Herleg start på livslang læring! Årsplan 2014/2015 Fjellgardane barnehage

Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Sandeid skule SFO Årsplan

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Månadsplan for Hare November

Herleg start på livslang læring. Årsplan 2014/2015 Bykle barnehage

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Årsplan for Bykle barnehage 2015/2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

! I Rosterud blir barna sett og hørt!

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Plan for Liabygda SFO

Kommunikasjon, språk og tekst

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Årsplan Barnehage Avd.Gul.

Velkomen til Mork barnehage

Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Sø`stuggu Høsten 2011

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

Klepp kommune Tu skule

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

BRUELAND BARNEHAGE - PROGRESJONSPLAN

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

PROGRESJONSPLAN GAUTESETE BARNEHAGE

Villabyen Barnehage. Halvårsplan for avdeling Rød ved Villabyen barnehage.

Å R S P L A N ENGESLAND BARNEHAGE

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

10/60-14/N-211//AMS

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Periodeplan for september/oktober/november/desember 2013

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

mmm...med SMAK på timeplanen

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

AUGUST Årsplan for Hestehoven og Gåsongen Tema: Du og jeg. Bli kjent - med barn og voksne - med livet i barnehagen

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Storstuggu. Vår 2011

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

april 2016 *****************************************************************

INNI EGGET TRE SMÅ KYLLINGER BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE. Mars 2016 *****************************************************************

Periodeplan. Solsikkene. Oktober februar Øyra barnehage.

Den fjerde uken er turuke, der hver gruppe har en fast turdag. På disse turene vil vi utforske nærmiljøet.

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

PROGRESJONSPLAN EIKELIA BARNEHAGE

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Hvordan skal vi jobbe med rammeplanens fagområder på Tyttebærtua i 2013/2014?

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Loftet. Høsten 2011

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Månedsbrev fra Parsellhagen: I februar har vi:

Årsplan for Kathult klubben

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

SOMMERPLAN REVEHIET 2015

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, Avdeling Kjillarstuggu

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Åpen Barnehage. Familiens hus Hokksund. Vil du vite mer, kom gjerne på besøk. Våre åpningstider:

Evaluering av prosjekt og hverdag på Veslefrikk. Høsten 2015

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Humla i august: Marihøna i august: Bli kjent på Humla - Rutiner - Faste plasser - Vennskap - Lek - Trygghet

MÅNEDSPLAN FOR PYRAMIDEN PERIODEN 30.MARS T.O.M. 01. MAI 2015

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

En kilde til trivsel og vekst

Plan for overgangar. for barn og unge

PERSONALET: BARNEGRUPPEN

VELKOMMEN til SELJE barnehage

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

INFORMASJON om førestellinga:

Transkript:

Herleg start på livslang læring! Årsplan 2014/2015 Fjellgardane barnehage

DETTE ER FJELLGARDANE BARNEHAGE: Fjellgardane barnehage har 4 avdelingar; Jasehola, Revehiet, Maurtuva og Kompis Opningstider og timetilboda våre: Fjellgardane barnehage er open frå kl. 07.30 16.30. Barna skal vere i barnehagen innan kl.10.00, viss ikkje anna er avtalt. Barnehagen gjev tilbod om opphaldstid inntil 8,5 timar pr. dag. Oppseiingstida og endring av tilbod, er 1 månad (d.v.s. frå den 1. til den 1.) Viser til dei kommunale vedtektene. Feriar og fridagane våre i 2014/2015: Barnehagen startar onsdag 13.august, og er open 5 dagar i veka, bortsett frå heilagdagar, off. fridagar, jul/nyttårsafta, 5 planleggingsdagar og 2 veker i fellesferien. Barnehagen stengjer kl. 12.00 onsdag før Skjærtorsdag. Alle barn skal ha 4 veker med ferie i løpet av året. Det skal takast ut 3 veker samanhengande ferie i perioden 01.05. 30.09. Siste frist for skriftleg melding om sommarferie er 01.05. Den 4.ferieveka kan foreldra kombinere med planleggingsdagane. Avdelingane våre skal ha beskjed når barnet ikkje kjem i barnehagen grunna sjukdom/ fri. Foreldrebetaling og kostpengar: Bykle kommunestyre fastset takstane for foreldrebetaling. Takstane finn ein på www.bykle.kommune.no. Takstane inkluderer kost. Juli månad er betalingsfri. Serviceerklæring og kommunale vedtekter: Det finn du på Bykle kommune si heimeside: www.bykle.kommune.no Våre styringsreiskap er: Barnehagelova og rammeplanen Miljøretta helsevern i barnehagar og skolar m.v. Bykle kommune sin barnehagepolitiske plan og årsplan fastsett av samarbeidsutvalet

August 2014 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 31 1 2 3 32 4 5 6 7 8 9 10 Å vekse opp betyr å vekse inn i eit samfunn med bestemte skikkar, tradisjonar, symbol, roller, og verdiar. 33 11 12 13 Velkommen! 14 15 16 17 34 18 19 20 21 22 23 24 35 25 26 27 28 29 30 31 VIKTIGE DATOAR: 11. + 12. Barnehagen er stengd - planleggingsdagar RØTER (av Olav Mosdøl) 13. Nytt barnehageår startar Ro treng eit bån for å feste tægan til livet. Røter treng ein ungdom for å opne blomen mot ljoset. Hurra for Tuva og Marcus-Antonio som fyller år i august! (Olav Mosdøl) Vi feirar barna sine fødselsdagar med flaggheising, krone, samlingsstund og noko godt å ete! Rotfeste treng eit menneske for å bere bører i motvind. NB! Private bursdagsinvitasjonar skal ikkje delast ut i barnehagen!

