Vest-Jotunheimen villreinområde. Resultat frå totalteljing den 17. desember 2009 og overvaking/registrering av villreinstammen sommar og haust 2009.

Like dokumenter
Vest-Jotunheimen villreinområde.

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

SETESDAL AUSTHEI VILLREINOMRÅDE

Melding om vedtak - Bestandsplan og avskytingsplan 2015 for Setesdal Austhei villreinområde

Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland. Sakshandsamar Anbjørg Nornes Vår ref. 2018/ Dykkar ref. Dato

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

DRIFTSPLAN. For Brattefjell-Vindeggen villreinområde PERIODEN

BESTANDSPLAN. ovreguddal.storvald.com

Bestandsplan for VILLREIN. Ottadalen villreinområde Vedtatt av. Villreinnemnda for Ottadalen,

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort Vedteken på skipingsmøte

BESTANDSPLAN FOR HJORT

Møteinnkalling. Eventuelt forfall må meldes snarest på tlf Vararepresentanter møter etter nærmere beskjed. Side 1

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane

HARDANGERVIDDA VILLREINUTVAL

Protokoll frå møte i Ottadalen Villreinnemnd

SETESDAL AUSTHEI VILLREINOMRÅDE

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Rovviltforvaltning og beitebruk i Vestland, ansvar og roller

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

Til jaktlaga i Flora kommune

ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: S /658 Jørn Trygve Haug. UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 14/2 Arbeidsutvalet i villreinnemnda

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Are Endal Rognes Arkiv: K01 &18 Arkivsaksnr.: 15/325

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR?

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

HARDANGERVIDDA VILLREINUTVAL

SETESDAL AUSTHEI VILLREINOMRÅDE

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

6-åringar på skuleveg

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland Fjellstyret Marianne Bakeri og kafè

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Bestandsplan Sogndal og Luster årsleveområde for hjort

HARDANGERVIDDA VILLREINUTVAL

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

3)Q. Ti1N V E Pb.5091 Maj Oslo. Dyk. ref. Inger Staubo

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Dispensasjon - Jotunheimen nasjonalpark Tinderittet - IL Fanaråk

Velkommen til hjortakveld

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Møteprotokoll. Arbeidsutval - Nasjonalparkstyret for Reinheimen

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland fjellstyret Fjordsenteret

Forslag til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Uttale frå villreinnemnda

Hjort nr Merkt Sist obs Status: Felt Kolla vart felt i Nordbotn i september -07.

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

VILLREINNEMNDA FOR OTTADALEN

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

AVSKYTINGSPLAN SETESDAL AUSTHEI 2015

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

HARDANGERVIDDA VILLREINUTVAL

Bestandsplan søre Kvinnherad og Åkrafjorden årsleveområde for hjort

Å R S M E L D I N G for SOGN OG FJORDANE VILLREINNEMND, 2016

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Har gått frå langtidsledige til å bli faglærte i betongfaget

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Foreldregruppe i barnehagen

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Endring av hjortevald nr. 217 og 301

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Elevundersøkinga 2016

Vågå kommune Fellestenester

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Tilvekst hjå lam på fjellbeite Næringsverdi i beiteplanter

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Utviklingstrekk for hjortebestanden I Bestandsplanområde 13 Jølster Aust Basert på Sett Hjort og fellingsstatistikk

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret har behandla saka i møte , og har gjort slik

Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL

Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Transkript:

Vest-Jotunheimen villreinområde Resultat frå totalteljing den 17. desember 2009 og overvaking/registrering av villreinstammen sommar og haust 2009. 1

