Shp-prosjektet Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn



Like dokumenter
Shp-prosjektet Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn

Shp-prosjektet Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

«Ny Giv» med gjetarhund

Vurdering av allianse og alternativ

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

IKT-kompetanse for øvingsskular

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Forslag frå fylkesrådmannen

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Samansette tekster og Sjanger og stil

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Brødsbrytelsen - Nattverden

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Velkomen til Mork barnehage

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Finansiering av søknaden

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Nærmiljøutvikling Evaluering av eit studieemne i studiet Frivilleg og offentleg

Registrering av potensielle organdonores Rapport frå Norsk Intensivregister (NIR)

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innst. 109 S. ( ) Innstilling til Stortinget frå familie- og kulturkomiteen. 1. Samandrag

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

5. Soknerådsmøte mai Referat

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Valdres vidaregåande skule

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Med god informasjon i bagasjen

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Granvin herad Sakspapir

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal Arkiv: MTR 66/1 Arkivsaksnr.: 16/317

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Den nye seksjon for applikasjonar

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Stemnehandboka for NKSF

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Transkript:

Shp-prosjektet Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn Årsrapport 2012 Prosjektgruppe Det er ikkje gjort endringar når det gjeld organiseringa av prosjektet sidan dei førre årsmeldingane. Dei avsette midlane til medarbeidarane sine frikjøp tok, i samsvar med prosjektplanen slutt, ved utgangen av 2011. På grunn av arbeidssituasjonen sin har Knut Sprauten sagt frå seg delar av dei midlane som var avsett til å dekke eitt årsverk. Dei resterande midlane han kjem til å nytte, vart overførte til Norsk lokalhistorisk institutt ved slutten av 2012. Han fullfører såleis det arbeidet han har planlagt i løpet av 2013. Stipendiatar Frå 1. august 2008 vart Harald Krøvel tilsett som stipendiat på delprosjekt 3. Tilsettinga galdt 4 årsverk inkludert 25 % undervisningsplikt. Han er oppteken på doktorgradprogram ved NTNU med prosjektet Skulevesenet på bygdene på 1700- og 1800-talet eit møte mellom to kulturar? Han har professor Steinar Supphellen som rettleiar og Brynjulv som birettleiar. Haralds stipendperiode gjekk ut i slutten av desember 2012. Han går over i ein 60 prosent stilling ved Historisk institutt, men vil bruke den resterande tida for å fullføre avhandlinga si i løpet av 2013 (sjå vedlegg 1). Frå 1. juni 2010 vart Mette Vårdal tilsett som stipendiat på delprosjekt 2. Tilsettinga galdt 3 år utan undervisningsplikt. Ho er oppteken på doktorgradsprogram ved Universitetet i Bergen og har professor Anne Hilde Nagel som rettleiar og Arnfinn som birettleiar. Prosjektet hennar dreiar seg om Sosiale relasjonar mellom embetsmenn og allmuge i Vågå 1745 1870. Ho justerte seinare prosjekttittelen til: Sosiale relasjoner mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå 1745-1844. Mette har sin faste kontorplass ved Norddalsarkivet i Vågå. Stipendperioden hennar går ut sommaren 2013 og ho synest å ligge i bra rute med avhandlingsarbeidet (sjå vedlegg 2). Frå 1. oktober 2008 vart Jens Johan Hyvik tilsett som post doc på delprosjekt 1. Tilsettinga galdt 4 årsverk inkludert 25 % undervisningsplikt. Han har arbeidd med fleire ulike prosjekt under fellesvignetten Folkekultur og Elitekultur i Norge 1660-1870. Undervegs har prosjekta blitt ein god del justerte i høve til det som opphavleg var tenkt (sjå vedlegg 3). Jens tok frå 1.8.2012 til i full stilling ved Høgskolen i Telemark. Han hadde då, på eit par månadsverk nær, fullført engasjementstida på prosjektet. Han har publisert ei rekke artiklar og halde mange seminarinnlegg og har eit større manuskript om «tokulturlæra» nesten trykkeklart (sjå vedlegg 3). Medarbeidarar som har flytta frå Volda Prosjektmedarbeidarane er framleis blitt meir enn før geografisk spreidd i og med at Jens har flytta til Bø og har fast stilling ved Høgskolen i Telemark. Brynjulv er frå hausten 2011 pensjonist og er flytta til Oslo. Reidun har teke til i ei ny stilling i Oslo. Alle held likevel fram som prosjektmedarbeidarar. Flyttingane gjer det sjølvsagt litt vanskelegare enn før å arrangere dei små internseminara våre. Dei faste medarbeidarane er no spreidd i Oslo (Knut, Brynjulv og Reidun), Vågå (Mette og Ivar), Bø (Jens) og Volda (Atle, Arnfinn, Birger og Harald). 1

