Gjennom årets TV-aksjon vil mange barn bli kjende med temaet rus, og få høyre at barn i Noreg er rørte av dette. Mange barn vil også kjenne seg att.

Like dokumenter
Lærerveiledning til skoleprogrammet Større åpenhet mindre skam

Info til barn og unge

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Barnerettane i SKULEN

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Barnerettane i HEIMEN

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Innsats i BTI Barnevern

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Sofies hemmelegheit.

6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

«Kule krabatar leikar»

Elevundersøkinga 2016

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

OK, seier Hilde og låser.

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

SAMARBEID HEIM OG SKULE

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde. Barnekonferanse i Loen Jorunn Liv Kleiven

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Skuleåret 2017/2018.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Informasjon til elevane

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Kva vil det seie å vere buddhist?

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

felles fag på 6. og 7. årssteget

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Foreldregruppe i barnehagen

Du må tru det for å sjå det

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune. Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar?

Samspel og livsmeistring

Transkript:

Velkomstside for lærarar Velkommen til TV-aksjonens sider for lærarar. Her vil du finne skuleprogrammet Større openheit mindre skam med lærarrettleiing, idébank for oppgåver og kompetansemål. Gjennom årets TV-aksjon vil mange barn bli kjende med temaet rus, og få høyre at barn i Noreg er rørte av dette. Mange barn vil også kjenne seg att. Det at skulen tek tak i temaet, gjer at elevane får snakke om det i trygge rammer. Undervisningsmaterialet er knyta opp til barnekonvensjonen, og ser rus i eit nasjonalt så vel som eit internasjonalt perspektiv. Vidare tek programmet sikte på å hjelpe elevane til å setje ord på kjensler og tankar kring situasjonar som kan vere vanskelege å snakke om, og samstundes støtte og verne om dei barna som er ramma. Ved skrittvis større openheit er vi med å bryte tabuet kring alkohol og å gjere skamma mindre. Sameleis gir det moglegheit for å kunne fange opp dei barna det gjeld tidlegare. Her har skulen eit medansvar. Med skuleprogrammet Større openheit mindre skam ynskjer TV-aksjonen Blå Kors å jobbe for større openheit, og invitere alle skulane i landet til å knyte temaet opp mot FN-dagen få dagar seinare. Det er viktig at alle barn får høyre følgjande på eit tidleg tidspunkt: Det er aldri barna si skuld at vaksne har det vondt. Dei er ikkje åleine om å ha det slik. Den einaste måten barn kan hjelpe vaksne på er å be andre vaksne om hjelp. Barn kan ikkje få vaksne til å slutte å drikke. Å be om hjelp er ikkje det same som å sladre. Kor kan barn få hjelp? Alle barn har rett til å ha det bra. Psykologspesialist og fagambassadør for TV-aksjonen Blå Kors Frid Hansen understrekar at læraren er ein viktig vaksenperson for barna. -Mange av dei barna som er rørte fortel historier om skulen som ein fristad, og om læraren som den viktigaste støttespelaren. Større openheit vil redde fleire barn! Vi vegrar oss mot barn si smerte, og difor lukkar vi augo. Skulen og læraren har eit medansvar når det gjeld å jobbe mot større openheit, og å sjå dei barna som er rørte for å hjelpe dei så dei slepp å bere løyndommen åleine. Lærarrolla er ikkje å vere terapeut, men å gå saman med barna. Læraren er til stor hjelp; barna får avlastning og er ikkje åleine med problema, seier Frid Hansen. Marius Helland Sjømælingen, generalsekretær i Ungdom mot Narkotika var sjølv eitt av dei rørte barna. Han seier at det var først i sjette klasse han fekk det bra. Då byta eg skule og fekk ein lærar som spurte meg: Korleis har du det i dag? Har du ete? Sove? Korleis har mamma det i dag? Ein som var ærleg spurte meg utan å pakke det inni bomull. Ein som ikkje var saksbehandlar eller frå barnevernet. Ein som berre såg meg bak klovnen og bølla som eg var. Men det først då eg var 16 år og kom til ein psykolog som kunne fortelje at det ikkje var meg det var noko galt med, at eg forstod at dette ikkje var min feil. Eg er glad for at TV-aksjonen oppmodar skulande til å ta temaet opp i grunnskulen, seier Marius Helland Sjømælingen.