Opplegg og resultat frå teljinga. Villreinutvalet for Vest-Jotunheimen, som er ein samanslutnad av rettigheitshavarane i villreinområdet, stod for denne teljinga. Tidspunkt: Torsdag den 17. desember 2009, frå klokka 1100 til 1400. Helikopter: Helikopter Utleie A/S som var stasjonert i Stryn Mannskap: Steinulf Skjerdal og Torodd Jordanger var fotografar. Det vart nytta digitalt kamera. Fotograferinga var svært vellukka med foto som det var lett å telja rein frå. Bilda var og så gode at ein kunne finna ut ein del om samansetjinga i stammen. Forhold: Bra ver med sol, ikkje mange dagar sidan siste snøkast og ein dyktig, samarbeidsvilleg flygar førde til gode forhold. Dekningsområde: Det vart leita gjennom heile villreinområdet frå Kvarven og innover halvøya til Gravdalen/Austabotn. Vidare frå Berdalen og til Sognefjellet og Keisarpasset. Ruta vart logga inn på GPS og utskrift der ruta er avmerka er vedlagt. Det er rimeleg god grunn til å rekna med at alle dyra i stammen vart med under teljinga, men det er ikkje råd å vera heilt sikker Teljinga: Alle foto vart lagt inn på data og talt opp ved å markera kvart dyr på skjermen. Med så gode foto, var dette ein grundig og sikker måte. Det vart funne ein stor flokk som inneheldt 123 simler/ungdyr, 29 kalvar og 11 bukkar to år og eldre. I tillegg var det 19 storbukkar i ein flokk på Berdalsfjellet. Flygerunden vart logga inn på GPS og kart er vedlagt på neste side. 2

Dette er eit av bilda som vart teke under teljinga av reinstammen den 17.12.09 og nytta som grunnlag for å finna tal dyr i stammen. I denne flokken er det 163 dyr. Resultat: Flokk nr. Stad Kartref. Tal 1 Berdalsbandet Blad: 1517 (4) 32V MP 318 122 163 2 Berdalsfjellet Blad: 1517 (4) 32V MN 335 155 19 Struktur: Totalt talde rein: 182 Flokk nr. Stad Simle/ungdyr Kalv Bukk 2 år og eldre 1 Berdalsbandet 123 29 11 2 Berdalsfjellet 19 Til saman: 123 29 30 3

Dette foto vart teke under totalteljinga 17.12.09 og viser bukkeflokken på Berdalsfjellet. På bilde er det 19 bukkar som har trekt ut frå hovudflokken. Tilstand og kondisjon: Under denne teljerunden vart det ikkje funne daud rein. Og det var ikkje rein som ga seg etter når dei sprang unna helikopteret. Kalvane var store og fine. Det såg ut som dyra var i god kondisjon. Lite og laus snø førde til at det var lett å finna vintermat Forventa stamme: Totalteljing frå helikopter var sist gong, før denne teljinga, den 17. november 2008. Frå den teljinga og til no har stammen auka med 12 dyr. Under kalveteljing den 26.06.09 vart det funne 49 kalvar. Med såpass god kalvetilvekst, hadde ein forventa at stammen hadde vakse noko meir. Dei 3 siste åra har det ikkje vore jakt i villreinområdet. Tal kalv var no kome ned på 29. Kva som er årsaka til så stort svinn av kalvar er ikkje så lett å sei noko om. Ein skulle tru at når kalvane hadde levd fram til kalveteljinga den 26. juni 2009, var dei over verste kneiken. Dei hadde då levd i 6 7 veker. Under kalveteljinga såg kalvane ut til å vera store og kraftige. Hjernemark har vi hatt mykje av i denne villreinstammen og denne går helst på unge dyr, kan dette vera ei årsak? Jerv vart det teke ut mange av, så den bestanden har minka i området. Kongeørnbestanden er stor, men ein skulle tru at kalvane var mest utsett for kongeørnangrep dei fyrste levevekene. Det er funne berre ein daud rein dette året og det er ein storbukk i Ytre Offerdal. 4

