DETALJREGULERING FOR HYTTER M.V., PÅ GNR. 113 BNR. 8, 21, 34 + DEL AV BNR. 15; TVEITASJØEN I SULDAL KOMMUNE. Plan-ID: 201017 Dato for siste revisjon av planen : Dato for kommunestyret sitt vedtak : 19.03.2013 Desse føresegnene gjeld innafor det området som er vist med plangrense på plankartet datert 20.05. 2011. Planen er ein detaljplan (jfr. pbl 12-3). Planen omfattar desse arealføremåla (pbl 12-5) : 1. Bygningar og anlegg (bustadhus, fritidshus, fritids- og turistføremål, utleigehytter, energianlegg, avløpsanlegg, småbåtanlegg, leikeplass, gardsplass, anna uteopphaldsareal). 2. Samferdslesanlegg og teknisk infrastruktur (køyreveg, gangveg, parkering, avløpsnett) 3. Grønstruktur (grønstruktur, m. gangsti) 5. Landbruks-, natur- og friluftsføremål (skogbruk, friluftsføremål) 6. Sjø- og vassdragsføremål (friluftsområde i sjø). 1 FELLESFØRESEGNER 1.1 Utbyggingsrekkefølgje Det skal ligga føre godkjent plan for vatn- og avlaupsanlegg for bygge-områda før det kan gjevast byggeløyve. Det kan ikkje gjevast ferdigattest eller bruksløyve før va-anlegga er ferdigstilt og godkjent av kommunen. 1.2 Matjordressursar Det skal gjerast greie for handtering av matjordressursar i samband med søknader om rammeløyve. Matjord som evt. blir til overs etter utbygging skal sikrast forsvarleg bruk i nærområdet, primært til jordbruksføremål.
1.3 Energiforsyning Det skal i byggesøknad gjerast greie for kva tiltak som er gjort for å redusera energiforbruket. All ny forsyning av straum o.l. skal førast fram som jordkabel. 1.4 Universell utforming Uteareal og bygningar skal så langt det høver leggast til rette etter prinsippa om universell tilgjengelighet, t.d. ved trinnfri tilkomst. 1.5 Estetikk Ved utbygging skal det leggast vekt på stadtilpassing, god arkitektonisk utforming, materialbruk og fargesetting. Sterk eksponering skal unngåast. Terrenginngrep i samband med nyanlegg skal skje skånsamt, og evt. utbetring av overflater skal utførast på ein god måte. Eksisterande buskar og tre skal i størst mogeleg grad takast vare på. Framtredande materialbruk i evt. støttemurar skal vera naturstein. 1.6 Radon Bustad og hytter skal utformast slik at radonnivå i innelufta ikkje overstig gjeldande tiltaksgrense. 1.7 Støy Miljøverndepartementet sine retningsliner for handsaming av støy i areal-planlegginga, rundskriv T-1442 ligg til grunn for gjennomføring av detaljreguleringsplanen. 1.8 Renovasjon Lagring og handtering av avfall skal skje avskjerma, og hentast på samleplass etter avtale med renovatør. 1.9 Byggeskikk Suldal kommune sin rettleiar i byggeskikk Bygg i Suldal (2007) skal leggjast til grunn når det gjeld utforming, fargeval, taktekking m.v. av nye bygningar i planområdet. Hyttene skal ha mørke jordfargar. 2 BYGNINGAR OG ANLEGG 2.1 Bustadhus Innan bustadparsellen kan det førast opp frittliggande bustadhus plassert som retningsgjevande vist på plankartet. Bustaden skal utformast slik at den høver på staden, både i seg sjølv og i høve til øvrige bygningsmiljø. Maks. tillaten mønehøgde er 6,5 m over gjennomsnittleg terreng.
Det kan etablerast inn til 25 m² terrasse, med mindre enn 0,5m høgde over terreng (d.e. ikkje målbart bruksareal etter NS 3940). 2.2 Fritidshus / hytter Innan kvar parsell kan det førast opp frittliggande hytte plassert som vist på plankartet. Maks. bruksareal pr. hytte målt etter NS 3940 er 75 m² (BRA). Det kan etablerast inn til 15 m² terrasse, med mindre enn 0,5m høgde over terreng (d.e. ikkje målbart bruksareal etter NS 3940). Hyttene skal høve på staden, både i seg sjølv og i høve til øvrige bygningsmiljø. Maks. tillaten mønehøgde er 5,5 m over gjennomsnittleg terreng. Iflg. Kommuneplan 2009-20 ligg tomt 13-15 i ytterkant av støysona frå Berakvam. Tiltakshavar må her vurdere evt. trong for bygningsmessige tiltak. 2.3 Utleigehytter Innan kvar parsell kan det førast opp frittliggande hytte plassert som vist på plankartet. Maks. bruksareal pr. hytte målt etter NS 3940 er 75 m² (BRA). Det kan etablerast inn til 15 m² terrasse, med mindre enn 0,5m høgde over terreng (d.e. ikkje målbart bruksareal etter NS 3940). Hyttene skal høve på staden, både i seg sjølv og i høve til øvrige bygningsmiljø. Maks. tillaten mønehøgde er 5,5 m over gjennomsnittleg terreng. 2.4 Fritids- og turistføremål På grunnmuren etter tidlegare driftsbygning er det høve til gjenoppføring, oppgradering og omdisponering av bygningen til kurs- og aktivitetslokale. 2.5 Energianlegg Omfattar tomtealternativ for ny trafo / nettstasjon. 2.6 Avløpsanlegg Område under bakkenivå for felles slamavskiljar (jfr. eigen avløpsplan). 2.7 Småbåtanlegg Småbåtanlegg i sjø med tilhøyrande strandsone og brygge / molo. Mindre område med brygge foran eldre naust, samt område for utvida båthamn med 18 faste og 3 gjesteplassar. Til svaberget langs nordaustre land kan det etablerast utkraga trebrygge med underkonstruksjon av stål. Frå denne brygga - i sørvestleg og vestleg retning ny molo med ordna steinfylling, evt. flytebrygger av betong, for skjerming av båthamna.