I barnehagen jobbar: Administrasjon: Tenesteleiar: Kristin D. Hoslemo, mobil 48 89 65 35 kristin.hoslemo@bykle.kommune.no Måndag, onsdag og fredag er kontordag i Fjellgardane barnehage, tlf. 379 38 522 Avløysar for tenesteleiar: Signe Lillemo Mundal, mobil 98 41 12 35 Signe.Lillemo.Mundal@bykle.kommune.no Maurtuva mobil 94 51 12 33 Revehiet mobil 94 51 12 34 Jasehola mobil 94 51 12 35 Kompis mobil 90 40 52 39 Per Øyvind Asbjørnsen - pedagogisk leiar 100% per.oyvind.asbjornsen@bykle. kommune.no Carina Løvås Olaussen - førskulelærar 100% Tone Hilde Lund - fagarbeidar 80% Aleksander Rysstad - lærling - 20% Kari Ekeberg Pålsson - pedagogisk leiar 90% Kari.Ekeberg.Palsson@bykle. kommune.no Line Steine - førskulelærar 60% Kari Hovden Hoslemo - assistent 50% Linn Hser - lærling - 100% Signe Lillemo Mundal - pedagogisk leiar 100% Eldri Haugenes - førskulelærar 86% Anne Evju Breivegen - assistent 50% Kari Hovden Hoslemo - assistent 50% Aleksander Rysstad - lærling - 80% Mette Larsen - pedagogisk leiar 100% mette.larsen@bykle.kommune.no Sigrid Stensbøl - førskulelærar 100% Anne Nomeland - fagarbeidar 80%

September 2014 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 36 1 2 3 4 5 6 7 37 8 9 10 11 12 13 14 HAUSTFEST VI INVITERAR FORELDRE OG SØSKEN TIL SETESDALSSUPPE OG KAKE I BARNEHAGEN. 38 15 16 17 18 Fotografering! 19 20 21 39 22 23 24 25 25 27 28 Teater i Hovden Grendehus måndag 22.09: 40 29 30 VIKTIGE DATOAR: 15. Levering av melding om haustferie (skjema vert sendt på e-post) 17. Foreldremøte 24. Haustfest med Setesdalssuppe kl. 15.00 16.30 Veke 40 skulen har haustferie Hurra for Gunnloven! I år er det 200-årsjubileum for Grunnloven og dette skal feires i hele landet! Også i den lille byen der Pjoter, hunden Buster, bokhandler Jacobsen og fru Overrektor StrutsenFjertenBert bor. Les mer» 07.04.2014 Hurra for Johan og Vilde som fyller år i september! HURRA FOR GRUNNLOVEN! FRITT VAL - satsing for betre likestilling! Vi held fram med prosjektet I år som er det går 200-årsjubileum ut på å for Grunnloven og presentere barnehagen som aktuell arbeidsplass for dette skal feires i hele landet! Også i den lille menn. 3 gutar frå ungdomsskulen kjem i barnehagen denne byen hausten. der Pjoter, hunden Buster, bokhandler Jacobsen og fru Overrektor StrutsenFjertenBert bor. Les mer» 07.04.2014

Foreldresamarbeid Målet for foreldresamarbeidet: Å utvikle eit godt samarbeid mellom foreldra og personalet til det beste for barnet. Dette samarbeidet skal vere prega av gjensidig respekt og likeverd. Foreldrerådet (jfr. 4 i Barnehagelova): Foreldrerådet består av alle foreldra som har barn i barnehagen, og rådet vel 2 repr. og vararepr. til samarbeidsutvalet. Foreldrerådet skal fremja fellesinteressene til foreldra og medverke til at samarbeidet mellom barnehage og foreldreråd skaper eit godt barnehagemiljø. Vi i barnehagen vil arbeide på følgjande måte: Ha god tid til å møte foreldre når barna kjem og vert henta den daglege kontakten er eit viktig bindeledd mellom barn, foreldre og personalet I foreldresamtalar kan foreldre og personalet snakke saman for å bli betre kjend med kvarandre og barnet, og utveksle erfaringar og informasjon Dokumentasjon skriftleg og gjennom bruk av foto Foreldremøte Ulike arrangement påskefrukost, sommarfest, haustfest, temakveldar o.s.v. Samarbeidsutvalet (jfr. 4 i Barnehagelova): Eining barnehage har felles samarbeidsutval. Utvalet skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordna organ for foreldre (2 repr.), personalet (2 repr.) og eigar (2 repr.). For eigar: Torfinn Haugen og Eh Ka Mwee Sein For foreldra: For personalet:

