Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Tenesteutvalet 31.01.2011 003/11 ARAK Kvam Ungdomsråd 02.02.2011 002/11 ARAK Kvam eldreråd 04.02.2011 005/11 ARAK Kvam heradsstyre 15.02.2011 004/11 REIKJU Avgjerd av: Saksh.: Reidun Braut Kjosås Arkiv: N-400 Objekt: Arkivsaknr 08/253 Fornying av partnarskapsavtale for folkehelse Samandrag: Folkehelse er og vert eit sentralt satsingområde i tida som kjem. Regjeringa har gjort dette tydeleg gjennom forslag til ny folkehelselov som kom på høyring hausten 2010. Føremålet med ei ny folkehelselov er å medverke til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse og arbeider mot sosial ulikskap i helse. Samanlikna med dagens regeleverk legg det nye lovforslaget i større grad opp til langsiktig og systematisk innsats og integrering av helseomsyn i heile kommunen si verksemd. Heradstyret vedtok i 2008 (HST 006/08) ein partnarskapsavtale for folkehelse med Denne avtalen går nå ut og Kvam må avgjere om dei ønskjer å inngå ein ny avtale. Den nye avtalen som eventuelt skal underteiknast vil vera ein avtale som gjeld frå den datoen den vart underteikna og fram til ein av partane seier opp avtalen. For å i møtekomma det nye lovverket og endringar som er i ferd med å skje i regionen vil det vera formålstenleg framleis å ha ein partnarskapsavtale med Avtalen vil sikra fagleg kompetanse og økonomisk støtte til det vidare folkehelsearbeidet. Pr i dag mottek Kvam eit årleg tilskot på kr 150 000 til folkehelsekoordinatorstillinga. Det er erin føresetnad om at kommunen yter ein tilsvarande innsats.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kvam heradstyre tilrår at Kvam herad inngår ny partnarskapsavtale for folkehelse med 31.01.2011 Tenesteutvalet Framlegg til vedtak: Rådmannen sitt framlegg til vedtak Røysting: Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke med 7 røyster TEN-003/11 Vedtak: Kvam heradstyre tilrår at Kvam herad inngår ny partnarskapsavtale for folkehelse med Saksordførar: Merethe Gauden, V 04.02.2011 Kvam eldreråd Framlegg til vedtak frå eldrerådet: 1. Kvam eldreråd meiner partnerskapsavtalen vedrørande folkehelse som heradet har med fylkeskommunen er viktig. 2. Dei tre satsingsområda nå - sosial ulikskap - levekår (faktorar som innverknad på folk si helse) - Levevanar ( til dømes fysisk aktivitet, kosthald og rusmiddel) er viktige, og av stort verde for den aldersgruppa eldrerådet mest er talsmann for. 3. Dei tiltaka heradet har gjennomført dei seinare år med å fremja folkehelsearbeid har vore positive og gode. 4. Eldrerådet tilrår rådmannen sitt framlegg i saka. Røysting: Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke med 6 røyster KER-005/11 Vedtak: Kvam heradstyre tilrår at Kvam herad inngår ny partnarskapsavtale for folkehelse med 1. Kvam eldreråd meiner partnerskapsavtalen vedrørande folkehelse som heradet har med fylkeskommunen er viktig. 2. Dei tre satsingsområda nå - sosial ulikskap
- levekår (faktorar som innverknad på folk si helse) - Levevanar ( til dømes fysisk aktivitet, kosthald og rusmiddel) er viktige, og av stort verde for den aldersgruppa eldrerådet mest er talsmann for. 3. Dei tiltaka heradet har gjennomført dei seinare år med å fremja folkehelsearbeid har vore positive og gode. 4. Eldrerådet tilrår rådmannen sitt framlegg i saka. 15.02.2011 Kvam heradsstyre Framlegg til vedtak: Tilråding frå TEN Røysting: Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke med 27 røyster HST-004/11 Vedtak: Kvam heradstyre vedtar at Kvam herad inngår ny partnarskapsavtale for folkehelse med Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 07/21761 17.12.07 Avtale om partnerskap for Hordaland fylkeskommune Folkehelse 2007-2010 Mal Partnerskapsavtale for folkehelse Hordaland fylkeskommune For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false
