4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ... 1 4.1. Overordna mål... 2 4.2. Førebels mål for vasskvalitet... 3 4.2.1. Område 1. Stranda... 3 4.2.2. Område 2. Liabygda... 4 4.2.3. Område 3. Sunnylvsfjorden... 5 4.2.4. Område 4 Sunnylven... 5 4.2.5. Område 5. Geiranger... 6
4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ 4.1. OVERORDNA MÅL Plandokumentet: Ei god oversikt over vassmiljø og forureining til vatn Ei praktisk og forståeleg plan som både politikarar, fagfolk og administrasjon kan gjere seg nytte av Ei plan som er eit godt grunnlag for seinare revisjon Ei plan som gjev rom for trinnvis utbygging Miljømål: Tilførsel av forureining skal ikkje vere større enn den enkelte vassførekomsten sin kapasitet til sjølrensing Vatn og vassdrag skal kunne nyttast til bading og rekreasjon, og i visse høve som drikkevasskjelde Sjøområda skal ha god badevasskvalitet Kommunale anlegg: Anlegg skal byggjast ut, drivast og haldast ved like slik at abonnentane til ei kvar tid har ei god, sikker og hygienisk avløpsteneste Anlegg skal byggjast ut med sikte på at naturlege vassvegar og sjøområde vert avlasta for utslepp og forureining Anlegg skal overvakast med egna utstyr med omsyn til driftsstans, funksjonsfeil, lekkasje og forureining. Anlegg skal ha ein kvalitet som i det minste er i samsvar med gjeldande regelverk, normer og krav Private anlegg: Private fellesanlegg skal ha same standard som kommunale anlegg Private anlegg i spreidd busetnad skal ha avløpsløysingar som ikkje fører til større utslepp enn resipienten kan tåle ut frå forureiningstilhøve eller hygieniske tilhøve Landbruk: Industri: Vidareføre arbeid med å reduser punktutslepp og avrenning frå landbruksområde Avløp frå industri skal ikke føre til forureining av vassdrag eller sjøområde Påslepp til kommunalt avløp skal vera i samsvar med SFT sine normer for kommunalt avløpsvatn
4.2. FØREBELS MÅL FOR VASSKVALITET Det finnast ikkje data om vasskvalitet for nokre av nedbørfelta og sjøområda i Stranda kommune. Dei førebels måla for vasskvalitet er sett på grunnlag av brukarinteresser og anna kunnskap om vassdrag og sjølokalitetar. 4.2.1. Område 1: Stranda Alle dei definerte nedbørfelta i område 1 Stranda er viktig når det gjeld friluftsliv. I tillegg er det knytt spesielle brukerinteresser til det einskilde nedbørfelt. Ved Nysætervatnet i Fausaelva er det mange hytter og vassdraget ligg i viktige friluftsområde. Storelva har ein livskraftig laksestamme og er viktig som fiskeelv i regionen. Fursetelva som er ein sideelv til Storelva, er vasskjelde for Stranda Vassverk. Elva er også vasskilde til klekkjeriet til Stranda elveeigarlag. Elva renn gjennom Hevsdalen kor det er mange hytter. Langloelva er reservevasskjelde. Uksagelva er vasskjelde for eit settefiskanlegg. Under kvart nedbørfelt er det definert eit eller fleire overordna mål. Dei konkrete forslaga til førebels miljømål er gitt i Tabell 1. 4.2.1.1. Fausavassdraget Fausaelva skal sikrast ein minstevassføring. 4.2.1.2. Storelva Øvre del av Langloelva og Fursetelva skal ha ein vasskvalitet som tilfredsstiller krava til drikkevasskjelder. Storelva skal oppretthaldast som eit regionalt viktig laks- og sjøaurevassdrag. 4.2.1.3. Uksagelva Vasskvaliteten skal tilfredsstille krava til settefiskeproduksjon.