Oktober 2014 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 40 1 2 3 4 5 41 6 7 8 9 10 11 12 EPLEDAGEN «Eg har eit lite eple Som eg har fått av mor Der inne er eit frøhus der ti små frøbarn bor. 42 13 14 15 16 17 Epledagen! 43 20 21 22 23 24 FN-dagen 18 19 25 26 I kvart eit rom i huset to frøbarn kvile får, der legg dei to og drøymer om sol og lys og vår» 44 27 28 29 30 31 VIKTIGE DATOAR: Veke 40 skulen har haustferie 31. Barnehagen er stengd planleggingsdag Hurra for Nora, Tomasz og Wiktor som fyller år i oktober! Barnehagen har ei viktig rolle som arena for utvikling av kulturell identitet

Overgang frå barnehage til skule Rammeplanen seier: Barnehagen skal, i samarbeid med skulen, leggje til rette for overgangen frå barnehagen til første klasse og eventuelt skulefritidsordning. Det skal skje i nært samarbeid med heimen Dette er kompisgruppa i 2014/2015: Grunde Sigurd Sara Selma Tora Magdele Rauls Målet er at BARNA Kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte Glede seg til å starte på skulen Få ein trygg skulestart Oppleve at det er samanheng mellom barnehage og skule Skal vi lukkast med dette, må vi ha nokre rutiner som stør arbeidet. Difor ønskjer vi å førebu 5-åringane på skulestart slik: Besøke, og av og til vere med småskulen Besøke SFO Delta på nokre arrangement gjennom den kulturelle skulesekken Læraren som skal ha 1.klasse besøker 5-åringane 5-åringane har tre førskuledagar på skulen om våren Ulike aktivitetar: kompisturar saman med kompisane i Bykle barnehage leikarring på onsdagane kl. 9.00-9.30 musikalsk barnehage på onsdagane kl. 10.00-10.45 kompissamlingar i barnehagen

November 2014 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag EN RING AV GULL 44 1 2 En ring av gull, en riktig stor med plass til alle hender 45 3 4 5 6 7 8 9 Der ingen er størst og ingen er minst Der ingen er først og ingen er sist Vi holder fast så alle kjenner 46 10 11 12 13 14 15 16 At ringen er smidd av GODE VENNER! 47 17 18 19 20 21 22 23 48 24 25 26 27 28 29 30. 1.søndag i advent VIKTIGE DATOAR: Det vert kalla inn til foreldresamtalar denne månaden Så tenner vi ett lys i kveld Vi tenner det for GLEDE. Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede. Så tenner vi ett lys i kveld, vi tenner det for GLEDE.

Fjellgardane barnehage sitt innhald omsorg, leik, læring og danning Barnehagen sitt innhald skal byggje på eit heilskapleg læringssyn, der omsorg, leik, læring og danning er sentrale omgrep. I tillegg er sosial og språkleg kompetanse, barna sin medverknad og dei sju fagområda viktige delar i barnehagen sitt læringsmiljø. DANNING I barnehagen er det samveret med barn og vaksne i leik og læring, som er føresetnaden for danninga til barnet. Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evna til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar. Det å setje barnet i stand til å møte livet og å sjå på seg sjølv som eit verdifullt medlem av eit større fellesskap. Det er mellom anna gjennom den daglege omsorga og korleis barnet vert møtt, som gir grunnlag for danningsprosessen. OMSORG Lytte til barna og møte dei med tid og nærleik Bruke humor og glede, vise at vi set pris på mangfaldet Ha ein fleksibel dagsrytme som møter kvart barn sitt behov Ha vaksne som er gode og klare rollemodellar Gi barna utfordringar og aktivitetar tilpassa alder og mognad Oppmuntre barna til å hjelpe og trøyste kvarandre Gi positive tilbakemeldingar Gi barna grenser og reglar tilpassa alder og mognad Bidra til ein meiningsfull oppvekst uavhengig av funksjonsnivå, bustad, sosial, kulturell og etnisk bakgrunn

Desember 2014 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 49 1 2 3 4 5 6 50 8 9 10 11 12 13 Lucia-dagen 51 15 16 17 18 19 20 52 22 23 24 25 1.juledag 26 2.juledag 7 2. søndag i advent 14 3. søndag i advent 21 4. søndag i advent 27 28 Vi gratulerer Oline, Peder og Rauls som fyller år denne månaden! Nissefesten! Barna kjem utkledd som nissar til barnehagen. Vi et risgraut og julekaker, og vanlegvis så stikk nissen innom oss! Vi har felles adventsstunder i desember, der vi tenner lys, syng advent/ julesangar og heng adventshjarte i vindauga. 1 29 30 31 Nyårsafta VIKTIGE DATOAR: 8. Levering av melding om juleferie (skjema vert sendt på e-post) 12. Lucia i Hovden Grendehus kl. 17.30. 17. Nissefest Vi minner om at barnehagen er stengd julafta og nyttårsafta! LUCIA Lucia feirar vi saman med skulen. Vi startar med fakkeltog frå Hovden sentrum kl.17.00, og går til Hovden Grendehus. Programinnslag av barnehagen og skulen. Ta med småkaker til pausa, drikke vert servert!

