Det vert med dette kalla inn til møte i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. fredag 11. mars kl. 08.30 på Rådhuset i Tysnes, Uggdal (MERK TIDA)



Like dokumenter
REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 23. MAI KL

Det vert med dette kalla inn til møte i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. fredag 29. januar d.å kl i Bømlo Rådhus.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FRDAG 10 JUNI KL , HØGSKULEN STORD/HAUGESUND, ROMMETVEIT

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

torsdag 28. november kl på Grand Hotel, Leirvik. Då vert føre: Godkjenning av referat frå møte i Samarbeidsrådet 10. oktober d.å.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 16 MARS 2018 KL PÅ LACO AS, STOREBØ

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov ved prosjektleiar Tore Bjelland

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Forslag frå fylkesrådmannen

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

SOGN driftig raus ekte

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 14. MARS 2014 KL PÅ GRAND HOTEL, LEIRVIK

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 10. MARS 2017 KL

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Forstudie Næringshage i Vinje

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

ROS-analyse i kommuneplan

Strategiplan for Apoteka Vest HF

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 27. NOVEMBER KL I MATRE

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 2 FEBRUAR 2018 kl , ADVANTEC STORD

Saksnr Utval Møtedato

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Den nye seksjon for applikasjonar

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Barnehageplan for Vinje kommune

STRATEGISK PLAN

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

Fagskolane i Hordaland Kva er fagskulen og kva er utfordringane? Styreleiar Roald Kvamme, Hordaland fagskulestyre

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Transkript:

Jnr. 1025.16 GJG/rr Ordførarar og rådmenn i Sunnhordland Ordførar og rådmann i Fusa kommune Ordførar og rådmann i Haugesund kommune Ordførar og rådmann i Vindafjord kommune INNKALLING TIL MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND Det vert med dette kalla inn til møte i Samarbeidsrådet for Sunnhordland fredag 11. mars kl. 08.30 på Rådhuset i Tysnes, Uggdal (MERK TIDA) Då vert føre: Sak 12/16 Godkjenning av referat frå møte 10 februar (utsett frå 29. januar) Sak 13/16 Skriv og meldingar a) Dato for kurs i krisehåndtering b) Interkommunalt arkiv c) Flyplassen på Stord d) Samferdsleministeren sitt kysttokt e) NTP arbeidet vidare f) Høyringsmøte om NTP i Bergen 13. april g) Ambulansehelikopter i Vinje Sak 14/16 Skjønsmidlar 2016 prioritering Sak 15/16 Samferdselsplan med fokus på fylkesvegnettet - prosjektplan Sak 16/16 Dagpengar under utdanning og permitteringsreglar Sak 17/16 Omstillingsalliansen Sak 18/16 Årsmelding 2015 Sak 19/16 Rekneskap 2015 Sak 20/16 Næringsarbeid Sak 21/16 Handlingsplan 2016 Sak 22/16 Val av representant til styringsgruppa for reiselivet Sak 23/16 Ymse Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes A Postboks 444, 5403 Stord T 53 45 67 90 Orgnr. 971 492 910 E firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no W samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Tidsplan: Kl. 08.30-11.00 Kl. 11.00-11.30 Kl. 11.45-14.30 Møte i Samarbeidsrådet Lunsj Møte med Byrådet i Bergen Saker til drøfting: Brannsamarbeid Beredskapssenter Tverrsamband til E134 E39 Situasjonen i leverandørindustrien Sunnhordland, 3. mars 2016 Gro Jensen Gjerde Dagleg leiar

Møtebok Samarbeidsrådet for Sunnhordland Fredag 11. mars 2016 kl 08.30 Tysnes Rådhus Sak 13/16 GJG/rr SKRIV OG MELDINGAR a) Dato for kurs i krisehåndtering Det vert lagt opp til kurs i krisehandtering for kommunane 12 mai. Administrasjonen kjem attende til tid og stad og program for dagen. b) Interkommunalt arkiv Kommunane ved rådmenn har motteke brev frå Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS vedrørande tilskot til oppretting av prosjektstilling i samband med kommunereforma. Det har vore førespurnad frå dagleg leiar om å få gje ein presentasjon til Samarbeidsrådet. Dette må ein koma attende til. c) Flyplassen på Stord I møte i AU 26. februar gav dagleg leiar Jan Morten Myklebust ei orientering om flyplassen og om utfordringa ved at det ikkje lenger kan tollklarerst ved flyplassen. Konsekvensen av dette er at fly med Stord som destinasjon må landa i Bergen eller Haugesund. Dersom ei rute går over ein periode på over seks månader kan det gjennomførast tollklarering på Stord. Myklebust ba om drahjelp frå Samarbeidsrådet i arbeidet med å få endra dette. d) Samferdsleministeren sitt kysttokt Samferdsleministeren skal frå midten av juni reisa rundt kysten for å sjå samferdsleprosjekt og møta politikarar, næringsliv og andre. Administrasjonen har saman med ordførar Kåre Martin Kleppe utarbeida framlegg til program. Etter ein gjennomgang i møte vert framlegget oversendt Samferdsleministeren saman med ein invitasjon til å koma til Sunnhordland. Det er ikkje klart kva dato han kjem eller på kva transportmåte, anna enn at det vert med båt. e) NTP Samarbeidsrådet sitt arbeid vidare Fagetatane sitt framlegg til NTP vart lagt fram måndag 29. februar. Samarbeidsrådet må ta ei drøfting på korleis rådet no legg opp vidare arbeid for å påverka at prosjekta i Sunnhordland / Hordaland får dei naudsynte løyvingane og vert prioritert med tidlegare oppstart enn det fagetatane har lagt fram. I møte må det og gjerast ei drøfting på Sunnhordland sitt innlegg og prioriteringar til høyringsmøte 13.april. f) Høyringsmøte om NTP i Bergen 13. april Hordaland fylkeskommune saman med Bergen kommune, Bergen Næringsråd/ næringsalliansen, KS og NHO skal halde eit høyringsmøte om NTP 2018-29 i Grand selskapslokalar i Bergen 13. april. I denne samanheng er det ynskja at kvar av regionråda Bergensalliansen, Region Nordhordland,

Samarbeidsrådet Sunnhordland, Hardangerrådet og Voss kommune/samarbeidsrådet Voss, Vik og Aurland har kvar sin presentasjon av dei viktigaste innspela til etatsframlegget til Nasjonal Transportplan. I møte deltek blant anna Terje Moe Gustavsen og Helge Eidsnes. På møte skal relevante samferdselsetatar presentera etatsframlegget til NTP, samt at det vert ein panel- og plenumsdrøfting om prioriteringar i NTP. Målgruppa er leiinga i kommunane, næringslivsrepresentantar samt organisasjonar med interesse for samferdsel. Samarbeidsrådet må drøfta kven som skal møte frå Sunnhordland og kva ein skal ha størst fokus på. g) Ambulansehelikopter i Vinje Det er komen ein førespurnad frå Vinje kommune om støtte til etablering av ambulansehelikopter i Vinje. Ei slik etablering vil og kunna dekka områder i Hordaland og Rogaland. Administrasjonen arbeider saman med Haugaland Vekst for ei felles tilbakemelding.

