REGIONKOMMUNE SUNNMØRE



Like dokumenter
Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Referat frå folkemøta:

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Kommunereforma. Premissar ved å halde fram som eigen kommune

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Aurland kommune Rådmannen

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

Kommunereform. Ope møte i Volda

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/15 Drifts- og miljøutvalget PS Plan- og økonomiutvalget Kommunestyret Administrasjonsutvalget

VOLDA KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Regional delplan for attraktive byar og tettstader

Regionkommune sunnmøre. Prosjektplan

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Informasjon til innbyggarane i Ørskog kommune om kommunereforma

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga


EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

«Nordhordland kommune»

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

-Ein tydeleg medspelar. Aukra og Midsund i eit regionalt perspektiv

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Barnehageplan for Vinje kommune

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

REGIONKOMMUNE SUNNMØRE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Skodje kommune og interkommunale samarbeid

ROS-analyse i kommuneplan

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Regionkommune Sunnmøre

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

SANDE KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Organisering av kyrkja.

Vurdering av allianse og alternativ

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Kommunereforma. Utviklingsarbeid i kommunane

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SOGN driftig raus ekte

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Regionkommune Sunnmøre - Sonderingsgruppa Dato/Sted Utsikten på Devoldfabrikken i Sula kommune, 7. januar 2016, kl 08:30 til 13:30

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Forslag frå fylkesrådmannen

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Ole Helge Haugen Fylkesplansjef Møre og Romsdal fylke

Transkript:

REGIONKOMMUNE SUNNMØRE SLUTTRAPPORT FRA ARBEIDSGRUPPE 1, SAMFUNNSUTVIKLING Deltakarar i arbeidsgruppa: Kari Grindvik, Skodje (leiar) Bjørn Tømmerdal/Tore Johan Øvstebø, Ålesund Trude Fjerli Giskås, Giske Karen Simonnes Aanes, Ørskog Ronny H. Blomvik, Sula,Jonas Falch, Stordal Bjørn Inge Ruset, Norddal Vebjørn Krogsæter, Haram Jørgen Ask Bakke, Sandøy Annika Branddal, Hareid, Verne Larsen, Ulstein

Samfunnsutviklar: Oppdraget: "Det er nedsett fire arbeidsgrupper med deltakarar frå kvar kommune. Arbeidsgruppene skal samordne og drøfte SWOT- analysane frå deltakarkommunane. Med bakgrunn i oppsummeringa skal dei levere innspel til styringsgruppa (ordførarane) knytt til: Kva kommunene meiner er styrken med ein ny regionkommune, og kva nye høve vil ein slik kommune gi. Kva kommunene meiner kan vere svake sider eller trugsmål for den nye kommunen kva for prinsipp eller intensjonar kan i så fall demme opp mot dette. I løpet av våren og hausten 2015 blir det gjennomført fem drøftingsmøte i styringsgruppa. Målet er å ende opp med eit punktvis rammeverk og ei skisse for ein ny regionkommune. Rammeverket i skissa kan danne grunnlag for intensjonsavtalar mellom kommunene fram mot vedtak i den enkelte kommune om å bli ein del av ein ny regionkommune. Vedtak om dette vil bli tatt våren 2016." Kommunenes rolle som samfunnsutviklar omhandlar langsiktig og strategiske val omkring arealbruk og utbyggingsmønster, utbygging av infrastruktur, stad- og sentrumsutvikling, næringsutvikling, miljø og folkehelse i brei forstand. Rolla femnar vidare enn dei oppgåvene ei kommune er pålagt å utføre gjennom lover og forskrifter, og er i stor grad basert på samarbeid med og mobilisering av aktørar i og utanfor eigen kommune. Kommunen som planmyndigheit Kommunane skal gjennom planar og tiltak skape heilskapleg utvikling av lokalsamfunnet og gode levekår for innbyggjarane. Lovgrunnlaget er først og fremst plan- og bygningsloven, der kommunen si rolle som ansvarleg for arealdisponeringa innanfor kommunen sine grenser er heilt sentral. I tillegg kjem krav i særlovgjevinga, td, folkehelseloven og naturmangfoldloven. Det skal i planlegginga leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal vurderast. Kommunestyret skal minst ein gong pr. valperiode og seinast innan utgangen av året etter konstituering utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi, jfr. plan- og bygningsloven 10-1. Det er få formelle krav til ein planstrategi, men planstrategien må ta stilling til om kommuneplanen skal rullerast eller ikkje. I 10-1 heiter det at planstrategien bør omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, under dette også langsiktig

arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd, og ei vurdering av kommunen sine planbehov for valperioden. Videre er kommunane pålagd å ha ein kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel med handlingsplan og ein arealdel. Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgåver i kommunen. Næringsutvikling og utvikling i kommunesamfunnet Mykje av den kommunale innsatsen for samfunnsutvikling skjer på område der dei statlege føringane er avgrensa og den lokale fridomen stor. Kommunane har gjennom sin lokalkunnskap gode føresetnadar for å vere førstelinje for bedrifter, gründarar, samfunnsentreprenørar og eldsjeler. I dette arbeidet må kommunane ha god henvisningskompetanse, oversikt over kva dei ulike virkemiddelaktørane kan bidra med og slik gi effektiv rettleiing til dei som teng det. I tillegg ligg det i denne rolla ei leiaroppgåve for kommunane gjennom å mobilisere, utløyse og støtte opp lokale initiativ innan td.stadsutvikling, inkludering og omdømmebygging. Samhandling med innbyggjarane og andre aktører I både små og store kommuner er samarbeid viktig i utøvinga av samfunnsutviklar-rolla. Aktørar kommunen har kontakt og samarbeid med, er innbyggjarar, lag og organisasjonar, næringsliv og kompetansemiljø, men og ulike aktørar på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Samarbeidet dreier seg om arenabygging, dialog, medverknad, samarbeid, nettverksbygging og etablering av partnerskap. Plan- og bygningsloven slår videre fast at planlegging og vedtak skal sikre open informasjon, vere føreseieleg, og sikre medverknad for alle berørte interesser og myndigheiter.

Kva utfordringar står kommunene framføre i dag med tanke på å fremje ei langsiktig og heilskapleg utvikling, både kvar for seg og for regionen? Ekspertutvalet har peika på at ei av dei mest avgjerande endringane i samfunnet, som og gjer det naudsynt å sjå på dagens kommunestruktur, er at innbyggjarane har mykje større mobilitet. Dei gjer seg i aukande grad nytte av arbeidsplassar, handels- og tenestetilbod i eit vidare område enn kommunen dei bur i. Avhengig av kommunikasjon g tilgjengelege tenestetilbod vil det vere naturleg å sjå på inndeling i region i økonomiske regionar, bu- og arbeidsmarknadsregionar eller funksjonelle bu- og serviceregionar. I Stortingsmelding 13 (2012-2013) «Ta heile Noreg i bruk» er BA-regionar delt inn i grupper etter senterstørrelse og om kommunene i regionen ligg innanfor eller utanfor distriktspolistiske virkeområde. For vår modell er inndelinga slik: Regiontype BA-region Kommune Region med små og mellomstore byar utanfor distriktspolitiske virkeområde Region med små og mellomstore byar innanfor distriktspolitiske virkeområde Ålesund Ulstein Ålesund, Sula, Giske, Haram, Skodje, Ørskog, Stordal, Sykkylven Ulstein, Hareid Småsenterregion Norddal/Stranda Norddal Spredtbygde område Sandøy Sandøy Bu-, arbeids- og serviceregion (BAS-region) Ein funksjonell BAS-region skal, etter kriteria som Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar, vere sjølvforsynt med dei fleste viktige funksjonar og tenester som ein innbyggjar etterspør gjennom eit livsløp. For å sikre at inndelinga skal vere berekraftig i eit framtidig perspektiv, må regionen ha: Eit variert tilbod av arbeidsplassar innanfor alle sektorar og på alle kompetansenivå Tilnærma full arbeidsplassdekning Eit breidt og variert butilbod til alle grupper av innbyggjarar Eit konkurransedyktig handels- og tenestetilbod innan alle bransjar Eit variert skuletilbod som dekkjer heile utdanningsløpet Eit tilfredsstillande tilbod av spesialisthelsetenester Eit breidt idretts- og kulturtilbod på alle nivå Gode kommunikasjonar som knyter regionen saman Eit attraktivit og levande regionsenter

