Tilskot til kulturminne i Hordaland Post 72.2 Tilskot til freda og verneverdige bygningar Post 72.4 kystkultur Sum omsøkte tiltak: kr 13.766.750 Sum post 72.2 kr 2.534.306 Sum omsøkte tiltak: kr 0 Sum post 72.4 kr 0 1
Kronstad hovudgard Askeladden-ID: 87144-1 Kronstad Hovedgård Kronstadveien 30 5053 Bergen Tilstandsgrad: 3 Kostnad: 2.838.000 Søknadssum: 2.838.000 Innstilling: 1.115.000 Garden høyrde i si tid til Nonneseter Kloster, og var næraste nabo til kongsgarden Ålrekstad. Anlegget er frå 1700-talet og omfattar 5 bygningar: hovudhus, mellombygning, paktarbustad, stall og uthus. Bygningen vart vedtaksfreda etter bygningsfredingsloven av 1920. Mykje godt arbeid er gjort. Det mest prekære som står att er takrenna på nordsida av huset. Den må takast snarast for å stoppe lekkasje. Elles står det att ein god del fasadearbeid. Forfall er kome langt av di strakstiltak har gått framfor vanleg vedlikehald. Omfattande rapport om arbeidet som er gjort er lagt ved. Det vart gitt eit vesentleg tilskot til arbeidet dei 2 siste åra, men det står att mykje arbeid før anlegget har kome i forsvarleg stand. Freda anlegg med høg kulturminneverdi som bør prioriterast. Sidan arbeid no er i gang og logistikken på plass, finn eg det viktig å fortsette arbeidet i tråd med Riksantikvaren si målsetjing om opprustning av freda bygg og anlegg. Brødretomten Askeladden-ID: 87125-1 Anders Haaland Amalie Skramsv. 45 5036 Bergen Kostnad: 657.000 Søknadssum: 350.000 Innstilling: 150.000 Lyststad med mansardtak med veggmaleri i spisesalen med viktige motiv. Huset har ein lafteverkkonstruksjon. Tilbygg i reisverk. av høg autentisitet. Eigar lister opp 13 tiltak. 3 av tiltaka vil eigar finansiere av eige midlar, medan han vil delfinansiere resten av kostnaden. Dei 2 første tiltaka, innkjøp og montering av vedovn og innstallering av 2 varmepumper, meiner eg fell utafor råma for tilskotsordninga, medan dei resterande er søknadsverdige. Ein særs god og omfattande søknad på eit viktig kulturminne. 2
Maaseskjæret Askeladden-ID: 87149-1 Marianne Haaland Maaseskjæret 1 5035 Bergen Tilstandsgrad: 2 Kostnad: 205.000 Søknadssum: 150.000 Huset er frå 1795 og vart freda i 1937. huset vart bygd av Christopher Kahrs, opphavleg som lyststad, men er i dag vanleg bustadhus. Det meste av huset er intakt, m.a. er her opphavleg listverk, dører og deler av tregolv. Eigar har hatt store lekkasjeproblem noko som har ført til vannskader. Dette har medført store kostnader, og meir arbeid må gjerast for å få til ei drenering som er tilfredstillande. Bakdørene må utbetrast og deler av lafta bakvegg må skiftast. Seinare må vindauga jekkast opp, men dette arbeidet tek truleg ikkje til før i 2012 om finansieringa kjem på plass. Naudsynt arbeid Eigar har lagt ned eit stort arbeid for å ta vare på bygningen. Lite av dette arbeidet har vore påkosta av det offentlege. Noko av skadane må utbetrast så raskt som mogleg, Eit viktig tiltak, men finn ikkje å kunne prioritere dette ved årets tildeling Sofies Minde Askeladden-ID: 87125-1 Anne-Margrethe Konow Lund Kleiven 10 5152 Bønes Kostnad: 625.000 Søknadssum: 625.000 Innstilling: 434.306 Tidlegare lysstad på Kråkenes som vart freda i 1924. Byggjeår 