Studiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A-H) Studiestad Sogndal Velkomen til PPU- allmenne fag- heiltid på campus Sogndal. I studieheftet finn du relevant informasjon om innhald og organisering av PPU-A-H. Det er viktig for deg som student å vere orientert og med i drøftingar som kan utvikle kvaliteten av studiet. Innhald Organisering... 1 Arbeidsformer Arbeidskrav... 2 Praksis... 2 Anbefalt litteratur... 4 Eksamen... 4 Studentmedverknad... 5 Viktige lenker... 5 Kontaktpersonar... 5 Organisering Studiet har som mål å kople teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium og gi framtidige lærarar ein startkompetanse. Studiet inneheld 30 studiepoeng i pedagogikk og 30 studiepoeng i fagdidaktikk. Desse er delt inn i to emne: Haust: Leiing av læreprosessar Vår: Skulen i samfunnet Fagdidaktikk og pedagogikk er integrert i emna, men har i hovudsak undervisninga kvar for seg. Pedagogikk har fellesundervisning med alle på PPU-A-H. Faglærar i pedagogikk fungerer som studiekoordinator (emneansvarleg). Det er undervisning kvar veke, om lag 6 timar med pedagogikk, og 4-6 timar med fagdidaktikk. I tillegg kjem felles profesjonsdagar med sentrale tema for lærarolla. Arbeidsformer Eit mål med lærarutdanninga er at du som student skal utvikle både praktisk og teoretisk kunnskap og forståing for korleis du som lærar kan gjere pedagogiske val og utvikle didaktiske handlingsrom i ein kompleks skulekvardag. I den samanheng er det viktig at du som student er aktiv og deltakande i undervisninga. I tillegg til tradisjonelle førelesningar, blir det lagt opp til studentaktive og varierte arbeidsformer som til dømes arbeid med tekstar, gruppearbeid, diskusjonar, presentasjonar m.m. 1
Arbeidskrav Leiing av læreprosessar. PPU-H Haust, PPU-deltid haust/vår Arbeidskrav Fag Tema Form Arbeidskrav 1 Pedagogikk Observasjon/ Lærarrolla Arbeidskrav 2 Pedagogikk Læringsperspektiv Vurdering Arbeidskrav 3 Pedagogikk Klasseleiing munnleg/ munnleg Arbeidskrav 4 Fagdidaktikk Val ulike tema Munnleg/ Arbeidskrav 5 Pedagogikk Danning- kritisk tenking Munnleg gruppe Skulen i samfunnet. PPU-H haust, PPU- deltid haust/vår Arbeidskrav Fag Tema Form Arbeidskrav 1 Pedagogikk Lærar i utvikling Utviklingsarbeid Arbeidskrav 2 Pedagogikk Berekraft-tverrfagleg, fleirfagleg /munnleg Arbeidskrav 3 Pedagogikk Utfordringar i praksis Arbeidskrav 4 Pedagogikk Tverrprofesjonelt samarbeid Munnleg/skriftleg Refleksjonsnotat Refleksjonsnotat NB! Førebels arbeidskrav kan bli justeringar. Meir informasjon om arbeidskrav i Canvas. Praksis Det er 12 veker praksis på PPU-A-H. 6 veker i grunnskulen og 6 veker i vidaregåande skule. Haust 2019: Veke 42-47 i vidaregåande skule. Av desse er 1 veke satt av til observasjon (veke 42) Vår 2020: Veke 5-11 i grunnskule. Av desse er 1 veke satt av til observasjon (veke 5) Praksiskoordinator på HVL har ansvar for koordinering av praksisplassar, og lagar avtalar med praksisskular. Studentane kan komme med ynskje. Praksiskoordinator i lag med studiekoordinator og programleiar avgjer fordelinga av plassar med utgangspunkt i dei rammevilkåra som ligg føre. Første veka i praksisperioden haust og vår er satt av til observasjon. I dialog mellom student og praksisrettleiar kan studenten og gjennomføre undervisning første veka. I løpet av praksisperioden skal studenten planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga, og skal delta i vurderingsarbeid i lag med praksisrettleiar. Studenten skal og delta på undervisningsrelaterte oppgåver som til dømes 2
samarbeidsmøte rundt elevar, andre samarbeidsfora, førebuing, observasjon av medstudent/lærarar og andre oppgåver som kan liggje til lærarrolla i skulekvardagen. Kvar praksisperiode skal ha et omfang tilsvarande 30 arbeidsdagar og dette skal utgjere 250 arbeidstimar. Ved individuell praksis skal praksisen skal bestå av: a. Eigen undervisning: minimum 50 timer b. Egen planlegging på praksisskulen: minimum 50 timer c. Undervisningsrelaterte aktivitetar: minimum 30 timer (teamarbeid, foreldremøte, samarbeidstid, felles planlegging, observasjon av andre sin undervisning mm) d. Observasjon: minimum 20 timer e. Rettleiing: 25 timer Punkta a.