Lokal Agenda fylke HANDLINGSPROGRAM 2000 HORDALAND FYLKESKOMMUNE



Like dokumenter
Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Arkivsak: FYLKESRÅDMANNEN: 12. JANUAR 2012

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Stemnehandboka for NKSF

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Forslag frå fylkesrådmannen

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Søknadskjema Lokal Agenda 21-midlar, 2011

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov ved prosjektleiar Tore Bjelland

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Fylkesdelplan for ny hamn i Bergensområdet.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

«Ny Giv» med gjetarhund

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Granvin herad Sakspapir

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

ROS-analyse i kommuneplan

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Samnanger kommune Møteprotokoll

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

FJORDHESTEN, VESTLENDINGEN SIN KULTURARV

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

Onsdag kl i kommunestyresalen

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Transkript:

21 Lokal Agenda fylke HANDLINGSPROGRAM 2000 HORDALAND FYLKESKOMMUNE

KOPI AV VEDTAK: Komite for miljø og samferdsel 21.02.00 Ottar Tangen og Cathrin Rustøen (FRP) sette fram slikt alternativt forslag til innstilling Røysting Grunna den særs vanskelege økonomiske situasjonen vedgåande transport av funksjonshemma, vert dei disponible midlane (Kap. 1.4760 «miljø») overført frå sak 18/00 Lokal Agenda 21, til sak 26/00 for å betra situasjonen for dei funksjonshemma i Hordaland. Ottar Tangen og Cathrin Rustøen sitt forslag til alternativ innstilling fekk 3 røyster (FRP) og fall Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart vedteke mot 3 røyster (FRP) INNSTILLING 1. Fylkesutvalet sluttar seg til satsingsområda for Lokal Agenda 21 som kjem fram i Handlingsprogrammet 2000 (vedlegg). 2. Dei disponible midlane (Kap. 1.4760 «Miljø» for 2000 vert fordelt slik: Regionale LA 21 møteplassar og støtte til LA 21 prosjekt i kommunane 375 000.- Miljøpris/Samarbeid om «Pris for beste lokalsamfunnsvisjon» 50 000,- Hordaland på sykkel (nytt tiltak) 30 000,- Fylkesdelplan vindkraft 220 000,- Fylkesdelplan energi 350 000,- Biologisk mangfald (resipientdata i eit GIS-system) 4 000,- Sum 1029 000,-

Fylkesutvalet 02.03.00 Sigrun Sangolt Natås sette fram slikt alternativt forslag: "Fylkesutvalet vedtek at grunna den særs vanskelege økonomiske situasjonen for transport av funksjonshemma, vert dei disponible midlane Kap. 1.4760 «miljø» overført frå FU sak 66/00 Lokal Agenda 21, til FU sak 82/00 for å betra situasjonen for dei funksjonshemma i Hordaland." Røysting Innstillinga vart vedtatt med 13 røyster mot 2 (Frp) for Sigrun Sangolt Natås sitt forslag. VEDTAK 1. Fylkesutvalet sluttar seg til satsingsområda for Lokal Agenda 21 som kjem fram i Handlingsprogrammet 2000 (vedlegg). 2. Dei disponible midlane (Kap. 1.4760 «Miljø» for 2000 vert fordelt slik: Regionale LA 21 møteplassar og støtte til LA 21 prosjekt i kommunane 375 000.- Miljøpris/Samarbeid om «Pris for beste lokalsamfunnsvisjon» 50 000,- Hordaland på sykkel (nytt tiltak) 30 000,- Fylkesdelplan vindkraft 220 000,- Fylkesdelplan energi 350 000,- Biologisk mangfald (resipientdata i eit GIS-system) 4 000,- Sum 1029 000,-

