Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 02.11.2004 216/04 SITV Kvam heradsstyre 06.09.2005 077/05 SITV Avgjerd av: Saksh.: Sigmund Tveisme Arkiv: N-504 Objekt: Arkivsaknr 9402281 Reguleringsplan for Nanes, Steinstø i Kvam Samandrag: I arealdelen til kommuneplanen, som Kvam herad vedtok 28.09.1999, vart Bruravik/Krossnes ved Aksnes og Nanes ved Steinstø bandlagt til friluftsformål. Vidare vart eit område i Ljonesvågen bandlagt til friområde (badeplass). Når det gjeld bandleggjinga i kommuneplanen sin arealdel er denne avgrensa til 4 år frå heradstyret sitt vedtak. Det er i gang planarbeid på alle desse stadene. Planen for Nanes vert no fremja til førstegongshandsaming. Eigar av gnr.72 bnr.2 Jon Erik Steinstø søkte alt i 1994 om å få byggja 6 hytter mellom riksvegen og sjøen på Nanes. Tiltaket var i strid med gjeldande kommuneplan og vart avslått med heimel i same plan. I 1995 var Jon Erik Steinstø representert ved advokat Øyvind Kvåle og Kvam herad i samtaler med tanke på innløysing av Nanes. Reelle forhandlingar kom aldri i gang. Eit framlegg til regulering som m.a. inneheldt 6 utleigehytter vart seinare fremja og handsama av Kvam formannskap sommaren 1998. Planframlegget vart ikkje vedteke fremja av det faste utval for plansaker. I oktober 2001 fann stad eit møte mellom Jon Erik Steinstø, Jon Ottar Steinstø, Egil Ulvund, Sigmund Tveisme, Jon Nedkvitne, Knut Nordal og Vidar Østerbø. Dette møte konluderte med eit samarbeid om vidare planlegging og var opptakten til det forslaget som no ligg føre. Oppstart vart kunngjort i Hordaland Folkeblad og Bergens Tidende 20.12.02. Liste over alle som er varsla ved brev er å finna i planskildringa. Rådmannen sine kommentarar fylgjer nedafor
Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kvam formannskap, som det faste utval for plansaker, vedtek at framlegg til reguleringsplan for Nanes, Steinstø i Kvam herad skal leggjast ut til offentleg ettersyn i 30 dagar. Vidare vert framlegget oversendt fylkeskommunen, råka statlege fagetatar og aktuelle lag og organisasjonar til uttale. Eigarar og rettshavarar, som er råka av planframlegget, skal varslast med brev. 02.11.04 Kvam formannskap Røysting: Rådmannen sitt framlegg til vedtak fekk 9 røyster og vart samrøystes vedteke. FSK-216/04 Vedtak: Kvam formannskap, som det faste utval for plansaker, vedtek at framlegg til reguleringsplan for Nanes, Steinstø i Kvam herad skal leggjast ut til offentleg ettersyn i 30 dagar. Vidare vert framlegget oversendt fylkeskommunen, råka statlege fagetatar og aktuelle lag og organisasjonar til uttale. Eigarar og rettshavarar, som er råka av planframlegget, skal varslast med brev.
Vedlegg: Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 04/9010 09.06.2004 Reguleringskart Ing. Egil Ulvund 04/9011 09.06.2004 Tekstdel m/ føresegner Ing. Egil Ulvund
Saksopplysningar: I samsvar med reglane i 27-2 i plan- og bygningslova vart oppstart av planarbeid kunngjort i Bergens Tidende og Hordaland Folkeblad 20.12.2002. I tillegg vart fylgjande varsla med brev: Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga, Pb. 7310, 5020 Bergen Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga, Pb. 7310, 5020 Bergen Hordaland Fylkeskommune, Avd. for regional utvikling, Pb. 7900, 5020 Bergen Hordaland Fylkeskommune, Kulturetaten, Pb. 7900, 5020 Bergen Statens vegvesen Hordaland. Postboks 3645 Fyllingsdalen, 5845 Bergen Bergen Sjøfartsmuseum, P.b. 2736 Møhlenpris, 5836 Bergen Kystverket, Strandgt. 171, 5500 Haugesund Fiskeridirektoratet, Region Hordaland, Pb. 233, 5804 Bergen Kvam Kraftverk AS, 5600 Norheimsund Kvam herad, Skulekontoret, 5600 Norheimsund Kvam herad, Kulturkontoret, 5600 Norheimsund Kvam herad, Helse- og sosial, 5600 Norheimsund Kvam herad, Landbruksetaten, 5600 Norheimsund Kvam herad, Miljøvernleiar, 5600 Norheimsund Naturvernforbundet i Hordaland, Lokallaget for Kvam, v/kari Mostad, Soldalsvn. 133, 5610 Øystese Jon Erik Steinstø, Sandeidgata 20, 4012 Stavanger Turid og Arnvid Steinstø, Fyksesundvegen 768, 5612 Steinstø Arnhild Sekse, Bjørkevegen 215, 5612 Steinstø Alle innspel til oppstartsmeldinga (pr.15.03.2004), som er gjengitt i tekstdelen under kap. 1.01. Planarbeid, har vore med å forma det planframlegget som no ligg føre. Ein kort kommentar til innspela er teken med under Vurdering og i den rekkjefølgje dei er gjengitt i tekstdelen.
