Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser



Like dokumenter
Høyring NOU 2015:8 Fremtidens skole - Fornyelse av fag og kompetanser

Høring - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser.

Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying

Tiltaksplan

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Vurdering av allianse og alternativ

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Høring - Fremtidens skole - Fornyelse av fag og kompetanser - Høringsuttalelse fra Asker kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Forslag frå fylkesrådmannen

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Høring - Fremtidens skole. Saksordfører: Lars Kristian Groven

Strategi for kompetanseutvikling

Strategiplan for Apoteka Vest HF

1 Kompetanser i fremtidens skole

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

Høringsuttalelse NOU 2015:8 Fremtidens skole - fornyelse av fag og kompetanser

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Rådmannsutvalet Førde

Fag Fordyping Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Framlegg til statsbudsjett og andre satsingar i 2014

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

NORSK FAGRÅD FOR MDD. HØRINGSUTTALELSE TIL KUNNSKAPSDEPARTEMENTET OM Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser NOU 2015:8

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

ROS-analyse i kommuneplan

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Kultur for læring i biblioteket. Kunnskapsløftet

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

Plan for framlegginga

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Samansette tekster og Sjanger og stil

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Ungdomstrinnsatsinga

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Nye krav til digital kompetanse i helse- og omsorgssektoren Fokus: Samhandlingsreformen. Sesjonsleiar

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring"

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Kvalitetsplan mot mobbing

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Aurland kommune Rådmannen

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Transkript:

Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/8496-4 Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å gjere slikt vedtak: Hovudutval for opplæring vedtek høyringsfråsegn slik denne kjem fram av saksutgreiinga. Vedlegg: Brev om utsett høyringsfrist Svarbrev KD Andre dokument som ikkje ligg ved: SAKSFRAMSTILLING I juni 2013 sette regjeringa Stoltenberg II ned eit utval som skulle vurdere i kva grad skulen sitt innhald dekker dei kompetansane elevane vil ha behov for i framtidas samfunns- og arbeidsliv. Utvalet var leia av professor Sten Ludvigsen. Mandatet var å vurdere grunnopplæringa, avgrensa til alle fag i grunnskulen og fellesfaga i vidaregåande opplæring, mot naudsynt kompetanse i framtida. Utvalet har tidligare publisert sine vurderingar i delutgreiinga NOU 2014: 7 Elevenes læring i fremtidens skole. Her presenterer utvalet kunnskapsgrunnlaget for hovudutgreiinga og ei analyse av den historiske utviklinga av skulefaga i grunnopplæringa. Utgreiinga, NOU 2015: 8 Fremtidens skole, Fornyelse av fag og kompetanser, vart levert 15. juni 2015. Kunnskapsdepartementet sende rapporten ut på høyring 17.06.2015 Høyringsfristen var 15. oktober 2015. Komplett oversikt over høyringsnotatet med tilhøyrande underlag kan hentast på regjeringa.no. Høyringa er sendt både til skulane og til skuleeigarar. Fylkesdirektøren for opplæring har lagt opp til at høyringsdokumentet skal politisk handsamast og har difor søkt Kunnskapsdepartementet om utsett høyringsfrist til etter møte i hovudutval for opplæring, 28.10.15. Dei vidaregåande skulane har rapporten på høyring med frist om å kome med innspel seinast 14.10.15. Innspela frå dei vidaregåande skulane er innarbeidd i felles høyringsfråsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Rapporten sine overordna prinsipp Ludvigsenutvalet gjer framlegg om fire utgreiingsområde; kompetansar i framtidas skule, fagfornying og læreplanmodell, undervisning og vurdering og implementering. Desse er grunnlag for prioritering av innhaldet i skulen. Områda er forankra i utviklingstrekk i samfunnet, aktuell forsking og formålsparagrafen i opplæringslova. Utvalet rår til at elevane utviklar fire kompetanseområde:

Side 2 av 5 - fagspesifikk kompetanse - å kunne lære - å kunne kommunisere, samhandle og delta - å kunne utforske og skape Utvalet rår til at utviklinga av nye fag vert slik at breidda i kompetanseområda blir ivareteken. Vidare meiner utvalet at det bør utformast ein læreplanmodell med nasjonale rammer og tilhøyrande rettleiingsressursar. Utvalet peikar på at dei tilrådde kompetanseområda vil endre krava til undervisning- og vurderingspraksis, og fordre ei vurderingsordning som støttar måla for dei nye faga. Det vert tilrådd at ei ny reform vert gjennomført i ulike fasar og med parallelle prosessar. Planlegging, dialog og forankring, skulebasert kompetanseutvikling og lokalt læreplanarbeid vil vere sentrale delar av gjennomføringa. Gjennomgang og vurdering av framlegga i rapporten Kunnskapsdepartementet har bede om tilbakemelding på kompetansar i framtidas skule, fagfornying og læreplanmodell, undervisning og vurdering og implementering. Fylkesdirektøren for opplæring har valt å innrette høyringsfråsegna ved å omtale kvart enkelt utgreiingsområde slik: - sentrale punkt og tilrådingar frå NOU 2015:8 - fylkesdirektøren for opplæring sine vurderingar Utgreiingsområde 1: Kompetansar i framtidas skule Utgreiinga peikar på at kommunikasjons- og medieteknologiar er i rask utvikling. Samstundes er bærekraftig utvikling, demografiske endringar lokalt og globalt, forbruksvekst trekk ved samfunnsutviklinga. Dette skjer parallelt med utviklinga av eit kunnskapsbasert og internasjonalisert arbeidsliv. I framtida vil det difor bli behov for ei brei forståing av kompetanseomgrepet. Rapporten definerer kompetanse som å kunne meistre utfordringar og å løyse oppgåver i ulike samanhengar. Det omfattar både kognitiv, praktisk, sosial og emosjonell læring og utvikling, inkludert haldningar, verdiar og etiske vurderingar. Utvalet skisserer i rapporten fire kompetanseområde som bør prioriterast: - fagspesifikk kompetanse - å kunne lære - å kunne kommunisere, samhandle og delta - å kunne utforske og skape Fagspesifikk kompetanse Denne kompetansen er knytt til vitskapsfag og andre fag og eller kunnskapsområde som skulefaga bygger på. (Fagspesifikk kompetanse vert nærare skildra under punktet om fagfornying). Grunnleggande ferdigheiter vart innført med Kunnskapsløftet og er ein naudsynt føresetnad for læring og utvikling i skulen. Grunnleggande ferdigheiter vert reformulert og omtala som kompetansar som skal tilpassast det einskilde faget. Utvalet grunngir dette med at kompetanse er i kontinuerleg utvikling. Samstundes vert kompetanse på tvers av fag viktig i framtida. - Rekning er ein del av matematisk kompetanse og skal integrerast i dei faga der det er relevant. - Digital kompetanse blir inkludert i dei andre fagovergripande kompetansane. I tillegg bli den i sterkare grad bunden saman med fagspesifikt innhald i faga. - Lesing og skriving blir definerte som kompetansar saman med munnleg kompetanse og blir integrert i alle fag. Å kunne lære Utvalet meiner at å kunne lære er ein naudsynet kompetanse for framtida. Dei trekker fram verdien av at elevane skal vere metakognitive i læringsprosessen sin. Det vil seie å kunne reflektere over føremålet med det dei lærer, kva dei har lært og korleis dei lærer Å kunne kommunisere, samhandle og delta Elevane vil i større grad ha behov for god kompetanse i kommunikasjon i framtidas arbeids- og samfunnsliv. Utvalet meiner såleis at lesing, skriving og munnleg kompetanse framleis må vere ein del av alle fag. Det vert vidare rådd til at samhandling og deltaking vert inkludert i alle fag og rettar seg mot samarbeid om problemløysing, fleirfaglege problemstillingar og medverknad i faglege diskusjonar. Å kunne utforske og skape Å ha kompetanse som gjer at ein kan skape noko vert viktig både i skule, arbeidsliv og på andre arenaer. Utvalet peikar på kreativitet og innovasjon, kritisk tenking og problemløysing som sentrale kompetansar i mange fag.

