Bjørnafjorden kommune Saksbehandlar: Lasse Klæboe Kristensen Arkivkode: 20170500L13 Arkivsaksnr.: 20/4532 JournalpostID: 21/68724 Saksnr: Utval: Dato: 13/2022 Plan-, bygg- og miljøutvalet 02.02.2022 Klagebehandling for vedteken detaljregulering av Drangsneset 21/3 Plan-, bygg- og miljøutvalet stadfestar vedtak gjort av Bjørnafjorden kommunestyre for detaljreguleringsplan for Drangsneset, datert 23.09.2021. Saka har planid: 20170500. Utvalet meiner vurderinga av planendringane var tilstrekkeleg opplyst og rett vurdert. Det har ikkje kome fram nye opplysningar i klagen som endrar dei vurderingane som kommunestyret har gjort i vedtaket. Grunngjevinga for vedtaket går fram av saksframlegget. Vedtaket er gjort med heimel i forvaltningslova (fvl.) 33. Klagen vert sendt til statsforvaltaren for behandling. Os, den 30.11.2021 Christian Fredrik Fotland Kommunedirektør
Behandling: Kommunedirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Plan-, bygg- og miljøutvalet 02.02.2022, Sak 13/2022 -Vedtak: Plan-, bygg- og miljøutvalet stadfestar vedtak gjort av Bjørnafjorden kommunestyre for detaljreguleringsplan for Drangsneset, datert 23.09.2021. Saka har planid: 20170500. Utvalet meiner vurderinga av planendringane var tilstrekkeleg opplyst og rett vurdert. Det har ikkje kome fram nye opplysningar i klagen som endrar dei vurderingane som kommunestyret har gjort i vedtaket. Grunngjevinga for vedtaket går fram av saksframlegget. Vedtaket er gjort med heimel i forvaltningslova (fvl.) 33. Klagen vert sendt til statsforvaltaren for behandling. Vedlegg E-post Klage frå André Vollan og Nils Einar Drange Plankart - Drange 21/3 - Rev. 15.04.2021, vedteke Føresegner Drangsneset 21/3-07.05.2021 2. gangsbehandling av detaljregulering for Drangsneset, 21/3 Planomtale - Rev.15.04.2021 VA-rammeplan Drange GH01, rev 2 GH02, rev 1 GH03, rev 2 GH04, rev 2 GH05, rev 1 OV-berekningar Drange Samandrag av saka: Saka gjeld klage på vedtatt detaljreguleringsplan for Drangsneset, 21/3. Vedtak blei gjort av kommunestyret i møte den 23.09.2021, sak 108/2021. Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for å etablere bustader, friluftsområde, leikeplass og anna uteopphaldsareal, samt tilhøyrande infrastruktur. Planområdet er regulert til bustadsføremål i gjeldande arealdel av kommuneplan. I forslag til ny kommuneplan er arealføremålet «bustadbebyggelse» foreslått vidareført. Planvedtaket blei kunngjort på kommunens heimeside, og via brev til naboar og offentlege instansar. Frist for å klage på vedtaket var 18.10.2021. Innen klagefristen mottok kommunen fire merknader som vert vurdert til å angå forhald som gjekk på på gjennomføring av tiltaket, og vert difor ikkje å oppfatta som ein klage på vedteken planmateriale. Personane som sendte inn merknad ment som klage fikk ei veke utsatt frist til å komme med klagebrev. Ny dato for adgang til klage vert då 03.11.2021. I same orienteringsskriv fikk mottakarane tilbod om veiledning til korleis formalkrav som stillast til klagebrev, og elles kome med spørsmål til saksbehandlar knytt til saka. Ingen nytta seg av dette.
