VURDERINGSRAPPORT RONG SKULE



Like dokumenter
VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT SKOGSVÅG SKULE

Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORT. Strandebarm skule

VURDERINGSRAPPORT Glesnes skule

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Øystese barneskule April - 08

: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli

Vurderingspraksis med fokus på norsk, engelsk og matematikk

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

VURDERINGSRAPPORT BJORØY SKULE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

ØYGARDEN UNGDOMSSKULE

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT GLESNES SKULE

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

VURDERINGSRAPPORT. Gjelsvik skule. Tema: VURDERING FOR LÆRING Anne Grethe Dale og Hildegunn Hatlem

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kvalitetsplan mot mobbing

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Sandeid skule SFO Årsplan

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Revidert mål og aktivitetsplan for prosjektet Ny start felles grunnlag aktive elevar

Plan for overgangar. for barn og unge

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

METODIKK FOR SKULEVURDERING

SAMARBEID HEIM OG SKULE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VFL på Rommetveit skule.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Velkomen til Mork barnehage

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Valdres vidaregåande skule

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Dokumentasjon etter tilbakemelding frå programkomiteen!

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Samansette tekster og Sjanger og stil

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Kom i gang med skoleutvikling

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Identitet; Opprettet; Utarbeidet av Godkjent av; Utgave nr; Dato: Ls-r PL OK-sjef

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Til deg som bur i fosterheim år

VURDERINGSRAPPORT KOLLTVEIT SKULE

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

IKT-kompetanse for øvingsskular

HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

mmm...med SMAK på timeplanen

VURDERINGSRAPPORT Hjelteryggen skule

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Transkript:

VURDERINGSRAPPORT RONG SKULE Vurderingsveka : Veke 14. 4. 7.april 2011

1 FØREORD Regionalt samarbeid om vurdering og kvalitetsutvikling Fjell, Øygarden og Sund (FØS) har etablert eit samarbeid om ekstern skulevurdering; med start våren 2008. I dette samarbeidet er økonomiske og personlege ressursar samla og nytta på tvers av kommunegrensene på ein god og effektiv måte. Ut frå forskrift 2-1- knytt til Opplæringsglova 14-1, fjerde ledd: Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei mål som er fastsette i den generelle delen av læreplanen og dei enkelte læreplanane for fag. Kommunen har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene. I Opplæringsslova 13-10,2.ledd heiter det også: Kommunen skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i lova og forskriftene blir oppfylte. Det vart i 2007 vedteke av skulesjefane/skulefagleg ansvarlege i FØS at det skulle etablerast eit vurderingsnettverk i regionen. Mål: Ei vurderingsgruppe på tvers av kommunegrensene skal vera til hjelp i arbeidet med pedagogisk kvalitetsutvikling i skulane. Føremålet er mellom anna: Knyta saman god praksis i regionen. Vedkjenna oss at skulen både treng, og kjem til å få «auge utanfrå». Nytta ekstern hjelp i vurderingsarbeidet og utvikla vurderingskompetanse. Oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunane sitt ansvar for å sjå til at skulane jamleg vurderar si eiga verksemd. Kven er vurderar? 22 personar i regionen er medlemmer i vurderingsnettverket, - 13 vurderarar og 9 hospitantar. Dei har brei og variert pedagogisk bakgrunn, og skal vurdera dei 31 grunnskulane i regionen innan 3 år, dvs. om lag 10 skular for kvart skuleår. 2-3 medlemar frå nettverket gjennomfører vurdering på ein skule, og ingen vurderer skular i eigen kommune. Denne gongen vil til saman 5 skular verta vurderte. Det vert ein ny vurderingsrunde hausten 2011 og då med 5-6 nye skular. Alle skulane i regionen har vorte vurdert ein gong. Våren 2011 startar andre vurderingsrunde. 2

Om prosessen Skulen vel eit fokusområde for vurdering, i samråd med skuleeigar. Fokusområdet må ha utviklingspotensiale. Fokusområdet vert meld inn til prosjektkoordinator. Vurderarane førebur sjølve vurderinga gjennom eit samarbeid med skulen, med utarbeiding av kriterium, og metodeval og verktøy tilpassa det området skulen ynskjer fokus på. Skulevitjing med kartlegging, observasjon og samtalar. Vurderinga vert gjennomført. Våren 2011 vil vurderinga verta gjennomført i veke 14 og 15. Rapporten Vurderarane skriv rapport om resultatet av vurderinga. Rapporten trekkjer både fram verksemda sine sterke sider innanfor vurderingsområdet, og kva utfordringar skulen har framover. Den gjev også informasjon om rammene for vurderinga tidsbruk, metodeval, verktøy m.m. Vurderinga tek ikkje mål av seg til å gje eit fullstendig bilete av skulen, men kanskje eit bidrag til kva ein skal arbeida vidare med innan det fokusområdet som er vurdert. Det er eit ynskje at dei reiskapar og metodar som har vore nytta, kan overførast til det interne vurderingsarbeidet skulen årleg arbeider med. Rapporten vert gjort offentleg på kommunen si web-side om lag ein månad etter at den er lagt fram for skulen og skuleeigar. 3