Vurdering: Arnhild og Svein Sekse. Brev dagsett 26.11.2003: Kommentarar: I gjeldande kommuneplan har eigedomen gnr.72 bnr.13 arealbrukskategori LNF (landbruknatur- og friluftsområde). Arealet er tilplanta med frukttre. Stranda har kvalitetar som er eigna til badefjøra, og vert i dag nytta mest av familiar med småbarn. Sjølve Nanes har ikkje dei same kvalitetane, difor er det vurdert som rett å sikra dette arealet til park og badefjøra. Planen føreset at dei 2 bygningane (naust og lagerhus) kan inngå i planen. Landbase i form av eit nybygg for det etablert blåskjellanlegget ved Steistøberget, bør søkjast løyst på andre stader. Området tilhørande 72/13 på oppsida av vegen vert føreslått regulert til jord og skogbruk slik det er bedt om. Eit bustadhus, med den avkøyrsle- og skulevegproblematikk dette medfører, vert ikkje tilrådd. Arnvid Steinstø. Heidi Steinstø Helgheim, Ola Steinstø. Brev dagsett 06.05.2003: Kommentarar: Ubyggingsplanane som er skissert i brevet ville bety at alt areal på nedsida av riksvegen gjekk med til bygge- og trafikkformål. I seinare samtaler med Arnvid og Ola Steinstø er planane redusert til å gjelda utviding eksisterande butikk, kafe, toalettanlegg og lager. I tillegg er teke med ein mindre kai og ei flytebryggje. Reguleringsplanforslaget tek sikte på at toalettanlegget i Kakebua også skal kunna tjena friluftsområdet og badestranda. Bergen Sjøfartsmuseum. Brev dagsett 24.02.03: Sjøfartsmuseet ventar med uttale til reguleringsplan ligg føre. Ingen kommentar. Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga, beredskapsavdelinga. Brev dagsett 19.12.02: Miljøvernavdelinga har merka seg at det ikkje skal byggjast fritidsbustader på nedsida av vegen og er positiv til at ein skjermar strandsona på denne måten. Meiner at nye naust bør samlokaliserast med eksisterande naust. Fylkesmannen er og positiv til at området er granska for rasfare og at rasfarleg område vert regulert til fareområde. Kommentar: I dette tilfellet er det mest tenelg å plassera nye naust, som er fellesnaust til hyttene, i ein utkant av planområdet. Samlokalisering ville i dette høve resultera i at ein skar over det samanhangande rekreasjonsområdet i forslaget.
Naturvernforbundet i Kvam. Brev dagsett 31.01.03: Når det gjeld plassering av nye naust vert vist til føregåande, elles ingen kommentar. Fiskeridirektoratet region Hordaland. Brev dagsett 30.01.03: Fiskeridirektoratet ber om at ein freistar å unngå konflikt med ein mindre brukt kaste- og låssettingsstad på staden og ynskjer å få ein eventuell søknad om utslepp av kloakk på høyring. Kommentar: Det er ein føresetnad at kloakk frå hyttene skal gå til utslepp i sjøen, og at utsleppssøknad vert fremja når utbygging er aktuell. Hordaland fylkeskommune. Brev dagsett 29.01.03: I samband med at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn kan det vera aktuelt med arkeologisk registrering av området for å reistrera om tiltaket kjem i konflikt med hittil ikkje registrerte kulturminne. Fylkeskommunen meiner det ville vera ein klar fordel om tiltakshavar tidleg i prosessen kunne klarleggja spørsmålet omkring kulturminneverdiar i området. Kommentarar: Haugen vest for kafeen og fruktutsalet er teken med som kulturminne. Byggjeområda for hytter ser ikkje ut til å koma i konflikt med synlege kulturminne, men det er vanskeleg for ein leg å vurdera slike verdiar. Leiv Ingmar Kaale. Kopi av brev til Egil Ulvund motteken 31.01.03: Kaale er, så vidt ein er kjend med, ikkje råka av planen som eigar, rettshavar eller representant for lag eller organisasjon. Innspelet til planleggjar i denne fasen av prosessen har både politisk og fagleg innhald. Kommentarar: Kaale har rett i at teksten i kunngjeringa er uheldig og kan tolkast slik at alt reguleringa omfattar er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel, sjøl om ----- gjeldande kommuneplan for friluftsområde m.m i neste avsnitt er presisert. Dette er ei feil som neppe kan få konsekvensar for planprosessen vidare. Hovudformålet med planen er å regulera Nanes til friluftsformål i tråd men arealdelen til kommuneplan for Kvam. Ein diskusjon om eventuell fordeling av plankostnadene vert ikkje teken her. Det vesentlege for Kvam herad er å sikra for ålmenta dei friluftskvalitetar som er i området. Samstundes ynskjer heradet å få avklart og samordna næringsinteresser og ålmenne interesser. Fylkesmannen i Hordaland, landbruksavdelinga. Brev dagsett 21.01.03: Landbruksavdelinga vil venta med eventuell uttale til planframlegg ligg føre. Ingen kommentar.