Høle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016



Like dokumenter
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Plan for overgangar. for barn og unge

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Øystese barneskule April - 08

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

SKULEBASERT PRAKSISPLAN

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Kvalitetsplan mot mobbing

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

1. studieår vår mellomtrinn

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Velkomen til Mork barnehage

HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE

SAMARBEID HEIM OG SKULE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Praksisopplæring GLU2 Grunnskolelærerutdanning trinn kull 2010

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Skulebasert praksisplan Kyrkjeberget 2, 4364 SIREVÅG Tlf: E-post:

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Velkommen til Galterud skole. 44 ansatte 292 elever fordelt på tre trinn 64 % av elevgruppa har annet morsmål enn norsk

Praksisplan for Sørbø skole, master spesped

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Plan for praksisopplæringen i grunnskolelærerutdanningen 1.-7.trinn

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

SOSIAL KOMPETANSE, kva er det? Barn som strevar med sosial kompetanse, må læra det ZERO TRIVSELSPROGRAMMET

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Studiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A-H) Studiestad Sogndal

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Frå dikt til teikneserie

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

10/60-14/N-211//AMS

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Om forholdet mellom læringsutbytteformuleringar, arbeidskrav, arbeidsformer og vurderingsformer

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Stemnehandboka for NKSF

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Revidert mål og aktivitetsplan for prosjektet Ny start felles grunnlag aktive elevar

Årsmelding for Urhei barnehage

Transkript:

SANDNES KOMMUNE Høle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016 1

Innhald Velkomen til Høle skule som student!... 2 Fakta om Høle Barne- og Ungdomsskule... 3 Kva forventar Høle skule av deg når du er i praksis hjå oss?... 5 Kva kan du forvente av oss som praksisskule?... 5 Vår plan for praksisopplæring... 6 Ei arbeidsveke på skulen... 8 2

Velkomen til Høle skule som student! Vi håpar du finn nytte av denne planen som er laga for at du som student skal finne svar på mykje av det som du treng å vite om Høle Barne- og Ungdomsskule og om praksisperioden du skal ha her. De studentar er veldig viktige for oss. Kvar nye student er noko nytt og spennande i læringsmiljøet og det sosiale arbeidsmiljøet, difor ser vi fram til å samarbeide med deg. Arvid Strand, rektor arvid.strand@sandnes.kommune.no Fakta om Høle Barne- og Ungdomsskule Historikk og tal Høle skule vart grunnlagt i 1863. Tomta som skulen ligg på var opphavleg eit småbruk, med parsell ned til sjøen. Dette nyt vi godt av i dag med eige strand, brygge, grillplass og urtehage ned mot sjøen. Vi har fokus på miljø og er sertifisert som miljøfyrtårn. Målform er nynorsk. Elevtalet er om lag 170. Det er 30 tilsette ved skulen. Visjon Skulen og bygda samarbeid for læring og trivsel. Pedagogisk grunnsyn Alle elevane er våre. Alle elevane har evner og ei framtid. Saman med eleven og føresette er det er vår jobb å finne evnene, utvikle dei og legge grunnlaget for ei god framtid. Vårt samfunnsoppdrag er å sikre at alle elevane når sitt potensiale for læring. Det forpliktar oss til å ivareta alle elevane si utvikling. Satsingsområder Vurdering for læring er hovudfokus for alle Sandnesskulane, dette inneber mellom anna forsterka skriftleg halvårsvurdering på barnetrinnet. Utviklande (russisk) matematikk for 1-3. klasse i samarbeid med UiS. Leseutvikling og eit meir praktisk ungdomstrinn. 3

Samarbeid Høle Barne- og Ungdomsskule er praksisskule for Universitetet i Stavanger. Vi har vore praksisskule (lærar/ppu) siste 20 år og ser no fram til samarbeidet med studentane og UiS også i perioden 2014-2018. Dette samarbeidet gjer oss oppdatert på det nye i lærarutdanninga, tilfører oss kompetanse og variasjon. Skulen har eit nært og godt forhold til Altona ressurssenter, kor vi får spisskompetanse på særskilte utfordingar blant elevane. Vi har eit godt samarbeid med heimane og nyt ofte godt av foreldra sitt engasjement. Samarbeidsutvalet er skulen sitt styre og saman med Foreldreutvalet bidrar dei med innspel og ressursar til nytte for oss alle. Praksislærarar Ole Martin Søndervik Runa Horve Bjørn Magne Watsend Jostein Løvtangen Morten Haaland Anne Gro Hamre Anne Jorunn Sjurseth ole.martin.sondervik@sandnes.kommune.no runa.horve@sandnes.kommune.no bjorn.magne.watsend@sandnes.kommune.no jostein.magne.lovtangen@sandnes.kommune.no morten.haaland@sandnes.kommune.no anne.gro.hamre@sandnes.kommune.no anne.jorunn.sjurseth@sandnes.kommune.no Kontaktinformasjon Sentralbord : 51337800 Adresse : Apalstøveien 84, 4308 Sandnes Meir informasjon Sjå vår heimeside på www.minskole.no/hole Eller spør ein av oss! 4

