Nysgjerrigper 2013/14. 5-7 kl ved ÅVOS

Like dokumenter
Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Setring ved Håbakkselet Hareid

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

«Ny Giv» med gjetarhund

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Sandeid skule SFO Årsplan

M/S NYBAKK SI HISTORIE

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Valdres vidaregåande skule

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kom skal vi klippe sauen

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Kva er økologisk matproduksjon?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Månadsplan for Hare November

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Årets nysgjerrigper 2010

Årsplan i samfunnsfag for 3.årssteg Læreverk: Cumulus (Aschehoug) Lærebok, elevbok, kopieringsoriginalar, nettstad:

mmm...med SMAK på timeplanen

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Tor Arve Røssland. Oslo

Ørsdalen skule. Gunnhild Vassbø

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Brannsår, rus eller friheit?

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Klepp kommune Tu skule

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Lærarrettleiing 1. Kornartane

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Journalisthandbok for elevar

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Hei alle sjøstjerneforeldre

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Månadsbrev for Rosa september 2014

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Velkomen til Mork barnehage

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Transkript:

Nysgjerrigper 2013/14 5-7 kl ved ÅVOS

Åmdals Verk Åmdals Verk er ein plass i Vest-Telemark. Vi går på eit oppvekstsenter med 16 elevar og med barnehage. I storskulen (mellomtrinnet) har vi ei elevbedrift som heiter Steintøff der vi jobbar i Åmdals Verk Gruver på våren og på hausten. På mellomtrinnet er vi 6 stk. som heiter: Mia og André (7.kl), Thyra, Andrine og Knut Einar (6.kl) og Are (5.kl). Vi gler oss til å forske på Den russiske fangeleiren!

Dette lurar vi på: Kvifor var det russisk fangeleir i Vråliosen under 2. verdskrig? Vråliosen hotell slik det såg ut under 2. verdskrigen. Her budde dei tyske soldatane.

Hypotese Det var lettare å ha kontroll på fangane. Vi trur at det var ein hovudleir i Fyresdal, men at nokre fangar blei flytta til Vråliosen for å bygge bunkersar på Gaastjønnhøgda. Russerane jobba i glimmergruvene. At leiren var der fordi det var båttrafikk i Bandaksli.

Dette visste vi frå starten: Ca. 100.000 russiske fangar kom til Noreg. Av desse var dei fleste soldatar frå Den Røde Armé. Ca. 13700 russiske fangar døydde i Noreg. Ca. 9000 var sivile. 1400 kvinner 400 barn

Desse kom til Telemark 400-500 kom til Telemark Fangeleirar i Telemark som er registrert av Falstadsenteret i Nord-Trøndelag: Skien (2), Drangedal, Nissedal, Fyresdal, Notodden og Rjukan. Til saman 7 stk.

Falstadsenteret Falstadsenteret vil ha informasjon av oss når vi er ferdige med prosjektet. Falstadsenteret har samla mykje informasjon om fangeleirane i Noreg. Narviksenteret og Heimefrontmuseet er også interessert i få vite meir om prosjektet vårt. Før I dag

Plan Spørje folk som veit noko om den russiske fangeleiren eller har opplevd det. Kontakte lokalavisa for å få kontakt med folk som kjenner til fangeleiren. Besøke det som var fangeleir. Kontakte forskjellige arkiv. Her var fangeleiren i Vråliosen plassert. Etter krigen vart bygningen på bilete nytta som skulebygg.

Ut for å hente opplysningar Vi skal ned til Vråliosen for og intervjue Olav Midtgarden og Arthur Haugen og sjå på den gamle skulen der det var fangeleir. Vi tok opp ein film og eit lydopptak. Vi ringte til personar som vi trudde viste noko. Fire personar lova å komme, for å bli intervjua Lokalavisa VTB skal komme for og lage reportasje. Vi skal rundt å ta bilete av gjenstandar som blei laga. Besøke bunkersane på Gaastjønnhøgda. Vi skal intervjue tre eldre personar til som heiter Tordis, Hallvar og Kåre, som kanskje veit noko. Og vi skal også ta bilete av gjenstandar som dei har. Vi skal kontakte riksarkivet i Oslo, statsarkivet i Kongsberg, Heimefrontmuseet, Falstadsenteret, Narviksenteret, Kviteseid kommune og Tokke kommune.