Masterstipend Hausten 2009 tok vi til å lyse ut masterstipend innanfor prosjetet. Vi hadde til saman budsjettert med åtte slike stipend, men på grunn av auka lønskostnader stoppa vi med seks. I tillegg slutta ein av våre eigne masterstudentar, Gunnar Bolstad, seg til prosjektet utan å gjere krav på stipend. I alt har vi såleis hatt sju medarbeidarar på masternivå, tre av dei var høgskulens eigen masterstudentar, tre var masterstudentar ved Universitetet i Oslo og ein ved Universitetet i Bergen. Våren 2012 fullførte den siste av desse, Beate Moltubakk Ørstavik masteroppgåva si: Magdalena Thoresen og Sunnmøre. Forfattar blant embetsmenn og bønder. Ho hadde Reidun Høydal som rettleiar. Fem av desse masterstudentane har også levert artikkelsamandrag, med vekt på det som er mest relevant i høve til prosjektet vårt. Desse er lagt ut som notat i HVO sin nettpublikasjonsserie. Beates artikkel er også langt på veg ferdig for publisering. Dei ferdige masteroppgåvene til alle desse masterstudentane er å rekne som delar av prosjektet vårt, det same gjeld samandragsartiklane Assosierte medarbeidarar og nettverksgruppe I prosjektet var det sett av midlar til Andrew Newby som då var tilsett ved Universitetet i Edinburgh, men seinare ved Universitetet til Aberdeen. Han ville gjere studiar i Skottland eigna til samanlikning, først og fremst innanfor delprosjekt 3. I denne samanhengen hadde han eit lengre opphald ved HVO våren 2010. Andrew er likevel no tilsett som postdoc ved Universitetet i Helsinki. Det vart difor gjort ein avtale som innebar at vi i 2011engasjerte Linda Andersson Burnett, busett i Edinburgh, i 6 månader med 50 % frikjøp. Ho ville då fullføre eitt av dei prosjekta Andrew hadde planlagt. Ho var i Volda 7. mars 2012 og la fram eit utkast til dette. Vi har også ein del andre assosierte medarbeidarar som har vore meir eller mindre aktive. Sjå årsmeldinga 2011. I året 2012 har vi i liten grad gjort oss nytte av nettverksgruppa som vi etablerte då prosjektet starta (sjå dei førre årsmeldingane). Men to av dei, Anne-Hilde Nagel (Bergen) og Steinar Supphellen (Trondheim) er hovudrettleiarar for doktorgradsarbeida til stipendiatane våre. Møte og seminar Vi har halde fram med møte/seminar i prosjektgruppa etter mønster frå førre åra, men særleg på grunn av den større geografiske spreiing i gruppa har denne aktiviteten vore mindre enn før. Det har såleis berre vore tre internseminar i 2012. 7. mars presenterte Linda Andersson Burnett eit paper: The Enlightened Minister: Natural History, Patronage and Church in the Career of George Low. Jens presenterte eit relativt omfattande notat: Dersom den ene Stand vil skille sig ud ifra Folket Ivar Aasen, tokluturlæra og litt til. Av tilreisande var elles Mette og Knut til stades. 13. juni la Mette fram eit notat om Husmenn, allmenningsbruk og innerstar, og Harald om allmugeskulen og skulehaldarar i Kvernes 1744-1850. Andre tilreisande var Reidun og Jens. 28. november var gruppa samla på Herøy gamle prestegard, der masterstipendiat Beate Moltubakk Ørstavik bur. Der fekk vi omvising og lunsjservering. Beate sjølv presenterte utkast til artikkel basert på masteroppgåva si og Magdalena Thoresen som ein periode i sitt liv budde nettopp i Herøy prestegard. Arnfinn presenterte eit notat om fadderskap som sosial relasjon. Grethe Sliper, som også skulle presentere eit paper, måtte diverre melde avbod. Av tilreisande var elles Knut og Brynjulv til stades. 2