Om skulematerialet Skulematerialet i samband med TV-aksjonen Blå Kors består av: Film med tilhøyrande oppgåver om barn som er rørte av vaksne sin rusmisbruk, og psykologspesialisten sine ord om filmen til barn og lærarane. (Filmen blir tilgjengeleg i august.) Ei liste over skjønnlitterære tekstar om rus som læraren kan hente tekstar frå eller knyte oppgåver til. Dramatiseringar med fokus på korleis barn kan få hjelp. Aksjonssongen Hope. Ein idébank med oppgåver: Spørsmål knytt til barnekonvensjonen. Treng vi barnekonvensjonen i Noreg? Årets aksjon set rus i eit internasjonalt perspektiv og gjer det relevant å knyte temaet opp mot FN-dagen. Aksjonen ser fellesnemnaren mellom barn i sør og barn i nord. Likeeins knyt aksjonen ein blå tråd til tidlegare aksjonar. Det kor forbruket at rus aukar, aukar også vald mot kvinner, fattigdom, hiv/aids og incest. Oppgåvene er retta mot å uttrykke kjensler. Nokre av oppgåvene er retta mot å gi barn fleire ord til kunne snakke om kjenslene sine. Desse er av meir generell karakter og kan nyttast i samband med å arbeide med eit inkluderande klassemiljø og i høve til mobbing. Dei er meint å seie noko om at vi alle kan kome i vanskelege situasjonar, og korleis vi kan vere mot einannan då. Oppgåvene som er knytt opp mot kjensler, er i hovudsak henta frå Regnbogeprogrammet som er eit program som har fokus på å gje barn reiskap til å meistre ein vanskeleg kvardag, laga slik at alle barn kan ha nytte av det. Forslaga til oppgåver er meint å vere ein idébank for lærarane slik at kvar enkelt lærar finn sin inngang til temaet rus. Det er viktig at kvar enkelt lærar kjenner seg komfortabel med å ta opp temaet og finn sin måte å gjere det på. Send oss gjerne innspel på gode måtar å ta opp temaet på og del idear og erfaringar på korleis vi skrittvis kan hjelpe til med å skape større openheit, på ein måte som vernar om dei barna som er rørte. Ved større openheit er vi også med på å bryte tabuet og å gjere skamma mindre. Slik kan vi vere med å lette kvardagen til mange barn. I oppgåvesettet viser vi til mamma og pappa og foreldre. Det er viktig at kvar enkelt lærar tilpassar oppgåvene til sin klasse, med omsyn til om det skal stå den vaksne (då det fins mange ulike familiekonstellasjonar i det norske samfunnet). Føremålet med oppgåvene er ikkje at barn som er rørte skal snakke i klasserommet om problema heime, og at dette skal bli ein terapisesjon. Føremålet er at barna skal høyre at det fins andre barn i Noreg som har det vanskeleg slik at dei som er rørte skal kjenne at dei ikkje er åleine, og vite at dei kan få hjelp. Oppgåvene som er retta mot å uttrykke kjensler er tenkt å vere meir generelle. Vi kan alle oppleve å ha det vanskeleg. Det å ikkje ha nokon å dele med gjer det ekstra vanskeleg, og det er godt å høyre om barn som har opplevd dette og som klarar seg. Dette kan gi håp og retning. Regnbogeprogrammet tilbyr eit gruppeopplegg for skular og barnehagar, samt eit todagars innføringskurs i gruppeopplegget. Erfaringa er at denne opplæringa er til god hjelp for å forstå og nytte reiskapen i gruppa/klassen.