Hjelp til russiske fangar Mange nordmenn hjelpte russiske fangar ved å kaste mat over gjerdet. Som løn fekk dei ting som dei hadde laga. Døme på ting: metallesker, leikar og trefigurar.

Besøk av journalisten i Vest-Telemark blad, Stein Olav Lie Vi hadde besøk av han for å få prosjektet kjent for andre. Då kan vi få svar på dei spørsmåla vi lurar på ved hjelp av avisa. Då kan folk som veit noko ta kontakt med oss.

Her er eit kart over Åmdals Verk og Vråliosen

Vråliosen slik det ser ut i dag

Slik trudde vi at det var Fangeleiren i Vråliosen Folk kasta mat over gjerdet til fangane, men mange fekk også lov til og gje maten rett til dei. På lekterane i Bandaksli lessa dei på mat, malm og knott

Besøk av eldre Vi fekk besøk av: Olav Bakken Anne Fles Ferdinand Kveven Oddlaug Kristiansen Tarjei Gaastjønn

Oddlaug Kristiansen fortel om revemat i Krossli Oddlaug fortel om revematen som stod i Krossli

Tordis Reinskås fortel om Thor, mannen hennar

Ferry Kveven fortel om sengene i fangeleiren

Historie i VTB av lærar Knut Solli Under krigen var det ikkje skule på skulen, men på Daglegvara. Elevar frå Skreosen gjekk forbi fangeleiren kvar einaste dag. Ein gong då dei gjekk forbi var det ei jente som geipa til ein av vaktene. Det var to sjefar den gongen, ein som var i fangeleiren og ein som var den øvste sjefen. Han budde i Osen og heitte Krause. I alle fall såg sjefen i fangeleiren detta og blei kjempe sinna. Jenta og dei andre sprang til skulen å sa i frå til læraren sin. Det gjekk ei beite. Plutseleg høyrde dei nokre som gjekk opp trappa. Det var han, han kjefta kjempe mykje på tysk. Solli fekk klar beskjed om at dersom ein elev rekte tunge ein gong til, ville Solli bli sendt til Tyskland. Solli måtte då ha eit foreldremøte der han ba foreldra seie til ungane at dei ikkje måtte finne på noko tull. Han blei kjempe redd. Han gjekk og snakka med Krause. Han svara at han ikkje trengte å bry seg om det, det skulle han fikse.

Informasjon frå ulike stader Riksarkivet i Oslo: Ingen ny informasjon. Statsarkivet i Kongsberg: Ingen ny informasjon. Heimefrontmuseet: I deira oversikt over fangeleirar i Noreg inngår ikkje Vråliosen. Falstadsenteret v/ Marianne Neerland: Dei hadde informasjon om kor mange russarar som kom til Noreg, og kor mange som kom til Telemark. Dei hadde oversikt over dei fleste leirane i Noreg, men ikkje Vråliosen. Narviksenteret v/ Michael Stokke: Oversikt over leirane i Telemark, men heller ikkje då var Vråliosen med. Kviteseid kommune: Hadde ingen informasjon. Tokke kommune: Hadde ingen informasjon.

I mot tyskarane Vi har funne ut er at det å gå med noko raudt var å vere i mot tyskarane, akkurat som å bruke binders.

På besøk til Kåre Haukenes, Hallvard Hovden og Tordis Reinskås Torsdag 20. mars var 5 og 6 kl. på besøk til dei, for å ta bilete av gjenstandar som russerane hadde laga. Her er nokre bilete:

Frå intervjuet med Arthur Haugen og Olav Midtgarden Skulen er ganske lik slik den er i dag, bortsett frå at grendehuset ikkje var der. Det var to salar, den eine blei bruka til framhaldskule og den andre til barneskule. Russarane var flinke til å arbeidde som vi veit og lage fine ting. Men det var ikkje så lett å snakke med dei. Tyskarane hadde mauser som våpen, som seinare blei gjort om til elgrifler.

