Fjell kommune Arkiv: 504 Saksmappe: 2010/501-15574/2011 Sakshandsamar: Lene Takvam Dato: 08.07.2011 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 11/16 Delegert utval - Ordførar sommarfullmakt Framlegg til reguleringsplan for Coast Center Base (CCB), gnr 27/150 m.fl. - Ågotnes. 1. gongs handsaming. Tiltakshavar: Coast Center Base AS Dokument vedlagt saka: Plankart datert 20.06.11 Føresegner datert 14.07.11 Planomtale datert 12.07.11 Saksopplysningar: Bakgrunn for planarbeidet: Norconsult Bergen AS har på vegne av Coast Center Base (CCB) utarbeidd framlegg til reguleringsplan for Coast Center Base (CCB), gnr 27/150 m.fl. Ågotnes (planid 20090024). Oppstartsmøte vart halde 24.02.10, og det vart varsla oppstart 04.03.10. I samband med varslinga kom det inn 11 merknader frå privatpersonar og offentlege instansar. I planskildringa er merknadene oppsummert, og det er gjort greie for korleis dei er handtert i planframlegget. Merknadene er ikkje direkte vurdert i denne saka. Dersom merknadsstiller meiner det er grunnlag for å oppretthalde merknad etter offentleg ettersyn av planen, vil dei bli vurdert av kommunen ved 2 gongs handsaming av planen. Tilhøve til overordna planer: I kommunedelplan (KDP) for Ågotnes vedteken (31.08.00) ligg området hovudsakleg innafor område satt av til industri-/hamneformål. Planen går noko inn i friluftsområde sør mot Kvernavatnet. I vest kjem planområdet delvis innafor KDP for Sotrasambandet (delprosjekt 3, Kolltveit-Ågotnes). KDP Ågotnes (2000) er under revisjon. I planprogrammet for revisjonen (handsama i kommunestyret 24.04.2008) er arealbruk og transport sentrale tema, som dette planarbeidet skal ta opp i seg. Planprogrammet peika på at det bør bli etablert ei klar deling mellom industriareala og resten av Ågotnes, og at ei styrking av næring rundt CCB er avgjerande for vidare vekst på tettstaden.
I gjeldande kommuneplan er Ågotnes er definert som tettstad nummer to i Fjell kommune, og det er ønskeleg med vekst og ei positiv utvikling av Ågotnes. Planen kjem også delvis innafor fleire reguleringsplanar. Dette gjeld reguleringsplanar for industriområde (planid 19830003 og 19900005), bustadområde (planid 19890004) og Ågotnes bu- og aktivitetssenter (planid 20010011). Planframlegget vil erstatte delar av desse planane. Planområdet: Hovuddelen av planområdet er i dag etablert industriområde (CCB-basen), og grensar mot næringsområde for Ågotnes i vest, og industriområde Ågotnes Næringspark i nord. Sør for planområdet ligg Ågotnes bu- og aktivitetssenter, regulert bustadområde i Vassvikvegen og Kvernavatnet. Nordaustleg del av vatnet vert nytta til bading. Søraust i planområdet er det ein etablert privat småbåthamn. Kulturminne Området er vurdert av Hordaland fylkeskommune og Bergen Sjøfartsmuseum. Det er ingen kjente automatisk freda kulturminne i planområdet, men Giertsennausta og ein steingard er registrert som nyare tids kulturminne. Giertsennausta ligg i tilknyting til småbåthamna søraust i planområdet. Nausta er registrert i SEFRAK, og er nøst/bøteri frå 1903. I søraustlige delen av planområdet, mot bustadområde, ligger det ein steingard. Steingarden går frå Kvernavatnet til sjøen, sør for base- gjerdet og har varierande kvalitet/grad av vedlikehald. Infrastruktur Det er i dag en ÅDT på vegen til baseområdet på om lag 1400 lette kjøretøy og 400 tunge kjøretøy. Giertsennaustea og Mathopen båthamn har gangtilkomst på sti frå sør, men CCB opnar opp for at innkjøring frå baseområdet kan skje unntaksvis, ved spesielle behov. Båthamna er i dag disponert av eit båtlaget, der medlemskap avgrensa til fastbuande og hytteeigarar med tilknyting til gnr 27, Ågotnes, samt tilsette i CCB. KDP for Sotrasambandet (delprosjekt 3, Kolltveit-Ågotnes) legg til rette for at ein ved utbygging av nytt samband vil få ein vegløysing som skilje mellom tungtrafikk til/frå næringsområda og lokaltrafikk. Barriere- og miljømessige verknader av hovudvegen og tilhøyrande kryss vil då bli betydeleg reduserast. Det er i dag opparbeida fortau langs Bleivassvegen mellom Barneshaugen og Ågotnes. Ordinær buss til Ågotnes stoppar ca 500m frå planområdet. Det er i tillegg 3 daglege bussavgangar frå Ågotnes og inn på CCB-området, og 2 daglege