Sveio kommune. Sakspapir



Like dokumenter
HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa kommune. Høyring av fellesdelen

Statsråden. Deres ref Vår ref Dato

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov ved prosjektleiar Tore Bjelland

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Statlig planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen

Strandsona i ny PBL. Eva Katrine Ritland Taule Opplæring ny plan- og bygningslov, Plandelen Terminus, 27. mai 2009

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Arkiv FE-140. Kommuneplan Samfunnsdel - Offentleg ettersyn

Granvin herad Sakspapir

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Retningslinjer for strandsonen

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Strandsoneforvaltning

Tysnes kommune - Hordaland - motsegn til områderegulering for Våge sentrum - vedtak

Kvam herad. Arkiv: N-634 Objekt: Uttale frå Kvam herad i samband med søknad om ny lokalitet for oppdrett av matfisk av laks og aure ved Tveitnes

Interkommunalt pilotprosjekt med utvikling av planverktøy til bruk i kommuneplanlegging ved prosjektleiar Tore Bjelland på Plankonferansen i

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Stekka hyttefelt, gnr 32 bnr 176 mfl Sætveithagen, Jondal kommune

EID KOMMUNE Møtebok. Objekt: Postlov og postforskrift - høyringsuttale frå Eid kommune

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 ASFL

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 BJFR Giske kommunestyre

Fedje kommune. Sakspapir. Reguleringsplan Rognsvåg. Idar Tangen. Vedlegg: Saksutgreiing: Forslag til vedtak: Kommunestyret - 009/14.

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /05 RUVI

Linda Nyvoll Antonsen

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

SAKSPAPIR. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet /12 ANSA Kommunestyret

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Vår ref. 2008/ BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kvam herad. Søknad om løyve til tiltak på gnr. 136 bnr. 7, Dysvik. Flytebryggjer. Søknad om disp. frå LNF-føremålet og pbl. 17-2

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Tilleggsinnkalling Kommunestyret

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /06 RUVI

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutvalet for Teknisk og Næring /09. Saka vert avgjort av: Det faste utval for plansaker

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Kvam herad. Utegruppe /naturavdeling ved Tolomarka barnehage og Sjydnahaugen barnehage. Arkiv: N-211 Objekt: Avgjerd av: Saksh.: Mali Grete N.

GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 09:00. Gloppen kommune 17.

Inntekt i jordbruket 2013

Saksgang: Møtedato: Saknr.: Utbyggingsutvalet /09. Objekt: HØYRINGSDOKUMENT - STATLEGE RETNINGSLINER FOR STRANDSONEFORVALTNING.

Ny strandsonerettleiar for Hordaland. Plannettverk 30. mai 2013 Eva Katrine Ritland Taule

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 BJVI

Vurdering av utkast til Regional plan for Hardangervidda Oppdrag: Mulighetenes plan. KV: Fokus på plantema og medverknad i planprosessen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Kvam herad. Objekt: Søknad om tilskot og lån til idrettsanlegg i Kvam - kunstgrasbanen på Sandven og Strandebarm Idrettspark

Kvam herad. Samandrag: Denne saka gjeld tre moment i samband med årsavslutning for 2003.

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Kommunedelplan for oppvekst

Motsegn til reguleringsplan for Rv. 49 Vikøy Nordheimsund Vikøyevjo i Kvam Herad

2016/ Særutskrift - 189/13 - naust og utlegging av flytebrygge - Halsnøy Kloster - Paul Karsten Sjo

LEIRFJORD KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Rolf Inge Martnes Arkiv: GBNR 101/023 Arkivsaksnr.: 12/ Klageadgang: Ja

Kvam herad. Arkiv: N-102 Objekt:

Møteprotokoll for Utval for plan og byggesaker

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Roger Nedreklepp Arkivsak: 2014/1591 Løpenr.: 9649/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Landbruksnemnda

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

Forvaltning av strandsonen langs sjøen. - Hva skjer i Lofoten?

Forvaltning av strandsonen langs sjøen. - Har kommunene på Sør-Helgeland kontroll med utviklingen?

