Trening og tilrettelegging før pleie - eit samhandlingsprosjekt rundt førebygging og rehabilitering. Gloppen, 29. august 2013. V/ Solrun Hauglum, prosjektleiar / leiar rehab.
Hagahaugen rehabiliteringssenter. Voss si nyopna base for førebygging og rehabilitering. Dagavdeling, rehab.avdeling, base for «Vossamodellen», planlegging av Friskliv- og meistringssenter m.m. 2
Voss kommune Tal innbyggjarar: 14.000. 6,8 % av innbyggjarane er over 80 år mot 4,5 i fylket og 4,6 i landet. Voss Bergen Voss sentrum
«Vossamodellen»: Rehabiliteringsprosjekt etter inspirasjon frå Fredericia og Kolding i Danmark. Rehabilitering, trening og tilrettelegging for heimebuande. Igangsett i open omsorg på Voss. Starta i 2 soner mai 2012, frå februar 2013 utvida til heile kommunen. Praktisk del og forskingsdel. Tidleg intervensjon og koordinert innsats. Tverrfagleg samarbeid. Stor grad av brukarmedverknad.
«Vossamodellen»: Skjer i brukar sin heim. Intensiv dagleg trening. Dei som søkjer om kommunal helsehjelp/bistand for første gong, eller dei som søkjer om meir hjelp/bistand. Skal ha 60 med i studien. 39 inkluderte brukarar til no. 32 er avslutta og har hatt 3 mnd. kartlegging. 11 brukarar har hatt 9 mnd. kartlegging. Fråfall: 5-6 stk. Av dei skuldast 4 dødsfall. Prosjektet si varigheit: rundt 3 år.
Prosjektet sitt mål: Å tilpassa, implementera og evaluera ein ny modell for heimebasert rehabilitering. Har som mål å utsetja trong for hjelp blant heimebuande eldre, auka jobbtrivsel blant involvert personell og gjera helsetenestene i kommunen betre rusta til framtidige utfordringar.
Utfordringar framover: Helseutfordringar. Auke i livsstilsjukdomar og kroniske sjukdomar. WHO ser fysisk inaktivitet, usunt kosthald, røyking og høgt alkoholforbruk som nokre av dei største risikofaktorane for den totale sjukdomsbyrda i den vestlege verda. Deretter følgjer risikofaktorar som høgt blodtrykk, kolestrol og overvekt, som alle er påverka av nemnd helseåtferd. Tal personar med type 2-diabetes er dobla dei siste 30 åra. Helseutfordringane er prega av sosial skeivfordeling.
Utfordringar framover: Tal personar over 67 år i Noreg: I 2008: 614.000. I 2060: 1,6 millionar. Store utfordringar med sjukefråvær og tal uføre. «Omsorgskrisen skapes ikke av eldrebølgen. Den skapes av forestillingen om at omsorg ikke kan gjøres annerledes enn i dag.» Kåre Hagen, Arendalskonferansen 2011.
«I større grad enn dagens eldre vil de også være vant til og forvente å kunne bestemme over egen tilværelse.» (St.meld. nr. 25, 2005-2006) St.meld. nr 25 har fem strategiar for å møta utfordringane framover, m.a. forsking og aktiv omsorg. Heilheitlege omsorgstilbod og førebyggjande tiltak vert også løfta fram i St.meld. nr. 25. Samhandlingsreformen, som trådde i kraft 01.01.2012, følgjer opp med fokus på førebygging, tidleg avdekking av funksjonstap og rask igangsetting av rehabiliterande tiltak i kommunehelsetenesta. (Meld.St. 47, 2008-2009)
NOU 2011:11 «Innovasjon i omsorg» frontar nye løysingar på utfordringane. «Næromsorg», velferdsteknologi, fokus på bustadløysingar og nærmiljø. Trong for utforming som gjer det mogeleg å eldast i eige hus og miljø. NOU 2011:11 omtalar også kvardagsrehabilitering og «Længst mulig i eget liv» i Fredericia. Meld. St. 29 «Morgendagens omsorg»: «Det er forskjell på å få tjenester for å overleve, og få assistanse til å leve et liv.» «De utfordringer velferdssamfunnet står overfor kan vi ikkje spare oss ut av. De må vi utvikle oss ut av.»
Kvardagsrehabilitering: Rehabilitering som skjer i brukar sin heim/nærmiljø. Brukar vanlege kvardagsaktivitetar i treninga. Tidleg tverrfagleg kartlegging og innsats. Intensiv innsats. Er i samsvar med intensjonar i lov og definisjon av rehabilitering.
Erfaringar frå andre land: Gode erfaringar frå Østersund i Sverige som starta med heimerehabilitering i 1999. Heimerehabiliteringsprosjekt i Uddevalla i Sverige frå 2007 til 2012: 90 % nådde måla sine, pårørande ga ein score på 9,2 (10 var høgast) på fornøydheit. Smerte og utryggheit var to store/vanlege problemstillingar. I Danmark har 97 av 98 kommunar sett i gang med kvardagsrehabilitering. Forsking frå Fredericia vider gode resultat: 45 % vart avslutta utan hjelp, 40 % med mindre hjelp, 13-15 % med same hjelp som før. Godt fornøyde tilsette og brukarar.
