SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Åshild Ekrene Arkiv: MTR 182/9 Arkivsaksnr.: 19/574 Svar- søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom gbnr. 182/9 Rådmannen si tilråding: Med heimel i konsesjonslova 1, 2 og 9 gjev plan og forvaltningsstyret søkjar Maiken Talsæte avslag på søknaden sin om konsesjon for overtaking av ½ av eigedomen Birkenes gbnr. 182/9 i Luster kommune.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom gbnr. 182/9 Samandrag: Maiken Talsæte (søkjar) har søkt om konsesjon for å overtak ½ av landbrukseigedomen Birkenes i Kroken. Søkjar eig ¼ av eigedomen, og kan overta ¼ av eigedomen konsesjonsfritt. Arealet på eigedomen er på til saman 637 daa. Rådmannen meiner at storleiken og beliggeheten til eigedomen tilseier at det ikkje bør vere ein fritidseigedom. Ettersom søkjar ikkje kjem til å busetje seg på eigedomen vert tilrådinga at konsesjon vert avslegen. Utval som har vedtaksmynde: Plan- og forvaltningsstyret Mynde til utvalet er gjeve i fylgjande lov, forskrift eller delegeringsmynde: Mynde til utvalet er gjeve i fylgjande forskrift: Vedtak om overføring av myndighet til kommunen, fylkesmannen, Landbruksdirektoratet og Direktoratet for mineralforvaltning etter konsesjonsloven, jordlova og odelsloven (FOR-2003-12-08-1479) og delegeringsmynde i d-sak 454/13 Fakta: Maiken Talsæte (søkjar) har søkt om konsesjon på overtaking av ½ av landbrukseigedomen Birkenes i Kroken i Luster kommune. Det er i dag 4 eigarar av eigedomen med kvar sin fjerdedel. Søkjar eig allereie ¼ av eigedomen og kan overta den siste ¼ konsesjonsfritt frå ei tante då det er å rekne for nær familie etter konsesjonslova. Søkjar som bur i Ålesund oppgjev at ho har noko praktisk røynsle frå gardsdrift, botanikk og husdyrhald. Jf. informasjon frå søkjar er det ikkje innlagt vatn eller kloakk på eigedomen, og det er eit betydeleg etterslep på alle bygningane. Det vil krevje store ressursar å byggje dei opp igjen. Det er ikkje nok skog eller jord til å leve av aleine. Søkjar ber difor om at det ikkje vert ilagt buplikt. Bruket vart fråflytta i 1965. Jf. landbrukstakst av 24.07.2018 er bustadhuset frå 1884 verdsett til kr 135 000. Det er uisolert og utan bad eller vaskerom. Det er innlagt sommarvatn på kjøkken. Verditaksten går fram av landbrukstaksten og er totalt sett på kr 402 570 inkl. bustad.
Figur 1: utdrag frå landbrukstakst av 24.07.2018 I fylgje søknad består bygningsmassen av Bygningstype Grunnflate Byggjeår Tal etg. Teknisk tilstand Våningshus 75 1884 2 dårleg Stabbur 12 Ukjent 1 dårleg Naust 36 Ukjent 2 dårleg Låve 65 1890 2 dårleg Vetlestova (kårbustad) 20 Ukjent 1 Dårleg Jf. arealbasen til NIBIO, Skog og landskap har Birkenes eit areal i eineeige på 637, 4 daa fordelt på Arealfordeling Fulldyrka Produktiv skog Annet markslag Uklassifisert Sum 5,2 daa 444,4 daa 163,4 daa 24,4 daa 637,4 daa Jf. opplysningar frå søkjar har søkjar planar om å ta vare på dei bygningane som kan reddast, halde kulturlandskapet i hevd og leggje til rette for berekraftig matproduksjon på den dyrkbare jorda. Søkjar vil vidare samle eigedomen på ein eigar. Ho vil etter kvart undersøkje moglegheitane for gardsturisme og håpar på å kunne ta vare på eigedomen til glede og nytte for både familie og næringslivet i regionen.
