saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.05.2012 31717/2012 Arild Fuglseth Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 30.05.2012 Takstar som virkemiddel for å få fleire til å reise kollektivt - spørsmål om utviding av ungdomskortordninga - studentmoderasjonar m m Bakgrunn Under handsaming av sak Sa-63/11 - Økonomiplan 2012-2015 med budsjett for 2012 - på møte 21. november 2011 gjorde samferdselsutvalet m a følgjande vedtak: Ungdomskort Sak om redusert pris og ordning som også omfattar studentar vert å legge fram i eiga sak. Dette vart følgd opp av fylkestinget i sak T-79/11. Under handsaming av sak Sa-19/12 framlegg til Kollektivstrategi (2012-2021) på møte 7. mars 2012, vart følgjande oversendingsframlegg lagt ved saka: 1. For å øke andelen kollektivreisende trenger vi en betydelig forbedring av og informasjon og profilering av kollektivtilbudet i Ålesund og hele Møre og Romsdal. 2. Sonestrukturen i og rundt byene våre, bør forenkles radikalt. 3. Billettering av kollektivreiser bør forenkles slik at stopptid på holdeplasser reduseres. Det beste burde være kontantfrie busser. 4. Med hensyn til turisme og reiseliv må det gis anledning til kjøp av dagskort/flerdagskort innenfor en eller fleire soner. 5. Servicenivå blant de ansatte må få fokus. Under handsaminga av sak Sa-31/12 vederlag ulike samferdselsformål budsjettendring 2012 på møte 25. april 2012, gjorde samferdselsutvalet følgjande samrøystes vedtak om studentkort: Det skal innførast eit eige studentkort med kostnad og funksjon lik ungdomskortet. Ordninga skal tre i kraft frå 1. september 2012. Kostnad om lag 1 mill kr pr år. Ei sak om utviding av ungdomskortordninga og innføring av eit eige studentkort må sjåast i samanheng med Møre og Romsdal fylkeskommune sin generelle takstpolitikk og vidare utvikling av rutetilbodet. Derfor er det også svært viktig å sjå dette i samanheng med framlegg til kollektivstrategi (2012 2021).
Side 2 Saksopplysningar Det er Møre og Romsdal fylkeskommune ved samferdselsutvalet som vedtar takstane og takstreguleringa kvart år. Det er samferdselsutvalet som mellom anna vedtar taksten for fullpris einskildbillett. Minstetaksten for fullpris einskildbillett er frå 1. januar 2012 30,- kroner for vaksne, og 15,- kroner for barn. Landsdekkande rabattordningar vedteke av stortinget Dagens takstsystem eller billettprisane er delt inn i grupper der utgangspunktet er vaksen fullpris einskildbillett. På denne fullprisen blir det gjeve 50 % rabatt for barn og honnør og 40 % rabatt på periodekort for studentar inntil 30 år. Rabatten for vernepliktige er også 50 %, men minsteprisen er det same som fullpris vaksen einskildbillett. I tillegg til desse rabattane blir det gitt 40 % rabatt på periodekort for studentar og alle fylkeskommunane skal tilby ei ungdomskortordning for aldersgruppa 16 19 år. Lokale takstar vedteke av samferdselsutvalet I tillegg til dei landsdekkande rabattordningane har samferdselsutvalet vedteke følgjande rabattar for kollektivtrafikken i Møre og Romsdal: 50 % studentrabatt på einskildbillett på reiser over 70 kilometer 40 % rabatt på periodekort for studentar over 30 år 25 % grupperabatt når to eller fleir reiser saman og reisa er over 40 kilometer eller lengre Ungdomskortordning for barn under 16 år. Kollektivkort I samband med innføring av det nye billetteringssystemet, har Møre og Romsdal fylkeskommune innført Kollektivkortet. Dette kortet kan ein nytte både som ungdomskort, periodekort, miljøkort og som eit reisepengekort (også kalla verdikort). Dersom ein fyller på kortet som reisepengekort, vil ein få rabattar på enkeltreiser. Minsteprisen for å fylle opp eit reisepengekort er kr. 200,-
