Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 24.04.2007 058/07 ASFL Avgjerd av: Saksh.: Asbjørn Flatebø Arkiv: N-511, GBNR-J019/0308 Objekt: Arkivsaknr 06/1011 Gnr. 19 bnr. 308 - Mødalsvegen på Kvamskogen, søknad om dispensasjon for tilbygg på fritidsbustad i LNF-område i Kommunedelpalnen på Kvamskogen. Samandrag: Det vert søkt om dispensasjon etter pbl- 7, frå LNF-føremål i Kommunnedelplanen for Kvamskogen godkjent 20.12.1990, sist revidert 1991. Tiltaket gjeld utviding av eksisterande hytte bygd i 1957 på gnr. 19 bnr. 308. Arealet på tilbygget vert 17 m2. Det er opplyst at hytta vil auka bruksareal frå 75,5 m2 til eit bruksareal på 90m2. Bebygd areal er oppgjeve til å bli 100 m2, kontrollrekna kjem vi til 107 m2. Formålet med utvidinga er å få eit tenleg kjøkken.. Eksisterande kjøkken skal nyttast til vaskerom. Hytta er kopla til offentleg vatn og avlaup. Fritidsbustaden ligg mellom Mødalsvegen og elva og ålmenta ser truleg på den som ein del av hytteområde H22 som er ein av dei elste hytteområda på Kvamskogen. Det ser ut som ein i kommunedelplanen for Kvamskogen har brukt LNF-formål til å markere byggjegrense langs Mødalsvegen. Hytta ligg i ein slik sone. I reguleringsplanen for Kvinnhovden er det over det same LNF-området regulert inn ny trase mellom riksvegen og Mødalsvegen. Denne vegen er bygd, og deler av den nye traseen går inn på denne eigedommen. Fritidsbustaden ligg ca 10 m rett aust for Mødalsvegen. Aust for Mødalselva er det i kommunedelplanen vist byggjeområde heilt ned til elva. Området er seinare regulert, og i reguleringsplan for Gnr. 25 bnr. 1 m. fl frå 2003 viser det byggjeområde i omtrent same avstand frå Mødalselva. Dei næraste hyttene i denne planen ligg mindre enn 50 m frå dette tiltaket. Tillatt bebygd areal (BYA) på denne tomta er 180m² pluss uthus/carport på 30m², tomtestorleiken er då kun ca 1300 m². Sør for eigedommen, - framleis i det same byggjeområde, er arealet i same avstand frå Mødalselva brukt som parkeringsplass. Utifrå ei samla vurdering sett i forhold til intensjonane i planen, nyare planar i same område, og ei konkret og reel vurdering av dei faktiske tilhøva i saka vil det kunna vera grunnlag for å gje dispensasjon frå reguleringsføresegnene Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Kvam formannskap, som det faste utval for plansaker, finn at det lovfesta kravet om særlege grunnar i plan- og bygningslova 7 ligg føre. Søknad om dispensasjon for høve til utviding av eksisterande fritidsbustad frå eit bruksareal på 75m² til eit bruksareal på 90 m² utanfor byggjeområde i kommunedelplanen for Kvamskogen, på gnr. 19, bnr. 308 - Mødalsvegen på Kvamskogen vert godkjent med heimel i plan- og bygningslova 7. Klage: Det vert gjort merksam på at vedtak fatta av Kvam formannskap som det faste utval for plansaker kan klagast på til fylkesmannen, jf. 13 fjerde ledd og 15 i plan- og bygningslova, og 28 i forvaltningslova. Klagefrist er tre veker etter at melding om vedtak er motteke, jf. forvaltningslova 29. Klagen skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men sendast til Kvam herad. Dersom tiltak vert sett i verk før klagefristen er gått ut, eller før det føreligg endeleg vedtak etter handsaming av eventuell klage, må tiltakshavar bera kostnadene med eventuell seinare retting av tiltaket. 24.04.2007 Kvam formannskap Røysting: Rådmannen sitt framlegg vart einstemmig vedteke med 9 røyster. FSK-058/07 Vedtak: Kvam formannskap, som det faste utval for plansaker, finn at det lovfesta kravet om særlege grunnar i plan- og bygningslova 7 ligg føre. Søknad om dispensasjon for høve til utviding av eksisterande fritidsbustad frå eit bruksareal på 75m² til eit bruksareal på 90 m² utanfor byggjeområde i kommunedelplanen for Kvamskogen, på gnr. 19, bnr. 308 - Mødalsvegen på Kvamskogen vert godkjent med heimel i plan- og bygningslova 7. Klage: Det vert gjort merksam på at vedtak fatta av Kvam formannskap som det faste utval for plansaker kan klagast på til fylkesmannen, jf. 13 fjerde ledd og 15 i plan- og bygningslova, og 28 i forvaltningslova. Klagefrist er tre veker etter at melding om vedtak er motteke, jf. forvaltningslova 29. Klagen skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men sendast til Kvam herad. Dersom tiltak vert sett i verk før klagefristen er gått ut, eller før det føreligg endeleg vedtak etter handsaming av eventuell klage, må tiltakshavar bera kostnadene med eventuell seinare retting av tiltaket.
Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 06/12988 14.08.2006 Søknad om dispensasjon Tiltakshavar 07/379 11.01.2007 Spørsmål om uttale m/vedlegg Kvam Herad 07/2170 01.02.2007 Uttale frå Fylkesmannen Fylkesmannen i Hordaland For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2006012988&dokid=250870& http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2007000379&dokid=260441& http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2007000379&dokid=260594& http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2007002170&dokid=262240&
Saksopplysningar: Det vert søkt om dispensasjon etter pbl- 7, frå LNF-føremål i Kommunnedelplanen for Kvamskogen godkjent 20.12.1990, sist revidert 1991. Tiltaket gjeld utviding av eksisterande hytte bygd i 1957 på gnr. 19 bnr. 308. Arealet på tilbygget vert 17 m2. Det er opplyst at hytta vil auka bruksareal frå 75,5 m2 til eit bruksareal på 90m2. Bebygd areal er oppgjeve til å bli 100 m2, kontrollrekna kjem vi til 107 m2. Formålet med utvidinga er å få eit tenleg kjøkken.. Eksisterande kjøkken skal nyttast til vaskerom. Hytta er kopla til offentleg vatn og avlaup. Plangrunnlag: Kommunnedelplanen for Kvamskogen godkjent 20.12.1990, sist revidert 1991. Eksisterande hytte på gnr. 19 bnr. 302 ligg i LNF-område. I vest ligg byggjeområde H 22, i nord grensar eigedommen mot ny veg som er laga i kraft av reguleringsplan for Kvinnhovden godkjent i 1996. Deler av eigedommen er her regulert til LNF-føremål. I aust grensar eigedommen mot reguleringsplan for Gnr. 25 bnr. 1 m. fl frå 2003. Eigedommen er på ca 2 mål. Den opprinnelege hytta var bygd i 1957. Hytta har fleire gonger vore bygd på, seinast med eit tilbygg på 13m2 2003. Tilbygg på 13 m2 vart då definert som mindre vesentleg, og dermed i tråd med kommunedelplanen. Reguleringsføresegn for kommunedelplanen seier at det ikkje er høve til ny eller vesentleg utviding av eksisterande fritidsbusetnad utanfor byggjeområda i planen. Utviding frå eit oppgitt bruksareal på 75 m2 til eit bruksareal på 90 m2 bebygdareal frå 90 til 107 m2 - har Kvam herad valt å kalla vesentleg, fordi ein no kjem over ei norm på 90 m2 som og har vore brukt i byggjeområde. Saka vert difor handsama som ei dispensajonsak. Teikningsgrunnlag: - Situasjonsplan - Fasade aust M 1:50 inkl. tilbygg, datert 06.06.2006 - Fasade nord M 1:50 inkl. tilbygg, datert 06.06.2006 - Fasade vest M 1:50 inkl. tilbygg, datert 06.06.2006 - Fasade sør M 1:50 inkl. tilbygg, datert 06.06. Dispensasjonssøknad oppsummering av moment i søknad av 08.08.2006. - Familie hytte frå 1957 - Svært mykje brukt. - Stor hytte med for lite kjøkken. - Stor tomt, på eit av dei eldste hytteområda på Kvamskogen, likevel LNF? - Stor rydding tomt utan gjerde, har alltid sikra god tilkomst for allmenn ferdsel langs elva. - Har gitt areal frå tomta til ny trase for Mødalsvegen. - Låg utnytting av tomt. - Forutan hytte og parkering for to bilar, er resten av arealet tilrettelagt for allmenn ferdsel. - Hytte vil ikkje forandre karakter, er godt tilpassa. - Tilbygg vil ikkje verka inn på den allmenne ferdsla over tomta. - Ingen nabomerknader til tilbygg. - Hytta som var bygd i 1957 høyrer naturleg med til hytteområde H22 i kommunedelplanen. - Det er ingen merknader frå naboer. - Meinar at tilbygg på 17 m2 kan forsvarast innanfor ordlyden om ikkje vesentleg utviding av eksisterande fritidsbustad. - Merknader/uttale frå naboar og andre partar. Det er ikkje kome nabomerknader. Fylkesmannen i Hordaland har 09.01.2007 gitt uttale i saka. Han ser på det som uheldig å dispensere for ei auke i grunnflateavgrensinga utan at ein ser det i ein større samanheng. Han viser elles til skjerpa haldningar til miljøtilpassa fritidsbusetnad. Det er eit nasjonalt mål at fritidsbebyggelse skal utformast med vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk. Han meinar og at det går klart fram av