Møtebok Samarbeidsrådet for Sunnhordland Fredag 11. mars 2016 kl 08.30 Tysnes Rådhus Sak 14/16 GJG/rr SKJØNSMIDLAR 2016 PRIORITERING Fylkesmannen har invitert kommunane til å søkje om skjønsmidlar for fornyings- og innovasjonsprosjekt for 2016. Ordinært skjønstilskot er ein del av rammetilskotet til kommunane. Fylkesmannen har til no fordelt kr. 94.4 mill. av den totale skjønsramma på kr. 127,7 mill til kommunane i Hordaland for 2016. Restsummen på kr. 33.3 mill. vil bli nytta til prosjektskjøn og til generell fordeling i året der også uventa hendingar vil bli tekne omsyn til. Retningsliner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet Generelt Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i retningslinene for skjønstilskot 2016 i stor grad vidareført retningslinene for 2015. Departementet ynskjer å framheva føremålet med skjønsmidlane som er å fanga opp lokale tilhøve som ikkje blir ivaretekne godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre faste tilskotsordningar. Departementet ynskjer at Fylkesmennene skal tilpassa fordelinga av skjønsmidlane etter lokale tilhøve og behov som kan oppstå gjennom budsjettåret. Fylkesmennene held tilbake skjønsmidlar for å kunna ta omsyn til kommunar som får uventa økonomiske utfordringar i løpet av budsjettåret. Departementet syner til at dette også omfattar kommunar som blir ramma av naturskade eller andre ekstraordinære hendingar, i den grad departementet ikkje sjølv gir kompensasjon. Eit viktig føremål med skjønstilskot til fornyings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjøn) er å gi kommunane høve til å prøva ut nye løysingar på utfordringane sine. Prosjekta kan omfatta alle tenesteområda i kommunen. Kommunar må i søknadar om prosjektskjøn syne til ein realistisk prosjektplan. Det må bli vist til klåre målsetjingar med prosjektet og val av løysingar som skal bli prøvd ut i prosjektet. Prosjekt/oppgåver som ikkje blir støtta Det skal ikkje bli gitt tilskot til utføring av kommunale drifts- og investeringsoppgåver, eller prosjekt som er ein del av det ordinære kommunale utviklingsarbeidet. Det skal ikkje bli gitt tilskot til reine næringsutviklingsprosjekt eller til interne strukturelle omorganiseringar. Interkommunale prosjekt vil i hovudsak berre kunne få tilskot i etableringsfasen.

Satsingsområde Fylkesmannen ønskjer å stimulera kommunane til prosessar innan og mellom kommunar for å kunne utvikla tenestetilbodet og få betre økonomi i drifta. I hovudsak prioriterer Fylkesmannen å støtte samarbeidsprosjekt som omfattar fleire kommunar, mellom anna for at prosjektmidlane skal få større nedslagsfelt og gi betre læringseffekt. Særlege område som Fylkesmannen ynskjer å prioritera for 2016 er: 1. Barn og unge kommunane sitt arbeid mot barnefattigdom 2. Støtte til lokale/interkommunale tiltak for utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester jr. Omsorg 2020 3. By- og tettstadsutvikling 4. Beredskap og samfunnstryggleik 5. Interkommunalt plansamarbeid, særleg: - Interkommunale prosjekt om kommunale digitale planverktøy - Interkommunalt plansamarbeid om oppdrett/akvakultur 6. Tiltak innan miljø- og landbruksområdet, klimatilpassing og tiltak for å redusera klimagassutslepp Søknadane må leggast inn i databasen https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no Fristen for kommunane å søkje om prosjektskjøn er fredag 11. mars. Samarbeidsrådet er bedt om å gjera ei prioritering mellom prosjekta, der ein og er bedt om å gje ei grunngjeving for prioriteringa mellom søknadane. Innkomne søknadar: Det er kome inn 7 søknadar. Søkjar Satsingsområde Søknadssum Totalbudsjett Samarbeid med andre kommunar Stord kommune Utvikling av framtidsretta og Kr. 400000 Kr. 800000 Nei gode omsorgstenester Stord kommune Utvikling av framtidsretta og Kr. 400000 Kr. 800000 Nei gode omsorgstenester Stord kommune Utvikling av framtidsretta og Kr. 350000 Kr 700500 Nei NAV/Stord kommune NAV/Stord kommune Friluftsrådet Vest/Fitjar kommune Stord kommune gode omsorgstenester Barn og unge kommunane sitt arbeid mot barnefattigdom Kr. 534 584 Kr. 1 069 168 Barn og unge kommunane sitt arbeid mot barnefattigdom Kr. 712893 Kr. 1425786 Nei Anna Kr. 200000 Kr. 400000 Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Etne, Utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester Nei Sveio 600000 1130000 Bømlo og Fitjar

Vurdering av søknadane: 1. Søknad om fornying og innovasjonsprosjekt 2016 Tiltak for utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester, jf. Omsorg 2020. Prosjektet handlar om kompetanseauke for innbyggjarar slik at dei kan ta gode og langsiktige val i høve planlegging av husvære for eigen alderdom. På bakgrunn av omsorg 2020 ser ein behovet for å auke innbyggjarane si kompetanse kring tidleg innsats og førebygging av framtidige bustadsutfordringar. Dette for å gi ein aktiv og meiningsfull alderdom i eigen heim. Målet med prosjektet er å rettleia innbyggjarane til å ta smarte val for sin eigen kvardag og si eiga framtid. Me ynskjer å gi kompetanseauke til innbyggjarane slik at dei ser føremålet med tidleg førebygging og tek større ansvar for eigen livssituasjon. Brukarmedverknad vil vera sentralt i prosjektarbeidet. Det vert søkt om tilskot på kr 400.000 til frikjøp av personell, kjøp av informatikk- kompetanse i høve utforming av ein informasjonsportal og utgifter knytt til temakveld/folkemøte. Kommunen sin eigenandel er rekna til tilsvarande sum, og omfattar tidsressursar for prosjektdeltakarar, kostnader med brukarmedverknad, kontor og datakostnader. Det føreligg ikkje detaljert budsjett. Vurdering: Prosjektet sitt hovudfokus er å gje kompetanseheving til innbyggjarane kring tidleg innsats og førebygging av framtidige bustadsutfordringar. Resultatet skal verta at fleire skal kunna få ein aktiv alderdom i eigen heim. Kommunen søkjer om delfinansiering til frikjøp av personell og til dei nødvendige tiltak for å nå målsetjinga med prosjektet. Administrasjonen meiner at dette prosjektet fell inn under satsingsområde 2. Støtte til lokale/interkommunale tiltak for utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester jr. Omsorg 2020, og rår til at søknaden vert stetta. Dette prosjektet bør og har overføringsverdi til andre kommunar. 2. Støtte til tiltak for utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester Stord kommune skal bygge 40 sjukeheimsplassar som skal vera ferdig til bruk i 2018. Det nye bygget skal knytast opp til eksisterande 65 sjukeheimsplassar. Kommunen må legge til rette for varsling og alarmsystem som i tillegg til brannvarsling, inneheld smarthus teknologi, personlige alarmløysingar, digitalt tilsyn og moglegheit for monitorering av vitale funksjonar som t.d. O2 metning og blodtrykk. Ny teknologi må fungere for heile sjukeheimen. Byggeprosjektet med ny sjukeheim skal ut på anbod hausten 2016. Kommunen har i perioden 2013 2016 vore ein del av det nasjonale velferdsteknologiprogrammet og har tileigna seg kunnskap og kontaktnettverk i forhold til velferdsteknologi. Prosjektet i Stord har i hovudsak omhandla tryggleikspakkar og blir rulla ut i drift i løpet av 2016. Utfordringa kommunen

