Foto: Svein-Jørgen Wiken Gjeld Meland kommune sin uttale til NVE sitt varsel om oreigning av rettar etter oreigningslova 2 nr.54 i Nedre Skjevlo, Rylandsvassdraget Bakgrunn for saka: NVE varslar om at dei har motteke søknad frå konsesjonshavar for vassrettar i Rylandsvassdraget, Salar bruk om å ekspropriera grunn til etablering av overløpsterskel i utløpet av Bjørndalsvatnet og veg fram til overløpsterskel ved Nedre Skjevlo, med tilbakemeldingsfrist 25.juni 2015. Lovheimelen for oreigninga skal ifølge konsesjonshavar ved advokatfirmaet Harris finnast i oreigningslova 2.54 og i vassressurslova 51 og 3 bokstav a og b. Dei hevder og at tiltaket fell inn under vassressurslova 2.53 om tiltak vil vern mot flaum eller utrasing i vassdrag, samt at tiltaka er meir til gagn enn skade, at ein overløpsterskel og er til fordel for dei øvrige grunneigarane rundt vatnet. Overløpsterskelen er ifølge adv. Harris ein nødvendig føresetnad for den konsesjon som er gjeve. Det vert vist til konsesjon gjeve av NVE 07.09.2001 som gjev heimel for uttak av vatn for produksjon av settefisk. Vatnet vil ifølge denne kunne regulerast mellom kote +9.83 og kote +11.14. Ifølge konsesjonshavar ved advokatfirmaet Harris har tiltaket berre verknader for tre grunneigarar, Kitti Brakstad, gbnr. 6/2 og Lars Skinveit, gnbr. 44/2 som er grunneigarar der tiltaket er tenkt gjennomført som det ikkje er inngått avtale med, og Johan T. Gjersvik, eigar av gbnr. 6/5 som det er inngått minneleg avtale med.
Vasslaget av 1974 for Rylandsvassdraget Dette vasslaget vart skipa som ei følgje av tidlegare tvist om regulering av vassdraget. I 1960-åra starta dåverande Rylandsvåg Fiskeri A/S med istandsetjing av Nedre Skjevlo og ny demning vart bygd ved utløpet av Rylandsvatnet. Gamle reguleringsforhold vart tekne opp att, og det gav høgare vasstand med ulemper for lågtliggjande jordbruksareal. Det oppstod konflikt mellom konsesjonshavar og grunneigarane om rettane til regulering av vassdraget, og saka enda i Gulating lagmannsrett i 1974. Saka vart løyst gjennom eit utanomrettsleg forlik mellom konsesjonshavar og brorparten av grunneigarane rundt vatnet. Hovudpunktet i dette forliket er ei avtale med fastsetting av ei øvre reguleringsgrense, ein årleg indeksregulert kompensasjon til grunneigarane på kr.10 000 for leige av vassrettane, og at konsesjonshavaren tok på seg kostnadane for skader på bygningar oppført før avtalen var inngått dersom vasstanden aukar over den fastsette reguleringsgrensa. Eit nytt kryss i berg vart sett som fastmerke for den øvre vasstanden (dette krysset er ikkje omtvista og er seinare oppmålt til kote +11.14). Veg fram til Nedre Skjevlo som det nå vet søkt om oreinging for, er ikkje ein del av konsesjonen gjeve av NVE i 2001. Vilkåra for konsesjonen er utløpt Vasslaget valde nytt styre på årsmøtet i april. Årsmøtet og det nye styret meiner at konsesjonen frå 07.09.2001, som er bakgrunnen for at oreigningssøknaden er sendt til NVE forlengst er falt bort. I løyvet var det i punkt.2 sett byggjefristar: «Om ikkje arbeidet med bygging av nye demningar og legging av leidning til vassinntak er starta opp innan ein frist på 3 år frå dato for løyvet, fell konsesjonen bort. Det same gjeld om arbeidet deretter vert innstilt i meir enn 2 år.» Av dei tiltaka det vart gjeve konsesjon til i 2001, vart terskel ved Rylandsvatnet sitt utløp og legging av leidning til settefiskanlegget ferdigstilt alt før 2007. Etter det har det ikkje vore gjennomført tiltak omfatta av konsesjonen frå 2001. Toårsgrensa for innstilling av arbeida sett for dei tiltaka det no er søkt om oreigning for er difor for lengst løpt ut. Oreigningsheimelen ugyldig? I punkt 5 i brevet frå advokatfirmaet Harris datert 19.12.2014 går det fram at det kan vere tvil knytt til spørsmålet om NVE har oreigningsmynde i saka. «En legger til grunn at NVE, som konsesjonsmyndighet, også er ekspropriasjonsmyndighet for vilkår fastsatt i konsesjon, jfr. forskrift til oreigningsloven av 2. juni 1960. For det tilfellet at det ikke skulle stemme, ber vi om snarlig tilbakemelding.» Slik Vasslaget ser det, heimlar vassresurslova 51 berre oreigning av «rådighet over vassdrag og grunnvatn», ikkje anlegg på land som det her er snakk