STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ETTERFORSKING AV SEKSUALBROTSVERK 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012
1. Innleiing Seksualbrotsverk er ei form for kriminalitet som er politisk og fagleg prioritert både sentralt og lokalt. Denne typen kriminalitet råkar mange både dei som vert utsette for brotsverket, og pårørande. Etterforskinga av seksualbrotsverk er omfattande og krevjande. Ofte ligg berre forklaringane til partane føre, og mangel på kriminaltekniske spor og andre støttebevis kan gjere sakene spesielt utfordrande. Etterforskaren møter ofte sårbare personar, og dette kan vere både fagleg og menneskeleg utfordrande. Det er difor viktig at politiet har høg kompetanse innanfor etterforsking på dette fagområdet. Politihøgskolen vil medverke til dette gjennom vidareutdanning i kriminalteknisk etterforsking av seksualbrotsverk. Utdanninga gir 15 studiepoeng og vert fullført med ein påbyggingsmodul som gir fem studiepoeng. Denne modulen er felles for fleire etterforskingsstudium. 2. Føremål Utdanninga skal medverke til at seksualbrotsverk vert avdekte og etterforska effektivt og med tilfredsstillande sakshandsamingstid. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Målgruppa er politietterforskarar, påtalejuristar og fagleiarar som har etterforsking av seksualbrotsverk som ei primæroppgåve. Det er ein føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 1
3.2 Opptakskrav Søkjarane må ha politihøgskole-/politiskoleutdanning, mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande utdanning vere tilsette i politi- og lensmannsetaten i Noreg eller eit anna nordisk land ha minst tre års etterforskings-/påtalepraksis, der eitt år er etterforsking av seksualbrotsverk utføre etterforskings-/påtaleoppgåver i samband med seksualbrotsverk i utdanningsperioden Norske politiutdanna må ha gjennomført kurset Avhøyrsteknikk KREATIV eller tilsvarande utdanning ha bestått modul 1 Generell etterforsking eller Vidareutdanning i etterforsking Juristar som er tilsett i politiet etter 2003, må ha gjennomført obligatorisk opplæring for politijuristar. Dokumentert lang og brei røynsle kan erstatte dei formelle krava til etterforskingsutdanning. Etter særskilt vurdering kan det gjerast unntak frå krava om praksis. Søkjarane må anten dokumentere generell studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. Studieplassane vert fordelte med inntil 3 plassar for søkjarar frå dei andre nordiske landa. Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 2
4. Læringsutbyte Generell kompetanse Etter avslutta utdanning kan studentane syne større innsikt og tryggleik i yrkesrolla ta sjølvstendig ansvar for etterforskinga av seksualbrotsverk identifisere og vurdere etiske dilemma i arbeidet forstå verdien av forskings- og erfaringsbasert kunnskap og korrekt bruk av lovverket i etterforsking av seksualbrotsverk Studiet er delt inn i fire hovudemne som samla skal gi studenten eit heilskapleg læringsutbyte. 4.1 Seksualbrotsverk som fenomen For å etterforske seksualbrotsverk er det naudsynt å ha kunnskapar om kva eit seksualbrotsverk er, kven som utfører denne typen kriminalitet og moglege årsaker. Emnet skal dessutan formidle kunnskap om offera for seksualbrotsverk, traume og skadar. Årsakene til seksualbrotsverk er både individuelle og sosiokulturelle. Kunnskap om ulikt syn på seksuelle overgrep i ulike kulturar skal gi ytterlegare innsikt i fenomenet seksualbrotsverk. Innsikt i emnet skal skape medvitne haldningar og førebyggje fordomar som kan påverke etterforskinga. Fenomenkunnskap kan gi eit betre grunnlag for å kunne førebu og gjennomføre krevjande avhøyr av fornærma og sikta. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane utvida kunnskap om dei fornærma: o alder, kjønn, relasjon, forhistorie o sårbare personar o traume og minne o falske og feilaktige politimeldingar seksualbrotsmannen eller -kvinna: o alder, kjønn, relasjon, forhistorie Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 3