Vedlagt følger saksutgreiing og vedtak i levekårutval og formannskap i denne saka.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

Vår ref. 2011/ Særutskrift - Dispensasjon frå kommunedelplanen - 131/6 - Uskedalen - Gunnar og Edit Kjærland

Vår ref. 2010/ Særutskrift - BS - 151/15 - bustadhus - Sunde - Gaute Våge

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Saksnr Utval Type Dato 006/18 Heradsstyret PS

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073

REGIONALPLAN FOR SJØAREAL HAVBRUK

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato Ref.nr MDIR 2016/ / Tore Gjul

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Tokke kommune. Vedlegg statistikk og analyse, kommuneplanens samfunnsdel

Dykkar ref.: Vår ref.: 08/ /08/12375 Arkiv: N Dato: 2. desember 2008

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

GBNR. 12/ KLAGE PÅ AVSLAG PÅ DISPENSASJON FOR OPPFØRING AV TOMANNSBOLIG

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Transkript:

Sveio kommune Sakspapir SAKSGANG Behandling Møtedato Saksnr Saksbehandler Hovudutval teknisk/næring 31.08.2009 056/09 BJH Formannskapet 07.09.2009 047/09 BJH Avgjerd av: Saksansv.: Bjarne Hetlesæter Arkiv: N-501 Objekt: Arkivsaknr 09/733 FORSLAG TIL STATLIGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONEN LANGS SJØEN - HØYRING Rådmannen 19.08.2009: Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 29.06.2009 Miljøverndepartementet HØYRING - FORSLAG TIL STATLIGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONEN LANGS SJØEN Saksorientering: Saka blir ettersendt grunna felles uttale frå kommunane i Sunnhordland. ************ Rådmannen 24.08.2009: Prenta vedlegg: Miljøverndepartementet: Høring forslag til statlige planretningslinjer for differensiert forvaltninga av strandsonen langs sjøen, datert 29.06.2009 Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Strandsonestrategi for Sunnhordland Rikspolitiske retningslinjer for planlegging i kyst- og sjøområder i Oslofjordregionen av 9. Juli 1993

Saksorientering: Miljøverndepartementet sendte i skriv 29.juni 2009 ut forslag til statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen til høyring i m.a. kommunane. Fristen for å gje uttale til forslaget er sett til 4.september 2009. Det ein ønskjer å oppnå med retningslinene er å hindra uheldig bygging i 100-metersbeltet langs sjøen, samstundes som det gjennom planlegginga skal leggjast til rette for ei berekraftig lokal utvikling bygd på dei ulike natur- og kulturgjevne forholda langs kysten. Det vert difor noko ulike retningsliner for sentrale områder der presset på areal er stort, og for områder med mindre press på areal. Bakgrunn for at det vert foreslått statlege planretningsliner for strandsona er at det i ny planog bygningslov (plandelen) av 27. juni 2008 nr. 71 også er fastsett nye regler om strandsona. Ved behandling av lova blei det og føresett at det skulle utarbeidast statlege planretningsliner for ein differensiert strandsonepolitikk. I retningslinene pkt. 4.2 vert det føreslått at gjeldande Rikspolitiske retningslinjer for planlegging i kyst- og sjøområder i Oslofjordregionen av 9. Juli 1993 (vedlagt) fortsett skal gjelda for kysten i Østfold, Oslo, Akershus. Buskerud, Vestfold og Telemark. I pkt. 4.3 vert det føreslått at prinsippa i retningslinene for Oslofjordregionen også skal brukast tilsvarande for kysten i Aust-Agder og Vest-Agder og delar av kysten i Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal, Sør-Trønderlag og Nord-Trønderlag, men avgrensa til 100-metersbeltet på land. Vurderinga av kva for kommunar som er omfatta av dei ulike delane av retningslinene er basert på omgrepet sentralitet, dvs. basert på ei vurdering av kor den einskilde kommune ligg plassert i forhold til større byar. Av sunnhordlandskommunane er det berre Etne som ikkje er plassert i det området som vert føreslege behandla på same måte som kommunane i Oslofjordregionen. Den konkrete vurderinga av områdeavgrensing er det Miljøverndepartementet som står for, men som det også står i høyringsbrevet at det i avgrensinga også er lagt vekt på vurderingar gjort av fylkesmenn og fylkeskommunar, ut frå erfaringar ved handsaming av saker om bygging i strandsona. Miljøverndepartementet ber spesielt om at det i høyringa vert gjeve synspunkt på det føreslegne geografiske avgrensinga og om bidrag til auka kunnskapsgrunnlag om strandsona som ev. kan påverka innhaldet i retningslinene. Sveio kommune: Sveio har om lag 300 km kystline. Langs kysten av kommunen er det mange lange, urørde strekningar. Dette pregar Sveio sett frå sjøsida. Mange av dei urørde strekningane ligg vêrhardt til. I mange vågar er det frå gamalt av naust, ein del bustadhus og lokal næring. I kystsona lenger inne er det gardsbruk, bustader og hytter. På dei fleste av desse stadene er busetnaden spreidd. I fleire grender, og i indre deler av Ålfjorden er det bygd tett til sjøen. Utviklinga i kommunen går i stadig større grad mot ei sentralisering, der aktiviteten er størst i Sveio sentrum og i Ekrene-området (ved fylkes-/kommunegrensa mot Haugesund). Denne trenden ser ut til å halda fram. Utmarkområda og strendene blir i framtida endå viktigare for rekreasjon og friluftsliv. Det er difor naudsynt å sikra nok areal til slike føremål. For å styrka lokalmiljøa er det likevel nødvendig å leggja opp til attraktive buområde mot sjø der det er