Side 3 av 5 Fylkesdirektøren for opplæring støttar Ludvigsen-utvalet sitt kompetanseomgrep og meiner at eit breitt kompetanseomgrep legg eit godt grunnlag for fornying av faga. Fylkesdirektøren er òg samd med utvalet i at det er behov for å innarbeide dei grunnleggande ferdigheitene som kompetansar i faga. Vidare meiner fylkesdirektøren at det er særleg viktig, og rett, at utvalet har lagt vekt på kompetanseområdet «å kunne kommunisere, samhandle og delta». Fylkesdirektøren er einig i at kompetanseomgrepet tydeleggjer føremålsparagrafen i opplæringslova og generell del av læreplanen i større grad enn dagens fagplanar. Omgrepet vil såleis medverke til å skape større heilskap i læreplanverket og i opplæringslaupet. Utgreiingsområde 2: Fagfornying og læreplanmodell Fagfornying Utvalet føreslår at faga framleis skal vere det organiserande prinsippet for skulen. Utvalet meiner at fagfornyinga må starte i fagområda heller enn i det enkelte fag. Desse fagområda er etter utvalet si vurdering følgjande: - matematikk, naturfag og teknologi - språk - samfunnsfag og etikkfag - praktiske og estetiske fag Faga sine metodar, tenkemåtar, omgrep og samanhengar vert leiande prinsipp for å legge betre til rette for djupnelæring i faga. Utvalet seier vidare at fellesfaga i vidaregåande opplæring vert fornya etter same prinsipp som faga i grunnskulen. Faga skal bygge vidare på elevane sin oppnådde kompetanse frå grunnskulen. I tillegg meiner utvalet at det bør utarbeidast læreplanar i fellesfaga som kan virke saman med programfaga, for slik å oppnå ein sterkare relevans i fellesfaga. Fagfornyinga inkluderer også at fleirfaglege tema som fleirkulturelt samfunn, folkehelse og livsmeistring, samt utfordringar knytt til bærekraftig utvikling, skal innarbeidast i læreplanane i fleire fag på ein systematisk måte. Innanfor fagområda skissert ovanfor rår utvalet til å auke fleksibiliteten i fag- og timefordelinga. Dette for å legge til rette for meir djupnelæring. Læreplanmodell Utvalet meiner at for å sikre ei felles forståing og ei systematisk integrering, bør det utviklast eit felles nasjonalt rammeverk for fagovergripande kompetansar. Dette rammeverket skal vere eit verktøy i læreplanutviklinga. Vidare legg utvalet stor vekt på at det må vere ein god samanheng mellom læreplanane og dei tilhøyrande rettleiingsressursane til læreplanane. Desse må utviklast parallelt. Det bør òg utviklast ein eigen plan for kompetanseutvikling som vektlegg dei fire kompetanseområda og dei nye læreplanane. Utvalet ser det som svært viktig at forståing av dei fagovergripande kompetansane vert forankra og delt av dei som skal ta læreplanane i bruk. Fylkesdirektøren meiner at merksemd på djupnelæring og fagovergripande kompetansar er rett og viktig i høve til kompetansebehova i samfunnet. Samstundes vil det vere naudsynt at nye satsingar også seier noko om kva ein skal gjere mindre av. Fylkesdirektøren støttar utvalet sine tankar om å sjå på kompetansemåla i læreplanane på nytt med tanke på å redusere og forenkle. Fylkesdirektøren er einig med utvalet i at det er føremålstenleg at fagfornyinga byrjar i fagområda og ikkje i det enkelte fag. Dei ulike faga innanfor kvart fagområde må sjåast i samanheng. Ei slik tilnærming vil gje eit betre grunnlag for at læreplanane kan virke saman, enn om fagfornyinga skal ta utgangspunkt i dei enkelte faga. Fylkesdirektøren er samd med utvalet om at dei nasjonale læreplanane må tydeliggjere heilskap og samanheng mellom føremålet med opplæringa, generell del av læreplanen og læreplanane med kompetansemål. Fylkesdirektøren deler vurderinga om at auka fleksibilitet i fag- og timefordelinga vil kunne føre til at det lettare kan arbeidast på tvers av faga. Samstundes vil ein stor grad av fleksibilitet vere særs krevjande å få til på mindre skular. I Sogn og Fjordane er det ingen vidaregåande skular som vil kunne tilby full fleksibilitet mellom programområde og nivå. Fylkesdirektøren vil òg streke under viktigheita av at ein ikkje opnar opp for fagsamansetjingar som vil legge hindringar for elevane med omsyn til retten til å byte skule.

