Foto: Statoil. Gass til Mongstad gir. ny giv til Vestlandet



Like dokumenter
Finansiering av dei offentlege fagskolane

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

Innkalling av Kraftfondsstyret

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Konsekvenser ved langvarig straumutfall

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Vedtekter for Fusa Kraftlag

NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Skyss, Bergen Adm. direktør Bernt Reitan Jenssen, Ruter As. Ruter sine strategiar på miljøområdet - kva fungerer?

8. Museum og samlingar

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Vurdering av allianse og alternativ

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Forslag frå fylkesrådmannen

Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Vår ref. 2012/ Særutskrift - Dispensasjon frå reguleringsplan og kommuneplan - 70/3, 5 - Årsnes - Norsafe AS

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Med fleire bein å stå på.

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING. Føresegner til bebyggelsesplan for felt B3 - Kvernevatn Aust

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Program OSTERØY HØGRE

«Nordhordland kommune»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Saksframlegg FELLES AVLAUP SANGEFJELL? VAL AV AVLAUPSLØYSING FOR EKSISTERANDE OG NYE HYTTER

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Adresseføresegner, Sund kommune

Kulturhistoriske registreringar

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Budsjett Økonomiplan

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Uttale om Årsbudsjett for 2015/økonomiplan frå Utdanningsforbundet Hordaland

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Transkript:

Foto: Statoil Gass til Mongstad gir ny giv til Vestlandet

Stortinget set som mål å auke bruken av norsk gass innanlands Målsettinga kan nåast ved å ta i bruk naturgass som råstoff i industrien og som energiberar Kraftvarmeverk Mongstad Statoil planlegg å byggje eit kraftvarmeverk på Mongstad. Anlegget vil få gass frå Kollsnes, og produsere straum og varme med ei total energiutnytting på over 70%. Kraftvarmeverket er planlagt ferdig i 2008, og vil forsyne raffineriet på Mongstad og Troll A-plattforma med elektrisitet. Kraftvarmeverket kan spare investeringar i nettet for over 400 millionar på Vestlandet. Kraftvarmeverk skaper ny giv Drivkrafta bak prosjektet er å forbetre konkurransesituasjonen til raffineriet gjennom betra energiutnytting. Mange gamle og lite effektive varmekjelder kan stengast ned, og dette vil redusere utslepp av CO2, NOX og svovel frå raffineriet. Det nye kraftvarmeverket vil kunne levere 280 MW elektrisitet til nettet og 350 MW varme til raffineringsprosessen. Kraftvarmeverket kan lagast slik at det er mogleg å fange CO2 for bruk i anna verksemd. Den planlagde tilknytinga til naturgasssystemet på Kollsnes vil bidra sterkt til effektiv og miljøvennleg energibruk i raffineriet. Eit kraftvarmeverk gjer det mogleg å utnytte overskotsgass frå raffineriet på ein betre måte slik at fakling kan reduseras ned mot null. Ein kort lokal rørleidning gjev store konkurransefordelar Mongstad har alt ein våtgassleidning frå Kollsnes: Leidninga på 12 tommar går over land til Sture og vidare i sjøen til Vestprosessanlegget på Mongstad. Det nye naturgassrøret vil i hovudsak følgje same trasé frå Kollsnes til Mongstad. Røret vil vere 60 km langt og vert lagt i kjent terreng. Alle føresetnader for å Millionar Sm3/dag 3 2,5 2 1,5 1 0,5 0 Kapasitet legge eit gassrør er tilstades, og investeringane blir moderate. Eit 10 tommar rør er kostnads-rekna til 600 mill. kr og vil dekke behovet til eit kraft-varmeverk, men røret vil ha for liten kapasitet til å levere gass til ny verksemd i området. Dersom det planlagde røret vert utvida til 12 tommar, vil dette koste om lag 10% ekstra, medan kapasiteten aukar med 60%. Transportpris på gass til Europa ligg på 20 øre/sm 3. Ved levering av gassen til Mongstad, vil transport-prisen vere 2 3 øre/sm 3. Ein brukar av gass på Millionar kroner 10" Rør 12" Rør 650 600 550 500 450 400 350 300 250 200 150 100 50 0 Kostnad Energiforbruk full kapasitet Gass vert brukt til: Luft Metanol Kjemikaliar Olefiner (Plastråstoff) EKSPORT EU Kollsnes Sture Troll Elkraft til Troll 12 Naturgass Råoljeterminal Gullfaks 60 km 12 Våtgass ( Vestprosess) Fedje Mongstadraffineriet Overskotsressurs/infrastruktur Vestprosess CO2 -deponering Varme Våtgass Naturgass CH4 Damp Fensfjordområdet Kraftvarmeverk Hydrogen Varme Damp Syntesegass Metallforedling Varmekrevjande industri Akvakultur CO2 Lutelandet Ammoniakk Nafta Plastråstoff Syntetisk olje Metanol Urea Voks Formaldehyd Veksthus Tørking Smelting Biofor Pelletproduksjon Fiskefor Sløvåg Hydrogen Karbon Ny petrokjemisk industri Gass til flytande produkt Ammoniakk Raffinerte produkt Nafta Plast Diesel Flybensin Oljeprodukt Voks Urea Salpetersyre Gjødning Bensin Diesel Flybensin

