Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet 24.03.2010 025/10 RUVI Avgjerd av: Saksh.: Rune Vik Arkiv: N-511, GBNR-A035/0113 Objekt: Arkivsaknr 09/658 Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan knytt til planlagt barnehage på gnr. 35 bnr. 113 i Bjørketeigen i Øystese Samandrag: I samband med søknad om rammeløyve knytt til bruksendring til barnehage og tilbygg til eksisterande institusjonsbygg på gnr. 35 bnr. 113 i Bjørketeigen i Øystese, vert det søkt om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan. Barnehage skal romme utegruppe samt 4 avdelingar, dvs. 100 born og om lag 20 årsverk. Dispensasjonssøknaden gjeld bygg og område som er lokalisert vest for tilkomstveg inn i byggjeområdet. frå føremålet offentleg institusjon til barnehage, høgdeavgrensing og byggjegrense i reguleringsplan. Konklusjonen frå rådmannen vert at omsyna det vert søkt dispensasjon frå ikkje vert vesentlig tilsidesatt. Det er også vanskeleg å sjå at tiltaket kjem i strid med formålsbestemmelsen i pbl. 1-1. Går ein deretter inn i vurderinga av om fordelane ved ein dispensasjon kan reknast for klart større enn ulempene etter en samlet vurdering, ligg følgjande argumentasjon føre: - Kommunen ynskjer ei meir tenleg barnehageorganisering i Øystese. Sjydnahaugen barnehage driv i dag svært urasjonelt i 4 ulike bygg i påvente av nybygg. Dessutan er eksisterande barnehagar i Øystese prega av til dels dårleg/lite eigna bygningsmasse. - Kommunen sit på ein bygningsmasse i Bjørketeigen med gode kvalitetar som ikkje skal nyttast til opphavleg føremål. Både bygningsmassen og uteområda er funnet godt eigna til barnehageføremålet.
- Ei barnehageetablering som no omsøkt med 100 born og om lag 20 årsverk, vil føre til større trafikkbelastning. Dette er eit tilhøve som veg negativt i saka. Oppsummering Kvam herad er innlema som Trygt Lokalsamfunn og medlem av Safe Community nettverket i regi av WHO. I Trafikktryggleiksplan for Kvam 2006-2010 står følgjande (sitat): - Trafikksikring skal vera ein prioritert del av Trygge Lokalsamfunn-arbeidet i kommunen - Trafikksikring og tryggleik skal vera tema i kommuneplanen - Trafikksikring skal vera med i alle reguleringsplanar Hovudmålsettinga er å redusere gjennomsnittstalet på trafikkskadde. Med eit slikt bakteppe er det ikkje heilt uproblematisk å gå forbi punktet som gjeld auka trafikkbelastning og tryggleik for mjuke trafikkantar / born i Vavollfeltet. Likevel vurdere rådmannen at fordelane ved endra bruk til barnehage veg tyngre i saka. Det er ikkje snakk om oppføring av nybygg men endra bruk av eksisterande bygningsmasse, ei løysing som kvalitets- og ressursmessig er funne god. Etter ei samla vurdering, meiner rådmannen derfor at fordelane ved ein dispensasjon i denne saka er klart større enn ulempene. Vilkåra for å gi dispensasjon skulle såleis vera oppfylt, og ein rår Kvam nærings-, plan- og bygningsutval til å gi dispensasjon i saka. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova (2008) 19-2, gjev Kvam nærings-, plan- og bygningsutval dispensasjon frå føremålet offentleg institusjon, høgdeavgrensing og byggjegrense i Reguleringsplan for bustadområdet Rosshagen gnr. 36 bnr. 1 m.fl. Dispensasjonen gjeld bruksendring til barnehage og tilbygg til eksisterande institusjonsbygg på del av gnr. 35 bnr. 113 i Bjørketeigen i Øystese. Dispensasjonen er grunngjeven med at verken omsyna bak reglane i reguleringsplan eller pbl. 1-1 vert vesentlig tilsidesatt ved ein slik dispensasjon, og at fordelane ved ein dispensasjon må reknast for klart større enn ulempene etter en samlet vurdering. Søknad om rammeløyve for bruksendring til barnehage og tilbygg til eksisterande institusjonsbygg på gnr. 35 bnr. 113 i Bjørketeigen i Øystese,, vert godkjent med heimel i 93 og 95 a i plan- og bygningslova på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal plasserast i samsvar med godkjend situasjonsplan og snitt. 2. At revidert situasjonsplan/utomhusplan vert utarbeidd og sendt Kvam herad. Planen skal innehalda revidert parkeringsløysing, vise detaljert arealbruk (foreldreparkering/ snuareal, leikeareal, akebakke m.v.), vise korleis uteareal er skilt frå tilkomstvegen som går gjennom området, m.v.
