Målaren Kjell Aukrust

Like dokumenter
Den unge kunstnaren Kjell Aukrust

Last ned Bernt Tunold - Jan H. Landro. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Bernt Tunold Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

OK, seier Hilde og låser.

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Vel nynorsk for barnet ditt!

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Last ned Damsleth - Einar Økland. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Damsleth Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

«Mestringsforventningar»

Last ned Simen - Kjell Aukrust. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Simen Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Bonden - Kjell Aukrust. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Bonden Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Last ned Bror min - Kjell Aukrust. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Bror min Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule

Elevar utforskar proporsjonar i møte med målarkunsten

UTVIKLINGSARBEID I OPPVEKSTSENTER

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1

Vågen, skulestad i 140 år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

S.f.faste Joh Familiemesse

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev for Rosa september 2014

Mindre av det same og meir av noko anna

Vintervèr i Eksingedalen

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

HUSET ET MALEPROSJEKT MED Yngve Henriksen og 5.klassene ved

Steget skal ha 1t samfunnsfag pr. Veke. Noko av denne tida har vorte lagt til «Det er mitt val» og til matøkta.

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

6-åringar på skuleveg

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Knut Flatin. Gjesteutstillar måleri. 21. juni 16. august 2015 Ope kvar dag kl EVA BULL HOLTES MUSEUM

-Samtalar rundt kva kjensler dei ulike fargane kan symbolisere og fokuserer på å lage «glade og friske» sommarfuglar.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

mmm...med SMAK på timeplanen

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Mobbing på mindre og større skular

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Å løyse kvadratiske likningar

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

POTET BLIR KUNST. Breidablikk kulturbarnehage KORT OM PROSJEKTET

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Indre «korrespondance»

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Bjørn Ingvaldsen. Lydighetsprøven. En tenkt fortelling om et barn. Gyldendal

Årets nysgjerrigper 2010

Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Plassebakken Barnehage

På skolen til Tatiana har historiedagar. Elevane på heile ungdomsskolen. samarbeide og lage historieprosjekt på tvers trinn og klassar.

Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Last ned Vestlandskunstnaren Mons Breidvik - Reidar Storaas. Last ned

Last ned Årboka for Sogn og Fjordane Last ned

Jon Fosse. For seint. Libretto

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

TERJE FAGERMO. I sin etter hvert lange kunstnerkarriere har Terje Fagermo skapt malerier innen de forskjelligste

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Transkript:

Harald Stanghelle Målaren Kjell Aukrust Denne artikkelen byggjer på eit foredrag Harald Stanghelle heldt på Aukrustsenteret, om Kjell Aukrust og hans måleri. Les òg bøkene Galleri Aukrust og Kjell Aukrust med pensel av Finn Jor. Å snakke om Kjell Aukrust her i Alvdal er ei form for risikosport. Så mykje kunnskap, kjennskap og forståing for han og hans kunst er samla nett her i denne bygda. Heile den grunnleggjande ressonansbotnen for Kjell og hans kunst er jo Alvdal. Og likevel tilhøyrer han oss andre også: Det spesielle med alvdølen Kjell Aukrust er at han er universiell. Som knapt nokon andre såg han det almenne i det spesielle. Det er då også grunnen til at vi er her i eit senter som ber namnet hans og huser kunsten hans. Denne gongen er det Kjells måleri som påkallar interessa.og igjen vert vi minna om kva for ein multikunstnar Kjell Aukrust var. Ein glitrande teiknar. Mange og eg er mellom dei vil kalle han den fremste her i landet. Ein stor ordkunstnar. Hans originalitet og stil gjer få han etter. Ein betydeleg samtidsskildrar. I avisa med eigen pakkedisk. Ein ellevill humorist, av dei mest innfallsrike og særprega. Og altså ein spanande, overraskande og samansett målar. Kjell gav jo så raust av seg sjølv. Han mynta seg ut til glede for oss andre, pirka så leikent og uvørent i samfunnsalvoret. Jeg er blitt sittende på morsomhylla, konstaterte Kjell Aukrust ved eit høve. Det er verdt ettertanke. For kanskje han med sitt eige nærver som humorist kom i skade for å stengje for både forståing og oppleving av djupna i sin eigen kunst. Slikt er kanskje for blasmefi å rekna her i Alvdal, men likevel eit moment å ta med når vi i dag står her i lyset av Kjells målarkunst. For her ser vi at også på dette området var Kjell Aukrust den energisk arbeidande kunstnaren med ein stor og vital produksjon. Vi ser ein kunstnar som utviklar seg over tid. Vi ser ein oppdagelsesreisande i biletkunstens verd. Vi ser dei mange og motstridande impulsane, ulike straumdrag som har vore viktige impulsar for Kjell Aukrust som målar. Vi ser den unike varheten for stemningar i måleria som i resten av Kjells kunstunivers. Og vi ser den raffinerte komposisjonen, sjølv vi som må bekjenna oss til amatørane på området. Det er som om måleriet omkransa Kjells mangfaldige verksemnd som kunstnar. Han starta jo på mange måtar der. I denne forsamlinga av Aukrustviten er det nesten fornærmeleg å for- Årbok for Nord-Østerdalen 2007 17