no står ovanfor, gjeld å få på plass teknologi som forenklar og understøtter drift i eit stort institusjonsbygg. Dette er noko anna enn individuelle løysingar i einskilde heimar. Hovudtrekka i metoden er å jobba grundig med behovsdefinering og ha dialog med leverandørmarknaden i fasen før konkurransen vert gjennomført. Dei viktigaste stega er: Vurdere behov Planlegge og organisera Dialog med marknaden Gjennomføre konkurranse Implementere og følge opp Stord kommune søkjar om kr 400 000. Midlane skal nyttast til å dekke frikjøp av prosjektleiar/prosjektmedarbeidar eit halvt år, studietur og gjennomføring av valt anskaffingsmetode for varslings- og alarmteknologi. Eigenandel tilsvarande kr 400 000 til prosjektarbeid, kontor, møte- og reiseverksemd. Det føreligg ikkje detaljert budsjett. Vurdering: Kommunen har i perioden 2013 2016 vore ein del av det nasjonale velferdsteknologiprogrammet og har tileigna seg kunnskap og kontaktnettverk i forhold til velferdsteknologi. Prosjektet i Stord har i hovudsak omhandla tryggleikspakkar og blir rulla ut i drift i løpet av 2016. Utfordringa kommunen no står ovanfor, gjeld å få på plass teknologi som forenklar og understøtter drift i eit stort institusjonsbygg. Dette er noko anna enn individuelle løysingar i einskilde heimar. Søknaden gjeld delfinansiering av frikjøp av prosjektleiar som i prosjektperioden skal arbeida med behovsdefinering og ha dialog med leverandørmarknaden før det går ut anbod på bygging av 40 nye sjukeheimsplassar, som og skal innehalda smarthus teknologi, personlege alarmløysingar, digitalt tilsyn og moglegheiter for monitorering av vitale funksjonar som t.d. O2 metning og blodtrykk. Ny teknologi må fungere for heile sjukeheimen. Det kan stillast spørsmål til om dette prosjektet fell inn under ordinær drift, men administrasjonen meiner at dette er innføring av bruk av ny teknologi og at dette krev ekstraordinær innsats frå kommunen si side. Prosjektet fell inn under satsingsområde 2. Støtte til lokale/interkommunale tiltak for utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester jr. Omsorg 2020, og rår til at søknaden vert stetta. 3. Utdanning av eigne helsefagarbeidarar i Stord kommune Kommunane har i aukande grad fått nye oppgåver innan helse og omsorg som spesialisthelsetenesta tidlegare tok seg av. Dette gjer at kommunane må auka kompetansen innan dette området sidan tilsette får meir komplekse oppgåver. Eit anna utviklingstrekk er at fleire yngre krev helse- og omsorgstenester frå kommunane, samtidig som me om nokre år går inn i ei tid med sterk auke av eldre innbyggjarar. Det er ei utfordring for kommunane å skaffa seg nok kompetente tilsette. I samband med dette førebudde Stord

kommune i fjor eit forprosjekt der me ønskjer hjelpa ufaglærte tilsette, som vil ta fagbrev innan helsearbeidarfaget, til å få gjort dette raskare og på eit fagleg høgt nivå. Prosjektet vart delprosjekt av hovudprosjektet: Saman om ein betre kommune, som no er avslutta. Utdanninga av eigne helsefagarbeidarar i Stord kommune går vidare som eit eige hovudprosjekt. Målsetting Hovudmål er å hjelpa fast tilsette, som ønskjer det og er motiverte, fram til fagbrev i helsearbeidarfaget på ein fagleg, målretta måte og på kortast mogleg tid. Eit effektmål er at fleire av brukarane av helse- og omsorgstenestene i Stord kommune får ei betre kvalitativ og fagleg god hjelp. Økonomi Utgifter: Frikjøp av prosjektleiar i 20% stilling kr. 150.000 Løn for dei tre stillingane utanom det som er dekka kr. 500.000 Andre utgifter, realkompetansevurdering kr. 50.000 Totalt kr. 700.000 Inntekter: Skjønsmidlar kr. 350.000 Kommunal del kr. 350.000 Totalt kr. 700.000 Vurdering: Søknaden er vidareføring av eit delprosjekt som vart gjennomført under hovudprosjektet Saman om ein betre kommune, der kommunen arbeidde med utdanning av eigne helsefagarbeidarar. Kommunen ynskjer no å tilby fast tilsette, som ynskjer det og er motiverte, fram til fagbrev i helsearbeidarfaget på ein fagleg, målretta måte og på kortast mogleg tid. Søknaden gjeld delfinansiering av ei prosjektleiarstilling og til tre stillingar knytt til prosjektet. Behovet for utdanna helsefagarbeidarar er aukande, og det er positivt at kommunen tek grep og tilbyr dei som ikkje har formell utdanning å gjera dette medan dei er i arbeid. Dette vil igjen føra til at brukarane av helse- og omsorgstenestene kommunen får eit betre tilbod. Administrasjonen meiner søknaden fell inn under satsingsområde Støtte til lokale/interkommunale tiltak for utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester jr. Omsorg 2020 og rår til at søknaden vert stetta. 4. Søknad om skjønsmidlar til å drive tiltak for å motverke barnefattigdom gjennom å bidra til styrke oppfølging i opplærings- og utdanningsløp for framandspråkelege innan helsefag i Stord kommune. Tiltaket vil, organisatorisk, høyre til NAV-eininga i Stord kommune. Målgruppa er framandspråklege personar med behov for ei kvalifisering for å skaffe arbeid. Formålet med tiltaket er å redusere talet på låginntektsfamiliar ved å styrke framandspråklege sine

mogleikar på arbeidsmarknaden. Stord kommune har avtale med IMDi om å busette 42 flyktningar i 2016. Dette talet kan auke i tråd med anmodning frå IMDi om å busette fleire. Arbeid er eit viktig element i integreringa i kommunen og avgjerande for å motverke fattigdom. Stord kommune har det siste året bygd kompetanse for å betre mogleikane for at busette flyktningar skal komme i arbeidsretta aktivitet snarast mogleg, og det er oppretta eit eige Jobbsenter for flyktningar. Jobbsenteret har rettleiingsoppgåver for busette flyktningar samt, mellom anna, ansvar for å bidra til at dei som treng kvalifisering, får dette. Dei som kan vera aktuelle for kvalifisering innan helsefag kan då starte eit slik løp allereie i Introduksjonsprogrammet. Budsjett: Mentor 100% stilling Årslønngrunnlag : kr 444000,00 Feriepenger : kr 48156,24 Årslønn 2015 : kr 401307,69 Årslønn med feriepenger : kr 449463,93 Pensjon: kr 82673,00 Arbeidsgiveravgift : kr 75031,31 Sum kr 607168,24 Andre utgifter: Auka tolkeutgifter kr 240 000,00 Administrasjon kr 150 000,00 Kontorlokale, transport, tele/ikt kr 72 000,00 Budsjett totalt: kr 1 069 168,24 Vurdering: Tiltaket skal vera med på å sikra at busette flyktningar skal koma i arbeidsretta aktivitet snarast mogleg. Denne søknaden gjeld støtte til delfinansiering av ein stilling mentor og tolketenester knytt til dei som kan vera aktuelle for kvalifisering innan helsefag. Dei kan då få høve til å starta eit slik løp allereie i Introduksjonsprogrammet. Administrasjonen meiner søknaden kan definerast inn under satsingsområde Støtte til lokale/interkommunale tiltak for utvikking av framtidsretta og gode omsorgstenester jr. Omsorg 2020 og rår til at søknaden vert stetta. 5. Søknad om skjønsmidlar til å drive tiltak for å motverke barnefattigdom gjennom å bidra til overgang til opplæring, arbeid og aktivitet for ungdom opp til 25 år som ikkje er i utdanning eller i arbeid. Tiltaket vil, organisatorisk, høyre til NAV-eininga i Stord kommune. Formålet med tiltaket er å tilby målretta aktivitet for unge brukarar av NAV for å motverke eit tilvære som passiv mottakar av økonomisk stønad ved at dei kjem i løna arbeid eller tek til med utdanning/kvalifiserande tiltak. Tiltaket vil ha kapasitet på 20 brukarar. Det vert vektlagt at tiltaket har eit rullerande inntak og at det har kapasitet til å starte opp med nye brukarar innan kort tid frå første gongs kontakt med

