Årsmelding 2014 Stiftinga Frivilligsentralen I Eid Foto: Middagskøyrarane, turnuslista er klar. Å strikke er ein kunst som må lærast. Frå arrangementet Tradisjonsdessertar
1. Innleiing Stiftinga Frivilligsentralen i Eid eig og driv Eid Frivilligsentral på Nordfjordeid i Eid kommune. Dagleg leiar har vore tilsett i100% stilling heile perioden. Grunna svangerskapspermisjon og sjukefråvær, har det blitt leigd inn vikarar slik at stillinga som dagleg leiar har vore besett 100% også i desse periodane. Eid Frivilligsentral har i 2014 vore driven med fullt statstilskot frå Kulturdepartementet (KUD), kr. 310.000,- og frå Eid kommune 200.000,- + tenesteavtale på kr.30.000,- Hovudmålet for Eid Frivilligsentral er å auke den frivillige aktiviteten i heile Eid kommune. Hovudsatsingsområder 2014 har vore: Mangfald, inkludering og aktiv alderdom Gjennomføre prosjektet: «Auka livsglede og inkluderande fellesskap gjennom frivillig arbeid» eit samarbeidsprosjekt mellom Frivilligsentralane i Nordfjord og Jølster. * Eige vedlegg til Årsmeldinga 2014 Vidareutvikle og konkretisere ressurssenteret for frivillige og frivillige organisasjonar. Konkretisere det frivillige Eid si rolle i integrerings og mangfaldsarbeidet. Streng økonomistyring i Eid Frivilligsentral. Synleggjere eigen aktivitet og frivillig aktivitet i media. Vi har fått gjort mykje med alle desse satsingsområda. 2. Tilsett/opplæring Astrid G. Torheim er fast tilsett i stillinga som dagleg leiar 100 %. Ho har hatt 100% svangerskapspermisjon i perioden 01.01.- 01.06.2014. I den perioden har Åse Huse, vore tilsett som dagleg leiar (vikariat100%) Tone Kristin Smørdal, har og vore tilsett som dagleg leiar (vikariat) i følgjande periodar og stillingsprosentar: 4. 01.02.2014 01.04.2014 20% stilling + 15 timar i mars 5. 01.04.2014 01.06.2014 40% stilling Frå 012.09. 2014 gikk Astrid G Torheim ut i ny svangerskapspermisjon. Frå 01.09.2014 har Målfrid Støvreide vore tilsett som dagleg leiar ved Frivilligsentralen (vikariat 100%)
3. Styret Styret for 2014: Leiar: Marit B. Lefdal Nestleiar: Srilogarajah Pasupathy (EK) Styremedlem: Anders Nordbø: Styremedlem: Sigrun Solheim: Styremedlem: Tormod Nilsen: Personleg vara Inger Johanne Brekke Personleg vara: Ann Magritt Hopland Eikås Personleg vara Geoffrey Sibondagara Personleg vara Randi Aanonsen Personleg vara Kari Os Styret har halde 10 styremøte og handsama 62 saker, i 2014. Årssamling for Stiftinga Frivilligsentralen i Eid vart halde 17 april 2014, med svært godt frammøte. 4. Aktivitet Aktiviteten i Eid Frivilligsentral 2014 Sosiale møtestader: Småbarnstreff Kafé på Elvebøen Bingo på Elvebøen Fleirkulturell strikkegruppe/damegruppe. Internasjonal Møteplass/Kafè prosjekteigar Eid Røde Kors Omsorg Bokkafé i samband med kulturnatta i Nordfjord. Bokkafé med lokale aktørar Basar med tilstelling Fest for dei frivillige Folkehelsetiltak: Nærtrimpostar (2 stk.) Utsikten og Veltene Seniortrim Sittedans på Eid eldretun og Eid sjukeheim. Sittedans-Instruktørkurs Kajakkpark. Samarbeid mellom Eid Kommune, Midtre Nordfjord Turlag Sosiale omsorgstiltak: Praktisk hjelp Middagskøyring
