Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013 Rogaland skognæringsforum
1
1. Innleiing Arbeidet med Regionalt bygdeutviklingsprogram er forankra i Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken. I denne meldinga går det fram at det regionale handlingsrommet skal styrkjast, og som ein del av arbeidet skal det utarbeidast eit Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU) i kvart fylke. Dette er også følgt opp i jordbruksoppgjeret 2012 med følgjande ordlyd: utviklingsprogrammene i hvert fylke der potensielle synergier mellom de ulike aktivitetene/programmene skal synliggjøres. Strategiene må forankres i det regionale partnerskapet, der Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og næringsorganisasjonene er viktige aktører. Det er en forutsetning at det er god kobling mot de regionale planstrategiene. Politisk forankring av strategiene er ønskelig. Det vil bli utarbeidet overordnede nasjonale føringer for bruken av virkemidlene. I de nasjonale føringene vil også forventingen til regionale prosesser Det er gitt nasjonale føringar for arbeidet med RBU i brev datert 8. november 2012 frå Landbruks og matdepartementet. Arbeidet med dette programmet skal skje i samarbeid med det regionale partnarskapet. Det er Fylkesmannen som skal ha det strategiske ansvaret for å utarbeide programmet. Programmet skal ikkje godkjennast i Landbruks- og matdepartementet, men skal sendast dit til orientering. 2. Historikk I Rogaland har vi teke utgangspunkt i at vi allereie har ein vedteken strategisk plan for landbruket Regionalplan for landbruk i Rogaland. Denne blei vedteken i fylkestinget 7. juni 2011. Planen blei til gjennom eit omfattande arbeid med brei involvering frå mellom anna landbruksnæringa, og regionalpolitisk gjennom styringsgruppa. Med utgangspunkt i Regionalplan for landbruk, Regionalplan for næringsutvikling og Regionalplan for energi og klima er det laga eit felles handlingsprogram for 2012-2013 vedteken i fylkestinget 6. mars 2012. Vi har og Handlingplan for skogbruket i Rogaland 2010-2013 vedteken i fylkestinget 8. desember 2009 og Strategi med handlingsplan for skogbasert bioenergi i Rogaland vedteken i regional- og kulturutvalet 31. mai 2012. 3. Prosess Det har vore to møter med partnarskapet, 3. oktober 2012 og 18. desember 2012 og eit større dialogmøte 20. november 2012 som var opent for alle interesserte. 2
Tema på møtet 3. oktober var å diskutere korleis vi skulle leggje opp arbeidet med RBUi Rogaland. Det var semje om å knyte første versjon av Regionalt bygdeutviklingsprogram til dei vedtekne planane med handlingsprogram som vi allereie har på plass. Føremålet med dialogmøtet 20. november var å få klarlagt om det er noko som manglar i dei vedtekne dokumenta som ligg føre. Konklusjonen på møtet var at det arbeidet som er gjort er godt forankra i næringa og politisk, og det var semje om at justeringar i form av nye satsingsområde vil bli tema når det i 2013 blir revisjon av Handlingsprogrammet. RBU må synleggjere synergieffektar av ulike ordningar og det må bli betre samordning av verkemiddelapparatet. Det må og vere fokus på mål- og resultatstyring der målformuleringane er tydelege og moglege å rapportere på. 4. Hovudelementa i Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland Regionalt næringsprogram Regionalplan for landbruk og Regionalplan for næring m/handlingsprogram 2012-2013 Handlingsplan for skogbruket i Rogaland 2010-2013 og Strategi med handlingsplan for skogbasert bioenergi i Rogaland Regionalt miljøprogram Regionalplan for landbruk i Rogaland Regionalt miljøprogram for jordbruket i Rogaland (2009-2012) Er under revidering m/utgangspunkt i nytt Nasjonalt miljøprogram 2013 o Prioriterte kulturlandskap o Biologisk mangfald o Kulturminne og stølsområde o Tiltak for å hindre forureining o Tilrettelegging og vedlikehald av tursti o Andre miljøtiltak Regionalt skog- og klimaprogram Regionalplan for landbruk i Rogaland Regionalplan for energi og klima Handlingsplan for skogbruket i Rogaland 2010-2013 Strategi med handlingsplan for skogbasert bioenergi i Rogaland Retningsliner for støtte til drift med taubane, hest o.a. og skogsvegbygging Hovudplan for skogbruksplanlegging i Rogaland 3