2 FAKTA OM SKULEN Rong skule er ein barneskule med 105 elevar fordelt på ni grupper på 1.- 7. trinn. To av gruppene har bokmål som målform. Skulefritidsordninga har 34 barn og har lokale i sambruk med ordinær skuledrift. Kommunen leigar undervisningslokale i bedehuset vis à vis skulebygget for å gi rom til alle klassane. Rong skule ligg i eit område med jamn tilflytting og mange utbyggingsprosjekt for bustadhus. Det er gang- og sykkelveg fram til skulen og iverksett trafikksikringstiltak langs riksvegen. I 2010 vart leikeområdet på skuleplassen totalrenovert med nye leikeapparat. Eit større aktivitetsområde sør for skulebygget vil vere tilgjengeleg for elevane og barna i nærmiljøet så snart kommunen får godkjend prosjektstart og iverksett nødvendige tilretteleggingstiltak. I januar 2011 stod nye elevtoalett i skulebygget ferdige. Det er også bygd nye léskur på nordsida av skulebygget. Personale: Rong skule og SFO er eiga driftseining med eit personale på 21,5 årsverk i faste stillingar- fordelt på 27 stillingar. Ved Rong skule er det tilsett rektor i 100% stilling, inspektør i 30% stilling og sekretær i 50% stilling. Organisering: Ved Rong skule er alle undervisningstimar rekna i 60-minutts økter med felles skulestart kl.8.30. 1.-4.-trinn har skuletid 2 dagar til kl.14.00, 1 dag til kl.13.00 og 2 dagar til kl.12.45. 5.-7.trinn har skuletid 4 dagar til kl. 14.00 og 1 dag til kl.13.30. SFO har opningstid frå kl.07.00-17.00. Ved Rong skule er matøkta lagt utanom undervisningstida. Dette gir meir tid til fagleg fokus og betre utnytting av timar med auka bemanning(spesialundervisning/tilpassa opplæring). Slik er elevane fordelt: 1.trinn: 10 elevar 2.trinn: 16 elevar 3.trinn: 9 elevar 4.trinn: 11 elevar 5.trinn: 13 elevar i 5A og 10 elevar i 5B 6.trinn. 16 elevar 7.trinn: 11 elevar i 7A og 10 elevar i 7B SFO: 34 elevar 4

Skulen sin visjon er: RONG SKULE - EIN SKULE FOR TRIVSEL OG GLEDE - MOTIVASJON OG LÆRING Skulen sine fagleg prioriterte område er: Elevvurdering Utvikle skulen sitt vurderingssystem slik at det vert tilpassa ny forskrift for vurdering. Implementering av portfoliomapper på alle trinn og i alle fag. Elektronisk formidling Vidareføring av It s learning og satsing på oppgradering av IT-utstyr. Lesestimulerande tiltak Utvikle funksjonell lesedugleik og fokusere på leselyst og leseglede. Klasseleiing - Arbeide med relasjonsbasert klasseleiing. Struktur Øygarden kommune er ein kommune med flat struktur. Det tyder at kvar tenesteeining står direkte under rådmannen. 5

3 VURDERINGSTEMA Rong skule starta arbeidet med å implementere nye vurderingsrutinar hausten 2010. Skulen har ved val av vurderingstema ønske om ekstern rettleiing i ein innleiande fase av arbeidet for å oppnå målretta og funksjonell vurderingspraksis. Dette er eit av skulen sine utviklingsmål og eit lokalt og nasjonalt satsingsområde. Tema: Elevvurdering - Vurdering for læring. Fokus på portfolio, elevsamtalar og utviklingssamtalar. Det kan i denne samanheng vere greitt å kome med ei presisering av omgrep som vi nyttar. Desse definisjonane er blitt til i samarbeid med Rong skule og vurderarane. Vurdering for læring: All vurdering som vert gjeven til eleven undervegs i opplæringa skal bidra til å fremje læring, utvikle eleven sin kompetanse, og gje grunnlag for tilpassa opplæring. Portfolio: Ein fortløpande mappevurdering med fokus på kva eleven kan, og ikkje kva han gjer. Det bør vere ei systematisk samling av elevarbeid som syner prestasjonar og framsteg, samt ha fokus på framovermeldingar. Elevsamtalar: Ein planlagt og strukturert samtale mellom lærar og elev. Samtalane skal vere fagorienterte og ha fokus på læringsmål, måloppnåing og framovermeldingar. Utviklingssamtalar: Ein planlagt og strukturert samtale mellom lærar, føresette og elev. Gjennom samtalane skal ein formulere nye utviklingsmål på bakgrunn av korleis eleven står i høve til kompetansemåla og eigne føresetnader. Den kan til dømes ta utgangspunkt i portfolio og elevsamtalar. I forskrift til opplæringsloven (FOR-2006-06-23-724) 3-1 - Rett til vurdering, finn vi i følgjande: Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Retten til vurdering inneber 6

både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa. Vidare i same paragraf finn vi: Det skal vere kjent for eleven, lærlingen og lærekandidaten kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal og være kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering og kva som blir vektlagt i vurdering i orden og åtferd. I 3-2 - Formålet med vurdering, finn vi følgjande: Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane. Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven, lærlingen eller lærekandidaten aukar kompetansen sin i fag. Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa i faget. Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd. Undervegsvurdering og sluttvurdering skal sjåast i samanheng for å betre opplæringa. Kunnskap om elevens, lærlingens og lærekandidatens utvikling i fag, orden og åtferd gjennom undervegsvurdering gir læraren grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter i fag, orden og åtferd 7

4 KRITERIUM/KVALITETSKRAV Kriterium tyder her krav til kjenneteikn på god kvalitet. Dei fastsette kriteria er henta frå lov, regelverk, rettleiingar, læreplanverk og skulen sine eigne planar. Når vurderarane gjennomfører ei vurdering, vert kriteria og teikn på god praksis jamført med den informasjon som er samla inn om temaet; gjennom intervju, observasjon o.a. på skulen. Kriteria speglar ønskja om å finna ut kvar skulen står i dag med omsyn til vurderingstemaet. Kriterium i denne rapporten er utforma av vurderarane, og godkjende av skulen. GLANSBILETE Rong skule KRITERIUM Skulen har felles system og rutinar for vurdering. TEIKN PÅ GOD PRAKSIS Skulen har utarbeidd tydelege læringsmål på alle trinn og i alle fag. Skulen har eit felles system for dokumentasjon av undervegsvurderingar av elevane. Skulen har system for bruk av portfolio i arbeidet med elevvurdering. Skulen har ein plan for elevsamtalar på alle trinn. Skulen har ein plan for utviklingssamtalar på alle trinn. Skulen har eit felles skjema for dokumentasjon av utviklingssamtalar. Skulen har felles skjema for vurdering av kompetansemål. Skulen har eit felles system for vurdering av orden og åtferd. Lærarane har utviklande og målretta dialog med elevane. Lærarane gjennomfører elevsamtalar. Elevane får vite kva dei skal gjere for å få høgare grad av måloppnåing. Elevane kjenner til dokumentasjon over 8