bygningar frå før. Sveio kommune meiner at ved å sikra stort nok framtidig attraktiv areal for allmenta, kan område der det i dag er bygningar fortettast. Busetnadsmønsteret i regionen er knytt til tre områder; mange mindre tettstader, i viss grad spreidd busetnad og ikkje minst til sjøen. Med Sveio sin lange kystline vil, sjølv med ei fortetting av bygningar i strandsona, kommunen ha store nok område til friluftsaktivitetar og rekreasjon på sjø og land både for kommunen sine eigne innbyggjarar og for heile regionen. Sveio kommune meinar at auka trivsel i nærmiljøet er eit satsingsområde og i dette ligg at det er viktig å sikra både friareal og fri ferdsel langs sjøen i nærleiken av der det er busetnad. Å sikra tilgong til sjø og tilgjengelege nausttomter eller båtplassar vil vera ein viktig faktor for å busetja seg i Sveio. Difor meiner Sveio kommune at ein må kunna tillate kontrollert utbygging i form av overordna planlegging og fortetta der det er bygningar frå før, å få til ei naturleg tilpassing av ny utbygging til natur, landskap og omgjevnader. I framtida må ein ha fokus på gjengroing av landarealet og konflikt om bruken av strandsona og sjøareala. Der det er aktiv landbruksdrift og det er god bonitet, må landbruksarealet sikrast. Mellom utbyggingsområde og utmarks- og strandarealet må allmenta vera sikra tilkomst til gode rekreasjonsområde m.a. gjennom tilstrekkelege korridorar. Føremålet med overordna planlegging på lokal nivå er å få god styring med bruken av landarealet i strandsona og på sjøen, der utgangspunktet er bruk og vern. Kommuneplanen skal vera med på å auka næringsgrunnlaget og sikra busetjinga i lokalmiljøa innafor ramma av berekraftig utvikling. Ut frå dette kan ein også ta vare på kultur- og naturlandskapet og få innbyggjarane i Sveio til å ta ansvar for fellesskapet og sikra tilgong for alle til sjø- og strandareala. Med utgangspunkt i Sveio kommune sine planar for kystlina, har kommunen utarbeida ein kystsoneplan som skal takast inn som temaplan i ny kommuneplan. Sveio kommune har som mål å styrka kjensla av identitet og det å høyra til ved å leggja til rette for god og konfliktfri bruk av strandsona gjennom planmessig bruk og vern av areala både i sjø og på land, og ha ei god samfunnsøkonomisk og miljøeffektiv ressursutnytting. Kystsoneplanen skal gje langsiktige overordna mål og strategiar for arealet i strandsona og på sjøen. Planen skal vera med på å styra utviklinga i dei einskilde områda og skal leggjast til grunn for prioritering av ressursar. Arealdelen syner framtidig disponering av arealet i strandsona og på sjøen og skal vera utgangspunktet for all planlegging av arealet som planen omfattar. Konklusjon: Som vist ovanfor er alle sunnhordlandskommunane, utanom Etne, plassert i den delen av retningslinene som skal handsamast på same måte som Oslofjordregionane. Bakgrunn for denne vurderinga er at desse kommunane er plassert nært større byar og difor er utsett for eit tilsvarande utbyggingspress som kommunane i Oslofjordregionen. Denne vurderinga kjenner vi oss ikkje igjen i og meiner å kunne dokumentera at utbyggingspresset i sunnhordlandsregionen ikkje kan samanliknast med Oslofjordregionen. Her syner vi m.a. til at Sunnhordland har ei kystline på 3.571 km og at det i perioden 1985 2004 berre vart utbygd 2,3% av denne kystlina. I tillegg meiner vi at nedbygging av strandsona ikkje er på langt nær komen like langt i Sunnhordland som i Osloregionen.