LÆRING Støtte barna sin nyfiken, lære- og vitelyst Ta utgangspunkt i barna sine interesser og spørsmål Møte barna si undring på ein utfordrande måte Vere kjent med og bruke dei 7 fagområda i kvardagen LEIK Leggje til rette for leik inne og ute Gi mykje tid og rom til at barna skal leike Hjelpe barna til å bli med i leik Sjå til at leiken er god for alle SOSIAL KOMPETANSE Leggje til rette for gode kjenslemessige opplevingar Bidra til at barn vert trygge på og stolte over si eiga tilhøyrsle og får respekt for andre kulturelle verdiar og ytringar Arbeide med, støtte og fremje dei sosiale dugleikane til det enkelte barnet og barnegruppa Vere eit aktivt og tydeleg personale, som legg til rette for eit varmt og inkluderande miljø Bidra til at alle barn blir sett, og at dei vert oppmuntra til å delta i alle aktivitetar i barnehagen, uavhengig av kjønn.

Januar 2015 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 1 1 2 3 4 2 5 6 7 8 9 10 11 3 12 13 14 15 16 17 18 4 19 20 21 22 23 24 25 «Eg heiter januar, og eg er svær til kar, og kjeme eg, så må du ikkje gå med nasen bar. Men gåver kan eg gi, viss du vil stå på ski, Så strør eg snø på veg og sti i bakkehell og li» 5 26 27 28 29 30 31 VIKTIGE DATOAR: 2. Barnehagen er stengd planleggingsdag 5. Barnehagestart Vi gratulerer Tim Felix, Nora, Casper og Grunde med fødselsdagane! Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter. (Rammeplanen)

BARNA SIN MEDVERKNAD Barna skal få høve til å påverke og delta i planlegging av kvardagsaktivitetane i barnehagen Barna får støtte til å undre seg og stille spørsmål Oppmuntre barna til å gi uttrykk for tankar og meiningar, og møte anerkjenning for uttrykka sine Barna må få rom til å fordjupe seg i og utvikle sine eigne interesser God kommunikasjon mellom personalet og barna, og mellom personalet og foreldra Gi tid og rom for lytting og samtale LIKESTILLING/LIKEVERD Målsettinga med å arbeide med likestilling/likeverd i barnehagen er å bidra til at barna skal kunne oppdage, prøve ut og utvikle potensialet sitt uavhengig av kjønn. Gutar og jenter skal ha like høve til å bli sett og høyrt, og bli oppmuntra til å delta i fellesskapet i alle aktivitetane i barnehagen. Jenter og gutar skal ikkje gjerast like, men bli handsama likeverdig. VURDERING OG DOKUMENTASJON Vurdere barna si læring og opplevingar. Deira erfaringar og synspunkt skal inngå i vurderingsarbeidet. Vurdere dei vaksne sin veremåte og praksis i lys av planar for tiltak og mål. Dokumentere med bruk av bilete, tekst, samtalar, observasjonar ( Alle med ), møte og brukarundersøking Evaluere verksemda jamnleg på avdelingsmøte/personalmøte.

Februar 2015 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 5 1 6 2 3 4 5 6 Samefolket sin dag 7 8 7 9 10 11 12 13 14 8 16 17 18 19 20 21 22 15 «Befolkninga i Noreg er prega av språkleg, kulturell og religiøst mangfald som vil vere berikande og ein styrke for fellesskapet i barnehagen» (Rammeplanen 2.6) 9 23 24 25 26 27 28 1 VIKTIGE DATOAR: 9. Levering av melding om vinterferie (skjema vert sendt på e-post) 13. Hattefest! Veke 9 - skulen vinterferie GUOVžA OAÐÐA («Bjørnen sover» på nordsamisk) :/: Guovža oaddá, guovža oaddá liegga biejustis. Vi ønskjer Ingrid Alette, Tone-Janita, William og Raido tillukke med dagen! Son ii bahá leat gal, Jos mii váruhit fal. Muhto eat mii, muhto eat mii. Luohte sutnje gal. :/:

DEI 7 FAGOMRÅDA I FJELLGARDANE BARNEHAGE Kvart fagområde dekkjer eit vidt læringsfelt, og arbeidet må tilpassast alderen og interessene til barna og gruppa. Alle skal få like høve til å møte utfordringar som svarar til det utviklingsnivået dei er på, difor har vi i Fjellgardane barnehage valgt å tydeleggjere progresjonen på denne måten: Tal, rom og form 1-2 år 2-3 år 3-4 år 4-5 år 5-6 år Barna skal få leika med klossar i ulike former og storleikar. Barna skal få lære enkle teljesangar og regler. Bli presentert for enkle former Få kjennskap til fargar. Hjelpe til å rydde rett ting på rett plass. Pusla enkle puslespel Kjenna att bokstaven sin Kunne spele enkle spel med form og farge. Lik og ulik Kunne finne att ei form Kunne dekke bordet Barna får erfare, utforske og leike med form, mønster, mål og ulike storleikar Spele teljespel som Uno, Stigespel etc. Kjennskap til ulike redskap og verktøy Kunne namnet på tal, former, fargar og enkle matematiske omgrep. Nytta måleband, vekter Lage eigne måleeiningar Vere med å lage mat etter enkel oppskrift. Kunne omgrep som større enn, mindre enn, meir enn, mindre enn. Kompissamlingar Samarbeid med kompisane i Bykle Etikk, religion og filosofi 1-2 år 2-3 år 3-4 år 4-5 år 5-6 år Barna skal vere med å feire høgtider og andre markeringar t.d. nissefest, påskefrukost Få kjennskap til sangar og litteratur i tilknytning til desse høgtidene/markeringane Barna skal få ro til undring, samtale og forteljing Vaksne hjelper barna å ta vare på leiker og anna utstyr i barnehagen Kunna vere med i diskusjonar / undringar over det som skjer rundt oss Gi barna innblikk i det å ta vare på naturen og kvarandre Venner bruke ulike typer konkretar/aktivitetar som innfallsvinkel til arbeidet med det sosiale samspelet mellom barna Vita kva ein venn er og at vi er ulike Barna erfarer at grunnleggjande spørsmål er vesentlege, ved at det vert gjeve høve og ro til undring og tenking, samtalar og forteljingar Besøke Fjellgardane kyrkje i samband med jul Høyre om dei ulike høgtidene og kva høgtidsdagane står for Reflektere over kva som skjer rundt oss Solidaritetssrbeid Hjelpe barna i konfliktsituasjonar til å finne konstruktive løysingar Kunna vere med i ein diskusjon om eit abstrakt spørsmål: Tenk om. Filosofere over alt frå daglege ting til dei meir abstrakte Få høyre om andre religionar og livssyn, og respekt for desse

Mars 2015 Barnehagedagen 10 år! Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag Tema for dagen: 10 2 3 4 5 6 7 8 Barnehagen sitt arbeid med natur og friluftsliv der klima og miljø vil inngå som ein naturleg del. 11 9 10 11 12 13 14 15 Bakteppe for temaet er Friluftslivets år som vert markert i 2015. 12 16 17 18 19 20 21 22 13 23 24 25 26 27 28 29 Palmesøndag 14 30 31 VIKTIGE DATOAR: Veke 10 og 11: Studentar frå UIA kjem i barnehagen 9. Levering av melding om påskeferien (skjema vert sendt på e-post) 10. Barnehagedagen 10 år! 27. Påskefrukost Veke 14 skulen påskeferie t.o.m. tysdag 7.april Hurra for Nils som fyller år! PÅSKEFRUKOST Vi inviterar foreldre og søsken til frukost i barnehagen frå kl.7.30 til kl.9.00 Hjarteleg velkommen!

Kommunikasjon, språk og tekst 1-2 år 2-3 år 3-4 år 4-5 år 5-6 år Set namn på dei daglege aktivitetane Set ord på ting frå barna og lagar heile setningar, t.d. når barnet seier ete, svarar den vaksne Ja, no skal vi ete Ser i enkle biletbøker, syng mykje og nyttar rim og regler Bruker enkle dikt med rytme og rørsler Sorterer leiker, har bilete på kassane/skuffene. Utvidar barnet sin setningsoppbygging og ordforråd. Lar barnet sjå og gjere dei merksame på ordbilete av namnet sitt Kunne både for- og etternamn Bruke biletbøker og eventyr Mykje sangar, rim og regler Barna skal kunne gi uttrykk for om dei ønskjer drikke, kva dei vil ha på skiva etc. Få eit positivt tilhøve til tekst og bilete, lytte og bli lest for Nytte språket i konfliktløysing Føre samtalar om noko som skal skje eller nyleg har skjedd Lære ordbiletet av namnet sitt Bruke forteljingar, rim og regler utan bilete Nytte samtalebilete Jobbe med fargane Tiltala dei vaksne med namn Kunne eigne og andre sine bokstavar Ta i bruk symbol og siffer i daglege samanhengar Fortelje frå turar Planleggje ein leik Nytte enkle bøker utan bilete Syngje sangar med fleire vers Setje ord på kjensler og kva som skjer i konflikt Jobbe med preposisjonane Førenamn og etternamn på dei andre barna Nytte spel som rimlotto og liknande Trene lytting og turtaking Nytte fortsetjingsbøker utan bilete, kunne rimord Barna skal kunne fortelje både i framtid og fortid Kjenne att enkle ordbilete Laga felles forteljingar og referat frå t.d turar Kjenna att bokstavar og tal Kunna samtale over ein tenkt situasjon Leike med tøyseord Ta imot kollektive beskjedar Lytte etter lydar og stavingar Skriva namnet sitt og læra fødselsdatoen sin Kompissamlingar Ta i bruk vitsar og gåter Nærmiljø og samfunn 1-2 år 2-3 år 3-4 år 4-5 år 5-6 år Gå på turar, utforske og sjå på ting i nærmiljøet: huset mitt, familien min Delta i kvardagsaktivitetar Oppfordre til å hjelpe kvarandre Får merksemd på positive handlingar Barna opplever at det vert teke like mykje omsyn til gutar og jenter Snakka om yrke Bli kjende med spesielle merkedagar Barna blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet Barna får erfaring med, og utviklar tillit til eigen påverknad av fellesskapet i barnehagen Mobbing Utflukter i nærmiljøet Få besøk av personar som har noko å fortelje frå Hovden Markere FN-dagen Lære om kommunen vår Bibliotekbesøk Mediar Besøke arbeidsplassar og serviceinstitusjonar Barna skal få øve seg på å ta demokratiske avgjerder Samarbeid mellom skulen/sfo og barnehagen Kunne tilpasse seg andre, samstundes som ein kan stå for eigne val Menneskerettane Utvikle forståing for ulike tradisjonar og levesett Barna blir kjend med historiske endringar og får kjennskap til samane som urfolket i Norge