Dagen før hadde Historisk institutt jubileumsseminar med to innlegg knytt til prosjektet: Atle om hypotesar for prosjektet, og Harald hadde innlegg knytt til sin eigen artikkel i jubileumsboka. Vi hadde ingen sesjonar knytt til prosjektet på større landsomfattande konferansar, men Arnfinn hadde eit fritt foredrag på Norske historiedager i Bodø: Underoffiserane i bygdesamfunna på 1700-talet: patronar, klientar eller meklarar? Prosjektmedarbeidarane sin aktivitet Når det gjeld stipendiatane Harald, Mette og Jens er det lagt ved eigne rapportar (sjå vedlegg 1, 2 og 3). Arnfinn er birettleiar for Mette Vårdal. Han har arbeidd vidare med oversyn over dei dei generelle fadderskapsskikkane i Nord-Gudbrandsdalen og vidare, på landsplan, om embetsmennene sine fadderskapsskikkar. Han har levert ein artikkel med fokus på dei nasjonale underoffiserane på 1700-talet i festskriftet til Historisk institutts 40-årsjubileum, sjå nedanfor. Arnfinn hadde også fritt foredrag ved Norske Historiedager i Bodø 6. mai: Underoffiserane i bygdesamfunna på 1700-talet: patronar, klientar eller meklarar? Atle har vore fullt sengasjert med å skrive halvparten av bind 2 (også bindredaktør) i Norges fiskeri- og kysthitorie, og har difor ikkje hatt tid til å arbeide særleg med Shp-prosjektet. Likevel har han bearbeidd eit tidlegare seminarinnlegg til ein artikkel i festskriftet til Historisk institutt, sjå nedanfor. Same staden hadde han også ein presentasjon av prosjektet. På HVO sine forskingsdagar hausten 2012 hadde han også eit foredrag med ein viss relevans for prosjektet: Hans Strøm og lokalhistoria. Dette dreidde seg også meir generelt om embetsmennene sine haldningar og siktemål som forfattarar av såkalla topografiske utgreingar. Birger har halde fram med prosjektet om opplysningspresten i patron-klientperspektiv. Det dreiar seg først og fremst om Hans Strøm i Volda og Jacob Aall og Andreas Faye i Holt (sjå årsrapport 2010). Brynjulv er no pensjonist og bur i Oslo, men held fram som birettleiar for Harald. Knut held fram med arbeidet om dei militære embetsmennene sitt forhold til bøndene (sjå førre årsmelding). Reidun er tilsett i fast stilling ved Arkitekthøgskolen i Oslo. Ho er likevel framleis prosjektmedarbeidar og var rettleiar for Beate Moltubakk Ørstavik. Publikasjonar og seminarinnlegg Dette året er prosjektets viktigaste publikasjon del 3 i festskriftet som kom ut i samband med Historisk institutt sitt 40-års jubileum: Frå Volda til verda fjerne og nære kulturmøet, s. 235 349. Ved sida av Atle si innleiing dreidde det seg om fem artiklar. Atle: Lutter Bønder vare Faddere til min Daab Kulturmøte mellom embetsmann og bonde sett gjennom forteljinga til ein offisersson. Mette: Mikrohistorie og spørsmålet om representativitet og relevans. Jens: Embetsmannselitens posisjonering universitetets skriv om det norske språket og lovforslag om ettertrykk i 1815. Arnfinn: Underoffiserane i bygdesamfunna på 1700-talet. Eit forbindende mellomledd mellom bønder og embetsmenn? Harald: Længe 3