Kva forventar Høle skule av deg? Å vere student set krav til profesjonalitet. Læraryrket er kjekt, framtidsretta og utfordrande. Det er og mykje arbeid, krevjande val, spesielle situasjonar og lange, seine kveldar. Arbeidstidsavtalen med lærarane tilseier 9 timars arbeidsdag, av ei 45 timars veke er 32 timar avtalt brukt på skulen. Ei tilnærming til kva ein framtidig arbeidsgjevar venter, finn vi i stillingsannonser kor ein ønskjer kvalifikasjonar som: gode samarbeidsevner, fleksibel, kreativ, sjølvstendig, positiv, ansvarsbevisst, praktisk og løysingsorientert, resultatorientert osb Vårt mål er at du skal lære mest mogleg i praksisperioden og vi håper å lære av deg. Dine saklege innspel, ditt undervisningsopplegg og det du underviser vil gje elevane eit anna tilbod enn vi faste her gjev. Våre forventingar og praksis er prega av vår tolking av avtalar og planar. Andre skular kan ha ulik praksis frå oss. Alle skular har ei profesjonell tilnærming til krav om teieplikt (fvl.lova 13) og det er rutine å få orientering om kva den inneber samt underteikne teieplikterklæring. Profesjonsetikk Vi som arbeidar på Høle skule har forventningar og krav til studentane som kjem hit i praksis: De deltek aktivt i praksisfellesskapet De er tilstade på skulen kvar dag frå 08.00 15.30. Unnatak er fredag, då til 14.00 De er positive rollemodellar for elevane. De er godt forberedt før møtet med elevane. De tilpassar undervisninga til elevar og fag. De omtalar skulen positivt, og gjev sakleg beskjed om det er noko de lurer på eller er ueinig i. De er ein del av eit profesjonelt fellesskap kor respekt og teieplikt er ein kjerne. Ordensreglementet gjeld for både elevar, tilsette, og studentar. Rutiner for fråvær Gje beskjed til praksislærar din så snart som råd. Fyll ut vedlagte skjema for eigenmelding. Avtal når fråværet kan tas att, jamfør krav i utdanninga om talet på dagar i praksis. Kva kan du forvente av oss som praksisskule? Dette kan du forvente av oss som arbeider på Høle skule: Som student her, er du ein av oss, jamfør vårt pedagogiske grunnsyn «alle elevane er våre». Heile personalet er godt førebudd til å ta imot studentar. Elevrådet ønska sterkt at vi skulle vere praksisskule, og elevane gler seg til studentane kjem. Vi er gode rollemodellar. Vi tilpassar undervisninga til elevar og fag og er tydelege leiarar. Vi lærer i praksisfellesskapet. Vi lyttar aktivt til studentane og vi lagar praksisplan i saman. Studentane er ein viktig ressurs for skulen. 5

Vår plan for praksisopplæring Praksisperiodane i korte trekk Hos oss på Høle skule vil vi legge til rette for at de får ein variert, rettleia og vurdert praksisperiode, der de opplever progresjon i forhold til eiga utvikling. Innhaldet i praksis hos oss vil variere ut frå kor langt de er kome i eiga utdanning. Saman skal vi hjelpe kvarandre med stadig å forsøke å knytte saman teori og praksis, med felles målsetting om å legge best mogleg til rette for læring både for studentar, elevar og lærarar. Vi ønskjer saman å skape praksisperiodar som kan gi gode vilkår for å kunne utvikle eigen lærarrolle og ein praktisk yrkesteori. Læringsutbytte Vi vil legge til rette for at de når måla for læringsutbytte etter rammeplanen for grunnskulelærar utdanninga 1.-7. trinn og 5.-10. trinn. (Rundskriv F-05-10). Studieår Tema Tverrgåande perspektiv: 1.år 2.år 3-4.år Lærarrolla, lærararbeidet og læraren si tilrettelegging av fag for elevane. De vil få særskilt innføring i lesing som grunnleggjande ferdigheit og prøve å legge til rette for elevane si utvikling av leseferdigheit i norsk og matematikk. Her vil utprøving av ulike læringsstrategiar vere aktuelt. Saman med praksislærar vil de få opplæring i vurdering for læring og sjølv bruke vurdering som en del av læringsarbeidet og legge til rette for elevane si eigenvurdering. Den enkelte eleven, elevmangfald og elevane sitt møte med skule og fag. Vi har spesielt fokus på tilpassa opplæring og de vil få prøve ut ulike arbeidsmåtar, som stasjonsundervisning og tilpassa arbeidsoppgåver for elevane. Gjennom å lære meir om lesing i alle fag vil de få innsikt i elevane si læring av grunnleggjande ferdigheiter og forståing av fagkunnskap. Alle studentar får tilbod om å planlegge og gjennomføre ein elevsamtale. Jobbe vidare med tema for 1. og 2. året og samtidig sjå på skulen som organisasjon, det profesjonelle fellesskapet og samarbeid med føresette og andre sentrale instansar utanfor skulen. Om mogleg får de delta på eit klasseforeldremøte eller ein utviklingssamtale i løpet av praksis hos oss. Ved å delta på eit spesialpedagogisk møte på skulen vil de få eit innblikk i korleis samarbeidet mellom lærarane, spes.ped. ansvarleg, leiinga og andre aktørar som for eksempel PPT og skulehelsesøster fungerer. 6 Danning og grunnleggande ferdigheiter Vurdering og tilpassa opplæring Tverrkulturelle perspektiv og samisk Variert praksis Tilpassa praksis til der du er i forhold til tidlegare utdanning og erfaring. Observasjon og utprøving av variert lærararbeid på ulike trinn og i fleire fag. Vere ein del av kollegiet og delta i faglege refleksjonar på personalmøte, ag-møte og andre samarbeidsmøter. Vere vakt i friminutt. Ta del i vurderingsarbeid. På Høle er Vurdering for Læring eit fokusområde, og det inneberer å setje og tilpasse læringsmål, planleggje undervisning i forhold til måla og vurdere elevane med skriftlege og munnlege framovermeldingar for best mogleg læring.