Side 3 Miljøkortet (eit produkt i kollektivkortet) Miljøkortet er eit rimeleg periodekort i følgjande områder: Område Pris vaksen Pris barn Rabatt på barnekort Ålesund kr 520 Kr 360 30 % Ellingsøy kr 520 Kr 360 30 % Sula kommune *) kr 640 Kr 440 30 % Sykkylven kr 460 Kr 280 40 % Ulsteinvik sentrum kr 460 Kr 280 40 % Molde kr 410 Kr 280 30 % Hjelset/Kleive kr 650 Kr 440 30 % Kristiansund kr 410 Kr 280 30 % Kristiansund/Frei kr 650 Kr 440 30 % Volda/Ørsta kr 460 Kr 270 40 % Giske kommune *) kr 610 Kr 360 40 % * Miljøkortet gjelder og tilstøytande bykommunar. Det er ikkje tilbod om studentrabatt på miljøkortet. Takstar i Møre og Romsdal samanlikna med andre fylke Figur 1 Minstetakst enkeltbillett voksen ved kontant kjøp på buss
Side 4 Som vi ser har fylkeskommunane Sør Trøndelag, Oslo og Akershus høg minstetakst. Dette skuldast ønske om å redusere kontantbehaldninga hjå sjåførane. Dette av to grunnar; sikre raskare billettering og hindre ran på bussane. Minstetaksten for vaksen einskildbillett er 30-, kroner i Oslo og Akershus og 33-, kroner i Sør Trøndelag dersom billetten blir kjøpt utanom transportmidlet. Prisane er ikkje direkte samanliknbare fordi reiselengda på minstetaksten kan variere mykje frå område til område både innan det einskilde fylke og mellom fylka. Dette kjem ma av innføring av sonetakstar. Dersom ein nyttar kollektivkortet på einskildreiser i Møre og Romsdal, er minstetaksten kr 24,90. Takstsonar Figur 2. Takstsonar i Ålesundsregionen Overgangen frå kilometertakst til sonetakst er no gjennomført i heile fylket. I takstutrekninga blir taksten utrekna ut i frå minstetakst og kor mange soner som blir passert. Takstsonene er tilpassa i samarbeid med rutebilselskapa for å gjere overgangen fornuftig i forhold til dei reisande, samtidig som selskapa ikkje får svikt i inntektene. For dei fleste reisande har overgangen frå kilometertakst til sonetakst hatt liten innverknad på billettprisen. For nokre har det blitt rimelegare, og for dei som må krysse ei eller fleire sonegrenser har det blitt dyrare.
Side 5 Ungdomskortet Figur 3. Månadspris for ungdomskortet i fylka i 2006 og 2012 Av denne samanlikninga av ungdomskortprisen mellom åra 2006 og 2012 ser vi at prisforskjellane mellom fylka har blitt mindre. Det er 5 fylker som har sett ned prisen i denne perioden (m a Møre og Romsdal) og 11 fylker har sett opp prisen. Med ein pris på kr 390,- for eit kort som inkluderer ferje, hurtigbåt og gjennomgåande ekspressbuss, har barn og unge i Møre og Romsdal eit omfattande tilbod samanlikna med fleire andre fylke. Vi viser i denne samanheng til vedlegg 1 til denne saka der dette er nærare kommentert. Det vanlege er at kortet berre gjeld gruppa 16-19 år, medan den i Møre og Romsdal gjeld for gruppa 0-19 år. Av dei 12 fylka som har eit rimelegare ungdomskort enn Møre og Romsdal har 5 fylker teke bort ordninga med fri skoleskyss for elevar i vidaregåande skole. I fylker som Oppland, Hedmark, Telemark og Aust Agder, gjeld kortet naturleg nok berre på bussruter (ikkje ekspressbussar og ikkje tog). I Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Troms gjeld kortet på buss, båt og ferje som i Møre og Romsdal. I Oslo og Akershus har ungdomskortet varierande pris etter distanse. For tre sonar kostar ungdomskortet 450 kroner.
