ubetalte fakturaer, rekningar som må overførast til inkasso og usikre honorar har vore ein del av røynda. For å sikre Dalsmarken ønskjer ein no å forandre dette med kommunen si hjelp. Tokke kommune handsama søknad om økonomisk støtte i 2012. Det vart då løyvd kr 80.000,- for det eine året. Næringssjefen har registrert at Dalsmarken slit økonomisk og at kommunen kvart år må gå inn med støtte i etterkant av arrangementet. Stabilt og trygt økonomisk fundament er ein føresetnad for langsiktig satsing. Dalsmarken er eit viktig arrangement for Tokke kommune og dreg årleg eit stort publikum til kommunen for kulturopplevingar og handel. Dei siste åra er arrangementet flytta frå området kring Tokke skule og inn til sentrum. Dette har førd til større omsetnad for dei lokale butikkane og slik sett auka verdien for lokale utsal. Dette har vore ei positiv utvikling og styrka lokalt næringsliv. Dei store arrangementa ved Dalen Bryggje med dansearrangement har ikkje alltid gjeve positivt resultat og er no lagd mindre vekt på. Dette har svekka inntektspotensiale for Dalsmarken. Dalen Næringssamskipnad er eigar av Dalsmarken. Søknaden om fast støtte til Dalsmarken som hovudarrangement for Dalen Næringssamskipnad vil måtte føre til balansering mot andre økonomiske støtteordningar, som t.d. PR-tiltak. Til PR-tiltak har Tokke kommune kvart år vedteke i årlege budsjett å gje kr 100.000,-. Største delen av desse midlane har gått til å stø opp om arrangement som: Dalsmarken, julegrantenning, solfest og oldemors gatefrukost i tillegg til annonsekampanjar. Det er ikkje rimeleg om ein held fast ved kr 100.000,- til PR-tiltak om Dalsmarken åleine i tillegg skal få kr 100.000,-. Dalsmarken og Dalen Næringssamskipnad vil kunne vere viktige samarbeidspartar til prosjektet Dalen+. Dette vil kunne betre økonomien til Dalsmarken og vere med å auke

attraksjonskrafta til Dalen. Ting må sjåast i samanheng. Dalsmarken og Tokke kommune har utarbeidd ramme for samarbeidsavtale for åra 2013 2015. Dette gjeld då for inneverande valperiode. Framlegg samarbeidsavtale ligg ved. Rådmannen si tilråding: 1. Tokke kommune løyver kr 80.000,- kvart år i 2013, 2014 og 2015, til Dalsmarken kulturarrangement. 2. Midlane vert knytt opp mot samarbeidsavtale mellom Dalsmarken og Tokke kommune. 3. Midlane vert utbetala innan 01.05. det einskilde år, etter framlegging av program for arrangementet. 4. Midlane vert løyvde frå konto: 1470 134 325.

Tokke kommune Arkiv: 242 Saksnr.: 2012/2079-2 Saksbeh.: Nils Gjerde Direkte tlf.: 35075241 Dato: 31.10.2012 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 12/58 13.11.2012 Søknad om støtte til etablering av bedrift - SAK Vedlegg: 1 Søknad om støtte til etablering av bedrift Saksutgreiing: Øyvind Gjerlid søker Tokke kommune om støtte i samband med investeringar knytt til oppstart av: sal av dekk, felg og andre bildelar organisasjonsnummer 997 078 624. Verksemda har adresse Buøyvegen 3 på Dalen i Tokke kommune. Gjerlid rettar seg mot alle bileigarar som potensiell kundegruppe. Hovudmarknaden er Tokke. Verksemda sitt namn er: Gjerlid Dekk og Bilpleie. Verksemda skal gjere naudsynte investeringar for å kunne dekke ein del av marknaden. Verksemda er einskildmannsføretak. Øyvind Gjerlid er busett i Tokke kommune og driv verksemda i sentrum på Dalen. Søknad om investeringstilskot er delt i tre delar: Varmepumpe: kr 20.000,- Løftebukk Avballanseringsmaskin Dekkmaskin: kr 40.487,- Diverse verkstadutstyr: kr 15.000,- Samla investering: kr 75.487,-. Næringssjefen meinar at posten div. utstyr ikkje kan reknast inn som investering. Det står då att kr 60.487,- som kan sjåast på som investering. Etter vedtektene i reglement for næringsfondet så kan investeringar støttast med inntil 8% av godkjend sum. I dette tilfellet vil støtte kunne gjevast med maksimalt kr 4.838,-.

