Arna. 1. Kommune og bygder



Like dokumenter
- De såg vel det fine idrettsanlegget me hadde? De køyrde forbi.

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Odda (Røldal) 1. Kommune og bygder

Nynorsk, verb, framhald

Odda (Tyssedal) 1. Kommune og bygder

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Hornindal. 1. Kommune og bygder

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Fonetikk og fonologi Oppgåver

Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt!

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Jondal. 1. Kommune og bygder

Odda (sentrum) 1. Kommune og bygder

vise forståelse for sammenhengen mellom språklyd og bokstav og mellom talespråk og skriftspråk lese store og små trykte bokstaver

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Bjerkreim kyrkje 175 år. Takksemd. Tekster av Trygve Bjerkrheim Musikk av Tim Rishton

Dombås. Gudbrandsdalen OPPLAND. Fagernes. Valdres og Hallingdal. BUSKERUD Midtaustlandsk OSLO AKERSHUS Oslo

6. trinn. Målark Chapter 1 Bokmål. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen. Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår.

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Lærar: Ruth Helgestad

Veiledning og tilleggsoppgaver til Kapittel 12 i Her bor vi 1

Fana. 1. Kommune og bygder Markering av bygder Kart-inngangar K

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

OK, seier Hilde og låser.

Utdrag frå boka Ord te gagns

6. trinn. Målark Chapter 1 Nynorsk. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Eid. 1. Kommune og bygder

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Vi trives i hjel! Glimt fra Lokalsamfunnsundersøkelsen Oddveig Storstad Norsk senter for bygdeforskning

Kvam. 0. Disposisjon. 1. Kommune og bygder

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

2. Å R S B E R E T N I N G O G R E G N S K A P F O R A ) Å r s b e r e t n i n g o g r e g n s k a p f o r

3rd Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA

Frå dikt til teikneserie

ÅRSPLAN NORSK 4. TRINN

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Dombås. Gudbrandsdalen OPPLAND. Fagernes. Valdres og Hallingdal. BUSKERUD Midtaustlandsk OSLO AKERSHUS Oslo

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

HOPPlæring i Hortenskolen AKTIVITETER TIL IDÈBANK

«Ny Giv» med gjetarhund

7. trinn Målark Chapter 1 Bokmål

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

7. trinn. Målark Chapter 1 Nynorsk. Namn: Dato: Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen

2016 Det Norske Samlaget

1 Å lese høgt, s. 6 Minne frå ein sommar, s Å skrive replikkar, s Meir om replikkar, s. 11

mmm...med SMAK på timeplanen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

buss ferje syklar tog bur bil går langt fortare Nokre elever har lang skuleveg. Dei tek eller til skulen.

Kva er økologisk matproduksjon?

Fonemoppfatting hos cochleaimplanterte vaksne. Arne Rødvik

UKEPLAN UKE 4 UKE: 4 DATO: GRUPPE: E

Sk ie n ko mm une. R EG UL E R I N GS B ES T E MM E L SER T I L D eta ljr e gu l e ri n g

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Høyfrekvente ord. Hvordan jobbe med repetert lesing av ord?

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Lydlek. Perm 2. Vokaler og diftonger S-lyden. Et lekbasert opplegg med de norske språklydene/ språklydkombinasjonene. Kopieringsoriginaler

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Fonetikk og fonologi Fasit

Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Opphald mellom ord.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Språkskrinet 1 Skriveutviklingsskjema Språkskrinet 1

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2018/2019 Hovudlæreverk: GOD I ORD

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Kvifor er bokmål (BM) og nynorsk (NN) ulike målformer, og kva er det som skil dei?

