Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Komité for utvikling 24.03.03 012/03 KJBE Kvam heradsstyre 08.04.03 036/03 KJBE Komité for utvikling 28.04.03 022/03 KJBE Kvam heradsstyre 13.05.03 059/03 KJBE Avgjerd av: Saksh.: Kjell Berstad Brannordning 2003 Arkiv: N-550 Objekt: Arkivsaknr 2003000340 Samandrag: Forskrift om om organisering og dimensjonering av brannvesen vart endra i 1995 og det vart utarbeidd ny brannordning som vart vedteke i heradsstyre den 23.09.1997, sak nr. 97/80. Før denne kan endrast, må heradsstyret vedta ny brannordning. Brannsjefen har utarbeidd framlegg til ny brannordning med 3 alternativ, Det er og utarbeidd ny risikovurdering for særskilde brannobjekt etter 13 i brann- og eksplosjonslova, Toloheimen, Øysteseheimen, og for bustadbrann i Ålvik. Det er og utarbeidd kommentarar på kva konsekvenser dei einskilte alternativene kan få. Når ny brannordning er vedteke, skal vedtaket sendast til Direktoratet for brann- og el.tilsyn (DBE) til orientering og mogelege kommentarar. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Alternativ 1. Kvam heradsstyre vedtek alternativ 1 som gjeldande brannordning for Kvam herad. Før brannordninga vert sett i verk, skal kompenserande tiltak ved Toloheimen og Øysteseheimen vera gjennomført Alternati 2. Kvam heradsstyre vedtek alternativ 2 som gjeldande brannordning for Kvam herad. Før brannordninga vert sett i verk, skal kompenserande tiltak ved Toloheimen og Øysteseheimen vera gjennomført
Alternativ 3. Kvam heradsstyre vedtek alternativ 3 som gjeldande brannordning for Kvam herad. 24.03.2003 Komité for utvikling Framlegg frå Brynjulf Bergesen, H: Saka vert utsett til neste møte. Røysting: Framlegg frå Bergesen, H, fekk 8 røyster og vart samrøystes vedteke. UTVI-012/03 Tilråding: Saka vert utsett til neste møte. 08.04.2003 Kvam heradsstyre Røysting: Tilrådinga frå Komitè for utvikling fekk 31 røyster og vart samrøystes vedtake. HST-036/03 Vedtak: Saka vart utsett til neste møte. 28.04.2003 Komité for utvikling Framlegg frå Rolf Brynjulf Bergesen, H: Opprettheld dagens ordning. Nytt framlegg frå adminisrasjonen, Alernativ 4: Alternativ 4. Ein kombinasjon av noverande ordning og alternativ 1 i saksutgreiinga. Noverande antal mannskap i Norheimsund og Øystese, 20 personer, vert oppretthalde. Kontinuerleg dreiande vaktordning med 2 personer, sjåfør og lagleiar på vakt. Begge bør ha førerkort i klasse C og utrykningssertifikat. I tider der det er fare for lite frammøte, kan vaktlaget aukast til 4 personer. Dei resterande mannskap møter ved utkalling. Det vert oppretta ny samarbeidsavtale med industrivernet ved Bjølvefossen AS. Kostnad alternativ 4. Norheimsund Øystese Oma Samla lønskostn. Antall formenn/lagleiarar 2 2 2 Antall mannskap 8 8 10 personsøkjartillegg 90000 90000 132000 312000 Øvingar, 20 timar pr.år a 32 pers. 27210 27210 32000 86420 Kontroll/vaktskifte, 7500 7500 15000