1810. Opphavleg Bygningen har omfattande råteskadar som følgje av tre som veks tett inn på huset. Det er skade både på treverk og mur. Nokre av stadene har dette ført til lekkasje. Arbeidet vart påbegynt i år, men etter kvart som arbeidet med kledning vart fjerna, viste det seg at skadane på laftet var meir omfattande enn ein hadde vore klar over på førehand. Dette er utbetringar som må gjerast snarast for å ta vare på bygningen. Å vente lenger vil gjere uboteleg skade på bygningen. 3
Villa Kalfarlien 18 Askeladden-ID: 87140 Stefan Adel Adel Snickeri & Byggnadsvård AB Fjalla 9 452 92 Strømstad Kostnad: 4.700.000 Søknadssum: 4.700.000 Innstilling: 150.000 Bustadhus/villa som er teikna av arkitekt Einar Oscar Schou i 1909. Den framstår i dag som original og berre mindre endringar er gjort. Det er løyvd midlar til eit forprosjekt som er ferdig. Eit omfattande tiltak som krev store investeringar. Fullstendig rehabilitering naudsynt. Både utvendig og innvendig. Eigar har henta inn tilbod på det meste som må gjerast. Nokre av tiltaka som er teke med i prisoverslaget er ikkje søknadsverdige, men desse utgjer berre ein liten del av totalsummen. Eit viktig kulturminne. Forfallet er kome så langt at det hastar med å få utført naudsynt arbeid straks. Løyver kr. 150.000 til tiltaket og ber om at eigar vert samd med fylkeskonservatoren om korleis pengane skal nyttast. Skuteviksboder 16 Askeladden-ID: 87157-6 A/S Skuteviksboder Postboks 495 Sentrum 5805 Bergen Kostnad: 788.750 Søknadssum: 778.750 Freda sjøbod frå midten av 1600-talet i Skuteviken. Bygningen vart freda i 1983. Bygningen fekk omfattande skadar, noko eigar meiner var forårsaka av brann på nabotomta. Oppjekking, fundamentering og sikring. I tillegg er det søkt om midlar til nytt tak. Eigar har fått avslag frå forsikringsselskapet. Eigar har, gjennom sin advokat påklaga denne avgjersla, og vil ta saka vidare til Forsikringsklagekontoret eller direkte for domstolane. Om dei får medhald i denne klagesaka er det uklart kor mye av søknadssummen som dekkast av forsikringa. Eigar har fått innhenta fagleg ekspertise som rår til dette. Viktig tiltak, men sidan saka med forsikringsselskapet ikkje er avklart, finn eg det ikkje riktig å prioritere dette. Avslag. 4
Reperbanen Sandviken Askeladden-ID: 87154-2 Rolf Olsen AS v/andreas Grimelund P.O.box 760, Sentrum 5807 Bergen Tilstandsgrad: 3 Kostnad: 5.225.000 Søknadssum: 5.225.000 Innstilling: 300.000 Sandviksveien 60. Den freda delen av eigedomen omfattar fire bygg: Reperbanebygget, Spindeboden, Tjærehuset og Mesterhuset. Søkjer midlar til arbeid i Reperbanebygget og Spindeboden for å sikre bygningane for framtida. Lokalet skal nyttast til lagring, museumsverksemd eller publikumsrelatert aktivitet.: Golv i Reperbanens og Spindebodens 1. og 2 etasje, behandling av treverk mot treborande insek, tetting av austvegg mot svevestøv, brannsikring og drenering Eigar ønskjer å starte rehabilitering og sikring av tak og fasadar på Mesterhuset og Tjærehuset. Europas største gjenverande reperbane i tre. Det er allereie løyvd mykje offentlege midlar til tiltaket. Viktig at arbeidet fullførast utan vesentleg forseinking. Noko av arbeidet er