Såleis er dette ein mindre sum, men likevel eit viktig signal om at Tokke kommune støttar unge som satsar i eigen kommune. Rådmannen si tilråding: Tokke kommune gjev investeringstilskot til Gjerlid Dekk og Bilpleie, stort kr 4.800,-. Midlane vert løyvd frå konto: 1470 134 325.

Tokke kommune Arkiv: 223 Saksnr.: 2012/1686-3 Saksbeh.: Nils Gjerde Direkte tlf.: 35075241 Dato: 31.10.2012 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 12/59 13.11.2012 Søkna om eingongsstønad - Biokol og logistikk funksjonar Telemarkskanalen - SAK Vedlegg: 1 Søkna om eingongsstønad - Biokol og logistikk funksjonar Telemarkskanalen 2 "Telemark mot 2020" Kronikk Saksutgreiing: Tokke kommune har motteke søknad om eingongstøtte til undersøking om mogeleg Biokol og Logistikk Funksjonar Telemarkskanalen. Det er tenkt mogeleg eit større anlegg for produksjon av biokol basert på biomasse frå Telemark og kanskje inkludert Buskerud. Lokalisering er Voldsfjorden og kapasiteten vil vere 300 400 m3 biomasse. Dette vil gje 200 000 tonn biokol, eit verdfullt produkt i Europa. Biomassen er tenkt kome frå heile Telemark og såleis vil Telemarkskanalen kunne vere ei naturleg trafikkåre for transport til Voldsfjorden. Lektarar vil kunne frakte biomassen nedover kanalen og slik sett vil det kunne bidra til meir aktivitet på vassvegen og samstundes styrke økonomien i kanalselskapet. At det vil kunne gje arbeidsplassar og vere med å gje avtak på biomasse er og viktig. I søknaden ligg detaljerte oversyn over prosjektet. Næringssjefen har delteke på eit møte med initiativtakarane. Nabokommunane våre langs kanalen er positive og har funne det høveleg å støtte prosjektet med økonomiske midlar. I denne omgangen er det søkt om kr 20 000,- frå Tokke kommune. Total finansiering av utgreiinga er kr 400 000,-.

Næringssjefen meinar at me som kanalkommune bør delta i slike prosjekt som kan føre til meir næringsaktivitet på Telemarkskanalen. Rådmannen si tilråding: Tokke kommune løyver kr 20 000,- til utgreiing av mogeleg: Biokol og Logistikk Funksjonar Telkemarkskanalen. Midlane vert overførd til Telemarkskanalen frå konto: 1470 134 325.

