TYSVÆR KOMMUNE FORVALTNING Dato: 07.06.2017 Vår ref: 17438/2017 2017/1332 Saksbehandlar: Linda Dehlin Fluvåg Tlf. 52 75 72 10 Arkiv: Dykkar ref: ARKITEKTKONTORET BREKKE HELGELAND BREKKE AS Postboks 29 5501 HAUGESUND OPPSTARTSMØTE - REGULERINGSPLAN FOR SMÅBÅTHAMN PÅ KVINNESLAND Plannr.: 2017 05.. gnr.:..59.. bnr.: 93.. Plannavn: Småbåthamn Kvinnesland.. Stad: Tysvær rådhus, Cleng Person-rommet Møtedato: 07.06.2017. Forslagsstillar/søkjar: Jan Henning Kvinnesland Konsulent/kontaktperson: Brekke Helgeland Brekke AS, v/ Mona Fågelklo og Thomas Brekke Kommunens deltakarar: Bjørg Tone Vikshåland (forvaltningsleiar), Linda D. Fluvåg (forvaltning), Kjetil Staveland (brann og redning), Marlin Ø. Løvås (miljøvernrådgjevar), Thorstein Holtskog (planrådgjevar), Ragnar Vikshåland (VA). Bakgrunn og presentasjon av planforslaget: Reguleringsplanen blir laga på bakgrunn av eit innspel i kommuneplanen i 2015, kor det blei lagt inn område for småbåthamn med om lag 150 båtplassar. I kommuneplanen er det berre lagt ut område i sjøen som småbåthamn, mens det er LNFområde på land. I kommuneplanen er dette tenkt slik at det ein skal løyse det i reguleringsplansamanheng. En del av området ned til den planlagde hamna er sett av til camping i kommuneplanen. Det var planer om bruk av området til camping, men det skal antaklegvis ikkje nyttast til det likevel. I områdeplanen for Slåttevik som er utarbeidd, men ikkje godkjent, er det vist avkøyrsel inn til området. Denne områdeplanen treng ein ikkje ta omsyn til. Momentliste ting som må avklarast i planarbeidet: Planområdet: Planen er å etablere ein veg ned til den planlagde småbåthamna, med utgangspunkt i avkøyrselen inn til området. Det skal også opparbeidast parkeringsplass, samt eventuelt eit felles hus til nytte for båtplassen klubbhus/ samlingspunkt. Det skal også tilretteleggast for Postadresse: Postboks 94 Telefon sentralbord Telefaks 5575 AKSDAL 52 75 70 00 52 75 70 01 Org.nr.: 964 979 812 Telefon avdeling: Telefaks avd E-mail-adresse: post@tysver.kommune.no
å setje opp naustbygg nede ved stranda. Ein kan vurdere moglegheita ved å ha klubbhus som loftsetasje til naustbodene. Veg: Det er svært bratt for bilar å komme seg ned til stranda, og det er då naturleg at parkering skal føregå lenger oppe i området. Likevel er det klart at det vil vere fordelaktig om det blir etablert eit område kor ein kan køyre ned og lesse av ting (og personar), for å så køyre tilbake for å parkere lenger oppe. Det må anleggast ein anleggsveg i forkant for å komme til for å lage hamna. Men ein vurderar framleis om det er mogleg med fast køyreveg heilt ned, med parkering. Grunneigar har prata med entreprenør og skal vurdera om det er mogleg å lage parkeringsplass på botn, eller om det er for bratt. Det er nok ein bratt veg, og universell utforming er utelukka. Ein må ta med i planlegginga at det skal vere mogleg å komme heilt ned til hamna med ein større bil, og ha ein snuplass. Der kor det blir lagt opp til parkering, må ein også leggje opp til snuplass. Frå parkeringsplassen og til hamna er det om lag 100 meter. VA: Kloakk: Alternativ å gå i sjøen eller å pumpe opp til vegen. Ein får ikkje sjølvfall her, det må pumpast opp uansett. Ein kan leggje pumpeleidning oppe ved vegen. Det må bli ein privat pumpestasjon. Det ligg ein pumpestasjonen ved vegen (ved