Organisasjonskart Vossamodellen Styringsgruppe Styringsgruppeleiar Per Waardal Prosjektgruppe Prosjektleiar praksisdel Solrun Hauglum Kvardagsrehabilitering: Motor ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar, vernepleiar. Basis heimehjelp, helsefagarbeidar, sjukepleiar. Forskargruppe Prosjektleiar forskingsdel Hanne Tuntland
Forskingsdelen av prosjektet: Forskargruppe som tek i bruk både kvalitative og kvantitative metodar. Randomisert kontrollert studie av effekt. Økonomisk analyse av kommunal ressursbruk. Datainnsamling: baseline og etter 3, 9 og 15 mnd. Kvalitativ analyse av brukarar og pårørande sine erfaringar ved å delta i kvardagsrehabilitering. Kvalitativ analyse av endringar i jobbtilfredsheit hjå involvert personell.
Inklusjons- og eksklusjonskriterier: Inklusjonskriterier: Er over 18 år og med god norsk språkforståing. Har opplevd reduksjon i funksjonsnivå. Første gongs søknad eller søknad om meir teneste. Bur heime og kan motta tenester i heimen. Eksklusjonskriterier: Kognitiv svikt som vanskeleggjer deltaking. Sjuke, trong for sjukeheimsplass, døyande. Dei som treng rehab.opphold i institusjon.
Framgangsmåte: Forvaltningskontoret gjennomgår alle søknader og plukkar ut aktuelle kandidatar. Heimebesøk med spørsmål om deltaking. Informasjonsskriv og underskrift. Kartleggingsbesøk av fysio- eller ergoterapeut. Randomisering. Opning av konvolutt. Kontrollgruppa: får «vanlege» tenester. Igangsetting av tidsregistrering.
Kartleggingsinstrument: COPM. Intervju der brukar vurderar sine daglege aktivitetar og utføring av dei. Lagar seg opp til 5 mål. Timed Up and Go. Utvikla for å undersøkja eldre sin gangfunksjon. Jamar dynamometer. Måling av håndkraft. COOP/WONKA. Avdekking av helseproblem. Generell helsetilstand.
Intervensjonsgruppa: Vedtak om kvardagsrehabilitering inntil 3 mnd., eventuelt i tillegg til andre tenester. Får utforma individuell rehabiliteringsplan som vert lagt inn i digital pasientjournal. Rehabilitering og tilrettelegging vert igangsett av fysioog ergoterapeut, eventuelt i samarbeid med sjukepleiar. Personellet i sonene overtek når dette vert vurdert som forsvarleg. Rettleiing av høgskulegruppa. Varigheit av intervensjon: inntil 3 mnd.
Oppfølging av begge grupper: Ny kartlegging etter 3 og 9 mnd. Tidsregistrering fram til 9 mnd. Etter 9 mnd. får kontrollgruppa kvardagsrehabilitering dersom dette framleis er aktuelt og ønskjeleg. Registrering av tenester/vedtak etter 15 mnd. for intervensjonsgruppa.
Døme : søknad om hjelp til morgonstell, medisinlevering, tilsyn ved middag, hjelp til dusj og stell av hus. Alt i alt ca 11 t med teneste pr. veke innvilga for å imøtekomme behovet. Vedkommende får kvardagsrehabilitering der heimetjenestene bruker ca 10 min ekstra x 4 dg pr veke i inntil 3 mnd. I tillegg til dette er ergo / fysio inne med 1 t tilsaman pr veke. Etter 8 veker er vedkommande så bra at einaste hjelpa er heimehjelp kvar 14. dag. Rehabilitering vedtak avsluttast.
Kva betyr prosjektet for oss? Kostar ein god del innsats, energi og ressursar, også økonomisk. Drahjelp til å komma i gang med dreiing mot meir førebyggande og rehabiliterande innsats. Positivt for rekruttering og for å holda på personell. Kompetanseheving. Kursing, studieturar, hospitering. Tru på at dette er positivt og viktig for pasientane. Erfaringar frå tidlegare, «solskinnshistoriane», og erfaringar så langt med brukarane i prosjektet. Mykje merksemd, vert opplevd som både positivt og negativt.
Oppstartkurset får omtale i lokalavisa «Hordaland».
Endringsprosessar: Ny måte å yta teneste på innovasjon i omsorg. «Frå passiv omsorg til aktiv rehabilitering». Fokus på brukarmedverknad og brukaren sine ressursar. Endra arbeidsmetodikk og rutinar. Nye krav til personalet. Ny metodikk for heimebesøk, nye kartleggingsinstrument. Nytt vedtak og individuell rehabiliteringsplan. Tidsregistrering, evaluering m.m.
Erfaringar så langt i prosjektet: Svært viktig med forankring «over det heile». Oppstartkurset vart veldig positivt, felles plattform. Må våga å satsa og holda stø kurs trass i utfordringar. Brukarane kan ha andre mål enn dei helsepersonell ville ha sett, men dei ser ut til å nå dei. Skjer også noko med einkelte i kontrollgruppa. Hadde vore enklare med eige team, men me trur at det på sikt vil gi større effekt å involvera heimetenestene. Ein billeg og effektiv type rehabilitering. Godt alternativ til pleie og omsorg for denne typen brukarar. Kan ikkje erstatta anna kommunal rehabilitering.
Utfordringar framover: Skifte av personell og opplæring av nye medarbeidarar. Rekruttering av brukarar. Tempo og «rett» type brukarar. Tal fråfall. Økonomien. Fekk ikkje tilskot frå Helsedir. for 2013. Få prosjektet over i drift.
Takk for merksemda!