Godkjende teikningar - Situasjonsplan i målestokk 1:1000, teikningsnr. 09018.300 og datert 17.11.2009 Utegruppe - Planar i målestokk 1:100, merka E-3/ teikningsnr. 09018.2.302 og datert 15.10.2009 - Snitt, fasadar og perspektiv i målestokk 1:100, merka E-4/ teikningsnr. 09018.2.303 og datert 15.10.2009 - Riveplanar i målestokk 1:100, merka E-5/ teikningsnr. 09018.2.307 og datert 15.10.2009 Hovudbygg - Plan 0 i målestokk 1:100, merka E-10/ teikningsnr. 09018.302 og datert 15.10.2009 - Plan 1 i målestokk 1:100, merka E-11/ teikningsnr. 09018.303 og datert 15.10.2009 - Loftsplan i målestokk 1:100, merka E-12/ teikningsnr. 09018.304 og datert 15.10.2009 - Snitt i målestokk 1:100, merka E-13/ teikningsnr. 09018.305 og rev.dato 05.11.2009 - Fasadar i målestokk 1:100, merka E-14/ teikningsnr. 09018.306 og datert 15.10.2009 - Riveplan 0 i målestokk 1:100, merka E-15/ teikningsnr. 09018.307 og datert 15.10.2009 - Riveplan 1 i målestokk 1:100, merka E-16/ teikningsnr. 09018.308 og datert 15.10.2009 Bosshus - Plan, snitt og fasadar i målestokk 1:100, merka E-17/ teikningsnr. 09018.314 og datert 15.10.2009 Godkjende ansvarsrettar Arkitektkontoret Vaardal-Lunde as vert godkjend som ansvarleg søkjar (SØK), samt som ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjektering (PRO/KPR) av arkitekturprosjektering og brannteknisk/lyd/bygningsfysisk prosjektering. Igangsetting av tiltaket kan ikkje skje før søknad om igangsettingsløyve, kontrollerklæring for prosjektering samt søknader om ansvarsrettar (UTF/KUT/SAM), er framsendt til og godkjent av heradet. Søknad om miljøsanering og avfallsdisponering, avklaring i forhold til Arbeidstilsynet samt dokumentasjon på at saka er sendt til Mattilsynet, må liggje føre. 24.03.2010 Nærings-, plan- og bygningsutvalet Framlegg til vedtak frå utvalsleiar: Rådmannen sitt framlegg til vedtak Framlegg til vedtak frå Hallvard Totland, V: NPB avslår søknad om dispensasjon. Avslaget vert grunngjeve med at omsyna planen skal ivareta vert skadelidande og ulempene er klart større enn fordelane etter ein samla vurdering. Røysting vedk. framlegg frå Hallvard Totland, V:
Framlegget fekk 1 røyst og fall mot 9 røyster Hallvard Totland, V røysta for Desse røysta mot: Arild Berge, DU Leidulv Brattli, Sp Herleif Tveit, Sp Heidi Botnen, Krf Thale Valland, U/H Oddvar Brakestad, H Geir Mo, H Reidar Tolo, U Astrid Selsvold, Ap Røysting vedk. framlegg frå utvalsleiar: Framlegg til vedtak fekk 9 røyster og vart vedteke Desse røysta for: Arild Berge, DU Leidulv Brattli, Sp Herleif Tveit, Sp Heidi Botnen, Krf Thale Valland, U/H Oddvar Brakestad, H Geir Mo, H Reidar Tolo, U Astrid Selsvold, Ap Hallvard Totland, V, røysta