April 2015 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 14 1 Barnehagen stengjer kl. 12.00 2 Skjærtorsdag 3 Langfredag 4 Påskeafta 5 1.påskedag 15 6 2.påskedag 7 8 9 10 11 12 Barnehagekyllingane: Hanna Montana og Ola 16 13 14 15 16 17 18 19 17 20 21 22 23 24 25 26 18 27 28 29 30 «En liten kylling i egget lå, den banket, banket og banket på. Her er så trangt, jeg vil ut å gå, pep den, og ynket seg der den lå. Hakke-hakke-hakk, egget det sprakk, og et lite hode ut av det stakk» VIKTIGE DATOAR: 7. Barnehagestart Vi gratulerer Silje, Mathias og Selma med fødselsdagane denne månaden! Rammeplanen: Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til kristne høytider og tradisjoner og tradisjoner knyttet til høytider i religioner og livssyn som er representert i barnehagen.

Kunst, kultur og kreativitet 1-2 år 2-3 år 3-4 år 4-5 år 5-6 år Få eksperimentere med enkle måleteknikkar Få høyre og bevege seg til musikk Danse, syngje og sjå i biletbøker Bruke fargestiftar og store ark Fingermåling og måling med breie penslar Bruke plastelina Skape ulike stemningar som kan gi estetiske opplevingar og inntrykk t.d lys, mørke, spegl Lys i ulike fargar Ulikt materiale (glatt, vått kaldt, hardt, mjukt) Introdusere kjende eventyr Få prøve ut enkle formingsteknikkar Dramatisering av enkle eventyr t.d. Bukkane Bruse Klippe og lime Trolldeig og leire Bli introdusert for litt vanskelegare teknikkar, t.d. perling med små perler Nytte kunstbilete og andre bilete til samtale Måle og teikne mykje Lage forteljingar frå barna sine teikningar Fortelje og dramatisere eventyr/ tilgang på utkledningstøy Kyrkjebesøk Undre seg over endringar og fargar i naturen Bruke bøker med lenger tekst Lytta til klassisk musikk Barna skal få kunnskap om ulike teikne- og måleteknikkar Måle med måleskrin og mindre ark Lage skulpturar i ulike materiale Teikne med fargeblyant Lytte til variert musikk og bevege seg etter musikk Dramatisering Lytteøvingar m.a. i skogen Gi barna ulike materiale å arbeida med La barna få lage formingsarbeid over tid Barna skal få lære om teknikken og litt av historia til ein kunstnar Kunna mange sangar, rim og regler Kunna namnet på kunstnarar Oppleve ulike kunstartar Gjere merksam på ulike former for musikk Samarbeid med kulturskulen Natur, miljø og teknikk 1-2 år 2-3 år 3-4 år 4-5 år 5-6 år Barna skal gå korte turar utan vogn til t.d.lavoplassen Barna skal rydda opp etter seg i naturen ta med søppelpose Vere med på kjøkkenet Enkle eksperiment med vatn, energi Skru av og på lyset Skru av og på musikk/cd Lære om småkryp Barna skal få gå på turar der ein tek med mat og et ute. Barna skal få innblikk i kvifor vi må ta vare på naturen Kunna namna på årstidene Ha enkle fysikk eksperiment Få kjennskap til kjøkkenutstyr Barna får erfare gleda over å vere i naturen, bli kjend med han, verne om han og bruke han: Bålbrenning, matlaging, finne dyrespor, samle skattar, mate fuglar, bruke kniv og sag, plukke bær/sopp, finne formingsmateriell, kjent med årstidene, plantar og dyr, bruke lupe og innsektssugar Sortere søppel Nytte data, fotoapparat, kopimaskin m.m. Kunna namnet på fuglar og dyr Kunna utviklinga til t.d. frosk, larve Kunna ta bilete og nytta data til enkle oppgåver Oppleve glede over å ferdast i naturen og få innsikt i miljøvern og samspelet i naturen Få innsikt i produksjon av matvarer Byrjande kunnskap om livssyklus Brannvern Vanja og Eldar Gjennom undring og oppsøking av informasjon finne ut korleis fenomen i naturen oppstår Gjere barna bevisst på endringar i naturen La barna vere med på å bruke tekniske hjelpemiddel som vi brukar dagleg i barnehagen Gjere barna bevisst på at dei vala vi gjer, kan påverke naturen Nytte mykje fysikk Miljøfyrtårn

