Sigarettar, snus og psykisk helse

Like dokumenter
Røyking og snusbruk blant ungdommar i 2004 og

Utfordringsdokument 2015

2014/

Helse og omsorgsdepartementet. Høringssvar fra Swedish Match Norge:

HUNT. Helseundersøkelsen i Nord- Trøndelag (HUNT3)- Hva sier den oss om kvinner og tobakk? HUNT1 ( ) HUNT2 ( ) HUNT3 ( )

Forslag til endringer i tobakksforskriftene og ny forskrift om elektroniske sigaretter.

HELSE FOR ALLE Kva, kven og korleis?

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Røyke- og snustrender blant unge voksne

Hvem får psykiske lidelser, og kan de forebygges?

E-terapi verkar godt. Arne Olav L. Hageberg. Jan Kåre Wilhelmsen

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

EN GOD SKOLESTART KUNNSKAPSSENTERETS ÅRSKONFERANSE 16. SEPTEMBER 2010 FORBUNDSLEDER EILIN EKELAND 1

EKSAMENSOPPGÅVE KLH3002 Epidemiologi 1 Torsdag timar

Hvordan påvirker levevaner vår psykiske helse?

Rus som risikofaktor for skader og ulykker. Hans Olav Fekjær, 2013

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Rapport Tal om tobakk IS-2064

Regional Satsting Psykisk Helse

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen MED2002 Mediedesign og medieuttrykk. Programområde: Medieproduksjon.

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

God helse og livsmeistring for alle

Av-og-til-røyking i Norge 163 7

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Hvorfor øker kjønnsforskjellen i sykefravær mellom kvinner og menn?

Ungdomshelse, skolefrafall og trygdeytelser

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

HORDALANDD. Utarbeidd av

Tobakksbruk blant norske ungdomsskoleelever

Hva er de nasjonale folkehelseutfordringene?

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

Livstils intervensjoner i primærhelsetjenesten

HUNT. Helseundersøkelsen i Nord- Trøndelag (HUNT3)- Hva sier den oss om kvinner og tobakk? HUNT1 ( ) HUNT2 ( ) HUNT3 ( )

Helsetilstanden i Norge Else Karin Grøholt

«Vi ser bare det vi ser etter» Sykepleie til eldre i LAR

Ungdom og vald; kva veit vi, kva kjem det av og kva gjør vi? Inge Nordhaug RVTS Vest

Sosial ulikhet og samfunnsutvikling. Førstelektor Eyvin Bjørnstad, Universitetet i Sørøst-Norge

Forskerroller. Tine Nordgreen Førsteamanuensis, UiB Prosjektleder, Haukeland Universitetssykehus. Stipendiatsamling 17 mars 2017

BAKGRUNN. Samhandlingsreformen Dagens helsetjeneste er i for liten grad preget av innsats for å begrense og forebygge sykdom

Norske tenåringsmødrer få, men fattige

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Samfunnsøkonomiske virkninger av snus

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

12. Færre besøk ved norske kinoar

Statistiske oppgaver over selvmord i Norge, Norden og de baltiske land. Suicide statistics in Norway, the Nordic and the Baltic countries

NORDISK TOPPMØTE om. psykisk helse. Oslo - Mandag 27. februar Camilla Stoltenberg Direktør, Folkehelseinstituttet

13. Sendetida på TV aukar

Barn og unges psykiske helse i et folkehelseperspektiv

ÅBa. Diabetesoppfølging på fastlegekontoret. Status i dag ROSA 4. Åsne Bakke. Stipendiat og endokrinolog

På sporet av grunnar til sjølvskading

Rus i et folkehelseperspektiv

Framtidige behov for hjelpemiddel

Lønnsundersøkinga for 2014

Røykeavvenning hvilke råd bør vi anbefale

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Sammensatt forebyggende innsats nytter - eksempel fra tobakksfeltet. Astrid Nylenna, avd forebygging i helsetjenesten, Helsedirektoratet

Bruk av IKT i spesialundervisninga

FRIENDS-program. som et universelt tiltak på en skole i Nordland. Susanne Seidel BUP Mosjøen 22. oktober 2014

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Til deg som bur i fosterheim år

Aktivitetskalendar 2015

Tilbodet av arbeidskraft etter utdanning

Trond Nordfjærn PhD & Dr.philos

Folkehelseutfordringer i Trøndelag

SPED utsatt eksamen vår 2016

Screening kva er forskingsbasert?