o o avvikande seksuelle objektval (parafiliar) handlingsmønster (modus operandi) Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om samfunns- og kriminalitetsutviklinga: o historikk, utviklingstrekk og trendar o kriminalstatistikk, omfang og risiko o kulturrelatert syn på seksualbrotsverk Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane nytte ulike perspektiv på seksualbrotsverk nytte fenomenkunnskap ved førebuing, gjennomføring og evaluering av etterforskinga gjere greie for og forklare verdien av fenomenkunnskap i etterforskinga 4.2 Saksfelt Seksualbrotsverk er mellom dei mest alvorlege sakene politiet og påtalemakta etterforskar og påtalar. Saksfeltet er prega av mange politiske og faglege intensjonar som krev både effektivitet og kvalitet. Det er avgjerande for resultatet av etterforskinga å forstå kva krav som vert stilte innanfor dei einskilde saksfelta. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane utvida kunnskap om seksuell handling og åtferd valdtekt seksuell omgang med born incest menneskehandel og prostitusjon internettrelaterte seksualbrotsverk ulovleg pornografi seksualbrotsverk som vert utførte av nordmenn i utlandet rettane til fornærma og pårørande Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 4
Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane nytte relevante lover, instruksar og styringsdokument identifisere potensielle straffbare tilhøve i ei konkret sak identifisere, sikre, vurdere og nytte bevis i straffesakshandsaminga 4.3 Metodar i etterforskinga av seksualbrotsverk Det er avgjerande for eit godt etterforskingsresultat at politiet meistrar relevante etterforskingsmetodar både taktiske og tekniske. Det metodiske politiarbeidet har i hovudsak vore basert på erfaring og er først i dei seinare åra vorte meir forskingsbasert. Begge kunnskapsformene er viktige for å sikre kvalitet i etterforskinga. Politiet og påtalemakta må dessutan ha tilstrekkeleg kunnskap om og kunne dra nytte av kompetansen til andre profesjonar i etterforskinga. Kunnskapar Etter gjennomført utdanning har studentane utdjupa kunnskap om aktuell straffeprosess straksetterforsking, organisering og leiing av sak hypotesetenking og avgjersleprosessen avhøyr kriminaltekniske spor taktisk gjennomgang av beslag kriminaletteretning samankopling av saker, gjerningspersonprofilering (GMP) og geografisk profilering utradisjonelle etterforskingsmetodar sakkunne teieplikt samarbeid med andre instansar lokalt, nasjonalt og internasjonalt risikovurdering og vernetiltak Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane starte, gjennomføre og avslutte etterforsking av ei straffesak innanfor saksfeltet seksualbrotsverk Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 5
nytte og kombinere dei vanlegaste kriminaltekniske og taktiske etterforskingsmetodane nytte utradisjonelle etterforskingsmetodar medverke til å identifisere offer og gjerningsperson ved dokumenterte seksualbrotsverk systematisere og dele informasjon nytte fagkunnskap og samhandle med andre profesjonar og fagmiljø vurdere og grunngi avgjersler under etterforskinga 4.4 Etterforskarrolla Etterforsking av seksualbrotsverk stiller høge krav og forventingar til etterforskarane. Dei må sjå bilete og filmar av grove overgrep mot born og vaksne, høyre barn og vaksne fortelje om alvorlege krenkingar og møte og ta vare på mistenkte på ein profesjonell måte. Dei må kjenne seg sjølve godt og vite korleis dei unngår å bli for kjenslemessig påverka. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane utdjupa kunnskap om utøving av si eiga rolle den gode detektiven kjenslemessig påverking o sekundær traumatisering o overidentifisering Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane identifisere utfordringar knytt til etterforskarrolla og reflektere over eigen etterforskarpraksis kjenne att og handsame teikn på kjenslemessig påverknad kommunisere med og følgje opp partane i saka og deira pårørande Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 6