Saksopplysningar: Folkehelse har i fleire år vore eit prioritert satsingsområde både nasjonalt, regionalt og lokalt. Som grunnlag for Samhandlingsreforma (St. meld nr 47 2008-2009) ligg mellom anna St. melding nr 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge, St. meld nr 20 (2008 2009) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale forskjeller og NOU 2005: 03, Frå stykkevis til helt en sammenhengende helsetjeneste (Wissløff-utvalget). Hovudmåla med Samhandlingsreforma er: - Auka livskvalitet og redusert press på helsetenesta gjennom satsing på helsefremmande og førebyggande arbeid. - Dempa vekst i bruk av sjukehustenester. - Meir heilskaplege og koordinerte tenester til pasientar og brukarar gjennom forpliktande samarbeidsavtalar og avtale om behandlingsløp. I regjeringa sitt arbeid med oppfølginga av Samhandlingsreforma var det i haust lagt ut to nye lovforslag til høyring; forslag til ny folkehelselov og forslag til ny helse- og omsorgslov. Føremålet med ei ny folkehelselov er å medverke til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse og arbeider mot sosial ulikskap i helse. Samanlikna med dagens regeleverk legg det nye lovforslaget i større grad opp til langsiktig og systematisk innsats og integrering av helseomsyn i heile kommunen si verksemd. Partnarskap for folkehelse vart lansert i St. meld nr 16 (2002-2003). Alle fylker har ansvar for å koordinere regionale partnarskap for folkehelse i sitt fylke. I Hordaland starta dette arbeidet i 2007. Kvam herad underskreiv avtale om partnarskap for folkehelse 2007 2010 i 2008 (HST 006/08). Avtaleperioden har gått ut og heradstyret må derfor avgjere om Kvam skal inngå ein ny avtale. Kvam var i 2008 den andre kommunen i Hordaland som skreiv under partnarskapsavtale for folkehelse. Nå har 10 kommunar (i vår region Kvam, Odda og Ullensvang), fleire frivillige organisasjonar og helse Bergen underskreve partnarskapsavtale med Hordaland fylkeskommune. Fleire kommunar har fatta vedtak og vil om kort tid skrive under avtalen. Dette gjeld mellom anna Voss og Jondal. Den nye avtalen som eventuelt skal underteiknast vil vera ein avtale som gjeld frå den datoen den vart underteikna og fram til ein av partane seier opp avtalen. Avtalen kan seiast opp av ein av partane med seks månaders varsel (sjå vedlagt avtale). Innhaldet i avtalen Hordaland fylkeskommune har utarbeida ein mal på partnarskapsavtalen for folkehelse (sjå vedlegg). I avtalen er det lista opp tre satsingsområde - Sosial ulikskap - Levekår (faktorar som har innverknad på folk si helse) - Levevanar (til dømes fysisk aktivitet, kosthald og rusmiddel) Avtalen seier og noko om kva som vart forventa av dei to partnarane som inngår avtalen. Kvam herad skal: Forankre partnarskapen politisk og i leiinga, og fremje folkehelse i kommunen.
Tilsette ein folkehelsekoordinator i kommunen i minst 40% stilling. Fastsetje mål for det lokale folkehelsearbeidet, og lage ein årleg handlingsplan. Lage ein oversikt over folkehelsetilboda i kommunen og samordne arbeidet. Initiere partnarskapstema og bidra med eigen kompetanse og kunnskap til alle i partnarskapen. Ivareta, utvikle og samordne gode kommunale tilbod, leggje til rette for universell utforming, og skape tilbod til brukarar som ein i dag ikkje klarer å møte for å jamne ut ulikskapar i helse. Hordaland fylkeskommune skal: Saman med Fylkesmannen stille fagleg kompetanse til rådvelde. Oppfordre, skape og leggje til rette for partnarskap. Spreie informasjon og erfaringsutveksling, særleg på www.hordaland.no/folkehelse. Gi årlege økonomiske tilskot, med føresetnad om at kommunar yter ein tilsvarande innsats. Folkehelsearbeidet i Kvam Kvam har arbeidd systematisk i fleire år med å fremja det breie folkehelsearbeidet. Dette arbeidet vart ytterlegare styrkja i 2008 med tilsetting av ein folkehelsekoordinator i 50% stilling. Kvam herad har i dag tilsett folkehelsekoordinator i 100% stilling. I dag oppfylgjer Kvam herad dei oppgåvene som det er stilt krav om i det nye avtaleutkastet. Døme på tiltak som er gjennomført på bakgrunn