telja historia om Kjells veg inn mot kunstnerbana. Vi kjenner jo historia om den orienterte, aktive, mektige, ja, nokre sa allmektige Henrik Sørensen som vitja Lars Aukrust i stortingshusveret på Gimle Terrasse, og høyrde stortingsmannen lettare oppgjeven sukka over yngste son sin: Den poden vil bare tegne, han. Og den som oftast generøse Henrik Sørensen eller Søren som han berre vart kalla - kikka på teikningane, såg talentet og tok med seg unge Kjell til frøken Olsen i kunstavdelinga hos Alf Bjerkes fargehandel i Skippergata for å handla inn Lucas fargetubar og penslar, pallett og staffeli. Alt forresten gjort på Stortinget si rekning. Søren såg stort på slikt. Eller rettare: Såg stort på slikt også. Kjell har sjølv fortalt korleis han av Henrik Sørensen i 1936 vart sendt til Leon Aurdals malerskole. 18 Aurdal sendte dei unge elevane ned på Akershus på leiting etter motiv. Kjell var kome langt på si verkeleggjering av oppdraget då inspeksjonen kom. Mens han røykte på ein stor sigar, skakka Aurdal på hovudet, og brumma: Tja, sa han, Det var kanskje ikke så dumt. Men si meg en ting, hvorfor har De malt den grønne veggen grå? Har jeg det?, spurte Kjell. Forklaringa er at Kjell Aukrust målaren Kjell Aukrust er raud-grønblind. Det sleit han med heile livet. Vi som ser bileta hans har vanskeleg for å tru det er sant. Men vi som kjenner Kari og Kjells samarbeid skjønar grunnen til at det ikkje er til å merke i bileta frå Kjells siste periode som målar. Så finn vi då verkeleg Kari att i bileta også. Heime på Midtåsen heng det store portrettet frå 1940 av Kari. Portrettlikt, stramt komponert, men med ømhet over skikkelsen. I denne utstillinga på Aukrustsenteret finst titlar som Kjøkkenbordet til Kari, Karis kjøkkenvindu og Kari på Midtåsen. Det siste har eg sett omtala som en sjenert kjærlighetserklæring. Så er det då knapt nokon kunstnarektefelle som glir så organisk og naturleg inn i mannens kunstunivers som Kari gjer i Kjells. Det var nok ikkje utan grunn at Kjell alltid sa vi når han snakka om seg og kunsten sin. Og i dette vi var Kari. Den vidare historia om den unge Kjells veg på kunstnarbana er velkjend: Den handlar om 16-åringen som vart sendt til rektor Prytz ved Statens håndverks- og kunstindustriskole med lapp frå sjølvaste Henrik Sørensen: Kjell Aukrust er eller skal bli maler. Slipp ham inn! Men Kjell ville ikkje vore den Kjell vi kjenner dersom han ikkje også brukte Sørens slipp ham inn -lapp som adgangsteikn til Frogner stadion. Det skjedde 19. januar 1936, og der såg den purunge alvdølen at Ivar Ballangrud sette verdsrekord på 5000-meteren med tida 8.17.2. Men Kjell slapp inn også der Henrik Sørensen hadde tenkt. Det var starten på eit kunsteventyr. Eit Aukrust-eventyr. Og så er det attpåtil sant. Og likevel: Nettopp fordi anekdotane er så gode og dei fleste av dei så sanne er det så lett å gå i den villfaringa at for Kjell var alt så lett. Ein slags ellevill leik med kunsten og livet. Slik er det sjølv- Årbok for Nord-Østerdalen 2007