eiga utvikling. I utviklingssamtalen får elevane tilbakemelding på korleis dei står i forhold til kompetanse- og læringsmåla. Elevane møter tydelege læringsmål for den einskilde timen. Elevane får tydeleg oppsummering av kvar time. Elevane deltek i vurderinga av eige arbeid. Det er jamleg kommunikasjon mellom skulen og dei føresette om eleven si læring og utvikling. Elevane er kjende med kjenneteikna for lav, middels og høg kompetanse. Elevane får øving i bruk av ulike former for vurdering av eige arbeid. Elevane reflekterer over eiga læring. Elevane kjenner til innhaldet i elevsamtalen. I elevsamtalen er elevane aktivt med å formulere utviklingsmål. Føresette får informasjon om forskriftene for vurdering i opplæringslova. Portfolio er ein reiskap der føresette får informasjon om eleven si utvikling. Det er to planlagde og strukturerte utviklingssamtaler mellom skule og føresette i løpet av skuleåret. Dei føresette får perioderapportar med eleven si utvikling to gongar i året. Det er lett for føresette å få kontakt med skulen. Skulen er ein lærande organisasjon. Leiinga støttar og oppmuntrar lærarane og er pådrivarar i arbeidet med elevvurdering. Det er lagt til rette for systematisk erfaringsutveksling og refleksjon i høve til arbeidet med vurdering for læring. Dei tilsette har eigarskap til utviklingsarbeidet. Det vert sett av tid til arbeidet med vurdering. 9

5 DELTAKARAR I VURDERINGA Interne: - Intervju med elevar frå 4.-7. klasse. - Intervju med pedagogar. - Intervju med rektor og inspektør. - Påstandsskjema frå alle føresette. - Foreldremøte med føresette til elevar frå alle trinn (FAU). Eksterne: Torhild Martinsen og Solveig Ellingsen. Hospitant: Lisa Steffensen og Jan Petter Farestveit. Både som observatørar og som deltakarar i vurderingsarbeidet. Grunngjeving for val av informantar. For å få eit grundig og oversiktleg bilete er det viktig å snakke med mange informantar, og at dei har ulik rolle i skulekvardagen. Alle lærarane, samt eit utval elevar og foreldre har vore til samtale. Alle elevane, alle foreldra og alle lærarane har gått gjennom påstandsskjemaa som vi har utarbeidd for denne vurderinga. 10

6 TIDSBRUK Det er avsett ei veke (5 arbeidsdagar) til å vurdere ein skule. Med i dette er også ein startdag der vurderarane møter skulen for fyrste gong - for avklaringar og planlegging. Møtet vert kalla Førehandsmøtet. Under sjølve vurderinga er vurderarane på skulen i inntil 4 dagar. Skulen får rapporten siste dagen. I forkant og undervegs førebur vurderarane informasjon, metodar, verktøy og driv vurdering av informasjon og har oppsummeringar. Å gjennomføra ei kvalitetsvurdering på 3 dagar er knapp tid, og inneber ei avgrensing av vurderinga. Tidsplan, Rong skule. Eksternvurdering i veke 14. TID TILTAK ANSVAR Veke 4 25.jan. Frist for å melda inn vurderingstema. Skulen Veke 6 9.feb. Møte om vurderingskriteria nettverket (12.02). Vurderarane Veke 10 8.mar. Veke 11 Veke 11 Veke 11 Veke 12 Veke 13. - Vurderarane har møte med rektor/ inspektør på Rong skule. - Be om relevant materiell frå skulen til bruk i vurderingsarbeidet. - Skulen (lærarar/inspektør) kjem med innspel til kriterium og kjenneteikn på god praksis (glansbilete). - Gjennomgang og fordjuping i vurderingstema. - Gjera eventuelle ytterlegare avklaringar i tema. - Laga framlegg til kriterium og kjenneteikn på god praksis (glansbilete), sende dette til skulen. - 15.mars: Frist for skulen å kome med eventuelle rettingar/kommentarar til glansbilete. - 17.mars: Glansbilete ferdig og sendt. - 17. mars: Lage ferdig påstandskjema. - 18.mars: Påstandsskjema vert sendt til rektor, og det vert avtalt tid for retur. - Førebuingar: endeleg val av metodar, dokumentanalyse, observasjonsskjema, samtaleguidar og timeplan for vurderingsveka. - Henta påstandskjema torsdag 24.mars. - Oppsummering av påstandsskjema. - Innkalling til Foreldremøte ut måndag 28.mars. - Info om metodebruk og kven vi ynskjer som Vurderarane Vurderarane Skulen Vurderarane/ rektor Vurderarane og admin. ved skulen Vurderarane/ rektor 11

Veke 14 4-7.apr. Vurderingsveka. Veke 15 11.apr. Innan 15.apr. Innan 6 månader etter vurderinga informantar. - Koma med ynskjemål til rektor om timeplan for vurderingsveka. Måndag onsdag: - Observasjon i klassane. - Samtale med elevar frå 4.-7. trinn. - Samtale med rektor og inspektør. - Samtale med lærarane. - Foreldremøte (FAU) (måndag 4.april kl.18.00-19.30) Torsdag kl. 14.00-15.00: - Framlegging av rapport for rektor, personalet og skuleansvarleg i kommunen. Frist for skulen: Innspel om faktiske feil. Endeleg rapport vert sendt skule/ kommune og vert lagt ut på nettet. Skulane sender ei evaluering av vurderingsarbeidet til koordinator. Rektor rapporterer til skuleeigar om arbeidet med utviklingsområda. Vurderarane gjennomfører tiltaka. Skulen Vurderarar, skule og kommune Rektor Rektor 12