Tokke kommune Arkiv: 151 Saksnr.: 2012/897-29 Saksbeh.: Tjøstov Djuve Direkte tlf.: 35075211 Dato: 31.10.2012 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 12/60 13.11.2012 Kommunestyret Budsjett 2013 - Økonomiplan og handlingsprogram 2013-2016 - endeleg innstilling Vedlegg: 1 Budsjett 2013 - Økonomiplan og handlingsprogram 2013-2016 - Tabell 1 2 Budsjett 2013 - Økonomiplan og handlingsprogram 2013-2016 - Tabell 2 3 Budsjett 2013 - Økonomiplan og handlingsprogram 2013-2016 - Tabell 3 4 Budsjett 2013 - Økonomiplan og handlingsprogram 2013-2016 rådmannens tilråding til nye tiltak og innsparingar i driftsbudsjettet, vurdering av konsekvensar Saksdokument: 1. Oppvekstutvalet sak 12/10 23.05 - drøfting av budsjett 2013 og ØP 2013-2016. 2. Utviklingsutvalet sak 12/43 24.05 - drøfting av budsjett 2013 og ØP 2013-2016. 3. Helse- og sos.utvalet sak 12/15 25.05 - drøfting av budsjett 2013 og ØP 2013-2016. 4. K.sak 12/31 Budsjett 2013 - ØP 2013-2016, kommunestyret sitt vedtak 12.06.2012. 5. F.sak 12/46 10.09 - drøfting av budsjett 2013 og ØP og handlingsprogram 2013-2016. 6. F.sak 12/50 19.09 - Budsjett 2013 - ØP 2013-2016, formannskapet sitt førebelse vedtak (gml. vedlegg 1-4). S a k s u t g r e i i n g : I samband med budsjetthandsaminga i formannskapet 19.09, førebelse budsjettrammer, blei det vedteke at tabell 1 i tilrådinga frå rådmannen skulle vera grunnlaget for vidare budsjetthandsaming, men med tillegg om at kommunestyret sitt mål om opptrapping av netto driftsresultat til minimum 3% i 2015 skulle liggje fast. Netto driftsresultat skal då vera 2% i 2013 og 2,5% i 2014. Det har skjedd mykje etter 19.09 og rådmannen har difor måtta leggje fram nye tal og andre grunnlag for vidare budsjetthandsaming, for å stette kravet frå formannskapet om mål på netto driftsresultat i perioden.

Nye økonomiske føresetnader etter at statsbudsjettet er lagt fram og nye prognoser for pensjonsutgifter gjer at det er naudsynt med store innstrammingar i økonomiplanen (ØP). Det er nå også utarbeidd eit nytt vedlegg 4 som syner rådmannen sitt framlegg til prioritering av tiltak og innsparingar innan driftsbudsjettet med nærare vurdering av konsekvensane på kvart enkelt tiltak. Dei andre økonomiplan-tabellane (1-3) er også endra. Desse endra dokumenta (vedlegg 1-4) og nye saksopplysningar er nå sendt ut til handsaming i råd og utval. I tillegg skal kvart hovudutval utarbeide nytt handlingsprogram (HP) for 2013-2016 på sitt ansvarsområde, og likeeins rådmannen for totalområdet, dette dokumentet vil bli sendt ut til formannskapet før møtet 13.11. Etter førebels budsjettvedtak i september syner melding frå KLP at pensjonsutgiftene i 2013 blir vesentleg større enn rekna med tidlegare, om lag 4% større av ei lønsmasse på over kr 100 mill., dette vil utgjera om lag kr 4 mill. og fører til ein stor auke i lønsbudsjettet. På grunn av mindre avkastning i pensjonsfonda og dyre lønsoppgjer så blir pensjonskostnadane større og vil også variere meir spesielt for Tokke som har amortisering av premieavvik over 1 år. Mange andre kommunar amortiserar over 10 år (før 2012 over 15 år) og fordelar utgiftene meir over tid, men ligg då også med større etterslep av pensjonsutgifter som må utgiftsførast seinare. KLP varslar mindre pensjonsutgifter i 2014. Statsbudsjettet som kom 8.oktober syner som sagt ikkje betre økonomiske vilkår for Tokke kommune, men derimot meir negative tal enn dei som kom fram etter kommuneøkonomi-proposisjonen i mai etter det som er rekna ut av Telemarksforsking for kommunane i Telemark. M.a. hev rammetilskotet frå staten og skatteinntektene, dei såkalla frie inntektene, minka med over 2 mill. kr. Dette har samanheng med nedgang i folketalet, fordeling på aldersgrupper m.m. styresmaktene reknar då med at me skal kunne drive billigare. Det er også store utfordringar når det gjeld inntektene frå konsesjonskraftsal og mogleg også eigedomsskatteinntektene framover. Likeeins utbyteinntektene frå VTK AS, det blir nå varsla ein halvering av utbyteinntektene i 2012. Kraftprisane er framleis svært låge. Rådmannen vil ikkje tilrå ytterlegare auke i dei kommunale avgiftene sidan det har vore stor auke dei to siste åra og det alt er innarbeidd ein 3% auke i ØP. Av di dei kommunale avgiftene etter kvart har blitt nokså høge vil rådmannen også tilrå at innkrevjinga frå 2013 av skjer 4 gonger i året, kvartalsvis. Eigedomsskatt blir framleis likevel å krevje inn over to terminar som før. Straumprisane er låge og inntektene frå konsesjonskraftsalet blir, i tråd med kommunestyrevedtaket i juni, sett til kr 15 mill. i 2013, men med litt auke i slutten av ØP. Pristaket blir likevel tilrådd sett til 36 øre/kwh, med von om høgare inntekter. Ein monaleg risiko frå 2012 av og vidare i ØP er kva for straumforbruk kommunen faktisk har hatt året før. Inntektene frå 2013 av er basera på 50 gwh målt forbruk (52 gwh i 2011 og 2012). Blir forbruket lågare enn 52 gwh i 2011 og 2012, og 50 gwh vidare i ØP-perioden, så må Tokke kommune betale attende differansen. Blir forbruket høgare så får me tilsvarande attendebetalt. Dette skjer på hausten året etter forbruksåret, når alle rekneskapstal er godkjende. Framlegget til budsjett for konsesjonskraftsalet i 2013 kan moglegvis vera litt optimistisk. I investeringsplanen er nå m.a., i tillegg til fullføring av ny Dalen barnehage, lagt inn budsjettmidlar til å fullføre utbyggjinga ved Dalen bryggjeområde, til ikt-utstyr,

