Bok. på Eg og Pontus går for gull. NyNorskseNteret. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus

Like dokumenter
Bok. på Bjørkebokstavar. NyNorskseNteret. Av Hilde Myklebust Illustrert av Tone Lileng

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Frå dikt til teikneserie

Frå novelle til teikneserie

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2018/2019 Hovudlæreverk: GOD I ORD

6-åringar på skuleveg

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

LOKAL LÆREPLAN ETTER LK-06 VED Vardåsen skole. FAG: Kroppsøving TRINN: 3. Timefordeling på trinnet: 2 t/u

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Minnebok. Minnebok NYNORSK

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Vi lærer om respekt og likestilling

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: GOD I ORD

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: GOD I ORD

Skjema for eigenvurdering

Last ned Språkskrinet 3. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Språkskrinet 3 Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Språkskrinet 1. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Språkskrinet 1 Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Språkskrinet 2. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Språkskrinet 2 Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Årsplan for klasse: 7.klasse År: 2016/17 Lærarar: Anita Thune Åmås og Elin Fredheim. Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Årsplan i norsk 7-trinn

Last ned På jakt etter svar og forståing - Anne Løvland. Last ned

Å skape og presentere ei framsyning

ESERO AKTIVITET HVORDAN SER MÅNEN UT? Lærerveiledning og elevaktivitet. Klassetrinn x-x

Årsplan Kroppsøving 5. trinn 2016/2017

Stasjonsarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

ÅRSPLAN I KROPPSØVING FOR 2.TRINN Uke Mål (K06) Tema Arbeidsform Vurdering og observasjon 34

LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE

Refleksjon og skriving

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

2 Sei tre ting du vil handle i matbutikken

Er du i mål? Legg til hundre på 347. Hvilket tall får dere da? Hva er halvparten av 62 minus 1? Hvilket multiplikasjonsstykke er dette?

ÅRSPLAN I KROPPSØVING FOR 2.TRINN Uke Mål (K06) Tema Arbeidsform Vurdering og observasjon 34

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Læreplan i kroppsøving - kompetansemål

Læreplan i kroppsøving - kompetansemål

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Fagplan i musikk. Faglærar:Aud Trinn: 7. Kompetansemål K06 Tema og innhald Kompetanse-/Læringsmål for undervisninga Musisering:

trinn: 4. trinn 2019/2020 Lærere: Åshild Ruud og Selma Hartsuijker Vurdering punkt Forslag

Vekeplan for 1. klasse Veke 1

Årsplan i Musikk for 6.årssteg Tips

Bok. på Månen som ville lyse som ei sol Av Elin Grimstad. NyNorskseNteret

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

ÅRSPLAN I KROPPSØVING FOR 2.TRINN

PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL

Årstrinn: 4. trinn 2018/2019 Lærere: Gro Stefferud og Marius Wathne. Vurdering punkt. Forslag

Det er ei ny verd som har opna seg! Vegar inn i den nynorske barnelitteraturen

imitere rytmer og korte melodier i ulike tempi, takt- og tonearter improvisere enkle stemmer og rytmer etter gehør

Elevundersøkinga 2016

Årsplan for Norsk

Steget skal ha 1t samfunnsfag pr. Veke. Noko av denne tida har vorte lagt til «Det er mitt val» og til matøkta.

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret:

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Uke Emne Kompetansemål Læremål Grunnleggende ferdigheter Musisere - Musikalske opplevelser - Klappeleker - Rytmeleker - Musikalsk hukommelse

Eksamen MUS2001 Ergonomi og rørsle 1 / Ergonomi og bevegelse 1. Programområde: Musikk, dans og drama. Fylkeskommunenes landssamarbeid

Læreplan i kroppsøving - kompetansemål

Årsplan Kroppsøving 5. trinn 2015/2016

Læreplan i kroppsøving - kompetansemål

Trollnytt for januar og februar

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

IKT-kompetanse for øvingsskular

17. mai Kva vil det seie å vere norsk?

AKTIVITETSTILBUD FOR AKS KORSVOLL SKOLE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Tema: Lesing i fag i teori og praksis.

Barnerettane i SKULEN

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

ÅRSPLAN I KRØ. FOR TRINN BREIVIKBOTN SKOLE LÆRER: Geir A. Iversen LÆRERVERK: KROPPSØVING FORFATTER. ERLEND VINJE

Kroppsøving 2.trinn

Fleirkultur i kvardag og høgtid

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Info til barn og unge

Årsplan Musikk 1. og 2.steg Farnes skule

Transkript:

Bok på 1-2-3 Eg og Pontus går for gull Av Odd Nordstoga og Rune Markhus Undervisingsopplegg for 3. 7. trinn i faga norsk, kroppsøving og musikk Tid: 90 minutt (pluss eventuelt etterarbeid og repetisjon) Utstyr og førebuing Kople opp pc med tilgang til internett og prosjektør Gjere boka klar for skjermvising i klasserommet Skriv ut «tusjdikt» frå kopieringsoriginal Ein tusj til kvar elev Til danse- og kroppsøvingssekvensen: Eit rom med plass til å danse på. Ark/skrivebok og blyant eller læringsbrett (til ekstra-skriveoppgåva) Til læraren. Kort om boka: Eg og Pontus er ikkje slik som du. Vi tenkjer oss aldri om to gonger. Vi gjer alt det du fann ut at du ikkje tør, ikkje kan, ikkje får lov til eller ikkje gidd likevel. Eg og Pontus vekkjer til liv ein mørklagd by, lagar fest og musikk, ranar kongen, fiksar ein revolusjon og feirar durabeleg etterpå. Alt på ein dag. Så reiser vi vidare. Formål Norsk Lese og arbeide med ulike bøker og tekstar Stimulere leselyst Frå kjerneelementa i norsk 2020: Elevane skal eksperimentere og bruke nysgjerrigheit i faget, og skal arbeide med skriftleg tekstskaping Kroppsøving Leike og vere med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra. Utforske rørsler til ulike rytmar og musikk. Frå kjerneelementa i kroppsøving 2020: Elevane skal delta i lag med andre i rørsleaktivitetar Musikk Lære folkedans og utforske rytmar Frå kjerneelementa i musikk 2020: Elevane skal utøve og oppleve musikk og jobbe med kulturforståing NyNorskseNteret NasjoNalt senter for NyNorsk i opplæringa