Utrykningar, Oma 3, Norh./Øyst. 30. 45000 45000 10000 100000 Vaktgodtgj. m/tillegg, lag a 2 pers. 241200 241200 482400 Styrking av vaktl. N/Ø og Oma 55500 55500 111000 222000 Vaktgodtgjersle befal 186000 186000 372000 Avtale med Bjølvefossen AS 200000 Sum 1789820 Kostnadene ved frammøte på utrykningar reknar ein i snitt for N/Ø 10 personer og for Oma 8 personer. Minstekravet til øvingar er 12 timar pr. år for deltidsmannskap utan vaktordning. For kontinuerleg vaktordning med 4 personer, skal det vera øving ved kvart vaktskifte, ( 40 timar). Det er og lagt opp til ein reduksjon i antall øvingar for Norheimsund og Øystese, frå 40 til 20 timar. Røysting: Framlegget frå Rolf Brynjulf Bergesen, H, fekk 1 røyst. Nytt framlegg frå administrasjonen, Alt. 4, fekk 6 røyster og vart tilrådd UTVI-022/03 Tilråding: Alternativ 4. Ein kombinasjon av noverande ordning og alternativ 1 i saksutgreiinga. Noverande antal mannskap i Norheimsund og Øystese, 20 personer, vert oppretthalde. Kontinuerleg dreiande vaktordning med 2 personer, sjåfør og lagleiar på vakt. Begge bør ha førerkort i klasse C og utrykningssertifikat. I tider der det er fare for lite frammøte, kan vaktlaget aukast til 4 personer. Dei resterande mannskap møter ved utkalling. Det vert oppretta ny samarbeidsavtale med industrivernet ved Bjølvefossen AS. Kostnad alternativ 4. Norheimsund Øystese Oma Samla lønskostn. Antall formenn/lagleiarar 2 2 2 Antall mannskap 8 8 10 personsøkjartillegg 90000 90000 132000 312000 Øvingar, 20 timar pr.år a 32 pers. 27210 27210 32000 86420 Kontroll/vaktskifte, 7500 7500 15000 Utrykningar, Oma 3, Norh./Øyst. 30. 45000 45000 10000 100000 Vaktgodtgj. m/tillegg, lag a 2 pers. 241200 241200 482400 Styrking av vaktl. N/Ø og Oma 55500 55500 111000 222000 Vaktgodtgjersle befal 186000 186000 372000 Avtale med Bjølvefossen AS 200000 Sum 1789820
Kostnadene ved frammøte på utrykningar reknar ein i snitt for N/Ø 10 personer og for Oma 8 personer. Minstekravet til øvingar er 12 timar pr. år for deltidsmannskap utan vaktordning. For kontinuerleg vaktordning med 4 personer, skal det vera øving ved kvart vaktskifte, ( 40 timar). Det er og lagt opp til ein reduksjon i antall øvingar for Norheimsund og Øystese, frå 40 til 20 timar. Saksordførar Egil Auganes, Ap. 13.05.2003 Kvam heradsstyre Framlegg frå, H: Opprettheld dagens ordning. Røysting: Tilrådinga frå Komitè for utvikling fekk 26 røyster og vart vedteke. Framlegget frå Høgre fekk 6 røyster. HST-059/03 Vedtak: Ein kombinasjon av noverande ordning og alternativ 1 i saksutgreiinga. Noverande antal mannskap i Norheimsund og Øystese, 20 personer, vert oppretthalde. Kontinuerleg dreiande vaktordning med 2 personer, sjåfør og lagleiar på vakt. Begge bør ha førerkort i klasse C og utrykningssertifikat. I tider der det er fare for lite frammøte, kan vaktlaget aukast til 4 personer. Dei resterande mannskap møter ved utkalling. Det vert oppretta ny samarbeidsavtale med industrivernet ved Bjølvefossen AS. Kostnad alternativ 4. Norheimsund Øystese Oma Samla lønskostn. Antall formenn/lagleiarar 2 2 2 Antall mannskap 8 8 10 personsøkjartillegg 90000 90000 132000 312000 Øvingar, 20 timar pr.år a 32 pers. 27210 27210 32000 86420 Kontroll/vaktskifte, 7500 7500 15000 Utrykningar, Oma 3, Norh./Øyst. 30. 45000 45000 10000 100000 Vaktgodtgj. m/tillegg, lag a 2 pers. 241200 241200 482400 Styrking av vaktl. N/Ø og Oma 55500 55500 111000 222000 Vaktgodtgjersle befal 186000 186000 372000 Avtale med Bjølvefossen AS 200000 Sum 1789820 Kostnadene ved frammøte på utrykningar reknar ein i snitt for N/Ø 10 personer og for Oma 8 personer.