T 0 AL OM TOBAKK

Demens utfordrer både velferden og folkehelsen

(klinisk) Helsepsykologi - Befolkningshelse

Institusjon Prosjekttittel Phd/Postdoktor Beløp. Play as a Therapeutic Tool in Pediatric Physical Therapy

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Barnehager og psykisk helse Hva sier nyere norsk forskning? Barnehagen som forebyggingsarena for sårbare barn. Mari Vaage Wang, PhD Co-PI MoBaKinder

kols et sykdomsbyrdeperspektiv

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

ANGST FOR Å FØDE: - en oppfølgingsstudie av gravide og fødende på Akershus universitetssykehus. it t Malin Eberhard-Gran, lege og senior forsker

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Helseskader og dødelighet hos kvinner som røyker, relatert til hjerteinfarkt, lungekreft og kols

for the High Court of Justice, Queen s Bench Division, Administrative Court

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Geografiske variasjonar i uførepensjon

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Norge hadde i 2015 den laveste andelen åringer som oppga at de røykte daglig sammenlignet med andre land i Europa (figur 1).

1Vaksne i grunnskoleopplæring

Ungdom, rus og psykisk helse

Masteroppgave: One-year treatment of children and adolescents with severe obesity

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Den kronglete veien frem til effektiv behandling

Saksnotat vedrørende Retningslinjer for medikamentell primærforebygging av hjerte- og karsykdommer

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Refleksjon og skriving

nssfinfo.no. Kor kan ein få hjelp? Kva veit ein om sjølvmord i Noreg? Korleis kan ein førebygge sjølvmord? Litteratur Veiledende materiale

Transkript:

Sigarettar, snus og psykisk helse Alle veit at røyking er svært skadeleg for helsa generelt. Det er mykje som tyder på at dette òg gjeld for den psykiske helsa. Trass i stor nedgang i Noreg i dei siste ti åra, røyker framleis ein av fem uavhengig av kjønn. Slik held tobakk fram med å vera ei heilt sentral folkehelseutfordring, med relevans òg for psykisk helse. TEKST Simon Øverland Tore Tjora Arnstein Mykletun PUBLISERT 5. april 2011 RØYK OG SNUS: Det inst svært lite data på samanhengane mellom snus og psykisk helse, men ein amerikansk studie tyder på at psykiske lidingar er langt sterkare assosiert med røyking enn med snus. Illustrasjon: Oda Valle FAKTA: TOBAKK