om. Tvilen som adv. Harris sjølv opnar for om det finst oreigningsheimel for desse tiltaka i vassdragslova, kan Utvalet for drift og utvikling leggje til grunn for sitt vedtak i denne saka. Vasstand langt over kote +11.14 vil verte normalsituasjonen Vasslaget meiner med god grunn å kunne hevde at nivået som er fastsett for overløpsterskelen ved øvre regulerte vasstand vil skape alvorlege flaumsituasjonar oppstraums for terskelen i Bjørndalsvatnet og Storavatnet, og gjere skade på bygningar og naturverdiar rundt desse vatna. Laget vil difor avvise påstanden i søknaden om at overløpsteskelen ved Nedre Skjevlo vil verte ein fordel for dei øvrige grunneigarane rundt vatna. Både terskelen si lengde og høgde er avgjerande for kor mykje vatn som vil renne ut, men vasstanden vil, så lenge det ikkje vert slept ut vatn i ei flaumluke, stå høgare enn kote +11.14 i 11 av
12 månader i året. Tal frå andre vassdrag med slike tersklar viser at flaumnivå ofte er langt høgare enn HRV fastsett for vassdraga av NVE. Etablering av terskel utan flaumregulering ser Vasslaget på som eit tilnærma permanent brot på vassavtalen etter forliket i 1974. Ved kraftige nedbørstilfelle som vi i det siste har sett mange gongar årleg, vil vasstanden auke til minst 60cm over høgda på terskelen. Dette viser og dei hydrologiske modellene som ligg ved søknaden, sjølv om desse ikkje er basert på dei nyaste nedbørsprognosene. Vasslaget viser til flaumen i november 2005 (samme hausten som det var dødsfall grunna ekstremnedbør både på Hatlestad og Hetlebrekka i Bergen), då stod vatnet 60 cm over krossen ved kote +11.14. Det vart både i 2004 og 2005 gjort flaumskader på ei hytte på Åsebø (gbnr 46/16) og på fleire båtar rundt vatna. Dei fleste nausta rundt vatnet stod meir enn halvfulle med vatn. Vasslaget vil hevde at terskelen vil gje fleire årvisse flaumar på nivået vi såg i 2005 og at dette sjølvsagt er i strid med vassavtalen frå 1974 mellom konsesjonshavar og grunneigarane. I denne avtalen er kote +11.14 sett som øvre vasstand og ikkje terskelnivå for demninga, noko som kjem klart fram i avtalen. Den omsøkte terskelen vert, slik Vasslaget ser det, først og fremst bygd for å kunne magasinera meir vatn enn det som har vore vanleg til no. Dei nedbørsmengdene vi har hatt dei siste åra og som etter klimaprognosane berre vil auke i tiåra framover, vil kunne gjere vassnivå over kote +11.14 til ei tilnærma normalstilstand for vatna. Nedbørsauken må føre til nye hydrologiske modellutrekningar Vasslaget vil hevde at er grunnlag for sterk tvil om dei hydrologiske modellane som ligg til grunn for konsesjonen i tilstrekkelg grad tek høgde for den urovekkande utviklinga når det gjeld auka nedbørsmengder og nedbørsintensitet. Før ombygging i Nedre Skjevlo vert igangsett, må vi vere sikre på at terskelhøgda og andre mekanismar som elektrisk fjernstyrt botnluke, sikrar at flaumvatnet kan takast ut av Bjørndalsvatnet/Storavatnet før vasstanden når kote +11.14. Vasslaget sit med kopi av korrespondanse mellom NVE og Salar bruk AS som syner at det ikkje er gjort ei grundig utgreiing av flaumverknaden av overløpsterskelen. Vasslaget krev uavhengige utgreiingar om flaumverknaden oppstraums av den planlagte terskelen basert på nyaste prognosar og statistikkar for nedbøren i nedslagsfeltet. Utvida bruk av vassrettane Vasslaget vil og vise til at grunnlaget for konsesjonen var vassforsyning til eit anlegg med 2,5 mill. smolt. Fiskeridirektoratet har i vedtak 15.11.2007 etter søknad frå konsesjonshavaren tillete dette auka til 5 mill. smolt. I etterkant av dette er det etter det Vasslaget kjenner til gitt løyve av fiskeristyresmaktene til ei ytterlegare auke til 7,5 mill. smolt. NVE konkluderte alt i 2007 ned at vassuttak i samband med denne utvidinga, at auka vannuttak kan føre til skadar eller ulemper for allmenne interesser i eit slikt omfang at det er naudsynt med særskilt konsesjon etter vassressurslova 8. Det har i seinare tid vore søkt om og innvilga ytterlegare auke til 11,5 mill. smolt, altså ei meir enn firedobbel mengd smolt enn det som låg til grunn for konsesjonen i 2001. Vasslaget sit og med kopi av ei lengre korrespondanse mellom konsesjonshavar og NVE, der det går klart fram at konsesjonshavar ynskjer ved særlege høve å regulere vatnet utover dei 1,31 metra det er gjeve løyve til. NVE har her fasthalde at regulering utover 1,31 meter vil krevje ny konsesjonshandsaming. Det at vassdraget nedstraums for Rylandsvatnet i lange periodar har vore turrlagt i strid med konsesjonsvilkåra, viser og at det først og fremst er trongen for meir vatn til settefiskanlegget som ligg til grunn for dei tiltaka som no er omsøkte, ikkje flaumvern, slik det vert hevda i søknaden om oreigning.