Villreinen sin bruk av området sommar/haust 2009. Villreinutvalet kjøper teneste frå Fjelloppsynstenesta i Luster kommune til registreringar og tilsyn med villreinstammen i Vest-Jotunheimen. For registreringar fyrste halvår i 2009 vert det vist til kalveteljingsrapport av 26. juni 2009. Frå juli 2009 og ut året har det vorte utført følgjande tilsyn og registreringsarbeid: - I Juli månad trekte dyra utover Rivenosi, seinare mot Gruvefjellet og Krokavatnet. Fostringsflokken delte seg etter kvart noko opp, men gjekk ikkje så langt frå kvarandre. Bukkane vart gåande i Styggedalen Simlenosi Svartefjellet. Med unntak av 5 dyr som trekte bak til Maradalane. - I August månad trekte simle/ungdyr etter kvart meir utover til Slettedalen og Offerdalen. Dei vart observerte i fleire flokkar på stølen i Slettedalen og opp mot Tisedalen. Bukkane vart gåande i same område som i Juli. - I September månad kom bukkane også utover til simle/ungdyrflokkane som då hadde tilhald frå Offerdalen og utover til Kvalaholten Øystølen Kinsedalen. Etter kvart som brunsten sette inn, vart flokken meir samla att. Ein vaksen bukk vart funne daud ved Rundehaugane i Yttre-Offerdal. Kartref. 32V MN 198911. Kartblad 1417 (2). - I Oktober månad var rein for det meste samla i ein flokk. Nokre bukkar hadde trekt ut og var utslitne etter ein hard brunstperiode. Den 3. oktober vart det talt opp ca 150 dyr som heldt til mellom Tisedalskaret og Stillene i Kinsedalen. Her var blanding av simle/ungdyr og bukk. - I November månad trekte dyra innover mot Krokavatnet Feigedalen Grønvassnosi. Storbukkane trekte etter kvart utav storflokken og nokre byrja å fella geviret. - I Desember månad trekte dyra enno meir innover og fleire bukkar trekte ut for seg sjølve. Under teljinga den 17. Desember var storflokken ved Berdalen og bukkeflokken på Berdalsfjellet. Det var gode beiteforhold med lite snø og ikkje ising. Den 26 desember var dyra om lag på same plassane, men storflokken hadde trekt litt lenger aust På oppsynsrundane denne perioden vart det ikkje funne daud rein, men det vart meldt i ettertid at ein vaksen bukk var funnen daud i Ytre-Offerdal. I Juli månad var fostringsflokkane mest på Rivenosi og der vart det ikkje gått særleg mykje. Rein vart observert frå andre sida av Krokadalen. Rein som eventuelt dauda i dette området kan difor lett ha vorte oversedd. Rein hadde nok ein god beitesesong på sommaren. Det var ikkje særleg varmt og det låg att bra med snø. 5

Forvaltning av villreinen: Vest-Jotunheimen villreinområde vert no forvalta av Sogn og Fjordane villreinnemnd. Denne nemnda har forvaltningsansvar for alle villreinområda i vårt fylke. At ei villreinnemnd får ansvaret for forvaltninga av fleire villreinområde er ei ny ordning som vil halda fram. I tillegg har rettigheitshavarane i Vest-Jotunheimen villreinområde gått saman i eit villreinutval.. Villreinnemnda støttar seg til dette utvalet i mange saker.. Utvalet har oppgåver med innleige av oppsyn og teljing/tilsyn med stammen. Med villreinnemnder som har forvaltningsansvar for fleire villreinområder, må villreinutvala fungera godt. I Villreinutvalet for Vest-Jotunheimen er det mange personar som innehar mykje lokalkunnskap om villreinstammen som i mange høve kan vera nyttige. Tiltak: På møte hjå Fylkesmannen på Leikanger den 27.03.09 vart det konkludert med at ein burde få i gang nokre tiltak fort som kunne hjelpa forholda for villreinstammen. Av tiltak som er gjennomførde kan nemnast: Villreinutvalet har fungert som pådrivar for å få i gang tiltak som kan vera med på å få villreinstammen i Vest-Jotunheimen på fote att. Det er utført både kalveteljing, totalteljing og tilsyn/registrering. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ansvar for midlar til drift av villreinnemndene i fylket og har også kome med ekstra midlar til tiltak i Vest-Jotunheimen. Roy Andersen i NINA har vore til stor hjelp med både kalve- og strukturteljing, slik at ein no har god oversikt over samansetjinga i villreinstammen. Han har også kome med fagleg støtte i andre spørsmål om tiltak i Villreinområdet. Statens naturoppsyn v/rigmor Solem har laga brosjyre om villrein og informasjonsplakat som begge er nyttige for opplysningar til folk som ferdast i villreinområdet. I tillegg har Statens naturoppsyn også kome med midlar til oppsyn med villreinstammen. I hovudsak er dei tiltaka som kom fram på nemnde møte hjå Fylkesmannen utførde, med unntak av DNA prøvar for å få fastsett om det har vandra ut dyr frå stammen. Dette tiltaket hadde vorte svært omfattande og kostbart og vart av den grunn forkasta. Eit anna tiltak som har vore drøfta i Villreinutvalet er å få radiomerka nokre av reinane i stammen. Ein kunne då få sett vandringsmønster, eventuelle hindringar, uroing og i det heile fått lettare oversikt over kvar dyra heldt seg til ei kvar tid. Eit slikt tiltak er kostbart og det står att ein del arbeid før ein veit om dette kan gjennomførast. 6

