Side 1 av 6 Hol kommune SAMLET SAKSFREMSTILLING MØTEBOK Saknr. 6/08 Arkivsaksnr.: 07/3364 Arkivkode: V10 Saksbehandler: Anne Stine Bondli Saksnummer Utvalg Møtedato 13/07 Kommuneplanutvalget 17.12.2007 6/08 Kommunestyret 31.01.2008 BEITEBRUKSPLAN FOR HOL Saka avgjøres av: Kommunestyre Vedlegg: 1. Beitebruksplan for Hol av 21.11.2007 2. Vedlegg til Beitebruksplan 3. 6 temakart til Beitebruksplan i A3 4. Samandrag av høyringsuttaler Dokument i saka: 1. Beitebruksplan av 21.11.2007 2. Vedlegg til Beitebruksplan 3. 6 temakart til Beitebruksplan i A3 og A0 4. Samandrag av høyringsuttaler 5. Brev av 22.01.06 frå Norsk sau og geitalslag 6. Brev av 11.04.00 frå Fylkesmann i Buskerud Saksopplysninger: Hol sankestyre har fremma Beitebruksplan for Hol. Bakgrunnen for planen var at Norsk Sau- og Geitalslag (NSG) i 1995 laga ein disposisjon for planar som tek opp beiting i utmark. Buskerud Sau og Geitalslag sendte i brev av 22.01.96 ein henvendelse til landbruksforvaltninga i dei kommunane i Buskerud som hadde lokallag av saualslag eller småfelag i sitt område. I brevet ville dei rette oppmerksomheita mot den betydning utmarksressursane har i dag og i framtida for husdyrhaldet. Med grunnlag i dette tok Hol sankestyre initiativ til arbeidet med denne planen.
Side 2 av 6 Fylkesmannens landbruksavdeling i Buskerud har sidan komme med innspel til utforming av beitebruksplanar i kommunane, dette blant anna i brev av 11.04.00. Arbeidet med Beitebruksplan i Hol var då alt i gang. Hol Sankestyre har vore styringsgruppe for arbeidet. Sankelaga har sjølve stått for dei registreringane i felten som var nødvendige for å få planen til. I fyrste rekkje gjeld dette kartdelen. Arbeidet er finansiert slik: 1998 2004 Hol Sankestyre 10 000 Husdyrtrygdelagsfondet 10 000 10 000 Kommunalt tilskot til landbruket i Hol 29 000 18 000 Organisert beitebruk 15 000 Næringsavdelingen 2 000 Bygdeutviklingsmidlar (SND/FMLA) 20 000 I alt 54 000 60 000 114 000 Beitebruksplanen består av ein tekstdel med mål og tiltak og 6 temakart som viser sankefelt, tapsprosent, dyr pr km 2, viktige trekkvegar/driftevegar og installasjonar og biologisk mangfald. Vedleggsdelen inneheld også ein del statistikk. Tekstedel består av desse tema: 1. Beitebruk i Hol i dag 2. Ressursgrunnlaget 3. Utmarksbeite i plansammenheng 4. Utviklinga av beitenæringa Tema 4, Utviklinga av beitenæringa inneheld bl.a. punkt 4.2. Oversyn over tiltak. Her går det fram viktige tiltak som ein ynskjer å gjennomføre framover, og det er ført opp ansvarlege for kvart tiltak. Beitebruksplanen har vore gjennom denne prossesen: 23.04.98 - Ope orienteringsmøte på Kvislatun, oppstart for arbeidet med beitebruksplan i Hol. Dette vart også annonsert i Hallingdølen den 18.04. 1998. Det vart i tillegg sendt brev til alle med beitedyr i Hol. Her møtte ca 31 bønder. Den 19.04.01 - Nytt orienteringsmøte på Haugen Hotell. Møte var sikta på husdyrbrukarar og beiteleigarar i Hol. Annonsert i Hallingdølen 10.04.2001. 04.12.2004 - Høyringa kunngjort i Hallingdølen. Høyringsfrist 30.12.2004. Det kom inn 4 uttaler inna høyringsfristen. Desse er tatt inn i eit samandrag (vedlegg 4) og det går fram av samandraget kvar i planen desse er tatt inn. Digitalisering av innsamla data er utført av geodataingeniør i Hol kommune og fylkesmann i Buskerud. Forhold til overordna plan: Beitebruksplanen vil vere eit viktig verktøy for politikarar og administrasjon ved forvaltning av utmark. Målet er at den vil auke forståelsen for beitebruken som ein viktig del av