Røyking er assosiert med psykiske lidingar, og det inst forsking som gjev støtte til teorien om at røyking aukar risiko for depresjon Røyking er den best dokumenterte og mest skadelege av alle kjente risikofaktorar for sjukdom og død Kunnskapsmengda om helseskadar ved snusbruk er liten, men tyder på at snus er langt mindre skadeleg enn røyking Tidleg på syttitalet sa 51% av norske menn og 32% av kvinnene at dei røykte dagleg. I 2009 var tala 21% for menn og 20% for kvinner. Reduksjonen i røyking har vore særleg sterk i det siste tiåret, og kjønnsforskjellen er borte (FHI, 2010). Alle veit at røyking er helseskadeleg, men i flommen av helseskadestoff er det kanskje lett å miste oversikta: Røyking er framleis den største enkeltståande risikofaktoren for alvorleg sjukdom og tidleg død (World Health Organization, 2002). I Noreg rapporterer no ein av fem vaksne at dei røyker dagleg, og desse vil redusere sin eigen risiko for alvorlig sjukdom om dei sluttar (Bakhru & Erlinger, 2005; Peto et al., 2000). Mange ungdommar startar stadig å røyke (Statistisk sentralbyrå, 2011), mens det finst tiltak som kan vere effektive for å førebygge dette (Aarø, Lund, Vedøy & Øverland, 2009). Det er stadig eit sentralt folkehelsefokus å fokusere på førebygging av røykestart blant nye ungdomskull, og å hjelpe folk til å slutte å røyke. Tobakk og psykisk helse Det er ein sterk samanheng mellom røyking og psykiske lidingar (Lasser et al., 2000), og personar med psykiske lidingar som røyker, har eit langt høgare konsum av sigarettar enn røykarar utan psykiske lidingar (Grant, Hasin, Chou, Stinson & Dawson, 2004). Psykiske lidingar er og assosiert med større vanskar med å gjennomføre forsøk på røykeslutt (Trosclair & Dube, 2010). Førekomsten av psykiske lidingar er lågare blant dei som har lukkast med å slutte å røyke, enn blant dei som framleis røyker, mens begge desse gruppene oftare har psykiske lidingar enn dei som aldri har røyka (Mykletun, Overland, Aaro, Liabo & Stewart, 2008). Mange studiar har fokusert på samanhengen mellom depresjon og røyking (Glassman, 1993). I seinare tid har ein òg sett på samanhengen mellom røyking og angstlidingar (Mykletun, et al., 2008). Årsakssamanhengane er kompliserte og usikre, men det er støtte for at røyking aukar risiko for depresjon (Boden, Fergusson & Horwood, 2010). Det finst svært lite data på samanhengane mellom snus og psykisk helse, men ein amerikansk studie tyder på at psykiske lidingar er langt sterkare assosiert med røyking enn med snus (Goodwin, Zvolensky & Keyes, 2008). Snus overtar for røyking i Noreg og Sverige Parallelt med den seinare klare nedgangen i røyking har det vore ein kraftig auke i snusbruken i Noreg. Denne utviklinga har vore særleg sterk i dei siste ti åra. Dagleg snusbruk er no langt vanlegare enn røyking blant unge menn (Helleve, Weiseth &

Lindbak, 2010), og snusbruken er mangedobla blant unge kvinner i den same tidsperioden (S. Øverland, Hetland & Aarø, 2008). Kva dette betyr for folkehelsa, er det førebels langt vanskelegare å seie noko om. Snus (i den forma det blir omsett i i Noreg), er, til forskjell frå røyking, eit marginalt fenomen på verdsbasis, berre omfattande brukt i Sverige og Noreg, og til dels i land som Finland og USA/Canada. Dette er ein viktig bakgrunn for at forskingsinnsatsen på helseskadar av snus har vore minimal samanlikna med røyking. Kunnskapane om helseskadar ved røyking er fyrst og fremst etablert gjennom konsistente funn i store observasjonsstudiar, på tvers av tid, stad og kultur. Tilsvarande materiale eksisterer enno ikkje for snus, og følgjeleg er det førebels langt meir usikkert om ein eventuell observert samanheng mellom bruk av snus og eit helsemål er kausal (altså at det eine er årsak til det andre), eller om ein tilsynelatande samanheng skuldast andre ytre forhold. I verdssamanheng skil Sverige seg ut gjennom å ha få som røyker dagleg, flest daglege snusbrukarar, og ein svært låg førekomst av lungekreft (Coral E. Gartner et al., 2007; Ramstrom & Foulds, 2006). Trass i eit langt svakare kunnskapsgrunnlag er det brei semje om at snus er langt mindre helseskadeleg enn røyking (Levy et al., 2004). Ut frå observasjonane frå Sverige vert det argumentert med at snus kan erstatte røyking for mange, og at tilgangen til ein mindre skadeleg tobakksvare indirekte beskyttar mot røykerelatert helseskade. Samstundes er det stadig vanskeleg å vite om snus ville hatt ein tilsvarande effekt andre stader, all den tid snus blir brukt i så få land per i dag (C. E. Gartner, Hall, Chapman & Freeman, 2007). Eit alternativt scenario er at snusbruk etablerer nikotinavhengigheit blant ungdom, og slik tener som ein inngangsport til seinare røyking. Om folk brukar snus som hjelpemiddel ved røykeslutt, vil nikotinavhengigheit haldast ved like og på sikt kunne resultere i tilbakefall eller fortsett kombinert bruk av snus og røyk i staden for å slutte med begge delar. Kven bruker tobakk? I Noreg som i andre land er det ein samanheng mellom sosioøkonomisk status og røyking. Røyking er langt vanlegare blant dei som har gjennomført kortare utdanningsløp. Skilnaden er òg påviseleg på det tidspunktet da ungdom gjer skuleval og legg planar for den vidare utdanninga si (Øverland et al., 2010). Pågåande studiar tyder på at den sosiale skeivheita kjem til uttrykk både ved røykestart og røykeslutt, også etter ungdomstida (Tjora et al., submitted). Igjen finst det mindre kunnskap om korleis snus vert brukt på tvers av samfunnslag. I Sverige, der snus har vore omfattande utbreidd lenge, er der ein sosial gradient i snusbruk, men denne er langt svakare enn den sosiale gradienten i røyking (Engstrom et al., 2010), og éin norsk studie fann ingen sosioøkonomisk skilnad i snusbruk blant unge (Øverland et al., 2010). Kva betyr dette for tiltak? I løpet av dei siste ti åra har det vore innført ei rekke strukturelle tiltak for å redusere røyking, og desse synest å ha hatt effekt (Aarø et al., 2009). Det er likevel framleis