programvare og ikt-lisensar, opparbeiding av næringsareal og bustadtomter, tenestebilar innan helse og omsorg, nærmiljøanlegg i Lårdal (ballbinge) og ny brannbil i 2015. Økonomiske føresetnader i framlegget er 3% løns- og prisvekst i perioden, 4% lånerente og låneavdragstid på 30 år. Dersom kommunestyret sitt mål om 3% netto driftsresultat i 2015 og rådmannen sitt framlegg til nye tiltak og innsparingar i tabell 3 og vedlegg 4 skal fylgjast blir nye generelle innsparingskrav for året 2013 fylgjande (3,5% av brutto driftsutg. pr planområde): Planområde 1 kr 1 119 000 Planområde 2 kr 2 200 000 Planområde 3a, helse kr 750 000 Planområde 3b, omsorg kr 2 600 000 Planområde 4 kr 300 000 Planområde 5 kr 1 300 000 Sum kr 8 269 000 Då er også ekstra momskompensasjon med kr 7,3 mill. lagt inn i driftsbudsjettet i 2013. Denne er alt vedteken nytta til finansiering av ny Dalen barnehage og må såleis overførast til investeringsbudsjettet for 2013. For å dekkje opp dette er det naudsynt å nytte meir disposisjonsfond i drifta, om lag kr 5 mill. ekstra i 2013. Likevel er prognosa for stoda på disposisjonsfondet ved utgangen av 2013 på om lag kr 10 mill., men dette er sjølvsagt avhengig av at både inntekts- og utgiftsprognosene, både i 2012 og 2013, slår til. Innsparingane vidare i ØP er også store, i tillegg om lag kr 10 mill., og er pr dato ikkje gjennomført. Etter at budsjetthandsaminga er gjennomført i råd og utval vil rådmannen gje endeleg tilråding til innstrammingstiltak for formannskapet 13.11. Me gjer merksam på at lønsbudsjettet på planområde 2 nå er oppjustert i høve til tabell 1 i formannskapet 19.09, det var der ein feil i lønsbudsjettet som nå er retta opp. Lønsbudsjetta på andre planområde er også justert, jf auka pensjonsutgifter. Budsjettala på planområde 3 er nå også dela på Helse og Omsorg. Lønsbudsjettet til omsorg er i tabell 1 nå også lagt inn med utgifter som i inneverande år er innspara, t.d. stengd gamle skjerma avdeling og 2,5 stilling i heimesjukepleia/heimehjelp. Desse kjem då inn att som innsparing i tabell 3/vedlegg 3. Tidlegare vedtekne innsparingskrav når det gjeld stillingar i 2013 og i ØP er nå ikkje med i tabellane i og med at lønsbudsjetta pr dato inneheld alle desse stillingane, med unnatak for at det i ØP i 2014 er lagt inn ein generell innstramming på kr 2 mill. på planområde 1. Rådmannen si tilråding: Kommunestyret gjer fylgjande budsjettvedtak: 1. Budsjett 2013, handlingsprogram og økonomiplan 2013-2016. Nytt handlingsprogram og økonomiplan 2013-2016 og budsjett 2013, med vedlegg, skal leggjast til grunn for Tokke kommune si verksemd i perioden og blir vedteke med netto rammer for kvart planområde, og med dei endringar som fylgjer av kommunestyret si handsaming. a. For skatt på inntekt og formue blir nytta høgaste sats som Stortinget gjev høve til.