Den nye plandelen til plan- og bygningslova, som trådde i kraft 1. juli 2009, hindrar allereie i dag mange tiltak i strandsona som tidlegare gikk gjennom systemet med hjelp av dispensasjonar. Med nytt lovverk og styrka strandsonepolitikk vil det praktisk talt i framtida ikkje vera mogleg å gje dispensasjon frå 1-8. Den nye paragrafen i pbl. vidarefører og skjerper tidligare byggeforbod i strandsona. Den funksjon pkt. 4.3 i Forslag til statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen vil ha, er ikkje å hindra uønska dispensasjonssøknader men å hindra kommunane i å avsetta areal i overordna kommuneplan til utbyggingsområde. Kommunane sin rett til sjølvbestemmande vil verta krenka. I stortingsmelding nr. 21 (2005-2006) vert det vist til at; Regjeringa vil gi folk reell valfridom i kvar dei vil bu, og leggje grunnlaget for å ta heile landet og dei ulike naturressursane i bruk. Regjeringa har eit sterkt ønske om at alle menneske i heile landet skal kunne utvikle evnene sine og leve gode og meiningsfulle liv, Ein kan oppnå det gode livet på mange måtar, både i by og bygd. Vidare står det at regjeringa har som overordna mål i distrikts- og regionalpolitikken å leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Det kjem fram av stortingsmeldinga at auka verdiskaping og styrkt lokal og regional vekstkraft er både eit verkemiddel for å få dette til og eit mål i seg sjølv. Sveio kommune meiner at føresetnaden for god og sikker utvikling er at vedtak om utbygging og vidare utvikling skal skje på lokal nivå. Det er her kunnskapsgrunnlaget ligg og det er her kjennskapen til natur-, kultur- og landskapsinteresser ligg. Det er her ein veit kva del av strandsona som er verneverdig og korleis strandsona vert brukt og til kva. Det er kommunen som sitt med den kompetansen som må til for ein fortsett god utvikling av kommunen. Sveio er ein kystkommune som til dels er avhengig av kystlina for vidare berekraftig utvikling. Nasjonale og regionale styresmakter ønskjer med pkt. 4.3 i Utkast av 29. juni 2009 om Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen å desentralisere utviklinga av kommunane ved å hinda kystkommunar å vera sjølvbestemmande og ta ansvar for vidare arealbruk. For at statlege planregningsliner for differensiert forvaltning av strandsona skal kunne ha ein viss legitimitet i befolkninga og hos kommunen er det vårt syn at bakgrunn og grunngjeving for den geografiske inndelinga i retningslinene vert forstått. Den føreslegne inndelinga bidreg ikkje til ei slik forståing og må difor endrast til at alle sunnhordlandskommunane vert trekt ut frå forslaget pkt. 4.3. RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: 1. Planutvalet, HTN (Hovudutval Teknisk/Næring), ber om at Sveio kommune vert sett i kategorien som vert omfatta av Retningslinjer for områder med mindre press på arealene og at alle kommunane i Sunnhordland vert strokne frå pkt. 4.3 i framtidige statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen.

2. Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og kommunane i Sunnhordland startar arbeidet med interkommunal plan for forvaltning av strandsona i Sunnhordland umiddelbart.

31.08.2009 HOVUDUTVAL TEKNISK/NÆRING HTN-056/09 TILRÅDING TIL FORMANNSKAPET: Samrøystes som framlagt av rådmannen.