Undervisnings- og administrasjonsbygg Universitetet i Stavanger. Tilbygg og nybygg STATSBYGG. Ferdigmelding nr. 653/2006 Prosjektnr.



Like dokumenter
Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

BJORØY SKULE NYBYGG OG OMBYGGING PROSJEKTINFORMASJON

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

FJALER KOMMUNE TILBODSGRUNNLAG FLEKKE SKULE Nytt ventilasjonsanlegg

Reguleringsføresegner

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Sansehage Kleppheimen

BYGGJEPLANAR - KVA ER UNNTATT OG KVA MÅ DU SØKJE OM?

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE skisseprosjekt KOMITÉEN FOR VIDAREUTVIKLING AV OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE.

Vu rd eri n g av Ti n g h u s 2 og Ti n g h u s 3

Ryggrada og Stavnescena

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

FELLESFØRESEGNER 7 Ein bør i størst mogleg utstrekning søkje å taka vare på eksisterande vegetasjon i området.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Rapport om fysisk arbeidsmiljø på Tysnes skule. November 2012

Sett frå sørvest. Sitplan ny 1 : 1000

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Mylnå etter tusenårsskiftet.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Det regulerte område, som er synt på planen med grenseline, er nytta til:

Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

TYSNES BOLIG. Ny og moderne leilegheit i naturskjønne omgjevnader i nytt byggjefelt med nydeleg utsikt over Lundebygda

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Lønnsundersøkinga for 2014

Bakgrunn 1. I sak T-12/13 Haram vgs Utviklingsplan den vedtok fylkestinget følgjande:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Scenario og ny områdeplan i 3D for Knarvik bystruktur og byrom først, deretter bygningane?

Eksamen RHO3102 Reinhaldsfag/Renholdsfag Praksiskandidatar/Praksiskandidater / Lærlingar/Lærlinger. Nynorsk/Bokmål

Aurland kommune Rådmannen

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Brukarrettleiing. For bruk av datamaskin/projektor i undervisningsrom

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Bevaring i magasin - ideelt eller akseptabelt?

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

REGULERINGSFØRESEGN - REGULERINGSPLAN VÅGSMYRAN

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Forslag frå fylkesrådmannen

Læreplan i rørleggjarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

INNEKLIMATILTAK BUDSJETTENDRING 2

Lotteri- og stiftingstilsynet

Informasjon og brukarrettleiing

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /23. 99/4 - Mindre planendring utviding av utnyttingsgrad Eivindbu

REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 33 BNR. 9.

EV. NY UTFYLLING opphaldsareal sandvolley strandpromenade. storsal

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Namning av vegar i Fræna Kommune

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

HØGSKOLEN I HEDMARK NYBYGG

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kunst- og designhøgskolen i Bergen HANDLINGSPLAN FOR FUNKSJONSHEMMA STUDENTAR

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kvalitetsplan mot mobbing

Teamarbeid og teambuilding

Geit i Vekst. Prosjektet si heimeside: Friskare geiter kurs nov. 2010

Transkript:

STATSBYGG Undervisnings- og administrasjonsbygg Universitetet i Stavanger Tilbygg og nybygg Ferdigmelding nr. 65/2006 Prosjektnr. 98011

Statsbygg Statsbygg er statens sentrale rådgjevar i byggje- og eigedomssaker, byggherre, eigedomsforvaltar og eigedomsutviklar. Statsbygg er ei forvaltningsverksemd underlagd Fornyings- og administrasjonsdepartementet og organisert med eit hovudkontor i Oslo og regionkontor i Oslo, Porsgrunn, Bergen, Trondheim og Tromsø. Statsbygg hjelper departement og andre sivile statlege organ når dei har bruk for nye eller endra lokale. Trongen for lokale skal dekkjast på ein kostnadseffektiv måte. Statens samla interesser står over Statsbyggs eigne forretningsinteresser. Med grunnlag i prioriteringane til departementa skal Statsbygg arbeida for å nå politiske mål innanfor miljø, arkitektur, estetikk, nyskapande brukarløysingar og helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassar. Rådgjeving og byggherreverksemd Staten sitt behov for lokale kan dekkjast med leige, kjøp eller nybygg. Statsbygg gjev råd til statlege etatar ved innleige i den private marknaden, eller tilbyr leige i Statsbyggs eigne lokale. I dei tilfella det trengst nybygg, gjev Statsbygg råd til statlege leietakarar når bygga blir reiste i privat regi, og er utøvande byggherre for departementa når staten sjølv skal eiga nybygget. Eigedomsforvaltning Statsbygg forvaltar i alt om lag to millionar kvadratmeter i inn- og utland. Eigedomsmassen omfattar sentrale kontorbygningar, høgskolar, spesialbygningar og nasjonaleigedomar over heile landet, og ambassadar og bustader i utlandet. Statsbygg skal forvalta eigedomar slik at brukarane våre alltid har funksjonelle lokale som stettar behova deira. Statsbygg legg vekt på å ta vare på verdien til bygningane ved hjelp flittig vedlikehald. Samstundes skal Statsbygg ta vare på det kulturelle særpreget og den arkitektoniske verdien til dei historiske bygningane. Utviklingsprosjekt Statsbygg skal arbeida for samordning av statlege interesser innanfor eigedomsutvikling og byplanlegging. Statlege premissar skal avklarast for å sikra eit godt samspel med lokale styresmakter i slike saker. Arbeidet omfattar planlegging for ny bruk av statlege eigedomar som blir fråflytte. For å nå dei miljøpolitiske måla skal Statsbygg arbeida mykje med forsking og utvikling (FoU). FoU-verksemda omfattar òg prosjekt med sikte på å betra gjeldande standardar, forskrifter og regelverk i byggje-, anleggs- og eigedomsbransjen. 2