Mai 2015 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 18 1 Off. høgtidsdag 2 3 alle med nasjonaldagen! 19 4 5 6 7 8 9 10 20 11 12 13 14 Kristi Himmelfartsdag 15 16 17 Grunnlovsdag 17.mai feirar vi på Hovden! 21 18 19 20 21 22 23 Pinseafta 24 1.pinsedag 22 25 2.pinsedag 26 27 28 29 30 31 VIKTIGE DATOAR: 1. Frist innlevering av sommarferielappar 8. Frigjeringsdagen 15. Barnehagen er stengd - planleggingsdag 22. Svarfrist for brukarundersøkinga Det vert kalla inn til foreldrekonferansar i mai/juni Hurra for Jodine, Emil og Linus som fyller år denne månaden! 1,2,3 HURRA 4,5,6 HURRA 7,8,9 HURRA HURRA,HURRA HURRA Bykle, Bykle du er best. Difor tek vi oss ein fest Pølse, suppe, is og kake skal vi alle saman smake. HURRA! Her kommer vi unge i flokk, flokk, flokk av mot og av sanger har vi nok, nok, nok Vi våren vil prise, og gamle Norge vise Her kommer vi unge i flokk, flokk, flokk

Kropp, rørsle og helse 1-2 år 2-3 år 3-4 år 4-5 år 5-6 år Leggje til rette for at barna får øve på dei grunnleggjande rørslene; krype,hoppe,åle,gå, rulle Barna må få oppleve ein balanse mellom aktivitet og kvile Gjere enkle sangleiker der ein brukar kroppen t.d. Hode, skulder, kne og tå Gå korte turar på veg og i naturen, både med og utan vogn Enkel hinderløype/tumleleik Barna bli kjend med kroppen sin, med sunn mat og gode matvanar Ha god tid i stellesituasjonar Barna må få høve til kroppslege utfordringar, både ute og inne Barna må få utfalda seg i ulendt terreng Namn på kle, byrje å kle seg Byrja og øve seg på å smørje skiva ved måltidet Orientering i romma Barna skal få innblikk i kva som er sunt og usunt Kunne namnet på dei fleste utvendige kroppsdelane Hoppa med samla føter Utvikle glede ved å utforske og bruke naturen Delta aktiv i matlaging Hinderløype og natursti Bruke gymsal/sømjehall Skileik, snøaktivitetar Kunne kle seg sjølve Forstå og leike rørsleleiker som; Bjørnen sover, Fløy en liten blåfugl Gå på do og vaska hender Sykla i barnehagen Aktivitetar der barna må samarbeide Lære barna om sunt kosthald Kva treng kroppen vår. Kvifor? Gå på turar i nærmiljøet, både korte og lengre turar. Kompisturar Lære barna ulike sangleiker og balleiker Kunne kjenne om dei frys eller er varme Kunne smørje maten sin sjølv Øve på å tørke seg sjølv etter at dei har vore på do Hinke og hoppe tau Skrivetrening, forming, koordinasjon

Juni 2015 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 23 1 2 3 4 5 6 7 24 8 9 10 11 12 13 14 SOMMARFEST Vi inviterar foreldre og søsken til fest denne torsdag ettermiddag frå kl. 15.00-16.30. Dette for å markere at barnehageåret snart er over, og sommaren står for døra. 25 15 16 17 18 19 20 21 26 22 23 Jonsokafta 24 25 26 27 28 27 29 30 VIKTIGE DATOAR: 18. Sommarfest kl. 15.00-16.30 Skulen tek sommarferie frå veke 26 (siste skuledag er fredag 19.juni) Vi gratulerer Eldri og Mari som har fødselsdag i juni!