Side 6 I ein rapport frå hausten 2011 konkluderer konsulentfirmaet Asplan-Viak med at dagens ordning med ungdomskort gir ein årleg inntektsreduksjon på buss, båt og ferjer i Møre og Romsdal på om lag 9 mill kroner. Den statlege kompensasjonen til ungdomskortordninga er årleg på om lag 0,6 mill kroner. Figur 4 Prisutvikling ungdomskortet (faste og nominelle prisar) Som vi ser av figuren kosta ungdomskortet i utgangspunktet 350 kroner i Møre og Romsdal. I 2003 auka prisen til 400 kroner. Frå 2006 vart prisen sett til 420 kroner og dei følgjande åra uendra, før den vart sett ned til 390 kroner hausten 2011. Figuren viser dessutan prisutvikling ungdomskortet når det blir teke omsyn til prisstigninga, dvs. konsumprisindeksen. Sjølv om ungdomskortet kostar 390 kroner, har prisane i samfunnet auka i same periode. Den prisen ungdom betalar for ungdomskortet i dag samanlikna med 2002 då ungdomskortet vart innført, er 322 kroner. Ungdomskortet har såleis blitt relativt sett blitt billigare. Marknadstilpassing Kollektivstrategi (2012 2021) I framlegget til kollektivstrategi går det fram at takstpolitikken i Møre og Romsdal skal byggje på følgjande strategiar: Rask og enkel billettering Takstar skal brukast som verkemiddel for auka kollektivandel innan dei økonomiske rammene for drift av kollektivtrafikken Takstar skal brukast som verkemiddel gjennom samarbeid i bypakkane Kollektivtrafikken må ha fritak for bompengar og betaling på ferje Samordna billettsystem
Side 7 For at kollektivtrafikken skal kunne konkurrere med privatbilen, må utviklinga av det generelle takstnivået ikkje ligge over utviklinga i drivstoffprisen. Figuren under viser utviklinga i bensinprisen samanlikna med takstutviklinga i Møre og Romsdal. År 2001 er nullpunkt for samanlikninga. Figur 5 Samanlikning mellom prisutvikling bensin og kollektivtakst I Møre og Romsdal (Kjelde bensinpris: SSB Kjelde takst: Takstøre pr. 1. januar kvart år, samferdselsavdelinga) Sonesystemet I dag er takstsystemet i Møre og Romsdal sonebasert. Dette betyr at det blir kravd ulik takst for å reise på tvers av ulike sonar, og for å reise internt i ei sone. Det er variasjon i kor stor desse sonene er, men utviklinga - både i Møre og Romsdal og elles i landet - går mot eit forenkla sonesystem med færre og større sonar. I Oslo og Akershus vart talet sonar redusert frå 88 til 8 sonar i 2011. Dette blir gjort for å gjere takstane enklare og for at billetteringa skal gå raskare. Men soneendringa fører til at dei reisande kan føle dei nye takstane som urettvis. For at billettinntektene skal vere som før, betyr endringar i storleiken på sonene at nokre får det rimelegare medan andre får det dyrare. Dersom ein ønskjer at ingen skal få det verre, kan eit alternativ vere å kompensere for inntektsbortfallet. Dette vart gjort i Akershus, der ramma vart auka med over 100 mill kroner for å bøte på dette. Om priselastisitetar og andre tilhøve For å forstå korleis marknaden reagerer på takstendringar, kan det vere nyttig å sjå korleis ulike kundegrupper reagerer på takstendringar. Folk som reiser i rushtida er mindre prisfølsame enn folk som reiser utanom rush. Dette har samanheng med at folk som skal på skole - og arbeid reiser i rushtida og dette er reiser som er obligatoriske og må av den grunn gjennomførast. Reiser utanom rush er lettare å påverke med lågare takstar.