Historikk Universitetet i Stavanger såg dagens lys 1. januar 2005, men frøet vart sådd nesten 40 år før, då framsynte politikarar i Stavanger sette av 1.200 mål land til universitetsområde på Ullandhaug. Sidan den gongen har ein jamt og trutt bygt verksemder innanfor høgare utdanning på dette området. Dei som låg andre stader, er flytte til Ullandhaug etter kvart som det vart funne pengar til det. Før den store høgskulefusjonen i 1994 hadde ein lærarhøgskule, ein distriktshøgskule, ein ingeniørhøgskule og ein hotellhøgskule funne vegen opp. I fusjonen kom ein meinigheitshøgskule, og ein var mest halvferdig med å byggja ein sosialhøgskule og ein sjukepleiarhøgskule. Alt dette langsiktige arbeidet vart vidareført i Høgskolen i Stavanger, som alt frå fyrste dag hadde klåre mål om vidare vekst og utvikling, med doktorgradsrett og universitetsstatus som viktige mellomstasjonar. Den som vil ha meir verksemd, må òg ha meir plass. Det er ikkje nok å ha 1.200 mål med tufter, ein må òg ha hus til å setja uppå deim, som Ivar Aasen seier. Difor vart det alt i 1996 sett i verk eit større analysearbeid for å klårgjera kva som trongst av areal, både for å driva det som alt fanst av verksemd, og for å koma vidare i utviklinga. Etter eit grundig førearbeid vart behova til institusjonen lagde fram for Utdanningsdepartementet på møte 2. oktober 1997, dokumentert i to meter med permbreidd. Departementet vart då overtydd om at vi hadde eit rettkome krav på areal, men dei tykte nok kravet var stort, sjølv om det var departementet sine eigne normtal som var nytta. Det heile enda med at høgskulen fekk tilsegn om å byggja vel halvdelen av dei rutemetrane dei ynskte seg, nemleg 1.700 rutemeter i staden for 26.000, om dei berre kunne lata sentrale styresmakter i fred etterpå. Høgskulen utarbeidde på grunnlag av dette eit romprogram med to målsetjingar. For det fyrste skulle ein skaffa meir areal til utdanningsverksemda, og dinest skulle ein søkja å trekkja saman eit konglomerat av verksemder som i årevis hadde levt sine skilde liv utan anna sams enn stutt avstand til kvarandre. Å bli ei felles verksemd med medviten leiing og sams mål var fyrste steg, men synleg fellesskap var det vanskelegare å få

til. Ein såg difor på heilskapen i verksemda som grunnlag for arealutvidinga. Det var stor semje om å ha eit signalbygg som skulle liggja sentralt i området, som alle skulle bruka, og som skulle vera sentrum for leiing og kontakt med verda ikring. Det sentrale bygget vi no har fått, tener nett desse føremåla. Arkitektane Halvorsen og Beite løyste oppgåva med samanknyting godt, og heile området har fått eit lyft med god infrastruktur og markante drag i landskapet. Her er vi Statsbygg stor takk skuldige. Dei såg at det å byggja for heilskapen kravde tilpassing òg utanfor nett den trekanta tomta huset står på. I samvirke med oss har dei planlagt og delt på ekstrakostnadene til campusvegar, uteplassar, park og flytting av parkering. Og sjølve bygga vart som tenkte. I toppetasjen i sentralbygget sit styret med visjonar og utsyn i alle retningar gjennom store vindauge og frå takterrassen. Leiinga har gode kår og gode representasjonsrom, stabane sit tett i hop og har opne, gode og korte kommunikasjonsliner. Det er grupperom for alle slag studentar, og på timeplanane i dei store auditoria står førelesingar frå alle tre fakulteta. I underetasjane er det spesialrom for utstyrs- og arealkrevjande fag som drama og journalistikk og fjernsyns- og multimedieproduksjon. Og i nabobygget har alle våre tilsette innanfor lærarutdanning endeleg kome i hus etter 0 år i mellombels husvære av ymse kvalitet. For Universitetet i Stavanger er dette eit stort steg framover, men vi er langt ifrå i mål. Alt no skin nye bygg i horisonten, og dei gamle vert tilpassa den nye tid. I samvirke med Statsbygg og med regionen som støttespelar og pådrivar skal det bli mange ferdigmeldingar i åra som kjem! John B. Møst ressursdirektør Universitetet i Stavanger 4

