STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I AVHØYR AV BARN OG UNGDOM 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 15. februar 2012
1. Innleiing Avhøyr er ein av dei viktigaste etterforskingsmetodane som politiet nyttar. Avhøyr av barn og ungdom er særskilt krevjande for avhøyraren. Politiet møter denne gruppa som vitne, fornærma og mistenkte både i akutte situasjonar og i den vidare etterforskinga. Alvorlege brotsverk, seksuelle overgrep og vald blant nære relasjonar er prioriterte saker både sentralt og lokalt i politietaten. Denne kriminaliteten rammar òg barn og ungdom direkte som fornærma og/eller vitne. Avhøyret skal sikre at barn og ungdom får høve til å gi detaljert og påliteleg informasjon, slik at skuldige vert dømde og uskuldige går fri. Avhøyr av barn og ungdom krev kompetanse i barnefaglege emne, etterforsking, juss og avhøyrsmetodikk. Denne vidareutdanninga handlar om avhøyr av barn og ungdom mellom 6 og 16 år. Utdanninga gir 15 studiepoeng. 2. Føremål Utdanninga skal vere med på å gi politiet særskilt kompetanse til å gjennomføre effektive og gode avhøyr av barn og ungdom. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Målgruppa er politietterforskarar som utfører eller skal utføre avhøyr av barn og ungdom som ein av primæroppgåvene sine. Det er ein føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av barn og ungdom 2012 Side 1
3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politihøgskole/politiskole vere tilsette i politi- og lensmannsetaten ha minst tre års etterforskingspraksis ha gjennomført kurset avhøyrsteknikk KREATIV ha bestått modul 1 Ålmenn etterforsking eller Vidareutdanning i etterforsking ha gjennomført minst 10 avhøyr med lyd og bilete Søkjaren skal helst ha gjennomført vidareutdanning om vald og seksualbrotsverk, eller om seksualbrotsverk, grov vald og drap. Når det gjeld kravet om at modulane Ålmenn etterforsking eller Vidareutdanning i etterforsking skal vere bestått, kan det gjerast unntak dersom søkjaren kan dokumentere alternativ formell kompetanse eller realkompetanse som kan erstatte kompetansen desse utdanningane gir. Talet på gjennomførte avhøyr må vere dokumentert. Det kan etter særskilt vurdering gjerast unntak frå krava om gjennomførte avhøyr og tre års praksis. Søkjarane må anten dokumentere ålmenn studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av barn og ungdom 2012 Side 2
4. Læringsutbyte Ålmenn kompetanse Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: vise større innsikt og tryggleik i rolla som avhøyrar vise sjølvstendig ansvar for gjennomføringa av avhøyr av barn og ungdom identifisere og vurdere etiske dilemma i arbeidet forstå verdien av vitskapeleg forankra kunnskap og rett bruk av lovverket ved avhøyr av barn og ungdom Studiet er organisert i to hovudemnefelt som samla skal gi studentane eit heilskapleg læringsutbyte: barnefaglege og politifaglege emne. Hovudvekta ligg på det politifaglege. 4.1 Barnefaglege emne Kunnskapar Etter gjennomført utdanning har studentane grunnleggjande kunnskap om: kommunikasjonsteori relatert til barn og ungdom utviklingspsykologi utviklingsforstyrringar psykososiale tilhøve kulturelle føresetnader konsekvensar av vald og traume hos barn og ungdom Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: bruke relevant teori om utviklinga til barn og ungdom bruke innhenta kunnskap om dei individuelle føresetnadene hjå barn og ungdom under førebuing og gjennomføring av avhøyr gjere greie for konsekvensane av vald og overgrep mot barn og ungdom Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av barn og ungdom 2012 Side 3
nytte fagkunnskapar frå andre profesjonar og fagmiljø, til dømes Statens Barnehus, for å førebu og gjennomføre avhøyr av barn og ungdom med særskilde behov kommunisere med barn og ungdom 4.2 Politifaglege emne Kunnskapar Etter gjennomført utdanning har studentane god kunnskap om: 234 og 239 i Straffeprosesslova kapittel 19 og andre relevante føresegner i Straffelova føresegna om dommaravhøyr og observasjon Lov om barnverntenester og lov om barn og foreldre (Barneloven) Etter gjennomført utdanning har studentane kunnskap relatert til avhøyr av barn og ungdom om: den dialogiske samtalemetoden (DCM) etter Gamst og Langballe vitnepsykologi kognitiv avhøyrsmetodikk teikning og andre supplerande kommunikasjonsmetodar vitnekonfrontasjon tolk i avhøyr medisinsk undersøking hovudforhandling, handsaming i fylkesnemnda og avhøyret som bevis Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: gjere greie for stillinga til dommaravhøyret i strafferettssystemet planleggje avhøyr som eit ledd i ein einskapleg etterforskingsplan førebu, gjennomføre og evaluere avhøyr etter gjeldande lover og reglar pluss dokumentert kunnskap førebu, gjennomføre og evaluere avhøyr med tolk bruke kognitive teknikkar Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av barn og ungdom 2012 Side 4