sagt ikkje. Så langt derifrå: Det er hardt og målmedvete arbeid. Han hadde lærarar som Leon Aurdal, Henrik Sørensen, Per Krogh, Alf Rolfsen og Sverre Pettersen. Dette er ikkje namn som fuska i faget, og dyrka den glade amatør. Nei, dette er kunstnarar som stilte dei strengaste kunstfaglege krav og møtte det overfladiske og dilletantiske med forakt. Kjell Aukrust gjekk i ein lang og streng skule. Det gav resultat. I heile sju år fire år etter at den obligatoriske undervisninga var slutt vart Kjell sitjande og teikna på skulen. Slik kunne han seia at knapt nokon norsk teiknar har fått grundigare utdanning. Men så kjenner vi då også resultatet! Men lettvint? Nei, så langt derifrå. Kjell Aukrust debuterte to gonger på Statens Høstutstilling. Først i 1939 som teiknar. Så i 1945 som målar, med biletet Barna i skogen. Teikninga som vart antatt i 1939 var ein illustrasjon til ei diktline av farbor Olav Aukrust: I sol og blømande villgras låg han. Og Kjell har levande fortalt om at den lange ventetida før han fekk svar vart så uuthaldeleg at han til slutt gjekk inn på Kunstnernes Hus i Oslo for om mogeleg å etterrøkja lagnaden til den innsendte teikninga. Der låg det teikningar og grafikk strødd utover golvet. Om juryen var ferdig?, drista Kjell seg til å spørja. Ja, fekk han Barna i skogen. Årbok for Nord-Østerdalen 2007 19