4.2.1.4. Sjøområde Stranda Tabell 1. Forslag til førebels miljømål i område 1 Stranda Vassedrag og sjø Miljøtilstand Miljømål Fausaelva m/nysætervatnet Manglar data God (II) Drikkevatn Friluftsliv Storelva Manglar data God (II) Regionalt viktig fiskeelv Friluftsliv Uksagelva Manglar data God (II) Vassforsyning til settefiskanlegg Sjøområde Stranda Manglar data God (II) Friluftsliv, turisme og oppdrett 4.2.2. Område 2: Liabygda Område 2 Liabygda er mykje besøkt av turistar i og med at ferja over til Stranda går herfrå. Området er også viktig når det gjeld friluftsliv. 4.2.2.1. Ringsetelva/Stavsengelva 4.2.2.2. Sjøområde Liabygda Vasskvaliteten skal ikkje true det biologiske mangfaldet Tabell 2. Forslag til førebels miljømål i område 2 Liabygda Ringsetelva/ Manglar data God (II) Friluftsliv Stavsengelva Sjøområde Liabygda Manglar data God (II) Friluftsliv, turisme, oppdrett
4.2.3. Område 3: Sunnylvsfjorden Sunnylvsfjorden er innfartsåra for turistskip som skal til Geiranger/Hellesylt. Store deler av fjorden ligg i landskapsvernområdet Geiranger Herdal. Tabell 3. Forslag til førebels miljømål i område 3 Sunnylvsfjorden Sunnylvsfjorden Manglar data God (II) Friluftsliv, turisme 4.2.4. Område 4: Sunnylven Område 4 Sunnylven er mykje besøkt av turistar. Turisme og friluftsliv knytt til fjell og vassdrag gjer sterke føringar når det gjeld fastsetjing av miljømål for vassdrag og sjø i dette området. Alle dei definerte nedbørfelta i område 4 Sunnylven er viktig når det gjeld friluftsliv. I tillegg er det knytt spesielle brukarinteresser til det einskilde nedbørfelt. Deler av Bygdaelva er varig verna og elveosen er foreslått verna. Elva har ein livskraftig laksestamme og er viktig som fiskeelv i regionen. I Bygdaelva er det 2 private vassverk. Elveosen til Langdalselva er eit prioritert område. Ringdalselva som er ei sideelv til Langdalselva, er vasskjelde for Hellesylt Vassverk. 4.2.4.1. Langedalselva Ringdalselva må ha ein vasskvalitet som tilfredsstiller krava til drikkevasskjelder. 4.2.4.2. Bygdaelva Sideelvene Holedalselva og Frøysadalselva må ha ein vasskvalitet som tilfredsstiller krava til drikkevasskjelder. Bygdaelva skal oppretthaldast som eit regionalt viktig laks- og sjøaurevassdrag. Verneverdiane i Bygdaelva skal oppretthaldast.
4.2.4.3. Sjøområde Sunnylven Tabell 4. Forslag til førebels miljømål i område 4 Sunnylven. Langedalselva Manglar data God (II) Drikkevatn, friluftsliv Bygdaelva Manglar data God (II) Drikkevatn Varig verna vassdrag Regionalt viktig fiskeelv Sjøområde Sunnylven Manglar data God (II) Friluftsliv, turisme 4.2.5. Område 5: Geiranger Geiranger er eit av dei mest besøkte turistmåla i Noreg. Området er viktig når det gjeld friluftsliv. Det er difor viktig at både vassdraga og sjøen framstår som lokalitetar med reint vatn. Heile Geirangerfjorden ligg i landskapsvernområdet Geiranger Herdal som er forslått oppretta. Geirangerelva er varig verna. Ei av sideelvene i vassdraget, Grindalselva, er vasskjelde til Geiranger Vassverk. 4.2.5.1. Geirangerelva Grindalselva må ha ein vasskvalitet som tilfredsstiller krava til drikkevasskjelder. Verneverdiane i Geirangervassdraget skal oppretthaldast. 4.2.5.2. Geirangerfjorden Fjorden skal ikkje vere synleg forureina. Vasskvaliteten skal ikkje true det biologiske mangfaldet
Tabell 5. Forslag til førebels miljømål i område 5 Geiranger. Geirangerelva Manglar data God (II) Varig verna vassdraget Drikkevatn, friluftsliv, turisme Geirangerfjorden Manglar data God (II) Friluftsliv, turisme