Side 8 Ungdom er meir prisfølsame enn vaksne, barn og eldre mindre prisfølsame. Blir prisen for høg, vel unge enten å la vere å reise eller i større grad gå eller sykle. På lange reiser er gange eller sykling eit lite aktuelt alternativ for barn og eldre. Barn betalar sjeldan for reisene sine sjølv, noko som også bidreg til låg prisfølsemd. Effekten av takstreduksjonar (større rabattar) er størst der kollektivtilbodet er godt i utgangspunktet. Dersom kollektivtilbodet ikkje opplevast som eit reelt alternativ til bil eller gange/sykkel, har takstreduksjon liten effekt. Er kollektivtilbodet godt, med hyppige avgangar og rask framføring, er responsen på takstreduksjonar større enn i kollektivsvake områder. Auka rabattar vil gje inntektsverknad og denne er avhengig av trafikantane sin prisfølsemd. Dersom etterspurnadsauken er større enn takstrabatten, vil dette gje auka inntekter for kollektivtransporten. Føresetnaden for dette er at priselastisiteten er større enn -1,0 i talverdi, dvs. at etterspurnaden aukar med meir enn 1 % for kvar % takstane reduserast. For dei fleste takstendringar er det dessverre slik at priselastisiteten er mindre enn -1,0 i talverdi. Lågare takstar vil dermed gi dårlegare økonomi for kollektivtrafikken. Resultat frå gjennomføring av tiltakspakkar i norske by-område har vist at mellom 50 og 60 % av innbyggjarane ikkje har kunnskap om billettprisen. Av dei som faktisk svarte at dei hadde kunnskap om billettprisen, var det berre ein femtedel som kjente til den rette prisen. Dette understrekar behovet for aktiv marknadsføring og informasjon for å få full effekt av takstrabattane. Fleire studie har vist at bilistane trur det er dyrare å reise kollektivt enn det faktisk er. Ut i frå dette kan det sjå ut til at: Dei største rabattane bør innrettast til periodar utanom rushtid Av kundane er det ungdom som reagerer mest på prisendringar Område med godt rutetilbod vil trekkje fleire kundar til kollektivtrafikken ved større rabattar Takstreduksjonar gir som hovudregel dårlegare økonomi Det er nødvendig med aktiv marknadsføring av takstane Vurdering av framtidige takstar for Møre og Romsdal I Kollektivstrategien går det fram at: Takstane må vere så lave at fleire ønskjer å reise kollektivt. Finansiering av kollektivtransporten takstar, tilskot og rutetilbod Drift av kollektivtransport blir finansiert av inntekter frå trafikantane og kjøp av tenester (tilskot) frå fylkeskommunen. Takstar kan nyttast som verkemiddel for å halde på trafikantane og/eller å få fleire til å reise kollektivt og nivået på takstane må sjåast i samanheng med ønska rutetilbod.
Side 9 Viktige kjenneteikn på eit godt takstsystem er at det er lett å forstå, gir god marknadstilpassing, at det gjer kostnadsdekning og at det er enkelt å endre. Dersom vi kjem i ein situasjon der rutetilbodet må kuttast fordi takstane skal holdast nede, kan det bety at vinsten med lave takstar blir spist opp av eit dårlegare rutetilbod. Skal det takast store grep i høve til takstar, vil dette krevje betydeleg auke i ramma til drift av kollektivtrafikken. Eit alternativ til dette, er å gjere fleire tiltak samtidig. Effektivisering av rutetilbodet kan gje rom for større takstendringar. Dette er noko vi arbeider med og vil kunne skje når anbod er gjennomført for heile fylket. Innan kollektivtrafikken i Møre og Romsdal er vi no inne i ein overgangsperiode frå forhandla nettoavtalar til anbodsbaserte bruttoavtalar. Dette betyr at det etter kvart som anbodsavtalane blir fasa inn, vil fylkeskommunen ta over meir og meir av inntektsansvaret. Takstreduksjonar fører til krav om kompensasjon i områder med nettoavtalar og det har vist seg vanskeleg å forhandle seg fram til kompensasjonsbeløpa. Det vil derfor vere føremålstenleg å gjere små takstendringar fram til perioden med nettoavtaler er ute. Ungdomskort Utifrå drøftinga framanfor kan det sjå ut til at det er ungdom som reagerer mest på prisendringar. Ungdomskortordninga er ei god ordning i Møre og Romsdal i og med at den omfattar både buss, båt og ferje. Vi har også sett at den reelle prisen på ungdomskortet har gått ned dei siste åra. Når vi spør denne aldersgruppa om kva som er viktigast, lågare takst eller betre rutetilbod svarar dei fleste betre rutetilbod på kveldstid kvardagar og i helga. Ungdomspanelet har uttalt følgjande (høyring til kollektivstrategien): Vi i ungdomspanelet er meget fornøyde med ungdomskortet, og vi får tilbakemeldinger om at ungdomskortet fungerer svært bra. Noen tilbakemeldinger går på at flere aldersgrupper burde få tilsvarende løsninger i noenlunde samme prisklasse. For nokre år sidan gjekk samferdselsavdelinga ut til elevorganisasjonane i vidaregåande skole og dei blei spurt om det var akseptabelt med ein pris på ungdomskortet på 250 kroner mot at retten til fri skoleskyss blei tatt bort i dei områda som har eit godt rutetilbod (i byane). Dette er som kjent ei ordning fleire fylker har innført. Svaret var krystallklart, dette var ikkje ein ønskjeleg modell. I Møre og Romsdal har både ungdomspanelet og andre tatt til orde for å utvide ordninga med ungdomskort til å gjelde ungdom over 20 år. I Trondheim, der dei har auka kollektivdelen gjennom offensive tiltak som parkeringsrestriksjonar, innføring av kollektivfelt og reduserte billettprisar kostar periodekort vaksen kr 600 og ungdomskortet kr 500. Og ungdomskortet er berre tilgjengelig for ungdom i alderen 16-19 år. I Trøndelag reiser ungdom lokalt billegare med ordinært periodekort som for student/ungdom kostar kr 360, og barn kr 240.
