Sporing og merking. Merking



Like dokumenter
Sporing og merking. Merking

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Kva er økologisk matproduksjon?

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Samansette tekster og Sjanger og stil

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Ny eksamensordning. Del 1: 3 timar (utan hjelpemiddel) / 3 timer (uten hjelpemidler)

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

Namning av vegar i Fræna Kommune

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Til deg som bur i fosterheim år

Eksamen REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Før du løser oppgavene under, bør du lese faktaarket om energi og se godt på eksemplet med utregnet E % nederst på arket.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Vegvisar til vilbli.no

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012


RETTLEIAR KSL-STANDARD Honning. Versjon 11, oktober 2015 nynorsk

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Vurdering av allianse og alternativ

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

ÅRSPLAN 2015/2016 FAG: Mat og helse TRINN: 9.trinn

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Eksamen Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn

mmm...med SMAK på timeplanen

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Informasjon, orientere oss i skuffer og skap, lære ord og begrep (samtale og vise) Lage tilslørte rakkarungar Vaske opp og rydde etter oss

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Halvårsplan, hausten 2011

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Saksbehandling kva er no det?

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Eksamen og vurdering 2016

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fritidsbåt mellom private

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Nr. 20/152 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. juli 1999

Eksempeloppgåve/ Eksempeloppgave 2009

Transkript:

Sporing og merking Mange forbrukarar i vår del av verda blir meir og meir bevisste på kva dei et og drikk. Dei veit kva næringsstoff dei treng, og ønskjer enkelt og raskt å få nødvendig informasjon anten dei handlar i ein ferskvaredisk og spør dei tilsette, eller kjøper eit ferdig emballert og merkt produkt. Behovet for informasjon har fleire årsaker: endra levevanar, nye trendar og meir bevisstgjering om innhaldet i maten, ny forsking og kunnskap. Skal ein oppsummere utviklinga, må det bli at vi som forbrukarar vil ha meir detaljert informasjon om maten vi handlar. Med nok informasjon som kan samanliknast, kan vi gjere eit bevisst val i kjøpsaugneblinken. Foto: Snöball Film Merking Det er fleire grunnar til at vi merkjer matprodukt. Styresmaktene stiller krav i form av forskrifter, til dømes merkeforskrifta og forskrift om merking av næringsinnhald. Ein annan grunn til merking er at selskapa ønskjer å marknadsføre og selje produkta sine, mellom anna ved å trekkje fram positive eigenskapar ved produktet og gi det ei tiltalande innpakning. EAN-koden, strekkoden på produktet, gjer at butikkar lett Kunnskapsfilm.no Sporing og merking Fagtekst Nynorsk 25.06.2014

kan programmere systema sine og lese produktinformasjonen via ein laserlesar i staden for å skrive inn informasjonen manuelt. Matlova seier i 10: Merking, presentasjon og reklame: Virksomheten skal sørge for at merking, presentasjon, reklame og markedsføring er korrekt, gir mottaker tilstrekkelig informasjon og ikke er egnet til å villede. Kongen kan gi nærmere forskrifter om merking, presentasjon og reklame, herunder om forbud mot helsemessig uønsket markedsføring og om vilkår for bruk av frivillige merkeordninger. All mat som blir seld i Noreg, skal ifølgje merkeforskrifta ( 4) vere merkt med: - varenemning - ingrediensliste - nettoinnhald - haldbarheit - oppbevaringsvilkår og bruk - namn/firmanamn, adresse, opphav - brukarrettleiing - alkoholinnhald - opphavsland (m.a. ferskt storfekjøt, frukt, grønt og bær) Dessutan skal strålt krydder merkjast. Det må også opplysast om genmodifiserte ingrediensar dersom ei vare inneheld meir enn 0,9 % av slike ingrediensar. Haldbarheit Lett skjemde matvarer, som fersk fisk og kylling, kjøtfarse, innmat og rå pølse, skal vere merkte med «siste forbruksdag» følgt av dag, månad og år. Siste forbruksdag er den siste dagen som desse næringsmidla bør brukast dersom produktet har blitt oppbevart riktig og emballasjen er uopna. Lettskjemde matvarer kan bli øydelagde av mikroorganismar og dermed innebere ei helsefare om dei blir for gamle.

Datomerkinga skal følgjast av ei oppbevaringsrettleiing. Ikkje-lettskjemde matvarer skal merkjast med «Best før» følgt av dag, månad og år. For næringsmiddel med kortare haldbarheit enn tre månader held det at det står dag og månad, mens det held å opplyse om månad og år for næringsmiddel med haldbarheit over tre månader. Dersom haldbarheita er over 18 månader, er det berre krav om å opplyse om årstal, til dømes «Best før utgangen av 2016». Det betyr då at næringsmiddelet er best før 31. desember 2016. Datoen skal følgjast av oppbevaringsmåte dersom denne betyr noko for haldbarheita. Liste over ingrediensar med særlege merkekrav glutenhaldige produkt skaldyr og skaldyrprodukt egg og produkt av egg fisk og produkt av fisk peanøtter og produkt av peanøtter soya og produkt av soya mjølk og produkt av mjølk nøtter og produkt av nøtter selleri og produkt av selleri sennep og produkt av sennep sesamfrø og produkt av sesamfrø svoveldioksid og sulfitt lupin og produkt av lupin blautdyr og produkt av blautdyr For mat som blir tilbydd over disk, på restaurant, catering og liknande, kan ein gi opplysningane i menyen eller munnleg på førespurnad. Praktiske hjelpemiddel for personalet i ein bakeridisk kan vere lett tilgjengelege permar med produktdatablad eller «flippemapper» med bilete og tekst som ein lett kan slå opp i ved disken.