Med utgongspunkt i desse føresetnadane er det to slike BAS-regionar på Sunnmøre, Ålesundregionen og Eiksundregionen. ( jf. BDO utfordringsnotat av 24.februar 2015) Korleis er situasjonen i kommunene når det gjeld folketalsutvikling, næringsutvikling og sysselsetjing? Kommunene i regionkomune Sunnmøre er svært ulike i tal innbyggjarar. Stordal med litt over 1000 pr. 1.1.2014 til Ålesund med knappe 46 000. Sju av kommunene i denne modellen har under 5000 innbyggjarar og fem ligg mellom 5000 og 10 000 innbyggjarar. Ser vi på folketalsutviklinga frå 1990-2014 ser vi at i tillegg til Ålesund, har Ulstein, Giske, Sula og Skodje betydeleg vekst, medan Sandøy og Norddal har ein nedgong i innbyggjartalet. Samla har regionen hatt 10 % vekst sidan 2001, gjennomsnittet for landet er på 12% i perioden 2004-2014. Sysselsettingsveksten i perioden 2003-2013 var sterk, med ein auke på rundt 10 000 nye arbeidsplassar. Tal frå SSB syner at vi har netto utpendling frå regionen, noko som innber at det er fleire som bur i regionen enn tal på arbeidsplassar i regionen. Når det gjeld arbeidsledige syner SSB sine tal for 2013 at vi har i overkant av 2 %, landssnittet er 2,6%. Med basis i statistikk for folketalsutvikling, sysselsetjing og pendling ser vi følgjande mønster for kommunene i vår modell: Ålesund, Haram, Giske, Sula og Skodje har alle hatt sterk folketalsvekst. Ålesund spelar ei viktig rolle med stor innpendling frå dei andre fore kommunene. Samla er desse fem kommunene ein del av ein sterkt integrert bu- og arbeidsmarknadsregion. Dei fire kommunene rundt Ålesund må kunne sjåast på som attraktive buområde, som isolert sett har ført til folketalsvekst og samtidig ein positiv sysselsetjingsutvikling i eigen kommune. Ulstein og Hareid er sama med Sande og Herøy ein annan bu- og arbeidsmarknadsregion. Her er det Ulstein som er den viktigaste sysselsetjingskommunen med fleire arbeidsplassar enn folketalet skulle tyde på. Både Ulstein og Hareid har vekst i folketal og vekst i sysselstjing i eigen kommune. Dei andre kommunene: Sandøy, Ørskog, Stordal, Norddal, Sykkylven og Stranda har ikkje like klare samanhangar med kvarandre eller dei andre gruppene. Sykkylven har ein folketalsvekst som er sterkare enn sysselsetjingsveksten. I dei andre er det ingen vesentleg vekst i sysselsetjing etter arbeidsstad elle bustad i perioden 2001-2013. ( Opplysningar frå BDO-rapporten)

Ser vi overordna på næringsstrukturen på Sunnmøre er det i overkant av 74 500 sysselsette etter arbeidsstad (SSB 2013) på Sunnmøre. Offentleg sektor utgjer den største andelen, og saman med industri står desse for meir enn 50% av sysselsetjinga på Sunnmøre. I perioden 2001-2013 har vi hatt sterkast vekst i offentleg sektor, tenesteyting og bygg/anlegg. Nedgongen er størst i landbruk og industri. Dei tyngste indistrikommunene i vår modell er : Haram (47%), Ulstein (44%), Sykkylven (43%), Sandøy (37%), Hareid (34%) og Stranda (33%). Til samanlikning kan vi sjå at i Norddal (31%), Ørskog (26 %), Sula (23%), Skodje (23%) og Ålesund (22%) er den største bransjen helseog sosialtenester. Ålesund har sjukehus, Sula, Skodje og Ørskog er vertskommuner etter HVPUreforma. Norddal har vi ein kombinasjon av demografi og Muritunet som yter tenester til innbyggjarar i regionen. Kva oppgåver og utfordringar krev felles løysingar på tvers av kommunegrensene? Under dagens kommunestruktur samhandlar vi på ulike måtar i regionen. Vi har utviklingsprosjekt, interkommunalt samarbeid og interkommunale selskap: Heilskapleg planlegging Kvardagsregionen under felles styre Tilrettelegging for næringslivet Attraktivitet- Teknologi, talent, toleranse regionbyfunksjon framstå som samstemte (nullstille enkelte prosjekt og våge å tenke nytt!) forsking/fou tiltrekke oss nye kompetansearbeidsplassar attraktive både for arbeidsgivarar og arbeidstakarar Klima og miljøutfordringar Folkehelse Kollektivtransport Vere eit kraftsenter/ maktfaktor og hevde oss betre mot andre regionar, nasjonalt og globalt Samhandlingseforma Barnevern Legevakt Interkommunalt arkiv IKA Renovasjon Lista er langt frå uttømmande, men gir eit bilete av nosituasjonen.