Gangen i byggjesaka I brev frå Kyrkje-, undervisnings- og forskingsdepartementet (KUF) dagsett 2. februar 1998 og 14. mars 2001 fekk Statsbygg i oppdrag å byggja nytt sentralbygg for Høgskolen i Stavanger no Universitetet i Stavanger (UiS) i tillegg til å utvida bygningen for lærarutdanning. Arbeidet med justert romprogram var basert på byggjeprogram med kostnadsoverslag frå mai 1998 og vart sluttført i september 2000. Arbeidet vart gjort i nært og direkte samarbeid med brukar. Byggjeprogrammet var grunnlaget for ei arkitekttevling i 1998/1999 som vart vunnen av HRTB AS og Stein Halvorsen AS med prosjektet To hus ett anlegg. ferdig til bruk. Sentralbygget stod klart til bruk januar 2006, medan areal for drama og media var ferdige i fyrste kvartal 2006 i samsvar med gjeldande framdriftsplan. Universitetet hadde då møblert areala parallelt. Utbygginga for Universitetet i Stavanger vart levert til avtalt tid og heldt det vedtekne budsjettet. Prosjekteringsgruppe vart kontrahert september 2001. Saman med Universitetet i Stavanger og Statsbygg arbeidde gruppa vidare med vinnarutkastet frå februar 2001, og skisseprosjektet vart godkjent i februar 2002. Skisseprosjektet vart vidareutvikla til forprosjekt av 15. september 2002. Det vart godkjent av kontaktgruppa for vidare prosjektering og tilbodsutlysing. Prosjektet var då innanfor dei areal- og kostnadsrammene som departementet hadde godkjent. Det vart gjort ein ekstern usikkerheitsanalyse i november 2002. Prosjektet vart gjennomført med nokre svært fåe byggherrestyrde sideentreprisar, tilpassa lokal sedvane. Med ei avgjerd om byggherrestyrde entreprisar, vart det i januar 2004 halde ei open tilbodstevling for entreprisar. Konkurranse om byggjeplassadministrasjon/ byggjeleiing vart halden i oktober 200. Byggjearbeida starta med flytting av ei skulestove som låg i vegen for den nye fløya til lærarutdanninga. Grunnarbeida tok til vinteren/våren 2004, like etter vart dei bygningsmessige og andre tekniske entreprisane sette i gang. Under heile byggjeprosessen har Statsbygg samarbeidd nært og godt med brukar. Universitetet fekk overlevert den utvida bygningen for lærarutdanning i august 2005, 5

Bygningsskildring Bakgrunn Utbygginga omfattar to nye bygningar og er ei vidareutvikling av universitetsområdet ved Ullandhaug i Stavanger. Statsbygg heldt hausten 1999 ei open arkitekttevling for eit nytt sentralbygg ved det som då heitte Høgskolen i Stavanger. Oppgåva var å finna den beste staden for eit nytt sentralbygg og koma med løysingsframlegg for sentralbygget og for utviding av den opphavlege bygningen for lærarutdanning. I 2002 vart det utarbeidd ny reguleringsplan for heile området ved Høgskolen i Stavanger. Den nye planen er bygd på vinnarutkastet i arkitekttevlinga. Hovuddraga i den nye planen var å etablera ny tilkomst til området, opparbeida nytt tilkomsttorg og nytt campusområde, og å integrera det nye sentralbygget i dette. Målet har vore å skapa eit oversynleg og velorganisert universitetsområde. Overordna struktur Det nye sentralbygget ligg i knutepunktet mellom det nye campusområdet, den opphavlege diagonalaksen og det nye tilkomsttorget. Bygningen for lærarutdanninga er utvida med ei ny fløy som ligg langs det nye campusstroket i forlenginga av ein av hovudveggene i det nye sentralbygget. Denne løysinga er med på å styrkja det overordna landskapsrommet i campus. Hovudinngangen i sentralbygget vender mot campus og tilkomsttorg i nord og er tydeleg markert i utforminga bygningsmassen. Eit hjørnetårn ved hovudinngangen gjev sentralbygget ein klar signaleffekt i området. Mot sør/vest har sentralbygget ein stor glasvegg langs den opphavlege diagonalaksen. Innanfor veggen ligg den store sentralhallen i bygningen. I aust endar det nye campus opp i ein ny hovudinngang til bygningen med avdeling for lærarutdanning. Utandørsområda Universitetsområdet ved Ullandhaug var tidlegare oppstykkja og mangla ein klår og heilsleg struktur. Med heilskap og oversikt som rettesnor er utandørsområda forvandla til ein samanhengande struktur som knyter 6