Det kom inn en klage etter utsatt klagefrist. André Vollan og Nils Einar Drange har klaga på vedtaket. Vollan og Drange er part og har rett til å klage, jf. forvaltningslova 28, jf. 2 e, jf. plan- og bygningslova 1-9. Klagen er rettidig innkomme, og skal difor behandlast. Klagarane er av den oppfatning om at det er usikkerheit rundt utbygginga og tilsig til borehol som i dag forsyna Drangsneset 45 og 49 med vatn. Dei ber om at det leggjast fram ein plan eller garanti for at naudsynte tiltak vert tatt for å ikkje forringe tilsig og vasskvalitet i borehol, og eventuelt reparerande tiltak ved forringa tilsig eller kvalitet som følgje av utbygginga. Forslagsstillar har fått klagen til uttale og svarar med at ved eventuell forureining/endra vassforsyning/endra vasskvalitet som følgje av anleggsarbeid/utbygging er dette omsyn som vert dekka av drikkevassforskrifta og grannelova. Det er same svar som deira kommentar til merknad ved opprinneleg klagefrist. Plan-, bygg- og miljøutvalet kan stadfeste, gjere om, eller oppheve vedtaket i saka jf. fvl. 33. Dersom vedtaket vert opprettholdt skal saka sendast Statsforvaltaren i Vestland for endeleg behandling, jf. plan- og bygningslova 1-9 femte ledd, og rundskriv T-2/09 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Plan- bygg- og miljøutvalet kan oppheve vedtaket dersom dei finn at det er feil ved saksbehandlinga som kan ha virka inn på vedtaket, og som ikkje lar seg rette ved klagebehandlinga. Desse må i så fall rettast før det kan gjerast eit nytt vedtak. Dette kan til dømes vere at utvalet meiner saka ikkje er godt nok opplyst, at prosesskrava i plan- og bygningslova ikkje er følgt, eller at vedtaket er gjort av feil myndigheit. Saka må då handsamast på nytt, med eit nytt vedtak som partane kan klage på. Dersom utvalet vurderer at vedtaket bør endrast skal saka sendast vidare til kommunestyret for endeleg vedtak, jf. pbl. 12-12. Administrasjonen vurdere at klagen gjeld forhald som var kjend då saka blei behandla, og forhold som ikkje har eller kunne ha virka inn på vedtaket. Kommunedirektøren rår til å stadfeste vedtaket. Konsekvensar av saka/vedtaket: Økonomi: Ingen konsekvens. Klima: Ingen konsekvens. Folkehelse: Ingen konsekvens. Saksframlegg: Saka gjeld klage på vedtatt detaljreguleringsplan for Drangsneset, 21/3. Vedtak blei gjort av kommunestyret i møte den 23.09.2021, sak 108/2021. Detaljreguleringa legg til rette for bustadetablering i tråd med kommuneplanens arealdel. Bildet nedanfor viser plankartet for detaljreguleringa, og arealføremålet for området i kommuneplanens arealdel:
Figur 1: Kartutklipp av detaljreguleringsplan for Drangsneset og arealføremål i KPA Klagen er rettidig. André Vollan og Nils Einar Drange er part og har rett til å klage, jf. forvaltningslova 28, jf. 2 e, jf. plan- og bygningslova 1-9. Politisk behandling Saka skal avgjerast i plan-, bygg- og miljøutvalet. Utvalet kan stadfeste, gjere om, eller oppheve vedtaket i saka jf. fvl. 33. Dersom vedtaket vert opprettholdt skal saka sendast Statsforvaltaren i Vestland for endeleg behandling, jf. plan- og bygningslova 1-9 femte ledd, og rundskriv T-2/09 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Utvalet kan oppheve vedtaket dersom dei finn at det er feil ved saksbehandlinga som kan ha virka inn på vedtaket, og som ikkje lar seg rette ved klagebehandlinga. Desse må i så fall rettast før det kan gjerast eit nytt vedtak. Dette kan til dømes vere at utvalet meiner saka ikkje er godt nok opplyst, at prosesskrava i plan- og bygningslova ikkje er følgt, eller at vedtaket er gjort av feil myndigheit. Saka må då handsamast på nytt, med eit nytt vedtak som partane kan klage på. Dersom utvalet vurderer at vedtaket bør endrast skal saka sendast vidare til kommunestyret for endeleg vedtak, jf. pbl. 12-12. Sakshistorikk Planområdet er lokalisert ca. 10 km i nordvestlig retning frå Os sentrum, på Drange. Arealføremålet i tilknytning til planområdet er i gjeldande KPA avsett til bustad. Det same arealføremålet er videreført i forslag til ny KDPA for Bjørnafjorden Vest. Plan- og bygningsutvalet vedtok å stanse planinitiativet i møte den 04.06.2020, sak 136/2020. Forslagsstillar ba kommunestyret om ny vurdering av saka. Kommunestyret vedtok i møte den 16.06.2020, sak 92/2020, å leggja planforslaget ut til høyring og offentleg ettersyn. Til 2. gangsbehandling av detaljreguleringa vedtok plan- og bygningsutvalet i møte den 01.09.2021, sak 88/2021, på ny å avvise planforslaget for Drangsneset. Dette mellom anna med grunnlag i framtidige investeringsbehov for infrastruktur som til dømes trafikksikring, veganlegg, vatn og avlaup. Kommunestyret vedtok i møte den 23.09.2021, sak 41/2021, framlegg til detaljregulering for Drangsneset, 21/3 med plankart datert 15.04.2021 og føresegn datert 18.08.2021. Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan kan klagast på, jf. pbl. 12-12, tredje avsnitt, jf. 1-9, jf. fvl. 28.