Når vi no skal vurdere andre kommunemodellar, har kommunene vorte oppmoda om, kvar for seg, å utarbeide ei enkel analyse over dei dei ser på som ulike stryke, svakheit, moglegheit og truslar som ligg i ein regionkommunemodell der Norddal, Stordal, Ørskog, Skodje, Stranda, Sykkylven, Haram, Sandøy, Sula, Giske, Hareid, Ulstein og Ålesund er med. Arbeidsgruppa har fått inn analysene frå dei einskilde kommunene, gruppert innspela og prøvd å gi ei samla framstilling av resultata. Vi har ikkje vekta innspela på anna måte enn at ei kommune = ei røyst. I det vidare arbeidet vil vi sjå om vi finn klare samanhangar eller forklaringar på innspela som kan vere vesentlege å ta med i endeleg rapport. Arbeidsgruppa har ut frå dei innspela kommunene har kome med ikkje funne noko som vi kan definere som tema eller utsegner som kommunene er ueinige om, men vi ser at kommunene vektlegg ulike moment, men også i stor grad mange felles moment. Ulike former for sentraliseringstruslar er framheva, her ser vi at alle kommunene er klar over denne truslen. Og det vil alltid vere slik at moglegheit=trussel dersom vi ikkje har god organisering og struktur på prosessen, samt manglar politisk og administrativ gjennomføringsevne. Forskjell på moglegheit og trussel er avhengig av kor tidleg du ser den! (1980 Alvin Toffler: The Third Wave) For å synlegjere kva kommunene er einige om i SWOT-analysene har vi vald å legge fram dette gjennom ordskyer under dei fem overskriftene: STYRKE, SVAKHEIT, MOGLEGHEIT, TRUSLAR og AVBØTANDE TILTAK.

STYRKE

SVAKHEIT

MOGLEGHEIT

TRUSLAR

AVBØTANDE TILTAK

STYRKE Større fagmiljø større og breiare kompetanse i kommunen, kanskje også for politikarar. Auka kompetanse, nye oppgåver og auka mynde, kan saman med større profesjonalitet kunne føre til at det vert lettare å rekruttere. Auka kompetanse også innan næringsliv. Det vil kunne vere lettare for begge i eit parforhold å få seg jobb i regionen. Styrka konkurransekraft- meir attraktive som vertskapskommune og bustadkommune. Sterkare i møte med andre aktørar og i kampen om tildeling av ressursar. Kan etablere maktbalanse i tingingar med eksterne aktørar og med andre landsdelssenter. Heilskapleg planlegging samordna arealplanlegging innan felles Bu-, arbeids- og serviceregion Lettare å få til betre arealdisponering med heilskapleg tilnærming. Lokal stadutvikling- tenke heilskap og framheve lokale fortrinn. Styrka kulturliv, fleire tilbod og auka aktivitet i lag og organisajonar. SVAKHEIT Avstand mellom innbyggjarar og politikarar, dei som styrer og dei som vert styrt, medaktørar. Lokalkunnskap går tapt og omlandet vert meir utsett. Sentralisering vi vil oppleve at tenester vert sentralisert, uansett vil administrasjon av tenester verte sentralisert. Distrikta taper (kompetanse)arbeidsplassar når sentralleiinga vert flytta.

MOGLEGHEIT Strategisk utviklingsarbeid - det vil bli lettare å setje fokus på strategi- og utviklingsarbeid med meir samordna ressursar. Betre infrastruktur/kommunikasjon betre kollektivtilbod med heilskapleg planlegging. Heilskapleg planlegging vil og kunne gi styrka næringsliv og betre samarbeid med utdanningsinstitusjonar, FoU, kultur. Styrka næringsutvikling gir styrka attraktivitet Regional maktfaktor sterkare i høve andre aktørar regionalt, men óg nasjonalt Attraktivt for yngre/ungdomar å etablere seg her Nye, større oppgåver statlege arbeidsplassar flyttar hit Stordriftsfordelar Godtfungerande BAS TRUSLAR Sentralisering- har så mange ulike element: framandgjering svekkja identitet for langt mellom den som vert styrt og den som styrer, også geografisk avstand uoversiktleg for alle kamp om midlar og ressursar usemje om arealdisponering svekka utkant- mindre medverknad og lokal makt vil kunne føre til forvitring manglande samarbeid vanskar med å forankre vedtak og prosessar manglande styring vil kunne svekkje gjennomføringsevnen i overgongsfasen AVBØTANDE TILTAK God struktur, organisering Aktiv medverknadspolitikk Digitale tenester Basistenestedefinisjon og basistenestegaranti