Innhald 1. LA-21 programmet for Hordaland... 2 2. og forslag til aktivitetar i 2000... 2 2.1. Dagsorden for samarbeid med kommunar, næringsliv og tredje sektor... 2 2.1.1. Regionale LA 21 møteplassar og støtte til LA 21 prosjekt i kommunane... 2 2.1.2. Miljøprisen for Hordaland... 3 2.1.3. Miljørapport for Hordaland... 3 2.1.4. Hordaland på sykkel (nytt tiltak)... 4 2.2. Dagsorden for kontakt med nasjonalt og regionalt nivå... 4 2.3. Dagsorden for internasjonalt samarbeid... 4 2.3.1. North Sea Commission Environmental Group- NSCEG... 4 2.4. Dagsorden for eiga handling i fylkeskommunen... 4 2.4.1. Grønt og utviklingsretta innkjøp... 4 2.4.2. Energibruk i eigne bygg... 5 2.4.3. Elevmedverknad i miljøarbeidet... 5 2.5. Dagsorden for vidare planlegging... 5 2.5.1. Energiplan for Hordaland... 5 2.5.2. Fylkesdelplan for vindkraft... 5 2.5.3. Biologisk mangfald (resipientdata i eit GIS-system)... 5 3. Budsjett 2000... 6

1. LA-21 programmet for Hordaland I 1997 vart eit program for LA-21 for Hordaland fylkeskommune vedteke. Programmet var bygget opp med fem dagsorden (innsatsområder). Desse er: 1. Dagsorden for samarbeid med kommunar, næringsliv og tredje sektor 2. Dagsorden for kontakt med nasjonalt og regionalt nivå 3. Dagsorden for internasjonalt samarbeid 4. Dagsorden for eiga handling i fylkeskommunen 5. Dagsorden for vidare planlegging Innafor kvar dagsorden er det foreslått prosjekt. Det er lagt opp til ein hovudrevisjon av LA-21-programmet i løpet av året. I handlingsprogrammet for 2000 er det laga ei oversikt over status for prosjekt og arbeidsoppgåver som vart prioritert i 1999 og framlegg til evt. vidareføring i 2000. Det vert foreslått nokon nye prosjekt. 2. og forslag til aktivitetar i 2000 I 1999 var det avsett kr 1 264 200,- til miljø/la-21 fordelt på 8 ulike prosjekt. Prosjekt Budsjett 1999 Støtte til regionale LA 21 møteplassar, prosessar og prosjekt i kommunane 300.000,- Miljøprisen for Hordaland 45 000,- Miljørapport for Hordaland 50 000,- Elevmedverknad i miljøarbeidet 50 000,- Energiplan for Hordaland 349 200,- Vindenergi 400 000,- Energibruk i eigne bygg 50 000,- Biologisk mangfald 20 000,- SUM 1.264 200,- 2.1. Dagsorden for samarbeid med kommunar, næringsliv og tredje sektor 2.1.1. Regionale LA 21 møteplassar og støtte til LA 21 prosjekt i kommunane Lokal Agenda 21 (LA-21) er lokalsamfunna sin oppfølging av miljø- og utviklings-konferansen i 1992 i Rio i 1992. Fylkeskommunen ser på Lokal Agenda 21 som eit viktig satsingsområde for å oppnå ei berekraftig utvikling. Målet er at lokalsamfunna sjølve skal utvikle ein dagsorden for korleis dei vil medverke til dette. Hordaland Fylkeskommune ynskjer at kommunane skal ta eit ansvar for LA- 21arbeidet. Fylkeskommunen sin rolle i denne samanheng er å stimulere kommunane i dette viktige arbeidet ved å støtte lokale initiativ og for å få i gang prosessar. I 1999 kom det inn søknader frå 14 kommunar på 27 ulike prosjekt til ein kostnad på vel 1mill. kroner. Tabellen under syner ei oversikt over prosjekt som fikk støtte i 1999: Prosjekt Kommune Tilskott 1999 Kommunal møteplass, Kurs for tilsette Askøy kommune 10 000,- «Miljøfyrtårn» Askøy kommune 20 000,- «Bæreposeaksjon» Askøy kommune 5 000,- Oppstart av LA21/informasjonsmøte Austevoll kommune 15 000,- Kurs i LA-21 i samband med bydelsreforma Bergen kommune 15 000,-