dei ulike fakulteta til kvarandre, og som samtidig gjev ein eigen identitet til universitetsområdet og integrerer det nye i omgjevnadene. Hovudelementet som bind området saman, er campusdraget den mange meter breie sentrale avenyen som strekkjer seg frå lærarutdanninga i aust til det nye idrettsbygget i vest. Frå campusdraget kan ein lett orientera seg og ta seg fram til alle delar av universitetsområdet. Campus er òg knytt til ein vrimleplass og Rektors plass innbydande og romslege område som er lagde til rette for sosiale aktivitetar. Materialbruken i utandørsområda er raus, slik at dei ulike elementa kjem til sin rett. Sentralbygget Hovudstruktur Sentralbygget er forma som eit trekanta volum der to bygningskroppar står vinkelrett på kvarandre, medan den tredje sida er ein glasvegg mellom ein stor sentralhall og universitetsparken. I sentralbygget er det eit trekanta sentralrom med fellesfunksjonar og kantine. Sentralrommet er omkransa av to sidefløyer som i 1. etasje inneheld resepsjonsområde og store undervisningsrom. I 2. etasje ligg ei rekkje større og mindre grupperom, og. etasje inneheld kontor for administrasjonen. Over hjørnebygget ved hovudinngangen ligg 4. etasje, med styrerom og fasilitetar for universitetsleiinga. I to underetasjar ligg spesialrom for dramaavdelinga og medieavdelinga i tillegg til eit stort auditorium med 98 plassar. Arkitektonisk uttrykk Sentralbygget skal framstå som ein spesiell bygning, men samtidig vera godt integrert i bygningsmassen ved Universitetet i Stavanger. Hovudstrukturen er ein tydeleg trekant med eit markant hjørnetårn og med ein stor glasvegg i den lengste ytterveggen. Tårnet markerer bygningens posisjon i forhold til campus og tilkomsttorg. Sentralbygget har same posisjon i universitetsområdet som eit rådhus har i ein landsby. Den store glasveggen utgjer skiljet mellom sentralhallen og det opne landskapet mot sør/vest. Frå sentralhallen er det utsikt mot Hafrsfjord. Fasadematerialane er hovudsakleg glas, metall, betong og keramiske fliser. I materialbruken er det forsøkt å skapa ein samanheng med dei andre bygga på universitetsområdet. Trekantforma og den store glasveggen gjev huset ein eigen identitet i heilskapen. Interiør Sentralbygget er kjenneteikna av den store sentralhallen som fungerer som samlingsstad for dei ulike avdelingane i bygningen. Det er direkte kontakt med uteområda gjennom ein markert hovudinngang og tre mindre inngangar. Via trapper, heisar og galleri kan ein nå dei ulike avdelingane i bygningen. Det ligg klasserom og lesesalar ut mot den store glasveggen med utsikt mot landskapet i sør og vest. Kantina ligg terrassert i sentralhallen og formidlar kontakt mellom inngangsplan, nedre plan og uteområdet ved universitetsparken. Frå gallerigangane kjem ein rett inn til sentralhallen og undervisningsromma bak. Material- og fargebruken i interiøra er prega av vekselspel mellom naturmaterialar og lyse veggflater med innslag av klare fargar. 7

Utviding av bygning for lærarutdanning Hovudstruktur Saman med den opphavlege bygningen utgjer den nye fløya ein U-forma bygningskropp. Denne utforminga skaper ei markant avslutning av det nye campusstroket. Den nye bygningskroppen er langstrekt, med kontor i 1. og 2. etasje og avdeling for naturfag i underetasjen. Alle etasjar er bundne saman av eit sentralt trapperom og eit veksthus som er ope gjennom alle plan. Arkitektonisk uttrykk Den nye bygningen for lærarutdanninga er blitt eit integrert og balansert tilskot til den opphavlege bygningen. Det har vore eit mål at tilbygget skal harmonera med den opphavlege bygningen, men samstundes ha innslag av element frå sentralbygget. Materialar som betong og fibersementplater er felles, i tillegg til fargebruk på vindaugsprofilar og silketrykk. Veggen mot campus er ein klår parallell til fasadane i den opphavlege bygningen og til veggene i sentralbygget. Dette er med på å skape eit harmonisk uttrykk i den heilskapen campusdraget utgjer. Mot sør har fasaden same rytme og materialbruk. Saman med den opphavlege bygningen gjev dette eit heilskapleg uttrykk ut mot det store landskapet og nabobygningen i sør. Interiør Bygningen har to reine kontoretasjar med støttefunksjonar og ein underetasje med undervisningsrom for naturfag. I underetasjen er det eit veksthus som er ope opp gjennom etasjane over. Dermed blir det fritt og luftig mellom etasjane samstundes som verksemda i naturfagavdelinga blir synleggjord. Med bruk av opne galleri er det òg skapt ein open atmosfære mellom dei to kontoretasjane. Material- og fargebruken i interiøra er prega av eit vekselspel mellom naturmaterialar og klåre fargar. 8