Vasslaget fryktar og, ut frå den nemnde korrespondansen, at konsesjonshavar ved turrår planlegg å regulere vatnet lågare enn kote +9.83 som er nedre grense i løyvet. Alt i alt vil dette saman med forventa auken i flaumnivået i normalår gje ei samla regulering langt ut over 1,31 meter. Fylkesmannen tilrådde då konsesjonen vart handsama i 2001 at reguleringa bør haldast innan 1m av omsyn til ferdsel i sommarhalvåret og aureproduksjonen i Storavatnet. Auken ein må forvente med dei omsøkte tiltaka og den utvida bruken av vatn ved Salar bruk samla vil verte til stor ulempe for grunneigarane og i strid med forliket frå 1974. Det vil og gjere ubotleg skade i strandsonen for det verna vassdraget og redusere naturverdiane og rekreasjonsverdiane i monaleg grad. Grunneigarane sine krav Grunneigarane det no vert retta oreigningskrav mot har presisert at dei ikkje godtek nokon form for gjennomføring av tiltaket før ein heilskapleg plan ligg føre, dei krev dessutan eit tilbod om økonomisk godtgjersle for eigedomsinngrepa ved Nedre Skjevlo, og kompensasjon for endra regulering for alle grunneigarane dette råkar. Det er og sett fram krav om at terskelen, slik ein vart lova frå konsesjonshavar si side før løyve vart gitt i 2001, vert utstyrt med elektrisk pådrag og fjernstyrt nivåregulering. Korleis denne botnluka vert styrt må vere ein del av planen. Grunneigarane har og kravd ein ny terskel oppført i tilsvarande material som i dag, det vil seie av naturstein, eller forblenda med naturstein/tørrmur. Per i dag har ingen av eigarane av gbnr. 6/2 Kitti Brakstad og gbnr.44/2 Lars Skintveit fått noko tilbod om kompensasjon for inngrepa. Umistelege naturverdiar i verna vassdrag Rylandsvassdraget har nasjonal verneverdi sikra gjennom vassdragsvern vedteke av Stortinget i februar 2005. I St.prp.nr 75 2003-2004 som låg til grunn for vernevedtaket heiter det:«storavatnet har nasjonal-regional verneverdi knyttet til biologisk mangfold. Særegne myrområder preger vassdraget og kystfuruskog dominerer skogsområdene. Denne naturtypen, som i stor grad er borte i andre kystvassdrag, karakteriseres som spesiell, ikke minst på grunn av beliggenheten så langt vest.» Vasslaget meiner at ein god og langsiktig næringspolitikk i Meland ikkje berre kan handle om å oppfylle dei kortsiktige ynskja til eigarane av settefiskanlegget. Dei må i stor grad leggje vekt på dei evigvarande ressursane, og naturverdiane i dette området er dei viktigaste her. I tillegg må det leggjast vekt på kulturverdiar, mellom anna gjennom sikring og vern av kulturminne. At Rylandsvassdraget er verna etter at konsesjonen vart gjeve, er eit viktig moment som kommunen må legge stor vekt på i sin uttale. Når fristen sett som vilkår i konsesjonen ikkje er halden, er dette vassdragsvernet i seg sjølv grunnlag for å krevje ny konsesjonshandsaming av tiltaka knytt til reguleringa av Bjørndalsvatnet og Storavatnet. Viktige kulturminne med høg verneverdi Rundt dei to vatna er det registrert ei rekkje naust med verneverdi, mange av desse i SEFRAKregisteret og mange også avbilda og/eller omtalte i bygdeboka for Meland. Det same gjeld for tuftar etter den gamle oppgangsaga på nedsida av den gamle demninga på Nedre Skjevlo. Dessutan er det omtalt i bygdeboka restar av det som kan vere eit historisk båtdrag og tømmerdrag mellom Rylandsvatnet og Bjørndalsvatnet i eit lite dalføre søraust for Nedre Skjevlo. Dette draget kan etter utsegn frå Arnt Brakstad ha stor verneverdi. Utan at dette er sikkert datert, kan det vere eit automatisk freda kulturminne. Det skal ha vore funne og datert gamalt tømmer i Rylandsvatnet frå 1100-talet. Båt- og tømmerdraget som kulturminne kan for alltid verte øydelagd av dei planlagde tiltaka.