presserande grunna langt kome forfall. Reperbanen er og truga av skadar frå riksvegen, både fysisk og skadar frå svevestøv. Det er ein føresetnad frå eigar at desse problema får ei løysing før reperbanen vert nytta til museumsformål. Oppgangssag i Herand Askeladden-ID: 87193-1 Kommune: Jondal Marine Harvest 5628 Herand Kostnad: 155.000 Søknadssum: 40.000 Innstilling: 40.000 Freda oppgangssag som er i drift i dag. Her vart det saga tømmer til m.a. Bryggen i Bergen. Eit særs verdfullt kulturminne. Tilskotet skal nyttast til nytt vasshjul med aksling. Det gamle vasshjulet er utstilt og teke vare på inne i sjølve saga. Det er gått råte i akslingen og skovlane, og det er heilt naudsynt å få eit nytt vasshjul på plass. Eit viktig tiltak. 5
Fjelberg prestegard Askeladden-ID: 87186-1 Kommune: Kvinnherad Stiftinga Fjelberg prestegard 5459 Fjelberg Kostnad: 50.000 Søknadssum: Freda anlegg. Eigar søkjer om midlar til fleire tiltak. Eg finn det vanskeleg å gje midlar til nytt bislag og ominnreiing av kjøkken. Restaurering av båtdrag/lunner ligg innafor søknadsordninga. Det gjer ikkje ominnreiing av kjøkken. Mykje er gjort på dette tunet. I 2009 vart det investert i overkant av 275.000 i tunet. Eigar har fått ein del midlar til dette tiltaket, men framleis står mykje att. Eg finn det vanskeleg å prioritere dette tiltaket, men vi ser om det er mogleg å finna noko midlar innafor potten til Vern og Vøl som kjem til politisk handsaming seinare. Tilrår: Avslag Steingard langs kjøkken- og urtehagen, Baroniet Rosendal Askeladden-ID: 96730-20 Kommune: Kvinnherad Baroniet Rosendal Postboks 235 5486 Rosendal Tilstandsgrad: Tilstand ikkje reg. Kostnad: 255.000 Søknadssum: 85.000 Innstilling: 85.000 Freda anlegg av høg kulturminneverdi. Restaurering av steingard. Viktig tiltak i freda miljø. 6
Havrå gnr. 68 bnr. 9 Askeladden-ID: 96787-5 Kommune: Osterøy Kåre Havre 5286 Haus Tilstandsgrad: 3 og 2 Kostnad: 100.000 Søknadssum: 80.000 Havråtunet er freda. loven 20. Grinbygd løe på murt flor. Havrå vart freda i 1998. Brakekledning på veggene og hoggen skifer på taket. Skifta brakekledning, ribber og opplengjer i nordgavlen på Smålandsløa. God søknad som er utarbeidd med rådgjeving frå Museumssenteret i Hordaland, men sidan midlane vi har fått tildelt frå Staten i år er avgrensa, finn eg ikkje rom for å prioritere dette. Tilrår: Avslag. Havrå bnr. 2, Litlaløo åt Larsane Askeladden-ID: 96703-2 Kommune: Osterøy Museumssenteret i Hordaland Salhusv. 201 5107 Salhus Tilstandsgrad: 3 Kostnad: 330.000 Søknadssum: 170.000 Freda løe med brakekledning. Oppretting av mur, utskifting av bete, skifte brakekledning, legge nytt bølgjeblekk Viktig tiltak, men finn ikkje rom for å prioritere det grunna knappe rammer. Tilrår: Avslag 7