Mongstad kan derfor rekne med gode prisar på gass i forhold til brukarar på kontinentet. Industrielt samspel Tilgang på naturgass og overskottsvarme kan gi grunnlag for ny industri. Nye industri-etableringar vil dessutan kunne nyte godt av eksisterande infrastruktur frå dei etablerte industriområda; til dømes damp, varmt vatn, maritime tenester og tryggleikstenester. Eit slikt samspel, der overskotet frå ei verksemd er råstoff for naboverksemda, vil gje miljøvenleg og økonomisk god drift. Kraftvarmeverket og annan prosessindustri vil bli lagt slik at varme og damp er tilgjengeleg til varmekrevjande industri, som tørkeprosessar, akvakultur eller drivhus. Det vil òg vere mogleg å samle CO2 for eksport til trykkstøtte i oljefelt. Ny giv med råstoff frå Vestlandet Store olje- og gassressursar ligg like utanfor Fensfjordområdet. I vestlandsfjella er det mineralske ressursar som ventar på å bli tekne i bruk. Kombinasjonen gir grunnlag for ny og spennande industri. Vestlandet er i dag storeksportør av høgkvalitetsstein til Europa, og knust stein frå Sløvåg er mykje brukt til å dekke rørleidningar for gass og olje. Olivin vert nytta i smelteverk og til dekkingsmateriale offshore. Mineralet kan også binde opp CO2 gjennom å lage karbonat. Rutil blir brukt til å framstille titankvitt for bruk i pigmentindustrien. Ein mindre del går til å framstille metallisk titan. Anorthositt er eit spennande mineral med tanke på vår store aluminiumsindustri. Ein ny prosess frå Institutt for energiteknikk (IFE) gjer det mogleg å lage aluminiumoksid og binde CO2. Eit biprodukt er silisium. Prosessen brukar ammoniakk og salpetersyre, som vert framstilt av naturgass. Naturgass er også utgangspunktet for ei rekke produkt innan farmasi, maling og lakk, plast og kunstgjødsel. Petrokjemisk industri på Mongstad vil kunne levere metanol, ammoniakk eller syntetiske oljeprodukt, som kan eksporterast frå dei store kai-anlegga i området. Tilgang på naturgass og varme opnar for produksjon av organiske produkt, som fiskefor eller protein. Varmt vatn i store mengder kan gi grunnlag for ein akvapark. Varme kan også gi grunnlag for veksthus eller diverse tørkeprosessar for pelletproduksjon. EKSPORT NY EKSPORT Kollsnes Behandling/ Eksport Lutelandet Aluminiumoksyd Silisium Kalk Nitrat NATUR VÅT Mongstad Raffineri Petrokjemi Kraftvarmeverk Tørkeprosessar Sløvåg Metall Bio/Tørking Høyanger Aluminium Gudvangen Anorthositt Årdal Aluminium STRAUM Troll Produksjon/ utvinning