NAV, helst innan ein til to dagar. Stord kommune fekk skjønsmidlar med kr. 535.000,- til dette føremålet i 2015. Kr. 279.414,- vart nytta i 2015. Restesummen, kr. 255.586,- er overført til fond og skal nyttast til føremålet i 2016. Budsjett 2016 Springbrettet på kaien pr måned 2016 Administrasjon kr 12000,00 kr 144000,00 Reinhald kr 1900,00 kr 22800,00 Matvarer kr 2100,00 kr 25200,00 Straum kr 1000,00 kr 12000,00 Andre utgifter: verktøy,treningskort, forbruksmateriell,utgifter med bilkjøring kr 4000,00 kr 48000,00 Husleige kr 11100,00 kr 133200,00 Alarm kr 700,00 kr 8400,00 kr 393600,00 Veileder 100% stilling Årslønngrunnlag : kr 444000,00 Feriepenger : kr 48156,24 Årslønn 2015 : kr 401307,69 Årslønn med feriepenger : kr 449463,93 Pensjon: kr 82673,00 Arbeidsgiveravgift : kr 75031,31 Total Lønn kr 607168,24 Veileder 70% stilling Årslønngrunnlag : kr 310800,00 Feriepenger : kr 33709,37 Årslønn 2015 : kr 280915,38 Årslønn med feriepenger: kr 314624,75 Pensjon: kr 57871,10 Arbeidsgiveravgift : kr 52521,92 Total Lønn kr 425017,77 Budsjett totalt: kr 1425786,00 Vurdering: Tiltaket skal motverka eit tilvære som passiv stønadsmottakar i aldersgruppa 18-24 år. I 2015 hadde Stord 127 mottakarar av økonomisk sosialhjelp i denne aldersgruppa, i januar 2016 er det registrert 58. Gjennom tiltaket, får deltakarane ein struktur på kvardagen sin og opplæring som kan bidra til å utløysa ressursar og meistringsstrategi. Dette kan gje kompetanse og hindra at stønadsmottakarane kjem inn i eit mønster der det vert eit stort steg å verta jobbsøkjar. Administrasjonen meiner at dette kan vera eit viktig tiltak for å hindra at stønadsmottakarane vert passive mottakarar ved at deltakarane vert stimulert til å koma i løna arbeid eller tek til med

utdanning/ kvalifiserande tiltak. Søknaden er innafor satsingsområde Barn og unge kommunane sitt arbeid mot barnefattigdom. Administrasjonen meiner at søknaden bør prioriterast. 6. Søknad om skjønsmidlar til «Nært og Kjært» II eit frilufts og folkehelseprosjekt i Sunnhordland Friluftsrådet Vest vil arbeida med å sikre offentlege friluftsområder i Sunnhordlandsregionen i samarbeid med medlemskommunane, fylkeskommunen og andre offentlege samarbeidspartar. kommunane Kvinnherad, Stord, Fitjar, Bømlo og Etne. Budsjett 2016: Kostnadsoverslag: Eige arbeid, synfaringar, forhandlingar kr. 225 000 Leige av konsulent kr. 100 000 Juridisk bistand kr. 25 000 Reiseutg. Kontorutg. Kr. 50 000 Sum kr. 400 000 Finansiering: Eige arbeid kr. 200000 Skjønsmidlar kr. 200000 Sum kr. 400000 Vurdering: Administrasjonen ser at søknaden ikkje er innanfor dei satsingsområda som er prioritert frå fylkesmannen si side. Ein har difor sett den under anna. Friluftsrådet er eit interkommunalt organ som har lang erfaring med å samarbeida på tvers av kommune- og fylkesgrenser for å sikre og forvalta offentlege friluftsområder. Dette prosjektet er ei vidareføring frå i fjor, der Friluftsrådet Vest fekk kr. 235 000 i skjønsmidlar til å forhandla om kjøp eller sikring av attraktive friluftsområde. Det er eit svært viktig arbeid Friluftsrådet gjer for kommunane ved å sikra offentlege friluftsområder i regionen og administrasjonen rår til at søknaden vert støtta. 7. Søknad om skjønsmidlar til prosjekt - Samhandling mellom barneverntenesta og dei kommunale helsetenestene for barn og unge kring førebygging av oppdagarvold Bakgrunn Sunnhordland interkommunale barnevernteneste (SIB) Bømlo, Fitjar og Stord har dei siste åra hatt auke i meldte bekymringar kring oppsedingsvald mot born og unge. Valdsutøvaren er ofte føresette og andre omsorgspersonar med anna etnisk bakgrunn enn den norske, og med andre sosiale normer og lovgiving knytt til oppseding av barn. I fleire av desse sakene vil det kunna vera tilstrekkeleg å gje dei føresette god informasjon og

opplæring i lovverk, sosiale normer, samt rettleiing i og hjelp til andre strategiar i høve oppseding. Det er barneverntenesta si oppfatning at alle desse barna og deira familiar ikkje treng å verta klientar i eit barnevern og at ein saman med kommunale helsetenestene for barn og unge kan førebyggja dette. Mål med prosjektet: Mål med prosjektet er at familiar som kjem til vår region skal få informasjon om sosiale normer og norsk lovgiving på ein måte som fell naturleg og som fører til ei betre integrering i samfunnet og med tanke på oppseding av barn. Ein ser det som særs viktig å bryta ein negativ sirkel der det vært nytta metodar for oppseding av barn som ikkje er bra for barnet. Om prosjektet: Det vert søkt om prosjektmidlar til å utarbeide eit system for felles førebygging av oppdragarvold som seinare skal implementerast i dagleg drift. Kunnskapen barnverntenesta og andre kommunale helseaktørar for barn og unge har på feltet er stor. Kunnskapen må systematiserast og ein må utvikla eit sett med handlingsalternativ for tenestene som møter føresette og omsorgspersonar som må nytta andre strategiar enn vald i si oppseding av barn. Barnverntenesta ynskjer å knyta samhandlinga opp mot helsesøstertenesta og psykisk helsearbeidarar i dei kommunale tenestene for barn og unge til å arbeida med: - Kunnskap om sosiale normer og norsk lovgiving til føresette og ev andre omsorgspersonar - Tilby ulike metodar som til dømes ICDP-grupper til vaksne - Tilby rettleiing til dei som arbeider med barn og unge for å samtale med barn om dette tema - Informere barn og unge i ute i skulane om kva som er sosiale normer og norsk lovgiving Budsjett: Utgifter: Frikjøp av person 40% stilling 830000 Data- og telefon tenester 75000 Kontorutgifter 45000 Bil / kjøreutgifter 30000 Prosjektstyring / kontaktmøter 50000 Informasjon og opplæring 100000 Totalt 1130000 Inntekter: Skjønsmidler 600 000 Kommunal del 530 000 Totalt 1 130 000 Vurdering: Søknaden gjeld delfinansiering av midlar til eit prosjekt for å utvikla eit system for felles førebygging av oppdragarvold som seinare skal implementerast i dagleg drift. Kunnskapen skal nyttast i barnverntenesta slik at familiar som kjem til vår region skal få informasjon om sosiale normer og norsk lovgiving på ein måte som fell naturleg og som fører til ei betre integrering i samfunnet og med tanke på oppseding av barn. Tiltaket skal retta seg mot familiar som kan ha heilt andre normer for oppdraging av born, og prosjektet skal utviklast mellom dei ulike etatar som arbeider med born og unge. Søknaden er innanfor Støtte til lokale/interkommunale tiltak for utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester jr. Omsorg 2020

