GRØN BARNEHAGE FOU-arbeid i Kjørnes barnehage 2015 presentert av : Anne Kristin Lund, ped.leiar Gunn Haugen, barnehagestyrar
Små og store Alle i barnehagen har vore med på prosjektet på ulike måtar
Kjørnes barnehage Fireavdelings barnehage med 70 plassar, to store avdelingar, to småbarnsavdelingar. Aldersdelte avdelingar Bygd i 2004 som studentbarnehage med to avdelingar. No: kommunal barnehage med fire avdelingar, der den eine er utebarnehage.
Utebarnehagen Tanken om å drive utebarnehage ulma i nokre år hjå fleire av personalet. Vi «okkuperte» og ordna ein gammal fjøs like ved barnehagen som vi brukte til ulike aktivitetar. Fjøsen vart riven p.g.a utbygging Men så kom spørsmålet frå rådmannen om vi kunne tenkje oss å drive ei uteavdeling
Furehaugen I 2010 vart utebarnehagen bygd. Det er ein flott trelavvo med vedfyring i tillegg til garderobebygg. Borna i dei store avdelingane er to veker «ute» og to veker «inne».
Furehaugen På sida av lavvoen laga vi klatrevegg.
Grøn barnehage Kjørnes barnehage har hatt fokus på uteaktivitetar og friluftsliv Tanken om å utvikle dette vidare til å bli ein «grøn barnehage», vaks fram. Korleis skulle vi gjere det i praksis? Vi hadde mange tankar og vyer om korleis vi ville ha det, og prøvde å få det ned på papiret.
Å jobbe mot ein grøn barnehage «Barnehagen ynskjer å gi borna gode haldningar og vanar for ressursbruk no og for framtida.» «Alle i barnehagen, store og små, skal vere med og ta ansvar for vårt felles miljø.» «Dei vanane borna får når dei er små, på godt og vondt, vil dei ta med seg seinare i livet.» «Alle har ansvar for jorda vår, og for at alt som lever der, folk, dyr og planter skal ha det bra.»
Borna som medskaparar Borna skal føle at dei har ei viktig rolle på jorda, i Noreg, i Sogndal, på Kjørnes, i barnehagen og heime Alle må bidra for at ein sjølv og andre skal ha det bra Borna skal lære å bruke dei gode ressursane vi har i nærmiljøet rundt oss Få ei medviten haldning til kva vi brukar og kva vi kastar Ha ei forskande tilnærming til det vi driv med Bruke «passe mykje» av forbruksmateriell, straum
Område som vi ville jobbe med: Naturen som læringsarena Naturen som leikeplass Naturen som næringsveg og mat Resirkulering og bossortering Høner i barnehagen
Naturen som læringsarena Naturen gir oss nesten grenselaust høve til læring og erfaring Vi kan fritt og gratis bruke naturen Allemannsretten gjer at vi m.a kan plukke bær og fiske i sjøen
Naturen som læringsarena Bær er mat
Naturen som læringsarena Bær er fargestoff
Naturen som læringsarena Vi kan fiske i sjøen
Naturen som læringsarena Vi kan leike i sjøen
Naturen som læringsarena Vi kan forske i sjøen..
Naturen som læringsarena og vi kan smake på sjøen
Naturen som læringsarena Vi kan lære av dei som har levd lenge Tradisjonar Prosjekt Alfred
Trekking av garn
Spanande fangst!
Bearbeiding
Førebuing av måltid
Sjølvfiska er godt!
Naturen som leikeplass -om vinteren
Naturen som leikeplass om sommaren Ikkje leikeplass, men plass til leik.
Å bruke ressursane i nærmiljøet også til å skaffe mat EPLEPROSJEKTET Eit tverrfagleg prosjekt der vi tenkjer tradisjonar og prosessar. EPLE har vore ein viktig leveveg i Sogndalssamfunnet Epleprosjektet vårt er tverrfagleg og endar med sal av syltetøy til foreldra på FN-dagen. Pengane går til FORUT sitt prosjekt i Nepal.