Agatunet, Haldorstabbur, gnr. 64, bnr.21 Askeladden-ID: 87213-28 Kommune: Ullensvang Stiftinga Agatunet Hardanger og Voss Museum 5778 Utne Tilstandsgrad: 2 Kostnad: 80.000 Søknadssum: 50.000 Innstilling: 50.000 Agatunet er eit freda kulturmiljø. Eit av dei få klyngetuna som er att. Dei fleste av bygningane er frå første del av 1800-talet, men fleire er mellomalderbygg. Stabburet står på pilarar. Steinfundamentet er oppbygd av pilarar. Med jamne mellomrom sig desse ned og må justerast. Eit naudsynt tiltak Tilrår: Kr. 50.000 Agatunet, Damhuset, gnr. 64 bnr. 21 Askeladden-ID: 87213-22 Kommune: Ullensvang Stiftinga Agatunet Hardanger og Voss Museum 5778 Utne Kostnad: 335.000 Søknadssum: 2000.000 Agatunet er eit freda kulturmiljø. Damhuset er reist på 1900-talet på gjenbruksmateriell. Taktekkja er ei blanding av villskifer og rasteheller. Dei siste vintrane med mykje snø er truleg årsaka til at skadeomfanget har forverra seg så fort. Ta ned helletaket, skifte sperr og rette opp stavar. Grindane må justerast. Eit viktig tiltak, men finn ikkje råd å prioritere det i år. Tilrår: Avslag 8
Broch-huset Askeladden-ID: 87681-1 Kommune: Ullensvang Jon Geir Høyersten Elvebakken 15 5067 Bergen Tilstandsgrad: 2 Kostnad: 25.000 Søknadssum: 15.000 Innstilling: 10.000 Broch huset i Utne. Freda tun av høg kulturminneverdi. Skadar på vegen som går att med tunet. Stikkrenna er rast ut. Dette skuldast at stikkrenna ikkje greier å ta unna vatnet. Det er blitt kobla ei stikkrenne frå nabotomta på eksisterande stikkrenne, noko som gjorde at den eksisterande stikkrenna ikkje var dimensjonert for den vassmengda som kom som følgje av den nye tilkoblinga. I tillegg har det blitt opphoping av skitt og stein i eksisterande kisteveite. Ullensvang kommune har gjennomført tiltak for å søkje å bøte på skadane på vegen og å auke gjennomstrøyminga i stikkrenna slik at ho svelg unna meir vatn. Arbeidet er gjort i samråd med fylkeskonservatoren. et er gjennomført i av Ullensvang kommune i samråd med fylkeskonservator og Hardanger museum. Vegen er freda og Ullensvang kommune har sagt seg viljug til å dekke halvparten av kostnadene mot at Hordaland fylkeskommune yt tilsvarande. Mølstertunet, Botolvslåven gnr. 46 bnr. 11 Askeladden-ID: 87229-15 Kommune: Voss Voss Folkemuseum Hardanger og Voss museum Tilstandsgrad: 3 Kostnad: 635.000 Søknadssum: 500.000 Innstilling: 200.000 Opphavleg tømra løe. I 1850-åra vart løa bygd på ei høgd og sett på kraftige stolpar Vøling og utbetring av taket på midtre del av løa. Omlegging av rasterhellene på taket og skifting av bygningsdelar. 24 sperr er så dårleg at dei må skiftast. Eit naudsynt tiltak. Eigar har tidlegare fått kr.100.000 til tiltaket, men treng framleis kr. 500.000 for å gjennomføre tiltaket. 9
Tilskot til kulturminne i Hordaland Post 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap Sum omsøkte tiltak: kr 3.516.000 Sum post 72.5 kr 1.756.00 Riksantikvaren har øyremerkt alle midlane 10
Havrå Kommune: Osterøy Havråtunet v/geir Sundal Våkleivsskogen 4, 5155 Bønes Kostnad: 333.000 Midlar øyremerkte frå Riksantikvaren: 200.000 Den del av Havrå som private grunneigarar driv. Stell av styvingstre, rydding, hogging, vøling, åkerdrift, stell av dyr, beiting, brakarydding, Slått Havrå Kommune: Osterøy Museumssenteret i Hordaland Salhusv. 201 5107 Salhus Kostnad: 1.224.000 Midlar øyremerkte frå Riksantikvaren: 1.220.000 Slått, rydding, hogging, vøling, åkerdrift, stell av dyr, beiting, brakarydding. 11