9

Tegninger: HRTB Arkitekter 10 m Bygning for lærarutdanning Plan U 1 Biologisal 2 Fysikksal Kjemisal 4 Vestibyle 5 Teknisk rom 1 5 4 2 Bygning for lærarutdanning Plan 1 1 Vestibyle 2 Møterom Kontor 2 1 2 10

Bygning for lærarutdanning Plan 2 1 Vestibyle 2 Møterom Kontor 2 1 2 Bygning for lærarutdanning Snitt 11

10 m 1 2 2 2 Sentralbygg Plan U2 1 Teknisk rom 2 Dramasal Auditorium 4 Studio 5 Mediarom 4 6 5 5 5 5 5 2 1 Sentralbygg Plan 1 1 Sentralrom/resepsjon 2 Auditorium Klasserom 4 Lesesal 5 Kantine 4 2 5 2 2 12

4 2 Sentralbygg Plan 2 1 Klasserom 2 Lesesal Grupperom 4 Møterom 1 Sentralbygg Snitt 1

Kunstnarleg utsmykking Utsmykkingsfondet for offentlige bygg har hatt ansvaret for den kunstnarlege utsmykkinga, og budsjettet har vore på 2,6 millionar kroner. Fondet sette ned eit utsmykkingsutval som i desember 200 byrja med å setja seg inn i ideane bak og funksjonane til bygget, som vart førande for prioriteringane til utvalet. Det har vore avgjerande å få tydeleggjort samanhengar og sentralfunksjonar på eit til dels brokete universitetsområde. Utvalget valde difor å konsentrera utsmykkinga til to hovudområde: den nye strukturerande hovudaksen i austvestretning som blir kalla Campusdraget den store hallen i det nye sentralbygget Til begge utsmykkingane vart det bede inn til lukka konkurransar, med fem deltakarar i kvar. Blant dei innbedne var både yngre og meir etablerte kunstnarar, med ulik bakgrunn og ulike innfallsvinklar til det kunstnarlege arbeidet. Campusdraget blir ein viktig transportetappe for alle brukarane av universitetet: studentar, tilsette og gjester. Hovudinngangen til det nye sentralbygget ligg om lag midtvegs på strekninga. Ein premiss for tevlinga var at kunstnarane skulle arbeida med heile løpet frå gangbrua i aust til flagghøgda i vest. Utvalet la ikkje andre føringar på arbeidet. Laila Kongevold vann konkurransen med utkastet Jeg ser. Arbeidet hennar tek utgangspunkt i diktet av Sigbjørn Obstfelder med same tittel. Utdrag frå teksten er attgjevne i blindeskrift på fire utvalde område langs campusdraget: på glasbrua, i bassenget ved hovudinngangen til sentralbygget, på ein spesiallaga spegelvegg og på to stålbenker på flagghøgda. På alle stadene blir teksten tematisert gjennom den visuelle og materielle utforminga av elementa. Til dømes blir røynda spegla gyllen og endevend i linsene som formar orda Her er så underligt! på den oransje spegelveggen. Arbeidet fungerer som eit aktiviserande, energisk og poetisk innslag i nøkterne omgjevnader på Universitetet i Stavanger. 14

Etter ein omkonkurranse vann Terry Nilssen-Love utsmykkinga av sentralhallen med utkastet Nettverk. Arbeidet er ein monumentalkomposisjon av farga kuler i gult, raudt, grønt, blått, kvitt og svart på den store betongveggen i kantinerommet. I tillegg er ein mindre komposisjon montert på ein vegg på ventilasjonssjakta. Kulene er monterte i høve til rutenettet i matriseforskalinga i eit livleg geometrisk spel. Dei farga kulene minner om kartnåler eller lys på ei kontrolltavle. Gjennom dette tematiserer utsmykkinga det maurtuvelivet som institusjonen hyser. At elementa er reduserte til éi grunnform (kula) og dei seks grunnfargane, kan òg lesast metaforisk i lys av historia og grunnaktivitetane til eit universitet: undersøking, læring og utvikling. Sjølv om utsmykkinga ikkje er tidstypisk kanskje tvert om på mange vis verkar ho aktuell og stimulerande. Utvalet tykkjer at det enkle og tilnærma modernistiske i idé og uttrykk i denne samanhengen verkar underleg forfriskande. I tillegg til dei to hovudutsmykkingane har kunstnaren Susanne Christensen fått eit direkteoppdrag for Hulda Garborgs hus. Her har ho vidareutvikla eit tekstbasert veggarbeid ho gjorde for UiS i 2004. Det nye arbeidet har fått tittelen Skriften på veggen. Det består av ord som er støypte tredimensjonalt i betong og monterte rett på vegg, som om dei spring ut av han. Ein kan lesa tekstane som ei skildring av dei fysiske vilkåra som gjeld i trapperommet, men dei kan òg lesast meir abstrakt og i overført tyding peika mot den røynda studentane møter på universitetet og elles i livet. I tillegg til desse oppdraga blir det kjøpt inn nokre andre verk. 15

