Fussa kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 18.04.2013 Kl.: 11.00 13.30 Stad: Møterom 157 kommunetunet Saknr.: 12/13 19/13 MØTELEIAR Leiar i kontrollutvalet Arild Legland DESSE MØTTE Leiar i kontrollutvalet Arild Legland Nestleiar i kontrollutvalet Øyvind Nordbø Medlem i kontrollutvalet Arne Holmefjord Medlem i kontrollutvalet Turid Glesnes Medlem i kontrollutvalet Ranveig Ness FORFALL: DESSUTAN MØTTE Hordaland fylkeskommune, sekretariat for kontrollutvalet v/ spesialrådgjevar Kjartan Haugsnes Fusa kommune ved Ordførar Hans Vindenes (til sak 14/13) Deloitte AS ved Ruth Rørvik. Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste. 13/13 Godkjenning av protokoll frå møte 21.02.2013 14/13 Orientering frå Ordførar om kommuneplan 15/13 Årsmelding 2012 for kontrollutvalet 16/13 Kontrollrapport 2012 vedkomande skatteoppkrevjarfunksjonen for Fusa kommune 17/13 Gjennomgang av møteprotokollar 18/13 Meldingar 19/13 Orienteringssaker Ymse. 1
SAKNR. 12/13 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE. : Møtet ikkje kunngjort i avisa, sekretariatet sjekkar dette med kommunen. : Innkalling og saksliste vert godkjent. 13/13 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTE 21.02.2013 : Det framkom ikkje merknader til møteprotokoll. : Møteprotokoll frå møte 21.02.2013 vert godkjent. 14/13 ORIENTERING FRÅ ORDFØRAR, KOMMUNEPLAN FORSLAG TIL Orienteringa vert teken til etterretning. Ordførar Hans Vindenes orienterte og utvalsmedlemane stilte spørsmål. Ordføraren var innom mellom anna desse punkta. - Kommuneplanen sin samfunnsdel er nyleg vedteke. - Arealplanarbeidet er starta opp. Viktig å vere klar over nasjonale føringar og lovtekst. - Samfunnsdelen er bygt opp på ulike satsingsområde og mål. - Kommuneplan økonomiplan (rullerast årleg) årlege budsjett (bindande) - Mål i kommuneplanen sin samfunnsdel er langsiktige og må sjåast opp mot dei årlege budsjetta. Orienteringa vert teken til etterretning. 2
15/13 ÅRSMELDING FOR KONTROLLUTVALET 2012 FORSLAG TIL INNSTILLING. Kommunestyret godkjenner årsmelding frå kontrollutvalet for 2012. Etter sams drøfting i utvalet vart slik merknad vedteken lagt ved innstillinga til kommunestyret. Merknad. Kontrollutvalet vil påpeika at sak 065/10 Rapporteringsrutinar for oppfølging av politiske vedtak i Fusa kommune ikkje er følgt opp av administrasjonen etter vedtak i kommunestyret 20.10.2010. Etter kontrollutvalet si meining hastar det no å få på plass desse rapporteringsrutinane. Utvalet tilrår at kommunestyret påpeikar dette i høve administrasjonen for å få dette på plass i 2013. Forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. INNSTILLING Kommunestyret godkjenner årsmelding frå kontrollutvalet for 2012. Merknad. Kontrollutvalet vil påpeika at sak 065/10 Rapporteringsrutinar for oppfølging av politiske vedtak i Fusa kommune ikkje er følgt opp av administrasjonen etter vedtak i kommunestyret 20.10.2010. Etter kontrollutvalet si meining hastar det no å få på plass desse rapporteringsrutinane. Utvalet tilrår at kommunestyret påpeikar dette i høve administrasjonen for å få dette på plass i 2013. 16/13 KONTROLLRAPPORT 2012 VEDKOMMANDE SKATTEOPPKREVJAR- FUNKSJONEN I FUSA KOMMUNE. FORSLAG TIL UTTALE 1. Kontrollutvalet merkar seg at Skatteetaten, Skatt vest konkluderer med at Fusa kommune har ein skatteoppkrevjarfunksjon som i det alt vesentlege er i samsvar med gjeldande regelverk, men med merknad om at arbeidsgjevarkontrollen ikkje er utført i tilstrekkeleg omfang då det er utført 4 % kontrollar mot eit krav på 5 % 2. Fusa kommune sitt skatterekneskap og rapporten frå Skatteetaten, Skatt vest vert teken til orientering og oversendt kommunestyret til orientering. 1. Kontrollutvalet merkar seg at Skatteetaten, Skatt vest konkluderer med at Fusa kommune har ein skatteoppkrevjarfunksjon som i det alt vesentlege er i samsvar med gjeldande regelverk, men med merknad om at arbeidsgjevarkontrollen ikkje er utført i tilstrekkeleg omfang då det er utført 4 % kontrollar mot eit krav på 5 % 2. Fusa kommune sitt skatterekneskap og rapporten frå Skatteetaten, Skatt vest vert teken til orientering og oversendt kommunestyret til orientering. 3
17/13 GJENNOMGANG AV MØTEPROTOKOLLAR. FORSLAG TIL Kontrollutvalet tar møteprotokollane til orientering. Kontrollutvalet tar møteprotokollane til orientering. 18/13 MELDINGAR Nr. Melding frå: Melding vedr.: 1 Sekretariatet Tilbakemelding om framdrift i prosjekt med selskapskontroll av Business Region Bergen. FORSLAG TIL : Meldingane vert teken til orientering Meldingane vert teken til orientering 19/13 ORIENTERINGSSAKER 1 Sekretariatet FKTs fagkonferanse 2013 - Invitasjon 2 Sekretariatet Vidare arbeid med kurstilbod for kontrollutvala i 2013. FORSLAG TIL : Orienteringssakene vert tekne til orientering. 4
1 Sekretariatet FKTs fagkonferanse 2013 Invitasjon - To frå kontrollutvalet i Fusa kommune reiser på konferansen. - Utvalsleiar Arild Legland og Øyvind Nordbø reiser. - Utvalsleiar melder begge på inkl. tilslutningsdøgn. - Utvalsleiar ordner reise med Fusa kommune. 2 Sekretariatet Vidare arbeid med kurstilbod for kontrollutvala i 2013. - Kontrollutvalet i Fusa er særs positive til nytt kurs på Solstrand i januar 2014 - Ynskjer og ein bolk med repetisjon frå sist. - Saka vart teken til orientering. Forslag til vedtak var samrøystes. Orienteringssak nr. 1 FKTs fagkonferanse 2013 Invitasjon - To frå kontrollutvalet i Fusa kommune reiser på konferansen. - Utvalsleiar Arild Legland og Øyvind Nordbø reiser. - Utvalsleiar melder begge på inkl. tilslutningsdøgn. - Utvalsleiar ordner reise med Fusa kommune. Orienteringssak nr. 2 vart teken til orientering. YMSE: Det framkom ikkje noko under dette punktet. 18.04.2013 Arild Legland Leiar Kjartan Haugsnes Spesialrådgjevar 5