Lyngheisenteret Kommune: Lindås Lyngheisenteret på Lyra v/museumssenteret i Hordaland, Salhusvegen 201, 5107 Salhus Søknadssum: 680.000 Midlar øyremerkte frå Riksantikvaren: 336.000 Rydding av landskapet, restaurering av grinder og steingardar, vedlikehald av moldtak, torvtak, slått, hesjing og åkerbruk. Innkjøp av beitedyr for å hindra attgroing : Desse midlane er øyremerkte frå Riksantikvaren. 12
Tilskot til kulturminne i Hordaland Post 72.9 Verdskulturminne Bryggen Omsøkte tiltak: kr 19.828.783 Sum post 72.9 kr 10.078.000 Midlane vert fordelte i tråd med vedtak i sak 13/11, Rammetilskot for Prosjekt Bryggen, og lagt fram for kultur- og ressursutvalet i eigne meldingar. 13
Tilskot til kulturminne i Hordaland Post 73 Tilskot til brannsikring Omsøkte tiltak: kr 2.337.000 Sum post 73 K 1.000.000 Riksantikvaren har øyremerkt alle midlane til Brannsikringsprosjektet, Bergen kommune 14
Fjelberg prestegard Askeladden-ID: 87186-1 Kommune: Kvinnherad Stiftinga Fjelberg prestegard 5459 Fjelberg Kostnad: 1.208.000 Søknadssum: 846.000 Freda anlegg av høg verneverdi. Automatisk spinkleranlegg til houvudbygning. Tørt, automatisk spinkleranlegg til bispestova og vassforsyning til pumpe med tank. Eit viktig tiltak. Eigar har fått kr. 250.000 frå UNI-stiftinga til tiltaket. Ein føresetnad for utbetaling av desse midlane er at RA /fylkeskommunen går inn med midlar og at tiltaket vert fullfinansiert. Tilrår: Avslag, men vil sjå om det er mogleg å gå inn med midlar når saka om midlar til Vern og Vøl kjem til politiskhandsaming Sofies Minde Askeladden-ID: 87125-1 Anne-Margrethe Konow Lund Kleiven 10 5152 Bønes Kostnad: 450.000 Søknadssum: 450.000 Tidlegare lysstad på Kråkenes som vart freda i 1924. Byggjeår 1810. Opphavleg Planlegging av installasjon av anlegg for varsling og sløkking vart utført i fjor og kostnadsoverslag for varslingsanlegg ligg føre. Viktig kulturminne som har vasstilførsel frå brønn med dårleg funksjon i høve sløkkeanlegg. Det er ein føresetnad for installasjon av eit sprinklaranlegg at bygningen får sikra vasstilførsel. 15
Agatunet, Johanstovo og Lensmannsgarden Askeladden-ID: 87213-16 og 9 Kommune: Ullensvang Stiftinga Agatunet Hardanger og Voss Museum 5778 Utne Tilstandsgrad: 3 og 1 Kostnad: 1.188.000 Søknadssum: 800.000 Agatunet er eit freda kulturmiljø. Eit av dei få klyngetuna som er att. Dei fleste av bygningane er frå første del av 1800-talet, men fleire er mellomalderbygg. Stabburet står på pilarar. Sprinkling av Johanstovo og Lensmannsgården. Odnestovo og Jostovo inngår i denne samanheng i Lennsmannsgården. Eigar har fått tilbod på arbeidet. Vi oppmodar museet om å innhente alternative tilbod dersom dette er mogleg. Brødretomten Askeladden-ID: 87125-1 Anders Haaland Amalie Skramsv. 45 5036 Bergen Kostnad: 420.000 Søknadssum: 420.000 Lyststad med mansardtak med veggmaleri i spisesalen med viktige motiv. Huset er ein Lafteverkkonstruksjon. Tilbygg i reisverk. av høg autensitet. Nytt, alarmsystem med direkte kopling til brannstasjonen, nye feieluker. Ein del utbetringar på skorstein er naudsynt. I tillegg må det gjerast arbeid for å betre vasstrykket. Eigar fekk i brev frå Bergen Brannvesen i august 2009 melding om at hovudbygninen er løfta opp i ny brannvernklasse. Den vert heretter kategorisert som viktig kulturhistorisk bygning registrert som særskilt brannobjekt kategori C. 16