Askeland sitt felt), som antakeleg er kommunal. Dette må bli ein del av den tekniske planen vidare. Krav til vatn: Vatn: Det er usikkert om det er 20 liter eller meir i sekunder i dette området, men det kan vere tett opptil her. Ein kan lage brannpostar med sjøvatn til eige bruk, men brannvesenet tar ikkje i bruk dei. Brannfare / forsamlingshus: Det er framleis ikkje avklara om forsamlingslokalet er tenkt lenger opp ved parkeringsområdet eller om det er tenkt som toppetasjen på naustbodene. Om det blir ved parkeringsplassen vil det vere i ein etasje med rømming rett til terreng. Lokalet er tenkt å vere om lag 120 m2 bygg. Det er viktig å leggje opp til det som folk ynskjer, slik at folk kjem hit for å leggje båten sin her. Fleire ifrå området rundt Karmsundet er interessert, då her er gode forhold for båthamn. Planavgrensing: Ein held seg til avgrensinga ut i sjøen, og mot eigedomsgrensa i nord, mot Melkevik. Ein tar med vegen ned til hamna, men ikkje med LNF-området som ligg ved sidan av. Kulturminner: Eit fortidsminne som ligg i nærleiken av planområdet. Det er opplyst at dette er ei signalrøys. Rogaland Fylkeskommune får planen til uttale.
Omsynssoner kommuneplan: Det er gyteområder i sjø i området som er lagt inn i kommuneplanen etter Fiskeridirektoratets uttale. Det var ingen innspel i høve til at ein la inn småbåthamn i kommuneplanen. Trålfelt var registrert i 2007-2008. Ein må ta omsyn til kva tidspunkt ein legg ut flytebryggjene, i høve til gyteperiodar. Dette må tas med i føresegna. Etter informasjon frå grunneigar er dette ikkje eit område som er i bruk som trålfelt i dag. Fiskeridirektoratet har sagt at det er Fiskarlaget som har gitt informasjonen. Når det gjeld gytefeltet, er dette lagt inn etter informasjon frå Havforskningsinstituttet. Her er det ein del registreringar. Funksjonell strandsone: Planomtalen må sei noko om dette, då deler av planområdet er i eit LNF-område. Krav ifht. brannberedskap i hamna/ anna beredskap: Ein bør tenke på å gruppere hamna, slik at båtplassane er meir oppdelt. Dette slik at ein ikkje risikerar at alt brenn om uhellet er ute. Ein kan leggje inn brannpostar. Det er planlagd flytebryggjer i betong. Det er utgitt ein rettleiing ifrå Norsk brannvernforeining, som ein kan sjå på. Vidare er det viktig å leggje opp til ei småbåthamn som har den beste løysinga i høve til tilkomst for dei med båtar, og for kva som skjer ved ulukker. Gjerne ved at delar av flytebryggjene berre er tilgjengelege for dei som har båtar ved anlegget, og tilkomsten avgrensas med portar. Tilgong til kaiområdet/allmenn ferdsel: Ein kan sei at kaien er open for allmenn ferdsel, men at småbåthamna ikkje er tilgjengeleg. Kan vere lurt at ikkje alle lett kan bevege seg ut på bryggjene, ved at det er etablert port. Utslepp/ anna: Det skal ikkje vere mogleg å heise båtar opp på land og spyle dei reine i denne småbåthamna. Dette krev stor plass, og at det er behov for oljeutskiljar og liknande. Gassleidning/ sikringssone: Det er ein gassleidning som går litt lenger sør for området. Sikringssona har noko å sei ifht. kva tiltak ein har lov til å gjera, og då kvar ein kan leggje ankringspunkta for flytebryggja. Her må ein varsle til Gassco og be om ein kommentar ifrå dei. Dei ynskjer melding om fysiske tiltak som skjer. Dette er grunneigar kjent med ifrå tidlegare.