-e svarar til 175 timer. De siste 75 timane disponerer du og praksisrettleiar fritt på punkta a.-d. Ved parpraksis skal praksisen bestå av: a. Eigen undervisning: minimum 20 timer b. Felles undervisningsansvar: minimum 20 timer c. Eigen planlegging på praksisskolen: minimum 50 timer d. Undervisningsrelaterte aktivitetar: minimum 30 timer (teamarbeid, foreldremøter, samarbeidstid, felles planlegging, observasjon av andre sin undervisning mm) e. Observasjon: minimum 20 timer f. Rettleiing: 40 timer Punktene a.-f. svarar til 180 timer. De siste 70 timene disponerer du og praksislærer fritt på punkta a.-e. Praksis skal i hovudsak bli gjennomført i opptaksfaget ditt. Studenten kan undervise i andre fag etter avtale med rektor og praksisrettleiar. Høgskulen sitt ansvar: Instituttleiar/programansvarleg ved praktisk-pedagogisk utdanning har fagleg ansvar for praksisopplæringa. Programansvarleg og praksiskoordinator har ansvar for å informere om praksisopplæringa. Praksiskoordinator: gjera avtale med praksisskular om praksisplassar for studentar arrangere praksisførebuande møte på Adobe Connect kommunikasjon med praksisfeltet Faglærarar, studiekoordinator og profesjonsrettleiar: delta på eller leie praksisførebuande møte synleggjere praksisrelaterte og fagdidaktiske sider ved faga følgje opp enkeltstudentar i praksis besøke praksisskulen der studentane gjennomfører praksis (i den grad det lèt seg gjere). Faglærar kontaktar praksislærar i rimeleg tid før praksisbesøket 3
Ved praksisbesøket kan faglærar: vera til stades i undervisninga som observatør rettleie etter behov og ynskje ha samtale med studentane og praksislærarane Praksisskulen sitt ansvar Rektor/praksiskoordinator: Hovudansvaret for praksisopplæringa i praksisskulen Ansvar for å informere studentane om skulen som organisasjon, skuleleiing, pedagogisk plattform og utviklingstiltak Ansvar for å signere avtale om praksisopplæring Ansvar for å sende inn refusjonskrav til høgskulen Sende vurderinga pr. vanleg post til høgskulen seinast innan 14 dagar etter praksis er avslutta. Praksisrettleiar: Praksisopplæringa i praksisskulen, inkludert rettleiing dvs. før-under - etterrettleiing Å vurdere studentane i praksisopplæringa og skrive praksisvurdering Å delta på praksisførebuande møte At det vert gjennomført ein individuell samtale midtvegs i praksisperioden Den løpande skikkavurderinga av studentane Å skrive praksisvurdering for kvar student der den signerte eigenvurderinga frå studenten er inkludert. Levere vurderinga til rektor for signering. Studenten sitt ansvar: Studentane har ansvar for å orientere seg om dei retningslinene som gjeld for ein lærar (instruks, lover, føresegner og gjeldande planar).retningslinene gjeld òg for ein student som er i praksis). Studenten skal ta kontakt med praksislærar og lage planar før praksisperioden tek til Studenten har ansvar for førebuing, gjennomføring og etterarbeid av praksisopplæringa.. Studenten skal avtale med praksisrettleiar innlevering av øktplan/undervisningsplan. Anbefalt litteratur Sjå Canvas og Leganto Eksamen Vurderingsform Haust: Leiing av læreprosessar: Heimeeksamen Vurderingsform: bestått Vår: skulen i samfunnet 4
Semesteroppgåve. Vurderingsform: karakter A-F Justerande munnleg eksamen : Vurderingsform ikkje avklart Studentmedverknad Studentane vel representantar som sit i ei referansegruppe/emneutval. Studiekoordinator/emneansvarleg/faglærar eventuelt fleire har møte to gongar i året der innhaldet i studieprogrammet kan drøftast. Viktige lenker Studieprogramplan og emneplan: https://www.hvl.no/studier/studieprogram/2019h/ppualm/ Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning: https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2015-12-21-1771 Nasjonale retningslinjer: https://www.uhr.no/_f/p1/i13d351d8-d4a8-4c93-ac64- f0d2fbbdc6c6/godkjente-retningslinjer-ppu.pdf Nasjonal strategi for lærarutdanning 2025: https://www.regjeringen.no/contentassets/d0c1da83bce94e2da21d5f631bbae817/kd_nasjonalstrategi-for-larerutdanningene_nett.pdf Kontaktpersonar Studiekoordinator: Marit Irene Uglum Praksiskoordinator/studierettleiar: Hanne Bjerke Vasshaug Opptakskontoret: Karin Stormo Studieprogramansvarleg: Anne Kristin Rønsen 5