Til kommunestyret i Tokke kommune ÅRSMELDING 2011 FRÅ KONTROLLUTVALET I TOKKE KOMMUNE Side 1 av 6
0. INNLEIING Kontrollutvalet si årsmelding er ei melding til kommunestyret om utvalet si verksemd og kva saker og oppgåver som er teke opp i 2010. 1. KONTROLLUTVALET SITT FØREMÅL Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret syte for tilsynet med forvaltninga av kommunen. Utvalet skal også sjå til at revisjonen av kommunen fungerar på ein trygg måte. (Jf. kommunelova 77 og forskrift om kontrollutval av 15. juni 2004). Kontrollutvalet skal føre tilsyn med kommunen sine selskap, heileigde offentlege aksjeselskap og interkommunale selskap som kommunen eig åleine eller er medeigar i. (Jf kommunelova 80). 2. KONTROLLUTVALET SI SAMANSETNING Medlemmar og varamedlemmar i kontrollutvalet blir valt av kommunestyret for fire år, og hadde fram til Kommunevalet 2011 denne samansetnaden:. Namn Funksjon Namn Funksjon Haldor Kaasin leiar Lothar Edel personleg vara Turid Varsi nestleiar Dagfinn Midtbø personleg vara Sigvart Asle Lie medlem Tarjei Grønlid personleg vara Kontrollutvalet er sett saman slik for perioden 2011-2015: Namn Funksjon Namn Funksjon Steinar Mandt leiar Tarjei Gaastjønn personleg vara Siv Reidun Einebærholm nestleiar Torgrim Otterholt personleg vara Gunn Wennersteen medlem Bjørn Tore Lassemo personleg vara Turid Varsi nestleiar Dagfinn Midtbø personleg vara Sigvart Asle Lie medlem Olav Godtland personleg vara Det vert presisert at kontrollutvalet i Tokke kommune ikkje er vald i samsvar med kommunelova ( 77) då ingen av medlemmane er fast medlem av kommunestyret. Lova slår klart fast at minst eitt medlem av kontrollutvalet skal vera fast medlem av kommunestyret. Det er uheldig at kommunestyret sitt eige kontrollorgan ikkje har ein lovleg samansetnad, og kommunestyret vert oppmoda om å rette dette opp snarast råd. Ordføraren har møte- og talerett i utvalet. Rådmannen har ikkje møterett, men kan innkallast av utvalet. Leiar i kontrollutvalet har møte- og talerett i kommunestyret når utvalet sine saker blir handsama. (Jf 77 i kommunelova). Side 2 av 6
3. KONTROLLUTVALET SI ARBEIDSFORM Kontrollutvalet har i 2011 hatt 4 møter og handsama 21 saker. Ordføraren har møtt på 2 møter i 2011. Rådmannen har møtt i 3 møter. Kommunerevisjonen har vore til stades i alle møta. Utvalet sine møter er opne. Sekretærfunksjonen for kontrollutvalet vert utført av Telemark kontrollutvalgssekretariat IKS (Temark). Sekretær i 2011 var Marianne Lundeberg. Etter kommunevalet har Beate Marie Dahl Eide vore sekretær. Kontrollutvalet har ikkje hatt vanskar med innhenting av opplysningar som har vore aktuelle for utvalet sitt arbeid. 4. KONTROLLUTVALET SINE OPPGÅVER Kontrollutvalet sine oppgåver går fram av kommunelova ( 77) og forskrift om kontrollutval. Kommentarane nedanfor er knytt til forskrifta. 4.1 TILSYN MED REVISJONEN Telemark kommunerevisjon IKS er Tokke kommune sin revisor. Kontrollutvalet har halde seg orientera om revisjonen si verksemd og arbeid. Oppfylginga av revisjonen sitt arbeid går føre ved informasjon i kontrollutvalsmøta. Dei saker som skal leggjast fram for kontrollutvalet, i samsvar med lov og forskrift, er handsama av utvalet. Dessutan dei sakene som utvalet sjølv har valt å ta opp. 4.2 TILSYN MED FORVALTNINGA Kontrollutvalet har på grunnlag av revisjonen sine rapporteringar og anna informasjon ført tilsyn med den kommunale forvaltninga. Fylgjande personar frå administrasjonen har vore invitera til kontrollutvalet sine møter for å orientere: Rådmann Therese Hauger har m.a. orientera om varsling frå Utdanningsforbundet, årsrekneskapen 2010, arbeidsavtalar med støttekontakter med NAV og Tokke kommune og om om organisasjonsprosessen i Tokke kommune. Rådmannen har svara på skriftlege spørsmål frå Kontrollutvalet om Tokke kommune sine prosedyrar og handtering av varslingssaker, Tokke kommune si handtering av personvernet til arbeidstakarane og skifte av advokat under rettssak i 2010-2011. Økonomisjef Tjøstov Djuve orientera om årsrekneskapen 2010, årsmelding skatteoppkrevjing, og tertialrapportar Seniorrådgjevar Olav Bjørn Bakken har orientert om utbyggingskontraktar vedrørande Hallbjørnsekken. Helse og sosialsjef Niina Laaksonen møtte i samband med forvaltningsrevisjonsprosjekt kvalitet i pleie- og omsorgssektoren Tokke kommune Side 3 av 6