Servicetiltak/ råd og rettleiing: Oppdatering av lagsregister for Eid kommune Rettleiing av organisasjonar i samband med søknadsskriving og registrering ` Frivilligregisteret. Vi har m.a. redningsvestar, vaktvestar og basarutstyr (årar m. tilbehør) til utlån Nærmiljøtiltak/prosjekt: Nattevandrarane på Nordfjordeid, prosjekteigar Eid Røde Kors omsorg Plassens Venner (administrative oppgåver - utleige av hus) Elskhug og eksis (administrative oppgåver) Verdensdagen for psykisk helse (koordinerande ansvar) Arrangere Spreking Eid eit av delarrangementa under Verdensdagen for psykisk helse Redaktøransvar Eidaportalen Samarbeid med Russen, Eid Vidaregåande, Plassens Venner og Politiet om russefeiring i «lovlege former». Igangsetjing /mobilisering: Samarbeid med Friomsorgskontoret i Sogn og Fjordane. Sender og vertsorganisasjon for Europeisk Volontørteneste. Oppfølging av arbeidet i Seniornett Eid. Legge til rette for seniornettgrupper. Arrangere Seniorsurfdagen 2014. Arrangere Seniornettkurs Eit utstrekt samarbeid med NAV Eid t.d. med å tilby tilrettelagde arbeidsplassar. Arbeid med den kulturelle spaserstokken. Saman med Eid Eldreråd og Eid kommune. På vegne av nettverksgruppa Nordfjord og Jølster, har vi delteke aktivt i prosjektet «Auka livsglede og inkluderande fellesskap gjennom frivillig arbeid». Eid Frivilligsentral har hatt økonomiansvaret for dette prosjektet. Flyktningfadder. Rekruttering og marknadsføring av prosjekt i regi av Eid kommune og Røde Kors Omsorg. Pådrivar i arbeidet med å starte opp Serviceskyss i Eid kommune. Bidrog med redaksjonelt innhald og hjelp til utforming av "Eid Inviterer magasinet 2014".
Deltaking i råd og utval/verv: Astrid G. Torheim har i heile 2014 vore nettverksleiar for frivilligsentralane i Nordfjord og Jølster Åse Huse, Astrid G. Torheim og Målfrid Støvreide har gjennom prosjektåret delteke på prosjektmøta til fellesprosjektet for nettverksgruppa Nordfjord /Jølster. Åse Huse og Astrid G. Torheim deltok på nettverkssamling for Frivilligsentralane i Sogn og Fjordane i Loen i april. Astrid G. Torheim deltok på basissamling for nettverksleiarar i Bergen i mai og på Gardermoen i november. Styreleiar Marit B. Lefdal har på seinhausten 2014 delteke aktivt i interimgruppa som på landsbasis prøver å skipe Forum for Frivilligsentralar. Dette er tenkt skal bli eit nasjonalt samarbeidsforum for alle frivilligsentralar i Norge. Styreleiar Marit Botn Lefdal og dagleg leiar Målfrid Støvreide deltok på Regionskonferansen i Stavanger 25. og 26. september. Målfrid Støvreide deltok på nettverkssamling for Frivilligsentralane Sogn og Fjordane på Skei 20. og 21. november Aktiviteten i høve til målsettingar Hovudmåla for arbeidet i Eid Frivilligsentral i 2014 var definert slik: 1. Vidareutvikle og konkretisere ressurssenteret for frivillige og frivillige organisasjonar. 2. Konkretisere det frivillige Eid si rolle i integrerings og mangfaldsarbeidet. 3. Streng økonomistyring i Eid Frivilligsentral. 4. Synleggjere eigen aktivitet og frivillig aktivitet i media. 5. Gjere drifta enno meir rasjonell med digitale verktøy. Ad. 1 Kontinuerleg oppdatering av lagsregisteret for Eid kommune. Vi har gjennom året merka ein auke i talet på personar som kjem innom for å kome i kontakt med fritidsaktivitetar og frivillige organisasjonar. Ad. 2 Frivilligsentralen har delteke på fleire førebuande møte i samband med at Eid kommune skal busetje fleire flyktningar i kommunen dei komande åra. Her samarbeider vi med norskopplæringa. Vi har tilbodet «Strikkegruppa kvar onsdag». Tilbodet er obligatorisk for flyktningar som er i det toårige opplæringsprogrammet til kommunen, deler av den sosiale biten av programmet. Her kan det gjerast meir kartleggingsarbeid på kva dei frivillige organisasjonane kan tilby av aktivitet til både flyktningar og personar som treng litt særskild tilrettelegging.