7 METODAR Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metode. Vanlege metodar er dokumentanalyse, spørjeskjema, krysskjema, individuelle samtalar og gruppesamtalar, møte og observasjon. I denne vurderinga er følgjande metodar nytta: Dokumentanalyse Skulen sende vurderarane ulike dokument. Ringperm med relevant informasjon; verksemdsplanen, overordna kommunale/ politiske målsetjingar, arbeidsplanar, vekeplanar. Skulen har ikkje gjennomført organisasjonsanalyse eller ståstadsanalyse. Denne burde lagt til grunn her. Kriterium og teikn på god praksis Vurderarane utarbeidde kriterium med utgangspunkt i Kunnskapsløftet og lovverket. Det vart gjennomført eit førehandsmøte med skulen i veke 10. Personalet ved Rong skule kom saman med vurderarane fram til eit forslag til glansbilete. Dette forslaget som skulen deretter godkjente, vart utgangspunktet for utarbeiding av påstandskjema, samtaleguidar og observasjonsskjema. Spørjeskjema/Påstandsskjema Ved denne vurderinga valde vi å bruka påstandsskjema som vart utarbeidd både til elevar, føresette og lærarar. For å kunna gjera djupdykk i temaet vart det utarbeidd samtaleguidar på bakgrunn av innhenta informasjon gjennom påstandsskjemaa. Samtaleguidane vart nytta i vurderarane sine intervju med leiinga, lærarar, elevar og føresette. Observasjon I løpet av veka har vi observert i alle klassar ved skulen i ulike fag. Vi har snakka med einskilde elevar og lese i arbeidspermar og arbeidsbøker. Vi har sett på lekse-, veke- og arbeidsplanar. Vurdering Vurderarane føretok ei vurdering, ved å spegla utsegna frå tilsette, elevar og føresette mot utarbeidde kriterium og teikn på god praksis. Utifrå vurderinga vart det trekt konklusjonar. 13

8 SKULEN SINE STERKE SIDER INNAN VURDERINGSOMRÅDET Vurderingsgruppa har funne følgjande sterke sider innan vurderingsområdet: 1. Skulen har felles system og rutinar for vurdering. Kjenneteikn: Skulen har eit felles system for dokumentasjon av undervegsvurderingar av elevane. Skulen har ein plan for innføring av eit felles system for dokumentasjon av undervegsvurdering. Alle lærarane gjennomfører undervegsvurderingar, både skriftleg og munnleg. Det er noko ulik praksis og det vert nytta fleire ulike skjema. Kjenneteikn: Skulen har ein plan for elevsamtalar på alle trinn. Vurderingsgruppa ser at skulen har utarbeidd ein plan for elevsamtalar på alle trinn. Dette vert stadfesta av elevar, føresette, lærarar og leiinga ved skulen. Dette er og nedfelt i verksemdsplanen til skulen. Kjenneteikn: Skulen har ein plan for utviklingssamtalar på alle trinn. Vurderingsgruppa ser at skulen har utarbeidd ein plan for utviklingssamtalar på alle trinn. Dette vert stadfesta av elevar, føresette, lærarar og leiinga ved skulen. Dette finn ein i verksemdsplanen til skulen og i Forskrift til opplæringslova 3-9 Kontakt med heimen og 3-11 Undervegsvurdering. 14

Kjenneteikn: Skulen har eit felles skjema for dokumentasjon av utviklingssamtalar. Vurderingsgruppa ser at skulen har eit felles skjema for dokumentasjon av utviklingssamtalar. Skjemaet vert fylt ut av lærar i samband med utviklingssamtalen og det vert sendt heim ein kopi i etterkant. Kjenneteikn: Skulen har felles skjema for vurdering av kompetansemål. Det er utarbeidd eit skjema for vurdering av kompetansemål. Kjenneteikn: Skulen har eit felles system for vurdering av orden og åtferd. Det er utarbeidd eit felles system for vurdering av orden og åtferd. Her blir ein vurdert på fem ulike område etter fargekode raud, gul og grøn. Skulen legg til rette for at eleven, føresette og lærar fyller ut skjemaet saman i utviklingssamtalen. 2. Lærarane har utviklande og målretta dialog med elevane. Kjenneteikn: Lærarane gjennomfører elevsamtalar. Vurderingsgruppa har fått stadfesta av elevar, føresette, lærarar og leiinga ved skulen at det vert gjennomført elevsamtalar. Skulen har avsett tid til at kontaktlærar kan gjennomføre samtalane. 15

Kjenneteikn: Elevane får vite kva dei skal gjere for å få høgare grad av måloppnåing. Vurderingsgruppa har fått stadfesta av elevar, føresette og lærarar at det blir gjeve tilbakemeldingar på kva eleven kan gjere for å få høgare grad av måloppnåing. Dette kjem særskilt fram gjennom veketestar, diverse heimearbeid og den daglege munnlege tilbakemeldinga. Det er og tema i elev- og utviklingssamtalane. Kjenneteikn: Elevane kjenner til dokumentasjon over eiga utvikling. Elevane stadfestar at dei samlar ulike arbeid i ringpermar, eller ved å lime inn i arbeidsbøker. Nokre av dei beste arbeida tek dei med vidare i portfoliomappa. Vurderingsgruppa har sett at dette stemmer. Kjenneteikn: I utviklingssamtalen får elevane tilbakemelding på korleis dei står i forhold til kompetanse- og læringsmåla. Elevar, føresette og lærarar stadfestar at tilbakemeldingane dei får i utviklingssamtalen tek utgangspunkt i kompetanse- og læringsmål i dei ulike faga. Skulen ber preg av å ha god orden og struktur på alle område, både i klasseromma og på fellesområda. Eit godt døme på det er at alle klasserom har raude permar til å samle elevarbeid og kvite permar merka som portfoliomappe. Desse har sin faste plass slik at både elevar og lærarar lett kan setje inn arbeid her. 16