Minstekravet til øvingar er 12 timar pr. år for deltidsmannskap utan vaktordning. For kontinuerleg vaktordning med 4 personer, skal det vera øving ved kvart vaktskifte, ( 40 timar). Det er og lagt opp til ein reduksjon i antall øvingar for Norheimsund og Øystese, frå 40 til 20 timar. Aktuelle dokument i saka: Dok.nr Tittel 2 Brannordning for Kvam herad 3, 4 og 5 Vedlegg 1-3T-skjema, risikoanalyse Vert berre sendt ut til Komitè for utvikling Saksopplysningar: Noverande brannordning vart vedteke 23.09.1997, sak nr. 97/80. Heradsstyret valde den gang å veta ein beredskap som var høgare enn minstekravet. Det er ikkje vesentlege endringar i den nye forskriften Forskrift av 26. juni 2002 nr. 729 om organisering og dimensjonering av brannvesen, i høve til forskrifta den gamle brannordninga vart utarbeidd etter. Tidlegare forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen, før 1995, sette krav om vaktordning for kommunar som hadde fleire enn 8000 innbyggjarar. Då forskrifta vart endra i 1995, vart kravet om vaktordning endra til å gjelda kommunar med tettstader over 3000 innbyggjarar. Kvam herad hadde ikkje den gong, og har framleis ikkje, tettstader over 3000 innbyggjarar. Heradsstyret vedtok den 14. januar 2003 reduksjon i driftsutgiftene til brannvernet. Brannvernet skulle redusere utgiftene til beredskap med kr. 250 000,- for Norheimsund og Øystese og kr. 150 000,- for Ålvik. Vedtaket om innsparing i 2003, for Ålvik, vil ikkje få effekt før i 2004 då rekning vert betalt på etterskot, 2002 er betalt i 2003. Skal brannvernet klare å spare inn dei vedtekne kr. 400 000,-, må dette gjerast på beredskapen for Norheimsund og Øystese i 2003. Vidare må arbeidsavtalene med mannskapet seiast opp og ny avtale må etablerast. Innsparingstiltaka vil truleg difor ikkje gje effekt før i 2. halvår. Forskrift av 26. juni 2002 nr. 729 om organisering og dimensjonering av brannvesen gjev føringar på korleis brannberedskapen skal dimensjonerast. 4-8. Innsatstid Til tettbegyggelse med særlig fare for rask og omfattende brannspredning, sykehus/sykehjem mv., strøk med konsentrert og omfattende næringsdrift og lignende skal innsatstiden ikke overstige 10 minutter. Innsatstiden kan i særskilte tilfeller være lengre dersom det er gjennomført tiltak som kompenserer den økte risiko. Kommunen skal dokumentere hvordan dette er gjennomført. Innsatstid i tettsteder for øvrig, skal ikke overstige 20 minutter. Innsats utenfor tettsteder fordeles mellom styrkene i regionen, slik at fullsyendig dekning sikres. Innsatstiden i slike tilfeller bør ikke overstige 30 minutter. 5-3. Vaktberedskap (Fyrste og andre bolken).
I spredd bebyggelse og i tettsteder inntill 3000 innbyggere kan beredskapen organiseres av deltidspersonell uten fast vaktordning. Til tider hvor det ikke kan forventes tilstrekkelig oppmøte ved alarmering skal det opprettes lag med dreiende vakt. I tettsteder med 3000-8000 innbyggere skal beredskapen være organisert i lag bestående av deltidspersonell med dreiende vakt. 5-6. Overordnet vakt I kommuner eller brannvernregioner med tettsteder med mer enn 2000 innbyggere skal det være dreiende overordnet vakt. Brannsjefen og stedfortreder skal inngå i vaktordningen. Overordnet vakt skal kunne lede samtidig innsatts på flere skadesteder. Flere kommuner kan ha felles overordnet vakt. Som det går fram av forskriftene, er det ikkje krav om vaktordning for mannskap, berre overbefal. Ein må vera merksam på at, dersom ein vedtek beredskap ut frå minstekravet, vil det medføre skjerpa tryggingstiltak ved sjukeheim/aldersheim fordi brannvernet ikkje kan gjennomføre røykdykking i førsteinnsaten. Skjerpa tryggingstiltak vil sei at institusjonane må sprinklast. I førebuingane til ombygging av institusjonane er det ein føresetnad at bustadarealene får boligsprinkling. Resten av bygninga, fellesareal med meir må fullsprinklast etter gjeldande regelverk. Vidare må ein ta omsyn til at det ved større brann eller ulykke er krav