mange som røyker, og nye kull av ungdommar som startar å røyke. Å forsterke innsatsen mot røyking i dei alderstrinna som blir omfatta av den vidaregåande skulen, vil truleg kunne ha ein positiv effekt (Lund et al. 2004). Overfor snusbruk kan tilsvarande strukturelle tiltak i den vidaregåande skulen ha effekt (Øverland et al., 2010). Pågåande studiar indikerer at røykestart i vaksen alder òg førekjem (Tjora et al., submitted). Det kan vere eit potensial for ein vidare reduksjon i røyking gjennom tiltak tilpassa risikogrupper og aldersgrupper utover ungdomsåra. Sjølv folk som har røykt lenge, har helsegevinst av å slutte å røyke. Det finnst ei rekke hjelpemiddel tilgjengelege for å avhjelpe røykeslutt, som har vist seg effektive i kliniske studiar (Stead Lindsay et al., 2008), men som mange ikkje nyttar trass i stor tilgjengelegheit. Snus er vist å vere effektivt som eit erstatningsprodukt (Lund et al., 2010). I den grad snus er mindre helseskadeleg, kan ei slik erstatning dermed gje helsegevinst (RCP, 2007). I kva grad dette er eit spor som skal tilrådast for folk som elles har vanskar med å slutte å røyke, er gjenstand for betydeleg kontrovers. Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 4, 2011, side 368-370 TEKST Simon Øverland, Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen & Avdeling for samfunn og psykisk helse, Folkehelseinstituttet Tore Tjora Arnstein Mykletun, Divisjon for psykisk helse, Nasjonalt folkehelseinstitutt Vis referanser Referansar Aarø, L. E., Lund, K. E., Vedøy, T. F. & Øverland, S. (2009). Evaluering av myndighetenes samlede innsats for å forebygge tobakksrelaterte sykdommer i perioden 2003 2007 (Vol. 3). Oslo: SIRUS. Bakhru, A. & Erlinger, T. P. (2005). Smoking cessation and cardiovascular disease risk factors: results from the Third National Health and Nutrition Examination Survey. (6), e160. Boden, J. M., Fergusson, D. M. & Horwood, L. J. (2010). Cigarette smoking and depression: tests of causal linkages using a longitudinal birth cohort. (6), 440 446. Engstrom, K., Magnusson, C. & Galanti, M. (2010). Socio-demographic, lifestyle and health characteristics among snus users and dual tobacco users in Stockholm County, Sweden. (1), 619. FHI. (2010). Folkehelserapport 2010: Helsetilstanden i Norge. Oslo Folkehelseinstituttet. Gartner, C. E., Hall, W. D., Chapman, S. & Freeman, B. (2007). Should the health community promote smokeless tobacco (snus) as a harm reduction measure? (7), 1138 1141. Gartner, C. E., Hall, W. D., Vos, T., Bertram, M. Y., Wallace, A. L. & Lim, S. S. (2007). Assessment of Swedish snus for tobacco harm reduction: an epidemiological modelling study. (9578), 2010 2014. Glassman, A. H. (1993). Cigarette smoking: implications for psychiatric illness. (4), 546 553.