har jeg anraabt Retfærdighede og Loven. Men det har været et Raab i Ørken. Ein avmekig embetsmenn i strid med allmugen i Vågå. Alle desse var fagfellevurderte artiklar. I tillegg var Beate Moltubakk Ørstavik si masteravhandling ferdig: Magdalena Thoresen og Sunnmøre. Forfattar blant embetsmenn og bønder. To av mastertipendiatane, Amund Pedersen og Marthe Glad Munch-Møller, har også levert bidrag til ei artikkelsamling om bondeopprør. (Også Thomas Slettebø skal ha ein artikkel der.) Boka Opptøyer i Norge 1750 1850 kom ut våren 2012 med Knut Dørum og Hilde Sandvik som redaktørar. Særleg har Jens vore aktiv som foredragshaldar og deltakar på fleire seminar, og han har også gjeve ut fleire artiklar med ei viss tilknyting til prosjektet (sjå vedlegg 3). Det er også verd å nemne at Brynjulvs lensmannsmonografi som kom ut i fjor, fekk svært positiv omtale i tidsskriftet Heimen 4/2012. Vi kan elles vise til prosjektets webside som vert oppdatert og supplert med ujamne mellomrom: http://www.hivolda.no/shp-kultur Vedlegg 1 Årsrapport 2012 stipendiat Harald Krøvel Mitt prosjekt: Skulevesenet på bygdene på 1700- og 1800-talet eit møte mellom to kulturar? 21. desember 2012 var stipendiatsperioden min formelt sett over. Frå denne datoen av har eg gått over i ei 60 % stilling ved HVO som omfattar 50 % engasjement som forfattar av eine bandet i fylkessoga for Sogn og Fjordane og 10 % engasjement ved historisk institutt. Eg har i løpet av siste halvåret gjennomført noko meir undervisning enn det eg var pliktig til etter føresetnadene for stipendiatsstillinga, og slik sett har eg framleis noko til gode i forhold til stipendiatsengasjementet. Noko av føremålet med å gå ned i stillingsprosent var å frigjere tid til å sluttføre avhandlinga. For å gje ei mest muleg brei analyse av skulehaldarane i Kvernes si sosiokulturelle posisjon og omfanget av eventuelle relasjonar til embetsmenn, har eg arbeidd med å analysere fadderskapsrelasjonane som skulehaldarane var involverte i. Eg har også gått meir inn i dei sosiale og kulturelle strukturen i Kvernes enn det som først var tenkt, og dette har vore eit tidkrevjande arbeid. Målsetjinga er å levere avhandlinga i løpet av 2013. I samband med 40-årsjubileet for historisk institutt vart det onsdag 28. november halde eit fagseminar ved HVO. Her heldt eg innlegget Længe har jeg anraabt Retfærdigheden og Loven. Men det har været et Raab i Ørken.» Ein avmektig embetsmann i strid med allmugen i Vågå. Utgangspunktet var artikkelen min med same tittel i festskriftet for instituttet, Frå Volda til verda: fjerne og nære kulturmøte: historiestudiet i Volda 40 år (2012). Volda, 15. januar 2013 Harald Krøvel 4

Vedlegg 2 Årsrapport 2012 stipendiat Mette Vårdal Mitt prosjekt: Sosiale relasjoner mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå 1745-1844. I februar 2011 var det midtvegsevaluering med fakultetet på UiB, og like før påske heldt eg vitskapsteoretisk innlegg same sted. Gjennom året har eg vore med på arbeidsseminar i Volda, og på forskargruppeseminar ved AHKR ved UiB. I 2012 presenterte eg og fekk kommentert fire ulike paper, i tillegg til å kommentere andre sine. 21. september var eg ein av ti deltakare på Forskar Grand Prix i Bergen. Førebuingane var lærerike med tanke på forskingsformidling i media og på ei scene. Programmet skal sendast på NRK i 2013. Stipendiatperioden avsluttast i 2013. Den blir noko forlenga ut over 31.05.2013 på grunn av politisk arbeid, truleg til tidleg haust. Det er stor aktivitet i forkant av 200-års jubileet i 2014. Ettersom mitt arbeid har hovudtyngda i tiåra før og like etter 1814, og at ein av aktørane mine blei stortingsmann i 1814 og mange år framover, har det vore naturleg å knyte kontaktar opp mot nokre av dei prosjekta som er i gang. Eg har særleg hatt kontakt med to prosjekt. Eit regionalt arbeid i Oppland, med professor Tore Pryser som leiar, og som tek for seg einskildaktørars deltaking i 1814. Det andre er knytt til forskargruppa eg er del av i Bergen, og har tema knytt til opposisjon i åra før og etter 1814. Blant mine aktørar finn eg både ein bonde som kom i posisjon i 1814, og ein husmann som var i opposisjon. Det blir og uttrykt misnøye med at ein etter 1814 får mindre lokal råderett, og nye aktørar kjem på banen i og med formannskapslovene i 1837. Det politiske er rett nok berre ein del av arbeidet med aktørane og deira sosiale relasjonar, og hovudfokus er framleis på relasjonar og hendingar av meir privat karakter. I jubileumsskriftet til Historisk institutt i Volda bidrog eg med ei omarbeidd utgåve av det vitskapsteoretiske innlegget mitt: Mikrohistorie og spørsmålet om representativitet og relevans. Foredrag og kåseri: 9. mai 2012: "Byggherrar og handverkarar, eit kåseri om handverk i Vågå 1750-1850", for Vågå husflidslag 22. juli 2012: Drikkevaner hos embetsmenn og bønder, for Norske akevitters venner 6. oktober 2012: Presentasjon av prosjektet for Eldrerådets eldrefest Vågå 16.01. 2012 Mette Vårdal Vedlegg 3 Årsrapport 2012 (sluttrapport) Post.doc. Jens Johan Hyvik Mitt prosjekt: Folkekultur og Elitekultur i Norge 1660-1870. 5