KVARDAGSAKTIVITETAR I BARNEHAGEN: Velkomst/avskjed Alle barn og vaksne skal føle seg velkommen og få ein god start /slutt på dagen. Rydding Barna skal lære å ta vare på leiker og utstyr, og hjelpe kvarandre. Leik Frileik føregår store delar av dagen både inn og ute. I denne perioden vel barna kva dei vil leike med og med kven. Personalet fordelar seg på dei ulike leikeromma og er observerande og tilstades for barna. Kvil Dei barna som treng det får sove/kvile, enten ute eller inne. Av/påkledning Barna får trening i å kle på og av seg sjølve. Det er kjempeviktig med gode og laglege kle og sko både i storleik og til ulike årstider! For at barna få ta aktiv del i frileiken og trivast ute, må kleda vere gode å bevege seg i og dei skal vere lette å ta på. Hugs ekstra kle! Friluftsliv og utflukter kvar veke har vi turdagar. Skapande aktivitetar vert stort sett vevd inn i det daglege livet i barnehagen Samlingstund - Samlingane vil ta utgangspunkt i tema/fagområde for perioden og årstida vi er inne i. Fellessamlingar Samlingar der heile barnegruppa er med. Sang og musikk vi prege desse samlingane dette året. Måltid Vi serverer frukost (fram til kl. 8.45), frukt, lunsj og ettermiddagsmat. Vi legg vekt på at maten skal vere sunn og næringsrik. Ulike merkedagar - t.d barna sine fødselsdagar, hattefest, nissefest m.m. Andre aktivitetar vi har høve til å låne gymsalen og badeland. Ring mobiltelefonane våre i utetida!

Juli 2015 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag SKIN PÅ MEG, SOL 27 1 2 3 4 5 Skin på meg, sol! Skin på min arm, 28 6 7 8 9 10 11 12 skin på mi hand. Sol, gjer meg varm! Skin på meg, sol! 29 13 14 15 16 17 18 19 Skin i denne stund, skin på mitt auga, mitt kinn og min munn! 30 20 21 22 23 24 25 26 Anne Lise Gjerdrum 31 27 28 29 Olsok 30 31 Ferieavvikling pregar denne månaden, og vi får sommarvikarar i barnehagen! VIKTIGE DATOAR: Veke 30 og 31 er barnehagen sommarstengd Hurra for Sara, Sigurd og Tora Magdele som fyller år i juli!

SÆRLEGE SATSINGSOMRÅDE I 2014/2015: Kommunalt: Bykle - kommunen vår! MÅL: Personal og barn skal få god kjennskap til kommunen vår, både natur og kultur! Nettverk Setesdal: Inkludering og deltaking i fellesskap, leik og læring for alle barn i barnehagen MÅL: Auke kunnskap om barnehagen som førebyggjande arena Gjere personalet medvitne om si rolle i inkludering og deltaking i fellesskap, leik og læring for alle barn i barnehagen. Planleggingsdagane for barnehageåret 2014/2015: Måndag 11.august 2014 Tysdag 12.august 2014 Fredag 31.oktober 2014 Fredag 2.januar 2015 Fredag 15.mai 2015

August 2015 Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 31 1 2 32 3 4 5 6 7 8 9 33 10 11 12 13 14 15 16 34 17 18 19 20 21 22 23 Og jordbær det gjer eg til barna, for det meiner eg dei skal få, og andre små artige saker som passar når barna er små. Så lagar eg festlege stader der barna kan springe så lett, og da blir dei fulle av sommar og beina av hopp og av sprett. Astrid Lindgren 35 24 25 26 27 28 29 30 VIKTIGE DATOAR: 17. + 18. Barnehagen stengd - planleggingsdagar 19. Nytt barnehageår startar, og vi ønskjer «gamle» og nye barn velkommen!

MERKEDAGANE VÅRE! Barnehagen har ulike festar og merkedagar gjennom året. Foreldre og søsken vert invitert til haustfest, Lucia, påskefrukost og sommarfest. Barna feirar i tillegg nissefest og hattefest i barnehagen. På haustfesten inviterar vi til Setesdalssuppe, kaffi og kake. Dette føregår på ettermiddagen i barnehagen. Lucia-markeringa er i samarbeid med Fjellgardane skule og føregår i Hovden Grendehus fredagen nærast 13.desember. Kvart barn, som er fylt 2 år, tek med seg ei kvit kappe/skjorte til barnehagen i forkant av arrangementet. Markeringa er på kvelden og er open for alle. Det vert servert drikke, kvar og ein tek med kaffimat. Nissefesten er for dei barna som har barnehagedag denne dagen. For dei som har redusert barnehagetilbod og ønskjer å delta, kan evt. bytte barnehagedag eller kjøpe ein ekstra dag. Barna kjem utkledd som nissar til barnehagen. Vi kokar risgraut og nissen stikk vanlegvis innom! Hattefesten er også for dei barna som har barnehagedag den dagen. Same ordninga som for nissefesten for dei med redusert tilbod. Barna kjem til barnehagen ikledd ulike hattar. Vi kosar oss med noko ekstra til mat, kanskje fastlavnsbollar Påskefrukosten tek til kl. 7.30 og varer til kl. 9.00. Då er foreldre og søsken velkommen til frukost i barnehagen. Sommarfesten har vi i juni, like før skulen tek sommarferie. Dei siste åra har vi samarbeidd med Fjellgardane skule, slik at vi annakvart år tek oss av grilling eller kaffi/kaker. På denne festen har vi litt program og kompisane får ekstra merksemd. Festen er på ettermiddagstid, om lag frå kl.15.00-16.30. Fødselsdagar. Vi feirar barna sine fødselsdagar med flaggheising, krone, samlingsstund og noko godt å ete!