b. Kommunale gebyr og eigenbetalingar som ikkje er omtala andre stader i budsjettvedtaket blir auka med inntil 5%, eller så langt lov og forskrift gjev høve til det. Rådmannen delegerast mynde til å fastsetje nøyaktige satsar innanfor denne ramma. c. Rådmannen justerar økonomiplantabellane og investeringsplanen etter endeleg vedtak i kommunestyret. d. 1 % av lønsmidlane blir trekt ut av kvart planområde, lagt på planområde 1, og disponera av rådmannen med tanke på utjamning av lønsjusteringar. e. Konsesjonsavgiftene for 2013 kr 6,67 mill, blir nytta til næringsutvikling/næringsarbeid (ansvar 130-134, 3,0 mill kr) og til dekning av avdrag på investeringar (3,67 mill). f. Eventuelt positivt netto driftsresultat for 2013 etter endeleg vedtak i kommunestyret overførast disposisjonsfond. 2. Gebyr, avgifter brukarbetaling Gebyr, avgifter og brukarbetaling blir fastsett i samsvar med pkt 5 i handlingsprogrammet og tabell 3 i budsjettframlegget. Satsane skal aukast med inntil 5% eller så langt lov og forskrift gjev høve til det. Kommunale avgifter blir auka med 3%, desse skal krevjast inn over 4 terminar i staden for 2 terminar som tidlegare. 3. Inntektsramme for drifta Driftsbudsjettet for 2013 blir vedteke slik det går fram av tabell 4, skjema 1A og 1B i HP. 4. Budsjettiltak For å tilpasse utgifter og inntekter til dei fastsette måla, skal det bli gjennomført budsjettiltak i samsvar med tabell 3 (jf vedlegg 3 og 4) i taldelen til budsjettframlegget. 5. Fordeling av utgifter mellom etatane. Etatane sine driftsrammer går fram av tabell 4 i HP/ØP; budsjettet/øp i tabell 1 er der korrigert for framlegg til endringar i tabell 3. 6. Investeringar. Kommunestyret vedtek investeringar og finansiering for 2013 i tråd med tabellane 2 og 5 i budsjettframlegget/hp. 7. Låneopptak Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån på 26,064 mill. kr. i 2013, av dette 1,0 mill i startlån frå Husbanken. 8. Eigedomsskattevedtak for 2013 a) Verkeområde: For skatteåret 2013 skal det skrivast ut eigedomsskatt på verk og bruk, jf. lov om eigedomsskatt til kommunane (eskl.) 3 fyrste ledd, bokstav c. b) Eigedomsskattesats: Eigedomsskattesatsen for 2013 er 7 promille, jf eskl. 11 fyrste ledd. c) Terminar: Skatten skrivast ut i to terminar, jf eskl 25 fyrste ledd. Fyrste termin er 20. mars og andre termin er 20. september.

9. Sal av konsesjonskraft Pristaket ved sal av konsesjonskrafta blir sett til 36 øre pr kwh, ekskl. nettleige og alle avgifter. 10. Kommunestyret vedtek framlegg til budsjett for 2013 for Kontroll og tilsynsverksemda i Tokke Kommune med ei ramme på kr 671 000.