7

Tabell som viser stammestorleik tilbake til 1987. Vinterstamme Kjønns- og aldersfordeling. (Basert på strukturteljing hausten før) i %. Felte dyr Kalv Begge kjønn Simle og ungdyr 1 1/2 år begge kjønn Bukk 2 ½ år og eldre 1986/87 400 30,0 66,2 3,8 87 1987/88 476 30,4 58,6 11,0 133 1988/89 495 28,1 58,6 13,3 224 1989/90 425 25,9 61,1 13,0 170 1990/91 310 24,1 59,7 16,2 126 1991/92 283 28,3 60,0 11,7 64 1992/93 312 30,7 59,0 10,3 61 1993/94 224 11,6 67,4 21,0 Ikkje jakt 1994/95 264 18,9 56,9 24,2 44 1995/96 280 22,1 56,8 21,1 34 1996/97 310 23,3 57,7 19,0 61 1997/98 307 19,2 63,4 17,0 49 1998/99 318 19,0 61,2 19,8 46 1999/00 330 22,7 60,5 16,7 48 2000/01 340 19,4 67,3 13,3 48 2001/02 360 19,4 67,5 13,0 60 2002/03 397 17,8 65,8 16,1 65 2003/04 378 12,7 74,8 12,4 65 2004/05 391 20,2 67,1 12,8 72 2005/06 395 17,2 73,5 9,2 64 2006/07 360 7,8 82,1 10 58 2007/08 197 5,5 82,1 12,2 Ikkje jakt 2008/09 170 5,9 76,3 17,6 Ikkje jakt 2009/10 182 15,5 68,0 16,5 Ikkje jakt Raude tal på tabellen er dei åra det har vore totalteljing frå helikopter. Det har skjedd noko med stammen i tidsrommet frå vinteren 2002/03 til 2007/08. I denne perioden byggjer tala på bakketeljing og kalvetilvekst. Her kan det vera feil slik at den store nedgangen i dette tidsrommet kan vera fordelt over fleire år. Men nedgangen må vera komen i dette tidsrommet. Tala i tabellen er frå strukturteljing seinhaustes. Det som no er oppløftande er at siste året har stammen auka litt att. Ein får no håpa att denne utviklinga held fram og at vi kan få oppatt ein livskraftig villreinstamme i Vest-Jotunheimen. 8