5. Organisering og arbeidskrav Studiet er lagt opp som deltidsstudium med samlingar og studiearbeid utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på seks månader. Utdanninga tek om lag 420 timar. Det omfattar undervising, øvingsoppgåver, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Arbeid med saker vil vere ei sentral læringsform i utdanninga. Samlingane utgjer inntil 105 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte, og særleg klargjere sambandet mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Studentane skal òg velje ei skjønnlitterær bok eller ein film som seier noko om etterforsking av seksualbrotsverk. Boka eller filmen skal veljast frå ei liste som fagansvarleg utarbeider. Ei nettbasert læringsplattform vert nytta til administrering og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjende før studentane kan ta eksamen: Eit refleksjonsnotat om sentrale utfordringar i straksetterforsking av seksualbrotsverk i det lokale distriktet. Notatet skal leverast før den første samlinga (inntil 800 ord). Eit refleksjonsnotat knytt til den valde skjønnlitterære boka eller filmen. Svaret skal vere på inntil 800 ord. Refleksjonen skal presenterast for dei andre studentane. Ei individuell fagoppgåve (inntil 3000 ord). Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 7
6. Vurdering Studiet vert avslutta med ein individuell heimeeksamen over to dagar som tek utgangspunkt i ei sak. Karakterane er bestått / ikkje bestått. 7. Litteratur 7.1 Obligatorisk pensum (i alt 822 sider) Bang, S. (2009). Rørt, rammet og rystet: Faglig vekst gjennom veiledning. Oslo: Gyldendal. Pensum: kap. 1, 2, 3, 4, 5 og 6 (71 sider). Barne- og familiedepartementet. (2005). Formidling av opplysninger og samarbeid der barn utsettes for vold i familien. Oslo: Departementet. Henta 12. juni 2012 frå http://www.regjeringen.no/upload/kilde/bfd/bro/2005/0002/ddd/pdfv/250 2 31-veileder2.pdf. Pensum: s. 4 33 (29 sider). Barne- og likestillingsdepartementet. (2006). Veileder om barnevernets rolle ved mistanke om overgrep under samvær: Veileder Q-112B. Oslo: Departementet. Henta 10. august 2012 frå: http://www.regjeringen.no/upload/kilde/bld/bro/2006/0010/ddd/pdfv/2936 78- q1121b web.pdf (21 sider). Christianson, S. Å. (2010). I huvudet på en seriemördare. Stockholm: Nordstedts. Pensum: kap. 3, 10, 11 og 12 (97 sider). Granhag, P. A. & Christianson, S. Å. (red.). (2008). Handbok i rättspsykologi. Stockholm: Liber. Pensum: kap. 9, 10 s. 202 214 og 216 217 og kap. 12 (54 sider). Green, C. (2011). Fula gubbar, natflirtar och camsex: Om vad tjejer møter på natet och hur vi møter dem: För tjejjourer och andra stödverksamheter som möter unga tjejer. Stockholm: Sveriges Kvinno- och Tjejjourers Riksförbund (SKR), Riksorganisationen för kvinnojourer och tjejjourer i Sverige (Roks). Pensum: s. 25 37 (13 sider). Haugland, G. N., Nygaard, I. E., Vik, J. s. & Lindstrøm, T. C. (2011). Ingen penis ingen skade?: Når kvinner begår seksuelle overgrep. Tidsskrift for norsk psykologforening, 48(6), 522 528. (7 sider). Hazelwood, R. R. & Burgess, A. W. (2001). Practical aspects of rape investigation. A multidisciplinary approach (3 rd ed.). Boca Raton: CRC Press. Pensum: Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 8
Kapittel 7 omsett av Knut Sturidsson: Beteendeorienterat förhör av våldtäktsoffer. (8 sider). Ingnes, E. K. & Kleive, H. (2011). I møte med unge overgripere. Oslo: Gyldendal akademisk. Pensum: kap. 1, 2 og 3 (52 sider). Jensen, T. K., Gulbrandsen, W., Mossige, S., Reichelt, S., & Tjersland, O. A. (2005). Reporting possible sexual abuse: A qualitative study on children s perspectives and the context for disclosure. Child Abuse & Neglect, 29, 1395 1413. (18 sider) Justis- og politidepartementet. (2008, 16. april). Ikrafttredelse av lovendringer for å styrke fornærmedes og etterlattes stilling i straffeprosessen [Brev]. Upublisert. (8 sider) Kripos. (2012). Voldtektssituasjonen 2011. Oslo: Kripos. (18 sider). Kvalheim, G. (2011). Hjelpe meg!: En bok om voldtekt. Stavanger: Hertervig. Pensum: kap. 5 (21 sider). Magnussen, S. (2004). Vitnepsykologi. Oslo: Abstrakt. Pensum: kap. 5 (30 sider). Mossige, S. (1997). Barneovergriperen: Legning eller handling. Oslo: Ad notam Gyldendal. (110 sider). Riksadvokaten. (2008, 23. mai). Ikrafttredelse av lovendringer for å styrke fornærmedes og etterlattes stilling i straffeprosessen [Brev]. Upublisert. (2 sider) Skilbrei, M-L., Tveit, M. & Brunovskis, A. (2006). Afrikanske drømmer på europeiske gater: Nigerianske kvinner i prostitusjon i Norge (Faforapport; 525). Oslo: Fafo. Pensum: s. 9 78 (69 sider). Skybak, T. (2004). Ofre for seksuelle overgrep på Internett: Hva gjøres for å identifisere barna? Oslo: Redd Barna. Pensum: s. 6 32 (27 sider). Svendby, R. (2011). Fra de stummes leir: Menns beretninger om seksuelle overgrep fra kvinner og menn. Masteroppgave i sosialantropologi, Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo. Pensum: kap. 3 og 4 (77 sider). Henta 7. august 2012 frå http://www.duo.uio.no/sok/work.html?workid=123895 Sætre, M. & Grytdal, V. (2011). Voldtekt i den globale byen: Endringer i anmeldte voldtekter og seksualkultur i Oslo. Oslo: Politiet, Oslo politidistrikt. (82 sider). Vedeler, J. S., Sasaoka, K. & Mossige, S. (2006) Ungdom som selger eller bytter sex: En faglig veileder for hjelpeapparatet. Oslo: NOVA. Pensum: kap. 1, 2 og 3 (s. 41 47) (38 sider). Henta 7. august 2012 frå http://www.regjeringen.no/upload/kilde/bld/bro/2006/0002/ddd/pdfv/2781 75-faglig veileder -seksuelle overgrep.pdf Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 9
7.2 Tilrådd pensum Brunovskis, A. & Tyldum, G. (2004.) Crossing borders: An empirical study of transnational prostitution and trafficking in human beings. (Fafo-rapport; 426). Oslo: Fafo. (122 sider). Konsultasjonsteam i Innlandet. Bistand ved mistanke eller avdekking av seksuelle overgrep mot barn, eller vold i nære relasjoner. www.bufetat.no (2 sider) NOU 2006:10 (2006). Fornærmede i straffeprosessen: Nytt perspektiv og nye rettigheter: Utredning fra et utvalg som skal utrede styrking av fornærmedes og pårørendes straffeprosessuelle stilling, oppnevnt ved kongelig resolusjon 2. juli 2004: Avgitt til Justis- og politidepartementet 8. mai 2006. Oslo: Departementenes servicesenter. (266 sider). Ot.prp. nr. 11. (2007 2008). Om lov om endringer i straffeprosessloven mv. (styrket stilling for fornærmede og etterlatte). Oslo: Justis- og politidepartementet. (136 sider). Ørn, M. (2009). Seksuelle overgrep: Etterforsking og informasjonsutveksling: En evaluering av politiets etterforsking og informasjonsutveksling i saker som gjelder seksuelle overgrep mot barn, begått av omreisende overgripere. Oslo: Riksadvokaten. (120 sider). 7.3 Skal vere kjent Barne- og familiedepartementet. (2005). Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005 2009): Plan. Oslo: Departementet. (s. 4 35) Henta 9. august frå: http://www.regjeringen.no/upload/kilde/bfd/bro/2005/0001/ddd/pdfv/24 65 30-69901 strategiplan.pdf Helsetilsynet. (2005, 14. juni). Helsepersonells opplysningsplikt m.v. til nødetater, sosialtjeneste og barneverntjeneste. [Brev til TV2]. Hentet 13. juni 2012 fra http://www.helsetilsynet.no/no/publikasjoner/brev-hoeringsuttalelser/brevhoeringsuttalelser-2005/helsepersonells-opplysningsplikt-nodetatersosialtjeneste-barnevernstjeneste/ (3 sider) Justis- og beredskapsdepartementet. (2011). Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2012. Oslo: Departementet. Henta 9. august 2012 frå: http://www.regjeringen.no/pages/36717130/handlingsplanjdweb.pdf (s. 5 10) Justis- og politidepartementet. (2007). Veileder for utvikling av kommunale handlingsplaner: Vold i nære relasjoner. Oslo: Departementet. (s. 6 10) [Tiltak 24 i regjeringens handlinsplan «Vendepunkt» som kom i desember 2007] Kripos.(u. å.). Etterforskning av voldtektssaker: Nasjonal veileder. Henta 9. august 2012 frå KO:DE. Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 10
Sosial- og helsedirektoratet. (2006). Helsepersonells plikt og rett til å gi barneverntjenesten, politiet og sosialtjenesten opplysninger ved mistanke om: mishandling av barn i hjemmet, andre former for alvorlig omsorgssvikt av barn, misbruk av rusmidler under graviditet (Rapport; 17). Oslo: Direktoratet. Henta 13. juni 2012 frå http://www.helsedirektoratet.no/publikasjoner/helsepersonells-plikt-ogrett-til-a-gi-opplysninger-til-barneverntjenesten-politiet-og-sosialtjenesteni-saker-som-dreier-seg-om/sider/default.aspx (s. 5 14) Pensum i Studiet Generell etterforsking frå 2010 eller frå Vidareutdanning i etterforsking. Studieplan for vidareutdanning i etterforsking av seksualbrotsverk 2012 Side 11