4. Det er jamleg kommunikasjon mellom skulen og dei føresette om eleven si læring og utvikling. Kjenneteikn: Føresette får informasjon om forskriftene for vurdering i opplæringslova. Kjenneteikn: Det er lett for føresette å få kontakt med skulen. Dei føresette stadfestar at dei får informasjon og kjenner til forskriftene i opplæringslova. Dei opplever det og som lett å få kontakt med skulen. Kjenneteikn: Det er to planlagde og strukturerte utviklingssamtaler mellom skule og føresette i løpet av skuleåret. Kjenneteikn: Dei føresette får perioderapportar med eleven si utvikling to gongar i året. Vi finn i Forskrift til opplæringslova 3-9 Kontakt med heimen og 3-11 Undervegsvurdering. Vurderingsgruppa har fått stadfesta frå alle partar at utviklingssamtalane blir gjennomført to gongar i året. Det kjem og fram at lærarane er godt førebudde til desse samtalane. I samband med dette har det vore praksis å gje ut ein perioderapport. 5. Skulen er ein lærande organisasjon. Kjenneteikn: Leiinga støttar og oppmuntrar lærarane og er pådrivarar i arbeidet med elevvurdering. Lærarane har vore på kurs i vurdering for læring både i kommunal og lokal regi. Dei gjev uttrykk for at dei får støtte og oppmuntring i arbeidet med elevvurdering frå leiinga. Skulen har timeplanfesta tid til elevsamtalar for kontaktlærarane. Dei har og brukt av fellestida til å arbeide med dette. 17

Kjenneteikn: Dei tilsette har eigarskap til utviklingsarbeidet. Dei tilsette er godt i gang med denne prosessen og viser vilje til å utvikle eit felles system. Kjenneteikn: Det vert sett av tid til arbeidet med vurdering. Skulen har ein møteplan som syner at det er sett av tid til dette arbeidet. 18

9 SKULEN SINE UTVIKLINGSOMRÅDE INNAN VURDERINGSOMRÅDET Rong skule er i ein innleiande fase med å implementere nye vurderingsrutinar for skuleåret 2010/2011.Ut frå vurderingsarbeidet har vi valt følgjande utviklingsområde for skulen: 1. Skulen har felles system og rutinar for vurdering. Kjenneteikn: Skulen har utarbeidd tydelege læringsmål på alle trinn og i alle fag. Skulen har tidlegare gjort eit grundig arbeid i samband med lokale fagplanar. Dette er eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med å utvikle felles læringsmål i dei ulike faga på dei ulike trinna. Lærarane nyttar ofte tydlege læringsmål for emne og ein finn læringsmål på dei fleste vekeplanar. Dette er ikkje systematisert slik at det blir brukt av alle lærarar på alle trinn. Vi finn ulik praksis. Det kjem og tilbakemeldingar på at ein prøver å utvikle system. Mange gjer her mykje godt arbeid. Vi har sett mål formulert som gjeremål og tema, ikkje som læringsmål. Skulen bør ha eit felles system for utarbeiding av læringsmål uavhengig av lærar og trinn. Eit felles system vil gjere læraren sitt arbeid lettare å administrere og vere med på å kvalitetssikre skulen sitt arbeid. Det vert og lettare for føresette å følgje med og gjere sin del av oppfølgingsarbeidet (Jfr. Læringsplakaten pkt. 10). Kjenneteikn: Skulen har system for bruk av portfolio i arbeidet med elevvurdering. Vi har sett at skulen har sett i gang eit arbeid med bruk av portfoliomapper, ein finn det på alle trinn. Skulen må ta dette meir aktivt i bruk. 19

Kjenneteikn: Skulen har eit felles system for vurdering av orden og åtferd. Det er utarbeidd eit felles system for vurdering av orden og åtferd. Her blir ein vurdert på fem ulike område etter fargekodane raud, gul og grøn. Skulen legg til rette for at eleven, føresette og lærar fyller ut skjemaet saman i utviklingssamtalen. Kriteria for vurderinga av orden og åtferd er ikkje tydelege nok. 2. Lærarane har utviklande og målretta dialog med elevane. Kjenneteikn: Elevane møter tydelege læringsmål for den einskilde timen. Mange av elevane møter læringsmål for dei ulike emna. Dette kjem fram på vekeplanar og oppslag i klasseromma, men dei blir ikkje alltid presisert for den einskilde timen. Det er viktig for motivasjonen for læring at læringsmåla vert kommunisert og bevisstgjort for elevane også i den einskilde timen. Kjenneteikn: Elevane får tydeleg oppsummering av kvar time. Oppsummering er med på å konkretisere kva ein har lært og gjev hjelp til å setje opp mål for vidare arbeid. Både elevar og lærarar fortel om ulik praksis her. Fleire lærarar fortel at dei har oppsummering på slutten av dagen og i slutten av veka. Dette kjem an på tema, fag og trinn. Dei fortel at oppsummeringa er med på å motivere elevane til neste økt. Lærarane må innarbeide rutinar for oppsummering av timen. 20

3. Elevane deltek i vurderinga av eige arbeid. Forskrift til opplæringslova 3-12 seier at elevane skal kunne delta aktivt i vurderinga av sitt eige arbeid. Dette finn vi også att i Læringsplakaten pkt. 3 og 5. Skulen har dette nedfelt i verksemdsplanen. Kjenneteikn: Elevane er kjende med kjenneteikna for lav, middels og høg kompetanse. Vurderingskriteria for læringsmåla i dei ulike faga må vere kjende for elevane. Dei skal gje informasjon om kor eleven står, virke motiverande og gje skulen eit betre grunnlag for å tilpasse vidare arbeid. Elevane veit kva fargekodane tyder, men dei er ikkje kjende med kva kriterium/kjenneteikn som ligg til grunn for vurderinga. Kjenneteikn: Elevane får øving i bruk av ulike former for vurdering av eige arbeid. Kjenneteikn: Elevane reflekterar over eiga læring. Eigenvurderinga krev at elevane har kompetanse til å forstå kompetanse- og læringsmål, først då kan ein reflektere over eiga læring. Eleven må lære å vurdere seg sjølv for å forstå korleis ein skal nå målet, gjennom å øve på ulike former for eigenvurdering. Dette er motiverande for elevane. Mange elevar er med på å vurdere seg sjølv. Det er ulik praksis når det gjeld form og system. Det er viktig å få fram at det vert gjort mykje godt arbeid som kan utviklast vidare og strukturerast. 21