Fensfjordområdet Området har 2000 industriarbeidsplassar, og det ligg til rette for vidare utvikling. Meir enn 6000 skip trafikkerer årleg kaianlegga i Fensfjorden. Dette gjer kaianlegga til Europas nest største hamn. Eksportverdien av produkta utgjer om lag 100 milliardar kroner kvart år. Dette tilsvarer 1/5 av det norske statsbudsjettet. Store ledige areal På nordsida ligg Sløvåg med 700 dekar regulert til industriformål. På området er det etablert industri med djupvasskai for dei største skipa. Området er klargjort for vidare utbygging, og det er tilrettelagt med infrastruktur for industri og skip. På sørsida ligg Mongstad med meir enn 3000 dekar industriareal. Mongstad Vekst AS har 520 dekar tomteland med veg, vatn og kloakk. Elkraft, varme og gass vil vere tilgjengeleg. Området har etablert industri og servicenæring som yter tenester til Statoil Mongstad og Mongstad Base. Bedriftene kjenner prosess-industrien og kan stille kunnskap til disposisjon for ny verksemd. Nasjonalt reknestykke Etableringa av raffineriet på Mongstad førte til ein kraftig oppsving for regionen. I dag er det om lag 600 tilsette på Statoil Mongstad, og om lag 100 årsverk vert leigde inn. I tillegg kjem fleire tusen personar som indirekte nyt godt av verksemda. Dersom området rundt Fensfjorden skal vere eit vekstområde, må nye tiltak settast inn. I den samanheng vil gassrøret frå Kollnes til Mongstad gi råstoff til etablering av nye verksemder og styrke raffineriet sin konkurranseposisjon. Samfunnsmessig vil kraftvarmeverket vere lønnsamt når ein tek omsyn til reduserte utslepp av klimagassar frå raffineriet, og redusert behov for å styrke elkraftnettet i området. Kraftnettet vil bli meir robust, og det blir mindre tap i overføringar. I tillegg kjem gevinsten ved at raffineriet styrkjer konkurranseevna. Injeksjon av CO2 i eksisterande oljefelt kan auke produksjonen av olje og forlenge levetida til feltet. Det vil vere mogleg å fange CO2 frå kraftvarmeverket og annan petrokjemisk industri, og føre denne gassen i rør til Gullfaksfeltet, der den kan nyttast som trykkstøtte. Ringverknader skal normalt ikkje trekkast inn i bildet for å vise om eit prosjekt er samfunnsmessig lønnsamt. Ein kan likevel ikkje unngå å peike på nokre av moglegheitene som opnar seg ved tilgang på naturgass. Gass levert på Mongstad vil ha ein gunstig pris samanlikna med tilsvarande leveranse på kontinentet. Dette kan gi grunnlag for etablering av petrokjemisk industri i området. Når gassen vert brukt til å produsere ammoniakk, salpetersyre eller syntetisk olje vil verdien auke minst 6 gonger. Prosessen for å utnytte anorthositt vil i framtida kunne gi enda større ringverknader for Vestlandet. Ein kan då eksportere aluminiumoksid i staden for å importere råstoff. Ved ei minimal tilleggsinvestering kan dimensjonen på røret, som i hovudsak er finansiert ved etablering av kraftvarmeverket, mellom anna opne for prosjekta skisserte ovanfor.

