SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet stod sentralt. Plannotatet vart utarbeidd for å skapa diskusjon og engasjement i forkant av folkemøtet, under møtet og i etterkant. Til temamøtet vart det utarbeidd ein del gruppeoppgåver som du finn her, og under lenka referat frå temakvelden 25.02.10 finn du innspela som kom på møtet. Kommunen håpar spørsmåla her og referatet frå møtet kan gje deg idéar til òg å koma med innspel. 1. Barn og unge sine oppvekstvilkår; - herunder skule, barnehage, fritidstilbod, generelle oppvekstvilkår 2. Helsetilbod; - førebyggande helsearbeid, pleie og omsorg 3. Næringsutvikling 6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur 7. Kulturtilbod Gruppenr. 1 2 3 4 5 Tid/Ansvar Ordførar Varaordførar Frp H Ap 1800-2000 Kultur (2) Næringsutv(2) Natur, miljø helse,omsorg (1) Barn, unge (2) 2000-2200 Barn, unge (3) helse, omsorg Kultur Natur, miljø Næringsutv(2) Det som er markert med gult viser kva grupper og tema det føreligg møtereferat frå. Du finn dette oppsummerte under lenka referat frå temamkvelden 25.02.10. Tala i parentes viser tal på deltakarar på gruppa.
1. Barn og unge sine oppvekstvilkår; - herunder skule, barnehage, fritidstilbod, generelle oppvekstvilkår Kunnskapskommunen Nord-Aurdal som satsar på å - legga til rette for gode skular og utdanningstilbod for alle - arbeida for eit godt kulturtilbod for skuleelevar og studentar i kommunen 1. Kva andre faktorar bør kommunen legga vekt på enn dei to som er nemnt? 2. Kva tilbod bør finnast i nærleiken av der ein bur? Barn og unge sine oppvekstvilkår - vidareutvikla skule- og helsetenestene, arbeida for å gjera dei betre - bygga vidare på prosjekt retta mot ungdom, og utvikla tilboda for ungdom - legga til rette for gode, trygge og stimulerande oppvekstmiljø - fritidstilbod som kan engasjera fleire barn og unge - støtta frivillig organisasjonsarbeid, idrett, kultur - samhandling, miljøarbeid NAUS og helsesøstertilbod NAK/Valdres vgs - fokus på utviklingsarbeid og rus/psykiatri, må sjå utfordringane på eit tidleg tidspunkt. - skal ha levande grender sjølv om ein ikkje har skular i kvar grend 3. Er det fleire eller andre forhold som bør settast på dagsorden enn dei 8 som er nemnt? 4. Nemn dei 3 viktigaste utfordringane kommunen står overfor når det gjeld å skapa trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Korleis bør me møta desse utfordringane? 5. Korleis kan kommunen hjelpa ungdom til å få ein god start på det vaksne liv? 6. Korleis kan kommunen stimulera til at unge vender tilbake til kommunen etter avslutta utdanning? / Kva kan kommunen bidra med for å få unge til å venda tilbake til kommunen etter avslutta utdanning?
2. Helsetilbod; - førebyggande helsearbeid, pleie og omsorg Helsekommunen i hjartet av Valdres som vil arbeida - for desentraliserte helsetenester som eit utvida tilbod til innbyggarane, lokalmedisinsk senter - for helsetilbod som utvikling og rekreasjon - med førebyggande helsearbeid 1. Kva andre faktorar bør kommunen legga vekt på enn dei tre som er nemnt? Helsetilbod Kommunen satsar på: - å vidareutvikla helsetenestene - utvikling av helsetun 2. Er det fleire eller andre forhold som bør settast på dagsorden enn dei 2 som er nemnt? 3. Kva helsetilbod bør finnast i kommunen? 4. Kva faktorar påverkar helsa og trivselen vår? * Endringar i folkesamansettinga med fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder. 5. Korleis ta i bruk dei eldre som ressurs?
3. Næringsutvikling Næringsutvikling i Nord-Aurdal 1. Kva faktorar bør kommunen legga vekt på når det gjeld næringsutvikling? Næringsutvikling - legga til rette for attraktive område for næringsutvikling - legga til rette for at talet på arbeidsplassar aukar 1. Er det fleire eller andre forhold som bør settast på dagsorden enn dei 2 som er nemnt? 2. Kva er det viktigaste kommunen kan bidra med når det gjeld næringsutvikling? Korleis kan kommunen og næringslivet samarbeida? 3. Kva er dei største utfordringane ved næringsetablering i kommunen? 4. Kor vil me ha ny næringsutvikling i kommunen? 5. Korleis kan me få fleire arbeidsplassar i kommunen? 6. Korleis kan kommunen og innbyggarane møta utfordringane i landbruket (jf. samanslåing og nedlegging)?
6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur 1. Korleis bør utmarka i kommunen utnyttast? Bør det opnast for meir hyttebygging i Nord-Aurdal? Skal det vera ei øvre grense for kor mange hyttetomter ein bør ha? 2. Korleis møta klimautfordringane me står overfor? 3. Korleis skapa levande grender? 4. Kva er viktigast for Fagernes dei neste 10 åra? Kva er sentralt/sentrumsnært sett i høve til Fagernes? Korleis kan ein utnytta bystatusen til Fagernes? 5. Kva meiner du om diskusjonen om Fagernes og Leira bør reknast som/vera ein tettstad med like vilkår for etablering av ny varehandel? Fylkesdelplan for varehandel favoriserer Fagernes. 6. Kor viktig er flyplassen for den vidare utviklinga i Nord-Aurdal og Valdres?
7. Kulturtilbod Kulturkommunen i hjartet av Valdres - der ein legg vekt på kultur som helsefremmande arbeid - som vil legga til rette for festivalar for innbyggjarar og tilreisande - med eit mangfaldig kultur- og naturtilbod for alle - som ser på kultur som næring - som tilbyr kultur for gode arbeidsplassar med mulegheit for utvikling 1. Kva andre ting bør kommunen legga vekt på enn dei fem som er nemnt? Kulturtilbod støtta opp om det frivillige organisasjonslivet slik at kommunen også i framtida kan ha eit rikt kulturtilbod 2. Er det fleire eller andre forhold som bør settast på dagsorden enn det som er nemnt? 3. Kva er det viktigaste kommunen kan bidra med når det gjeld å kulturlivet i kommunen?
SPØRSMÅL TIL ALLE Kommunestyret har i planprogrammet peika ut følgjande 6 hovudutfordringar for kommunen (ikkje prioritert rekkefølgje). * Legga til rette for næringsutvikling * Stabilisera folketalet/auka det * Utvikling av regionsenteret Fagernes * Vidareutvikla tenestetilbodet og servicenivået i kommunen * Etablering og vedlikehald av god infrastruktur * Kompetanse høgskule Korleis skal me møta utfordringane? Kva strategiar skal me ha for å få gjort noko med utfordringane?