Den 1. august 2012 sluttet jeg i stillingen og gitt over i ny stilling som førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Telemark (HiT). Det gjensto da noen månedverk av den opprinnelige 4-års perioden (inkl. 25% undervisning). Alt i alt er jeg fornøyd med hva jeg har oppnådd i løpet av perioden samlet sett. Her vil jeg først si litt om aktiviteten i 2012 og deretter litt generelt om postdoc-perioden samlet sett. Jeg vil bruke anledningen til å takke for mulighetene denne stillingen har gitt meg, det har vært en flott og lærerik tid! Aktivitet 2012 Våren 2012 har i stor grad gått med til å fullføre et manuset til en liten bok med den foreløpige tittelen Tokulturteorien tenkemåten som preget et århundre. Førsteutkast til manuset ble sendt til prosjektleder og deler av prosjektgruppa i begynnelsen av juli 2012. Opprinnelig var manuset tenkt som en artikkel, men det har utviklet seg og ser nå ut til å bli en liten bok. Manuset er på ca 100 sider. Boka er et forsøk på å ta er stort grep på 1800-tallet, og er slik et ambisiøst prosjekt der jeg blant annet prøver å gjøre nytte av post-kolonial teori, noe som i liten grad er gjort tidligere på norsk materiale. Høsten 2012 fikk jeg tilbakemeldinger på manuset av Atle og Brynjulv, og jeg har gjort en ny gjennomgang av manuset. På grunn av mye ny undervising ved HiT mangler imidlertid litt fortsatt på ferdigstillingen. Jeg håper å ha klart 2. utkast i januar 2013. I løpet av våren har jeg også skrevet en artikkel til jubilumsskriftet til Historisk institutt. Artikkelen heter Embetsmannselitens posisjonering universitetets skriv om det norske språket og lovforslag om ettertrykk i 1815. Artikkelen ble publisert høsten 2013. Sommeren 2012 fullførte Andrew Newby og meg artikkelen Language, Nationalismand the concept of Two Cultures : Norway and Scotland in the Nineteenth Century. Artikkelen er pr. dags dato til fagfellevurdering i et internasjonalt tidsskrift. I februar deltok jeg på oppstartskonferansen til prosjektet Grunnloven og regionene ved NTNU der jeg også hadde ett innlegg. Innlegget er publisert i notatserien ved HVO I april leverte jeg en artikkel, Jacob Aall og det norske språket, og innlegget ble høsten 2012 publisert i Jacob Aall-prosjektets skriftserie ved Nes Jernverksmuseum. I mai deltok jeg på sluttkonferansen til det danske 1814-nettverket i København og på den årlige konferansen til Society for the Advancement og Scandinavian Study, denne gang i Salt Lake City. På SASS-konferansen hadde jeg et innlegg om klokkerene i Norge, med fokus på rekruttering. I juni ble manuskript til boka 'Der var ruskut å leggja utpå'. Ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur, som er en jubileumsantologi frå Ivar Aasen-instituttet levert til forlaget (Novus forlag). Boka er redigert av Stephen J. Walton og undertegnede. I boka bidrar jeg også med artikkelen Romantikken og språkdebattene i Danmark og Norge før 1840, som er en lett revidert versjon av min prøveforelesning til doktorgraden. Boka er pr. dags dato under trykking. Våren 2012 publiserte jeg en artikkel om PA Munchs språkprosjekt i i boka P.A.Munch. Historiker og nasjonsbygger (red S Bagge, JP Collet, A. Kjus). 6