I førekant av programmet Større openheit mindre skam Sjå filmen for lærarar med psykologspesialist Frid Hansen til dømes på eit felles lærarmøte/lærarteam. Snakk og diskuter temaet med kollegaer. Diskuter: Utfordringa og nærleiken til årets tema. Det angår mange av oss på ulike måtar. Ved å gjere gjerne barna medvite og invitere til openheit letter vi børa til dei barna som er rørte. Ved å bryte tabu er vi og med på å gjere skamma mindre. Fellesskapet mellom kollegar er viktig. Snakk og diskuter med kollegane dine rundt temaet rus og kva for ord og tilnærmingar de kan nytte i høve til barna. Finn gode rutinevegar som de har tenkt gjennom på førehand. Kva for ressurspersonar har de rundt dykk?: Førstelinjetenesten: helsesøter, sosiallærarar, miljøarbeidarar samt PP-tenesta og BUP. Avklar med helsesøster eller eventuelt sosiallærar om hans/hennar laglege tilkomst slik at det er ein vaksen person til stades for barna i etterkant dersom det skulle vere behov for det. Det er viktig at barna ikkje må vente lenge på å få hjelp. Kan skulen behandle temaet ved at dei lærarane som er spesielt motiverte til å ta det opp med barna køyrer skuleprogrammet for fleire klassar? I alle høve så anbefalast det å vere to vaksenpersonar i klassen når temaet blir behandla. Lag gode rutinar for kva dykk skal gjere om de har barn som er rørte av vaksne sin rusmisbruk i klassen. Om å skape gode rutinar Psykologspesialisten til lærarane: Her fortel psykologspesialist Frid Hansen kva du som lærar kan gjere for å hjelpe eit barn som fortel at han eller ho har det vanskeleg heime på grunn av drikking eller anna rusmisbruk: Lytt til det barnet fortel. Ikkje bagatelliser eller på andre måtar pynt på det barnet fortel. Ta det som barnet seier på alvor. Barn har doble kjensler; difor er det viktig å hugse på at det er både vanskelege og gode tin der heime. Ikkje snakk nedsetjande eller stygt om foreldra, men sei til dømes Når vaksne har problem, blir det vondt og vanskeleg for born. Spør barnet om det har snakka med nokre andre om problemet, eller om dei har nokre andre dei trur dei kan snakke med, til dømes ei tanke, ein onkel, vener av familien eller andre som har eit rusproblem. Då kan det vere viktig å spørje om barnet kan snakke med den andre forelderen, eller om barnet allereie har gjort det og opplevd at det ikkje hjelpte. I samtalen med barnet. Gi deg tid. Det kan vere lurt å sei at ikkje alt treng å bli sagt med ein gong. Avtal heller ein ny tid for samtale. Dersom du som lærar ikkje opplev at barnet lev i ein situasjon prega av alvorleg omsorgssvikt slik at barnevernet må varslast omgåande, så har du tid til å drøfte saka med dei kollegaene eller dei hjelpetenestene som er knytt til skulen din. Stadfest for barnet at det var flott og viktig å kome til deg og snakke om dette, og fortel barnet at du vil vere med å hjelpe ved å snakke med helsesøster eller andre om korleis barnet kan få hjelp på best