mot NPB-025/10 Vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova (2008) 19-2, gjev Kvam nærings-, plan- og bygningsutval dispensasjon frå føremålet offentleg institusjon, høgdeavgrensing og byggjegrense i Reguleringsplan for bustadområdet Rosshagen gnr. 36 bnr. 1 m.fl. Dispensasjonen gjeld bruksendring til barnehage og tilbygg til eksisterande institusjonsbygg på del av gnr. 35 bnr. 113 i Bjørketeigen i Øystese. Dispensasjonen er grunngjeven med at verken omsyna bak reglane i reguleringsplan eller pbl. 1-1 vert vesentlig tilsidesatt ved ein slik dispensasjon, og at fordelane ved ein dispensasjon må reknast for klart større enn ulempene etter en samlet vurdering. Søknad om rammeløyve for bruksendring til barnehage og tilbygg til eksisterande institusjonsbygg på gnr. 35 bnr. 113 i Bjørketeigen i Øystese,, vert godkjent med heimel i 93 og 95 a i plan- og bygningslova på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal plasserast i samsvar med godkjend situasjonsplan og snitt.
2. At revidert situasjonsplan/utomhusplan vert utarbeidd og sendt Kvam herad. Planen skal innehalda revidert parkeringsløysing, vise detaljert arealbruk (foreldreparkering/ snuareal, leikeareal, akebakke m.v.), vise korleis uteareal er skilt frå tilkomstvegen som går gjennom området, m.v. Godkjende teikningar - Situasjonsplan i målestokk 1:1000, teikningsnr. 09018.300 og datert 17.11.2009 Utegruppe - Planar i målestokk 1:100, merka E-3/ teikningsnr. 09018.2.302 og datert 15.10.2009 - Snitt, fasadar og perspektiv i målestokk 1:100, merka E-4/ teikningsnr. 09018.2.303 og datert 15.10.2009 - Riveplanar i målestokk 1:100, merka E-5/ teikningsnr. 09018.2.307 og datert 15.10.2009 Hovudbygg - Plan 0 i målestokk 1:100, merka E-10/ teikningsnr. 09018.302 og datert 15.10.2009 - Plan 1 i målestokk 1:100, merka E-11/ teikningsnr. 09018.303 og datert 15.10.2009 - Loftsplan i målestokk 1:100, merka E-12/ teikningsnr. 09018.304 og datert 15.10.2009 - Snitt i målestokk 1:100, merka E-13/ teikningsnr. 09018.305 og rev.dato 05.11.2009 - Fasadar i målestokk 1:100, merka E-14/ teikningsnr. 09018.306 og datert 15.10.2009 - Riveplan 0 i målestokk 1:100, merka E-15/ teikningsnr. 09018.307 og datert 15.10.2009 - Riveplan 1 i målestokk 1:100, merka E-16/ teikningsnr. 09018.308 og datert 15.10.2009 Bosshus - Plan, snitt og fasadar i målestokk 1:100, merka E-17/ teikningsnr. 