Byggjeteknikk Konstruksjonssystem Dei fleste konstruksjonane under bakkenivå er stadstøypte konstruksjonar, elles er det prefabrikkerte stål- og betongelement. Konstruksjonar i sentralbygget er laga med prefabrikkerte betongsøyler og betongdragarar med holdekke med spennvidd på 12 m og med 1,5 m utkraging mot fasade. Spennvidd for holdekke til lesesal er 10 m. I det store auditoriet er det montert ein 18 m frittspennande dragar for å få eit søylefritt auditorium. Hovudmengder Til oppføringa av bygningen er det gått med ca.: 500 m prefabrikkerte søyler og dragarar 10.600 m 2 prefabrikkerte dekke.000 m plasstøypt betong 225.000 tonn konstruksjonsstål Grunntilhøve Grunnen er av friskt, uforvitra fjell med lite lausmassar over. Bygningen er fundamentert rett på fjell, og fundamenta er utforma som solar og punktfundament. Grunntrykk i brotgrensetilstand er sett til 2000 kn/m 2. Gruver under ferdig golv er støypte vasstett, og det er lagt dobbelt omfangsdren i tillegg til drenering under bygningen. Det er teke ut ca. 0.000 m fjell i tomta. Laster PA 2001, byggjeteknisk prosjektering og NS 490/91 er lagde til grunn for lastoverslaga for nyttelastene. Nyttelaster varierer mellom og 5 kn/m 2 etter bruksføresetnadene. Biblioteksareal er dimensjonerte for 6,0 kn/m 2. Snø og vindlast er i samsvar med NS479 og NS491. Deformasjonsgrense er sett til maks l/00 eller 25 mm. Toleransar i samsvar med NS420, toleranseklasse 4, golvoverflater toleranseklasse. Sentral- og lærarutdanningsbygget er definert til pålitelegheitsklasse 2. I soner ved trapperom, sjakter og heisar er det nytta stadstøypte konstruksjonar. Tak over atrium/glasgard har fagverksdragarar. Lærarutdanningsbygget er bygt med eit modulsystem som har 9,8 m x 4,8 m holdekke lagt opp på HSQ-dragarar og stålsøyler i ytterfasaden. Til avstiving er det nytta stadstøypte vegger i trapperom og heissjakter og stadstøypt vegg i ytterfasaden. Yttervegger er ikkjeberande vegger kledde med keramiske fliser eller metallplater. Det er sytt for vindavstiving av den store glasfasaden i sentralrommet i form av utvendig stålkonstruksjon som òg fungerer som rømmingsveg og bering for solskjerming. Vegar og plassar Vegar og plassar er prosjekterte i samsvar med Kommunaltekniske normer for Stavanger og Sandnes og det lov- og regelverket som elles gjeld. Ein del leidningsanlegg er lagde om for å få sjølvfall til eksisterande kommunalt leidningsnett. Det er lagt inn nytt leidningsanlegg i campus og kollektivtraseen, med stikkleidning frå sentralbygget til kollektivtraseen. Det opphavlege leidningsanlegget under det nye lærarutdanningsbygget er delvis lagt om med tanke på framtidig tilkomst. 16