Tiltaket treng godkjenning både frå hamnestyresmakta og kommunen. 2.8 Uthus / naust I tilknyting til gardstunet er 3 eldre uthus og 2 etablerte naust regulert med eksisterande plassering og utforming. Planen har med 2 nye uthus: a) Sør om gardstunet - ovanom det eldre naustet - kan det reisast uthus / felles sjøbu (for sjøretta utstyr, 3m² pr. hytteeining), plassert iht. plankartet. Bygningen med inntil 50 m² grunnflate (BYA) kan ha under- og loftsetasje, og ha inn til 6,0m mønehøgde. b) Vis à vis parkeringsplassen nordaust i planområdet, kan det reisast uthus/ båthus for vinteropplag, plassert slik vist på plankartet. Bygningen - med inn til 80 m² grunnflate (BYA) - skal byggast i ein etasje, og kan ha mønehøgde inn til 6,0m. 2.9 Leikeplass To område er sett av til leike- og aktivitetsområde. 2.10 Gardsplass Avgrensa del av gardstunet, med eldre våningshus og tilliggande uthus. 2.11 Anna uteopphaldsareal Uteområde ved kurs- og aktivitetslokalet. 3 SAMFERDSLEANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR 3.1 Køyreveg (Jfr. òg 7 Omsynssoner, pkt. 7.1) Omfattar avkøyrsle / kryss med kommunal veg til Tveitasjøen og del av privat veg over bnr. 14, samt eksisterande og nye vegar innan planområdet: - eksisterande veg over bnr. 14 har varierande breidde. - eksisterande veg på bnr. 15 og nye tilkomstvegar fram til felles parkering og snuplass for hytteparsellane; veg med 4,0m regulert breidde, d.e.: 2,5 m køyrebane + skulder. 3.2 Gangveg Omfattar gangvegar, køyrbare for nyttekøyring; - eksisterande og nye gangvegar innan planområdet; veg med 2,5 m regulert breidde, d.e. 2,0 m banebreidde. 3.3 Parkeringsplassar
Utleigehytter og hytteområda har felles parkeringsplassar med snuplassar for personbil. Parkeringsnorm er 1,5 plass pr. eining + gjesteplasser. Parkering kan skje på parsellane der tilhøva ligg til rette for det. 3.4 Avløpsnett Omfattar trasè for avløpsleidning frå felles slamavskiljar til utslepp i sjøen. 4 GRØNSTRUKTUR 4.1 Grønstruktur Trasèar innan planområdet for ferdsel, evt. kombinert med tekniske anlegg. Terrenginngrep i samband med va-nett og kabling skal utførast nennsomt, og sprenging skal unngåast der det er mulig. Det kan elles utførast enkle tilretteleggingstiltak for gangstiar, kvileplassar o.l. 5 LANDBRUKS-, NATUR- OG FRILUFTSFØREMÅL 5.1 Skogbruk Område for busk- / treproduksjon, t.d. juletreproduksjon. 5.2 Friluftsføremål Natur- og kulturområde, i hovudsak med låg grad av tilrettelegging. Enkle tilretteleggingstiltak for gangstiar, utsikts- / kvileplassar o.l. kan utførast, og nærare avgrensa område kan leggast til rette som aktivitets- og opphaldsområde etter eigen grøntplan godkjent av kommunen. Innan områda kan grunneigar driva plukkhogst, men ikkje flatehogst. 6 SJØ- OG VASSDRAGSFØREMÅL 6.1 Evt. tiltak i sjøen som kjem inn under havne- og farvannsloven skal godkjennast av hamnestyresmakta. 6.2 Friluftsområde i sjø Mindre område sett av som friluftsområde i sjø. 7 OMSYNSSONER 7.1 Frisiktsone ved vegkryss og avkøyrsler (jfr. u. 3, u.pkt. 3.1) Innan frisiktsona skal det vera fri sikt frå 0,5 m over tilstøytande vegbanar.
7.2 Steingardar Eksisterande steingardar innan planområdet skal sikrast og takast vare på som kulturminne. Kon-Sul AS 20.05. 2011. Per Fremmersvik. Revidert 24.01.2013 Rune Roalkvam