09018.314 og datert 15.10.2009 Godkjende ansvarsrettar Arkitektkontoret Vaardal-Lunde as vert godkjend som ansvarleg søkjar (SØK), samt som ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjektering (PRO/KPR) av arkitekturprosjektering og brannteknisk/lyd/bygningsfysisk prosjektering. Igangsetting av tiltaket kan ikkje skje før søknad om igangsettingsløyve, kontrollerklæring for prosjektering samt søknader om ansvarsrettar (UTF/KUT/SAM), er framsendt til og godkjent av heradet. Søknad om miljøsanering og avfallsdisponering, avklaring i forhold til Arbeidstilsynet samt dokumentasjon på at saka er sendt til Mattilsynet, må liggje føre. Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar
09/20450 20.11.2009 Rammesøknad Bjørketeigen barnehage..- Del 1+2 av 4 deler - Ombygging og tilbygg, orientering datert 18.11.09 - Dispensasjonssøknad B-1, datert 18.11.09 09/20452 20.11.2009 Rammesøknad Bjørketeigen barnehage..- Del 3+4 av 4 deler - Situasjonsplan og teikningar 09/20457 20.11.2009 TEIKNINGAR - Rammesøknad Bjørketeigen barnehage.. - Alle teikningar som ekstra vedlegg Arkitektkontoret Vaardal- Lunde AS v/ I. Palmesen Arkitektkontoret Vaardal- Lunde AS v/ I. Palmesen Arkitektkontoret Vaardal- Lunde AS v/ I. Palmesen 10/5263 08.03.2010 Utsnitt av regplankart Kvam herad For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false Utsnitt reguleringsplan
Utsnitt situasjonsplankart
Saksopplysningar: I samband med søknad om rammeløyve knytt til bruksendring frå instituasjonsbygg til barnehage og tilbygg til eksisterande institusjonsbygg på gnr. 35 bnr. 113 i Bjørketeigen i Øystese, vert det søkt om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan. Barnehage skal romme utegruppe samt 4 avdelingar, dvs. 100 born og om lag 20 årsverk. Dispensasjonssøknaden gjeld bygg og område som er lokalisert vest for tilkomstveg inn i byggjeområdet. A) Bjørketeigen barnehage utegruppe: Eksisterande driftsbygning/garasje tilhøyrande det som i dag er Bjørketeigen servicehus og omsorgsbustader skal byggjast om og tilretteleggjast til barnehage for utegruppa. Tilbygg for nytt inngangsparti mot nord. Arealoppstilling for bruksarealet (BRA): B) Bjørketeigen barnehage hovudbygg: Eksisterande Bjørketeigen servicehus skal byggjast om og tilretteleggjast til barnehage. Innvendig ombygging, tilbygg og noko riving. Arealoppstilling for bruksarealet (BRA): I tillegg skal det etablerast nytt bosshus på 12 m 2 ved eksisterande parkeringsplass. Planlagt personalparkeringsløysing er endra i samband med budsjettvedtaksak knytt til barnehageutbygginga i Kvam. Parkering er no planlagt dekka mellombels ved å leige 24 plassar på eksisterande parkeringsplass vist som FP1 i reguleringsplan, inntil ny reguleringsplan med parkeringsløysing kjem på plass.. Minste avstand frå planlagt bygg er oppgjeve med 12 m til nabogrense og med 9 m til annan bygning. Utnyttingsgraden ligg godt innanfor dei råmer reguleringsplanen set.