bruke teikning og andre supplerande kommunikasjonsmetodar vurdere opplysingar som kjem fram i avhøyret og bruke dei i vidare etterforsking gjennomføre vitnekonfrontasjonar leggje til rette for medisinsk undersøking når det er aktuelt gjere greie for avhøyret og valet av metodiske framgangsmåtar i retten og i fylkesnemnda samarbeide med barnevernet, Statens Barnehus og andre hjelpeinstansar for å gi omsorg, tryggleik og helsemessig oppfølging til barn og ungdom under førebuing, gjennomføring og oppfølging av avhøyr 5. Organisering og arbeidskrav Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med samlingar og studiearbeid utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på seks månader. Utdanninga tar om lag 420 timar. Det omfattar undervising, øvingsoppgåver, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte, og særleg klargjere sambandet mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Samlingane utgjer om lag 105 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk gjennomføring av studiet. Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av barn og ungdom 2012 Side 5
Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før studentane kan ta eksamen: Delta i førebuing til og observere eit avhøyr av barn eller ungdom utført av ein særskilt skikka person på Statens Barnehus før første samling, og skrive eit refleksjonsnotat om dette (inntil 1200 ord). Gjennomføre tre avhøyr av barn og ungdom mellom samling I og II under rettleiing og evaluering av ein særskilt skikka person. Studenten skal evaluere avhøyra og definere eigne utviklingsmål. Gjennomføre eit sjølvstendig avhøyr etter samling II. Skrive eit refleksjonsnotat om eiga læring basert på gjennomførte avhøyr og eigne utviklingsmål (inntil 1600 ord). 6. Vurdering Studiet vert avslutta med ein individuell munnleg eksamen som tar utgangspunkt i det gjennomførte avhøyret etter samling to. Karakterane er bestått / ikkje bestått. 7. Litteratur 7.1 Obligatorisk pensum (691 sider) Back, C., Gustavsson, P.A., Larsson, I. & Berterö, C. (2011). Managing the legal proceedings: An interpretative phenomenological analysis of sexually abused children s experience with the legal process. Child Abuse & Neglect, 35(1), 50-57. (7 sider). Dyb, G. (2008) Seksuelle overgrep. I: Ø. Kvello (Red), Oppvekst: om barns og unges utvikling og oppvekstmiljø (s. 431 444). Oslo: Gyldendal akademisk. (13 sider). Dyregrov, Atle (2010). Barn og traumer (2. utg.). Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 1 og 2: s. 13 48, kap. 3: s. 53 67. (50 sider). Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av barn og ungdom 2012 Side 6
Faller, K. C., Cordisco-Steele, L. & Nelson-Gardell, D. (2010). Allegations of sexual abuse of a child: What to do when a single forensic interview isn t enough. Journal of child sexual abuse, 19(5), 572-589. (17 sider). Forskrift om dommeravhør og observasjon av 2. oktober 1998. (1998). Henta 17. januar 2012: http://www.lovdata.no/for/sf/jd/jd-19981002-0925.html. (Unntatt s. 13 14 og s. 33 46). (33 sider). Gamst, K. (2011). Profesjonelle barnesamtaler: Å ta barn på alvor. Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 2, 3, 6, 8, 9. (224 sider). Gamst, K. & Langballe, Å. (2004). Barn som vitner: En empirisk og teoretisk studie av kommunikasjon mellom avhører og barn i dommeravhør: Utvikling av en avhørsmetodisk tilnærming. (Doktorgradsavhandling, Universitetet i Oslo, Institutt for spesialpedagogikk). Kap. 6. (98 sider). Granhag, P. A. & Christianson, S. Å. (red.). (2008). Handbok i rättspsykologi. Stockholm: Liber. Kap 1: s. 15 26, 4, 5, 13, 14, 15, 18: s. 343 351. (99 sider). Jensen, P. & Ulleberg, I. (2011). Mellom ordene: Kommunikasjon i profesjonell praksis. Oslo: Gyldendal akademisk. Kap. 1: s. 19 51. (32 sider). Lamb, M. E., La Rooy, D. J., Malloy, L. C. & Katz C. (2011). Children s testimony: a handbook of psychological research and forensic practice (2 nd ed.). Chichester: Wiley-Blackwell. Kap. 2, 3, 5, 12. (83 sider). Langballe, Å. (2007). Forholdet mellom frie og spontane beretninger fra barn i dommeravhør, og påliteligheten i barnets utsagn. Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 44(7), 868 877.(10 sider). Leander, L. (2010) Police interviews with child abuse victims: Patterns of reporting, avoidance and denial. Child Abuse & Neglect, 34(3), 192-205. (13 sider). Melinder, A. (2011). Gjentatte avhør: Flere forhold har betydning for påliteligheten i barns utsagn. Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 48(11), 1091 1095. (5 sider). Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av barn og ungdom 2012 Side 7
Se min kjole: Oda i dommeravhør: DVD og manual [DVD-video] (2007). Oslo: Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Øverlien, C. (2010). Barn som opplever vold i hjemmet. I: Seksuelle og fysiske overgrep mot barn og unge: Kunnskapsstatus: Revidert 2011 (s. 52 59). Oslo: Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, Seksjon Barn og unge. (7 sider). 7.2 Skal vere kjent Aktuelt lovverk, instrukser, føresegner og rundskriv Almindelig borgerlig Straffelov (Straffeloven). (1902). Straffelov av 22. mai 1902 nr. 10). Kapittel 1. Henta 17. januar 2012: http://www.lovdata.no/all/hl- 19020522-010.html Thoresen, C., Lønnum, K., Melinder A., Stridbeck, U., & Magnussen, S. (2007). Dommeravhør av barn i Norge frå 1995 2002. Tidsskrift for strafferett 7(2), 116 127 (11 sider). Pensum i studiet Ålmenn etterforsking frå 2010. Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av barn og ungdom 2012 Side 8