Beitesituasjonen: I 1989 vart det utført beitegransking i villreinområdet taksert frå fly, kombinert med registreringar på bakken. Denne granskinga synte at vinterbeita var noko nedslitne og stammen burde haldast på mellom 360 og 460 vinterdyr. Når ein ser på tabellen ovanfor går det der fram at stammen har lege mest heile tida godt under dette talet. Det har ført til at vinterbeita har teke seg oppatt og er no betre i området frå Feigedalen og nordaustover. Området frå Feigedalen og utover halvøya har dårleg og kraftig nedslite vinterbeite. Dette på grunn av at stammen har hatt tilhald her både vinter og sommar dei 4 5 siste åra. Sommarbeitet er godt i heile området, men i ytre deler har det siste åra vore tidleg avsmelting og lite med snøfenner att for reinen å søka tilhald på i varme dagar. Bukkeflokk på frodig sommarbeite mellom Svartefjellet og Styggedalen. Flotte bukkar med kraftige gevir. 9

Reinen sin bruk av området: Vanleg bruk har vore at i vinterhalvåret har mest alle dyra i stammen vore innover til indre deler av villreinområdet mot Austabotn og Sognefjellet der vinterbeita er best og mindre nedbør fører til meir avdrifter og med det lettare tilgang til maten. Mot våren trekker simler og ungdyr utover til kalvingsplassane frå Mordalen/Årdalslangedalen og utover. Dei held seg i ytre deler av villreinområdet fram til vinteren nærmar seg, då trekker dei innover att til indre deler der det er betre tilgang på vinterbeite. Mesteparten av bukkane vert gåande i indre deler av villreinområdet heile sommaren til brunsten set inn, då dreg dei til ytre deler og vert der til brunstida er over. Bukken er fyrst med å trekka innover att til vinterbeita og er ofte komne til Turtagrø i slutten av november. Slik var det vanleg at reinen brukte område, men i perioden frå 2002 og til 2007 kom mesteparten av simle/ungdyr ikkje lenger inn enn til Gruvefjellet, sjå kartet. I dette området er det mykje dårlegare tilgang på vintermat, noko som fører til at desse dyra vart i dårlegare kondisjon enn om dei hadde nytta lavmattene i indre deler av området. Kvifor reinen ikkje nyttar dei indre deler av villreinområdet slik som tidlegare i denne perioden er ikkje lett å gje noko sikkert svar på. Men ein kan vel rekna med at den store jervebestanden som var i villreinområdet, hadde ein innverknad på denne villreinstammen. Dyra var i dårleg kondisjon, var utsette for sjukdom og store mengder både hudbrems og svelgbrems. Ein villreinstamme i den forfatning som dyra i Vest-Jotunheimen har vore siste åra, er mykje meir utsette for rovdyrangrep enn ein kraftig, frisk stamme. Det er difor rett å ta med at det uttaket av jerv som vart gjort i villreinområdet både av hi og enkle hanndyr er ei medverkande årsak til at villreinstammen i Vest-Jotunheimen no er byrja å veksa att. Storbukkane har heile tida følgt det vanlege mønsteret med å trekka inn til området ved Turtagrø og desse har vore i god kondisjon. I 2008 kom simle/ungdyrflokken innover til Feigedalen/Mårdalen att og vart gåande der heile seinvinteren, våren og mykje av sommaren. Under teljinga no i desember 2009 var alle dyra komne heilt inn til Berdalen og Berdalsfjellet. Det kan no sjå ut som at reinen i Vest-Jotunheimen er komen innatt i det vanlege vinterbeiteområdet, noko som heilt sikkert vil verka inn på dyra sin kondisjon mot våren under kalvinga. Ein får då håpa att dette held fram også vidare framover. Kalving, kalvetilvekst og kalvingstad: Kalvinga våren 2009 gjekk føre seg i Feigedalen/Husadalen, og den var på topp i tidsrommet 10. 15 mai. For meir om kalvinga vert det vist til eigen rapport frå teljinga utført den 26.06.09. I same rapport vert det også vist til tilsyn-og registreringsarbeid fyrste halvdel av 2009. 10