Teikningsgrunnlag - Situasjonsplan i målestokk 1:1000, teikningsnr. 09018.300 og datert 17.11.2009 Utegruppe - Eksisterande planar og snitt i målestokk 1:100, merka E-1/ teikningsnr. 09018.2.309 og datert 15.10.2009 - Eksisterande fasadar og bilde i målestokk 1:100, merka E-2/ teikningsnr. 09018.2.310 og datert 15.10.2009 - Planar i målestokk 1:100, merka E-3/ teikningsnr. 09018.2.302 og datert 15.10.2009 - Snitt, fasadar og perspektiv i målestokk 1:100, merka E-4/ teikningsnr. 09018.2.303 og datert 15.10.2009 - Riveplanar i målestokk 1:100, merka E-5/ teikningsnr. 09018.2.307 og datert 15.10.2009 Hovudbygg - Eksisterande plan 0 i målestokk 1:100, merka E-6/ teikningsnr. 09018.315 og datert 15.10.2009 - Eksisterande plan 1 i målestokk 1:100, merka E-7/ teikningsnr. 09018.316 og datert 15.10.2009 - Eksisterande snitt A-A i målestokk 1:100, merka E-8/ teikningsnr. 09018.317 og datert 17.11.2009 - Eksisterande fasadar i målestokk 1:100, merka E-8/ teikningsnr. 09018.318 og datert 17.11.2009 - Plan 0 i målestokk 1:100, merka E-10/ teikningsnr. 09018.302 og datert 15.10.2009 - Plan 1 i målestokk 1:100, merka E-11/ teikningsnr. 09018.303 og datert 15.10.2009 - Loftsplan i målestokk 1:100, merka E-12/ teikningsnr. 09018.304 og datert 15.10.2009 - Snitt i målestokk 1:100, merka E-13/ teikningsnr. 09018.305 og rev.dato 05.11.2009 - Fasadar i målestokk 1:100, merka E-14/ teikningsnr. 09018.306 og datert 15.10.2009 - Riveplan 0 i målestokk 1:100, merka E-15/ teikningsnr. 09018.307 og datert 15.10.2009 - Riveplan 1 i målestokk 1:100, merka E-16/ teikningsnr. 09018.308 og datert 15.10.2009 Bosshus - Plan, snitt og fasadar i målestokk 1:100, merka E-17/ teikningsnr. 09018.314 og datert 15.10.2009 Gjeldande reguleringsplan Reguleringsplan for bustadområdet Rosshagen gnr. 36 bnr. 1 m.fl. godkjend 12.11.2002. Området der eigedomen 35/113 inngår er i plan vist med føremålet Byggjeområde, offentleg institusjon (offentleg institusjon = sjukehus, aldersheim, sykeheim, m.v.). Reguleringsføresegner knytt til byggjeområde, offentleg institusjon (sitat): 7.2 Føremål Området skal nyttast til offentleg institusjon i form av omsorgsbustader med tilhøyrande anlegg. 7.3 Biloppstilling Parkering skal skje på allereie opparbeida areal som er avmerka på plankartet. Ved utviding av sengekapasiteten til verksemda, skal det opparbeidast 0,5 biloppstillingsplass for kvar ny sengeplass. 7.4 Tomteutnytting
Maksimal tillate tomteutnytting målt i utbygd areal er sett til 35 % BYA. Nye bygningar skal plasserast sør i byggjeområdet og gesimshøgda må ikkje overstige kote 85 medan maksimal mønehøgd er sett til kote 89. 7.5 Bygningsutforming Nye byggverk skal plasserast innanfor byggjegrense som synt på plankartet. Bygningar skal som ein hovudregel ha tak med møneretning som følgjer terrenget. 7.6 Tilkomst til naboeigedomar Bustadtomtene i delfelta BU1 og BU2 skal ha tilkomst over område O1. Søknad om dispensasjon etter pbl. 19-2, jfr. vedlegg B-1 datert 18.11.2009 (sitat): Merknadar frå naboar og andre partar Det er berre naboar som er varsla i saka. Kvam herad kjenner ikkje til nabomerknadar knytt til siste nabovarsling datert 18.11.2009. Saka har ikkje vore sendt på høyring då ein vurderer at saksområdet til regionale og statlege styresmakter ikkje vert direkte råka. Føremålet er framleis offentleg sjølv om deler av området går frå institusjon til barnehage. Saka dreiar seg dessutan om å endre bruk av eksisterande bygningsmasse. Saka vert å sende til fylke og fylkesmann i samsvar med regelverk, når vedtak ligg føre. Estetikk Tiltaket rokkar lite ved eksisterande bygningsuttrykk. Tiltaket er derfor vurdert å liggje innanfor dei råmer 74 set.