Kva premissar må vi leggje til grunn om vi framleis skal vere kvar for oss? Dette kapittelet handlar mest om kommunene utanom Ålesund, kun med omsyn til folketal. Inntektssystemet: Regjeringa har i samband med kommunereforma varsla ei heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane frå 2017. Det er ikkje gitt informasjon om kva endringar som kan vere aktuelle. Når dette spørsmålet er knytt til kommunereforma må vi rekne med at inntektssystemet vil bli tilpassa til dei føringane for kommunestrukturen som ligg i reforma. Det er likevel heilt uråd å gjere sikre vurderingar av korleis det framtidige inntektssystemet vil verke for kommunar som vel å framleis vere eigen kommune med eit folketal på mellom 1 000 og 3 000. Ein viktig premiss for å halde fram som eigen kommune er å satse på at endringane i inntektssystemet ikkje vil gi vesentleg dårlegare vilkår for dei små kommunane. Effektiviseringspotensial: Små kommunar har eit effektiviseringspotensial. Gevinsten er klart størst opp mot kommunar med folketal på ca 20 000. Etter 20.000 vil det framleis vere eit potensiale, men det vil vere minkande. Det kan også vere variasjonar mellom tenesteområde. I følgje Arild Stana, KS-Konsulent, har ein fått teke ut det meste av effektiviseringspotensialet når ein har passert 20.000. Men andre hevdar at grensa kanskje går heilt opp til 80.000 før stordriftsulempene et opp effektivitetsgevinsten. Ressursar som blir frigjorde ved effektivisering i kommuneorganisasjonen kan settast inn i styrking av tenestene. Ein viktig premiss ved å halde fram som eigne kommunar er at vi går glipp av store effektiviseringspotensial. Tenesteutvikling: Kommunal tenesteutvikling blir stadig meir kompetansekrevjande. Skal vi kunne levere tenester til innbyggarane med den kvaliteten som dei ventar og i tråd med dei krava som er sett i lovverket og frå statlege styremakter må vi ha sterke fagmiljø der fleire medarbeidarar med ulik spisskompetanse til saman kan dekke kompetansekravet i dei einskilde tenesteområda og samtidig ha utviklingskraft til å gjere tenestene betre og meir effektive. Kompetansebehovet er ikkje statisk, det aukar frå år til år i takt med sterkare lovregulering, skjerpa krav frå Staten og auka krav frå innbyggarane. Det som

var godt nok i går vil ikkje halde i morgon. Kommunane må derfor styrke kompetansen på alle område. Ein viktig premiss ved å halde fram som eigen kommune er å akseptera at gapet mellom den kompetansen kommunen har til rådvelde og den kompetansen som trengs for å løyse oppgåvene på ein tilfredsstillande måte, veks. Interkommunalt samarbeid: Samarbeid mellom kommunar har vorte meir og meir vanleg og naudsynt ettersom oppgåvene som skal løysast har auka i omfang og kompleksitet. Manglande kompetanse og kapasitet har vore styrande for prosessane i etablering av ulike former for samarbeid. Det er ikkje eit mål i seg sjølv at slikt samarbeid skal opphøyre, det vil alltid vere rom for saker og områder der samarbeid er avgjerande for god samfunnsutvikling. Ankepunktet er å få god nok politisk og administrativ styring av slike samarbeid. Basisoppgåvene bør kommunene mest mogleg handtere innan eigen organisasjon. Ved å halde fram som eigen kommune vert ein truleg meir avhengig av interkommunalt samarbeid og må akseptere at ein større del av tenester og avgjerder blir utført i vertskommunen. Ein anna utfordring ved å halde fram som eigen kommune er å ta sjansen på at det etter kommunereforma er ein grannekommune som kan og vil etablere interkommunalt samarbeid om oppgåveløysinga. Lokale arbeidsplassar i kommunal regi: Ein viktig premiss ved å halde fram som eigen kommune er at arbeidsplassar i sentraladministrasjonen og nokre andre tenester i kommunen framleis kan vere i lokalsamfunnet. Ved alternativt å satse på større utvikling av interkommunalt samarbeid vil mange av desse arbeidsplassane likevel bli omlokaliserte til regionsenteret. Ei anna utfordring vil vere rekruttering til desse arbeidsplassane. Lokale arbeidsplassar, som kunne vore sikra og utvikla ved at ny kommune vert større, kan bli mindre sikre/forsvinne ved at kommunen held fram som eigen kommune. Lokaldemokrati: Eit viktig mål i kommunereforma er eit sterkt lokaldemokrati og politisk handlingsrom. Det FoU-arbeidet som er gjort omkring samanhengen mellom storleik på kommunen og styrken i lokaldemokratiet tyder på at styrken i lokaldemokratiet i liten grad er avhengig av