rundskriv frå departementet at Mulighetene for god tilpassing i terrenget henger nøye sammen med størrelsen på bygningane Fylkesmannen kan ikkje sjå at desse krava vert godt ivareteke gjennom ein i stor grad å dispensera i frå gjeldande planar, istaden for å rullere eller endre planane. Fylkesmannen kan i denne saka ikkje sjå at det vert lagt fram særleg grunn for at det skal kunna gjevast dispensasjon. Fylkesmannen rår difor frå at det vert gjeve dispensasjon. Vurdering: Tilbygget er ei utviding av eksisterande fritidsbustad som er bygd i 1957. Fritidsbustaden ligg mellom Mødalsvegen og elva og ålmenta ser truleg på den som ein del av hytteområde H22 som er ein av dei elste hytteområda på Kvamskogen. Det ser ut som ein i kommunedelplanen for Kvamskogen har brukt LNF-formål til å markere byggjegrense langs Mødalsvegen. Hytta ligg i ein slik sone. I reguleringsplanen for Kvinnhovden er det over det same LNF-området regulert inn ny trase mellom riksvegen og Mødalsvegen. Denne vegen er bygd, og deler av den nye traseen går inn på denne eigedommen. Fritidsbustaden ligg ca 10 m rett aust for Mødalsvegen. Aust for Mødalselva er det i kommunedelplanen vist byggjeområde heilt ned til elva. Området er seinare regulert, og i reguleringsplan for Gnr. 25 bnr. 1 m. fl frå 2003 viser det byggjeområde i omtrent same avstand frå Mødalselva. Dei næraste hyttene i denne planen ligg mindre enn 50 m frå dette tiltaket. Tillatt bebygd areal (BYA) på denne tomta er 180m² pluss uthus/carport på 30m², tomtestorleiken er då kun ca 1300 m². Sør for eigedommen, - framleis i det same byggjeområde, er arealet i same avstand frå Mødalselva brukt som parkeringsplass. Vurdering som talar for dispensasjon: - Hytte har sjølv etter tilbygg, ein nøktern standard, med eit bebygd areal på BYA på 107m². - Hytta som var bygd i 1957 høyrer naturleg med til hytteområde H22 i kommunedelplanen. - Det er ingen merkander frå naboer.. - Meinar at tilbygg på 17 m² kan forsvarast innanfor ordlyden om ikkje vesentleg utviding av eksisterende fritidsbustad ettersom plb.lova definerer tilbygg < 50 m 2 som meldingssaker. (Ikkje vesentleg utviding går og innanfor LNF-område) - Ålmenta vil utifrå eksisterande bygningsmasse, veganlegg og reguleringsplan for Kvinnhovden frå 1996 oppfatte det slik at hytte ligg i planlagt hytteområde. - Hytta ligg på ein LNF-flik ca 30 m brei som truleg har danna byggjegrense mot Mødalsvegen, det er byggjeområde heilt inn til denne på begge sider. Tilbygg endrar ikkje avstand til veg. - Hytta endrar ikkje området sin karakter. Negative konsekvensar: - Dispensasjon er med på å skapa presedens for tilsvarande saker på Kvamskogen. Utifrå ei samla vurdering sett i forhold til intensjonane i planen, praksis ved regulering i området og ei konkret og reel vurdering av dei faktiske tilhøva i saka vil det vera grunnlag for å gje dispensasjon frå reguleringsføresgnene i planen. Ein meiner at det er påvist at dei interessene som kommunedelplanen skal ivareta ikkje vert skadelidande ved at det vert gitt dispensasjon.