Andre tilhøve Det vert opplyst at følgjande dokumentasjon vert å sende inn saman med søknad om igangsettingsløyve: - Nye søknadar om ansvarsrettar for prosjektering av tekniske fag. - Søknad om miljøsanering og avfallsdisponering. - Avklaring i forhold til Arbeidstilsynet samtykke. - Dokumentasjon på at saka er sendt til Mattilsynet. Eit anna tilhøve som må på plass er ein revidert situasjonsplan som inneheld revidert parkeringsløysing, som viser detaljert arealbruk (foreldreparkering/snuareal, leikeareal, akebakke m.v.), som viser korleis uteareal er skilt frå tilkomstvegen som går gjennom området, m.v. Dette er naudsynt dokumentasjon i samband med vurdering om barnehagetiltaket stettar krav gitt i barnehagelova og i forskrift om miljøretta helsevern. Søknad om ansvarsrettar Arkitektkontoret Vaardal-Lunde as søkjer om ansvarsrett for ansvarleg søkjar (SØK), samt for ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjektering (PRO/KPR) av arkitekturprosjektering og brannteknisk/lyd/bygningsfysisk prosjektering. Føretaket har sentral godkjenning. Vurdering: Slik rådmannen ser saka, vil ein dispensasjon frå føremålet offentleg institusjon, høgdeavgrensing og byggjegrense i reguleringsplan, ikkje råka statlige og regionale rammer og mål. Det som er avgjerande for om det kan gis dispensasjon etter pbl. 19-2, vert dermed at omsyna bak arealføremål, høgdeavgrensing og byggjegrense i reguleringsplan og føremålsparagrafen pbl. 1-1, ikkje vert vesentlig tilsidesatt gjennom dispensasjonen. I tillegg er det ein føresetnad at fordelane ved å gi ein dispensasjon vert rekna som klart større enn ulempene etter en samlet vurdering. Med andre ord har ingen krav på dispensasjon, men der desse to vilkåra er oppfylt, vil Kvam nærings-, plan- og bygningsutval, kunne velja om dei ynskjer å gi dispensasjon i saka. Området og bygningane som i år 2002-reguleringsplanen var gitt føremålet offentleg institusjon i form av omsorgsbustader med tilhøyrande anlegg, som var i samsvar med bruken då planen vart godkjent. Seinare er fleire av omsorgsfunksjonane (rehab, hjelpemiddellager, m.m.) gjennom omorganisering flytta til Øysteseheimen og Toloheimen. Behovet for området til offentleg institusjon i form av omsorgsbustadar er dermed redusert. Samtidig ligg det føre politisk vedtak på at ny barnehage i Øystese skal lokaliserast i Bjørketeigen mot tidlegare i Busdalen. I samband med sak 020/10/HST (arkivsaksnr. 09/390) rår rådmannen til at den ferdige barnehageutbygginga på Bjørketeigen vert avgrensa til no omsøkt tiltak, og at det i framtidig reguleringsplan for området vert lagt til rette for å sikre vegen til barnehagen og ein ny/framtidig barnehagepaviljong tilknytt eksisterande
bygningsmasse. Plankartet syner området som byggjeområde for offentlig bebyggelse, ein situasjons som vil vere uendra sjølv om bygningane får bruksendring til barnehagebygg. Mønehøgdavgrensinga i føresegn 7.2 i reguleringsplan skal først og fremst sikre utsikt, lys og sol for regulerte tomter innan byggjeområde. Maksimal mønehøgde er i plan sett til kote 89, mens mønehøgd på eksisterande bygg er omtrent på kote 90,4. Planlagt til-/påbygget mot vest vil få mønehøgd på kote 91,5. Sett i forhold til lokalisering av til-/påbygget og topografien i området, er det vanskeleg å sjå at ny mønehøgd vil føre til ulempe for naboeigedomar. Byggjegrense på plankartet for hovudbygget går i kant med dagens utbygg mot vest. Til-/ påbygg mot vest vil bryte med denne