Bergen Forum 21 på gateplan Bergen kommune 20 000,- «Naust 2000» Bømlo kommune 15 000,- «LA-21 i Velforeningane sitt fellesutval» Fjell kommune 15 000,- «Holmsund i Nordheimsund» Kvam herad 15 000,- «Levande Nærmiljø Ålvik» Kvam herad 15 000,- «Miljøkalendar» Kvinnherad kommune 30 000,- «Miljøsertifisering» Kvinnherad kommune 10 000,- «Prosjekt Kyst» Radøy 30 000,- «Visningsleir Småbrekke i Bergsdalen» Vaksdal 25 000,- «Bygdekafe i Bolstadøyri Voss 15 000,- «Grøn mil» (Knarvik-mila) Lindås 30 000,- Sum 300 000,- Kommunane har gjeve klårt uttrykk for at dette er ein svært positiv måte å stimulere igangsetjing av lokale LA 21 prosessar. Det er kome forslag frå fylkesutvalet i sak 64/99 «Årsbudsjett- Økonomiplan 200-2003», den 08.12.99, om å auke denne posten i 2000. Vidareføring i 2000 For 2000 ser vi det som viktig at bruken av midlane vert koordinert gjennom det samla arbeidet i det regionale knutepunkt og i størst mogeleg grad samordna med andre regionale midlar til bruk i LA 21 arbeidet (Fylkesmannen i Hordaland, KS-Hordaland og «Områdetiltak»). For å få tid til å samordne dei regionale ressursane i høve til kommunane, foreslår vi midlane vert utlyst i april/mai med søknadsfrist mai/juni. Det vert i 2000 foreslått å auka beløpet til kr 375 000,-. 2.1.2. Miljøprisen for Hordaland Miljøprisen er ei ordning som er godt innarbeidd. Sjølve prisen har vore på kr. 30 000. Kostnader til annonsering, prissymbol er ca kr. 15 000. I 1998 gjekk prisen til Norheimsund og Steinsdalen grunneigarlag. Vidareføring i 2000 For å få til ein positiv utvikling i tråd med sentrale målsetjingar for berekraftig utvikling er det trong for engasjement frå det politiske miljø og frå lokalsamfunna sjølve. Utgangspunkt er at alle menneske i Hordaland bur i eit lokalsamfunn og er ein del av eit nærmiljø. Gode lokalsamfunn er nøkkelen til trivsel, tryggleik og livskvalitet. I 2000 foreslår vi at ein i staden for den tradisjonelle miljøprisen samarbeider med KS- Hordaland og Fylkesmannen om ein konkurranse om å presentere den beste framtidsvisjonen for eige lokalsamfunn. Målsettinga med ei slik konkurranse er å få til auka fokus på lokalsamfunnsutviklinga i kommunane. Ein tenkjer seg at det må vere opp til aktørane/deltakarane sjølv å velge presentasjonsform og innhald. Ein legg opp til eit samarbeid på regionalt nivå og statsar på å frå media og næringslivet med på prosjektet. Planen er å presentere opplegget for kommunane i ein skriftleg invitasjon, på den årlege konferansen for områdetiltak i april og gjennom media. Presentasjon av forslaga og sjølve utdeling av prisen/prisane er tenkt i samband med ein eigen lokalsamfunns-konferanse til hausten. Ein reknar med eit budsjett på totalt kr 200 000 til gjennomføring og til prisutdeling til vinnarane. Vi foreslår at fylkeskommunen går inn med kr. 50 000,-. Ein politisk representant frå fylkeskommunen bør vere representert i komiteen som skal vurdere kandidatane. 2.1.3. Miljørapport for Hordaland Rapporten «Miljøtilstanden i Hordaland 1999» ligg no føre i trykt versjon. Rapporten er i tillegg lagt ut på internett. Arbeidet var eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga. Prosjektet vart avslutta i 1999. Det er planlagt ein revisjon kvart 4 år.