20 til svar. Om det då var slik at det som låg på golvet var antatt? Det stemte nok det, var svaret. Den også, sa Kjell og peikte på si eiga teikning. Den også, svarte formannen i Bildende Kunstneres styre, Ulrik Henriksen, og la til: Det er kanskje kunstneren personlig jeg har den ære å snakke med? Kjell var ute av stand til å svara, styrtet ut og kastet opp i Slottsparken av bare begeistring, som han seinare skriv om denne skjellsettenda opplevinga som pur ung kunstnarspire. Begeistringa vart ikkje mindre då han på opningsdagen fann at teikninga var merkt med raud lapp, altså allereie seld. Han skunda seg bort til sekretæren, og ville vita kven kjøparen var. Kanskje kjølna begeistringa noko då det vart opplyst at mannen med sans for Kjells teikning var Landbruksskolebestyrer Lars O. Aukrust, Alvdal. Også til Barna i skogen er det knytt ei typisk Aukrust-historie: På veggen i trappa på Storsteigen hang eit stort landskapsmåleri med motiv frå Sørlandet. Ein dag då fader Lars var i hovudstaden fall Kjell for freistinga, tok biletet ned, og måla over det gamle motivet. Enno kan dette faktisk anast under Kjells motiv. Då landbruksskulestyraren kom heim, var det ikkje stort å gjera med overmålinga: Barna i skogen var eit faktum. Og soga seier at faren ikkje vart formilda før meldinga kom om at nett dette biletet var antatt på den første haustutstillinga etter dei lange krigsåra. Slik er det så ofte med Kjell Aukrust. Det løyner seg ei heil lita novelle bak kvart einaste bilete. Krigen nazifiserte det Statens Kunstakademi som Kjell då var kome inn på, og vart boikotta av kunstnarane. Sjølvsagt også av Kjell. Han måla ei stund på eit slags illegalt akademi, men det løyste seg opp. Og så var det igjen Henrik Sørensen som tok seg av han. Kjell Aukrust måla under heile krigen, mykje i Bøverdalen og på Røros. Men hausten 1945 er det brått slutt. Hadde det hendt noko dramatisk? På ingen måte. Etter fem krigsår kom ein eksplosjon av bøker, og bøker trong jo illustrasjonar. Og knapt nokon sto betre rusta til å ta på seg slike oppgåver enn nettopp Kjell. Han vart illustratøren og teiknaren, tilsett i den nystarta avisa Vårt Land i 1945. Kjell Aukrusts kunstnarveg tok ein anna retning enn målarkunsten. Og resten er på så mange vis historie. Og så er den ikkje det likevel. Heldigvis. For Kjell Aukrust vende attende til målinga dei siste femten åra av livet sitt. Gjennom den kunne han utfalda seg i heller store former, der han i teikningane er så omhyggeleg med filigrannsdetaljane. Kjell synte korleis han meistra ulike teknikkar: Olje, akryll, og akvarell. I måleria finn vi variasjonen og spennvidda, og vi oppdagar det underlege og forunderlege spelet mellom form og farge. Og så ser vi så klårt den fargenerven Kjell hadde. På dette området er det no ein rein amatør som snakkar, eg skal ikkje simulera stor innsikt i biletkunst. Men kjennaren Finn Jor som er den som har skrive mest utførleg om målaren Kjell Aukrust seier det slik: Det finnes ingen tvil eller usikkerhet i arbeidene, og flere er så kompliserte i komposisjon og fargeholdning at man naturlig Årbok for Nord-Østerdalen 2007

fører det tilbake på lang trening og erfaring. Aukrust var en mann som hele sitt liv hadde stått overfor kunstneriske problem og løst dem. Finn Jor beskriv ein moden målar. Ein målar som sto solid planta i fransk tradisjon, slik den vart tolka av Thorvald Erichsen og fornorska av Henrik Sørensen. Det kan teiknast eit bilete av ein som har lært av forbileta sine ikkje kopiert dei. Kjell Aukrust er mellom dei som skritt for skritt erobrar lyset, og fyller bileta sine med det. Han syner fram livs- og kunstglede, er overraskande, nyskapande og eksperimenterande, men sviktar likevel aldri røtene. Alt ifylgje kunstkjennaren Finn Jor. Og vi andre som kjende Kjell som person og som kunstnar kan berre nikka attkjennande. Slik Kjell syner seg i bileta sine, syner han seg også som teiknar, forfattar og menneske. For mange er det nok likevel ein ny Aukrust vi ser i desse måleria avdi han Sommernatt på Oslofjorden. som målar er ny for dei fleste. Dessutan fornyar jo Kjell heile tida seg sjølv. Det er sagt at Kjell Aukrust gjennom desse måleria har etablert seg i eliten av norske målarar. Frå før er han den fremste mellom teiknarane. Som humorist er han av dei største. Og som forfattar er han like særmerkt som glitrande. Det finst ikkje maken her på berget til eit slikt kunstnarleg mangfald som det vi finn hos Kjell Aukrust. Med måleria er på eit vis ringen slutta. Og vi er lukkelege, undrande og takksame fanga inn og fanga av den ringen Kjell med sin kunst streka opp rundt oss. Harald Stanghelle Myrhaugen 21 0752 Oslo harald.stanghelle@aftenposten.no Årbok for Nord-Østerdalen 2007 21