Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet 28.01.2009 005/09 TRUBUE Avgjerd av: Saksh.: Trude Birknes Buene Arkiv: N-585, JNR- 119/08 Objekt: Arkivsaknr 08/2254 Søknad om dispensasjon frå LNF i høve frådeling på gnr 19 bnr 82 / gnr 21 bnr 29 med føremål tilleggsareal til gnr 19 bnr 835 / gnr 21 bnr 753, Kvamskogen Samandrag: Det er søkt frådeling av ca 2 da frå gnr 19 bnr 82 som tilleggsareal til gnr 19 bnr 835 og ca 3 da frå gnr 21 bnr 29 som tilleggsareal til gnr 21 bnr 753, Leite på Kvamskogen. Omsøkte areal ligg delvis i LNF-område og delvis innanfor eksisterande byggjeområde for hytter i kommunedelplan for Kvamskogen, vedteken 20.12.1990. Utifrå rådmannen si vurdering føreligg det ei overvekt av omsyn som talar for å gje dispensasjon. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kvam nærings-, plan- og bygningsutval som det faste utval for plansaker finn at dei lovfesta krava om særlege grunnar føreligg i saka, jf. 7 i Plan- og bygningslova. Syner til grunngjeving under kap. vurdering. Med heimel i 7 i Plan- og bygningslova vert det difor gitt dispensasjon frå LNF-område i kommunedelplanen for Kvamskogen, vedteken 20.12.1990. Dispensasjonen gjeld ca 2 da frå gnr 19 bnr 82 som tilleggsareal til gnr 19 bnr 835 og ca 3 da frå gnr 21 bnr 29 som tilleggsareal til gnr 21 bnr 753, Kvamskogen. Løyve til omsøkte deling av ca 2 da frå gnr 19 bnr 82 som tilleggsareal til gnr 19 bnr 835 og ca 3 da frå gnr 21 bnr 29 som tilleggsareal til gnr 21 bnr 753 vert gitt med heimel i Plan- og bygningslova 93 h). Klage: Vedtak fatta av Kvam nærings-, plan- og bygningsutval som det faste utval for plansaker kan klagast på til Fylkesmannen i Hordaland, jfr. Plan- og bygningslova 15 og Forvaltningslova 28. Klagen skal sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund. Klagefrist er tre veker etter at melding om vedtak er motteke, jfr. Forvaltningslova 29. Informasjon: - Part i saka har rett til å gjere seg kjent med dokument i saka, jf. Forvaltningslova 18 og 19.
- Vedtak om deling gjeld i 3 år, jf Plan- og bygningslova 96. Med dette følgjer at kartforretning må setjast i verk innan 3 år frå vedtaksdato. 28.01.2009 Nærings-, plan- og bygningsutvalet Utvalet har 11 medlemer Framlegg til vedtak frå Inga Lill Tolo, Ap: Rådmannen sitt framlegg til vedtak Røysting: Framlegg til vedtak frå Inga Lill Tolo, Ap fekk 11 røyster og vart samrøystes vedteke NPB-005/09 Vedtak: Kvam nærings-, plan- og bygningsutval som det faste utval for plansaker finn at dei lovfesta krava om særlege grunnar føreligg i saka, jf. 7 i Plan- og bygningslova. Syner til grunngjeving under kap. vurdering. Med heimel i 7 i Plan- og bygningslova vert det difor gitt dispensasjon frå LNF-område i kommunedelplanen for Kvamskogen, vedteken 20.12.1990. Dispensasjonen gjeld ca 2 da frå gnr 19 bnr 82 som tilleggsareal til gnr 19 bnr 835 og ca 3 da frå gnr 21 bnr 29 som tilleggsareal til gnr 21 bnr 753, Kvamskogen. Løyve til omsøkte deling av ca 2 da frå gnr 19 bnr 82 som tilleggsareal til gnr 19 bnr 835 og ca 3 da frå gnr 21 bnr 29 som tilleggsareal til gnr 21 bnr 753 vert gitt med heimel i Plan- og bygningslova 93 h). Klage: Vedtak fatta av Kvam nærings-, plan- og bygningsutval som det faste utval for plansaker kan klagast på til Fylkesmannen i Hordaland, jfr. Plan- og bygningslova 15 og Forvaltningslova 28. Klagen skal sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund. Klagefrist er tre veker etter at melding om vedtak er motteke, jfr. Forvaltningslova 29. Informasjon: - Part i saka har rett til å gjere seg kjent med dokument i saka, jf. Forvaltningslova 18 og 19. - Vedtak om deling gjeld i 3 år, jf Plan- og bygningslova 96. Med dette følgjer at kartforretning må setjast i verk innan 3 år frå vedtaksdato. Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 08/19558 03.12.08 Søknad om deling Ola Hiis Bergh 08/19735 15.12.08 Dispensasjonssak sendt på høyring Kvam herad Vedlegg: kart som syner omsøkte areal i høve til kommunedelplanen + flyfoto For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her.
Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false
Saksopplysningar: Ola Hiis Bergh søkjer om frådeling på gnr 19 bnr 82 og gnr 21 bnr 29 med føremål tilleggsareal til gnr 19 bnr 835 og gnr 21 bnr 753, Kvamskogen (sjå søknad på JournalID 08/19588). Gnr 19 bnr 82 (tomt 1) ligg delvis i LNF-område og delvis innanfor eksisterande byggjeområde for hytter i kommunedelplan for Kvamskogen, vedteken 20.12.1990. Gnr 21 bnr 29 (tomt 2) ligg i si heilheit i LNF-område. Sjå vedlagte kart. Det aktuelle LNF-området er lagt inn for å ha ein buffer til riksvegen og til skiløype/ferdselskorridor. Ei frådeling av LNF-areal med føremål tilleggsareal til hyttetomt er ikkje i samsvar med LNF-føremålet. Det vert difor søkt om dispensasjon frå gjeldande kommunedelplan. Det føreligg ikkje nabomerknadar til omsøkte tiltak. Tomt 1 er på ca 2 da, medan tomt 2 er på ca 3 da. Tomtene grensar begge til riksvegen og er ikkje bebygde. Gnr 19 bnr 835 og gnr 21 bnr 753 er to fritidseigedomar på ca 1,1 da kvar og vart frådelt gnr 19 bnr 82 og gnr 21 bnr 29 i 2002. Tomtene vart frådelt til to av søkjar sine søner, som har bygd kvar si hytte. Det vert no søkt om frådeling frå gnr 19 bnr 82 og gnr 21 bnr 29 som tilleggsareal til desse fritidseigedomane. Søkjar si hytte ligg på gnr 21 bnr 29. Søkjar grunngjev dispensasjonssøknaden med følgjande: - I forbindelse med pågåande arveskifte ønskjer søkjar å overføre ytterlegare areal til dei to sønene. Denne gang som forskot på arv. - Søkjar må pantsette si eiga hytte og eigedom på Kvamskogen for å skaffe finansiering til aldersbustad på Askøy. For å unngå å stille pant i areala som ønskjast overført til sønene, er det viktig å frådele omsøkte areal. Delingssaka har vore på høyring til Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland si miljøvernavdeling, sjå JournalID 08/19735. Søkjar er orientert om dette. Saka vart sendt på høyring fordi rådmannen utifrå ei samla vurdering finn at det føreligg fleire moment i saka som talar for at det kan vurderast å gje dispensasjon. Vurdering: Omsøkte frådeling er i strid med LNF-føremålet i kommunedelplanen for Kvamskogen, vedteken 20.12.1990. Frådelinga er imidlertid ikkje i strid med område som i kommunedelplanen ligg som eksisterande byggjeområde for hytter. For at det skal kunne gjevast dispensasjon i saka må det føreligge særlege grunnar, jf Planog bygningslova 7. Dette inneber at ingen har krav på å få dispensasjon. Kommunen har ikkje plikt til å gje dispensasjon, sjølv om vilkåret om særlege grunnar synest vere oppfylt. At omsøkte areal vert frådelt ein etablert hytteeigedom med føremål tilleggsareal til 2 andre etablerte hytteeigedomar, inneber ingen reell endring m.o.t. LNF-føremålet i gjeldande kommunedelplan. Dette under føresetnad av at areala berre er eit tilleggsareal til tomtene og ikkje noko bebyggeleg areal. Det er her tale om ei grensearrondering for å organisere grensene mellom tre grunneigarar innanfor same familie. Omsøkte frådeling representerer ikkje noko nytt element i området. Søkjar grunngjev saka si m.a. med at han må pantsette si eiga hytte og eigedom på Kvamskogen for å skaffe finansiering til aldersbustad. For å unngå å stille pant i areala som ønskjast overført til sønene, er det viktig for søkjar å frådele omsøkte areal. Grunngjevinga er av generell karakter, då slike personlege grunnar kan framsetjast i dei fleste delingssøknader.
Utifrå ei påklaga dispensasjonssak handsama av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane den 31.03.06, 2006/166-3/426.1 A, er det omtala følgjande om temaet: Det følgjer av likskapsprinsippet i forvaltningsretten at tilfelle som er faktisk og rettsleg like, som vert handsama samstundes, må vurderast likt. Forskjellshandsaming er likevel i mange tilfelle tillete. Det er til dømes kurant å skjerpe inn praksis så lenge alle seinare vedtak vert handsama likt. Det er også loveleg å gjera forskjell når det syner seg at referansesaka vart uriktig avgjort. Ingen har krav på at tidlegare fei vert reparert. Rådmannen finn at generelle grunnar er eit omsyn som i seg sjølv taler mot å gi dispensasjon, då dei lett skapar presedensverknad. Kommunedelplanen for Kvamskogen er under revisjon, men inntil ny plan føreligg er det kommunedelplanen frå 1990 som er gjeldande. Rådmannen kan ikkje sjå at omsøkte deling vil vanskeleggjere arbeidet med revidering av kommunedelplan for Kvamskogen. Utifrå det ovannemnte finn rådmannen at det føreligg ei overvekt av omsyn som talar for at det kan vurderast å gje dispensasjon i saka.