2.1.4. Hordaland på sykkel (nytt tiltak) Innhald i prosjektet "Hordaland på sykkel" er ein planlagt motivasjonskampanje som har som målsetting å auke bruken av sykkel som et dagleg transportmiddel i fylket. Det vil bli sett fokus på dei positive effektane for helse, miljø og trafikksituasjonen. Det legges opp til å utfordre/stimulere private og offentlege institusjonar til å legge til rette for økt sykkelbruk gjennom ein kreativ motivasjonskampanje. Fylkeskommunen vil sjølv bli utfordra gjennom denne kampanjen. Sykkel i Sentrum- prosjektet er eit samarbeidsprosjekt der Bergen kommune, Bergen politikammer og Statens vegvesen Hordaland var initiativtakarar. Desse prosjekta er det naturleg å kople saman. Det vert fåreslått at Hordaland fylkeskommune støtter dette tiltaket med kr 30 000,- i 2000. 2.2. Dagsorden for kontakt med nasjonalt og regionalt nivå SAVOS miljøgruppe: Samarbeidsrådet for Vest og Sørlandet har ei eiga miljøgruppe. Gruppa møtast jamnleg for å diskutera aktuelle miljøsaker. Aktuelle tema har vore sur nedbør, vindkraft og i det siste atomforureininga i Nordsjøen. Nye tema vert tekne opp dersom dei vert aktuelle. Utgifter til deltaking vert dekka innanfor ordinær drift. FMN-«Fylkeskommunalt Miljøfagleg Nettverk,: Kontakt mellom dei fylkeskommunale miljø/la 21- ansvarlege er viktig for å halda seg gjensidig orientert om fylkeskommunal miljøfagleg utvikling og å kommunisere mot sentrale aktørar som departement og KS. Forumet har arrangerer møter og studieturar for deltakarane. Hordaland er representert i forumet. Utgifter til deltaking vert dekka innanfor ordinær drift. Planforum: Planforum på fylkesnivå er innarbeidd. Gjennom m.a. planforum kan ein ta opp LA-21 problemstillingar med kommunane og kopla arbeidet mot fylkesplanarbeidet. Samarbeidsforum for lokal luftforureining og støy i Hordaland: Forureiningslova har får ei ny forskrift «Forskrift om grenseverdiar for lokal luftforureining og støy». For å fylgja opp arbeidet knyta til i Hordaland har Fylkesmannen teke initiativ til oppretting av «Samarbeidsforum for lokal luftforureining og støy». Fylkeskommunen er deltakar i forumet. Fylkeskommunen sin del av utgiftene til forumet vert i 2000 dekt over ordinære driftsutgifter. LA-21 koordinator (knutepunkt): Miljøverndepartementet og KS inngjekk ein avtale i 1998 om ein nasjonal satsing i høve til Lokal Agenda 21. Frå mars 1999 er det tilsett ein person i prosjektstilling som koordinator for LA-21-arbeidet i Hordaland. Stillinga er eit avtalt samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og KS- Hordaland. Knutepunktfunksjonen har kontor på Regional utvikling, plan og miljøseksjonen. Det er etablert ei arbeidsgruppe som består av ein representant frå Fylkesmannen i Hordaland; miljøvernavdelinga, Hordaland fylkeskommune, regional utvikling, plan- og miljøseksjonen og KS- Hordaland og koordinatoren. Det er utarbeidd prosjektplan for knutepunktet. 2.3. Dagsorden for internasjonalt samarbeid 2.3.1. North Sea Commission Environmental Group- NSCEG Hordaland fylkeskommune er representert i Nordsjøkommisjonen si miljøgruppe. Gruppa si oppgåve er å arbeide for forbetring av miljøet i Nordsjøen. Det er årlege konferansar der aktuelle miljøfaglege problemstillingar av felles interesse vert drøfta. 2.4. Dagsorden for eiga handling i fylkeskommunen 2.4.1. Grønt og utviklingsretta innkjøp Prosjektet vart fremja 1997. Det er oppretta ei arbeidsgruppe Innkjøpsseksjonen har prosjektansvaret. Det har ikkje vore budsjetterte midlar til «Grønt innkjøp» i 1999 og det har vore liten aktivitet. Tilbakemeldinga frå innkjøpsseksjonen og arbeidsgruppa er at det er trong for politisk forankring av prosjektet. Det må vedtakst ein «innkjøpspolicy» som grunnlag for vidare arbeid med prosjektet.