Side 10 Ut i frå førespurnad til andre fylkeskommunar og internett søk har vi berre funne eitt fylke som har utvida ungdomskortordninga opp til 24 år. Det er Østfold fylkeskommune som har eit ungdomskort som kostar kr 325. Det blei i 2008 fatta følgjande vedtak: 1. Aldersgrensen for ungdomskortet utvides til å gjelde for personer til og med 24 år. 2. Endringen gjelder fra 1. mars 2008. 3. Forventet inntektstap på inntil kr 0,4 mill.kr. dekkes gjennom midler innenfor belønningsordningen for 2008, og innarbeides i økonomiplanen for 2009-2012. Studentar - periodekort I Møre og Romsdal, slik som i dei fleste fylker, kan studentar/elevar løyse periodekort (td. månadskort) til 40 % rabatt. Studentrabatten på periodekort gjeld her i fylket også for studentar over 30 år. Studentar får ikkje med den noverande ordninga rabatt på Miljøkort, som er periodekortet som blir selt i og nær dei største byane i fylket. I Møre og Romsdal er det heller ikkje tilbod om studentrabatt til lærlingar. Eit tilbod om studentrabatt på Miljøkort kan stimulere til auka bussbruk blant studentar i byane. Innføring av slik rabatt vil truleg føre til krav om inntektskompensasjon frå transportørane. I Ålesund, der fylkeskommunen sjølv har takstansvaret, kan eit slikt tilbod innførast utan slikt krav. Busstilbodet i Ålesund har vore kritisert siste året, og i samarbeid med operatøren vil fylkeskommunen auke tilbodet frå skulestart hausten 2012. Endringane er ei byrjing på arbeidet med å lage eit betre tilbod i byen. Det vil vere positivt om dette kan gjerast saman med innføring av redusert pris for studentar. Dersom studentane får tilbod om Miljøkort til barnetakst i Ålesund og Giske kommunar, vil prisen bli 360 kroner for miljøkortet i dette området. Verknaden av ei slik omlegging i Ålesund og Giske kommunar, vil venteleg ikkje slå ut med meir enn 500 000 kroner. Aldersgruppa 20-60 år For aldersgruppa mellom 20 og 66 år og som ikkje er studentar har ikkje reduserte prisar særleg verknad utan i kombinasjon med andre tiltak. Parkeringspolitikken i kommunane, reisetid, frekvens og komfort vil vere meir avgjerande for val av transportmiddel enn sjølve prisen. Dersom vi skal nå måla om reduserte utslepp frå biltrafikken må bussbruken i denne gruppa aukast. Sjølvsagt er det også for denne gruppa viktig at det er lett å kjøpe billett og god informasjon om prisar og ruteopplegg. Taksttiltak som auka rabatt på kollektivkortet, redusert pris på verdikort og innføring av Autobillett vil bli vurdert nærare i samband med bypakkane i Ålesund, Molde og Kristiansund. Sonesystemet Sonesystemet skal sikre rask og enkel billettering. Ulempa er at prisane kan slå relativt hardt ut for dei som reiser mellom to stopp på sonegrensa, jfr. oppslag i
Side 11 Sunnmørsposten i vinter. Ser vi på takstutviklinga elles i landet, har det dei siste åra gått i retning av færre sonar. Det er ein omfattande prosess å endre takstsoner. I ein situasjon med nettoavtalar er ikkje minst det økonomiske aspektet eit vanskeleg tema. Selskapa kan i medhald av kontrakt krevje full kompensasjon for endringar i inntektsgrunnlaget. Skal vi redusere tal soner i Møre og Romsdal i framtida, må vi vurdere takstnivået i sonene nærare og inntektseffekt av dette. Takstspranga slår hardast ut mot dei som reiser med einskildbillett. I Ålesund kommune kan ein nytte