mogleg måte. Ikkje gå fort fram. Mange barn er redde for at alt skal bli verre når det har fortalt den vonde løyndommen om at foreldre misbrukar rusmidlar. Fortel barnet at du alltid vil snakke med barnet først om kva du som vaksen tykkjer det er viktig å gjere, og kvifor. På denne måten opplev barnet at det får tid til å tenke seg om og få stilt spørsmål det treng å få svar på. Aldri lov barnet at du ikkje skal snakke med andre vaksne fagpersonar. Stadfest for barnet at det som han eller ho har gjort med å fortelje at det har det vanskeleg, er første steg mot å finne gode løysningar. Vaksne må hjelpe vaksne, det kan ikkje barna klare. Du som lærar skal snakke med andre hjelparar for å finne ut kven som skal prate med foreldra, og om korleis alle kan få den hjelpa som er naudsynt. Understrek at barnet kan kome å snakke med deg undervegs, og at du skal støtte så godt du kan. Det er viktig å følgje opp barnet. Det kan gjerast med små enkle grep som å spørje barnet etter helger og etter ferier om korleis det har det, eller på andre måtar gi barnet merksemd når du ser at det har det vanskeleg eller er ekstra uroleg eller trist. For mange barn er skulen ein god fristad, kan den einaste arenaen kor det opplev å få vere barn. Hald fram med å spørje korleis barnet har det, og vere den gode støtta sjølv om andre hjelparar blir kopla på saka. Delt smerte er halvert smerte. Små ting som å ruske i håret eller noko oppmuntrande som seier: Eg ser deg hjelp. Det er også viktig å vere medvit at barnet ikkje får rolla som gullungen det tener heller ikkje barnet. Det at mange skular engasjerar seg, og at mange foreldre og barn går saman med bøsse, trur vi vil gjere godt for dei borna som er rørte. For å sjå kva du kan gjere med saka vidare sjå handlingsrettleiinga om tidleg intervensjon: Korleis kome inn for seint så tidleg som overhovudet mogleg. Sjå filmen som er mynta på barn med klassen og gjerne på eit foreldremøte i førekant. På denne måten blir foreldra informerte om årets tema og blir førebudd på spørsmål som kan kome opp i samband med at det vil bli teke opp i media og i skulen. For skular som ynskjer å setje rus på dagsorden gjennom eit sterkare samarbeid mellom heim og skule har Blå Kors eit eige opplegg som heiter Medvite foreldre. Borgestadklinikken har på oppdrag frå Helsedirektoratet nasjonalt ansvar for familieprogrammet: Kjærleik og grenser. Dette opplegget rettar seg mot foreldre og barn på 6. og 7. klassetrinn. For skular som ynskjer eit fullstendig opplegg i høve til temaet rus i klassen, kontakt Regnbogeprogrammet. I klassen Når læraren tek opp temaet, kan det vere godt å vere to, til dømes sosiallærar, helsesøster eller andre som kan vere med å observere og med dialogen. Nokre barn blir:

Ekstra urolege Ekstra stille og inneslutta Oppteken av å avleie Klovn eller på andre måtar forstyrre det som skjer i klassen. Frid Hansen: Mange lærarar vil spørje: Kor mykje kan vi snakke før vi går over skiljelinjene mellom støtte og behandling? Ein lærar kan aldri vere terapeuten til barnet, men er like fullt ofte ein svært viktig støttespelar for barna. Støttespelar er du som lærar når du høyrer på det barnet fortel og hjelp barnet vidare til dei som kan hjelpe barnet vidare. Læraren skal ikkje konfrontere foreldra med misbruket. Sjølv om barnet blir vist vidare for hjelp, så er du som lærar framleis ein viktig støttespelar. Prøv å følgje desse barna spesielt opp individuelt og ikkje i klassesamanheng og spør om dei kom til å tenke på noko spesielt, eller om det er noko dei vil fortelje. Fortel kvifor du lurte: Du vart plutseleg så roleg eller Lurte på om du syntes det var vanskeleg eller keisamt sidan du vart så uroleg. Ikkje press for å få svar; let berre barnet vite at du har sett. Alle barn bør få vite på generelt grunnlag at dersom dei ynskjer å spørje meir eller snakke meir om dette, kan dei ta kontakt med ein lærar ved eit seinare høve, seier Frid Hansen. Avslutt desse timane samla og med noko hyggeleg gjerne i ring. Rist på kroppen, hopp og sprett. Til dømes: Hald einannan i hendene og send ein hyggeleg beskjed med eit handtrykk gjennom sirkelen. La den gå gjennom nokre gonger.