Arthur fortel om fangeleiren

Olav Midgarden fortel om sitt møte med fangane

Om russarane Det var om lag 25-30 fangar i Vråliosen. Russerane hadde lite klede og var syltynne. Tærne stakk ut av skoa. Dei blei dårlig behandla. I leiren fekk dei lite med mat. Dei låg i køyesenger, 4-5 etasjar stabla opp på kvarandre med ½ meters mellomrom. Dei hadde ikkje madrasser. Ute var det høge piggtrådgjerder. Dei åt restar av tyskarane sin mat, som dei hadde fått på hotellet. Dei hadde ei stor gryte der dei koka maten ute i leiren. Når folk ga dei mat, fekk dei noko tilbake. Ofte ei dås eller ein trefugl.

Om tyskarane Tyskarane okkupera skulen i Vråliosen i 1942, og dei reiste derifrå våren 1944. Vi veit ikkje om det var fangeleir heile tida. Fleire eldre fortel at tyskarane var snillare i Vråliosen en t.d i Fyresdal. Russarane fekk tillatelse til å lage forskjellige gjenstandar som dei bytta bort. Dei fortel òg at nokre av tyskarane eigentleg var veldig greie, bare at når sjefen kom blei dei strenge. Alle tyskarane gjekk likt kledd med grå uniform.

Informasjon om barneheim i Vråliosen? Vi fekk ein mail i frå statsarkivet i Kongsberg om at det hadde vore barneheim i Vråliosen under krigen som tyskarane bruka. Vi spurde eldre folk om dei visste noko om detta. Ingen hadde høyrd om det. Seinare kom det eit brev med svar frå ei som heiter Signe (Topp) Rønningen. Det hadde ikkje vore barneheim i Vråliosen, men i Vrådal som tyskarane bruka som utkikkstårn.

Kart som syner Gaastjønnhøgda

På besøk til bunkersane Gaastjønnhøgda var viktig for tyskarane, fordi her skulle det byggast ein ny veg mot Stavanger. Her hadde dei god sikt og kunne stoppe trafikk. Russarane stod for tømmerhogsten og nordmennane stod for støyping av bunkersane. Vi veit det er ti bunkersar på Gaastjønnhøgda, men vi rakk bare å besøke tre, dei er godt gøymd. Fangane gjekk opp til Gaastjønnhøgda nesten kvar dag, men av og til satt dei bak på lasteplanet.

Tarjei Gaastjønn fortel om bunkersane

Dette har vi funne ut: Hypotesene som stemde var: At dei jobba i bunkersane på Gaastjønnhøgda Leiren var der pga. båttrafikk i Bandaksli. Hypoteser som ikkje stemde: At vi trudde det var ein hovudleir i Fyresdal. Men det var ikkje drift i Fyresdal samtidig som det var i Vråliosen. Dei jobba ikkje i glimmergruvene på Klauvreidnuten.

Fortelje til andre 28 april hadde vi prosjekt-kveld kor vi synte prosjektet for dei som hadde bidrege med informasjon og alle som ville. Det kom om lag 100 gjestar (til og med orføraren kom). Lokalavisa møtte opp for å dekje hendinga. Vi vart også intervjua av Telemarksendinga.

Ein stor takk til: Gunstein Seltveit Olav Bakken Anne Fles Oddlaug Kristiansen Ferdinand Kveven Tarjei Gaastjønn Olav Midtgarden Vest Telemark blad v / Stein Olav Lie Tordis Reinskås Kåre Hauknes Hallvard Hovden Arthur Haugen Signe Topp Martha Solli

Kjelder Falstadsenteret v/marianne Neerland Google Guttormsgaardarkiv VTB ( vest-telemark blad) Personar vi har intevjua Kviteseid kommune Tokke kommune Statsarkivet i Kongsberg Riksarkivet i Oslo Heimefrontmuseet Narviksenteret v/michael Stokke Gunstein Seltveit Alle bilda som vi har bruka i powerpointen, har vi fått lov til å bruke.

Laga av: Mia 7. trinn André 7. trinn Andrine 6. trinn Thyra 6. trinn Knut Einar 6. trinn Are 5. trinn Jan Erik lærar Jan Gunnar Breivik rektor