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Årstal 2018/2019. Bøker Zeppelin 6 Språkbok, Zeppelin arbeidsbok til Språkbok 6. Lesebok 6, Lesebok 6 pluss.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

FAGKONFERANSE KONTROL L OG TILSYN GARDERMOEN JUNI A RSMØTE I FORU M FO R KONTROLL OG TILSYN 5. JUN I 2013

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål»)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

UKEPLAN UKE 34 UKE: 34 DATO: GRUPPE: E

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Eidfjord. 1. Kommune og bygder

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Årsplan i NORSK for 4. trinn 2014/2015

Transkript:

Arna 0. Disposisjon 1. Kommune og bygder 2. Lytt på dialekten 3. Nokre særdrag 4. Ein liten grammatikk 4.1. Lydverket a. Lydane b. Lydmønster 4.2. Bøyingsverket a. Substantiv b. Verb c. Adjektiv d. Pronomen 5. Forskjellar 5.1. Yngre og eldre dialekt 6. Dialektprøvar 7. Kjelder 1. Kommune og bygder Industristad frå 1840-åra Eigen kommune frå 1964 Omfatta landområda på sørsida av Sørfjorden mellom Ytre Arna og Trengereid Ein del av Bergen kommune frå 1972 Areal (1972, ved samanslåinga med Bergen): Om lag 100 km 2 Innbyggjartal per 01.01.1971 (før samanslåinga med Bergen): 11 476 Den tidlegare kommunen utgjer no bydelen Arna i Bergen. I 1964 blei det opna ein jernbanetunnel gjennom Ulriken, som reduserte reisetida frå Arna til Bergen sentrum til nokre minutt. Etter at jernbanetunnelen gjennom Ulriken blei opna, har det vore sterk næringsutvikling og mykje bustadbygging i Arna. I nyare tid er næringsmiddelindustrien den viktigaste. 2. Lytt på dialekten L Klikk her og høyr på opptak frå Arna. Tekst 1:

2 Ytre Arna det er ei bygd som vaks opp rundt Arne fabrikker. Arne fabrikker vart etablert i 1846 og varte vel til fram på, midt på 1970-talet. Her hadde ikkje vore nokon ting anna enn eit par gardar viss det ikkje hadde vore for denne her fabrikken, eller fabrækkjæ sånn som me sa. Me har ein del æ-ar inni språket vårt. Me seier ælvæ, og lenger uti fjorden har me ein plass som heiter Breistein, som me sa Bræsstei. Og så, me har vel ein del sånne språklege særeigenheiter. Første skulen her på plassen, den kom i 1857, og den er her fortsatt, men no i nye lokale. Og me hadde òg landets eldste forbruksforeining, og den vart starta på 1860-talet. Og, ja, sant, og då har me vel fått historia på plassen her sånn i eit, i ein kortversjon. I dag er det ein plass kor me stort sett søv og et. Her er lite industri igjen. Informant: Mann, fødd 1945 Tekst 2: - Hvor i England var dere henne? - I London. Eller vi bodde utenfor London, da. I Ealing. Så var vi, engelskklassen, vi var på studietur til London. Så det var veldig kjekt. Så bodde vi hos vertsfamilier, da. Ja. Ja. Jeg og en venninne, vi ble plassert hos et gammelt ektepar, og de vartet oss opp hele tiden. Vi fikk mat hele. Det var kjempekjekt. - Hadde det fint der. - Ja, vi hadde det veldig bra. - Det er jo litt spennende når en skal bo hos en engelsk familie, sånn hvem en kommer til. - Ja, vi var jo kjempespent på hvem vi skulle komme til da, men de var veldig grei. Så det var kjempekjekt. Var vi der en uke, fra søndag til søndag. - Det er jo bra. - Så masse og. - Var dere rundt og så på turistattraksjoner og sånn? - Ja, vi var på mange. Det var vi. - Var dere på noen skoler? - Nei, det var vi ikke. Altså, det var kanskje noen andre som var det. Vi, for vi skulle jobbe med sånt prosjekt mens vi var der nede, da. Noen som hadde musikk, og noen som hadde sånn dans eller mote var det vel, og fotball var det noen som hadde. Ja, vi hadde musikk, da. Jeg og så noen andre. Og vi skulle på besøk til sånn organisasjon der nede, så vi var på det, og så, ja, det var sånn undersøkelse. Vi måtte spørre folk på gaten om litt forskjellig, og så skulle vi presentere det for alle sammen, da, siste dagen vi var der. Vi var liksom på en sånn skole der nede. Altså, det var en sånn internasjonal skole som liksom organiserte det opplegget som vi hadde, da. Informant: Kvinne, fødd 1987 Intervjuarar: Kvinne, fødd 1975, Bømlo kommune, og kvinne, fødd 1954, Bergen kommune. 3. Nokre særdrag