Side 3 av 6 kommunen sine ressursar. Difor bør den innarbeidast i kommuneplanens arealdel ved neste gongs rullering. Arealdelen er juridisk bindande. Kommuneplanen for Hol 2000-2012 seier følgjande om beitebruk i utmark: Prinsipper for landbrukets forvaltning Gis muligheter for å ta vare på og videreutvikle kulturlandskapet og opplevelsesverdier og slik skape et levende og brukervennlig kulturlandskap. Ta vare på og videreutvikle lokalsamfunnene sitt særpreg blant annet ved arealplanlegging. Opprettholde stølslandskapet/-miljøet ved å stimulere til stølsdrift med melkeproduksjon. Utnytte grasressursene i fjell og utmark ved husdyrbeiting. Beitedyr skal prioriteres i forvaltningen av kommunens utmarksområder. Ta vare på det biologiske mangfoldet. Finne en balanse mellom utnytting og vern av naturen ved å utvikle bruksformer i landbruket som gir varig nytte både for natur og samfunn. Ivareta miljøet i landbruket slik at det er en kilde til rekreasjon, gode opplevelser og utfoldelse for allmennheten og at det gir levelige vilkår for bonden. Miljøkonsekvenser: Utmarka i Hol kommune har i uminnelege tider vore nytta som ressursgrunnlag for gardane. Ein finn spor av beite og drift i fjellet her i landet attende til 6000 år f.kr. Kultur- og beitelandskapet er meir opprinneleg som naturtype i Norge enn dei fleste andre naturtyper, og Norge er eit av få land i Europa som framleis har ein utstrekt bruk av utmarka. Utanom dei mest høgtliggjande områda finst det knapt natur som ikkje er beitepåverka i Hol. Alt kulturlandskap er forma i samspel medllom menneske, dyr og natur. Dersom beiting og jordbruksdrift opphører, gror jordbruksareala etterkvart til med skog. Det biologiske mangfaldet avtek. Prosjektet Økologiske effektar av sauebeiting i fjellet v/ Gunnar Austerheim m.fl. her i Hol visar at beiting har stor effekt på vegetasjonen. Sjå punkt 1.5 i planen. Økonomiske konsekvenser: Beiting i utmark har i alle tider vore grunnlaget for å kunne oppretthalde eit levedyktig landbruk i ei fjellbygd som Hol. Utmarka frigjer innmarka til vinterproduksjon, og dei er ein fornybar ressurs. Fyrstehandsverdien av landbruksprodukt produsert på utmarksbeite i Hol i 2000 var nær 6,6 millionar kroner (tal frå Tine). Foropptaket på utmarksbeite i Hol jamfør tabell 1 på side 11 var i 2003 verd nær 4,2 millionar. Utan utmarksbeite ville det ikkje vore areal nok til å produsere grovfor til så mange dyr som ein har i dag. Utmarksbeitene er difor ein føresetnad, ikkje berre for den enkelte sin økonomi, men for landbruket i Hol samla, noko som tabell 2 side 11 visar. Ved ein aktiv bruk av Beitebruksplanen kan ein sikre at utmarka også i framtida vil danne grunnlaget for å oppretthalde landbruket i Hol.