Kjenneteikn: Eleven kjenner til innhaldet i elevsamtalen. Kjenneteikn: I elevsamtalen er elevane aktivt med å formulere utviklingsmål. I følgje verksemdsplanen skal elevsamtalane vere fagorienterte og ha fokus på læringsmål, måloppnåing og framovermelding. Alle elevar, føresette og lærarar stadfesta at dei hadde elevsamtalar kontinuerlig. Det kom fram at mange av elevane ikkje kjenner godt til innhaldet i samtalen på førehand. For å vere med på å formulere utviklingsmål, må elevane vere førebudde til samtalen. Det bør vurderast å standardisere samtalane i ein felles mal som fangar opp modning og alder. Elevane må få høve til å førebu seg. 4. Det er jamleg kommunikasjon mellom skulen og dei føresette om eleven si læring og utvikling. Kjenneteikn: Portfolio er ein reiskap der føresette får informasjon om eleven si utvikling. Hovudføremålet med portfolio er at elevane, føresette og lærarane skal ha ein reiskap som skal vere med å dokumentere utviklinga til elevane. Det skal også vere eit hjelpemiddel i planlegging og vurdering av eige arbeid. Vi har sett at alle trinn har portfoliomapper. Bruken av desse er svært varierande frå trinn til trinn. Det er gjort mykje godt arbeid, men ein bør ha eit felles system for bruken. Dette fordi mappa følgjer eleven ut sjuande trinn. 22

5. Skulen er ein lærande organisasjon. Kjenneteikn: Det er lagt til rette for systematisk erfaringsutveksling og refleksjon i høve til arbeidet med vurdering for læring. Det har vore lagt til rette for opplæring både lokalt og kommunalt. Her har ein opparbeida seg kompetanse på området, og det vert gjort mykje godt arbeid. Likevel kjem det fram at personalet ikkje alltid har felles forståing av kva som ligg i omgrepa knytt til vurdering for læring. Det er og ein del ulik praksis i gjennomføringa av vurderingsarbeidet. Skulen må setje av tid til systematisk refleksjon og erfaringsutveksling. 23

10 IDEAR TIL VIDARE ARBEID Utviklingsområde Skulen bør utarbeide tydelege læringsmål på alle trinn og i alle fag. Skulen bør få eit betre fungerande system for bruk av portfolio i arbeidet med elevvurdering. Skulen bør få eit felles system for vurdering av orden og åtferd. Elevane bør få møte tydelege læringsmål for den einskilde timen, samt ein tydeleg oppsummering av kvar time. Idéar. Erfaringsdeling: Viktig å dele alle dei gode idéane med kvarandre. Det er gjort mykje godt arbeid som bør kome ut. To gode stikkord her kan vere erfaringsutveksling og felles utprøving. Omgrepsavklaring: Setja av fellestid for å utvikla sams forståing for alle omgrepa knytt til elevvurdering. Portfolio: Det kan være lurt å verte samde om kor mykje og kor ofte ein skal leggje inn arbeid i permane. Det bør merkast med dato og kategoriserast i fag og/eller trinn. Faglærar må få tid til elevsamtale. Det er viktig med kontinuerlig kvalitetssikring i vurderingsarbeidet. 24

Faglitteratur: Elevane bør bli godt kjende med kjenneteikna for lav, middels og høg kompetanse. Elevane bør få øving i bruk av ulike former for vurdering av eige arbeid, og få reflektere meir over eiga læring. Engh, Dobson og Høiholder: Vurdering for læring. Limstrand, Kirsten Margrethe: Elevsamtalen. En kjelde til danning og vekst. Slemmen, Trude: Vurdering for læring i klasserommet. Internettadresser: Eleven bør få betre kjennskap til innhaldet i elevsamtalen på førehand, og aktivt vere med på å formulere utviklingsmål. Portfolio er ein reiskap der føresette får informasjon om eleven si utvikling. Det er lagt til rette for systematisk erfaringsutveksling og refleksjon i høve til arbeidet med vurdering for læring. Skolenettet: http://www.skolenettet.no/moduler/vurdering/templates/p ages/startpage.aspx?id=64600&epslanguage=no Elevvurdering i kunnskapsløftet powerpoint: http://bart.idium.no/rkkofote.tmp/filestore/bedrevurdering 3-NilsO.Nilsen.pdf Kjennetegn på måloppnåelse: http://mondosearch.skolenettet.no/cgibin/msmgo.exe?grab_id=0&page_id=12867&query=kjenne tegn&hiword=kjennetegna%20kjennetegne%20kjenn ETEGNENE%20KJENNETEGNENES%20KJENNETEGNER%20 KJENNETEGNES%20KJENNETEGNET%20kjennetegn%20 Filmer: http://www.skolenettet.no/moduler/vurdering/templates/pages/sectionpa ge.aspx?id=64658&epslanguage=no 6 månadar etter at skulevurderinga finn stad, vil rektor rapportera attende til skulesjef/skulefagleg ansvarleg korleis skulen har arbeidd med utviklingsområda sine. Det politiske fagutvalet vil få ei orientering. Rong skule 07.04-2011 vurderar FØS vurderingsnettverk hospitantar FØS vurderingsnettverk 8 stk Vedlegg 25