Det er viktig at ein i forkant har avklara korleis flytebryggja skal ankrast. Dette vil Fiskarlaget vest, Gassco og Hamnevesenet vere interessert i, og ei tidleg avklaring her vil vere nyttig i den vidare prosessen. Konsekvensutgreiing: Ein treng ikkje konsekvensutgreiing, då det er føresett i kommuneplanen at ein skal ned via eit LNF-område for å kome til det området som er sett av som småbåthamn. Det er også føresett i kommuneplanen at tilkomst skal avklarast i reguleringsplan. Ein treng ikkje å ha omsyn til forslag til områdeplanen for Slåttevik, den er ikkje er behandla eller godkjent. Planen treng vanleg ROS-analyse. Varsling: Etter tidlegare erfaringar med Fylkesmannen meiner kommunen at det er lurt å grunngje kvifor det er behov for så mange båtplassar (150 stykk), i eit område kor det allereie er andre båthamner, og då båthamna ikkje blir etablert i samband med eit nytt stort hytte/byggjefelt. Dette er noko Fylkesmannen er opptatt av. Her er det ein fordel om ein klart visar at det skal skje etappevis utbygging av småbåthamna og leggje det inn i føresegna også. Parkering: Etter kommuneplanen skal småbåthamner ha 1 parkeringsplass for kvar tredje båtplass. Når det er planlagd om lag 150 båtplassar inneber dette mange parkeringsplassar. Ein kjem til å fråvike dette, då det er svært mange i dette området. Her må ein argumentere for kven det er som skal nytte plassane, og at ein treng mindre plassar om det er mange lokale som skal nytte seg av småbåthamna. Renovasjon: Det er naturleg at dette blir sett i tilknyting til parkering, og ein må leggje opp til snuplass. HIM har eigne retningslinjer ein kan sjå på. Ein må likevel ikkje ha HIM, då dette vil vere ei næringsverksemd, og ein kan velje fritt blant renovasjonsfirma, ein må berre ha ei ordning på det. Det kan stå i føresegna at det er krav om avfallsplan på hamna. Ein kan godt skrive også i planomtala at det ikkje er tenkt å ha båtar på land for spyling og vasking osv. Naustboder og anna: Det er teikna inn eit område inn på land, og der har ein tenkt å lage naustboder. Dette blir eit felles bygg med boder, kvar på om lag 3 m2. Det er fleire måtar å løyse dette på. Eit alternativ er ei rekkje med naustboder, kor kvar har si eiga dør, då det er smalt ved strandsona. Då vil klubbhuset leggast ved parkeringsplassen. Ein ser ikkje føre seg å leggje inn vatn i bodene, berre ein tappepost. Det er viktig å merke seg at lågaste sluk skal vere minst 2,5 meter over havnivå. Dette er også avgjerande for kor
ein skal ha toalettbygg. Desse 2,5 meterane gjeld rom for varig opphald, eller rom med teknisk utstyr. Evt kan ein legge stikkontaktar høgt på veggen/under taket. Her må ein sjekke kommuneplanen. Dette har ingenting å gjere for plassering av kai eller boder. Planføresegna: Ein må skrive avgrensingar på areal, storleik og utforming i føresegna. Anna: Ein kan leggje ved ein 3D-modell som visar småbåthamna. Ein må mellom anna varsle Kystverket, Karmsund Hamnevesen, Fiskarlaget Vest, Fiskeridirektoratet, Statoil, Gassco, Stavanger Maritime Museum. Med helsing Linda Dehlin Fluvåg Saksbehandler Kopi til: Marlin Øvregård Løvås Kjetil Staveland Ragnar Vikshåland Thorstein Holtskog Dette dokumentet er godkjent elektronisk og krev derfor ingen signatur.