3 Info om lydskriftsystemet T Dialekten her har dei vanlege sørvestlandske T[eigen art.] og nordhordlandske T[eigen art.] draga, dvs. at infinitivar O endar på -a T[eigen art.]k: å kasta, å laga svake hokjønnsord (dvs. hokjønnsord som har meir enn éi staving, og som endar på vokal i oppslagsforma) endar på -a i ubestemt form eintal T[eigen art.]k: ei visa, ei jęnta det er skilnad i bøyinga på svake O og sterke O hokjønnsord i bestemt form eintal (men ikkje i bestemt form fleirtal) T[eigen art.] K: visa viså vise visna vise ti tię tie tiena tid i den eldre dialekten er det vanleg med palatale lydar T (dvs. lydar med j- klang): sty e, ry en stykke, ryggen dei personlege pronomena i første person er ęg i eintal og me i fleirtal T[eigen art.]k 4. Ein liten grammatikk 4.1. Lydverket a. Lydane Vokalane i dialekten er dei vanlege: a, e, i, o, u, y, ø, å, au, ei, oi, ai, øy. Dessutan har ein desse tilleggsvokalane : ę som er ein open O e-lyd, ein æ-farga e. Dette er eigentleg æ-lyden i målet, ein æ-lyd som ikkje er på langt nær så open som den vanlege austlandske æ-lyden. Føre r er denne lyden gjerne litt opnare enn i andre posisjonar. ȯ som er ein å-lyd med ø-klang. Lyden kan vera lang og kort, men er han kort, er ofte lyden mindre ø-farga. Konsonantane er dei vanlege me kjenner frå skriftmålet: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Dessutan har dialekten desse tilleggskonsonantane :,, som blir uttalte med å pressa fremre delen av tunga mot ganen litt lenger fram enn der ein uttaler k og g, og så opna for lufta med ein liten eksplosjon. I fagspråket kallar me desse lydane for affrikatar. Dei svarar ofte til skrivemåten kj og gj i nynorsk: tęn a, by a

4 'tenkja, byggja'. Men desse to lydane vekslar også ofte med k og g i bøyinga av ord, og det blir kommentert under substantiv L., som ofte svarar til skrivemåten ng. Han blir uttalt med å pressa bakre delen av tunga mot ganen mens ein slepper lufta ut gjennom nasen. I fagspråket kallar me denne lyden for ein velar nasal: ȯ el ongel. Som dei fleste andre dialektane i Nordhordland har ikkje arnamålet tonemforskjell O, dvs. at det ikkje finst ordpar der tonegangen O er den einaste tydingsskiljande faktoren. I dei fleste andre dialektar ville ein tonemforskjell ha skilt det eine ordet i dette ordparet frå det andre: Tonem 1: ˊspira (bestemt form fleirtal av spir kyrkjespir ) Tonem 2: ˋspira (infinitiv O av å spira) Men i arnamålet blir begge desse orda uttalte likt. b. Lydmønster Etter d, l, n, r, s og t blir den trykklette stavinga -en uttalt som ʼn, dvs. at vokalen fell ut og n-en åleine blir uttalt som ei staving. Det heiter altså for eksempel grisʼn og ikkje grisen. 4.2. Bøyingsverket a. Substantiv Hankjønn Det dominerande bøyingsmønstret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma O (time), mens andre ikkje gjer det (hęst). Me har difor plassert e-en i ein parentes: 1. (e) en a ane Det vil seia at hęst, gut og time blir bøygde slik: hęst hęstʼn hęsta hęstane gut gutʼn guta gutane time timen tima timane På grunn av at endinga en i hęsten og guten står etter t, blir orda i bestemt form eintal uttalte hęstʼn og gutʼn, jf. Lydmønster L. Ei gruppe hankjønnsord har e i fleirtalsendingane:

5 2. en e ena Slik går m.a. sękk, sau, bękk, altså på denne måten: sękk sę en sę e se ena sau sauen saue sauena bękk bę en bę e bę ena Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein i: fot fotʼn føt føtʼna bror brorʼn brør brørʼna Ein del ord med stavinga al, ar, el og er følgjer første bøyingsmønstret, men dei får samandraging O i fleirtal: apal apalʼn apla aplane epletre habmar habmarʼn hamra hamrane hammar ly el ly elʼn lykla lyklane nøkkel åker åkerʼn åkra åkrane Hokjønn Dei fleste sterke hokjønnsorda O har dette bøyingsmønstret: 3. ę e ena Dermed får orda ti og skål slik bøying: ti tię tie tiena tid skål skålę skåle skålʼna Dei fleste svake hokjønnsorda O har slik bøying: 4. a å e ena visa viså vise visʼna nasa naså nase nasʼna Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen -a i fleirtal: 5. ę a ane

6 Slik bøying har f.eks. myr og bygd: myr myrę myra myrane bygd bygdę bygda bygdane Desse orda har avvikande bøying frå hovudmønstra i hokjønn: klo klonę klø klødʼna mor morę mør mørʼna kyr kyrę kyr kydʼna Inkjekjønn Inkjekjønnsorda har desse bøyingsmønstra: 6. (e) e (e) ę Orda hus og ęple får dermed denne bøyinga: hus huse hus husę ęple ęple ęple ęplę Dette er det dominerande bøyingsmønstret for inkjekjønnsorda. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma O (ęple), mens andre ikkje gjer det (hus). Me har difor plassert e-en i ein parentes. Ordet aua auge har avvikande bøying: 7. -a -a -e -ena aua aua aue auʼna Palatalisering Palatalisering kallar me det at ord som bok heiter bo a, sag heiter saja, fi heiter finjen, og vegg heiter ve en i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemnde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k alltid blir skifta ut med, mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. vegg) og med j etter lang vokal (jf. sag) og etter n (jf. fi ). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella: i eintal av hankjønnsord, i eintal av hokjønnsord som ikkje endar på a i oppslagsforma, i fleirtal av hokjønnsord med e og ena som endingar (dvs. klasse 3 ovafor), og i heile inkjekjønn.

7 b. Verb Svake verb Dei svake verba O kan me setja opp i seks klassar med desse bøyingsendingane: 1. kasta-klassen: a a a a Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks. kasta kasta kasta kasta 2. døma-klassen: a e de/ te t Etter dette mønstret bøyer ein altså slik: nęmna nęmne nęmde nęmt vęnna vęnne vęnde vęnt venda øpa øpe øpte øpt Verba som har konsonantane g, l, m, n, r eller v føre endinga, som altså nęmde, levde osv., får endinga -de i preteritum O. Dersom verbet har konsonantane p eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggja til -te: øpte. 3. greia-klassen: a e dde/ tte tt Altså: bløyta bløyte bløtte bløtt bøya bøye bødde bøtt Når desse verba får tillagt endingane dde/ tte og tt, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har diftong O framom infinitivs-a-en: bøya, tøya, pløya. 4. meina-klassen: a a de/ te t