om at det 10-15 minutter etter førsteinnsatsgruppa (min. 4 mannskap) skal det vera på plass totalt 12-14 mannskap. I snitt kan ein rekne med, utan vaktordning, ein frammøteprosent på 50. Skal ein kunne oppretthalde krava, og mannskapet i Øystese/Norheimsund skal ha beredskap for Ålvik, bør styrken for Norheimsund og Øystese aukast frå 20 til 28 personer. Frammøte for beredskapen med vaktordninga vi har, har vore om lag 70-80%. Vidare vert det ikkje forsvarleg å rekna med røykdykking i førsteinnsatsen utan vaktordning. Ein større brann/ulykke vert definert som fylgjande: Brann med spreiing ut over liten branncelle, 100-15m2. Brann innanfor brannseksjon som er utført etter forskriftene, (salslokaler/industri inntil1800 m2 utan kompenserande tiltak. Totalbrann med storleik etter forskrift for bolig i tett besetnad, rekkerhus, overnattingstad. Trafikkulykker med meir enn 2 bilar involvert, - Mindre skogbrann, 2-10 mål. Kostnad ved dagens ordning: Norheimsund Øystese Oma Antall formenn 2 2 2 Vaktmannskap 8 8 Mannskap utan vakt 2 2 10 Personsøkjartillegg 108000 108000 132000 Øvingar N/Ø. 40 t. Pr.år 54420 54420 Øvingar, Oma, 20 t. Pr. år 22600 30 utr. N/Ø. Kr. 150,-/t, 10 pers 45000 45000 3 utr. Oma, kr. 150,- /t. 8 pers 10000 Vaktgodtgj. M/tillegg, 4 lag a 4 pers. 482400 482400 Vaktgodtgj. M/tillegg, 4 overbefal. 186000 186000 Sum 875820 875820 164600 Samla lønskostnad, Kvam herad 1916240 Bjølvefossen AS, avtale m/industrivernet 200000 Samla kostnad. 2116240
Ver merksam på at det i desse kostnadene ikkje er berekna sosiale utgifter. Vidare er det ikkje med lønskostnadene for fast tilsett personell. Alternativ 1. Norheimsund og Øystese stasjonar: Beredskap etter minstekrav. 28 personer utan vaktordning. Vaktordning på 4 personer vert etablert i helge/høgtider og ferietid, (ca. 2-3 månader i året). Beredskapen for Ålvik vert dekka frå Øystese. Oma brannstasjon: 12 mannskap utan vaktordning. Vaktordning på 4 personer vert etablert til tider det er fare for lite frammøte. Ca. 2-3 månader pr. år. Kostnad Alternativ I: Norheimsund Øystese Oma Samla lønskostn. Antall formenn 3 3 2 Antall mannskap 11 11 10 Personsøkjartillegg 154000 154000 132000 440000 Øvingar, 20 timar pr. år a 40 personer 36400 36400 32000 104800 Utrykningar, Oma 3, Norh./Øyst. 30 54420 54420 10000 118840 Vaktgodtgjersle m/tillegg 4 pers. i 12 veker 111000 111000 111000 333000 Vaktgodtgjersle m/tillegg, overbefal 186000 186000 372000 På utr. reknast N/Ø, 12 per, Oma 8 per. 1368640 Alternativ 2 Norheimsund og Øystese brannstasjonar: Beredskap etter minstekrav, 20 personer utan vaktordning. Vaktordning på 4 personer vert etablert i helge/høgtidasdager og ferietid, (ca. 2-3 månader i året Oma brannstasjon: 12 mannskap utan vaktordning. Vaktordning vert etablert til tider det er fare for lite frammøte. Ca. 2-3 månader pr. år. Det vert inngått ny samarbeidsavtale med industrivernet ved Bjølvefossen AS. Kostnad Alternativ 2: Norheimsund Øystese Oma Samla lønskostn. Antall formenn 2 2 2 Antall mannskap 8 8 10 Personsøkjartillegg 110000 110000 132000 352000 Øvingar, 20 timar pr. år a 32 personer 27210 27210 32000 86420 Utrykningar, Oma 3, Norh./Øyst. 30 45000 45000 10000 100000 Vaktgodtgjersle m/tillegg 4 pers. i 12 veker 111000 111000 111000 333000 Vaktgodtgjersle m/tillegg, overbefal 186000 186000 372000 På utr. reknast N/Ø 10 pers., Oma 8 per. 1243420 Avtale med Bjølvefossen AS 200000 1443420 Alternativ 3. Norheimsund og Øystese stasjoner: Kontinuerleg dreiande vaktordning med 4 personer, samla styrke vaktmannskap vert 16 personer. I tillegg skal det vera ein støttestyrke på 8 personer. Beredskapen for Ålvik vert dekka frå Øystese stasjon. Oma brannstasjon: 12 mannskap utan vaktordning. Vaktordning på 4 personer vert etablert til tider det er fare for lite frammøte. Ca. 2-3 månader pr. år. Kostnad Alternativ 3: Norheimsund Øystese Oma Samla lønskostn. Antall formenn 2 2 2 Antall mannskap m/støttestyrke 4 pers 10 10 10 Personsøkjartillegg 108000 108000 132000 348000