Administrasjonen meiner at dette prosjekter har overføringsverdi til andre kommunar som ikkje er ein del av Sunnhordland Interkommunale barnevern, og rår til at søknaden vert stette. Framlegg til vedtak: 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland rår til at søknadane vert prioritert i følgjande rekkjefølgje: 1 Stord kommune Samhandling mellom barnevernstenesta og dei kommunale helsetenestene for barn og unge kring førebygging av oppdragarvold 2 NAV/Stord kommune Overgang til opplæring, arbeid og aktivitet for ungdom opp til 25 år som ikkje er i utdanning eller i arbeid 3 Friluftsrådet Vest/Fitjar Sikring av friluftsområde i Sunnhordland kommune 4 NAV/Stord kommune Styrke oppfølging i opplærings- og utdanningsløp for framandspråklege innan helsefag 5 Stord kommune Bruk av innovativ anskaffingsmetode 6 Stord kommune Utdanning av eigne helsefagarbeidarar 7 Stord kommune Kompetanseauke for innbyggjarar i høve planlegging av husvære for eigen alderdom 2. Søkjarane legg sjølv inn søknadane på https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no. Frist 11. mars.

Møtebok Samarbeidsrådet for Sunnhordland Fredag 11. mars 2016 kl 08.30 Tysnes Rådhus Sak 15/16 GJG/rr SAMFERDSELSPLAN MED FOKUS PÅ FYLKESVEGNETTET PROSJEKTPLAN I møte 10 februar d.å. vart det vedteke følgjande: 1. Samarbeidsrådet vedtek å starta arbeidet med ein samferdselsplan for Sunnhordland med fokus på fylkesvegnettet. 2. Administrasjonen utarbeider ein prosjektplan med kostnadar og finansiering, som skal godkjennast i møte 11. mars. FORSLAG TIL PROSJEKTPLAN Bakgrunn Det har skjedd mykje innan samferdselsområdet i Sunnhordland dei siste tjue åra. Det er ingen tvil om at Samarbeidsrådet si aktive planlegging, prioriteringar og arbeid innan området har vore viktig for utviklinga. Samarbeidsrådet utarbeidde den første samferdsleplanen i 1987 og den vart seinare rullert i 1994 og hausten 2008. Samarbeidsrådet utarbeidde i 2002 Plan for sekundærvegnettet. Og i prosess opp i mot at fylkeskommunane overtok ansvar for riksvegane, vart det utarbeidd Prioriteringsliste for sekundærvegnettet i regionen. Ein del av dei store samferdsleprosjekta er realisert, og dei store prosjekta E134 og E39 er under planlegging. Vidare har fylkeskommunen gjennomført ein Moglegheitsanalyse for tilknytingsvegar til E39 og ikkje minst nylig vedteke planprogrammet for ny Regional Transportplan. Difor kan det stillast spørsmål om det er naudsynt med ein ny samferdsleplan for Sunnordland. Til dette har Samarbeidsrådet sagt ja. Ikkje minst for å kunna prioritera og løfta fram prosjekt som skal og bør inn i Regional transportplan. Det vert også gjort tilsvarande planarbeid i fleire av dei andre regionane i Hordaland. Fylkesdelplan for Sunnhordland Planen vart vedteken i 2005 og skal gjelda fram til 2025. Som nemnd ovanfor er fleire tiltak gjennomført, særleg innan samferdsle. Del to i planen skal gjelda frå 2016-2025 og administrasjonen meiner at det er strategisk lurt å re vitalisera planen no, og bruka den for å få gjennomført dei strategiane og tiltaka som framleis er aktuelle for utvikling av Sunnhordland.

Det er og strategiar i planen som omhandlar ferjer og særleg nye ferjekaiar i Kvinnherad og Stord, då som del av industriaksen mellom Bømlo-Stord-Kvinnherad og Odda. Samferdsle er avgjerande for regional utvikling. Sterkare ABS region ( utdrag frå Fylkesdelplan for Shl.) Strategi: Utvikle ein berekraftig ABS-region med kultur som tilleggselement der kollektivtransport, ferjer og snøggbåtar er viktige transportmidlar. Strategien er basert på : Delmål 2.1: Veg, sjø og lufttransport skal vera samordna og gjera det daglege transportbehovet for Sunnhordlendingane enklare. Å utvikla robuste arbeids-,bu-service marknader(abs-regionar) er eit satsingsområd i norsk regionalpolitikk. Infrastrukturen er kostbar, og den har i vår tid fått mykje å seia for å kunne skape aktive og attraktive lokalsamfunn. Ved å føye til ein K for kultur, får me omgrepet ABSK region, som kan vera vel så høveleg i Sunnhordland. Kultur er ein identitet skapande lim i ein region og viktig for å skape arbeidsplassar blant anna innafor reiseliv, men også som synergieffektar med anna næringsliv. I Sunnhordlandsbassenget er betre kollektivtrafikk på sjø ein avgjerande føresetnad for å skape ein samanhengande ABSK region. Gode snøggbåtruter med vesentleg innkorting av ferjetida og optimal lokalisering av ferjekaiane trengs for å oppnå akseptable reisetider. Fylkesvegnettet I Regional transportplan vert fylkesvegnettet delt inn i to kategoriar: Overordna vegnett Fylkesvegar som ikkje inngår i overordna vegnett Det må verta ei målsetjing at flest mogleg av vegane vert klassifisert som overordna. Fleire av kommunane arbeider med pakkar for utbetring av lokalt vegnett, og er komen ulikt langt på dette. Bømlopakken, Kvinnheradspakken, Stordpakken er dømer på dette. Etne og Sveio er delar av Haugalandspakken. Samferdsleplanen for Sunnhordland må vera med på å støtta opp under dei prioriteringane desse kommunane har gjort gjennom sine pakkar. Ferjer Ikkje mindre enn ti ferjer trafikkerer framleis i Sunnhordland. Mange av desse er gamle, og trongen for neste generasjons ferjer med vekt på fart, regularitet, komfort, service, tryggleik og miljø har kome fram gjennom pågåande anbodsprosess. Arbeidet med ein plan for ferjeavløysingmidlar er starta opp, og må gå inn som del av samferdsleplanen. Snøggbåt bussen i Sunnhordland (utdrag frå Fylkedelplan for Sunnhordland) Strategi: Gjera snøggbåtrutene betre tilpassa reisebehovet, slik at transporten vert mest mogleg effektiv for dei reisande.