Påstandsskjema til elevar ved Rong skule. VEDLEGG 1 Vurderingsområde: Vurdering for læring. Set kryss: Eg går i : 3.klasse 4.klasse 5.klasse 6.klasse 7.klasse Nr Påstandar Set kryss under 4 dersom du er heilt einig i påstanden, 1 om heilt ueinig. 1 Eg likar meg på skulen. Heilt einig 4 Litt einig 3 Litt ueinig 2 Heilt ueinig 1 2 Eg veit kva eit læringsmål er. 3 Læringsmåla hjelper meg til å vite kva eg skal lære. 4 Eg veit korleis læraren vurderar arbeidet mitt. 5 Eg veit kva eg kan i dei ulike faga. 6 Eg veit alltid kva eg skal læra i dei ulike i faga. 7 Eg er kjend med kjenneteikna for lav, middels og høg kompetanse. 8 Eg veit korleis lærarane vurderer meg i orden. 9 Eg veit korleis lærarane vurderer åtferda mi. 10 Eg får kvar veke vist kva eg kan/har lært meg. 11 Eg veit når eg har gjort eit godt arbeid. 12 Eg veit korleis eg kan bli betre i faga. 13 Eg får seie noko om korleis eg meinar eg kan bli betre. 14 Læraren min visar meg korleis eg kan vurdere arbeidet mitt på fleire måtar. 15 Eg samlar arbeida mine i ei mappe 26

(portfolie). 16 Elevsamtalen hjelper meg til å forstå korleis eg skal jobbe for å lære best mogleg. 17 Eg er med i utviklingssamtalen. 18 Eg veit på førehand kva vi skal snakke om i utviklingssamtalen. 27

Påstandsskjema til føresette ved Rong skule. VEDLEGG 2 Vurderingsområde: Vurdering for læring. Set kryss: Barnet mitt/vårt går i: 1-4.klasse 5-7.klasse Nr Påstandar Set kryss under 4 dersom du er heilt einig i påstanden, 1 om heilt ueinig. 1 Eleven møter tydelige læringsmål i alle fag. Heilt einig 4 Litt einig 3 Litt ueinig 2 Heilt ueinig 1 2 Eleven får vite kva arbeid som er bra og kvifor. 3 Eleven får vite kva arbeid som må forbetrast og korleis. 4 Dei føresette kjenner til at skulen har eit system for bruk av portfolio i arbeidet med elevvurdering. 5 Elevvurdering i faga fører til auka motivasjon for læring. 6 Eleven veit kva lærarane ser etter når dei vurderer arbeidet hans/hennar. 7 Eleven får gjennom samtale med læraren tilbakemelding om faglig utvikling. 8 Som føresette deltek vi i samtale om eleven si utvikling minst to gongar i året. 9 Samtalane er planlagde og strukturerte. 10 Som føresette førebur vi oss til samtalen saman med eleven. 28

11 Eleven må vurdere seg sjølv i høve til læringsmål (eigenvurdering). 12 I samtalen blir vi einige om felles mål for tida framover. 13 Som føresette får vi perioderapportar med eleven si utvikling to gonger i året. 14 Det er lagt til rette for tovegskommunikasjon i samtalane. 15 Som føresette er vi kjende med forskriftene for vurdering i opplæringslova. 16 Som føresette kjenner vi til korleis skulen vurderer orden og åtferd. 17 Føresette får lett kontakt med skulen. 18 Eleven trivst på skulen. Har du andre kommentarar eller kommentarar til påstandane kan du skrive det her: 29

Påstandsskjema til lærarar ved Rong skule. VEDLEGG 3 Vurderingsområde: Vurdering for læring. Set kryss: Eg arbeidar i hovudsak på: 1-4.trinn 5-7.trinn Nr Påstandar Set kryss under 4 dersom du er heilt einig i påstanden, 1 om heilt ueinig. Skulen har felles system og rutinar for vurdering. Heilt einig 4 Litt einig 3 Litt ueinig 2 Heilt ueinig 1 1 Skulen har utarbeidd tydelege læringsmål på alle trinn og i alle fag. 2 Lærarane har kompetanse i elevvurdering. 3 Lærarane har sams forståing av kva vurdering for læring inneber. 4 Skulen har system for bruk av portfolio i arbeidet med vurdering for læring. 5 Skulen har ein plan for kartlegging av ferdigheiter hos elevane på alle trinn. 6 Skulen har system for evaluering av kartleggingsprøvar. 7 Skulen har system for oppfølging av kartleggingsprøvar. 8 Det er system for kvar ein lagrar dokumentasjon som viser eleven si utvikling. 9 Skulen har ein plan for utviklingssamtalar på alle trinn. 30

10 Skulen har ein plan for elevsamtalar på alle trinn. 11 Det vert arbeidd systematisk med oppfølging av læringsmåla. 12 Skulen har eit felles system for vurdering av orden og åtferd. Lærarane har utviklande og målretta dialog med elevane. 13 Eg gjennomfører elevsamtalar jamleg. 14 Elevane mine får vite korleis dei står i høve til kompetanse- og læringsmåla. 15 Elevane får vite kva arbeid som må verte betre og korleis. 16 Eg legg vekt på å utvikla elevane si evne til å vurdere eige arbeid. 17 Eg legg til rette for at elevane kan delta aktivt i elevsamtalen. 18 Elevane mine får kome med innspel på kva dei skal arbeide vidare med. 19 Elevane mine kjenner til dei ulike vurderingsmåtane eg nyttar. 20 Vurderingane mine fører til auka motivasjon for læring. 21 Elevane mine møter tydelege læringsmål. 22 Elevane mine møter målbare læringsmål. 31

23 Elevane mine møter synlege læringsmål. Elevane deltek i vurderinga av eige arbeid. 24 Elevane mine er kjende med kjenneteikna for lav, middels og høg kompetanse. 25 Elevane mine får øving i bruk av ulike former for vurdering av eige arbeid. 26 I elevsamtalen er elevane aktivt med å formulere utviklingsmål. Det er jamleg kommunikasjon mellom skulen og dei føresette om eleven si læring og utvikling. 27 Føresette får informasjon om forskriftene for vurdering i Opplæringslova. 28 Føresette får informasjon om skulen sin plan for vurdering for læring på alle trinn. 29 Eg gjev dei føresette informasjon om korleis eg vurderar elevane mine. 30 Føresette får informasjon om eleven sin utvikling gjennom bruk av portfolio. 31 Føresette deltek i samtalar om eleven si utvikling minst to gonger i året. 32 Dei føresette får perioderapportar to gonger i året. 33 Det er lett for dei føresette å få kontakt med skulen. 34 Eg gjev dei føresette informasjon om læringsmåla til elevane. 32