8 Desse verba liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i fortid: laga laga lagde lagt baka baka bakte bakt Her som i døma-klassen finst to endingar i preteritum O alt etter kva konsonant som står framom endinga: bakte med -te og lagde med -de. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: lika, baka, laga osv. 5. telja-klassen: a * de * t Her set me stjerne framom endingane i fortid, for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen O i verbet kan skifta: tęlja tęl talde talt Her som i døma-klassen bruker ein -te i preteritum O etter visse konsonantar. 6. nå-klassen: r dde tt Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv O, og altså -r i notid: bu bur budde butt tru trur trudde trutt Sterke verb Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake O ved først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen O mellom bøyingsformene, som me ser f.eks. i fara fęr for fare. Her er vokalskiftet altså a - ę - o - a. Dessutan er det inga ending i preteritum O (for), og perfektum partisipp O har oftast endinga -e (fare) Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller me opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse. 1. klasse (i - i - ei - e): bita bit beit bete slita slit sleit slete 2. klasse (y - y - au - ȯ): bryta bryt braut brȯte

9 sjyta sjyt skaut skȯte 3. klasse (i/e/ę - i/e/ę - a - u/ȯ): fidna fidn fadn fudne drekka drekk drakk drȯ e brędna brędn bradn brȯdne svęlta svęlt svalt svȯlte 4. klasse ( ę - ę - a - å ): bęra bęr bar båre sjęra sjęr skar skåre 5. klasse ( a - ę - o - a ): fara fęr for fare grava gręv grov grave Litt meir spesiell bøying har desse sterke verba O: bea be ba bee jeva jev gav gåve slȯ slęr slo sleie sta står sto ste få får fękk fę e c. Adjektiv Adjektiva har me hovudsakleg to typar av: 1) dei som endar på en eller el i oppslagsforma O (f.eks. galen, dubbel), og 2) dei som ikkje gjer det (f.eks. stor). Adjektiva får bøying i samsvar med substantivet dei står til, og dermed får dei slike bøyingar: 1) ein gal n gut ei galę mor ętt gale svar galne guta galna mør galne svar 2) ein stor mann ei stor eri eit stort hus store męnn stora eri a store hus På grunn av at endinga en i galen står etter l, blir ordet uttalt gal n, jf. Lydmønster L.

10 Dermed er bøyingsmønstra slik: 1) en ę e ne na ne 2) t e a e d. Pronomen Dei personlege pronomena er desse: Eintal Fleirtal 1. pers. 2. pers. 3. pers. 1. pers. 2. pers. 3. pers. hankjønn hokjønn inkjekjønn subjektsform ęg du hann ho da me de dei avhengig form męg dęg hann hędne da ȯss dekȯ dei Dei peikande pronomena i Arna har denne bøyinga: Eintal Fleirtal Hankjønnn Hokjønn Inkjekjønn Hankjønn Hokjønn dann dann da dei dei dędne dędne dętta dęsse dęssa dadne dadne datta dasse dasse hinn hi hitt hine hine Pronomenrekkja dędne viser til noko nært, mens rekkja dadne viser til det fjerne. Det vil seia at vokalane ę og a markerer dette skiljet. 5. Forskjellar 5.1. Yngre og eldre dialekt

