Å skape og presentere ei framsyning



Like dokumenter
ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Frå dikt til teikneserie

Halvårsplan, hausten 2011

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Litterære verkemiddel

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

Å lage ein teikneserie

Årsplan i Musikk for 2.årssteg

Valdres vidaregåande skule

Å halde ein læresamtale

Månadsplan for Hare November

Fagplan i musikk. Faglærar:Aud Trinn: 7. Kompetansemål K06 Tema og innhald Kompetanse-/Læringsmål for undervisninga Musisering:

Eksamen. 24. november DRA2002 Teater og bevegelse 2. Programområde: Musikk, dans, drama. Nynorsk/Bokmål

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret:

Av en født forbryters dagbok

Årsplan i Musikk for 2.årssteg Faglærar Linda Longva Veke Kompetansemål Delmål Metode Læremiddel Konkretisering av lærestoff Musisere:

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Hovedområde: Muntlige tekster, Språk og kultur

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Årsplan for Norsk

Årsplan for Norsk

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Å velje lesemåte. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. (Kan knytast til mange oppgåver) Læringsmål:

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar

Refleksjon og skriving

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for årstrinn

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsplan i Norsk for 3.klasse

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Barnehagen som kulturell og språkleg læringsarena

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Film og referat Kunne skrive filmanalyse. Sjå «Flukten frå Sobibor».

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Last ned Tid for tale. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tid for tale Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

Øystese barneskule April - 08

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LÆRERVEILEDNING. Utvikling frå rørslemateriale til komposisjon 1

Minnebok. Minnebok NYNORSK

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Årsplan i norsk for 6.kl

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om koordinatsystem og rette linjer

Bok. på Eg og Pontus går for gull. NyNorskseNteret. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

ÅRSPLAN, NORSK

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Med nynorsk til betre skriving med skriving til betre læring

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Stemnehandboka for NKSF

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10

Årsplan i norsk for 1.årssteg

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Årsplan for klasse: 7.klasse År: 2016/17 Lærarar: Anita Thune Åmås og Elin Fredheim. Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Transkript:

Å skape og presentere ei framsyning Ei spennande utfordring i norskfaget i Vg3 er kombinasjonen av det å møte tekstar andre har skrive, og å skape noko sjølv. Ifølgje læreplanen skal de «setje saman og framføre eit avgrensa skjønnlitterært program». For å lage ei slik framsyning, bruker de skjønnlitterære tekstar (av andre og/eller eigenproduserte) og tilpassar dei for scenisk framføring. I Vg3 blir det lagt meir vekt på kunstnarleg profesjonalitet i dette arbeidet. Utnytt talenta i klassen i arbeidet: songarar, dansarar, musikarar, gode forteljarar og skodespelarar. Men ver realistiske, mykje kan gjerast enkelt. Kva slags tekstar skal vere materiale for framsyninga? Utgangspunktet for programmet er altså at de skal presentere skjønnlitterære tekstar (fiksjonstekstar). Fleire av tekstane i denne boka eignar seg for scenisk framføring, men de står fritt til å velje nær sagt kva som helst berre det er innanfor ramma fiksjon, til dømes skodespel, dikt, forteljing, novelle, romanutdrag, song, vise eller rapp. De kan også velje eit kunstbilete eller eit anna kunstuttrykk som utgangspunkt. Kva for ein grunnidé skal programmet byggje på? For at det skal bli ei heilskapleg framsyning, bør ho ha ein raud tråd. Konsentrer dykk om eitt sentralt tema. Det kan vere naturleg å velje ein epoke som tema (til dømes realismen), ei stilretning (til dømes modernisme) eller ein forfattar (helst ein som skriv i fleire sjangrar). Alternativt kan de velje eit generelt, allment tema, til dømes konfliktar, vennskap, identitet, barndom, kjærleik, mennesket og naturen, det moderne mennesket eller de kan ta utgangspunkt i eigne ønske og finne ein tittel som passar: «yndlingstekstane våre» eller «norsk festframsyning». Korleis skal arbeidet organiserast? Det kan vere effektivt at heile klassen vel eit felles programtema, og så jobbar ulike grupper med kvart sitt innslag. Set gjerne ei tidsramme for heile programmet og for kvart innslag. Gruppene kan «spesialiserast» etter kva elevane ønskjer, til dømes kan ei gruppe vere ansvarleg for musikkinnslag, ei anna for dans, ei for diktframføring, to tre for dramatiseringar e.l. Læraren godkjenner programmet og gruppeinnslaga og sørgjer for at ikkje fleire grupper gjer det same. Denne arbeidsforma krev at ein planlegg heilskapen, korleis programmet skal setjast saman (sjå tips nedanfor). 315