Kommunen må følgje dei rikspolitiske retningslinjene for verna vassdrag Kommunen har ansvaret for å følgje dei rikspolitiske retningslinjene som gjeld for verna vassdrag: I vedlegg 1 i forskrifta om RPR for verna vassdrag kommunal planlegging heiter det: «Avhengig av verneverdier og arealtilstand, bør bygge- og anleggstiltak i vassdragsbeltet enten forbys, jf. PBL 20-4, andre ledd e) og f), eller bare tillates dersom tiltaket inngår i reguleringsplan eller bebyggelsesplan, jf. PBL 20-4, andre ledd a)». Konsesjonshavar ikkje har helde seg til fristen sett i løyvet av 07.09.2001, og løyver er dermed gått ut. Kommunen har difor høve til å krevje tiltaka regulert etter reglane i plan- og bygningslova om dei vert søkte gjennomført. KPA med strenge krav om streng handsaming av tiltak langs Rylandsvassdraget Vasslaget syner og til arealdelen av kommuneplanen for Meland, og til føresegnene til denne for landbruks-, natur og friluftsområde (LNF): 4. «Utbyggingstiltak må ikkje koma i konflikt med verdifulle natur-, kultur-, landbruks- eller friluftsinteresser.» og til tilhøyrande retningslinjer til LNF-sona: «Kommunen skal reagere strengt på ulovleg bygging innanfor 100m beltet langs med sjø og langs med Rylandsvassdraget.» Vasslaget meiner at ein berre gjennom planhandsaming etter plan- og bygningslova, slik dei rikspolitiske retningslinjene krev, kan få sett lys på alle dei omsyna som skal og må vektleggjast i ein utbyggingssak som det her er søkt om. Ei dispensasjonshandsaming er etter Vasslaget sitt syn ikkje tilstrekkeleg. Saka vedkjem sjølvsagt alle som eig grunn rundt dei to vatna, og i NVE sin høyring er ikkje desse varsla. I tillegg må det setjast nødvendig lys på naturverdiane, friluftsinteressene og kulturminneverdiane i området, noko ikkje NVE har kompetanse til å handsame. Gjennom planhandsaming etter reglane i PBL vil andre styresmakter få høve til å gje uttale og evt. kome med motsegn til tiltaka. Framlegg til vedtak: Utval for drift og utvikling i Meland kommune har vurdert søknad datert 19.12.2014 om oreigning frå Salar Bruk AS ved advokatfirmaet Harris, oversendt kommunen til uttale i brev frå NVE datert 11.05.2015. Utvalet konstaterer at tidsfristar sett som vilkår i konsesjonsløyvet frå 07.09.2001 er gått ut. Utvalet stiller seg tvilande til om det finst heimel i vassdragslova og oreigningslova til å erverve dei rettane det her er søkt om. Utvalet ber om at tiltaka, om dei vert omsøkte på nytt, vert handsama av Meland kommune som reguleringssak etter reglane i plan- og bygningslova. Dette vil og vere i samsvar med dei rikspolitiske retningslinjene for verna vassdrag. Utvalet krev at Vasslaget av 1974 for Rylandsvassdraget og alle grunneigarar elles oppstraums for tiltaket vert rekna som partar i saka. Styret i Vasslaget for Rydlandsvassdraget Lars Skintveit, leiar Svein-Jørgen Wiken, nestleiar, Endre Leivestad, skrivar, Lars Ottar Sagstad og Atle Håtuft