Næringsinnhald Om produsenten seier på emballasjen eller i reklame at produktet er «rikt på fiber», «inneheld mykje umetta feitt», «inneheld mindre energi», «er rikt på C-vitamin» eller liknande, utløyser dette detaljerte krav til kva som må vere med i næringsinnhaldsdeklarasjonen. I utgangspunktet er det frivillig å merkje med næringsinnhald, men dersom ein produsent vel å ta det med, så blir det stilt krav til korleis det skal gjerast. To grunnar til at det kan vere lurt å ta med næringsinnhaldsdeklarasjon, er informasjonsønske frå forbrukargrupper eller ønske om å framheve og skilje ut eigne produkt frå produkta til konkurrentane. Det er krav i regelverket om deklarasjon av enkelte næringsstoff for nokre produkt, til dømes er det påbode å opplyse om feittinnhaldet i kjøtfarseprodukt og sukkerinnhaldet i syltetøy. I nokre samanhengar er det påkravd å merkje næringsinnhald. 5 i forskrifta seier: «ferdigpakkede næringsmidler skal ha næringsinnholdsdeklarasjon dersom det i merking, reklame eller annen presentasjon av næringsmiddelet fremsettes ernæringsmessige påstander.» Mange produsentar vel å ha med næringsinnhaldsdeklarasjon utan at det er påbod om det. Rekkjefølgja og einingane er bestemde til: Energi: Protein: kj og kcal g Karbohydrat: g Feitt: g Deklarasjonane skal vere pr. 100 g eller 100 ml av vara.

Sporing eller LOT-merking LOT-merking (identifikasjonsmerking) er å merkje ei matvare med kode, nummer, symbol e.l. som gjer det mogleg å spore matvara tilbake til eit bestemt, avgrensa produksjons- eller vareparti (næringsmiddelparti). Merkinga skal bidra til å sikre mattryggleiken gjennom gode system for sporing og for å kunne trekkje tilbake varer som viser seg å utgjere ein helserisiko. Foto: Snöball Film LOT-merkinga forenklar arbeidet for alle involverte i varekjeda, til dømes butikkar, importørar og produsentar. I tillegg gir ho høve til å reagere raskt, slik at dei økonomiske tapa blir minst moglege. Alternativet ville vore å trekkje tilbake alle varer av ein bestemt type eller frå ein bestemt produsent. Forskrifta seier at LOT-merkinga skal gjere det mogleg å identifisere kva parti eit næringsmiddel kjem frå, i tilfelle der næringsmiddelet kan utgjere ei helsefare, eller der næringsmiddelet er gjenstand for ein tvist. Næringsmiddel som er til sals, skal vere merkte slik at det er mogleg å identifisere næringsmiddelpartiet (ei gruppe salseiningar som er produsert, framstilt eller emballert under så å seie identiske forhold). Merkinga skal vere lett synleg, lett leseleg og uutsletteleg, og skal innleiast Kunnskapsfilm.no Sporing og merking Fagtekst Nynorsk 25.06.2014

med bokstaven «L» eller skilje seg frå andre opplysningar. Haldbarheitsmerkinga i tråd med merkeforskrifta er tilstrekkeleg dersom ho inneheld dag og månad. Då er ikkje bokstaven L nødvendig. Endra merkereglar frå desember 2014 Det er varsla nye merkereglar i desember 2014 som mellom anna vil gjelde desse punkta: skriftstorleik allergimerking imitasjonsprodukt det må komme klart fram om det til dømes blir brukt ein «osteerstattar» på pizzaen tilsette protein i kjøt- eller fiskeriprodukt vassinnhald samansette stykke av kjøt eller fisk vegetabilsk olje og feitt her må kjelda opplysast om, til dømes solsikkeolje og palmeolje innfrysingsdato: krav om at fryst kjøt, fryst tilarbeidd kjøt og fryste uforedla fiskerivarer blir merkte med dato for innfrysing eller dato for første innfrysing dersom produktet har vore fryst meir enn éin gong Det vil også komme nye krav til næringsdeklarasjonsmerking. Det blir krav til både innhald, presentasjon og utforming av næringsdeklarasjonen på matvarene. Mengd av metta feitt, sukkertypar og saltinnhald er noko av det som blir pålagt. I dag er det på mange produkt valfritt å merkje næringsinnhald, men det vil etter endringa vere påbode på dei aller fleste matvarer.