miljøkort til 520 kroner pr. månad, uansett reisestrekning. Dette betyr at dei som reiser ofte med buss, ikkje får prisauke på grunn av sonetakstsystemet. Miljøkortområda i Møre og Romsdal er lista opp tidlegare i denne saka. Kollektivkortet Kollektivkortet støttar framtidas krav til nye reiseprodukt: Ungdomskort Periodekort Miljøkort og Reisepengekort (verdikort, minimum 200 kroner) For vaksne som nyttar kollektivkortet til einskildreiser blir det gitt 17 % rabatt. Denne rabatten vil truleg føre til at fleire vel å nytte kollektivkortet. Fordelen med kollektivkortet er rask billettering og mindre kontantar på bussane. I framtida vi kollektivkortet kunne fyllast opp frå mobilen eller frå nettbanken til den enkelte. Spesielle område vi vil sjå nærare på ved utarbeiding av dei nyte takstretningslinene Turistsatsing med td. dagpass for turistar Gode kombinasjonsprodukt buss/båt Familierabatt, td. utanom rushtid og i helger Rabattar til barnehagar og grunnskoleklassar Konklusjon For å gjere det lettare å reise med buss og samtidig få fleire til å bruke buss, må vi legge strategiane for takst- og billettering frå kollektivstrategien til grunn. Dette inneber: Rask og enkel billettering a. Elektroniske kollektivkort med høgare rabattsatsar enn før b. Billettsal andre stader enn i bussen, som td internet, telefon og billettautomatar Takstar skal brukast som verkemiddel for auka kollektivandel innan dei økonomiske rammene for drift av kollektivtrafikken a. Dette betyr ma at det generelle takstnivået ikkje bør liggje over utviklinga i drivstoffprisen Takstar skal brukast som verkemiddel gjennom samarbeid i bypakkane a. Takstreduksjonar b. Parkeringspolitikk
Side 12 c. Tiltak for framkome for kollektivtrafikken d. Ruteendringar Kollektivtrafikken må ha fritak for bompengar og betaling på ferje Samordna billettsystem a. Nasjonalt samarbeid for fylkeskryssande trafikk på sjø og land b. Samordning av takstsystema mellom fylka Dette oppnår vi gjennom Å redusere det generelle takstnivået utan å redusere rutetilbodet Kollektivkortet må vidareutviklast Ungdomskortet skal oppretthaldast som i dag Auka rabattar på periodekort for skoleelevar/studentar over 20 år På sikt enkle sonestrukturen i og rundt dei største byane Vidareutvikle andre område (td. turist, familie osb.) Aktiv marknadsføring av takstane Forslag til vedtak 1. Innanfor gjeldande økonomiske ramme ber samferdsutvalet administrasjonen om å utarbeide nye takstretningsliner for Møre og Romsdal. Dei nye retningslinene skal bidra til auka bruk av kollektivtrafikk, og punkta i konklusjon skal leggast til grunn for det vidare arbeidet. 2. Samferdselsutvalet legg følgjande til grunn for det vidare arbeidet: Om mogleg redusere det generelle takstnivået utan å redusere rutetilbodet Kollektivkortet må vidareutviklast Ungdomskortet skal oppretthaldast som i dag På sikt enkle sonestrukturen i og rundt dei største byane Sjå nærare på andre rabattordningar nemnd i denne saka Aktiv marknadsføring av takstane 3. Samferdselsutvalet vedtar å innføre ei prøveordning med studentrabatt (gjeld også for lærlingar) på miljøkort i Ålesund og Giske kommunar. Prisen blir sett til barnetakst miljøkort, dvs. 360 kroner pr. månad. Ordninga skal ta til å gjelde frå 6. august 2012. 4. Ordninga blir finansiert over utvalsramme 64 bilruter. Arild Fuglseth samferdselssjef