Side 4 av 6 Vurdering: Eit av tiltaka i Handlingsplan for landbruket i Hol 1998 er å sikre god utnytting av utmarka ved planmessig beitebruk. Beitebruksplanen vil vera eit godt verktøy for å sikre dette tiltaket i Handlingsplan for landbruket i Hol, då Beitebruksplan har desse tre hovudmåla: Å dokumentere omfanget og verdien av beitinga i dag Å sikre at beitenæringa har tilgang på areal og ressursar også i framtida Å koma med tiltak som styrker beitebruken og reduserar konfliktar Det er ulike interesser i utmarka. Ofte har beiteinteressene vorte tilsidesett, og eit utbyggingsområde vorte planlagt utan at det har vore teke omsyn til beiteressursane det har. Beitebrukaren blir ofte klar over utbygginga så seint i prosessen at det er for seint å gjera noko. Då kan det bli konfliktar som er uheldige. Det vil styrke næringa dersom beitebruken blir drege direkte inn i plansamanheng. Når ein utarbeider arealplanar er dei digitaliserte temakarta eit godt hjelpemiddel for å synleggjere beiteinteressene. Mange av temakarta kan lett oppdaterast ved behov på grunnlag av årlege statistikkar. Hol kommune har ikkje vegetasjonskart. Eit slikt kart for heile kommunen ville vore eit verdifullt hjelpemiddel når nye utbyggingsareal skal veljast. I Tiltaksdelen er kommuna sett opp som ansvarleg for utarbeidelse av slike kart. Beiteretten må kartfestast i utbyggingsplanar. Ein må fortsette arbeidet med å trekke skogbruk og andre landbruksaktivitetar inn i planlegginga. Beitenæringa må bli høyringsinstans både på kommuneplan- og reguleringsplannivå. Når beitebruken opphører, er det dokumentert at utmarka gror att og det biologiske mangfaldet avtek. Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL ordninga) legg til rette for at ein kan gi tilskot til rydding av beite. Dette visar at attgroing ikkje er ei ønska utvikling. Fleire kommunar har utarbeidt beitebruksplanar, der i blant Ål kommune. Der skal Beitebruksplanen no innarbeides i arealdelen i Kommuneplanen. Dette for at planen skal kunne nyttast som dokumentasjon på beitebruken og verdien av denne som ressurs. Det er viktig at ein også i Hol nyttar Beitebruksplanen som verktøy i slike prosessar. Rådmannens innstilling: Kommuneplanutvalget tilrår Hol kommunestyre å godkjenne Beitebruksplan for Hol av 21.11.07 med vedlegg og temakart. Planen forankres i Kommuneplanens arealdel ved neste revisjon. Planen skal nyttast som hjelpemiddel i plansammenheng for å synleggjere beiteinteressene og beiteverdien i Hol kommune. Kommuneplanutvalget behandlet saken den 17.12.2007, saksnr. 13/07 Behandling: Lars Egil Furuseth fremmet følgende endring i Beitebruksplanen: 1. Første avsnitt under kap. 2.5.1 taes ut. 2. Siste avsnitt på side 19 taes ut. For å betre.. og beitebruk.
Side 5 av 6 Forslaget fra Lars Egil Furuseth, pkt. 1, ble vedtatt med 7 mot 3 stemmer (1sp, 1ap, 1krf) Forslaget fra Lars Egil Furuseth, pkt. 2, falt med 7 mot 3 stemmer (1sv, 2ap) Rådmannens innstilling, med vedtatt endring, ble enstemmig vedtatt. Saksordfører: Marie Søndrål Wick Vedtak: Innstilling til kommunestyret: Første avsnitt under kap. 2.5.1 i Beitebruksplanen taes ut. Kommuneplanutvalget tilrår Hol kommunestyre å godkjenne Beitebruksplan for Hol av 21.11.07 med vedlegg og temakart. Planen forankres i Kommuneplanens arealdel ved neste revisjon. Planen skal nyttast som hjelpemiddel i plansammenheng for å synleggjere beiteinteressene og beiteverdien i Hol kommune. Saksordfører: Maria Søndrål Wick Kommunestyret behandlet saken den 31.01.2008, saksnr. 6/08 Behandling: Saksordfører: Maria Søndrål Wick Solveig Markegård fremmet følgende endringsforslag: Første avsnitt under kap. 2.5.1 i Beitebruksplanen tas inn igjen i planen og ordet kontroll endres til oppsyn. VOTERING: ******************************** 2. avsnitt i kommuneplanutvalgets innstilling ble enstemmig vedtatt. (Hol kommunestyre godkjenner Beitebruksplan for Hol ) Det ble deretter stemt over innstillingens første avsnitt og forslaget fra Solveig Markegård. Forslaget fra Solveig Markegård ble vedtatt med 14 stemmer. 11 stemte for kommuneplanutvalgs innstilling 1. avsnitt. (2V, 1 SV, 4 A, 4 H).
Side 6 av 6 Vedtak: Første avsnitt under kap. 2.5.1 i forslag til Beitebruksplanen tas inn igjen i plan og ordet kontroll endres til oppsyn. Hol kommunestyre godkjenner Beitebruksplan for Hol av 21.11.07 med vedlegg og temakart. Planen forankres i Kommuneplanens arealdel ved neste revisjon. Planen skal nyttast som hjelpemiddel i plansammenheng for å synleggjere beiteinteressene og beiteverdien i Hol kommune.