Ad. 3 Styret har lagt ned mykje arbeid i annonsesal på Eidaportalen, vi har ikkje lukkast med dette. Vi har ved fleire høve orientert Eid kommune om den økonomiske situasjonen, men det har vore uråd å kome i dialog ang. samarbeidsavtalen Frivilligsentralen har med kommunen. Ad. 4 Vi har prøvd å vere aktive i Fjordabladet, når vi har nye tiltak vi ønskjer å marknadsføre. Vi har fått god utteljing på det. Elles distribuerer vi informasjon via Eidaportalen, Facebook og e-post grupper, t.d. til frivillige organisasjonar. Vi kan bli enno flinkare til å supplere med meir informasjon på nettsida vår. 9 Ad. 5 Vi har fått ein ny og meir funksjonell Eidaportal både med hensyn til aktivitetskalendar, nyhende og lagsregister. E-postgrupper og Facebook gjer det enklare å få ut informasjon til frivillige og til frivillige organisasjonar. Digitale planverkty til prosjekt er noko som må vidareutviklast kontinuerleg. 5. Kringla - Eid Frivilligsentral Medleigetakarar av Kringla - Eid Frivilligsentral: Eid Pensjonistlag pensjonistlaget har kafé i lokala kvar tysdag LO Midtre Nordfjord, har faste aktivitetar i lokala, måndagar Også dette driftsåret har vore konsentrert rundt å skape auka aktivitet på Kringla- Eid Frivilligsentral. Lokala har vore i bruk til følgjande aktivitetar i 2014: Fast møtestad for Nordfjordeid Rotary klubb, Internasjonal møteplass/kafé, Fleirkulturell strikkegruppe på onsdagar, Seniornett Eid har arrangert fleire datakurs, markert Seniorsurfdagen Surfe kafé kvar torsdag, «Pauserom» og utgangspunkt for nattevandrarane Private selskap, styremøter og medlemsmøter for andre lag og organisasjonar «Spreking Eid», arrangement i forbindelse med Verdensdagen for psykisk helse Bokkaféar i samband med Kulturnatta i Nordfjord og lokalt arrangement. Det er laga ei brosjyre for utleige. I desember vart det arrangert basar til inntekt for drifta Nordfjordeid Rotary klubb har gitt Stor flatskjerm til lokalet som vi kan nytte til kurs og våre møter.
6. Økonomi - Eid Frivilligsentral 6.1 Innleiing Styret har hatt som mål å drive Eid Frivilligsentral med overskot, og ha streng økonomistyring. Likevel legg styret fram eit rekneskap med eit underskot på 107.000,- i 2014- Det har vore orientert om økonomisituasjonen og likviditeten på dei fleste styremøta. Grunnar til underskotet: a) Vi fikk av ulike grunnar ikkje starta nytt voluntørprosjekt hausten 2014, i tillegg måtte vi leige ein ekstra hybel til ein av volontørane i nokre månader. Dette gav oss ei meirutgift på 37.330,- b) Nordfjord/ Jølster prosjektet gikk med eit underskot på kr.16.000,- Dette vil bli dekt inn att i 2015 med auka momskompensasjon. Momskompensasjonen for dette prosjektet åleine vil utgjere ca. 21.000,- c) Annonseinntektene på Eidaportalen har svikta. Fleire av dei vi har hatt med oss tidlegare har trekt seg og nye har ikkje kome til. Styret har lagt mykje arbeid i sal av annonser, men det har ikkje nytta. Styremedlemmane føler ikkje at dei har den kompetansen som skal til for å lukkast med salsarbeidet. Ved fleire høve informerte vi Eid kommune om den økonomiske situasjonen, prosessen med fornying av partnerskapsavtalen vart igangsett allereie i juni 2014, med eit mål om at den skulle vere avslutta i september/ oktober 2014. Den er enno ikkje avslutta, dette seier vi oss svært leie for.. Gode skriftlege samarbeidsavtaler både med Eid kommune og aktive samarbeidspartar er heilt vesentleg for drifta. Ei endring av denne avtalen er ein føresetnad for at Frivilligsentralen kan drivast vidare. Det har ikkje vore inngått nye avtaler i året som gjekk. Også i 2014 prega dårleg likviditet dei siste månadane i arbeidsåret. Dårlig likviditet gjer at dagleg leiar og styret måtte bruke mykje tid på a skaffe midlar til å dekke løpande utgifter. Også denne hausten måtte vi be om forskotet frå kommunen på 70.000-. 6.2 Tilskot frå Kulturdepartementet. Vi fikk i 2014 eit ordinært driftstilskot på kr. 310.000,-. tilskot frå KUD. Nettverksleiartilskot på kr. 20.000,- Astrid G. Torheim var nettverksleiar for frivilligsentralane i Nordfjord og Jølster. For dette arbeidet mottok Frivilligsentralen kr. 20.000,- som styret har disponert. 6.3 Driftsrekneskapen 2014 Driftsinntekter var på kr. 1 516 801,00 og driftsutgiftene på kr. 1 624 524,15. Rekneskapen viste eit underskot på kr.107723,15 Det har ikkje har vore store avvik frå budsjettet anna enn dei som er omtala i pkt. 6.1.