kommunestrukturen. Det kan like gjerne vere godt lokaldemokrati i ein stor kommune som i ein liten kommune. Styrken i lokaldemokratiet blir avgjort av andre faktorar enn storleik. Føresetnaden for å ha eit sterkt lokaldemokrati er at det er gode rammevilkår for det politiske arbeidet. Ein viktig premiss ved å halde fram som eigen kommune er å legge til grunn at kommunen i dagens struktur vil ha tilstrekkeleg tilfang av politiske arbeidsoppgåver, eit stort nok politisk handlingsrom/ ressursmessig spelerom, nok administrativ kraft og ein kompetent organisasjon slik at det gir gode rammevilkår for det lokalpolitiske arbeidet. Nærleik og distanse: Større kommunar kan gi oppleving av større avstand mellom innbyggarane og dei som styrer i lokalsamfunnet. Personar og grupper har lettare tilgang til dei politiske leiarane i små kommunar og kan få større påverknad. Nærleik mellom dei som styrer og dei som blir styrde blir ofte sett på som ein føremon. Men nærleiken i små kommunar kan og utfordre kravet om likebehandling og rettferd. For kommunen som lokal styremakt er distanse også ein kvalitet. Tette band mellom einskildpersonar eller grupper og politikarane kan vere eit tillitsproblem for lokaldemokratiet. Dette er synleg kvar dag i norske kommunar. Innbyggerundersøkingar i kommunane i vår region, gjort av Sentio på oppdrag av Sunnmøre regionråd, syner at folk er godt nøgde med dei kommunale tenestene. Ser vi på politisk styring ser vi at td Skodje er den einaste kommunen som kjem ut med signifikant høgare andel som trur det vert uendra nivå i ei større kommune. Medan Sula, Giske og Stordal er kommunene som trur det vert verre. Ser vi på innbyggjarmedverknad er det berre 2% som trur det vert betre, det er sinifikant lavare. Igjen er det Sula, Giske og Stordal som trur det vert verre, medan Ålesund, Hareid og Ulstein trur det vert betre. Ved å halde fram som eigen kommune må ein vere overbevist om at tette band og habilitet ikkje vil utgjere eit problem. Vidare at det ikkje trengs meir distanse mellom personar og grupper i lokalsamfunnet og dei som har avgjerdsmakt i kommunen. Nye oppgåver Kommunereforma legg og opp til at større kommunar skal gi grunnlag for overføring av nye oppgåver frå stat og fylke til primærkommunen og at det blir mindre behov for statleg detaljstyring og kontroll. Regeringa har varsla ei melding om nye oppgåver til kommunane våren 2015. Nye oppgåver vil styrke kommunen som lokalpolitisk arena og gi auka politisk handlingsrom. Eit mogleg resultat av å halde fram som eigen kommune er at det blir vanskelegare å få overført nye oppgåver til kommunane og å få redusert behovet for statleg detaljstyring og kontroll.

Utviklingskraft Det er i politikkens natur å strebe etter utvikling, fornying og betring. Skal kommunen tene som ein god arena for lokaldemokratiet og det politiske arbeidet er det ikkje nok å halde «status quo». Målet må vere at kommunen er pådrivar i arbeidet for fornying, endring og effektivisering. Dette krev stor utviklingskraft i kommuneorganisasjonen. Kvar for seg vil små kommunar ha lite ressursar og kompetanse for systematisk utviklingsarbeid. Slår vi ressursane våre saman kan vi få til meir enn vi kan greie kvar for oss. Ved å halde fram som eigne kommunar gjer at kommuneorganisasjonane ikkje vil ha den utviklingskrafta som vi kunne få ved å slå ressursar og kompetanse saman i ei større eining. KVIFOR KOMMUEREFORM? Mange spør seg kvifor det er naudsynt å ha ei kommunereform. Svara kan vere mange. Ser vi bort frå den aller enklaste grunnen; at regjeringa har vedteke det, kan ei tilnærming vere å sjå korleis handlingsmønsteret til innbyggjarane våre har endra seg. Nye samferdselsløysingar og nye behov gjer at vi i dag er mykje meir mobile enn før. Skule, arbeid, handel- og servicetilbod og kultur- og fritidstilbod vert nytta der vi finn det tilbodet vi ønskjer, uavhengig av bukommune. Vi har etter kvart fått eit globalt perspektiv på verda: Det er i bygdene vi bur, i regionsentra vi har vårt virke og i verda vi lever. Fokusproblem som vi må ta stilling til: Er det kommunestruktur (grenser) eller kommuner (tenester) vi skal skape? Kommunene er samla om prinsippet å skape ei ny kommune for framtida. Framtida handlar ikkje om fortida og det som var. Ei vanleg tidsfeilslutning er at vi framskriv notida og legg til litt, men vi må tenke nytt. Olav H Hauge seier det slik om korleis tenke i framtida: «Det me eig er fortidi og framtidi. Notidi er me aldri herre yver. Difor er det tryggast å halde seg i gamle dagar eller i framtidi ein stad.» Ei kommunereform no vil vere å tilpasse oss samfunnsutviklinga generelt, ved å endre kommunegrensene til regionen innbyggjarane våre faktisk nyttar. Vi må sikre ein politisk og administrativ styringsstruktur tilpassa innbyggjarane sin mobilitet. Kommunene har peika på desse 4 områda som svært viktige tiltak for å lukkast med å skape ei ny kommune: God struktur, organisering Aktiv medverknadspolitikk Digitale tenester Basistenestedefinisjon og basistenestegaranti