En søknad om nettverksmidler fra Norges Forskningsråd i forbindelse 1814-jubileet gikk inn i vår. Prosjektet er et samarbeid mellom historikermiljøene ved Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogndal og Høgskulen i Telemark og skal resultere i en antologi om 1814 på Nordvestlandet og i Telemark. Prosjektetsøknad ble sendt NFR i desember med Høgskulen i Telemark som ansvarlig institusjon og undertegnede som prosjektleder. Oddmund Hoel og Harald Krøvel er også med i prosjektgruppa. Alt i alt mener jeg det var et svært effektivt vårsemester som avsluttet min postdoc stilling ved HVO og at resultatene er gode. På minusstiden har jeg ikke klart å fullføre en artikkel om klokkerene slik jeg hadde planer om, og jeg har inntil videre blitt nødt til å legge dette prosjektet til side. Kanskje kan jeg likevel skrive en slik artikkel forbindelse med en eventuell sluttpublikasjon til prosjektet. Sett i forhold til at jeg har gjort mer ut av tokulturteorien enn jeg tenkte, mener jeg likevel dette er til å leve med. Sluttbetraktininger post.doc-stillingen 2008-2012 Totalt sett tror jeg at jeg har grunn til å være fornøyd med resultatene i post.doc stillingen. Starten var kanskje litt treg, i og med at jeg måtte fulleføre boken som bygde på min doktoravhandling (Språk og nasjon), som blant annet ble utvidet med et kapittel for årene 1850-1868. På den andre siden var boken også relevant for post.doc prosjektet og særlig må det nevnes at boken var viktig for meg i å vekke interessen for tokulturteorien. Det kan være på plass med noen selvkritiske merknader. Noe jeg har lurt en del på er om det har vært lurt av meg å legge post.docen opp til flere mindre prosjekt i stedet for et stort. På den ene siden har jeg angret på at jeg ikke heller gav meg i kast med et stort tema som kunne lede fram til en stor publikasjon. På den andre siden har jeg fått relativt mange mindre arbeider ut av disse årene, og vært innom flere ulike tema. Et problem underveis har vært at det ganske ofte har dukket opp forespørsler om å gjøre ting artikler og foredrag - som er relatert til arbeid jeg har gjort tidligere. I mange slike tilfeller har jeg takket ja til invitasjonene da det ofte har falt naturlig å følge opp ting jeg har gjort før og å delta i slike sammenhenger. Jeg har forsøkt å relatere en del av slike prosjekt til tematikken for post. docen, og selv om det ikke alltid har vært mulig, har det gitt noen resultater jeg også er fornøyd med. Jeg har ofte spurt meg selv om hva som er riktig i slike tilfeller. Burde jeg takket ja eller nei til slike forespørsler? Min holdning har nok vært at det har vært viktig å bidra på ulike vis i forskingsmiljøet og prøve å si ja. I forhold til prosjektbeskrivelsen jeg skrev i 2008 har jeg i stillingen valgt en del nye veier. Jeg la her opp til at jeg i stillingen skulle ha 4 deleprosjekt. - Møtet mellom elitekultur og folkekultur i Norge - De norske embetsmennene sin egenoppfatning (elitekultur/sivilisasjonsbærere), og deres syn på bondebefolkningen og folkekulturen - Bøndenes egenoppfatning (folkekultur) og deres syn på embetsmennene (elitekultur). - regionale forskjeller med hensyn til kulturmøtet mellom bønder og embetsmenn. Det viste seg ganske snart at jeg ikke kom til å følge opp disse delprosjektene slavisk, og jeg definerte heller konkrete tema/artikler som ville belyse problemstillingene. Underveis i prosjektet pekte det seg også ut noen viktige tema, som for eksempel fokuset mot halvkondisjonerte og tokulturteorien, og jeg valgte å følge opp slike områder som utkrystalliserte seg gradvis. De viktigste temaene jeg pekte ut handlet om Jacob Aall, om 7