Tverrfagleg prosjekt Natur, miljø, teknikk Kropp, rørsle, helse Nærmiljø og samfunn Kunst, kultur, krativitet Kommunikasjon, språk, tekst Tal, rom og form Etikk,religion og filosofi
Epletur Vi reiser i samla flokk med buss til eplehagen
Epla må plukkast Epla må handsamast like forsiktig som egg!
No er vi klare for å reise heim Plukkinga ga resultat
Maten er ikkje laga i butikken Vi kan gjere det sjølve! Epla vert oppskorne og kokte til syltetøy
IKT Bruk av Paintprogram
IKT Og her er resultatet!
Estetiske fag Måling og stofftrykk
Ulike teknikkar Teikning; «Eplet mitt»
Og resultatet Flotte glas klare for sal!
Besøk på Lerum Fabrikker På fabrikken til Lerum lagar dei saft og syltetøy Dei tømmer ut store kassar med eple Epla skal pressast til saft
Lerum Fabrikker Spanande å sjå på produksjon av syltetøy og saft!
Bossortering og resirkulering Vi har berre ein jordklode, den må vi passe godt på!
Bossortering Det vi ikkje brukar, vert avfall Avfallet sorterer vi i ulike dunkar Avfallet kan kome til nytte
Sortering
Vi prøver heimekompostering Kva skjer om vi grev noko ned i jorda?
Etter eit år.. Finn vi att det vi grov ned?
Noko vert til jord Og noko vert ikkje til jord
Besøk på Simas for «grøn gruppe». Kva skjer med det vi sender i bossdunkane våre? Plast i store mengder Den vert brukt til m.a ny emballasje
Simas I Fastingedalen lagar Simas jord av avfallet vårt, som vi kan få igjen som hagejord.
FOU-søknaden, grøn barnehage «Arbeidet med dette temaet vert mykje forsking og utprøving på borna sitt nivå, slik at dei skal forstå kva som skjer. Vi fekk FOU-midlar, kr.40000,-! Mesteparten av FOU-midlane skal brukast til «Forskarfrøkonferansen» i Oslo for to tilsette. «..og til å bygge hønsehus til kjuklingane som vi ruger ut i barnehage, slik at dei kan halde fram med å bu i barnehagen til dei vert vaksne høner og hanar.
Samarbeid med andre Sogndal Vidaregåande bygde huset til oss. Dei tykte det var eit morosamt oppdrag!
Prøving! Før hønene flytta inn
Nytt hus Er det fint nok til hønene mine?
Høner i alle fargar og fasongar Hønene treivst godt i det nye huset.
Hanefar er sjefen Slik er det no i den familien
Høner lever farleg, hønsehauken kom på besøk!
Og her var resultatet!
Ruging I Kjørnes barnehage har vi ruga ut kjuklingar i mange, mange år Vi forskar på utviklinga i egga, veg dei og lyser inni dei for å sjå kjuklingane si utvikling Ungane lærer om livssyklusar, liv og død
Ei forskande tilnærming Kva skjedde med dei som ikkje kom ut?
Liv og død denne greidde seg ikkje!
Omsorg Kjuklingane må ha mat, vatn og rett temperatur
Dramatisering Nokon lever seg meir inn i det enn andre..
Kjuklingane gir inspirasjon til fagområda Kunst og kreativitet
Inspirasjon til Dans og drama
Nye naboar i barnehagen Det var utruleg interessant!
Kos og klapp Hønene vert fort vane med ungane rundt seg.
Mat må alle ha Kva likar hønene?
Egg! I august byrja hønene å verpe
Egg i mange fargar og fasongar! Har du sett noko så flott?
Arbeid må gjerast men ikkje vanskeleg å få nokon til å gjere jobben!
Vasking og tørking
Sortering og notering. Entreprenørskap
Egg er mat Tenk at våre eigne egg kan brukast i vaflene!
Og Bestemor vil gjerne kjøpe!
Kva har vi lært og erfart? Borna Å gi omsorg Å ta ansvar Å ha respekt for levande dyr Liv og død Å skape noko med meining Glede Medverknad frå foreldre Dei tilsette Det er interessant å jobbe når ein har ein forskande tankegang Gir ungane ein meiningsfull kvardag Kreativitet og undring ilag med ungane Støttande stillas, tek barneperspektivet