Næringssjef Nils Gjerde orientera om næringsfond og næringsstøtte i Tokke kommune. Personalsjef Brit Houge orientera om organisasjonsprosessen i Tokke kommune. Forvaltningsrevisjon: Kontrollutvalet har blitt orientert om arbeidet med anbefalingane i forvaltningsrevisjonsprosjektet kvalitet i pleie- og omsorgssektoren i Tokke kommune, som vart lagt fram i 2010. Det vart ikkje gjennomført forvaltningsrevisjonsprosjekt i Tokke kommune i 2011. Selskapskontroll: Det vart ikkje gjennomført selskapskontrollar i Tokke kommune i 2011. Liste over saker som vart handsama i kontrollutvalet i 2011 er vedlagt årsmeldinga. 4.3 GRANSKINGAR/UNDERSØKINGAR Det har ikkje vore utført granskingar/undersøkingar i 2011. 4.4 RAPPORTERING AV SÆRSKILDE TILHØVE TIL KOMMUNESTYRET Det er ikkje rapportera om særskilde tilhøve til kommunestyret frå kontrollutvalet. 4.5 REKNESKAP (UTTALER/INNSTILLINGAR) I samsvar med forskriftene har kontrollutvalet gjeve uttale til kommunestyret om Tokke kommune sin årsrekneskap. (Jf sak nr. 9/11). 4.6 OPPFYLGJING AV POSTAR, DISPOSISJONAR M.V. FRÅ TIDLEGARE Det er ingen postar, disposisjonar m.m. frå tidlegare år som ikkje er godkjent. 5. BRUK AV SAKKUNNIG HJELP Kontrollutvalet har nytta hjelp frå Telemark kommunerevisjon IKS. 6. ANDRE TILHØVE 6.1 KONTROLLUTVALSSEKRETARIATET Selskapet har 3 årsverk. Dagleg leiar er Øystein Bergh. Marianne Lundeberg og Beate Marie Dahl Eide har vore sekretærar for kontrollutvalet i 2011. I 2011 var Olav Urbø Tokke sitt medlem av representantskapen, med Astri Fladberg som varamedlem. 6.2 REVISJONEN I 2011 var Haldor Kaasin Tokke kommune sitt medlem av representantskapen med Turid Varsi som varamedlem. Revisjonssjef er Finn Egil Aure. Side 4 av 6
6.3 FORUM FOR KONTROLLUTVAL Kontrollutvalet er medlem i Forum for kontrollutval i Telemark. 6.4 KURS OG SAMLINGAR Kontrollutvalet har vore på dei møter/kurs som dei har funne naudsynt. Dalen, 08.03.2012 Steinar Mandt leiar av kontrollutvalet. Beate Marie Dahl Eide sekretær for kontrollutvalet Side 5 av 6
Kontrollutvalssaker 2011 Sak nr. Arkivsaknr. 1/11 11/80 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ 16.11.2010 2/11 11/100 HALLBJØNNSEKKEN - UTBYGGINGSKONTRAKTAR 3/11 11/47 ORIENTERING FRÅ REVISOR 22.02.2011 4/11 11/38 BESTILLING AV OVERORDNA ANALYSE - PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON 2012-2015 5/11 11/70 BESTILLING AV PLAN FOR SELSKAPSKONTROLL 2012-2015 6/11 11/36 ÅRSMELDING 2010 FOR KONTROLLUTVALET I TOKKE KOMMUNE 7/11 11/81 REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER 22.02.2011 8/11 11/204 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ 22.02.2011 9/11 11/206 TOKKE KOMMUNE SITT ÅRSREKNESKAP 2010 - KONTROLLUTVALET SI UTTALE 10/11 09/527 FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT - KVALITET I PLEIE- OG OMSORGSSEKTOREN TOKKE KOMMUNE 11/11 11/272 SPØRSMÅL TIL RÅDMANN FRÅ KONTROLLUTVALET I TOKKE KOMMUNE 12/11 11/270 PRAKSIS FOR ARBEIDSAVTALE MED STØTTEKONTAKTAR VED NAV OG TOKKE KOMMUNE 13/11 11/100 HALLBJØNNSEKKEN - UTBYGGINGSKONTRAKTAR 14/11 11/205 REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER 12.05.2011 15/11 11/390 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ 12.05.2011 16/11 11/437 NÆRINGSSTØTTE/FOND I TOKKE KOMMUNE 17/11 11/447 ORIENTERING OM ORGANISASJONSPROSESSEN I TOKKE KOMMUNE 18/11 11/270 PRAKSIS FOR ARBEIDSAVTALE MED STØTTEKONTAKTAR VED NAV OG TOKKE KOMMUNE 19/11 11/38 BESTILLING AV OVERORDNA ANALYSE - PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON 2012-2015 20/11 11/393 BUDSJETT FOR 2012 FOR KONTROLL OG TILSYNSVERKSEMDA I TOKKE KOMMUNE 21/11 11/392 REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER 13.09.2011 Side 6 av 6