Vestlandet samla om naturgass Vi i Sogn og Fjordane er opptekne av at det no blir sett fortgang i arbeidet med å ta i bruk naturgass i industriell samanheng. Det er viktig å føre gassrøyrleidningar med turvande kapasitet fram til industrien på Mongstad og Sløvåg i Fensfjordområdet. Framføring av gass til Sløvåg i Gulen vil kunne gje betydeleg næringsvekst, verdiskaping og god sysselsettingseffekt i denne delen av Sogn og Fjordane. Forsking på bruk av CO2 som innsatsfaktor ved prosessering av mineralressursar av typane anortositt, rutil og olivin må prioriterast. Staten må medverke i dette arbeidet. Sogn og Fjordane har eit stort verdiskapingspotensiale som vil kunne utløysast ved tilførsle av naturgass. Difor er det viktig at vi også har med Lutelandet i HAFSregionen når denne framtidskabalen skal leggjast. NILS R. SANDAL FYLKESORDFØRAR I SOGN OG FJORDANE Sløvåg industriområde er ei spanande industrisatsing på nordsida av Fensfjorden, vis a vis Statoil sitt raffineri på Mongstad. Bak etableringa står Gulen og Masfjorden kommunar, Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar, Staten ved Siva, samt lokale private aktørar. Alt frå lokale grundarar til internasjonale konsern er etablert med offshore-, skips- og eksportretta verksemd på staden. Fensfjordbassenget vil kunne medverke til auka aktivitet og nye etableringar i Sløvåg. Ilandføring av naturgass vil vere ein viktig faktor i infrastrukturen for vidare utvikling i området. Kraftforsyning har i ei årrekkje vore ei viktig næring i regionen, då særleg i Masfjorden, og no byggjer BKK også vasskraftverk i Gulen. Ei sikker kraftforsyning er svært avgjerande for industriutbygginga som no kan skyte fart kring Fensfjorden. Med ilandføring av naturgass kring Fensfjorden, kan energiforsyninga vidareutviklast både med tanke på gassforsyning og kraftforsyning. Meir enn 700 menneske har sitt daglege arbeid direkte relatert til industriklynga på Mongstad. Mongstadraffineriet, råoljeterminalen og Vestprosess har vorte den vekstimpulsen næringslivet i Nordhordland ein gong så sårt trong. No framstår Mongstad som sjølve navet i oljenasjonen Noreg. Verdiar for over 100 milliardar kroner passerer årleg denne industriklynga. For meg er det viktig at raffineriet får gjennomført sine ombyggingsplanar for energiforsyninga. Effektiv energibruk er avgjerande for at raffineriet skal kunna konkurrera i framtida på ein internasjonal marknad. Eg meiner at Noreg som oljenasjon må ha som mål å skape verdiar gjennom å foredla råstoffa frå sokkelen, og såleis syta for at vi også i framtida mellom anna kan produsera vårt eige drivstoff. Med utbygginga av energiverket følgjer også eit nytt gassrør mellom Kollsnes og Mongstad. Her har vi ein eineståande sjanse til å leggja til rette for ny verdiskaping knytt til bruk av naturgass, både rundt industriklynga på Mongstad og i Sogn og Fjordane. Eg er glad for dei initiativ som her er tekne for å sikra at gassleidningen mellom Kollsnes og Mongstad vert lagt med tilstrekkeleg kapasitet til at den kan forsyne andre brukarar enn raffineriet. Dette er heilt i tråd med Hordaland sin nye fylkesplan der auka bruk av naturgass er gjort til ei fanesak, og der første mål er å få realisert energiverket på Mongstad. Eg er glad for at Sogn og Fjordane står saman med Hordaland i arbeidet med å skapa ny verksemd i regionen knytt til bruken av naturgass, og ser med forventning fram til at arbeidet skal gje resultat. TORILL SELSVOLD NYBORG FYLKESORDFØRAR I HORDALAND Planane om eit energiverk på Mongstad, basert på gass gjennom eit røyrsystem som er dimensjonert for transport av meir gass enn det energiverket åleine vil forbruke, er det største industritiltaket i vår region dei siste 30 åra. Vi har sett dei positive ringverknadane av Mongstadanlegga for alle kommunane i området, og spesielt for den nordre delen av regionen har etableringa betydd mykje for sysselsetjing og busetnad. Desse områda vil også i framtida vera mest utsette i eit sentraliseringsorientert samfunn. Ein godt dimensjonert gassleidning til Mongstad vil kunne gi grunnlag for ny verksemd på begge sidene av Fensfjordbassenget. Det vil difor vera eit svært godt politisk tiltak for å oppretthalde og utvikle samfunnsstrukturen også i randområda av bergensregionen. www.reinelinjer.no rl0528 LARS HELLANDSJØ DAGLEG LEIAR I GULEN OG MASFJORDEN UTBYGGINGSSELSKAP HÅKON MATRE LEIAR, REGIONRÅDET NORDHORDLAND IKS Brosjyra er utarbeidd i samarbeid med: Mongstad Vekst AS Hordaland Olje og Gass Sogn og Fjordane Fylkeskommune Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap Med støtte frå: Sogn og Fjordane Fylkeskommune Hordaland Fylkeskommune Kompensasjonsfondet i Nordhordland og Gulen Kontaktpersonar: Bjørn Falck Russenes bjorn.falck.russenes@sf-f.kommune.no Stein Bjørlykke stein@holga.no