Klage André Vollan og Nils Einar Drange er part i saka og har rett til å klage, jf. fvl. 28, jf. 2 e, jf. pbl. 1-9. Klagen kom inn 03.11.2021, og er såleis rettidig, jf. fvl. 29. Klagefristen gjekk ut 03.11.2021. Klagarane er av den oppfatning om at det er usikkerheit rundt utbygginga og tilsig til borehol som i dag forsyna Drangsneset 45 og 49 med vatn, og ønskjar forpliktelse på gitte betingelser. Dei skriv: Som det går fram av plankonsulents kommentar til klagen er eventuell forureining eller endring i vassforsyning og vasskvalitet som følgje av anleggsarbeid og utbygging omsyn som vert dekka av drikkevassforskrifta og grannelova. Kommentar frå plankonsulent til brev forstått som merknad ved opprinneleg klagefrist:
Drikkevassforskrifa 4 er til dømes tydeleg på at det er forbudt å forurense drikkevann, og at forbudet omfatter alle aktivitetar, frå vanntilsigsområdet til tappepunktane, som medfører fare for at drikkevannet blir forurenset. 2 i grannelova understreker at ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe på granneeigedom. Inn under ulempe går òg at noko må reknast for farleg. Samstundes sikrar 2.4. i planens eiga føresegn at detaljert teknisk plan for tiltak knytt til offentleg veggrunn, inklusiv m.a. drikkevassforsyning, vert godkjent av Bjørnafjorden kommune før etablering av offentleg veggrunn. Klagarane hadde ikkje merknad til saka ved 1. gangsbehandling i 2019 der det til dømes framgikk at vassforsyningsanlegg, avlaupsanlegg og overvassanlegg skulle vere ferdig opparbeidd i samsvar med VA rammeplan. Om klagar skal koblast på offentleg vatn eller fortsette med privat løysning har ikkje planen tatt stilling til. Dette vil inngå i detaljprosjektering og utvikling av prosjektet etter planen. Reglane i drikkevassforskrifta 4 vil uansett gjelde. Administrasjonen meiner difor at det ikkje er gjort feil ved behandling av saka, og at interessane til klagar er tilstrekkeleg ivaretatt gjennom drikkevassforskrifta, grannelova og reglane om skadebot. Klage ligg vedlagt. Konklusjon Administrasjonen vurderer at opplysningane om boreholet ikkje kan ha virka inn på vedtaket som ble gjort i kommunestyret da kommunestyret vedtok planen. Dei krav som klagar stiller til detaljopplysingar kring løysing og konsekvens for deira drikkevatn er ivaretatt gjennom føresegn 2.4. Partane har fått varsel om plangrep og omfang i samsvar med krava i planog bygningsloven og dei formelle krava til prosess og vedtak er følgt. Det er dirfor ikkje gjort saksbehandlingsfeil i planprosessen. Kommunedirektøren rår plan-, bygg- og miljøutvalet til å sende klagen frå André Vollan og Nils Einar Drange til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg behandling. Os, den 30.11.2021 Lasse Klæboe Kristensen Arealplanleggar