tokulturteorien, om embetsmennene og om klokkerene. Jeg var også en tid inne på å skrive om kulturmøter på markedene i Norge (et svært underkommunisert emne), men frafalt etter noe arbeid denne planen. Om ikke jeg har fulgt den opprinnelige planen har flere av temaene jeg pekte på i 2008 blitt belyst i det jeg har skrevet. Mitt fokus har i forhold til dette vært mot de tre første temaene (om jeg regner fokuset mot halvkondisjonerte (klokkere) og norskdomsbevegelsen/tokulturteorien i grenseland mot bøndenes egenoppfattning). Punktet om regionale forskjeller har jeg ikke gått nærmere inn på. Underveis har jeg jevnlig hatt møter med prosjektleder Atle Døssland der vi har diskutert temaer jeg arbeider med. Jeg har også levert årlige rapporter der jeg har redegjort for aktiviteten. I min post.doc stilling har jeg hatt 25 % undervisningsplikt som jeg har oppfylt. Jeg har dessuten deltatt på institutt og prosjektgruppemøter osv. I forhold til min egen oversikt over brukte driftsmidler gjenstår det pr 1. august ca 15000 kr som ikke er brukt. Til slutt vil jeg nevne at selv om jeg fratrer stillingen ved Høgskulen i Volda 1. august 2012, ønsker jeg å fortsatt være deltaker i Shp-prosjektet frem til dette avsluttes. Oppsummering, faglig virksomhet i stillingen Jeg har forsøkt å lage en oversikt som oppsummerer min faglige virksomhet og resultater i stillingen som postdoktor. I oversikten er alle faglige resultater som har fremkommet i postdoktorperioden tatt med. Type resultat Publisert pr 1. Under Totalt august 2012 vurdering/publisering Bøker 0,25* 1 1,25 Redigerte bøker 1 1 Artikler i vitenskapelige tidsskrift 0,5** 0,5 Vitenskapelige/faglige artikler i bøker, 4*** 3 7 skriftserier, o.l Populærvitenskapelige artikler, 9 1 10 leksikonartikler, avisartikler, HVO-notat ol Populærvitenskapelige artikler, 9 1 10 leksikonartikler, avisartikler, HVO-notat ol Foredrag, poster på konferanser, seminar 13 13 og lignende Totalt 27 7 32,75 * Boken Språk og nasjon. Hele denne boka kan ikke regnes til dette prosjektet, men deler av den kan det. Ved HVO ble 25 % av boka regnet til prosjektet/historisk institutt i poengsystemet. ** Artikkel sammen med Andrew Newby, under fagfellevurdering. ** Her er inkludert artikler i Jacob-Aall prosjektets skriftserie. Disse varierer fra det vitenskaplige til det mer populærvitenskaplige. 8

I prosjektbeskrivelsen fra 2008 skrev jeg: Jeg tar sikte på å gjennomføre prosjektet ved å publisere 4 til 5 vitenskapelige artikler. Jeg ønsker også å publisere noen mindre formidlingsrettete innlegg i aviser, populærhistoriske tidsskrift med mer, samt å delta på relevante konferanser. I forhold til målsetningen er denne i rene tall overoppfylt. Når det er sagt må det tilføyes at noen av resultatene i større eller mindre grad er på siden av selve postdoktorprosjektet. Jeg har prioritert å være ganske aktiv med å delta på konferanser, både nasjonale og internasjonale og er ganske fornøyd i forhold til dette. Ikke minst har jeg satt pris på å delta et par ganger på SASS-konferansene i USA, som er et interessant miljø. Jeg kunne nok vært mer aktiv på det populærvitenskapelige feltet med ting som er relevant for prosjektet, men ofte er det slik at slike ting kommer litt på etterskudd og det kan også skje i dette tilfellet. Her følger en fullstendig liste over foredrag og publikasjoner: Publikasjoner med mer i 2012 Tokulturteorien. Tenkemåten som preget et århundre. Manus (førsteutkast) til vurdering i prosjektet Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn. Trykkes 2013? Tapir forlag? Embetsmannselitens posisjonering universitetets skriv om det norske språket og lovforslag om ettertrykk i 1815, i A. Døssland, A. Kjelland, H. Krøvel og M. B. Sinderud (red.) Frå Volda til verda. Fjerne og nære kulturmøte. Historiestudiet i Volda 40 år. Trondheim 2012. [Sammen med Andrew Newby] Language, Nationalismand the concept of Two Cultures : Norway and Scotland in the Nineteenth Century. Under fagfellevurdering i internasjonalt tidsskrift. "Jacob Aall og det norske språket", i Kunnskap og opplysning - til nytelse og nytte. Artikler fra "opplysningsseminaret". Jacob Aall-prosjektet, skrift nr. 7. Tvedestrand 2012. [red. sammen med Stephen J. Walton] 'Der var ruskut å leggja utpå'. Ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur. Novus forlag. 2013. Under trykking. Romantikken og språkdebattene i Danmark og Norge før 1840 i Hyvik og Walton 2012. Se over. 1814 og Grunnloven sett fra regionene. Notat 4/2012. Høgskulen i Volda. "Det klinger vel noget radikalt" - Språkprogram i tre faser", i Bagge, Sverre; Collet, John Peter; Kjus, Audun P.A.MUNCH Historiker og nasjonsbygger, Oslo 2012, s 152-175. Sextons (klokkere) as Mediators Between Elite and Popular Culture. Society for the Advancement of Scandinavian Study - Yearly conference 2012. Salt lake city 4. Mai, 2012 Grunnloven sett fra regionene. Innlegg oppstartskonferanse Grunnloven og regionene: hegemoni, kontinuitet og brudd. NTNU 3. februar 2012 Artikler i Allkunne. Nynorsk kulturhistorie (www.allkunne.no) [2012]. - Hans Strøm - Marcus Schnabel - Laurents Hallager - Gregers Fougner Lundh - Werner Werenskiold 9