Uroing og inngrep i villreinområdet: Inngrepa i villreinområdet frå kraftutbygging, vegbygging, Den norske turistforening sitt rutenett og bruk til friluftsaktivitetar har vore nemnde i tidlegare rapporter. Det som har vorte meir av i siste åra er bruk av området for arrangement i kommersiell samanheng. Her kan nemnast selskap som arrangerar kurs og turar. Og då ofte i samarbeid med overnattingstader. Det som og er vorte meir av er selskap som skal gjera filmopptak, desse vil ofte ha bruk for motoriserte reiskap i sitt arbeid. Dette kan føra til mykje støy og uroing for villrein. Desse aktivitetane er som oftast søknadspliktige og det er her viktig at alt vert lagt fram for villreinforvaltninga til uttale før løyve vert gjeve. Hydro energi har hatt kraftutbygging i store deler av villreinområdet. Dei inngrepa som dette medførde er det lite å gjera med no, men drift og vedlikehald i ettertid må gjerast på mest mogleg skånsam måte. Dette har fungert godt dei fleste stader, men noko som må takast opp og lagast plan på, er stader der det trengst opprensking og lagring av masse. Dette må utførast slik at det ikkje øydelegg trekkruter for rein. Når det no ser ut til at reinstammen i Vest-Jotunheimen er byrja å veksa att, er det viktig at det ikkje kjem nye inngrep og uroing som skapar problem for at stammen kan veksa oppatt til det nivå den er tenkt å haldast på. Fred og ro er viktig spesielt for simler før og etter kalving. 11

Framtida for reinen i Vest-Jotunheimen villreinområde: Villreinstammen har frå totalteljing vinteren 2003 til 2008 gått ned frå 397 dyr til 170, sjå tabellen lenger framme i rapporten. Frå 2007 og fram til no har det ikkje vore jakt. Denne nedgangen måtte snuast skulle ein berga villreinstammen i Vest.Jotunheimen. Som det framgår av teljeresultatet frå 1. desember 2009, har det no snudd og vi har fått ein liten auke i bestanden att. Men etter den gode tilveksten som kom fram på kalveteljinga den 26. juni 2009, hadde ein venta enno meir framgang. Frå nemnde kalveteljing og fram til totalteljinga har tal kalvar i stammen gått ned med 20. Noko som bra for stammen er at den no ser ut til vera komen innatt i normalt mønster der den nyttar indre deler av villreinområde som vinterbeite att. I fleire år no så er det berre bukkane som har kome inn mot Turtagrø om vinteren, men under teljinga den 17. desember 2009 var all rein komen inn til Berdalen og Berdalsfjellet. Der er mykje betre vinterbeite og det er då grunn til å tru at kondisjonen på dyra til våren vert betre. Ein må no håpa at dyra for ro til å halda seg på desse vinterbeita framover. Vi får tru at denne tendensen med oppgang i stammen og bruken av villreinområdet held fram. Det er ei viktig utfordring for forvaltninga av villreinen i dette området no framover å legga forholda til rette slik at villreinstammen i Vest-Jotunheimen får levelege vilkår til å koma seg oppatt som ein levedyktig stamme. Blandingsflokk av rein på haustbeite. Leveområde for desse dyra må sikrast slik at våre etterkomarar også kan få oppleva å sjå dette. 12

Samandrag: Villreinstammen i Vest-Jotunheimen har i fleire år gått tilbake og ein ottast at det kunne gå mot slutten for denne reinstammen. Teljinga no på slutten av 2009 viste ein liten framgang av tal dyr i stammen. Det ser ut til at dyra no har trekt attende til tidlegare nytta, gode vinterbeite, noko som kan bli positivt for utviklinga framover. Men ein må no ikkje tillata inngrep eller uroing som kan påverka livsgrunnlaget for denne villreinstammen. Forvaltningstyremakta må få alle saker som omfattar villreinområde til uttale og det må følgjast med på utviklinga av stammen. Registreringar, tilsyn og teljingar må halda fram og det må setjast av midlar til dette. Det vert eit stort sakn om vi ikkje for framtida kan legga forholda til rette slik at villreinen kan leva i Vest-Jotunheimen villreinområde til nytte og trivsel for oss og våre etterkomarar. Gaupne den 22.01.10 For Villreinutvalet Einar Fortun -fjelloppsyn- 13