byggjegrensa med 1,3 meter. Truleg utgjer denne byggjegrensa mot vest avgrensing mot vegtilkomst til eksisterande parkeringsplass lokalisert rett vest for hovudbygget. I og med parkering no skal skje ein annan stad fell grunngjevinga for denne byggjegrensedelen bort. Ein kan dermed ikkje sjå nemneverdige ulempe med å tillate omsøkt plassering av til-/påbygget. Konklusjonen frå rådmannen vert at omsyna det vert søkt dispensasjon frå ikkje vert vesentlig tilsidesatt. Det er også vanskeleg å sjå at tiltaket kjem i strid med formålsbestemmelsen i pbl. 1-1. Går ein deretter inn i vurderinga av om fordelane ved ein dispensasjon kan reknast for klart større enn ulempene etter en samlet vurdering, ligg følgjande argumentasjon føre: - Kommunen ynskjer ei meir tenleg barnehageorganisering i Øystese. Sjydnahaugen barnehage driv i dag svært urasjonelt i 4 ulike bygg i påvente av nybygg. Dessutan er eksisterande barnehagar i Øystese prega av til dels dårleg/lite eigna bygningsmasse. - Kommunen sit på ein bygningsmasse i Bjørketeigen med gode kvalitetar som ikkje skal nyttast til opphavleg føremål. Både bygningsmassen og uteområda er funnet godt eigna til barnehageføremålet. - Grendalaget Vavollen vel kom med uttale/innspel datert 04.10.02 (dok 83 under arkivsaksnr. 02/977), om trafikkmessige forhold knytt til reguleringsframlegget for Rosshagen. Gjaldt krav om utbygging av fortau frå riksvegen til Bjørketeigen for å skape trygge råmer for mjuke trafikkantar/born. Når Bjørketeigen vart etablert som PU-område romma institusjonen 30 bebuarar og 60 årsverk. Seinare då heile området vart nytta til omsorgsbustadar og rehab inkl. hjelpemiddelsentral, romma institusjonen 17 bebuarar og om lag 20 årsverk. I dag rommar området omsorgsbustadane på Firkløveren med 14 bebuarar og om lag 15 årsverk, samt 3 mellombels godkjende barnehageavdelingar med 57 born og i underkant av 11 årsverk. Ei barnehageetablering som no omsøkt med 100 born og om lag 20 årsverk, vil føre til større trafikkbelastning. Gjeld spesielt morgon og ettermiddag. Dette er eit tilhøve som veg negativt i saka. I sak 020/10/HST om barnehageutbygging i Kvam er det gitt signal om at området skal regulerast i samband med framtidig barnehagepaviljong i Bjørketeigen. Sikring av veg fram til barnehagen i Bjørketeigen skal utgjere eit sentralt tema i reguleringssaka.
Oppsummering Kvam herad er innlema som Trygt Lokalsamfunn og medlem av Safe Community nettverket i regi av WHO. I Trafikktryggleiksplan for Kvam 2006-2010 står følgjande (sitat): - Trafikksikring skal vera ein prioritert del av Trygge Lokalsamfunn-arbeidet i kommunen - Trafikksikring og tryggleik skal vera tema i kommuneplanen - Trafikksikring skal vera med i alle reguleringsplanar Hovudmålsettinga er å redusere gjennomsnittstalet på trafikkskadde. Med eit slikt bakteppe er det ikkje heilt uproblematisk å gå forbi punktet som gjeld auka trafikkbelastning og tryggleik for mjuke trafikkantar / born i Vavollfeltet. Likevel vurdere rådmannen at fordelane ved endra bruk til barnehage veg tyngre i saka. Det er ikkje snakk om oppføring av nybygg men endra bruk av eksisterande bygningsmasse, ei løysing som kvalitets- og ressursmessig er funne god. Etter ei samla vurdering, meiner rådmannen derfor at fordelane ved ein dispensasjon i denne saka er klart større enn ulempene. Vilkåra for å gi dispensasjon skulle såleis vera oppfylt, og ein rår Kvam nærings-, plan- og bygningsutval til å gi dispensasjon i saka.