- Haakon Aasvejen. Publikasjoner med mer i 2008-2011 Klokkeren i Ola-boka : en studie av forholdet mellom folk og elite i Norge omkring 1830, i Guds folk og folkets Gud : artiklar om kyrkjeliv og gudstru i historie og samtid : festskrift til Birger Løvlie. Tapir Akademisk Forlag 2011, s. 101-116 Ove Guldberg - den første dansk-norske språkpolitkaren? i HISTORIE - Populærhistorisk magasin 2011 (3) s. 24-33 Ivar Aasen og tokulturlæra. Innlegg ved Nynorsk fagdag. Oslo 18. februar. Norwegian language revival 1739-1868. Innlegg ved Annual Conference of the Society for the Advancement of Scandinavian Study. 29. april. Klokkeren - mellom embetsmann og bonde. Innlegg ved Nordisk historiemøte 12. august 2011. Nordiske målreisingsstrategier 1750-1940. Rundebordsesjon ved Nordisk historiemøte (anvarlig saman med Oddmund L. Hoel) 13. August Norsk Målreising 1739-1868. innlegg ved Nordisk historiemøte. 13 august Jacob Aall og det norske språket. Innlegg ved Opplysnings-seminar. Arendal 9. Desember Språk og nasjon 1739-1868. Norsk Målreising. Band 1. Samlaget. Oslo 2010 (430 s) Jacob Aall - biografiske refleksjoner. Jacob Aall, 1814 og alt det andre: artikler fra "oppstartseminaret", Nes Verk, 6.-7. oktober 2009. Jacob Aall-prosjektet. Skrift nr 2. Tvedestrand 2010, s. 113-124 Jacob Aalls oppfatning av kultur, elite og folk. I Jacob Aalls fotspor i København og omegn. Den danske forbindelsen. Jacob Aall-prosjektet. Skrift nr 3. Tvedestrand 2010, s 107-122 Linjer i norsk språkhistorie. Norsk Tidend. Juni 2010, s 16-17 Norsk målreising før 1814? Språknytt, nr 4. 2010, s 25-27 Jacob Aalls syn på forholdet mellom elite og folk. Innlegg på seminaret Jacob Aall og "Slægten fra 1814" - den danske forbindelsen. København Tokulturlæra. Innlegg på Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn. Arbeidsseminar 22.. april- SHP-seminar. Volda. Tokulturlæra og diskusjonen om ei kløft i den norske befolkninga. Innlegg på Historiedagene 2010. Bø i Telemark Peter Andreas Munchs samtidens norske språk. Innlegg på seminaret Andreas med pennen i hånden. Symposium ved P.A. Munchs 200-årsdag. Oslo Folkekultur og elitekultur i Norge 1660-1870. Innlegg på introduksjonsseminar: Kulturpespektiv på møte mellom bønder og embetsmenn 3-4. september 2008. Jacob Aall og det nasjonale. Foredrag/innlegg på seminar i regi av Næs Jernverksmuseum på Litteraturhuset i Oslo 18. november 2008. Bø i Telemark 8. januar 2013 Jens Johan Hyvik 10