Fellestenester Informasjonsavdelinga Hordaland Fylkeskommune v/skyss Pb 7900 Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad 5020 BERGEN Saksbehandlar Solveig Hus Hansen Tlf. direkte innval 53483139 Vår ref. 2014/2768-3 Dykkar ref. Dato 28.11.2014 Særutskrift : Kollektivtilbodet i Kvinnherad - Skyss Komitè for næring og samferdsle hadde saka føre i møte 21.11.2014. Vedlagt fylgjer utskrift frå møteboka, der vi syner til vedtaket. Med helsing Solveig Hus Hansen møtesekretær Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Karin Thauland
Side 2 Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2014/2768-2 Karin Thauland Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/3 Komite for næring og samferdsel 21.11.2014 Kollektivtilbodet i Kvinnherad - Innspel til Skyss Innstilling frå rådmannen: Etter at Flaggruta vart lagt ned, er det igjen blitt fleire timars opphald mellom nest siste og siste snøggbåtrute mellom Leirvik og Sunde/Ranavik. I tillegg mista ein også som konsekvens av nedlegginga direkteruta til Bergen frå Sunde 19.30. Det må elles gjerast eit arbeid for betre busskorrespondanse med snøggbåtrutene. Dette er i dag mangelfullt og det finst døme på at bussane køyrer frå kaien 5 minutt for båten legg til land. Det bør være busstilbod til Valen, Sandvoll og Utåker seinare enn 19.12 på kvardagar. Behandling i Komite for næring og samferdsel den 21.11.2014 Innstilling frå rådmannen: Etter at Flaggruta vart lagt ned, er det igjen blitt fleire timars opphald mellom nest siste og siste snøggbåtrute mellom Leirvik og Sunde/Ranavik. I tillegg mista ein også som konsekvens av nedlegginga direkteruta til Bergen frå Sunde 19.30.
Side 3 Det må elles gjerast eit arbeid for betre busskorrespondanse med snøggbåtrutene. Dette er i dag mangelfullt og det finst døme på at bussane køyrer frå kaien 5 minutt for båten legg til land. Det bør være busstilbod til Valen, Sandvoll og Utåker seinare enn 19.12 på kvardagar. Nytt framsett forslag frå Ole Torbjørn Holmedal (FRP): Innbyggjarane i Kvinnherad skal inviterast til å koma med innspel, og saka skal behandlast på nytt møte i komiteen januar 2015. Røysting: Nytt framsett forslag frå Ole Torbjørn Holmedal, vart samrøystes vedteke Vedtak frå Komite for næring og samferdsel den 21.11.2014 Innbyggjarane i Kvinnherad skal inviterast til å koma med innspel, og saka skal behandlast på nytt møte i komiteen januar 2015. Saksutgreiing: v/ Rådmann fekk i skriv dagsett 30.10.2014 frå Skyss invitasjon til dialog om justeringar i kollektivtilbodet i Kvinnherad. Dei førebur ny anbodskonkurranse for buss i Hardanger, Voss og Sunnhordland. I 2013 gjort ein omfattande analyse og omlegging av hovudlinjene i Hardanger og Voss. Samnanger, Fusa, Tysnes, Etne og Kvinnherad var ikkje del av denne omlegginga, og vil ha fokus no. Skyss ber no om innspel til justeringar og omprioriteringar i busstilbodet, for betre å treffe behovet i kommunen. Aktuelle spørsmål dei ønskjer svar på: Kva er dei viktigaste reiserelasjonane for innbyggjarane? I kva geografiske område ser kommunen for seg endra behov?
Side 4 Kva kundegrupper ønskjer kommunen å prioritere? Kvar ser ein at få bruker tilbodet som er der i dag? Kva planar har kommunen for skulestrukturen? Kommentarar: Viktigaste reiserelasjonar for innbyggjarane: Skuleskyss til skulane. Skulane må tilpasse skuleruta etter kollektivtilbodet.det er ei utfordring for skulane og gir ofte liten fleksibilitet. Vi oppmodar Skyss til å varsle skulane dersom rutene vert endra i løpet av skuleåret. Hurtigbåtar/ ferjesamband til Bergen og Stord Geografiske område: Tilbod om buss til utkantane i kommunen er stort sett berre knytt til skulerutene. Det er ønskjeleg med betre tilbod. Forslag frå Kent Are Kjørsvik Pettersen: I dagens rute, går det ikkje buss til Valen, Sandvoll og Utåker etter kl. 19.12 på kvardagar. Bussen kl. 19.05 frå Husnes går berre til Valen Sjukehus. Sjå https://www.skyss.no/globalassets/bussruter/hostruter-2014/hardanger-voss/linje_791.pdf Kundegrupper KK ønskjer å prioritere: Arbeidspendlarar til Stord og skuleelevar til Kvinnherad vidaregåande og til skulane på Stord. Få bruker tilbodet: Planar for skulestrukturen Det er Pr i dag ikkje planar om endringar. Forslag frå Håkon Røstbø. Etter at Flaggruta vart lagt ned, er det igjen blitt fleire timars opphald mellom nest siste og siste snøggbåtrute mellom Leirvik og Sunde/Ranavik. I tillegg mista ein også som konsekvens av nedlegginga direkteruta til Bergen frå Sunde 19.30. Det må elles gjerast eit arbeid for betre busskorrespondanse med snøggbåtrutene. Dette er i dag mangelfullt og det finst døme på at bussane køyrer frå kaien 5 minutt for båten legg til land.
Side 5 Økonomisk konsekvens: Betre tilbod kan føre til at fleire kan bu i Kvinnherad sjølv med arbeidsplassen i nabokommunane. Miljømessig konsekvens: Betre kollektivtilbod kan føre til mindre privatbilisme. Vedlegg: Skriv frå Skyss