1 Før lesing (5 minutt) Vis framsida på storskjerm og snakk saman om illustrasjonen Kva er tittelen på boka? Eg og Pontus går for gull. Kven av dei to figurane trur du er Pontus og kven er «eg»-personen? Svaret er at katten er Pontus, men du kan gjerne svare elevane at det finn vi kanskje ut av når vi les boka. Kven har skrive boka? Odd Nordstoga, songar, låtskrivar og også forfattar. Kanskje kjenner du att stemma frå songen «Bestevenn» frå serien «Vaffelhjarte»: https://www.youtube.com/watch?v=h0ka518de4o Trur du det er same stemning i denne boka som i Bestevenn-songen? Kvifor, eller kvifor ikkje? Illustrasjonen viser rett nok to bestevenner, men gjev assosiasjonar til meir futt og fart enn i akkurat den songen. Nordstoga har røter i folkemusikken, og det kan vi høyre i mange av songane hans. Både i denne boka, og i folkemusikken før og no, er dans og livsglede viktige moment. 2 Lesing (20 minutt) Læraren les høgt samstundes som elevane ser boka på storskjerm. Forklar gjerne eitt og anna nytt ord undervegs når du les.

3 Etter lesinga (20 minutt) Individuelt arbeid, «tusjdikt» Del ut eitt ark til kvar elev med nokre utvalde strofer frå boka Eg og Pontus går for gull. Kvar elev brukar tusjen til å stryke over ord på arket, men vel ut eitt ord på kvar linje som ikkje skal strykast ut. Dei orda som står att, blir eit nytt dikt. Les dei for læringskameraten. Endra forteljinga seg når det lange diktet, boka, vart krympa til så få ord? Korleis vart forteljinga no, når ho verken rimar eller er komplett? (Her er ingen fasit, men det er fint å undre seg i lag om form og innhald) Snakk saman Kva var spesielt med teksten i forteljinga? (Ho er skriven i ei fast form der siste orda rimer: AABBCCC) Nokre dikt er slik med fast rim og rytme. Andre er det ikkje. Det er heilt opp til forfattaren korleis eit dikt skal vere. Ragnar Hovland har til dømes skrive dikt på eit heilt nytt språk: Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt Marama higo famas sepungo dilma fei lakama resolamas e girgo savakei Kvar er rimet her? Kva trur du diktet handlar om? Ekstra skriveoppgåve om de har tid Skriv eit tulledikt på eit heilt nytt språk, der første og tredje, og andre og fjerde linja rimar, som i Ragnar Hovland sitt dikt.

4 Kroppsmeistring: motiv frå halling (45 minutt) Til læraren, før økta Dersom de ikkje kan sjå på dansesnuttane på same rommet som de skal danse, er det lurt å sjå småfilmane først på klasserommet, før de går i gymsalen, ut på gangen eller ut på skuleplassen. Det går også an at læraren har med ein mobil eller eit læringsbrett dit ein skal vere, slik at ein kan sjå på instruksjonsfilmane undervegs. Introduksjon til elevane I boka er dei to vennene fulle av futt og fart, steller i stand fest og moro sjølv om kongen har forbode «alt til den minste trudelutt». Visste du at før brukte mange dans som ein måte å vise kor tøffe og sterke dei var? I lausdansen halling var det om å gjere å sparke hatten ned frå eit kosteskaft høgt oppe i lufta, medan spelemannen spela og alle sto rundt og klappa og beundra dansaren. Vi skal no lære nokre motiv frå halling, som ikkje handlar om å sparke ned hatten, men som er triks som utfordrar styrke, balanse og koordinasjon. Filmar frå Folkepedia: Motiv frå halling, til dømes kruking: http://www.folkepedia.no/kruking Fleire hallingmotiv: http://www.folkepedia.no/hallingmotiv Har de meir tid, kan de gjerne gjere danserørslene som «Rørslelotto»: http://www.folkepedia.no/rrslelotto

5 Tilleggsressursar (for vidare arbeid) Hauge-senteret sin diktverkstad med tips frå forfattarar: https://www.haugesenteret.no/ohh/no/hauge-senteret/barn_og_unge/poesiverkstad/ Film om elevar ved Ila skole i Trondheim som skriv «sansedikt» på nynorsk: https://sprakloyper.uis.no/article.php?articleid=107050&categoryid=19586 Om Odd Nordstoga: https://oddnordstoga.no/ Forteljing nummer 2 om «Eg» og Pontus. Omtale på nynorskbok.no: https://www.nynorskbok.no/2014/12/15/odd-nordstoga-eg-og-pontus-gar-i-land/ Episode (27 minutt) på NRK Super-serien «Min idrett er». Vilde sin idrett er dans (halling): https://tv.nrksuper.no/serie/min-idrett-er/msui16009115/sesong-1/episode-1 Vilde kom på 5. plass i hallingdans-klassen for dei under 18 år på Landskappleiken det året episoden vart spela inn, men vann denne klassen i 2019. Dansegruppa FRIKAR blandar moderne dans og tradisjonell halling. Kjenner du att nokre av motiva? https://www.youtube.com/watch?v=8an6g3wvahc