Dersom elevane ønskjer å arbeide med ulike tema, er ein annan arbeidsmåte å dele klassen inn i grupper etter kva tema dei vil arbeide med. Kvar gruppe må da lage ei heilskapleg framsyning med fleire innslag. Det krev meir arbeid av gruppa enn når klassen har eit felles prosjekt, men somme kreative elevar har kanskje lyst til å ta den utford ringa. Set tidsrammer for heile arbeidet og bestem «premieredato». Korleis byggje opp og setje saman programmet? Når ein skal skape ei heilskapleg framsyning, er dramaturgien, det vil seie oppbygging og samansetjing svært vesentleg. Ei samansett framsyning som består av fleire ulike innslag (som kollasjar, revyar og den framsyninga de skal lage), byggjer vanlegvis på to prinsipp: Skap samanheng. Temaet og formålet med framsyninga sørgjer for indre samanheng. For å skape «ytre» samanheng kan ein ha programleiarar eller konferansierar som bind innslaga saman. Skap kontrastar og variasjon mellom nummera, til dømes ved å veksle mellom verbalt innslag og musikalsk innslag, lite rørsle (til dømes diktlesing) og mykje rørsle (til dømes dans), éin person på scena og mange personar, lyrisk stemning og dramatisk spenning, alvor og skjemt. Legg spesiell vekt på opnings- og sluttnummeret. Spar gjerne det store «pangnummeret» til slutt. Korleis arbeide med tekstar for scena? 1 Dramatisering a Den vanlegaste dramatiseringsmåten set ein prosatekst om til eit scenisk språk med handling og replikkar. Da held ein seg nær den opphavlege teksten og dramatiserer ved å skissere ein handlingsgang i samsvar med originalteksten (ofte må noko strykast) bruke replikkar direkte frå teksten der det er mogleg lage direkte tale (replikkar) av indirekte tale dikte inn tilleggsreplikkar med nødvendige opplysningar skrive sidetekst (det vil seie forklarande tekst i tillegg til replikkane) om kva personane gjer på scena skrive sidetekst om korleis replikkane skal seiast (til dømes kva kjensler som skal komme til uttrykk) I tillegg må de tenkje ut scenografi, kostyme, rekvisittar og lyd. Vel gjerne enkle løysingar. 316 GRIP TEKSTEN

b Den andre måten å dramatisere på står mykje friare overfor originalteksten. Da diskuterer ein seg fram til ei felles tolking av temaet, og på grunnlag av dette lagar ein så ein heilt ny tekst. Denne nye teksten kan ha eit heilt anna uttrykk enn originalteksten. Han kan til dømes vere eit lite skodespel med oppdikta personar og handling eller ein kollasj med musikk, lys og lyd. Denne «frie» dramatiseringsmetoden bruker ein også dersom ein vil dramatisere ein saktekst, til dømes ei hending frå livet til ein diktar. 2 Arbeid med lyrikk Det enklaste og vanlegaste er å framføre lyrikk som direkte opplesing. Men ein del dikt eignar seg også godt til scenisk framføring. Her er nokre forslag: Finn musikk som passar til diktet, og spel han før eller under opplesinga. Set melodi til diktet og framfør det som song. Ei gruppe lagar biletteater (statueteater) som illustrerer tema i diktet mens nokon les diktet. Ein kan ha same statuen gjennom heile diktet, eller statuen kan skifte stilling alt etter innhaldet i diktet. (Biletteater: Elevane formar ein skulptur av kroppane sine, der kroppsspråket viser den relasjonen og dei kjenslene menneska har til kvarandre. Øv på å gå raskt inn i «skulpturposisjon».) Bruk talekor (ikkje for stort). Opplesinga kan til dømes fordelast mellom solist og kor. Eller koret kan skape effektar ved at det tek opp att ord, les heilt rytmisk, lagar klangar, hevar og reduserer lydnivået kort sagt finn på ting som kler diktet. Dramatiser diktet, gjerne etter den frie dramatiseringsmetoden (punkt b ovanfor). Somme dikt er tonesette og har dermed vorte songar. Lær songen. Syng solo, saman i ei gruppe eller i heile klassen, med eller utan akkompagnement. 3 Bruk av kunstbilete Kunstbilete er eigentleg ikkje «skjønnlitterære» sidan dei ikkje er verbale, men dei er «fiksjonstekstar» som du kan skape skjønnlitterære tekstar ut frå, til dømes dikt, noveller eller små skodespel. Eit stemningsbilete kan vere ei fin inspirasjonskjelde til å skrive lyrikk. Når du skal skrive ei novelle eller eit skodespel, er det oftast lurt å velje eit bilete som viser fleire personar og litt «handling». Da kan du lage ein tekst om kva det er som går føre seg mellom dei. Den frie dramametoden (punkt b ovanfor) eignar seg godt til dramatisering av eit bilete. 317