bussavgangar frå CCB og til Ågotnes I samsvar med naturmangfaldlova (av 19 juni 2009) skal offentleg avgjersler som gjeld naturmangfald så langt som rimeleg bygge på vitskapeleg kunnskap. Området rundt Kvernavatnet, sør for CCB, kan karakteriserast som kystlynghei dominert av røsslyng og brake og med fjell i dagen og enkelstående busker/tre, mest bjørk og rogn. Dette er en vanlig naturtype i Fjell. Kvernavatnet har tilførsel frå sør og utløp i nordaust mot sjøen. Breddene på vatnet virke lite påverka bortsett frå fylling frå CCB i nord. Registrert flora knytt til vatnet er trivielle våtmarksartar som botngras, flaskestarr, mannasøtgras, mjuksivaks, rusttjønnaks, stivt brasmegras. Dette vart registrert i 1996 i samband med Fjell kommune si
kartlegging av våtmarksverdiar (upublisert). I artsdatabanken.no er det vist til at buntsivaks som er en nær trua raudlisteart er registrert i Kvernavatnet, men dette vart vurdert av Norconsult som feilført då registreringa elles vise til Kvernavatnet på Vindenes. Det er registrert aure i vatnet. Det er også nyare registreringar av fugl ved to nærliggande lokalitetar; CCB og Ågotnes kai. Registreringane er gjort i perioden 2008-2011. Registreringa viser i all hovudsak trivielle arter, men også raudlisteartane fiskemåke, hettemåke, makrellterne, alke og stær er registrert. Planframlegget: Arealbruk Planområdet er på om lag 887 daa, og omfattar 490,4 daa nærings/industriareal, 44,5 daa hamneområde på land, og 290 daa hamneområde i sjø. Dette omfattar i all hovudsak det eksisterande og utbygde industriområdet CCB. Planen inneheld òg køyreveg og anna veggrunn, Småbåtanlegg i sjø med tilhøyrande strandsone, grøntstruktur med turveg, turdrag og vegetasjonsskjerm. Planen har omsynssone for frisikt, kulturmiljø og sikringssone for borerigg m.m. Tilknytt område som kjem innafor KDP for nytt sotrasamband er det sett av ei sone der det ikkje er høve til å gjennomføre tiltak som kan kome i konflikt med gjennomføring av dette. Byggeområde Industri/næring Byggeområdet for næring og industri (N/I) er delt i 19 delområde, med varierande utnytting (50-90% BYA) og mønehøgde (20-41,5 moh). Dei fleste områda er opparbeida i dag. Det vert lagt til rette for opparbeiding av to nye byggeområde (N/I 8 og 13), samt noko utviding av områda som ligg opp mot nytt hamneareal (dette gjeld spesielt N/I 17). N/I 8 ligg mot bustadområde i sør, og er i dag delvis avsett som friluftsområde i KDP Ågotnes. Område N/I 13 ligg mot Ågotnes bu- og aktivitetssenter/kvernatunet, og går også delvis inn friluftsområde. Dette vert kompensert ved makebytte mellom CCB og Kvernatunet, der eit mindre område avsett til industri vert gjeve til Kvernatunet. Det skal i arealet mellom industriområde og områda i sør etablerast ein vegetasjonsskjerm, der vegetasjon skal bevarast for å gi visuell skjerming av anlegget for naboar og dei som ferdast i området. Eksisterande vegetasjon skal i tillegg revegeterast med stadeige arter for å gje føremålstenleg skjermverknad. Minimumshøgd på vegetasjonen skal være 2 m. N/I 8 vil gå delvis inn i haugen som ligg mellom bustadområde og dagens industriområde. Deler av haugen mot sør vert imidlertid ståande og dagens skjermverknad vert i stor grad oppretthalde (jf. prinsippsnitt 2, s 31 i planomtalen). Hamn For å sikre samanhengen mellom bygg på land og hamna, og unngå at det blir etablert verksemder som stenger for hamnnefunksjonen, er alt areal fram mot kaifront regulert til hamneformål (ca 25m). Her er det tillate med hamnerelaterte konstruksjonar. Dette er den same strukturen som kommunen har valt i reguleringsplan for Ågotnes Næringspark, gnr 26/244. Støy Etter reguleringsføresegnene pkt. 2.5 skal det saman med byggjesøknader gjerast greie for støy og andre miljørelaterte tilhøve knytt til delfeltet, og korleis dette skal følgjast opp. Dette skal gjennomførast i samsvar med dei ei til kvar tid gjeldande offentlege retningsliner for støy i arealplanlegging. Infrastruktur