Øvingar, 40 t. pr. år N/Ø, O. 20t pr. år 54420 54420 32000 140840 Utrykningar, Oma 3, Norh./Øyst. 30 45000 45000 10000 100000 Vaktgodtgjersle m/tillegg 4 lag a 4 pers. 482400 482400 111000 1075800 Vaktgodtgjersle m/tillegg, overbefal 186000 186000 372000 På utr. reknast N/Ø 10 pers., Oma 8 per. 2036640 Ein gjer merksam på at utrekningane er basert på den løn mannskap og befal har i dag, og at dei ligg på etterskot i lønsjusteringane. Det er vidare ikkje berekna sosiale utgifter. I tillegg har Direktoratet for brann- og el.tilsyn merknad etter tilsyn, at brannvernet manglar 15% stilling innan førebyggjande avdeling. Dette tilsvarar om lag 2 månaders engasjement og kostnadene vil verta ca. 50-60000 kr. Denne stillinga er innarbeidd i framlegget til ny brannordning. Dette bør vera ein førebels ordning. Det ligg store utfordringar for samarbeid med andre kommunar innan brannvern og særleg gjeld dette førebyggjande arbeid. I den nye brannordninga vert det innarbeidd ein føresetnad for samarbeid. For brannstasjonen på Oma, vert det ingen endringar i høve tidlegare brannordning. Vurdering: Ved ein beredskap utan vaktordning vil det alltid vera usikkert om kven og kor mange mannskap som møter ved alarm og etter kvart har vi i noverande ordning, ein stabil mannskapsstyrke med god kompetanse innan brannvern og utrykningskøyring. Dersom denne ordninga vert endra, er det ein viss fare for at vi mister nokon av mannskapa og vi kan få rekrutteringsproblem. Vi må då byggje opp ny kompetanse som utgjer auka økonomiske kostnader. Ut frå gjennomsnitt frammøte av personell utan vaktordning, reknar ein med frammøteprosent på 50. Skal ein sikre tilstrekkjeleg frammøte 12.14 personer ved større branner, må styrken aukast til 12-14 personer på kvar av stasjonane i Norheimsund og Øystese. Likevel vi det i større utfartshelgar og ferier, vera fare for at det ikkje møter tilstrekkjeleg personell. Til desse tidene må det difor skipast vaktordningar med 4 personer på vakt. I snitt utgjer dette om lag 3 månader i året. Dersom ein vel ein brannordning utan fast dreiande vakt og utan tryggleik for livreddande røykdykking, men med sprinkling som alternativ, har vi trong for ein overgangsordning. Det vil ta tid å gjennomføre kompenserande tiltak, mogeleg fleire år. Noverande beredskap bør difor halde fram til dette er gjennomført. Beredskapen i Ålvik vert vesentleg svekka når denne skal dekkjast frå Øystese. Det vert i første rekke tida frå alarm til innsats. Minstekravet for Ålvik er innsats etter 20 minutter. Kravet gjeld innsats generelt i tettstaden Ålvik. Innsatstida elles kan vera 30 minutter. Mannskapet i Øystese kan vera i innsats etter om lag 25 minutter. I områder med konsentrert industriverksemd, utan industrivern, skal innsatstida vera 10 minutter. Etter kvart har det etablert seg fleire verksemder innanfor området til Bjølvefossen AS som, utan noverande avtale, ikkje ville ha vorte dekka av industriverntenesta til Bjølvefossen AS. Ut frå dette bør ein søkja å fornye avtalen med Bjølvefossen AS, men ver merksam på at ved ny avtale, tek heradet på seg vesentlege utgifter i form av utdanning av mannskapet i Ålvik. Kostnadene ved utdanninga vert for Ålvik aleine, truleg 1 million kroner for 20 personer. Årsaka til at avtalen med Bjølvefossen vart sagt opp, var at kostnadene etter kvart vart like høge som om brannvernet hadde vore i rein kommunal regi og brannsjefen ynskte å kutte
kostnadene ved å redusere mannskapet frå 20 til 12-14 personer. Dette var ikkje industrivernet villig til, vi har difor ikkje vorte samd om ny avtale. Samarbeid bør tilseie at begge partar har utbytte i form av reduserte utgifter og styrka kompetanse. Med grunnlag i den lange innsatstida bør ny avtale verta etablert med Bjølvefossen sitt industrivern, men avtalen bør vera basert på krav i samsvar med Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen. Viser elles til risikoanalyse for brann i Ålvik.