Sunnhordlandsbassenget må reduserast som barriere og igjen etablerast som ei viktig transportåre. Fastlandsamband over Sunnhordlandsbassenget er eit urealistisk mål innafor planperioden fram til 2025, i staden må det tenkjast nytt i høve til sjøtransport. Næringslivet har teke på seg store nasjonale utbyggingsoppgåver i olje og gass-sektoren, og må kunne stille krav til arbeidsmarknaden rundt verksemdene vert best mogleg tilgjengelege med offentlege transportmidlar. Snøggbåten bør bli Bussen i Sunnhordlandsbassenget. Sjøtransporten må knytast opp mot terminalar i sentrumsområda og gode omstigingspunkt mellom ferje, buss og snøggbåt. Anna Moglegheitsstudien Moglegheitsstudien har vurdert ulike alternativ for utvikling i Sunnhordland. Betre transportsamband og kortare reisetid gir grunnlag for auka regional utvikling som følgje av at regionen vert meir integrert. Moglegheitsstudien har sett på både fylkesvegar, ferjer og snøggbåt. Statens vegvesen Statens vegvesen har engasjert Norconsult til å gjennomføra ei analyse der ein ser på regionale og lokale verknader av ulike traseval. Det er viktig at denne analysen og planarbeidet vert knytt saman. Hovudmål Revidera Samferdselsplan for Sunnhordland med prioritering av samferdselsprosjekt og kommunikasjonar, med kostnader som skal arbeidast inn i handlingsprogrammet for Regional Transportplan og NTP Planarbeidet Ei viktig oppgåve i arbeidet vert å få ein oversikt over gjeldande planar, planarbeid i regi av andre og status i ulike prosjekt. Planarbeidet vil difor i stor grad byggja på dette, og vil og gjera arbeidet enklare. Det vert lagt opp til at planen vert ei rullering av førre Samferdselsplan og er ikkje lagt opp i høve til plan og bygningslova. Aktivitetar 1. Oversikt over gjeldande planar 2. Oversikt over planar under arbeid 3. Status for eksisterande stamveg-, riksveg- og fylkesvegprosjekt. 4. Status for ferjedrifta, snøggbåttilbodet, busstilbodet og flytilbodet 5. Skildra dei utbyggingsplanane som ligg føre 6. Lansera eventuelt nye prosjekt 7. Føreta ei prioritering av den vidare utviklinga innan samferdsle- og kollektivtilbodet 4. Tids- og ressursplaner Oppstart: 01.05.16 Ferdig: 31.12.16

Namn Planlagt tidsbruk (vekesverk) i 2004 Planlagt tidsforbruk i heile prosjektperioden Prosjektleiar 12 vekesverk 12 vekesverk Andre medarbeidarar 4 vekesverk 4 vekesverk 5. Organisering og rapportering Styringsgruppa: Referansegruppa/arbeidsgruppe: Prosjektansvarleg: Prosjektleiar: Samarbeidsrådet for Sunnhordland 1 repr. frå kvar av kommunane + 1 repr. frå Skyss, 1. repr. frå Samf.avd i Hordaland fylkeskommune, 1. repr. frå Statens vegvesen, Region vest. Gro Jensen Gjerde TBN 6. Budsjett og finansieringsplan Budsjett Finansieringsplan Art: NOK Kjelde: NOK Prosjektleiar 200000,- Hordaland fylkeskommune 200000,- Kjøp av tenester 50.000,- Eigeninnsats kommunane 120000,- Trykking 20.000,- Kommunar (1 kr. pr ibuar) 65000,- Møte og reiseutgifter 175000,- Samarbeidsrådet tiltakspotten 80000,- Administrasjon 20000,- SUM 465 000,- SUM 465 000,- 7. Kritiske suksessfaktorar - Finansiering - At kommunane set av ressursar - Vegring kva gjeld prioriteringar *Eigeninnsats kommunane: 5 møter i ressursgruppa x 4 timar x 8 kommunar = 80 000 8 timar x 8 kommunar x 500 kr = 40 000 Framlegg til vedtak: 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland godkjenner prosjektplanen slik den ligg føre. 2. Samarbeidsrådet søkjer Hordaland fylkeskommune og kommunane om delfinansiering av prosjektet. 3. Samarbeidsrådet nyttar kr. 80 000,- av tiltakspotten til prosjektet. 4. Prosjektleiar blir engasjert under føresetnad av fullfinansiering.

Møtebok Samarbeidsrådet for Sunnhordland Fredag 11. mars 2016 kl 08.30 Tysnes Rådhus Sak 16/16 GJG/rr DAGPENGAR UNDER UTDANNING OG PERMITTERINGSREGLER Saka vart utsett frå møte 10 februar. Situasjonen i næringslivet er utfordrande, og ein er no byrja å sjå ulike konsekvensar av permitteringar og oppseiingar. Samarbeidsrådet har i sin handlingsplan for 2015 sagt følgande: 4.2 Prioriterte næringar Sunnhordland er ein region der industrien er svært viktig for sysselsetjing og verdiskaping. Regionen er prega av kultur for industriarbeid, kultur for å skapa resultat og med industriell tyngde innan - Offshore - Skip og skipsutstyr - Marin sektor - Prosessindustri - Landbruk Regionen har mange leverandørverksemder som leverer produkt og tenester til verksemdene i dei fire nemnde bransjane. Mange leverer ikkje berre innan ein bransje, men til fleire. Likevel er Sunnhordland rekna som den mest sårbare regionen i Hordaland jamf. Sårbarhetsanalysen 2010. I dette ligg at bedriftene i regionen er mest sårbar for brå eller langvarige endringar i næringsliv og sysselsetjing. Den internasjonale marknader vil påverka situasjonen i næringslivet, og Samarbeidsrådet må difor ha ei breitt engasjement for å møta desse utfordringane. Ei kartlegging i regi av HOG Energi syner at 2015 kan verta eit utfordrande år for industrien i Sunnhordland. Prioriterte tiltak i 2015 Ha ein oversikt over situasjonen og vera proaktiv i høve til å påverka / iverksetje tiltak.