Ut frå den trafikkapasitet som vedtatt vegalternativ for nytt sotrasamband gjev, med direkte tilkomst til planområdet, legg ein til grunn at det er teke tilstrekkeleg omsyn til framtidig trafikkvekst som følgje av utbygging i samsvar med planforslaget. Det er lagt til grunn at det internt ikkje vent ein auke i ÅDT som gjer behov for ein anna dimensjonering av veger, enn det som ligg i planframlegget. Turveg skal opparbeidast som ein trygg og attraktiv gangveg gjennom området. Stigning kan være inntil 1:12. I vanskelig terreng kan 1:10 aksepterast. Turvegen skal ha fast grusdekke eller anna hardt dekke. Breidda skal vere min. 1,8 meter. Traséen for turvegen kan justerast i samsvar med trasévalet for kommunal turveg etter Kommunedelplan for Ågotnes. Det skal etablerast tilkomst for gåande frå turvegen og fram til eksisterande sti i arealet avsett til småbåtanlegget. Turstien skal etablerast ved mindre terrengtiltak, for å sikre gode framkomsttilhøve. Kulturminne Opphavlige bygningskonstruksjonar og detaljar i eksisterande naust skal søkast bevart. Ved utskifting skal opphavlig karakter være førande for utforming. Eksisterande steingard skal bevarast og sikrast som del av turdragsystemet. Reguleringsplanen legg til rette for ei utfylling (mellom ca 20-60m) nord i Kvernavatnet. Utfyllinga skal nyttast til veg, samt grøntområde med ein større breidde enn i dag. Planforslaget skal ivareta naturkvalitet ved at om lag halvdelen av breidda utformast med slik at ein gjenskape naturlig vegetasjon og strandsone så langt som mulig (jf. planomtale s 28-29). Vurdering: Planframlegget CCB har vore i drift sida 1973 og har vært under stadig utvikling. Dagens kommunedelplan for Ågotnes ligg nokre rammar for området, men det har aldri vore vedteke noko reguleringsplan for hovuddelen av CCB-basen. Det er i ein reguleringsplan betre høve til å få ei utvikling som er lett å føresjå og som samtidig gjer CCB rom for utvikling av basen. Rådmannen er difor særs positiv til at det no er utarbeida ein reguleringsplan som legg grunnlag for ein robust plan for rask og effektiv (byggje)sakshandsaming, som sett klare rammer for arealbruk og ein god og definert buffer mot bu- og aktivitetssenter, bustadområde og friluftsområde i sør. Opparbeiding av turveg og grøntareal vil etter rådmannen si vurdering opne for auka bruk av dette sentrumsnære friluftsområde. Rådmannen meiner planframlegget også på ein god måte tar høge for ny KDP Ågotnes, som er under arbeid, og KDP for Sotrasambandet (delprosjekt 3 Kolltveit- Ågotnes). Det vert lagt til rette for utfylling av Kvernavatnet og mindre utviding av industriområde mot det som i dag ligg som utmark. I samsvar med naturmangfaldslova 5 så er det eit mål å ivareta levedyktige bestandar i sine naturlige utbreiingsområde. Så langt det er nødvendig for å nå dette målet skal ein også ivareta artane sine økologiske funksjonsområde og andre økologiske tilhøve som dei er avhengige av. Det er registrert fuglar som etter raudlista er nær trua eller sårbar, men ettersom utvidinga er ein marginal i høve til det totale funksjonsområde, kan rådmann ikkje sjå at utviding vil råke artane nemneverdig grad. Med dei kompenserande tiltak som ligg i planen er prinsippa i naturmangfaldlova (av 19 juni 2009) er, så langt rådmannen kan sjå, oppfylt i saka.
På bakgrunn av det som er sagt ovanfor vil rådmannen rå til at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn når følgjande plantekniske endringar er gjort: - Ber om at det vert sett høgde og bredde for veg KV og offentleg veg - Det synast å være hull i plankartet i N/I2 - Det må førast på dato for basiskart (utleveringsdato) - Det må førast på frisiktsoner for alle aktuelle vegar - Namn på alle formål skal vise kva område som er offentleg/privat (t.d. o_kv1). Dette må også oppdaterast i føresegna og planomtale Rådmannen sin innstilling: Ordførar godkjenner at framlegg til reguleringsplan for Coast Center Base (CCB), gnr 27/150 m.fl. Ågotnes med tilhøyrande føresegner, vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med 12-10 plan- og bygningslova, med dei endringane som kjem fram av saksutgreiinga. Delegert vedtak: Ordførar godkjenner at framlegg til reguleringsplan for Coast Center Base (CCB), gnr 27/150 m.fl. Ågotnes med tilhøyrande føresegner, vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med 12-10 plan- og bygningslova, med dei endringane som kjem fram av saksutgreiinga. Straume 15.07.2011 Eli Årdal Berland Ordførar