Konkurransekraft Vi treng musklar til å løfte ilag og vi treng å erkjenne at vi saman klarer meir enn kvar for oss. Vi må utnytte kvarandre sin kompetanse, ta vare på lokale fortrinn og vise gjensidig rausheit. Dette gir oss konkurransekraft. Vi bør peike ut eit samlande symbol, som alle kan identifisere seg med. «Sunnmøre gjer noko med deg!» Heilskapleg og samordna planlegging. Vi bør allereie no initiere felles arealplanlegging, der målet må vere å ta heile kommune i bruk. Synleggjere alle planlagde prosjekt i eit felles kart, kanskje nullstille nokre prosjekt og teikne nytt kart for framtidsretta løysingar. Det vil vere nyttig å sjå på arbeids- og funksjonsfordeling, samt nye møtearenaer og partnerskap. Vi ønskjer oss styrka utdanningsinstitusjonar. Det er difor naudsynt å sjå på korleis vi kan skape gode og sentrale studentfasilitetar. Styrka næringsliv i ei større eining har vi moglegheit til å arbeide strategisk og samordna for å styrke og utvikle næringslivet og nyetableringar. Ser vi på deltkarkommunene i regionkommunemodellen, ser vi at regionen representerer eit breitt spekter, der kysten naturleg nok er stor og leiande innan marin- og maritim næring, medan indre er stor og tydelege innan næringsmiddel, møbel og vareproduksjon. Vi har også landbruk og turisme med store aktørar i vår region. Saman har vi eit kompletterande og sterkt næringsliv. Styrka kulturliv. Mange vil hevde at dette er utopi. Kulturlivet på Sunnmøre er i sanning rikt. Ser vi på fotballen er det få som vil hevde at Hødd og Aafk sine resultat har kome på bekostning av breiddefotballen rundt om i bygdene, det har tvert i mot skapt meir entusiasme og engasjement. Slik må vi tenkje for resten av kulturlivet også. Vi må tørre å løfte fram nokre til eit høgare nivå, for å skape vekst. Og vi treng ikkje å etablere like tilbod i alle grender, variasjon er også ein rikdom. Sentralisering. Ser vi 50 år attende i tid ser vi Sverige som vedtek ei sentralisering frå nord til byar og tettstadar i sør gjennom vedtak om storstilt bygging av 1 million nye husvære. Samstundes etablerar Norge distriktstiltak for å busetje heile landet. Sentraliseringa er no komen minst like langt i Norge, som i Sverige. Vil då sentralisering kunne tilskrivast kommunereforma? Eller er det noko som skjer uavhengig av kva vi vel? Kanskje er kommunereforma eit høve til å prøve å styre/bremse denne