Goodwin, R. D., Zvolensky, M. J. & Keyes, K. M. (2008). Nicotine dependence and mental disorders among adults in the USA: evaluating the role of the mode of administration. (09), 1277 1286. Grant, B. F., Hasin, D. S., Chou, S. P., Stinson, F. S. & Dawson, D. A. (2004). Nicotine dependence and psychiatric disorders in the United States: results from the national epidemiologic survey on alcohol and related conditions. (11), 1107 1115. Helleve, A., Weiseth, A. H. & Lindbak, R. L. (2010). Tal om tobakk: 1973 2009 (Vol. 978 82 8081 205 6). Oslo Helsedirektoratet. Lasser, K., Boyd, J. W., Woolhandler, S., Himmelstein, D. U., McCormick, D. & Bor, D. H. (2000). Smoking and mental illness: A population-based prevalence study. (20), 2606 2610. Levy, D. T., Mumford, E. A., Cummings, K. M., Gilpin, E. A., Giovino, G., Hyland, A., et al. (2004). The relative risks of a low-nitrosamine smokeless tobacco product compared with smoking cigarettes: Estimates of a panel of experts. (12), 2035 2042. Lund, K. E., McNeill, A. & Scheffels, J. (2010). The use of snus for quitting smoking compared with medicinal products. (8), 817 822. Lund, K. E., Scheffels, J., Oftedal, J. & Eck, I. (2004). Røyking i videregående skoler., 31 34. Mykletun, A., Overland, S., Aaro, L. E., Liabo, H. M. & Stewart, R. (2008). Smoking in relation to anxiety and depression: evidence from a large population survey: the HUNT study. (2), 77 84. Peto, R., Darby, S., Deo, H., Silcocks, P., Whitley, E. & Doll, R. (2000). Smoking, smoking cessation, and lung cancer in the UK since 1950: combination of national statistics with two case-control studies. (7257), 323 329. Ramstrom, L. M., & Foulds, J. (2006). Role of snus in initiation and cessation of tobacco smoking in Sweden. (3), 210 214. RCP. (2007). Harm reduction in nicotine addiction: Helping people who can t quit. London: Royal College of Physicians. Statistisk sentralbyrå. (2011). Færre enn hver femte røykte daglig. http://www.ssb.no/emner/03/01/royk/, from Stead Lindsay, F., Perera, R., Bullen, C., Mant, D. & Lancaster, T. (2008). Nicotine replacement therapy for smoking cessation., (1). Retrieved from http://www.mrw.interscience.wiley.com/cochrane/clsysrev/articles/cd000146/frame.html Tjora, T., Hetland, J., Aarø, L. E., Wold, B. & Øverland, S. (submitted). Late-onset smokers: how many, and associations with health behaviours and socioeconomic status. Trosclair, A., & Dube, S. R. (2010). Smoking among adults reporting lifetime depression, anxiety, anxiety with depression, and major depressive episode, United States, 2005 2006. (5), 438 443. World Health Organization. (2002). Smoking Statistics Retrieved 11.25.2009, from http://www.wpro.who.int/media_centre/fact_sheets/fs_20020528.htm Øverland, S., Aarø, L. E. & Lindbak, R. L. (2010). Schools restrictions on tobacco use and adolescent smoking and use of snus. (5), 748 756. Øverland, S., Hetland, J. & Aarø, L. E. (2008). Røyking og snusbruk blant ungdommar i 2004 og 2007. (16), 1820 1824. Øverland, S., Tjora, T., Hetland, J. & Aarø, L. E. (2010). Associations between adolescent socioeducational status and use of snus and smoking. (4), 291 296.