11 Denne grammatikkskissa viser eldre arnadialekt. På ein del punkt kan me sjå forskjellar mellom yngre og eldre dialektbrukarar. Når det gjeld den yngre arnadialekten, har han store likskapar med bergensdialekten (sjå eiga skisse for dialekten i Bergen). Dette er ei utvikling dialekten i Arna ikkje er åleine om, men som me også kan finna i Fana, Laksevåg og Åsane (sjå eigne skisser for desse plassane). Fram til 1972 var Arna, Fana, Laksevåg og Åsane eigne kommunar, men frå og med då blei desse kommunane ein del av det såkalla Stor-Bergen, dvs. at dei høyrer til Bergen kommune. Desse fire nye delane av Bergen har hatt ei nokså samsvarande språkutvikling etter kommunesamanslåinga, og dei har alle fått bygdemåla sine påverka av bergensdialekten i stadig større grad. I Arna har for eksempel uttalen av r-lyden endra seg frå såkalla rulle-r O til skarre-r O. I dialektprøvane våre kan ein høyra at den eldre informanten varierer uttalen og bruker både skarre-r og rulle-r, mens den yngre informanten har gjennomført skarre-r. 7. Dialektprøvar Tekst 1 L [lytteprøve]: Ytre Arna de e ei bygd såmm vaks opp ront Arne fabrikke. Arne fabrikke vart ętablert i attensęksåførti å varte vęll te framm på mitt på nittensøttitale. Hęr hadde i e våre nåken ti ant ęnn ętt par gara viss i e da va, va fårr dęnne hęr fabrikken, ęlle fabrę e sånn så me sa. Me har einn del ę-a inne i språ e vårt. Me sęie ęlvę, å le er uti fjor n har me, har me einn plass så heite Breistein såmm me sa Bręsstei. Å så me har vęll einn del sånne hęr språklege sęregenheta. Føste skul n hęr på plass n dęnn kåmm i attensjuåfęmti å dęnn e, e hęr forrsatt, męnn no i nyę lokale. Å me hadde åg lannes ęlste forrbruksforeni, å dęnn vart starta på attensekstitale. Å, ja, sant å då har me vęll fått historien på plass n hęr sånn i ętt, i en kortvęrsjon. I dag e da einn plass kor me stort sętt søv å et. Hęr e lite industri ijęnn. Tekst 2 L [lytteprøve]: - Hvor i England var dere henne? - I Lånndån. Ælla vi bodde ut nfårr Lånndån da, i Ili. Så va vi æ elsklass n, vi va på studietur till Lånndån. Så de va vældi ækt. Så bodde vi hoss værtsfamiliar da. Eg å en veninne vi ble plassert hoss ætt gammelt æktepar å di vartet åss opp hele tid n. Vi fikk mat hele. De va æmpe ækt. - Hadde det fint der. - Ja, vi hadde de vældi bra.

12 - Det er jo litt spennende når en skal bo hos en engelsk familie, sånn hvem en kommer til. - Ja, vi va jo æmpespænt på kæmm vi sku kåmme till, da, mænn di va vældi grei. Så de va æmpe ækt. Va vi dær en uke, fra sønndag till sønndag. - Det er jo bra. - Så masse åg. - Var dere rundt og så på turistattraksjoner og sånn? - Ja, vi va på ma e. De va vi. - Var dere på noen skoler? - Nei. De va vi išše. Allså de va kanše noen andre så va de. Vi, fårr vi sku jåbbe me sånn prošækt mæns vi va dær nede, da. Noen så hadde musikk å nåkken så hadde sånn dans ælla mote va de væll, å fottball va de nåkken så hadde. Ja, vi hadde musikk, da. Eg å så nåkken andre. Å vi skulle på besøk te sånn årganisašon dær nede, så vi va på de, å så, ja. De va sånn undasøkelse, vi måtte spørre fålk på gat n omm litt fåšælli, å så skulle vi præs ntere de fårr alle sammen da siste dagen vi va dær. Vi va likksåm på en sånn skole dær nede. Allså de va en sånn intanašonal skole så likksåm årganiserte de opplægge så vi hadde, da. 8. Kjelder med opplysningar om dialekten i Arna Denne oversikta byggjer på materiale i Målføresamlinga, Nordisk institutt, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen. Dessutan er det henta opplysningar frå skriftene nemnde nedafor. I desse kjeldene finn ein også fleire opplysningar enn det som er drege fram her. Ei liste over allmenn dialektlitteratur finn du her T[eigen art.] og om nordhordlandsmålet her T [eigen art.]. Hodnekvam, Ragnar: Stadnamn frå Haus. Hovudfagsoppgåve i norsk, Universitetet i Bergen 1939.