35 Eg legg til rette for tovegskommunikasjon i samtalane med dei føresette. Skulen er ein lærande organisasjon. 36 Leiinga støttar og oppmuntrar meg som lærar i arbeidet med vurdering. 37 Det er lagt til rette for systematisk erfaringsutveksling og refleksjon i høve til arbeidet med vurdering for læring. 38 Leiinga veit korleis undervisninga mi føregår. 39 Det vert sett av tid til arbeid med vurdering. 40 Eg har eigarskap til utviklingsarbeid. 41 Lærarane er opne for endringar. Har du andre kommentarar eller kommentarar til påstandane kan du skrive det her: 33

VEDLEGG 4 OBSERVASJONSSKJEMA Observasjon Vi ser teikn på tydelege læringsmål. Ja Nei Merknad Kriteria for måloppnåing er synlege. Elevane får tilbakemeldingar. (Skriftlege eller munnlege). Vi ser bruk av portfolio. Elevane vurderar seg sjølve. Oppslag på veggen (orden,åtferd). Orden i klasserom. 34

VEDLEGG 5 Samtaleguide Elevar Rong skule. Kommenter desse påstandane og spørsmåla. Forklar og kommenter. 1. Veit du kva du skal lære i dei ulike faga? (Læringsmål) a. Korleis får du vite dette? b. Kan du lese det nokon plass, eller er det nokon som fortel deg det? 2. Veit du når du kan litt,middels og mykje om eit emne i eit fag. a. Korleis veit du dette? 3. Har du elevsamtale med læraren to gongar i året? a. Veit du på førehand kva de skal snakke om? b. Kva snakkar de om? 4. Får du i denne samtalen vite korleis du jobbar i dei ulike faga? 5. Får du i denne samtalen vite kva du må gjere for å bli betre? 6. Korleis brukar de portfolio i klassen dykkar? 7. Vurderer du deg sjølv i dei ulike faga? a. Korleis gjer du det? b. Korleis får du øve deg på det? 8. Veit du noko om korleis læraren vurderar din orden og åtferd? a. Korleis veit du det? 9. Har du og dine foreldre utviklingssamtale med læraren to gongar i året? a. Veit du på førehand kva de skal snakke om? b. Kva snakkar de om? 10. Eventuelle andre tillegg som elevane vil vi skal ha med. 35

VEDLEGG 6 Samtaleguide Føresette Rong skule. Kommenter desse påstandane. 1. Elevane kjenner læringsmåla i alle fag. 2. Vi er kjende med korleis eleven står i høve til læringsmåla i dei ulike faga. 3. Vi er kjende med korleis eleven vurderar seg sjølv i høve til læringsmåla (eigenvurdering). 4. Vi får jamleg tilbakemelding på korleis eleven gjer det på prøvar og anna arbeid. Forklar. 5. Som føresette vert vi gjort kjende med innhaldet i utviklingssamtalen, slik at vi kan førebu oss saman med eleven. Forklar. 6. Portfolio vert brukt som ein reiskap i arbeidet med elevvurdering. Dette systemet kjenner vi føresette til. Forklar. 7. Eleven får vite kva dei må gjere for å bli betre i dei ulike faga. 8. Føresette vert gjort kjende med kjenneteikna for høg, middels og lav måloppnåing i alle fag. (I høve til læringsmål og kompetansemål). 9. Som føresette kjenner vil til korleis skulen vurderar orden og åtferd. 10. Korleis kjenner de som føresette til forskriftene for vurdering i opplæringslova? 36

VEDLEGG 7 Samtaleguide Lærarar og administrasjon Rong skule. Kommenter desse påstandane og spørsmåla. Forklar og kommenter. 1. Veit elevane kva dei skal lære i alle fag? Korleis får dei vite det? 2. Korleis veit elevane når dei har høg, middels og lav måloppnåing i eit emne? 3. Korleis har de som lærarar jobba med kjenneteikna for måloppnåing? 4. Korleis planlegg og strukturerar du elevsamtalen? 5. Korleis får elevane førebu seg til elevsamtalen? 6. Får elevane aktivt vere med å formulere utviklingsmål? 7. Korleis brukar du/de portfolio i arbeidet med elevvurdering? 8. Vurderar elevane seg sjølv i dei ulike faga? Korleis undervisar du elevane i eigenvurdering? 9. Skulen har utarbeidd tydelege læringsmål på alle trinn og i alle fag? Korleis har de arbeidd med dette? 10. Kva er legg / de i omgrepet vurdering for læring? Korleis har de arbeidd med dette? 11. Har skulen eit felles system for vurdering av orden og åtferd? 37

12. Er det lett for lærarar å få kontakt med dei føresette? 13. Korleis førebur du deg, eleven og føresette til utviklingssamtalen? 14. Legg du til rette for tovegskommunikasjon i samtalen? Er dei føresette og eleven med på å formulere nye utviklingsmål? 15. Får dei føresette perioderapportar to gongar i året? Er det ein felles mal for desse? 38

VEDLEGG 8 Til FAU og klassekontaktar. Mars 2011-03-25 I samband med ekstern skulevurdering ynskjer vi FAU og ALLE KLASSEKONTAKTAR VELKOMNE TIL MØTE Dato: Måndag den 4.april Tid : 18.00 19.30. Stad: Personalrommet på skulen. Vi legg opp til gruppearbeid om temaet: ELEVVURDERING- Vurdering for læring. Vi ser fram til eit spennande møte og godt samarbeid. Helsing Vurderingsnettverket i. Solveig Torhild Lisa Jan Petter Ellingsen Martinsen Steffensen Farestveit 39