Korleis arbeide med framføringa? For nesten all munnleg framføring gjeld hovudreglane: Snakk høgt, artikuler tydeleg, hald passe tempo, bruk kroppsspråk bevisst, ha augekontakt med publikum og konsentrer deg om å formidle teksten. I tillegg krev kvar sjanger spesiell førebuing: 1 Høgtlesing av prosatekstar Den som les høgt, må først og fremst vere godt førebudd og ha innstudert teksten grundig. Under førebuingane gjeld det å finne ut kva for ei stemning ein ønskjer å skape, korleis replikkar skal lesast, kva ord som skal ha trykk, og kvar ein vil ha pausar. 2 Diktframføring Vi har alt nemnt at dikt kan framførast i gruppe, og vi har gitt eit par forslag til korleis. Når dikt blir framførte individuelt som vanleg opplesing, kjem ein langt ved å følgje hovudreglane for munnleg framføring (sjå ovanfor) og reglane for høgtlesing. Det vesle kunstnarlege lyftet kan ein skape gjennom bevisst stemmebruk (trykk, toneleie, rytme, styrke og gjerne «ei personleg stemme») og til dømes ved å bruke stemningsskapande musikk eller lys. 3 Forteljing Framføring av ei forteljing har mykje til felles med høgtlesing, men forteljaren må kunne historia utanåt og fortelje henne utan manus. Ein forteljar kan i større grad enn ein opplesar vende seg direkte til publikum, og det må ein utnytte (og øve på!). Bruk stemme og kropp til å levandegjere forteljinga, men utan å overdrive. 4 Framføring av ein dramatisk tekst (skodespel eller dramatisering) Desse råda byggjer stort sett på metodane til teaterteoretikaren Stanislavskij, som ønskte ein naturleg og verkelegheitsnær spelestil: Start med å lese teksten høgt. Byt roller undervegs. Formålet er å bli kjend med stykket. Tolk teksten saman og kom fram til ei felles forståing av han. Fordel roller. Vel ein regissør som har hovudansvaret for å leie arbeidet og instruere skodespelarane. Bli samde om scenografi, kostyme, rekvisittar, lys og lyd. Arbeid med rolletolkinga. a Finn ut mest mogleg om rollefiguren din (også kalla «karakteren»): Kva for ein situasjon er han i? Kva ønskjer han å oppnå? Kven hindrar han i dette? Kva eigenskapar har han? Tenk: Dersom eg var 318 GRIP TEKSTEN

b denne personen, korleis ville eg ha reagert? Målet er ikkje å spele rolla, men å vere henne. Arbeid med undertekst (den teksten som «ligg under», det vil seie kva rollefigurane eigentleg tenkjer og føler). Ofte seier han noko heilt anna og viktigare ting enn replikkane. 5 Andre ikkje-verbale kunstformer Når ein lagar ei framsyning, er det eit stort pluss å variere det kunstnarlege uttrykket ved å bruke fleire kunstformer. «Biletkunstnarar» i klassen kan til dømes arbeide med scenografi og kulissar. Musikk, song og dans høyrer naturleg heime i ei framsyning, og desse kunstformene kan gi temaet ein ekstra estetisk dimensjon og tilhøyrarane ei ekstra oppleving. Her må de sjølve finne ut korleis ressursane i klassen best kan utnyttast ut frå dei ferdigheitene dei har. 319