Vurdering: Lovgrunnlag, konsesjonslova 1.(lovens formål) Loven har til formål å regulere og kontrollere omsetningen av fast eiendom for å oppnå et effektivt vern om landbrukets produksjonsarealer og slike eier- og bruksforhold som er mest gagnlige for samfunnet, bl.a. for å tilgodese: 1. framtidige generasjoners behov. 2. landbruksnæringen. 3. behovet for utbyggingsgrunn. 4. hensynet til miljøet, allmenne naturverninteresser og friluftsinteresser. 5. hensynet til bosettingen 9.(særlige forhold for landbrukseiendommer) Ved avgjørelsen av søknad om konsesjon for erverv av eiendom som skal nyttes til landbruksformål skal det legges særlig vekt på: 1. om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området, 2. om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning, 3. om erververen anses skikket til å drive eiendommen, 4. om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet. Konsesjon skal i alminnelighet ikke gis dersom det ved ervervet oppstår sameie i eiendommen, eller antallet sameiere økes. Det kan gis konsesjon til selskaper med begrenset ansvar. Det skal legges vekt på hensynet til dem som har yrket sitt i landbruket. Første ledd nr. 3 og 9 a gjelder ikke sak der nær slekt eller odelsberettiget søker konsesjon fordi de ikke skal oppfylle boplikten etter 5 andre ledd. I slik sak skal det i tillegg til første ledd nr. 1, 2 og 4 blant annet legges vekt på eiendommens størrelse, avkastningsevne og husforhold. Søkerens tilknytning til eiendommen og søkerens livssituasjon kan tillegges vekt som et korrigerende moment. 11.(vilkår for konsesjon) Konsesjon etter loven kan gis på slike vilkår som i hvert enkelt tilfelle finnes påkrevd av hensyn til de formål loven skal fremme. Det kan lempes på vilkårene etter søknad. Kongen skal ut fra hensynet til bosetting, helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskap ta stilling til om det er påkrevd å stille vilkår om boplikt, og om boplikten skal være en personlig plikt for eier. Om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området
Av dei opplista føremåla med konsesjonslova og momenta som skal tilleggast særleg vekt ved vurdering av konsesjonssøknader for landbrukseigedomar, er det først og fremst busetjingsomsynet som etter kommunen sitt syn ikkje vert godt nok ivareteke ved omsøkt erverv. Røynsla tilseier at omsynet til ei driftsmessig god løysing, heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapsmomentet i dei aller fleste tilfelle vert best ivareteke ved at den som eig ein landbrukseigedom, sjølv bur på eigedomen. Deler er Luster kommune slit med negativ folketalsutvikling. Omsøkte eigedom ligg i grunnkrets 112 Kroken, der busetjingsomsynet vert tillagt stor vekt jf. føringar i kommuneplanen og praksis i kommunal sakshandsaming. Austsida av Lusterfjorden, der garden Birkenes ligg, har ekstra utfordringar på dette området, der ein stor del av gardsbruka som tidlegare hadde fast busetnad, no berre vert nytta til fritidsføremål av eigarane. Frå 2007 er folketalet i grunnkrets Kroken redusert frå 38 fastbuande til 30 i 2019 (jf. SSB, tabell 04317). Aktiviteten som følgjer av fritidsbruk av eigedomane er sjølvsagt positiv, men det er likevel dei fastbuande som er mest avgjerande for at ulike tenestetilbod skal kunna oppretthaldast og at bygdene skal ha ei framtid. Søkjar ber om at eigedomen ikkje vert ilagt buplikt, føremålet med overtakinga vil dermed ikkje ivareta omsynet til busetjinga i området. Om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning Storleiken på eigedomen og den fysiske utforminga er viktige faktorar for å få til ei driftsmessig god løysing. I gjeldande tilfelle er det avgrensa ressursar. Søkjar sine planar om å halde kulturlandskapet i hevd og leggje til rette for matproduksjon på den dyrkbare jorda er innanfor ei driftsmessig god løysing her ut i frå kva driftsform som er pårekneleg. Om erververen anses skikket til å drive eiendommen Det må liggje til grunn heilskapleg vurdering av om søkjar er skikka. Jf. opplysningar om kvalifikasjonar oppgjev søkjar å ha noko praktisk røynsle frå gardsdrift, botanikk og husdyrhald. Det krevst ingen formell landbruksfagleg utdanning. Ein har ingen grunn til å vurdere det annleis enn at søkjar er skikka. Om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet Med heilskapleg ressursforvaltning må ei sjå på kva verknad eit eigarskifte har for alle ressursane på eigedomen. Det er positivt at søkjar vil samle eigedomen, som i dag er på 4 eigarhender, på ei eigarhand, noko som vil gjere det enklare å ivareta omsyn til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet. Søkjar vil vidare ta vare på bygningane som kan reddast og halde kulturlandskapet i hevd, noko som vil vere positivt for eigedomen framover. Ein skal i størst mogleg grad ivareta framtidige generasjonars behov, og disponere ressursane slik at eigedomen i framtida kan leggje grunnlag for busetjing og drift. Departementet antek at eigarar som bur på eigedomane sine i større grad tek vare på ressursane enn dei som ikkje bur på eigedomane. Rådmannen støttar seg til vurderingane frå departementet. Jf. konsesjonslova 9, 4. ledd har ein ikkje høve til å leggje vekt på storleiken på eigedomen, avkasningsevne eller husforhold i konsesjonssaker der det ikkje er gjeld nær slekt eller odelsberettiga. Søkjar si tilknyting til eigedomen og søkjar sin livssituasjon kan
heller ikkje tilleggjast vekt som korrigerande moment i gjeldane sak ettersom den delen det er søkt om konsesjon for ikkje er overdraging innan nær familie. Kommunen må ta stilling til i kor stor grad dei ulike omsyna gjer seg gjeldande. Samstundes ligg det i føremålsparagrafen at ein ynskjer å oppnå eit «vern om landbrukets produksjonsareal og slike eigarforhold som er mest gagnleg for samfunnet». Omgrepet mest gagnlege inneber at ein ikkje er tvungen til å velje den beste løysinga, men velje mellom dei faktiske moglegheitane ein har. I vurderinga er samfunnsomsyna sentrale. Buplikt er at av dei viktigaste verkemidla kommunen har for å oppretthalde busetjinga i kommunen generelt, og i grendane spesielt. Med bakgrunn for å oppretthalde busetjinga og forhindre at landbrukseigedomar av denne storleiken vert nytta til fritidseigedomar meiner rådmannen at Birkenes bør vera fast bebudd, jf. den strenge praksisen Luster har for praktisering av buplikt. Eigedomsoverdragingar på sørsida siste åra syner stor interesse for kjøp av landbrukseigedomar, og busetjingsomsynet vert tillagt stor vekt. Ettersom søkjar ikkje kjem til å busetje seg på eigedomen vert det rådd ifrå at konsesjon vert innvilga. Eit skissert alternativ kan vere å søkje om frådeling av bustadhus og selje restarealet som tilleggsjord. Dato: 10.09.19 Jarle Skartun Magnus Snøtun rådmann Fagleiar landbruk Særutskrift skal sendast: Søkjar m/kopi til: Fylkesmannen Overdragarane