Situasjonen i næringslivet er svært utfordrande, og ein har byrja å sjå ulike konsekvensar av permitteringar og oppseiingar og Samarbeidsrådet bør ta ei drøfting på om rådet kan gjera noko i høve til premitteringsreglar og dagpengar under utdanning. Utdanning Høgskulen Stord-Haugesund opplever at studentar som har kombinert jobb og utdanning må seie i frå seg studieplassen fordi ledighet/dagpengar ikkje kan kombinerast med utdanning. Å ta utdanning er ikkje noko som kun går føre seg mellom 8:00 og 15:30, og heller ikkje alle studentar gjer dette 100%. Mange har reduserte løp og er studentar på tilbod som er organisert med samlingar. Det vanlege for mange både ved PPU, master og fleire EVU (etter- og vidareutdanningar) er 3-4 samlingar, kvar på 1-5 dagar, i semesteret. For PPU er det to dagar pr samling. Studiet er då 50 % fart i høve til fulltids studie. I tillegg til samlingane arbeider studentane individuelt med både pensum og oppgåver. Det er ei viss samanheng mellom timetal til førelesingar og krav om oppgåver. Mange timar til førelesing betyr mindre mellomarbeid, og mindre førelesing betyr meir mellomarbeid. Ved reine nettbaserte studietilbod blir ein del av arbeidet kompensert med eigearbeid av studentane. Det er ei uttrykt forventning til studentane om 40-50 timar arbeidsveke for 100% studie, 20-25 timar for halvt studie (15 stp/semester) osv. Heilt konkret er det studentar som vert oppsagte no, som står i fare for å seia i frå seg studieplassen på PPU som eigentleg skal fullførast mai 2016. Ein ser ikkje vekk i frå at det same vil gjelda masterstudentar og EVU-studentar. Samstundes vil regjeringa etablera 350 nye studieplassar på PPU som eit tiltak for auka arbeidsledighet blant teknologar. Dette vert litt paradoksalt, når høgskulen allereie har studentar som i tilsvarande situasjon må slutta på dette studiet. Ovanemde er ein situasjon frå HSH, men dette gjeld også studentar ved andre utdannngsinstutisjonar. Departementet har signalisert at det ikkje er ønskeleg å endra reglar om dagpengar ved sida av studier, men at det kan vurderast bruk av unntaksbestemmelsar for å møta dei utfordringane ein no står ovanfor. Samstundes er det også eit viktig poeng at nær sagt alle studentar tar dette studiet ved sida av full jobb. Tanken bak dagens regelverk er at ein ikkje kan vera ein reell arbeidssøkjar om ein samtidig studerer. Deltidsstudentar deltek ofte på samlings- og nettbasert deltidsstudie som fint let seg kombinere med full jobb. Dermed bør det også kunne kombinerast med det å vera arbeidssøkjande. Utdrag frå regel om dagpengar. Hovedregelen er at den som er under utdanning eller opplæring ikke har rett til dagpenger, jfr. folketrygdloven 4-6 første ledd. Bakgrunnen for denne lovbestemmelsen er at stønadsmottakeren ikke anses som reell arbeidssøker eller disponibel for arbeidsmarkedet så lenge hun/han er under utdanning, fordi det legges til grunn at medlemmet har annen aktivitet enn å skaffe seg arbeid. Utdanning er også uforenlig med rett til dagpenger fordi det vil stride mot intensjonen med dagpengeordningen, dagpengemottaker skal aktivt søke arbeid, ikke ta utdanning. Det vil også føre til en urimelig forskjellsbehandling mellom personer som har tjent opp rett til dagpenger og personer som må finansiere utdanningen gjennom lån eller annen selvfinansiering. Hovedregelen gjelder selv om vedkommende sier seg villig til å avslutte utdanningen så snart arbeid kan skaffes.

Fra denne hovedregelen er det gitt visse unntak i forskrift om dagpenger kapittel 4. Kurs/tiltak i Navs regi eller i samarbeid med Nav Utdanning utenfor normal arbeidstid Utdanning på fulltid i inntil tre måneder Utdanning med kortvarige, bolkvise undervisningsperioder på dagtid/fulltid Utdanning på fulltid i inntil ett år ved norskopplæring Introduksjonsprogram for nyankomne innvandrere Hvis du tar utdanning utenfor normal arbeidstid, det vil si på kveldstid og i helger, må du dokumentere at utdanningen er lagt opp som utdanning utenfor normal arbeidstid, og at utdanningen er tilpasset fullt arbeid på dagtid. Normal arbeidstid betyr dagtid, selv om du har hatt eller har kveldsarbeid. For at utdanning utenfor normal arbeidstid skal anses forenlig med fulltidsarbeid, må utdanningen som hovedregel ha redusert studieprogresjon med minst 50 prosent sammenlignet med tilsvarende utdanning på dagtid med full studieprogresjon. Navs retningslinjer tilsier at utdanning som faller utenfor disse rammene kan ikke godtas. Permitteringstid Situasjonen i deler av næringslivet er slik at det er auke i permitterte og oppsagte i regionen. Bedriftene ber om at maksimal dagpengeperiode vert auka frå 30 til 52 veker. Fleire ber og om at det vert opna for rullerande permitteringar og at det vert tillate å permittera i mindre stillingsprosent enn det er no. Desse grepa vil kunna hindra oppseiingar i bedrifter som slit, og ikkje minst kunna gje dei moglegheit til å behalda og utvikla den kompetansen dei vil trenga for å møta framtida. Utdrag frå Næringsbarometert ert januar 2016: Omstilling Med utgangspunkt i dei innspela som er kome frå ulike fagmiljø og næringsliv er «Kompetanseheving for arbeidstakarar som skal/vil omstillast» peika ut som det viktigaste strategiske innsatsområdet for dempa dei negative verknadene av nedgangstidene. Bakgrunnen for dette er signala om fleire år med lågare aktivitet i norsk petroleumsindustri som følgje av redusert aktivitet på norsk sokkel. Eit godt samarbeid mellom arbeidsgivarar- og arbeidstakarorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar, NAV, IN, kommunar og fylkeskommunen, vil letta overgangen frå oljerelatert kompetanse til kompetanse som det er etterspørsel etter i andre sektorar og bransjar, inkludert offentleg sektor. Målet er å sikre at verdifull kompetanse ikkje flyttar ut av dei sterkast ramma regionane, å sikre fortsatt rekruttering og stimulera til meir innovasjon i sektoren. Kompetanse- og erfaringsoverføring mellom ulike bransjar kan også gje grunnlag for ny og framtidig teknologiutvikling som er meir miljøvenleg. Vurdering Administrasjonen er klar over at bedrifter og organisasjonar arbeider for å få auka permitterings tida og for å få til meir fleksible ordningar for etter og vidareutdanning under permittering. Administrasjonen har hatt samtalar med ein del bedrifter, som har gjeve tydelege tilbakemeldingar på at ei auke i dagpengeperioden frå 30 til 52 veker ville betra situasjonen for bedriftene og dei tilette. Administrasjonen meiner at Samarbeidsrådet også må ta ein drøfting på om det er noko rådet kan gjera for å få fram utfordringane kring dette.

Samarbeidsrådet skal møta delar av Hordalandsbenken tysdag 9. mars, og dette kan vera ein anledning å ta opp ein del av utfordringane. Til dette møte er og leiar av Arbeids- og sosialkomiteen Arve Kambe invitert. I dette møte bør både permitteringsreglar og utdanning vera tema. Framlegg til vedtak 1. Samarbeidsrådet meiner at det bør arbeidast for å få ein auke i dagpengeperioden frå 30 til 52 veker. 2. Det må arbeidast for at det vert opna for rullerande permitteringar og at det vert tillate å permittera i mindre stillingsprosent enn det er no. 3. Det må arbeidast for å finna fleksible løysingar for at studentar som kombinerer arbeid og studiar får dagpengar dersom dei vert permittert eller oppsagt.