Side 4 av 5 Utgreiingsområde 3: Undervisning og vurdering Utvalet føreslår at undervisnings- og vurderingspraksisen må vidareutviklast for i ivareta fagfornyinga, noko som vil krevje ei langsiktig satsing på utvikling av vurderingskompetansen. Det vert gjort framlegg om å setje i verk eit utviklingsarbeid for at lærarane sin vurderingspraksis vert knytt til eit utvida kompetanseomgrep i faga. Utvalet rår til at det skal settast ned eit ekspertutval for å vidareutvikle eksamensordninga, slik at ho støttar opp om og reflekterer innhaldet i framtidas skule. Fylkesdirektøren er samd i at det er naudsynt å utvikle ulike vurderingsmåtar som tek inn i seg eit breitt kompetanseomgrep. Det er utfordrande å vurdere framsteg i ikkje målbare kompetansar som til dømes deltaking, innovasjon og kreativitet med den vurderingspraksisen som vert nytta i dag. Fylkesdirektøren ser ein fare i at ikkje målbar kompetanse kan bli subjektiv. Trass i at vurdering for læring har vore eit satsingsområde i norsk skule, har ein framleis ein veg å for å gå for å nytte det læringspotensiale som ligg i formativ vurdering. Fylkesdirektøren meiner at eksamenssystemet/sluttvurderinga må vidareutviklast/endrast før reforma vert sett i verk. Om eksemensformene/sluttvurderinga ikkje blir endra risikerer ein at opplæringa blir retta mot eksamen framfor læreplanmåla. Dette kan medføre at elevane/lærlingane møter ei sluttvurdering dei ikkje er kvalifiserte for. Utgreiingsområde 4: Implementering Utvalet peikar på dialog og forankring, samordning av verkemidel, kapasitetsbygging og kompetanseutvikling, styrking av det lokale arbeidet med læreplanar, naudsynte endringar i kvalitetsvurderingssystemet og forskingsbasert evaluering, som sentralt i innføringa av nye læreplanar. Utvalet rår til at det vert utarbeidd ein overordna strategi for innføring av nytt innhald i skulen. Dette må skildre aktørane på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå og kva som vert forventa av dei. Samstundes må ein ha ein framdriftsplan som syner dei ulike fasane og verkemidla i starten av reforma. Utvalet foreslår at det vert utført ein gjennomgang av kvalitetsvurderingssystemet for å vurdere kva område i systemet som treng å vidareutviklast. Utvalet meiner at å utvikle verktøy for å vurdere eleven si læring og støtte til skulebasert vurderingsprosessar, er høvelege tiltaksgrep som kan nyttast. Fylkesdirektøren si vurdering. Ei vellukka innføring av nye læreplanar føreset ein god plan for korleis dette skal gjerast. Fylkesdirektøren ser det som svært viktig at forståing av bakgrunnen for, og oppbygginga av, det nasjonale rammeverket for læreplanarbeidet startar så tidleg som mogleg etter at strategien er vedteken. Erfaringa frå innføringa av Kunnskapsløftet var at arbeidet med rettleiingsressursane til læreplanane kom seint i gang. Fylkesdirektøren framhevar at det er viktig å ha merksemd på å utvikle det kollektive profesjonsfellesskapet ved kvar einskilde skule. Gjennom å nytte skulebasert kompetanseutvikling vert lærarkollegiet og skuleleiarane involverte, engasjerte og motiverte til å utvikle framtidas skule. Fylkesdirektøren føreset at kostnadane til iverksetjing og gjennomføring vert fullfinansiert av staten. Det må setjast av tilstrekkelig med ressursar til lokale utviklingstiltak, slik at lærarane kjenner seg kompetente til å undervise i samsvar med framtidas skule sine intensjonar. Oppsummering 1. Utgreiingsområde 1 kompetanse i framtidas skule Fylkesdirektøren støttar Ludvigsen-utvalet sitt kompetanseomgrep og meiner at eit breitt kompetanseomgrep legg eit godt grunnlag for fornying av fag. Fylkesdirektøren støttar utgreiinga i at det er behov for å innarbeide dei grunnleggande ferdigheiter som kompetansar i faga. Fylkesdirektøren støttar at kompetanseomgrepet tydeleggjer føremålsparagrafen i opplæringslova og generell del av læreplanen i større grad enn dagens fagplanar. 2. Utgreiingsområde 2 fagfornying og læreplanmodell

Side 5 av 5 Fylkesdirektøren støttar utgreiinga sine tankar om å sjå på kompetansemåla i læreplanane på nytt med tanke på å redusere og forenkle. Fylkesdirektøren støttar utgreiinga at det er føremålstenleg at fagfornyinga byrjar i fagområda og ikkje i det enkelte fag. Fylkesdirektøren støttar utreiinga om at dei nasjonale læreplanane må tydeliggjere heilskap og samanheng mellom føremålet med opplæringa, generell del av læreplanen og fagplanane med kompetansemål. Fylkesdirektøren er samd i at auka fleksibilitet i fag- og timefordelinga vil kunne føre til at det lettare kan arbeidast på tvers av faga. Samstundes vil fylkesdirektøren streke under at stor grad av fleksibilitet vil vere særs krevjande å få til på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. 3. Utgreiingsområde 3 undervisning og vurdering Fylkesdirektøren støttar utgreiinga i at det er naudsynt å utvikle ulike vurderingsmåtar som tek inn i seg eit breitt kompetanseomgrep. Fylkesdirektøren ser ein fare i at ikkje målbar kompetanse kan bli subjektiv. Fylkesdirektøren meiner at eksamenssystemet/sluttvurderinga må endrast før reforma vert sett i verk. 4. Utgreiingsområde 4 implementering Fylkesdirektøren støttar utgreiinga i at ein vellykka læreplaniverksetjing føreset ein god iverksetjingsstrategi Fylkesdirektøren føreset at kostnadane til iverksetjing og gjennomføring av reforma vert fullfinansiert av staten.