VVS-tekniske anlegg Det lagt vekt på at dei VVS-tekniske anlegga skal vera lette å koma til for service og vedlikehald, og at sjaktarealet skal vera minst mogleg. Dette er sikra med optimalisering av teknisk rom alle installasjonane er plasserte i same rom og med horisontal føringssone ut til sjakter i andre delar av bygningen. Tilkomst til teknisk rom i sentralbygget er tilfredsstillande, med tilgang frå korridor i to nivå. I tillegg er det godt mogleg å transportera inn og ut større komponentar via kulvert som er førd til luftavkast. Luke ved bakkenivå kan lyftast opp med kran, og doble dører knyter avkastsjakt saman med teknisk rom. Teknisk rom i bygningen for lærarutdanningen ligg over bakkenivå og har doble dører ut mot det fri og innvendig tilgang frå korridor. Sanitæranlegg Det er nytta sanitæranlegg med god standard, og toaletta er vegghengde. Tappearmaturane er eittgreps og forkromma. Til spesialutrusting er det nytta utstyr i samsvar med brukarspesifikasjonane. Forskriftene krev at full utskifting av røyr skal vera mogleg, difor er det nytta røyr-i-røyr-system der det lèt seg gjera. På grunn av falltilhøve blir det pumpa spillvatn frå nedste underetasje i sentralbygget inn på det offentlege leidningsnettet, medan resten av spillvatnet og overvatn er lagt med sjølvfall. Den delen av spillvatnet som kjem frå kjøken og kantine, er førd ut av sentralbygget i separat leidning via feittutskiljar og deretter inn på anna spillvassnett i eigen kum. Driftsavdelinga ved UiS har signalisert at dei generelt har vanskar med drift av UV-anlegg. Det er nytta konvensjonelt gravitasjonssystem med fall og normale røyrdimensjonar på takavvatninga av bygningen. Sjakter ligg slik i høve til sluk det ikkje blir lange røyrstrekk med fall. Det er nytta varmtvassirkulasjonsleidning på varmt tappevatn på hovudføringar fram til dei ulike tappestadene. Vassvarmarsystemet er laga slik at risikoen for legionella blir minst mogleg. Spesialrom for naturfag i bygningen for lærarutdanning har avlaupssystem som toler korrosivt avlaupsvatn og etsande væsker. Det er installert tryggingsdusj og augnespylar i desse romma. Varmeanlegg Varmeanlegget har tur-/returtemperatur på 45/5 C. Med desse temperaturane blir utnytting av dei fleste energikjelder maksimalt fleksibel samtidig som dei svarer til temperaturar på det opphavlege varmeanlegget. Det blir nytta brennlakkerte radiatorar i standard kvit farge. Radiatorar har på grunn av låg vasstemperatur etter måten store heteflater. Kjølemaskinane som er installerte i bygningane, fungerer òg som varmepumper. Elles er det ikkje installert varmeproduserande utstyr i bygningene. Det er lagt fjernvarmeleidningar mellom dei fleste bygningane på universitetsområdet, og varmeeffekten er henta frå opphavlege installasjonar i dei andre bygningane. Varmeanlegget er mengderegulert med frekvensstyrde pumper. 17

Gassanlegg I avdeling for naturfag i bygningen for lærarutdanning er det spreienett for gass (propan) i kulvert i naturfagromma, med uttak i elevbenker. Gasstank er plassert utandørs. Det finst ikkje gass- og trykkluftsanlegg i sentralbygget. Kjøleanlegg Kjølemaskinar er plasserte i teknisk rom i begge bygningene. Dei er installerte som isvassmaskinar med vassirkulasjon både på kondensatorsida og isvass-sida. Dei er integrerte med ventilasjonsaggregata som varmepumpe. Varmepumpefunksjonen kan brukast til oppvarming av både ventilasjonsluft, tappevatn, golv og radiatoranlegg. Kjølebatteria i aggregata er varmebatteri i den kalde delen av året. Kondensatorbatteri plasserte i avtrekkslufta blir nytta til å fjerna overskotsvarme om sommaren og er attvinningsbatteri i den kalde årstida. Denne varmen blir ved hjelp av varmepumpene tilførd varmeanlegget til radiatoroppvarming og oppvarming av tappevatn, og tilført frisklufta via kjølebatteria (då nytta som varmebatteri). I kontor, auditorium og klasserom er det veggmonterte radiatorar, og i vrimleareal er det golvvarme. Ved den høge glasfasaden i sentralbygget er radiatorar nedfelte i gruve i golvet. Takvarme er nytta i styrerom i 4. etasje i sentralbygget. Brannsløkkingsanlegg Sentralbygget er fullsprinkla, bortsett frå vrimleareal, der det er for stor takhøgd til sprinkling. Bygningen for lærarutdanning er ikkje sprinkla. Datarom og arkiv er utstyrt med Argonite-anlegg. I alle areal er det nok brannslangar. Nybygga og dei fleste andre bygningane på universitetsområdet er samankopla med nærvarmerøyr og ringleidning for kjøling. Dermed kan rom med kontinuerleg trong for kjøling kjølast ved hjelp av kjølemaskinar i laboratoriet i Kjølv Egelands hus når aggregata ikkje er i drift. Det trengst difor ikkje tørrkjølarar i nybygga. Plassering av slike byr alltid på estetiske vanskar, og i tillegg må ein ta lydtekniske omsyn. Samankoplinga gjer òg at bygningen kan tilførast kjøling jamvel om varmepumpene i bygningen er ute av drift, og installert kapasitet i nybygga er 25% mindre enn om bygningane ikkje hadde vore samankopla. Ventilasjonsanlegg Det er lagt opp til rikelige luftmengder i alle areal for å få eit best mogleg inneklima og innemiljø. 18