Gåver: Gåve frå Raudrussen kr.25613.- Lions Nordfjordeid kr. 5000,- Heggjabygda Bygdekvinnelag kr. 1.000,- Plassens Venner kr. 5000,- Grasrotandelen Norsk Tipping 4299.- Eid Røde Kors- kr.7000.- Nordfjordeid Rotary klubb har gitt Stor flatskjerm til lokalet som vi kan nytte til kurs og våre møter. Tilskot til aktivitet: Barne ungdoms og familiedirektoratet tilskot til voluntørprosjekt kr. 0.- Eid vidaregåande skule tilskot til voluntørprosjekt kr. 23000.- Eid symjeklubb tilskot til voluntørprosjekt kr. 1500.- Malakoff Rockfestival-tilskot voluntørprosjekt- kr.4000.- Operahuset Nordfjord-tilskot voluntørprosjekt-kr.2000.- Midlar til Verdensdagen, Mental Helse kr. 12000.- IMDI midlar til strikkegruppe, Sogn og Fjordane fylkeskommune kr. 12000.- Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet - tilskot til voluntørprosjektet - kr. 133.878,-. Helse og sosialdirektoratet - tilskot til Fellesprosjekt Nordfjord/Jølster - kr. 400.000,- Sogn og Fjordane fylkeskommune - kr. 7000,- Veir Media-ang.Eidaportalen-kr.55470.- Dei øvrige inntektene er frå aktivitetar i regi av Eid Frivilligsentral, og midlar overført frå tidlegare år og husleigeinntekter. Driftsinntekter på 400000,- og driftskostnader på 416223,30 gjeld Nordfjord/ Jølster prosjektet. 6.4 Prognoser framover Styret og dagleg leiar må framleis ha fullt fokus på økonomistyring. Målet er å få reforhandla Partnerskapsavtalen vi har med Eid kommune. Tilskot frå Eid kommune og Kulturdepartementet må være stort nok til å dekke dei årlege administrative kostnadane ved Eid Frivilligsentral. Ei endring av denne avtalen er ein føresetnad for at Frivilligsentralen kan drivast vidare. Andre tilskot skal gå til våre aktivitetar.
Dette er strategien for økonomistyringa framover: Oppfylle dei retningsliner og intensjonar som står i partnerskapsavtalen med Eid kommune og i retningslinene for drift av Frivilligsentralar frå KUD. Søkje eksterne prosjekttilskot til aktivitet der det er mulig. Ha klare samarbeidsavtaler i alle prosjekt som vi deltek i saman med andre lag, einskildpersonar og kommunen. Styret skal følgje den økonomiske utviklinga tett, med rapportar på dei fleste styremøte. Ha 3-4 inntektsbringande arrangement til drifta av Kringla Eid Frivilligsentral. Det som også kan gi kjærkomne ekstrainntekter er fleire grasrotandeltipparar (Nr. 979 950 063). 7. Sluttord Styret og dagleg leiar må framleis ha fullt fokus på å økonomistyring. Eid Frivilligsentral ser mange potensielle nye oppgåver og aktivitetar som vi kan bruke tidsressursen vår på. Dette er oppgåver som meir direkte går på å: Arbeide for frivilligheita sin eigenart. Tilrettelegging for stabil og auka verdiskaping i frivillig sektor. Drive med kompetansebygging for og blant frivillige Marknadsføre frivillig arbeid og verdien av det Tilrettelegging for sosiale møtestader Tilrettelegge for at alle kan delta i frivillig arbeid i Eid Bidra til gode samarbeidsformer mellom frivillige og det offentlege/næringsliv. Aktivitetsmessig står Eid Frivilligsentral sterkt, men vi treng deg som frivillig.
Heldigvis er ikkje alle som Kark, vi har mange trufaste frivillige som kvart år gjer ein kjempejobb. Likevel ynskjer vi oss fleire slik at sentralen kan utviklast vidare. Er du ledig og har lyst til litt frivillig innsats for oss, tek du kontakt. Du kan lese meir om det å være frivillig på våre nettsider www.eid.frivilligsentral.no https://www.facebook.com/pages/eid-frivilligsentral/109339385805545 Ei stor takk til alle som har gjort ein innsats saman med oss i år. Vi kan ikkje drive Eid Frivilligsentral utan dykk. Takk også til alle som har støtta sentralen og aktivitetane våre økonomisk. Nordfjordeid 04.03.2015 Marit Botn Lefdal Srilogarajah Pasupathy Sigrunn Solheim styreleiar nestleiar styremedlem Anders Nordbø Tormod Nilsen Målfrid Støvreide styremedlem styremedlem dagleg leiar