Møtebok Samarbeidsrådet for Sunnhordland Fredag 11. mars 2016 kl 08.30 Tysnes Rådhus Sak 17/16 GJG/rr OMSTILLINGSALLIANSEN Denne saka var utsett frå møte 10. februar. Hausten 2014 gjennomførte HOG Energi ei kartlegging av situasjonen i næringslivet i Hordaland. Næringslivsleiarar vart blant anna spurt om korleis dei såg på framtida og kva tiltak som burde setjast i verk for å avhjelpa den situasjonen ein såg ville koma. Denne rapporten vart lagt fram for fylkestinget ved årsskiftet 2014/15 Som ei oppfølging av rapporten har representantar frå Gode Sirklar AS, Regionrådet for Nordhordland, Samarbeidsrådet og HOG Energi arbeidd fram ei skisse til Omstillingsalliansen saman for framtidig regional konkurransekraft. Omstillingsalliansen er eit samarbeidsprosjekt med utgangspunkt i eit samarbeid med regionråda, næringsutviklingsselskap, forskingsaktørar og bedrifter frå regionane Sunnhordland, Nordhordland, Region Vest og Bergen i Hordaland, som i fellesskap under visjonen «sammen for fremtidig regionalt konkurransekraft» skal utføre tre konkrete delprosjekter: Markedssamarbeid som konkurransefortrinn Fremtidens konkurransefortrinn for regionen Grønne muligheter for regionen Føresetnaden for at regionen skal kunna lukkast med omstilling er å ivareta følgjande perspektiv: Regionalt perspektiv: Politisk engasjement og handlekraft er ein føresetnad for omstilling Bedriftsperspektiv: Bedriftene skape verdiar for seg sjølv og samfunnet FoU og undervisningsperspektiv: Hordaland treng meir FoU som kan setjast i anvendelse i næring med eit regionalt strategisk perspektiv Næringsutviklingsperspektiv: Framtidig næringsutvikling og den strukturelle omstillingen i sektoren vil i større grad forutsetja aktiv bidrag, samarbeid, koordinering og handling frå aktørar i politikk, næring og FoU. Målsetningar

Innsikt - Sikre kunnskap - Sikre ei strategisk tilnærming til omstillingsprosessen Samspill - Sikra ein plattform for regional strategisk utvikling - Sikre ein felles plattform for videre samhandling Handling - Forslag til tiltak Framtidas konkurransefortrinn for regionen: - Korleis utvikle me som region ein strategisk kompetansemiks som er fremtidsretta, etterspurt og konkurransedyktig? - Kva kompetanseområder er regionene i Sunnhordland, Nordhordland, Region Vest og Bergen, kvar for seg og i felleskap er sterke på? - Kva tiltak bør aktørane setja i gang for å utnytte regionen sitt potensial? I tillegg skal det arbeidast med følgjande. Markedssamarbeid som konkurransefortrinn Fremtidens konkurransefortrinn for regionen Grønne muligheter for regionen På bakgrunn av ovannemnde vert det no arbeidd med ein prosjektplan som skal danna grunnlag for ei finansiering av prosjektet. I denne skissa vert det lagt opp til at Samarbeidsrådet skal vera sentrale i arbeidet og sikra at aktørar på alle nivå vert aktivt med i arbeidet. Framlegg til vedtak Samarbeidsrådet støttar opp om arbeidet med Omstillingsalliansen, og vil delta aktivt i dei prosessane som vil koma som del av arbeidet for å få til ei samla satsing på framtidig konkurransekraft i Hordaland.

Møtebok Samarbeidsrådet for Sunnhordland Fredag 11. mars 2016 kl 08.30 Tysnes Rådhus Sak 18/16 GJG/rr ÅRSMELDING 2015 Administrasjonen legg med dette fram årsmeldinga for 2015. Det er styret i Samarbeidsrådet som skal gjera endeleg vedtak og innstille til Representantskapet. Det er likevel ønskjeleg at Samarbeidsrådet gjev sine råd. Framlegg til vedtak: Samarbeidsrådet for Sunnhordland tek årsmeldinga for 2015 til orientering.

Møtebok Samarbeidsrådet for Sunnhordland Fredag 11. mars 2016 kl 08.30 Tysnes Rådhus Sak 19/16 GJG/rr REKNESKAP 2015 Administrasjonen legg med dette fram rekneskapet for 2015. Rekneskapet vert lagt fram med eit underskot på kr. 122 764,-. Det er styret i Samarbeidsrådet som skal gjera endeleg vedtak og innstille til Representantskapet. Det er likevel ønskjeleg at Samarbeidsrådet gjev sine råd. Framlegg til vedtak: Samarbeidsrådet for Sunnhordland tek rekneskapet for 2015 til orientering.

Møtebok Samarbeidsrådet for Sunnhordland Fredag 11. mars 2016 kl 08.30 Tysnes Rådhus Sak 20/16 GJG/rr NÆRINGSARBEID Næringsarbeid i Sunnhordland Representantskapet ba i møte 4 desember 2015 Samarbeidsrådet gjer ei utgreiing/vurdering på korleis regionen kan optimalisere arbeidet med næringsutvikling på best mogleg måte. Her bør alle aktørar vera med i modellen. Kostnadseffektivitet, klynger, ei dør for gründerane er noko som bør vera belyst. Samarbeidsrådet drøfta saka i møte 10. februar, der administrasjonen la fram ei nesten tilsvarande sak frå 2014. Etter ei drøfting konkluderte Samarbeidsrådet med at administrasjonen hadde svart på oppgåva frå representantskapet, og at det berre måtte gjerast små justeringar før saka vert lagt fram. Administrasjonen har no gjort justeringar i utgreiinga. Dette er endringar i korleis kommunane har organisert førstelinjearbeidet etter 2014. I tillegg er det teke med ei sak frå 2006 der administrasjonen var beden om å skissere ulike modellar for organisering av næringsarbeidet i regionen. Bakgrunn Målsetjinga med korleis etablerarbeidet i regionen er prioritert og organisert må vera at regionen får tatt ut det potensialet som ligg i nyskaping og entreprenørskap. For å lukkast med dette er det avgjerande at ein klare å formidla ut at det er eit rettleiingsapparat og eit virkemiddelapparat som kan vera til støtte ved ei etablering. Spørsmålet er om Samarbeidsrådet framleis skal ha ei rolle i dette arbeidet. Definisjon Aktørar som arbeider med næringsutvikling vert ofte definert som første eller andrelinjeteneste. Førstelinjeteneste: Gjer råd og rettleiing om forretningsidè, kva etableraren må ha fokus på, enkel innføring i forretningsplan, verkemidelapparat og registrering av selskap. Ikkje minst råd og rettleiing om vegen vidare med utvikling av forretningsideen. Ligg ofte til kommunar.

Andrelinjeteneste: Grundigare inn i forretningsmodellering/forretningsplan, FoU, marknadsundersøkingar, marknadskommunikasjon, mm, og har ofte spesialkompetanse innafor eit eller fleire områder. Ligg ofte hjå næringsutviklingsselskap. Oversikt over korleis kommunane har organisert førstelinjearbeidet: Austevoll Næringssjef Austevoll Næringsråd Har distribuert inkubator gjennom Atheno Medlem i Business Region Bergen Bømlo Atheno er førstelinjeteneste Ordførar og rådmann Er eigar av Atheno og har distribuert inkubator gjennom Atheno Etne Ordførar er næringssjef Formannskap er næringsråd Fikse - Etne og Vindafjord næringsutvikling er førstelinjeteneste Er deleigar av Fikse - Etne og Vindafjord næringsutvikling Fitjar Ordførar er næringssjef Atheno er førstelinjeteneste Eigar av Atheno Kvinnherad Kvinnherad næringsservice er førstelinjeteneste Er eigar av Atheno og har distribuert inkubator gjennom Atheno Stord Atheno og Samarbeidsrådet/Kvinnherad næringsservice er førstelinjeteneste Er eigar av Atheno og har inkubator Sveio Førstelinjetenesta gjennom Haugaland vekst Tysnes Eigen næringsansvarleg Kjøper tenester hjå Atheno Medlem i Business Region Bergen Har distribuert inkubator gjennom Atheno