I sentralbygget, er luftmengdene fordelte over fire identiske aggregat som ligg i det same tekniske rommet. Alle aggregata er kopla til felles samlekasse slik at dei samla forsyner heile bygningen. Det er lagt opp til 60% teknisk samtidigheit i bygningen. Føringssoner i plan 2U er etablerte for føring av kanalar ut i dei ulike delane av bygningen. Kjøkensoner har eige avkast som er ført over tak. I laboratorium er det installert avtrekksskåp, og elevbenker har avtrekksarmar (punktavsug). Dei er integrerte med resten av den behovsstyrde ventileringa av rommet. I bygningen for lærarutdanning er det installert to aggregat. Det eine forsyner etasjen der laboratoria ligg, og det andre forsyner dei to kontoretasjane. Dei fleste aggregata har roterande attvinnar, medan aggregat for laboratorium har batteriattvinnar. Det er installert felles kjøle- og varmebatteri dimensjonert som kjølebatteri. Kondensatorbatteri er installert i avtrekksdelen av aggregata (skildra under kjøleanlegg). Inntaksrist har ein spesiell konstruksjon som gjev svært godt fuktvern. Aggregata forsyner område med både konstant og variabel luftmengd styrt av temperaturfølar, CO2-følar og/eller persondetektor, og difor er det installert frekvensstyrde vifter og motoriserte reguleringsspjeld ute i areala. Vi vil ha full fleksibilitet på driftstider og luftmengder til dei ulike romma, samtidig som sentralisert teknisk rom med alle hovudkomponentar samla gjer vedlikehald og service meir lettvint. Kontorareal og alle ordinære undervisningsareal er baserte på omrøringsventilasjon. I vrimlearealet, som inneheld kantine og areal for studium/grupper, er det nytta ei fortrengingsløysing der tillufta blir tilførd ved golvnivå og i sprang. Lufta blir trekt av att ved tak. Såleis sikrar ein at frisklufta i slike høge lokale kjem fram til opphaldssona, og samtidig vil avtrekkslufta få med seg ein del av den varmeenergien som til tider vil samla seg ved taket i form av ein temperaturgradient i rommet. Det store auditoriet blir òg ventilert diffust, med innblåsing under seta. 19

Elektrotekniske anlegg Generelle anlegg Systemspenninga i bygningen er 20/400 TN-S, og bygningen blir forsynt med straum frå opphavleg nettstasjon i nabobygningen. Nettstasjon er forsterka for å dekkja nybygget òg. Beresystemet omfattar i hovudsak kabelbruer over himlingar og i vertikale sjakter. Som føring for uttak til arbeidsplassar er det dels nytta vertikale nedføringskanalar på vegg og dels horisontale kanalar på fasaden under vindaugo. Jordinga er basert på fundamentjord som jordelektrode. Fordelingssystemet består av hovudfordeling med underfordelingar som er plasserte i eigne rom. Inntak og stigeleidningar er plastisolerte kablar. Lysanlegg Kursopplegg for lys, stikk osv. er basert på pluggbart system. Det er flatkabel i korridorar med avgreiningar til pluggbart kursopplegg til lysarmaturar, stikkontaktar, undersentralar for romregulering o.l. I valet av lysutstyr er det m.a. lagt vekt på funksjonen til rommet, estetiske omsyn, energisparing og vedlikehald. Det er i hovudsak nytta lysrøyrarmaturar med elektronisk forkoplingsutstyr og lysrøyr type T5 (slanke røyr) eller kompaktrøyr. I kontor er det nytta nedhengde armaturar med 70/0% opp-/nedlys. I undervisningsrom er det stort sett nytta innfelte lys, og dei store romma har lysdemping. Vestibyle og kommunikasjonsareal i 1. etasje har downlights. Det er òg nytta downlights i auditoria, med lysdemping styrd av AV-anlegget. I sentralhallen er det nytta store pendelarmaturar med T5- og kompaktrøyr og lysdemping. I tillegg er det nytta vegglamper. Lyset er generelt styrt med persondetektorar i romma. Dei styrer òg varme/kjøling. All lysdemping er basert på digitalt styresystem. Naudlys Leiesystemet består dels av sjølvlysande merkesystem og dels av leielys og gjennomlyste markeringslys. Leiesystem med sjølvlysande merke er nytta utanom tettfolka areal. Det sjølvlysande systemet omfattar ei ca. 50 mm brei stripe på golv på begge sider av korridorane. I trapperom er det nytta sjølvlysande trappenasar. Rømmingsdører er markerte med sjølvlysande skilt over døra og skilt ved dørvridar. Lys i rømmingsvegane er tidsstyrt for å sikre lading av den sjølvlysande markeringa. I sentralhallen og auditoria der det er tett med folk, er det nytta vanleg markerings- og leielys. Det er eit adresserbart anlegg med sentral straumforsyning. Dette anlegget er tilknytt driftssentralen på området. Elvarme Bygningen har vassbasert oppvarming. 20