sentraliseringa? Trusselen er ikkje kor mange som flyttar frå td Eidsdal til Stranda eller Ålesund, men kor mange som flyttar frå Sunnmøre mot Oslo, Trondheim, Bergen utan å vende tilbake. For å demme opp for det siste alternativet, må vi sørge for at vår region vert attraktiv for dei som bur her, for dei som tek utdanning, for dei som jaktar på arbeid eller som ønskjer ein plass å etablere verksemda si. Men sentralisering er og eit tema for korleis vi kan utvikle ei ny kommune og hindre at reell og opplevd avstand vert ein trussel. Det handlar om korleis den politiske og administrative organisasjonsstrukturen vert bygd opp. Og det handlar om kvar folketalsveksten kjem. Vi må bygge infrastruktur og kommunikasjonsløysingar som kortar ned reisetida. Infrastruktur er i høgste grad også digitale løysingar. Kvar for oss og innanfor interkommunal samhandling har vi fleire aktuelle prosjekt. Desse må vi løfte fram og samordne. Uavhengig av om vi har ein desentralisert styringsmodell eller ikkje, vil det vere avgjerande å ha felles oppfatning av kva som er basistenester : td barnehage, skule, omsorgstenester. Det bør definerast innhald, nivå, kvalitet utifrå prinsipp om likeverd. Tenestene skal vere nær innbyggjarane, men gi opning for ny organisering. Innbyggjarane må kunne få ein form for basistenestegaranti tidleg i prosessen. Det vil også vere avgjerande å utarbeide ein strategi for aktiv medverknad og eit levande demokrati. Det finns ulike døme på korleis ein kan etablere dette og vi har mykje å hente ved å sjå på ulike modellar som er løfta fram som gode for medverknad og nærdemokrati, jf. Fredrikstad, Tromsø, Øvre Eiker, Bodø. Innovasjon og strategisk tenking. Dagens kommuner har eit stort spekter av oppgåver og i ein hektisk kvardag med til dels knappe ressursar er det forvaltningslogikken som råder. Men i kvart års statsbudsjett er det uttrykt ei forventning om at kommunene skal kompensere manglande overføringar med effektivitet og innovasjon. Vi treng kompetanse og leiingskapasitet til å drive med innovasjon. Ein organisasjonskultur for å å ha fokus på innovasjon, for å finne smarte løysingar til det beste for innbyggjarane og næringslivet. For å skape eit innovasjonsmiljø må vi tenke langsiktig, ha nok ressursar og ha rom for å utvikle idear. Også innanfor den politiske styringa er det naudsynt å tenke nytt. Godt politisk leiarskap krev at vi

har gode rammevilkår for politkarane og vågar å tenke nytt i høve kor mange, heiltid eller deltid og eventuelt spissing innanfor fag/ oppgåver. Likeins må vi meine noko om kvar lokalkunnskapen skal sitje og korleis den best kan nyttast. Nye oppgåver: Oppgåvemeldinga gav vel ikkje dei heilt store, reelle politiske oppgåvene. Det må vere mogleg å kunne få vite meir om konkret innhald i oppgåver nedover, samstundes må vi melde oppover kva vi ser på som aktuelle oppgåver kommunene bør ta over. VISJON Kva kan vi få til? Vi har ein veg å gå og det er inn i framtida. Ikkje bakover, ikkje stå på staden: Vi må velje å gå framvendt og ikkje baklengs. Dette krev: politisk leiarskap og administrativt leiarskap at vi får med folket basistenestegaranti innovasjon og vilje til å sjå framover politisk mot viktigare enn fleire utgreiingar Augustin skal ha sagt: Fastheit i kjernen, fridom i periferien, kjærleik til alt! Kanskje det kan vere eit kjenneteikn på ei ny, stor regionkommune? Slagord for ei ny kommune kan vere: Ei unik kommune for framtida! Sunnmøre: Gjer noko med deg! Utifrå kommunene sine innspel har arbeidsgruppa oppsummert desse punkta som ein mogleg

VISJON FOR REGIONKOMMUNEN Regionkommunen sikrar basistenester der folk bur Regionkommunen er ein sterk og slagkraftig samfunnsbyggar saman med andre offentlege og private samfunnsaktørar Regionkommunen skal vere ein tydeleg og aktiv aktør i nasjonal samanheng Regionkommunen er i stand til å posisjonere Ålesund som by og regionen som attraktiv region for framtidas innbyggjarar og næringsliv Regionkommunen er robust nok til å ivareta det ansvar og dei oppgåvene som til ei kvar tid ligg til kommunane som forvaltningsorgan og under folkevald styre Regionkommunen er ein dynamisk organisasjon med god balanse mellom overordna leiing og styring og behovet for nærtenester og nærdemokratiske løysingar Skodje 17.mai 2015 arbeidsgruppa for samfunnsutvikling Kari Grindvik (Skodje) leiar Vebjørn Krogsæter (Haram) nestleiar medlemmar: Trude F Giskås (Giske), Tore Johan Øvstebø (Ålesund), Jonas Falch (Stordal), Eva Fjørtoft (Sandøy), Karen S Aanes (Ørskog), Annika Brandal (Hareid), Verner Larsen (Ulstein), Bjørn Inge Ruset (Norddal), Ronny Blomvik (Sula)