Delta i skule- og heim-samarbeid. Dette kan innebere å delta på foreldremøte eller på foreldresamtalar når det fell saman med praksisperioden. Delta på felles kommunale kurs/utviklingsarbeid når det fell saman med praksisperioden. Få opplæring i bruk av Smartboard og mulighet til å teste ut dette i eiga undervisning. Prøve ut skulen sine læremiddel, og få erfaring i bruk av ulikt konkretiseringsmateriell. Få erfaring i tilpassa opplæring. Rettleia praksis Saman med praksislærar skal du og dine medstudentar lage ein gruppebasert praksisplan, der innhaldet for praksisperioden skal bli tydeleggjort. I forkant av ei undervisningsøkt får du rettleiing på dei didaktiske planane du har utarbeida åleine, saman med medstudentar eller med praksislærar. Det vil også bli gitt rettleiing undervegs i førebuingsprosessen, og i etterarbeidet av timane. Du vil få rettleiing ut frå korleis du fungerer i samhandling med elevar og kollegaer. For oss er det eit viktig prinsipp at du får utfordringar som passer til deg. Det sett føre god kommunikasjon mellom deg og din praksislærar. Vurdert praksis Arbeidet du gjer i praksis vil bli vurdert, og du får tilbakemeldingar på kva du meistrar og kva utfordringar du har å jobba vidare med. Me ønskjer at denne tilbakemeldinga skal vera kontinuerleg, og ein del av rettleiingstimane. Målet er at du skal få framovermeldingar som du kan bruka når du og dine medstudentar planlegg nye undervisningsøkter eller anna lærararbeid. I tillegg til den vurderinga praksislærar gjev, skal du også få vurdera deg sjølv og medstudentar. Her vil du også nytta prinsipp frå vurdering for læring. I kvar praksisperiode vil kvar student få individuelle rettleiingstimar, der me saman ser på kva mål du og dine medstudentar skal arbeida mot. Praksislæraren vil ha ein samtale med deg i god tid før praksisperioden er slutt dersom det er nokre av måla i praksisen du har problem med å nå. Saman vil me laga ein plan for korleis desse måla kan bli nådd. I løpet av perioden er det ei midtvegsvurdering, der studentar, praksislærar og rektor deltek. Etter endt praksis vil du få ei avsluttande vurdering, med ei framovermelding. Det blir gitt ei summativ vurdering i slutten av praksisperioden (bestått/ikkje bestått). I tillegg får du ei formativ vurdering som kan hjelpa deg i framtidige praksisperiodar. 7

Ei arbeidsveke på skulen Lærarane har fast arbeidstid og plikt til å vere tilstade frå til 14.00 måndag, onsdag og fredag. På tysdag og torsdag varer arbeidsdagen til 15.30. Ein lærar i 100% stilling har i tillegg til undervisning, om lag ein time med friminuttvakt i løpet av ei veke. måndag tysdag onsdag torsdag fredag 11.30 Inn 13.00: Ut (buss) 13.15: Inn 14:00 Ut (buss) 11.10 midttimemøte 11.30: Inn 12.15: Ut (buss) 12.30: Inn 14:00 Ut (buss 11.30 Inn 13.00: Ut (buss) 13.15: Inn 14:00 Ut (buss) 11.30 Inn 13.00: Ut (buss) 13.15: Inn 14:00 Ut (buss) 14.15 AG-møte* 14.15 personalmøte/ faggruppemøte arbeidstid til arbeidstid til 15.30 15.30 *AG (Arbeidsgruppe/trinnmøte) AG1: 1-4.trinn, AG2: 5-7.trinn, AG3: 8-10.trinn Det kjem eit kort ringesignal to minutt før friminuttet er slutt. Tysdagar går 1.-4. til 12.15 medan resten går til 14.00 Onsdagar går 1.-7. til 13.00 medan 8.-10 går til 14.30 Torsdagar og fredagar går 1.-2. til 13.00 medan resten går til 14.00 11.30 Inn 13.00: Ut (buss) 13.15: Inn 14:00 Ut (buss) 8