av folkehelsearbeidet: - Trygge lokalsamfunn o Trafikksikringsdag for elevar i vidaregåande skule o Strøsand (TAFIX) i samarbeid med Lions Norheimsund og Grannehjelpa o Skaderegistrering (Frå Kvam legevakt og politiet) o Fallførebyggande tiltak i PLO o Skadefri prosjekt retta mot idretten o Tryggleiksmarkeringar (til dømes båtfestivalen) o Livbøyer til båt og badeplassar Helseveke ved vaksenopplæringa (samarbeid med tannhelsetenesta) Fysisk aktivitet i skulen Aktivitetshefte Hoppetaukonkurranse/Petter Puls (et konsept frå Nasjonalforeningen for folkehelse) Samarbeid med Voss sjukehus (lærings og mestringssenteret) Livsstilsendringskurs (desentralisert kurs i Kvam) Diabeteskurs (desentralisert kurs i Kvam) Merking av turvegar i samarbeid med grendautvala Aktivitet for eldre Aktivitet og middagsservering i Strandebarm Verdens aktivitetsdag Sittedans Lavterskeltrening Motivasjonsseminar for eldre i samarbeid med Grannehjelpa Temakveldar om fysisk aktivitet og eldre Vinteraktivitetsdag for funksjonshemma Idèkurs for instruktørar på lavterskeltrening tilbod Diverse kurs, foredrag og temakveldar
FAU, lærarar, helsepersonell, brukarar, pensjonistar, politikarar, frivillige mm Framtidig folkehelsearbeid i Hardanger På bakgrunn av Samhandlingsreforma sette Hardangerrådet i gang eit forprosjekt for å overvake utviklinga i Samhandlingsreforma og oppdatere kvart kommunestyre om utviklinga, og om kva verknader reforma kan få for det lokale helsetilbodet i kommunane. Forprosjektet er avslutta og ein er i gang med å utforma ein plan for hovudprosjektet. Det er under planlegging eit delprosjekt som skal ha særleg fokus på interkommunalt folkehelsearbeid. For å i møtekomma det nye lovverket og endringar som er i ferd med å skje i regionen vil det vera formålsteneleg å fortsett ha ein partnarskapsavtale med Avtalen vil sikra fagleg kompetanse og økonomisk støtte til det vidare folkehelsearbeidet. Økonomi Sidan 2007 har Kvam herad fått eit årleg tilskot på kr 150 000 til folkehelsekoordinatorstillingen. Utan partnarskapsavtalen mister Kvam herad dette tilskottet. Ein føresetnad for å få tilskotet er at kommunen yter ein tilsvarande innsats. I utkastet til partnarskapsavtale om folkehelse er ikkje tilskotet talfesta. Tilskotet frå fylket vil vera avhengig av statlege overføringar og fylket sine eigne prioriteringar av midlar til folkehelse. Det årlege tilskotet kommunane får pr i dag er ikkje endra sidan 2007. Partnarskapskommunane vert og prioritert ved tildeling (etter søknad) av ordinære folkehelsemidlar som vert lyst ut frå fylkeskommunen. Kvam har i fleire år fått tilsegn på ein stor del av desse pengane samanlikna med andre kommunar. Vurdering: Folkehelse er eit sentralt satsingområde i tida som kjem. Dette er tydeleggjort gjennom forslag til ny folkehelselov som kom på høyring hausten 2010. Kommunane vil i framtida få eit større ansvar når det gjeld førebyggande og helsefremmande oppgåve. For å koma dei ny oppgåvene i møte har Hardangerrådet satt i gang eit forprosjekt omkring samahandlingsreforma. Forprosjektet er avslutta og hovudprosjektet er under planlegging. Eit delprosjekt i denne satsinga vil omhandle interkommunalt arbeid med folkehelse. Kvam, Odda og Ullensvang har i dag partnarskapsavtalar. Jondal og Voss har og gjort heradstyrevedtak på at dei skal inngå partnerskapsavtale med HFK. Kvam har halde på lengst med eit systematisk folkehelsearbeid i Hardanger og spiller ei sentral rolle i det interkommunale arbeidet som er i gang. Ein ny partnarskapsavtale vil sikra eit økonomisk tilskot til eit arbeid som må gjerast enten kommunen har ein avtale eller ei. Avtalen sikrar og eit systematisk fagleg samarbeid med andre kommunar, fylkeskommunen og med sentrale frivillige organisasjonar (td Hordaland idrettskrets, Nasjonal forreningen for folkehelse og Bergen turlag). Rådmannen tilrår at Kvam herad inngår ny partnarskapsavle for folkehelse med Hordaland fylkeskommune.