12 Figuren er ein illustrasjon på kolinga mellom dei ulike plandokument 5. Økonomiske verkemiddel Det er eit mål å få til betre samordning av dei ulike verkemidla som landbruket i Rogaland har tilgjengeleg. Aktuelle økonomiske ordningar er: Dei fylkesvise BU-midlane ( 37,8 mill. 1 ) RUP-ordninga (ordninga er under revidering og frå 2013 heiter ordninga HP Næring) Fylkeskommunen sine midlar til rekruttering, likestilling og kompetanse (1,6 mill. 1 ) Tilskot innanfor ordninga med Regionalt miljøprogram (24,9 mill. 1 ) Tilskot til skogsvegar og til drift med taubane og hest (NMSK Nærings- og miljøtiltak i skogbruket) (3,9 mill. 1 ) Tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar (MIS) (0,4 mill. 1 ) Handlingsplan for økologisk landbruk (0,4 mill. 1 ) Det bør vurderast om SMIL-ordninga (10 mill. 1 ) også skal gå inn som ein del av RBU, noko vi tek endeleg stilling til ved revisjon av RBU i 2013. 6. Etablerte prosessar Ein stor del av dei økonomiske verkemidla i landbruk blir forvalta etter eigne retningsliner, og i eigne etablerte forum. Det vil t.d. framleis bli skrive eit eige løyvingsbrev frå Fylkesmannen 1 Beløp for 2012 4
til Innovasjon Norge når det gjeld forvalting og prioritering av bygdeutviklingsmidla til investering. Vi viser her til føringane som er gitt i pkt. 6.2 Handlingsprogrammet., m.a. om fokus på dei grovfôrbaserte produksjonane. Det same gjeld forvaltinga av RMP som blir eit av vår viktigaste verkemiddel for regional forvalting, sjølv om nytt nasjonalt program gir ein del bindingar når det gjeld innretting av profilen. Det er eigne prosessar i gang når det gjeld revisjon av RMP, med møter i prosjektgruppe og styringsgruppe. 6. Synergieffektar I RBU skal synergieffektane synleggjerast, noko som også har vore fokus i arbeidet med det aktuelle handlingsprogrammet. I dette også synergieffektar sett i høve til andre næringar i fylket. Vi vil få best nytte av dei ulike ordningane dersom vi legg vekt på å nytte eventuelle synergieffektar for betre måloppnåing. Vi må og sjå samanhengen mellom ulike ordningar og program slik at dei økonomiske verkemidlane blir nytta på ein mest mogleg effektiv måte. Døme på synergieffektar: Tiltak mot forureining frå landbruket: - Støtte til utvida gjødsellager via fylkesvise BU-midlar - Støtte til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødesel via RMP - Støtte til ugjødsla randsoner og vegetasjonssoner via RMP - Støtte til fangdammar, reinseparkar og grøfting via SMIL-ordninga Klimatiltak: - Støtte til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel via RMP - redusere utslepp av klimagassar ved optimal bruk av husdyrgjødsel og god jordarbeiding - Støtte til grøftetiltak gjennom SMIL - Støtte til auka bruk av bioenergi via BU-midlane, og andre ordningar - Støtte til skogbruksplanleggging og skogsvegar med tanke på berekraftig utnytting av skogsressursane - Støtte til skogbruksplanlegging for å auka plantinga av klimaskog - auka CO 2 - opptak/co 2 -binding Samfunnstilknyta effektar: - Tiltak og ordningar som er med på å sikre eit aktivt landbruk i heile fylket vil vere med på å halde opp levande bygdemiljø og sikre busetting i distrikta - Støtte til t.d. turstigar via RMP kan ha positiv effekt på folkehelsa - Støtte til tiltak for å hindre attgroing og auka bruk av utmark gjer distrikta meir attraktive i samband med reiselivssatsingar 7. Vegen vidare RBU skal gjennom ein årleg revidering. Fylkesmannen har ansvar for å invitere partnarskapet til ein prosess i løpet av hausen 2013. 5