Vidareføring i 2000 Det vert lagt opp til å få opp ein sak om «innkjøpspolicy» til politisk handsaming i løpet av året. Det er ikkje foreslått å sette av midlar på miljøbudsjettet i 2000. 2.4.2. Energibruk i eigne bygg Prosjektet er gjennomført. Resultata er tenkt nytta i arbeidet med energiplanen. 2.4.3. Elevmedverknad i miljøarbeidet Det har ikkje vore kapasitet til å følgje opp prosjektet i 1999. Det er ikkje foreslått budsjettmidlar i 2000. Ein kan evt. nytte LA-21 midlar til konkrete prosjekt. 2.5. Dagsorden for vidare planlegging 2.5.1. Energiplan for Hordaland Fylkesutvalet vedtok i møtet 16.12.99 å starte arbeid med energiplan for Hordaland. Plan og miljøseksjonen har prosjektleiinga og komite for miljø- og samferdsle er styringsgruppe for planen. Planen skal ha status som Fylkesdelplan. Vidareføring 2000 Planarbeidet vert starta opp med energikonferanse 29.febr 2000 i samarbeid med KS-Hordaland. Forslag til budsjett for planarbeidet i 2000 er kr. 350 000,-. Vi reknar her inn utgifter til konsulenthjelp til faglege underrapportar innafor deltema, løn til prosjektmedarbeidar og administrative utgifter. Det er planlagt å ha ferdig eit høyringsutkast i slutten av 2000. Høyring og politisk handsaming vert i 2001. 2.5.2. Fylkesdelplan for vindkraft Arbeidet med fylkesdelplan vindkraft starta i 1998, og vart ført vidare i 1999. Arbeidet har teke noko lengre tid enn venta, men nærmar seg nå slutten. Ein arealanalyse for å identifisere moglege areal for vindkraftproduksjon ved hjelp av geografiske informasjonssystem (GIS) vart utarbeidd andre halvår 1999. Her har ein brukt diverse data som syner moglege arealkonfliktar, og stilt desse saman med simulering av vindtilhøva i dei ytste kystkommunane. Eit førsteutkast til plandokument var klart i desember 1999. I byrjinga av dette året er det gjennomført møter med kommunane som er omfatta av arealanalysen og med referansegruppa. Noko materiale er også sendt ut til kommunane og kraftselskapa for kvalitetssikring og supplerande informasjon. Vidareføring i 2000 Neste skritt vert å innarbeide dei innspela som kjem i sluttfasen. Eit endeleg høyringsutkast vert ferdig til handsaming i løpet av våren 2000. Det vert foreslått å nytte kr 220 000,- til avslutning av prosjektet. I dette beløpet er det inkludert utgifter til m.a. løn til prosjektmedarbeidar og trykkekostnader for plandokumentet/høyringsutkastet. 2.5.3. Biologisk mangfald (resipientdata i eit GIS-system) I første fase i 1998 tok ein sikte på å ta i bruk eksisterande data frå i ein kystkommune og utvikle dei i ei lett tilgjengeleg form i eit «GIS system». Prosjektet vart vidareført i 1999. Ein har lukkast i å tilretteleggje ein stor database og kopla denne mot eit klassifiseringsystem for miljøtilstanden (SFT sitt system). I neste fase kan metoden gje grunnlag for ein komplett database for eksisterande og framtidige marinbiologiske data i Hordaland knytt opp mot ein «dynamisk» fylkeskystsoneplan. Vidareføring i 2000 Det vert foreslått å avsette kr 4000,- til prosjektet i 2000 slik at det vert mogleg å nytte datasetta som er tilrettelagt til demonstrasjon for kommunar og andre.

3. Budsjett 2000 2000-budsjettet er redusert med kr. 200 000,- høve til rammene for milø/la-21i 1999. Budsjett for 2000 vert foreslått som følgjer: Prosjekt og aktivitetar 2000 Budsjett Regionale LA 21 møteplassar og støtte til LA 21 prosjekt i kommunane 375 000.- Miljøprisen/Samarbeid om «Pris for beste lokalsamfunns visjon» 50 000,- Hordaland på sykkel (nytt tiltak) 30 000,- Fylkesdelplan vindkraft 220 000,- Fylkesdeldelplan energi 350 000,- Biologisk mangfald (resipientdata i eit GIS-system) 4 000,- Sum 1029 000,-